I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Dette har eg skrive om her:
Og her:
Sitat:
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vera deira Gud. Dei skulle vere hans born, så dei skulle vekse opp som gudar altså?! Men så stod Gud fram i gude-forsamlinga og heldt dom.
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud og slik ville han gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, for i Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast. Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei sannsynleg vis kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk kome attende til det, skulle dei verte hjarteomskorne. Denne motsetnaden var tydeleg på David si tid og han sa til dei at dersom dei høyrer Guds røyst i dag, i deira tid, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte, slik som ved Merida-kjelda. Han var den som Gud hadde salva til konge over dei, så for han var det viktig å høyre på kva Gud sa til han og til folket. Ja, klart at borna må høyre på far sin, det er då han som elskar dei og har omsorg for dei, oppseder dei og lærer dei opp. Og klart at dei må få lov til å seie noko til han også. Dette finne vi mykje av i Salmane si bok. Mesteparten av dei er Davids salmar og den kjende salmisten Asaf levde på Davids tid. Vi finn bønnesalmar, takkesalmar og klagesalmar. Mykje av bønne-salmane og takke-salmane går over i profeti, spesielt hos David, dår det over i Messias-profeti. Salvinga er eit symbol på den Heilage Ande, så den bad saman med dei og slik vart det til profeti. Dei argumenterte utifrå si rettferd til sitt eige forsvar, med bøn til Gud om hjelp mot fienden, ved også å påstå at fienden var ugudleg, lovlause og urettferdige. Betydde ikkje dette då at dei meinte dei var eigen-rettferdige? Dette er noko som vert diskutert i Biblex, (sjå til dømes side 379 & 382). Dei refererte til lova og påstod at dei hadde helde seg til den, men dersom dei hadde vendt seg bort frå den og brote den, så måtte dei vende om og be om nåde og tilgjeving. Uansett var dei ikkje fullkomne og feilfrie slik som Gud og måtte stadig vende seg til han og be om nåde, miskunn og hjelp. Soleis var dett ikkje å vere eigenrettferdige, men å verte rettferdige ved å tru på Gud, liksom Abraham. Sjølv om dei hadde lova og Gud oppseda dei ved den, så var det ikkje nok. Kva betydning hadde kanskje syndeoffera? Dei symboliserte at dei stadig trengde Guds nåde og miskunn i tillegg til lova, ja, nettopp på grunn av lova. Sidan Gud fostra dei, oppseda dei og lærde dei opp, som sine born, skulle dei vel vekse opp til å verte «gudar»? Men så stod Gud fram i «gudeforsamlinga» og heldt dom.
Vi elskar våre næraste, så vi verdset dei utover dette jordelivet, det er viktig for samhaldet i ekteskapet, familien og slekta, ja, heile folket. Slik vert det viktig for ein konge, for å holdet folket saman og få dei med i eit felles forsvar. Så slik var religionen viktig for dei, for å holde folket samla, men også for å dømme. Sjølv om Israels Gud lærde folket sitt at der var ingen annan Gud enn han, så han forbaud dei å dyrke andre gudar, så viste han tydelegvis, i si miskunn, forståing for dette, ved å kalle seg Gud over alle gudar og sa at han skulle stå fram i gude-lyden og dømme rett, ja, for dei andre gudane var eigentleg svindel og var årsak til mykje urett.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
SITAT SLUTT.
Gud stod fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, slik vart det også når han sende Son sin til vår jord. Han gir ikkje si ære til avgudane.
Gud var med David og stod fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom.
Asaf var salmist på Davids tid og han sa at Gud står fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, og det var vel nettopp det som skjedde ved David. Og han kom med mange profetiar om Messias.
Israelsfolket kravde å få ein konge og Gud let dei få ein slik konge som dei ville ha, ved at han let Samuel salve Saul til konge. Men Saul vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han til konge og let Samuel salve David til konge i staden. Salvinga står som symbol på å verte salva av den Heilage Ande, Saul mista den, men David audmjuka seg for Herren for å behalde salvinga og nytte seg av den. Han måtte flykte for Saul, men søkte tilflukt hos Herren, for å verte berga frå fiendane. Han såg seg sjølv som fattig og førde ein slik politikk som vi ser i Salme.82,2-4. Då gjekk det slik at dei tapte mot sine fiendar og det vart hans berging. David leia folket til å søke Herren slik som han gjorde og då gjekk det ofte slik at han berga dei ved at han dømde fiendane deira, så dei tapte. Dette gav dei også uttrykk for, som eit ynskje i deira bøn til Gud. Men det mest fundamentale var å be Gud om nåde og miskunn, at han måtte komme i hug at dei var støv, så dei bøygde seg i støvet for Gud som er ånd.
