Ny Tid 133. Gud dømde menneska til døden på grunn av syndefallet, men kvifor utsletta han dei ikkje med det same og skapte noko heilt nytt? Himmel og jord skal forgå og så skaper han ein ny himmel og ei ny jord og vil frelse menneske inn i det nye han gjer. Då må vi legge bak oss det gamle ta imot det nye og gå inni det.

Bilete: Jord, for ein vakker planet du er, men kva feilar, sidan Gud har spart deg til elden?

Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han frelser oss ved at vi tek imot hans Ord i tru.

Å påstå at noko skaper seg sjølv er ei sjølvmotseiing. Men i opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Nokre spør kva som skapte Gud, men dette var då byrjinga og han er evig, han er skapar, ikkje skaparverk. Dette høver med Big-Bang-teorien, det er ein teori om utspenning av tid-romet, så då har tida ei byrjing. Men skaparen er noko anna enn det han har skapt og er suveren over det, han er ånd, ikkje materie.

1.Mos.1, 1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. 4 Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret. 5 Gud kalla ljoset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

Gud skapte livet på jorda på seks lys-dagar. Femte dagen skapte han fiskane, dei store sjødyra og fuglane. Sjette dagen skapte han landdyra og menneska. Og så kvilte han den sjuande dagen etter alt sitt verk.

Men så kjem ei skapingshistorie til og den enda med at Gud dømde menneska til døden, mannen var mold og til molda skulle han attende. Han var ikkje heilt slik som Gud like vel, altså, for Gud er ånd. Det var som om menneska fekk ein annan natur enn det Gud hadde skapt dei til, til tross for at han er allmektig, altså og dette er eit viktig filosofisk poeng, til tross for at det verkar paradoksalt.

Men kvifor utrydda han ikkje menneska med ein gong og skapte noko heilt nytt i staden? Han sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt og mannen vart dømd til døden. Dette har å gjere med at Gud skapte gjennom utvikling og døden er ein måte det skjer på, det gamle døyr bort og gjev rom for nytt liv. Dette ser vi seinare i Bibelen, men då får vi også vite at det er berre ved Guds nåde at menneska kan få den naturen som han opphavleg hadde skapt dei til.

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.

Jesus profeterte om at himmel og jord skal forgå, men hans ord skal aldri forgå. Han er Guds Ord og Gud skaper noko nytt ved sitt Ord, han skaper ein ny himmel og ei ny jord. Kristus døde i staden for oss og så vekte Gud han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, innsette han som sin Son, salva han med den Heilage Ande som Messias, så den Heilage Ande openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Vi vert rettferdige for Gud ved å tru at han vekte Kristus opp frå dei døde og vi vert frelste ved å sanne at han er Herre. Kristus sende oss den Heilage Ande, så vi får oppleve det her og no, så vi kan leve i Anden, bere frukt, vitne om han og verte utrusta til å tene han. Då må vi også ære og takke han for det, så det blir sentralt og viktig i vår tilbeding og Guds-dyrking. Slik har Gud openberra si frelse for oss i Kristus og det held han fram med. Då må vi feste blikket på han.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Gud er ånd og er evig og fullkommen, vi er mold, ufullkomne og dødelege. Like vel vil han frelse oss frå døden, ved å gjenføde oss, gjere oss fullkomne og gi oss evig liv. Det er ei gåve han gir oss heilt gratis, av berre nåde, så det er berre å ta imot i tru.

Gud står fram i gude-lyden og held dom. Salme82.

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born og åtvara dei mot å gjere opprør. Dersom dei voks opp som Guds born, så skulle dei vel verte gudar. Men Gud ville stå fram i gudeforsamlinga og halde dom.

Salme.82, 1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande,

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle.

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Moralen og kampen for tilværet. Gud er allmektig og frelser dei som vender seg til han. Jobs bok.

I følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet og det opplever vi. Like vel er det Gud som skaper utvikling. Berre han kan frelse oss for æva og gi oss evig liv.

Job var ein rik og gudleg mann, men så steig Guds søner fram for Gud og mellom dei var Satan. Gud lurte på kvar han kom ifrå og fekk vite at hadde fere og svive rundt om på jorda. Gud spurde om han hadde sett noko av Job, tenaren hans, han var då så gudleg og rettferdig. Djevelen meinte det var ikkje så rart, sidan Gud hadde Gud hadde velsigna han, men dersom det gjekk han dårleg, skulle nok pipa få ein annan lyd.

