Bilete: Jesus velsigna småborna.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom.
Gud let Samuel salve David til konge, like vel måtte han ta røminga frå Saul og hæren hans, men det vart på den måten at han tok si tilflukt hos Herren og be han frelse han frå fienden og då vart det slik at fienden vart dømd og tapte i strid og det vart hans berging. Det ser vi gang på gang i det gamle testamentet og den vona kjem til utrykk i bønene deira også.
Dette har eg skrive om her:
Og her:
Sitat:
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vera deira Gud. Dei skulle vere hans born, så dei skulle vekse opp som gudar altså?! Men så stod Gud fram i gude-forsamlinga og heldt dom.
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud og slik ville han gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, for i Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast. Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei sannsynleg vis kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk kome attende til det, skulle dei verte hjarteomskorne. Denne motsetnaden var tydeleg på David si tid og han sa til dei at dersom dei høyrer Guds røyst i dag, i deira tid, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte, slik som ved Merida-kjelda. Han var den som Gud hadde salva til konge over dei, så for han var det viktig å høyre på kva Gud sa til han og til folket. Ja, klart at borna må høyre på far sin, det er då han som elskar dei og har omsorg for dei, oppseder dei og lærer dei opp. Og klart at dei må få lov til å seie noko til han også. Dette finne vi mykje av i Salmane si bok. Mesteparten av dei er Davids salmar og den kjende salmisten Asaf levde på Davids tid. Vi finn bønnesalmar, takkesalmar og klagesalmar. Mykje av bønne-salmane og takke-salmane går over i profeti, spesielt hos David, dår det over i Messias-profeti. Salvinga er eit symbol på den Heilage Ande, så den bad saman med dei og slik vart det til profeti. Dei argumenterte utifrå si rettferd til sitt eige forsvar, med bøn til Gud om hjelp mot fienden, ved også å påstå at fienden var ugudleg, lovlause og urettferdige. Betydde ikkje dette då at dei meinte dei var eigen-rettferdige? Dette er noko som vert diskutert i Biblex, (sjå til dømes side 379 & 382). Dei refererte til lova og påstod at dei hadde helde seg til den, men dersom dei hadde vendt seg bort frå den og brote den, så måtte dei vende om og be om nåde og tilgjeving. Uansett var dei ikkje fullkomne og feilfrie slik som Gud og måtte stadig vende seg til han og be om nåde, miskunn og hjelp. Soleis var dett ikkje å vere eigenrettferdige, men å verte rettferdige ved å tru på Gud, liksom Abraham. Sjølv om dei hadde lova og Gud oppseda dei ved den, så var det ikkje nok. Kva betydning hadde kanskje syndeoffera? Dei symboliserte at dei stadig trengde Guds nåde og miskunn i tillegg til lova, ja, nettopp på grunn av lova. Sidan Gud fostra dei, oppseda dei og lærde dei opp, som sine born, skulle dei vel vekse opp til å verte «gudar»? Men så stod Gud fram i «gudeforsamlinga» og heldt dom.
Vi elskar våre næraste, så vi verdset dei utover dette jordelivet, det er viktig for samhaldet i ekteskapet, familien og slekta, ja, heile folket. Slik vert det viktig for ein konge, for å holdet folket saman og få dei med i eit felles forsvar. Så slik var religionen viktig for dei, for å holde folket samla, men også for å dømme. Sjølv om Israels Gud lærde folket sitt at der var ingen annan Gud enn han, så han forbaud dei å dyrke andre gudar, så viste han tydelegvis, i si miskunn, forståing for dette, ved å kalle seg Gud over alle gudar og sa at han skulle stå fram i gude-lyden og dømme rett, ja, for dei andre gudane var eigentleg svindel og var årsak til mykje urett.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
SITAT SLUTT.
Gud stod fram i «gude-forsamlinga» og heldt dom, slik vart det også når han sende Son sin til vår jord. Han gir ikkje si ære til avgudane.
Gud stod fram i «gude-lyden» og heldt dom, slik vart det også når han sende Son sin til vår jord.
Gud elska verda så høgt at han sende sin einborne Son, så kvar den som trur på han skal verte frelst.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh.3,16) og han lærde dei at dei skulle elska fiendane sine også, sjå Lukas.6,27-49. Eg meiner vi må først og fremst sjå dette som levereglar i lokalmiljøet, så med desse levereglane skal vi prøve å etablere gode medmenneskelege relasjonar i lokalmiljøet, så dei vert viktige både for oss sjølve og andre og lokalmiljøet vårt. Hugs at Jesu kom til jødane og han sende disiplane sine til dei, med den galde bodskapen om Guds rike, først etter at han døde og stod oppatt, vart det utvida til alle folkeslag.
Joh.10, Sonen og Faderen
22 Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter. 23 Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen. 24 Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!» 25 Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg. 26 Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. 27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. 29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. 30 Eg og Faderen er eitt.»
31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han. 32 Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?» 33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» 34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar? 35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje. 36 Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son? 37 Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje. 38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.» 39 Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.
40 Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. 41 Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.» 42 Og det var mange der som kom til tru på Jesus.
I vers 34 refererte Jesus til Salme.82,6.
Jesus er sanninga som set oss fri.
