Ny Tid 117. Endetidssyn 93. Vekse opp som Guds born og verte vaksne, som «gudar»? Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 5. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han skal verte frelst.  Igjen stod Gud fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom. 3.

Bilete: Jesus vitna om Faderen og Faderen vitna om Son sin, ved at han vekte han opp fra dei døde.

I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. 

Moses sa til folket at dei skulle vere Guds born, så då skulle dei vel ved hans oppseding og opplæring vekse opp til å verte «gudar». Men Moses føresåg at dei kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet og verte bortførde. Når dei då ved Guds nåde fekk komme attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne.

Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også. 

Dette har eg skrive om her:

Og her:

Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David og han kom med mange profetiar om Messias.

Salme.82,1 Ein Asaf-salme.

Gud står fram i gudelyden,

mellom gudar held han dom:  

2 Kor lenge vil de fella urett dom

og halda med dei ugudelege? Sela

3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,

frikjenn dei arme og trengande, 

4 berga småkårsfolk og fattige,

og fri dei ut or nidingars hand!

5 Dei har korkje vit eller skjøn,

dei ferdast ikring i mørker,

heile grunnvollen under jorda ragar.

6 Eg har sagt: «De er gudar,

søner åt Den Høgste er de alle. 

7 Men som menneske skal de døy,

som ein av fyrstane skal de falla.»

8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,

for alle folkeslag er din eigedom.

Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar.

Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!

Israels-folket fall ifrå Herren sin Gud, så landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men dei fekk komme tilbake til landet sitt, det gjekk slik som det var profetert. Slik viste Israels Gud at han var den sanne Gud.

Jes.41,21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.

Kom med grunnane! seier Jakobs konge.

22 Lat dei koma og kunngjera oss

det som sidan skal henda.

Fortel oss kva som før har hendt,

så vi kan merka oss det!

Eller lat oss få høyra kva som skal koma,

så vi kan vita kva utgangen vert!  

23 Kunngjer det som eingong skal henda,

så vi kan skjøna at de er gudar!

Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,

så vi alle kan sjå det og undrast! 

24 Sjå, de er reine inkjevetta,

og det de gjer, er ingenting verdt.

Ein styggedom er det å velja seg dykk. 

25 Eg har vekt ein mann frå nord,

og han kjem, frå eit land i aust;

han skal kalla på mitt namn.

Styresmenn trakkar han ned som søle,

liksom pottemakaren stampar leire.  

26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,

så vi kunne vita det?

Kven forkynte det i gamal tid,

så vi kunne seia: «Det er rett»?

Ingen har kunngjort det,

ingen har sagt frå,

ingen har høyrt eit ord frå dykk. 

27 Eg er den fyrste som seier til Sion:

«Sjå, der er dei!»

og sender gledebod til Jerusalem.

28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,

ikkje ein som kan gje råd,

så eg kunne spørja og få svar.

29 Nei, alle er dei inkjevetta,

og det dei gjer, er ingenting verdt.

Gagnlause er deira støypte bilete.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Framleis står han fram i  «gude-forsamlinga» og held dom.

Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, men så profeterte han også om ein dommedag.

Joel.3,1 Når Anden vert utrend

1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Denne dommedagen (Herrens dag) var først og fremst at Kristus døde på korset for all verda si synd og med sin død dømde synda i kjøtet. Dette har eg skrive om her:

Synda i kjøtet kan enkelt seiast å vere at dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kjøtlege natur. Det var ved å ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondet, så dei prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt, ein moralfilosofisk kunnskap, altså. 

Etter syndefallet merka Adam og Eva at Gud gjekk i hagen, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit, med den innstillinga, altså, at kjærleiksforholdet mellom dei var noko som Gud ikkje skulle ha noko med å gjere. Men Gud kalla på Adam og det vart eit rettsoppgjer, Adam vart dømd til døden, han var mold og til molda skulle han attende. Gud er ånd, men Adam var mold og var ikkje slik som Gud likevel.

Men Kristus døde på korset i staden for oss, Gud vekte han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, til å vere vår øvsteprest hos Faderen, vår frelseskonge og kongars konge. Når vi tek Kristus i tru, tek vi imot frelsa som Gud gir oss i han og då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han ved Guds frelseskraft som reiste han opp frå dei døde. 

