Bilete: Aleksander den Store.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. Dei fire vindane spreidde folk og samla dei i nasjonar og riker. Dei bles på havet, så der steig opp fire dyr, det var fire stormakter. Dei samla menneske i Guds rike, det er då mest fundamentalt.
Folk vart spreidde for (av) verdsens fire vindar og så skulle dei fire vindane kunne samle dei igjen, det verkar då mest som eit Guds under.
Kedar, Hasor og Elam.
Jer.49,28 Om Kedar og Hasor-rika som Nebukadnesar, babylonarkongen, vann over.
Så seier Herren:
Opp, rykk fram mot Kedar,
gjer ende på mennene frå aust!
29 Dei skal ta deira telt og småfe,
teltdukane og all deira reiskap,
dei skal ta kamelane deira med seg
og ropa til dei: «Redsle på alle kantar!»
30 Røm og kom unna så snøgt de kan,
gøym dykk djupt nede,
de Hasor-buar, seier Herren.
For Nebukadnesar, Babel-kongen,
har lagt ein plan
og tenkt ut noko vondt mot dykk.
31 Opp, rykk fram mot eit sutlaust folk,
mot dei som bur trygt, seier Herren.
Det har korkje portar eller bommar
og bur for seg sjølv.
32 Kamelane deira skal verta til rov,
deira store buskap til hærfang.
Dei som har kortklypt hår ved tinningen,
vil eg spreia for alle vindar;
frå alle kantar lèt eg ulukka koma over dei,
lyder ordet frå Herren.
33 Då vert Hasor tilhaldsstad for sjakalar,
ei audn for alle tider.
Ikkje eit menneske skal bu der,
ingen skal halda til i byen.
Elam skal spreiast for alle vindar
34 Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i den fyrste tida Sidkia var konge i Juda:
35 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Sjå, eg vil bryta bogen for elamittane,
det sterkaste våpenet deira.
36 Mot Elam sender eg fire vindar
frå dei fire himmelhjørna
og spreier dei for alle desse vindane.
Det skal ikkje vera eit land
der det ikkje finst folk
som er bortdrivne frå Elam.
37 Eg gjer elamittane redde
for fiendane deira,
for alle som står dei etter livet.
Eg lèt ulukke koma over dei,
min brennande vreide, seier Herren.
Eg sender sverdet etter dei
til eg får gjort ende på dei.
38 Så set eg kongsstolen min i Elam
og rydjar ut konge og hovdingar der,
lyder ordet frå Herren.
39 Men til sist, i dagar som kjem,
vender eg lagnaden for Elam,
lyder ordet frå Herren.
Sitat frå https://snl.no/ismaelitter_-_arabisk_stammeforbund :
På 600-tallet forteller tekster om organisering i stammeforbund, og ismaelittene var da tilsynelatende på høyden av sin makt, noe som bekreftes av stadige konfrontasjoner med assyrerne. Selv om kildene for 500- og 400-tallet fvt. er spinkle, tyder mye på at de har spilt en viss politisk rolle også i denne perioden.
Ismaelittene identifiseres ofte med kedarittene (etterkommere av Ismael gjennom Kedar), som omtales i bibeltekstene (1. Mosebok25,13). Kedarittene er også nevnt i arameiske og syd-arabiske tekster, samt hos den greske historieskriveren Herodot (400-tallet fvt.), og romerske historikere, som Plinius den eldre (23–79 evt.). Men selv om det kan være en sammenheng med de ismaelittene som omtales i Det gamle testamentet og Tanakh, er de enkelte historiske detaljene uklare.
SITAT SLUTT.
Sitat frå https://snl.no/Hasor :
Hasor var et viktig bystatssamfunn i det gamle Kanaan og i Det gamle Israel. Stedet er i dag et utgravingsområde i det nåværende Israel, 20 kilometer nord for Genesaretsjøen. Området står fra 2005 på UNESCOs verdensarvliste, og er omgjort til nasjonalpark…….
Utgravninger har påvist bosetning allerede fra tidlig bronsealder(3000 fvt.). Den eldste byen var på høyden av sin makt i mellom- og senbronsealderen (1800–1200-tallet fvt.) og hadde den gang på det meste 30 000–40 000 innbyggere. Fra den perioden som kalles israelittisk tid er byen omtalt i Det gamle testamentet og Tanakh(Josva, Dommernes bok, 1. Samuelsbok, 1. og 2. Kongebok).
……..
Ifølge 1. Kongebok 9,15 ble byen gjenoppbygget under kong Salomo, men helt fra 1950-årene og frem til i dag har det vært uenighet blant arkeologene om hvor mye som ble bygget på kong Salomos tid, og hvor mye som stammer fra de senere herskerne i Nordriket (Samaria). Ben-Tor følger Yadin og hevder at de store bymurene ble bygget på kong Salomos tid. Andre, som arkeologen Israel Finkelstein, mener at disse ble bygget nesten hundre år senere.
Det vi med stor sikkerhet kan si, er at byen hadde sin siste blomstringstid under de mektige nordisraelittiske kongene Omri og Akab på 800-tallet fvt. Det hersker også liten uenighet om at kong Akab bygget de store vanntunnelene som sikret byen vann i tilfelle beleiring.
Byen ble erobret og ødelagt av assyrerkongen Tiglat Pileser i 732 fvt. på hans krigstog mot områdene i vest (2. Kongebok 15,29). En stor del av befolkningen i de erobrede byene ble (ifølge assyriske annaler rundt 13 520 mennesker) ført i eksil til Assyria. Nye innbyggere fra øst ble plassert i de erobrete områdene. Den gamle byen Hasor reiste seg aldri igjen.