Salme.103,1 Av David.
Mi sjel, lov Herren!
Ja, alt som i meg er,
skal lova hans heilage namn.
2 Mi sjel, lov Herren,
gløym ikkje alle hans velgjerningar!
3 Han tilgjev all di skuld
og lækjer all din sjukdom.
4 Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med godleik og miskunn.
5 Han fyller ditt liv med det som godt er,
og gjer deg ung att som ørna.
6 Herren grip inn og frelser,
lèt alle som er trælka, få sin rett.
7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,
sine gjerningar for Israels folk.
8 Mild og nådig er Herren,
langmodig og rik på miskunn.
9 Han kjem ikkje alltid med klagemål
og er ikkje evig harm.
10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder
og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.
11 Så høg som himmelen er over jorda,
så stor er Herrens nåde
over dei som ottast han.
12 Så langt som aust er frå vest,
så langt tek han våre synder bort frå oss.
13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,
er Herren miskunnsam
mot dei som ottast han.
14 For han veit korleis vi er skapte,
han kjem i hug at vi er støv.
15 Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka.
16 Når vinden fer framom, er han borte,
staden han stod på, veit ikkje meir av han.
Faderen var med Kristus og stod fram i «Gude-forsamlinga» og heldt dom og så har han overgitt domen til Kristus.
Kristus kom til jødane og døyparen Johannes vitna om at han var Messias. Men det var som om dei religiøse leiarane deira allereie hadde kravt seg ein kong til samanlikning med Saul, som leia dei i striden mot Kristus, han som Gud hadde salva til å vere kongen deira. Jesus sa dei skulle elska fiendane sine. Like vel vart det slik at Gud stod fram i gude-forsamlinga og heldt dom. Dette har eg skrive om her:
Jesus heldt dom over synda i kjøtet, då han døde på korset. Så framleis er det noko som vert dømt, slik at noko vert berga, den gamle vonde naturen vert dømd og vi får ein ny natur i staden og den vert frelst.
Jes.59,1 Synd og frelse
1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
3 Hendene dykkar er tilsølte med blod
og fingrane flekka med skuld,
lippene dykkar talar lygn,
og tunga mumlar svik.
4 Ingen stemner til doms med rette,
og ingen fører sak på ærleg vis.
Dei lit på fåfengd og talar lygn,
dei ber på urett og føder vondskap.
5 Dei klekkjer ut orme-egg
og vev spindelvev.
Den som et deira egg, må døy,
og knuser du eit, kjem det fram ein orm.
6 Deira vevnad duger ikkje til klede,
ingen kan kle seg med det dei lagar.
Det dei gjer, er vondskaps gjerning,
valdsverk kjem frå deira hender.
7 Dei er snare på foten til det som er vondt,
og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.
Alle deira tankar er vonde,
der dei fer, er herjing og øyding.
8 Freds veg kjenner dei ikkje,
det finst ingen rett i deira spor.
Dei går på krokete stigar,
og ingen som ferdast der, veit av fred.
9 Difor er retten langt borte frå oss,
rettferda når oss ikkje.
Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,
på solskin, men ferdast i skugge.
10 Vi trivlar langs veggen som blinde,
vi trivlar som folk utan augo.
Vi snåvar på ljose dagen
som om det var skumring,
i vår beste alder er vi som døde.
11 Vi gryler alle som bjørnar
og klynkar og klagar som duer.
Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,
på frelse, men ho er langt borte frå oss.
12 Du ser at våre synder er mange,
våre brot vitnar imot oss.
Ja, våre synder veit vi om,
våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
18 Han løner folk etter det dei har gjort,
med harme mot uvener, hemn over fiendar;
jamvel mot øyar og strender
gjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem som utløysar for Sion,
for dei som snur om frå synd i Jakob,
lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er den nye naturen som Gud gir oss frå himmelen. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd.
Gud stod fram i gude-forsamlinga og heldt dom, ved at han vekte Kristus opp frå dei døde.
Rom.1,1 Paulus, Jesu Kristi tenar, kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, helsar dei kristne i Roma. 2 Dette evangeliet har Gud føreåt gjeve lovnad om gjennom profetane sine i heilage skrifter, 3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt, 4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde. 5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.
Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Luk.12, 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Ap.gj.7,1 Då spurde øvstepresten: «Er det sant, dette?» 2 Stefanus svara:
Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan, 3 og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg! 4 Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i. 5 Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born. 6 Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år. 7 Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden. 8 Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane.
9 Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han 10 og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus. 11 Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat. 12 Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen. 13 Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans. 14 Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske. 15 Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre. 16 Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv.
17 Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt. 18 Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef. 19 Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp. 20 På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin. 21 Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son. 22 Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd.
23 Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane. 24 Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin. 25 Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje. 26 Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?» 27 Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? 28 Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?» 29 Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner. 30 Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne. 31 Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst: 32 Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp. 33 Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord. 34 Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.
35 Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han. 36 Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år. 37 Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. 38 Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss. 39 Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt 40 og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.» 41 Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender. 42 Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:
Bar de fram for meg slaktoffer og gåver
dei førti åra i øydemarka, du Israels ætt?
43 Nei, de bar med dykk teltet åt Molok
og stjerna åt guden Romfa,
bilete de laga og tilbad.
Men eg vil flytta dykk bortom Babylon.
44 I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet med seg. Han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om det; Moses skulle laga det etter det førebiletet han fekk sjå. 45 Fedrane våre fekk det i arv, og då Josva var førar, tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Såleis var det heilt til Davids dagar. 46 Han fann nåde hjå Gud og bad om å få syta for ein bustad til Jakobs ætt. 47 Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud. 48 Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten:
49 Himmelen er min kongsstol
og jorda skammel for mine føter.
Kva slag hus kan de byggja åt meg, seier Herren,
eller kvar er staden der eg kan kvila?
50 Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51 Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar. 52 Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel, 53 de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.
Stefanus vert steina
54 Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han. 55 Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56 Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.» 57 Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyro, og alle som ein storma dei mot han. 58 Dei dreiv han føre seg ut or byen og steina han. Og vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus. 59 Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd!» 60 Så fall han på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, slokna han.
Ap.gj.9, Saulus ved Damaskus
1 Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten 2 og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem. 3 Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han. 4 Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?» 5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» 7 Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. 8 Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. 9 Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.
10 I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11 Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han. 12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» 13 Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.» 15 Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk. 16 Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.» 17 Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.» 18 Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19 Så fekk han seg mat og vart styrkt.
Ap.gj.25, Appellen til keisaren
1 Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem. 2 Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hjå han med klagemål mot Paulus. Og dei bad han 3 gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem; for dei ville leggja seg på lur og drepa han på vegen. 4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle attende dit. 5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det,» sa han, «vera med og leggja fram klagemålet, om det då er noko gale med mannen.»
6 Han hadde ikkje vore der meir enn åtte-ti dagar, så fór han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i domarsetet og baud at Paulus skulle førast fram. 7 Straks han kom inn, stelte dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring han og kom med mange harde skuldingar, som dei ikkje kunne prova. 8 Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje på nokon måte forbrote meg, korkje mot lova åt jødane, mot templet eller mot keisaren.» 9 Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du viljug til å fara opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som domar?» 10 Men Paulus svara: «Eg står for domstolen åt keisaren, og her har eg rett til å få dom. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt. 11 Har eg gjort eit brotsverk, noko som eg lyt lata livet for, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.» 12 Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren; til keisaren skal du fara.»
Paulus talar til kong Agrippa
13 Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og ville helsa på Festus. 14 Dei vart verande der ei tid, og så fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her,» sa han, «som Feliks har late etter seg i fengslet. 15 Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hjå jødane fram med klagemål mot han og bad om å få han dømd. 16 Eg svara at romarane ikkje har for vis å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot klagemålet. 17 Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge; alt dagen etter sette eg meg i domarsetet og baud at mannen skulle førast fram. 18 Klagarane samla seg ikring han; men dei kom ikkje med skuldingar for brotsverk, som eg hadde tenkt meg. 19 Det var berre nokre spørsmål i deira eigen religion dei var usamde med han om, og om ein som heitte Jesus, som er død, men som Paulus meiner lever. 20 Eg visste ikkje korleis eg skulle ta ei sak som denne, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der. 21 Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle verta sitjande til eg får sendt han til keisaren.» 22 «Den mannen har eg òg hug til å høyra,» sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han,» svara Festus.
23 Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i rettssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. Festus sa frå at Paulus skulle hentast, og han vart ført inn. 24 Så tok Festus til ords og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! No ser de den mannen som har fått alle jødar til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger. 25 Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som han burde lata livet for. Men då han anka til keisaren, sette eg meg føre å senda han dit. 26 No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, fyrst og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva. 27 For eg tykkjer det er meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for klagemålet mot han.»
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.16,4 Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?» 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.
1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