Men vi har då dei same kroppane, om ikkje han han lækt oss for sjukdom då, synleg eller usynleg, same biologien, same genane, om ikkje han har lækt oss for ein arveleg sjukdom. Korleis kan vi då ha fått ein ny natur? Det er slik som med kveitekornet, når det vert pollinert, får det ein ny natur, som er ulik resten av planten. Pollineringa er her symbol på den nye naturen Jesus gir oss frå himmelen, han er livets brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Gud haustar kornet og tek vare på det, men det går annleis med agnene, det er dei som ikkje har teke imot i tru og ikkje fått ein ny natur.

Luk.3,15 Folket gjekk no i venting, og alle tenkte med seg at Johannes kanskje var Messias.  16 Då tok han til ords og sa til dei alle: «Eg døyper dykk med vatn. Men det kjem ein som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å løysa sandalreima hans. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  17 Han har kasteskufla i handa, og han skal reinsa kornet på treskjevollen og samla kveiten i løa si. Men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»

Gud la ein hjørnestein på Sion. Kvar den som trur på han tek det med ro. 

Dronninga av Saba besøkte kong Salomo og vart imponert over visdomen hans og rikdomen hans og sa at Gud hadde sett han på sin kongsstol.

2.Krøn.9,3 No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt, 4 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, og skjenkjarsveinane og kleda deira, og troppa som førte opp til Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring 5 og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! 6 Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg. 7 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din! 8 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»

Men seinare sa Esekiel at Juda-kongane sett sin dørstokk tett inntil tempelet og gjorde det ureint med lika sine.

Esekiel.43,6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.  7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.  8 Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide.  9 Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10 Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld. 11 Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei. 12 Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet.

Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er hjørnesteinen til det nye tempelet.

Jes.28,11 Ja, gjennom folk med stammande lipper

og med framandt tungemål

skal han tala til dette folket,  

12 han som sa til dei:

«Her er staden

der dei kan slå seg ned.

Lat den trøytte få ro,

her kan han kvila.»

Men dei ville ikkje høyra. 

13 Så skal då Herrens ord

for dei verta «bod på bod,

krav på krav,

litt her og litt der!»

Når dei går, skal dei snåva,

detta bakover og skamslå seg,

gå i snara og verta fanga. 

Hjørnesteinen på Sion

14 Så høyr då Herrens ord, de spottarar

som rår over folket i Jerusalem!

15 De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,

ein avtale med dødsriket.

Når flaumen kjem veltande,

skal han ikkje nå oss.

For vi har gjort lygn til livd

og løynt oss bak svik.»

16 Difor, så seier Herren vår Gud:

Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,

ein velprøvd stein,

ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.

Den som trur, tek det med ro. 

Underleg er Herrens gjerning

17 Eg vil gjera rett til mælesnor,

rettferd til loddsnor.

Hagl skal sopa bort lygnlivda,

vatn skal skylja vekk deira gøymsle.

18 Den pakt de har med døden,

skal setjast ut av kraft,

avtalen med dødsriket

skal ikkje stå ved lag.

Når flaumen kjem veltande,

skal han slå dykk ned.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Guds Ande er Gud og har som Gud makt over den naturen han har skapt. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande og vi skal la den råde i vår døyelege lekam. Då vert det slik at Anden gjer kroppen levande og vi skal bere den fram som eit levande offer for Gud.

Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.

3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.  4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.  5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.  6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;  7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,  8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.

Frelsa er ei gåve Gud gir oss frå himmelen. Det er berre å ta imot i tru og så takke for den. Gud gir ikkje si ære til nokon annan.

Jesus sa at den gjerninga Gud vil vi skal gjere, er å tru på han som han sende. 

Joh.6,28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»  30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera?  31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.»  32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.

Å tru er ei gjerning altså, det må vel vere ei lett gjerning. Det er som å ete livsens brød og leve av det, vi får oppleve at det er ånd og liv.

Joh.6,63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Det var visst Jakob, Jesu bror, som skreiv Jakobs brev og han skreiv at vi må ikkje berre høyre ordet, men også gjera etter det, trua verkar saman med gjerningane.

Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast.  20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.  23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.

Jak.2,14 Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?  15 Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og vantar mat for dagen,  16 og ein av dykk seier til dei: «Far vel, kled dykk varmt og et dykk mette!» Kva hjelper det, om de ikkje gjev dei det kroppen treng? 17 Sameleis er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død.