Så Djevelen fekk høve til å prøve han, så det gjekk han dårleg, han vart både fattig og sjuk. Då kom der tre vener til han og dei hevda at det skulle gå den rettferdige vel. Men kan ein mann vere rettferdig og rein?

Job.25,1 Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2 Gud har velde og valdar redsle,

han skaper fred i sin høge himmel.

3 Kan nokon telja hans fylkingar?

Får ikkje alle sitt ljos frå han?

4 Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,

kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein?

5 Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,

i hans augo er ikkje stjernene reine.

6 Kor mykje mindre då menneskekrypet,

mannen – den makken han er?

Job forsvara seg som best han kunne og så kom der ein fjerde mann, som var yngre enn desse gamle vise og tala til han og så kom Gud og tala til han. Konklusjonen vart at ut i den ville naturen er dyra fri, men der gjeld jungelens lov, den sterkaste sin rett og det er ikkje eit spørsmål om kva som er rettferdig. Men Gud er like vel den sterkaste. Så han vende lagnaden for Job.

Han kan og vil også vende lagnaden for Israel.

Vende om og verte Guds born og verte fullkomne som han. Evangeliet om Kristus.

Gud er ånd og han er evig, han er i sin evige himmel og han rike er åndeleg, det er riket til Son hans Jesus Kristus og det er ikkje av denne verda. Vi er mold og kan ikkje komme til Gud, utan at han kjem til oss, men han elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Jesus velsigna småborna og sa til disiplane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Dei voksne måtte vende om å verte som born, ja, fødast på nytt, av livsens vatn og Guds Ande for å sjå Guds rike og komme inni det. Det som er født av Anden er ånd, så då består det av noko anna enn den nedbrytbare fysiske og biologiske naturen, det er frå Guds himmel og kjem i tillegg til den biologiske naturen og er suveren over den, ettersom Gud, hans Ord og hans Ande er suveren over det som han har skapt.

Gud er fullkommen og han kan skape noko fullkome som er evig, ved at han frelser menneske og gjenføder dei.

Fork.3, 11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet.

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud.

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han.

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Og Jesus sa til disiplane sine at dei skulle vere fullkomne, liksom Faderen.

Matt.5,43 De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. 44 Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk, 45 så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Guds arm er ikkje for kort til å frelse, men synda skilde menneska frå han.

Jes.59, 1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort

t han ikkje kan frelsa,

og hans øyra ikkje så tunghøyrt

at han ikkje kan høyra.

2 Nei, det er misgjerningane dykkar

som skil mellom dykk og dykkar Gud.

Syndene dykkar løyner hans åsyn,

så han ikkje høyrer dykk.

Men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.

Hebr.9, 11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing.

…….

24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Og med det offeret har han gjort dei fullkomne som vert helga.

Heb.10,12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:

16 Såleis er den pakta eg vil gjera

med dei i dagar som kjem.

Og så seier han:

Eg vil leggja mine bod i hjarto deira

og skriva dei i hugen deira.

17 Og syndene og misgjerningane deira

vil eg aldri meir koma i hug.

18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

Jesus er vegen til Faderen, ved at vi går den vegen, går vi framover mot det fullkome, vert vi heilaggjorde så vi innser det, Kristus er fullkomen og gjer oss fullkomne.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Rom.12, 1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.

2.Kor.3, 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Sidan denne verda sine vise ikkje kjende Gud, bestemte han seg for å frelse dei som trur.

Paulus sa at menneska kjende Gud, men så vart dei dumme, så dei ikkje kjende han lenger.

Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det. 20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med. 21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap. 23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

1.Kor.1,11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

Prestane og filosofane var rekna for å vere dei vise på den tida og filosofien hadde sitt opphav i Hellas. Men den antikke teologien sprang gudane fram av kaos og etter ein kaoskamp fekk dei herredøme i kvar sine området av tilværet.