I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
Vende om og verte som born, ja verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike og komme inni det.
Døyparen Johannes forkynte gjenfødinga.
Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Jesus velsigna småborna og sa til disiplane sine at dei skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike til. Han sa til jødane at dei måtte vende om og verte som born, ja, verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike og komme inni det.
Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Forføringar og freistingar
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
At dei måtte vende om og verte som born, tyder på at dei var i ferd med å verte vaksne på ein feil måte. Korleis då? Moses hadde då sagt til dei at dei skulle vere Guds born og du skal då ikkje slutte med å vere son eller dotter til far din fordi du vert voksen. «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han elska henne og hadde omsorg for henne og borna han fekk med henne. Men ho skjøna det ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka andre gudar og borna hennar gjorde opprør mot han.
Jes.1,2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3 Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.
Jer.2,11 Har noko folk bytt bort sine gudar
– endå dei ikkje er gudar?
Men mitt folk har bytt bort si ære
mot det som ikkje gagnar.
12 Reddast, du himmel,
ja, skjelv av redsle over dette!
lyder ordet frå Herren.
13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
14 Er Israel ein træl,
er han ein heimefødd træl?
Kvifor har han vorte røva?
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»
Det som er født av Anden er ånd, då er vi slik som vinden, folk veit ikkje kvar den kjem ifrå eller kvar den fer av. Ved gjenfødinga vert vi med i Guds rike, så vi vert med i dei fire vindane som bles på dei tørre beina i Esekiel.37, så det vert liv i dei igjen.
Gud gir ikkje si ære til avgudane.
Jes.42, Herrens tenar, eit ljos for alle folk
1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Kristus fordømde synda i kjøtet.
Gud ville stå fram i «gude-lyden» og halde dom og då vart det til at Jesus heldt dom over synda i kjøtet.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Rom.8, Livet i Anden
1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Dette må vi ære og takke Gud og Lammet for.
Jes.50,
Har eg ikkje kraft til å frelsa?
1 Så seier Herren:
Kvar er det skilsmålsbrevet
som eg har sendt mor dykkar bort med?
Eller kven hadde krav på meg,
så eg laut selja dykk til han?
Nei, de vart selde fordi de synda,
og mor dykkar vart bortsend fordi de sveik meg.
2 Kvifor fann eg ingen då eg kom,
kvifor fekk eg ikkje svar då eg ropa?
Er mi hand for kort til å frelsa,
har eg ikkje kraft til å berga?
Med eit trugande ord legg eg sjøen turr
og gjer elvar til øydemark,
så fisken døyr av torste
og ligg og rotnar fordi vatnet er borte.
3 Eg kler himmelen i svart
og sveiper han i syrgjebunad.
Herrens tenar er tillitsfull i trengsler
4 Herren min Gud har gjeve meg
ei læresveins-tunge,
så eg med mitt ord kan styrkja den trøytte.
Kvar morgon vekkjer han mitt øyra,
så eg kan høyra på læresveins vis.
5 Herren min Gud har opna mitt øyra.
Eg sette meg ikkje imot
og drog meg ikkje unna.
6 Min rygg baud eg fram til dei som slo,
mine kinn til dei som reiv meg i skjegget.
Eg gøymde ikkje mitt andlet
for vanære og spytt.
7 Herren min Gud kjem meg til hjelp;
difor skjemmest eg ikkje.
Difor gjer eg andletet hardt som flint,
og eg veit at eg ikkje vert til skammar.
8 Han er nær,
han som hjelper meg til min rett.
Kven vil føra sak mot meg?
Lat oss møtast for retten!
Kven er min motpart?
Lat han stiga fram!
9 Sjå, Herren min Gud kjem meg til hjelp.
Kven vil døma meg skuldig?
Dei vert alle utslitne som ein kledning,
mòl skal eta dei opp.
10 Dei av dykk som har age for Herren,
skal høyra på hans tenar.
Den som ferdast i mørker
og ikkje ser det minste ljos,
han kan lita på Herrens namn
og stø seg til sin Gud.
11 Men de som kveikjer opp eld
og skyt brannpiler til alle kantar,
gå inn i den logande elden,
mellom pilene som de har kveikt!
Frå mi hand kjem dette over dykk,
i pinsle skal de liggja.
Jes.53, 1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Jes.59,12 Du ser at våre synder er mange,
våre brot vitnar imot oss.
Ja, våre synder veit vi om,
våre misgjerningar kjenner vi:
13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
17 Han tok rettferd på seg til brynje
og sette frelseshjelm på sitt hovud.
Så kledde han seg i hemnens klednad
og sveipte om seg brennhug til kappe.
18 Han løner folk etter det dei har gjort,
med harme mot uvener, hemn over fiendar;
jamvel mot øyar og strender
gjer han attergjeld.
19 Dei skal ottast Herrens namn i vest
og hans herlegdom i aust.
For han kjem som ein veldig flaum,
som Herrens storm driv fram.
20 Han kjem som utløysar for Sion,
for dei som snur om frå synd i Jakob,
lyder ordet frå Herren.
21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Dei fyrste læresveinane
35 Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine. 36 Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»
Heb.9,24 For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld. 25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer. 27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