18 Einkvan kan seia: «Den eine har tru, den andre har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg visa deg mi tru av mine gjerningar. 19 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!  20 Veit du ikkje, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er gagnlaus? 21 Var det ikkje gjerningar som gjorde at Abraham, far vår, vart sagd rettferdig då han ofra Isak, son sin, på altaret?  22 Der ser du: Trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.  23 På den måten vart det skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig, og han vart kalla «Guds ven».  24 Der ser de at eit menneske vert sagt rettferdig ved gjerningar og ikkje berre ved tru. 25 Sameleis var det med skjøkja Rahab: Vart ikkje ho sagd rettferdig ved gjerningar fordi ho tok imot sendemennene og sleppte dei ut or byen ein annan veg?  26 For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.

Jesu frelseverk er Guds verk, det er fullført og fullkome, menneske kan ikkje legg til noko eller ta noko ifrå. 

Fork.3,9 Kva vinning har den som arbeider,

av alt sitt strev?

10 Eg såg det plagsame strevet

som Gud har gjeve menneska.

11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet. 

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud. 

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han. 

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Så vi kan ikkje gjere noko til er frå. Kva kan vi gjere då? Det einaste vi kan gjere er å ta imot i tru, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Vi skal ikkje la oss freiste til å ete av frukta på kunnskapstreet, den som gav vit på godt og vondt, for soleis å prøve å gjere oss liksom Gud, så vi prøver å gjere Guds verk. I tru skal vi berre ta imot frelsa som ei gave frå himmelen og så takke for den. Vi skal vedkjenne Kristus som vår frelsar og Herre, for Gud og menneske. Jesus er det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Så vi må ære og takke Gud og Lammet for frelsa. Gud gir ikkje si ære til nokon annan, han gir ikkje si ære til avgudane (Jes.42,8).

Jes.42,

Herrens tenar, eit ljos for alle folk

1 Sjå, min tenar som eg stør,

min utvalde som eg har hugnad i!

Eg har lagt min Ande på han,

retten skal han føra ut til folka.  

2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa

og ikkje bruka mælet på gata.

3 Han skal ikkje bryta eit broste sev

og ikkje sløkkja ein rykande veik.

Med truskap skal han føra retten ut. 

4 Han skal ikkje trøytna

og ikkje bryta saman

før han har breitt ut retten på jorda.

Øyar og strender ventar på hans lære.

5 Så seier Herren Gud,

han som skapte himmelen og spente han ut,

og breidde ut jorda med alt som der gror,

han som gjev livspust til folket på jord

og ånd til dei som ferdast der: 

6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd

og teke deg i handa.

Eg har skapt deg

og gjort deg til ei pakt for folket,

til eit ljos for folkeslaga. 

7 Du skal opna blinde augo

og føra fangar ut or fengslet,

dei som sit i mørkret,

ut or fangeholet. 

8 Eg er Herren, det er mitt namn.

Eg gjev ikkje mi ære til andre

og ikkje min pris til gudebilete. 

9 Det som vart varsla før, er kome,

og no kunngjer eg nye ting.

Før dei enno gror fram,

lèt eg dykk få høyra om dei. 

Den nye songen

10 Syng ein ny song for Herren,

lovsyng han frå heimsens endar,

de som ferdast på havet,

og alt som fyller det,

de øyar og strender

og de som bur der! 

11 Øydemarka med sine byar skal syngja,

landsbyane der Kedar held til.

Dei som bur på fjellet, skal jubla,

frå fjelltoppane skal dei ropa høgt. 

12 Dei skal gje Herren ære,

forkynna hans pris på øyar og strender.

 Når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi oppleve at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande og vi får komme inn til hans kvile.

 

Men Kristus er det Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Han vart gravlagd, men stod oppatt frå dei døde, vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgra hand. Han er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og er kongars konge og herrars herre. Han reinsa den himmelske heilagdomen med sitt blod. David profeterte om dette.

Salme.95,1 Kom, lat oss jubla for Herren

og ropa høgt for vårt frelsande berg!

2 Lat oss gå fram for han med lovsong

og hylla han med song og spel!

3 For Herren er ein mektig Gud,

ein stor konge over alle gudar. 

4 Han har jord-djupnene i si hand

og fjelltoppane i si eige.

5 Havet er hans, for han har skapt det,

det faste landet har hans hender forma.

6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,

den hjord han leier med si hand.

Å, ville de høyra på han i dag! 

8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i øydemarka,

9 då fedrane eggja meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.  5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.  9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.  

Kristus er øvsteprest til evig tid, etter Melkisedeks vis.

Salme.110,1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»  

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar! 

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang. 

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»  

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag. 

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord. 

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Heb.9,23 Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.  24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld.  25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.  27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.


Leave a comment