Antikk filosofi starta som naturfilosofi, men dei fann ikkje metode til å avgjere kva som var rett og så tok moralfilosofien og teologien over. Men på 1600-talet etter Kristus, fann dei i Europa metode til å finne ut kva som var rett naturfilosofi og slik fekk vi den moderne naturvitskapen. Sjølv om denne har utvikla seg noko så enormt, gjev den langt ifrå savar på alle livets spørsmål. Dei har funne ut at livet har utvikla seg frå små primitive individ, så dei meinar dei starta med ei celle i havet og så har det utvikla seg til meir høgtståande dyr gjennom millionar år, så ein kan seie at det var ikkje gudar som sprang fram av kaos, men plantar, fiskar, fuglar og dyr.  Teoretiske fysikarar kan tale om Gud som den første årsak og opphavet til alle ting, men korleis kan nokon kjenne han?

Evangeliet om Guds Son gir oss det rette svaret. Han kom til oss og gjorde Gud kjend for oss og det gjer han framleis, men i Anden. Vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og får oppleve det, slik vert vi kjende med han. Men metoden er altså noko anna enn i vitskapen.

Jesus er brødet som kom ned frå himmelen, som manna, for å gi verda liv, dei orda han tala til oss er ånd og liv. Då er det berre å ta imot i tru og ete, slik som det er symbolisert i nattverden, så vi får oppleve at det vert til liv for oss (Joh.6).

På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, slik det var før syndefallet, men no er Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd (1.Kor.15). Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik er også Jesu kyrkje hans brud, hans kropp, som han er hovudet for. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik er Kristus sanninga som set oss fri, vår frelsar og Herre, så vi tilber Gud i ånd og sanning.

Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det skal vekse og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Jak.1, 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Ef.4, 7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:

Han steig opp i det høge

og førte bort fangar;

han gav menneska gåver.

9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.

14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Vende hugen opp til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet.

Jesus sa at han var vegen til Faderen, han ville gå bort og stelle til ein verestad til oss og så ville han komme og hente oss, så vi skulle vere der han var. Så då skal vi sjå fram til at han kjem og hentar oss. Men då skal vi også få oppleve at han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss ved sin Ande.

Joh.14, 1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

…….

15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Mot falske menneskebod

16 Så lat då ingen døma dykk for det de et eller drikk, og heller ikkje når det gjeld høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar. 17 Alt dette er berre eit skuggebilete av det som skulle koma, men lekamen er Kristi lekam. 18 Somme driv med sjølvfornekting, dei kallar, og engledyrking og held seg til syner dei har hatt. Lat dei ikkje røva sigerskransen frå dykk! Utan grunn gjer dei seg til av sine menneskelege tankar 19 og held ikkje fast på han som er hovudet. Han gjer at heile lekamen veks så som Gud vil, og lekamen vert halden oppe og bunden saman av alle leder og band.

20 Når de med Kristus har døytt bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då, som om de endå levde i verda, retta dykk etter slike bod: 21 «Ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»? 22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er etla til å brukast og gå til grunne. 23 Rett nok skal slikt vera visdom, både sjølvvald gudsdyrking, sjølvfornekting og skamfaring av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera den syndige menneskenaturen til viljes.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Så slik vert vi heilaggjorde og mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

1.Tess.4, 1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette! 2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære, 5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud. 6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv. 8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

S.O.4,20 Lyd på det eg seier, son min,

vend øyra til og høyr mine ord!

21 Slepp dei aldri ut or syne,

gøym dei djupt i hjarta!

22 For dei er liv for den som finn dei,

og helsebot for heile kroppen.

23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

24 Hald deg frå falske ord,

bruk aldri lippene til svik!

25 Lat augo dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre deg!

26 Legg merke til dei far du skal fylgja,

hald heile vegen stø kurs!

27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din frå det som er vondt!

Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det skal vi ha hug på, så vi et av det, slik det er symbolisert i nattverden, og får oppleve at hans ord er ånd og liv for oss. Vi får komme til han og drikke av kjelda med det levande vatnet.

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Når mann og kvinne har fått oppleve dette og dei vert kjærestar og ektefelle, så får han oppleve at der strøymer elvar av levande vatn frå han til henne og då får vel ho oppleve at det strøymer elvar av levande vatn frå han til henne også.

SO.5, 15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»

…….

21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»


Leave a comment