SITAT SLUTT.
Sitat frå https://snl.no/Elam :
Den middelelamittiske perioden (cirka 1500–1100 fvt.) utgjorde Elams storhetstid. Elamittisk språk erstattet akkadisk, de lokale dynastier ble konsolidert og landet hevdet seg militært overfor naboene.
Den nyelamittiske perioden (cirka 1000–539 fvt.) var en tid med indre oppløsning. Elam ble en kasteball i de stadige konfliktene mellom Assyria og Babylonia, og landet ble langsomt svekket. Samtidig presset indoeuropeiske stammer, medere (se Media) og persere som holdt til på det iranske platået, mot landets grenser.
Assyrerne erobret Susa i 640 fvt. I 539 fvt. ble Elam innlemmet i akemenidekongen Kyros‘ imperium og ble en del av det persiske oldstidsriket. Susa ble gjort til perserkongenes vinterresidens, og landet ble litt etter litt fullstendig integrert i perserriket. I 331 fvt. ble Elam en del av Aleksander den stores hellenistiske rike.
SITAT SLUTT.
Gud spreidde folket sitt for verdsens fire vindar, men ville så vende lagnadene deira.
Sakarja.2, Horna og smedane
1 Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn. 2 Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»
3 Så lét Herren meg sjå fire smedar. 4 Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»
Mannen med mælesnora
5 Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa. 6 Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»
7 Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han 8 og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:
Jerusalem skal liggja utan murar,
så mykje folk og buskap skal det vera der.
9 Sjølv skal eg vera ein eldmur kring byen,
lyder ordet frå Herren,
og midt i han vil eg syna min herlegdom.
10 Ve, ve! Røm frå landet i nord!
lyder ordet frå Herren.
Eg har spreitt dykk for heimsens fire vindar,
lyder ordet frå Herren.
11 Ve deg, Sion, som bur hjå Babels dotter!
Berg deg unna!
12 For så seier Herren, Allhærs Gud,
den herlege, som har sendt meg,
om dei folka som plyndra dykk:
Den som rører dykk,
rører ved min augnestein.
13 For sjå, eg lyfter handa mot dei,
og dei vert til hærfang
for dei som no er trælane deira.
Då skal de sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg.
14 Gled deg storleg, Sions dotter!
For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,
lyder ordet frå Herren.
15 Den dagen skal mange folkeslag
gje seg til Herren.
Dei skal verta mitt folk,
og eg vil bu hjå deg.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg.
16 Herren skal ta Juda i eige
som sin arvelut på heilag jord
og endå ein gong velja ut Jerusalem.
17 Ver still for Herren, kvar levande skapning!
For han har teke ut frå sin heilage bustad.
Joh.Op.7. Guds tenarar vert merkte med segl
1 Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire verdshjørna og heldt dei fire vindane på jorda, så det ikkje skulle blåsa nokon vind på jorda eller over havet eller mot trea. 2 Og eg såg ein annan engel: Han steig fram i aust og bar den levande Guds segl. Med høg røyst ropa han til dei fire englane som hadde fått makt til å skada jorda og havet: 3 «Rør ikkje jorda eller havet eller trea før vi har sett segl på panna til tenarane åt vår Gud!»
Joh.Op.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort. 6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.
Esekiel.37, Dei daude beina som livnar opp att
1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»
7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.
11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.
Når Herren sameinar Israel og Juda
15 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 16 Du menneske, ta deg ein stav og skriv på han: «For Juda og brørne hans mellom israelittane.» Ta så ein annan stav og skriv på han – på Efraims stav: «For Josef og alle brørne hans mellom israelittane.» 17 Set dei saman, så dei vert til éin stav i handa di. 18 Når så landsmennene dine spør: «Vil du ikkje la oss få vita kva du meiner med dette?» 19 då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og brørne hans, Israels-ættene, og set han saman med Judas stav. Så gjer eg dei til éin stav; dei vert til eitt i handa mi.
20 Stavane som du skriv på, skal du halda i handa framfor augo på dei. 21 Og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land. 22 Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folk og ikkje meir vera delte i to kongerike. 23 Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane og all styggedomen og med alle ugjerningane sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
24 Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha ein og same hyrdingen. Dei skal fylgja mine lover og ta vare på mine føreskrifter, så dei lever etter dei. 25 Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Både dei og borna og barneborna deira skal bu i det gjennom alle tider, og David, tenaren min, skal vera deira fyrste for alltid.
26 Eg gjer ei fredspakt med dei; ei evig pakt skal det vera. Eg lèt dei busetja seg og auka i tal, og eg reiser min heilagdom mellom dei for alltid. 27 Min bustad skal vera mellom dei. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk. 28 Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom er mellom dei for alltid.
Her er dei fire vindane symbol på den Heilage Ande (v9). Kristus er Davids-sonen som skal vera konge over dei. Ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde, soleis gjeld denne lovnaden for heidningane også. I vers 6&12 ser det ut som det er tale om oppstoda frå dei døde, med det er ein profeti om den nye pakta i Jesu blod, då skal vi sjå det slik at ved trua på han er vi krossfesta og døde med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, så vi vert oppreiste til å leve i samfunn med Faderen og Sonen.
Eg meiner det er dette det er tale om i Joh.Op.20,4… også.
Joh.Op.20,4 Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år. 5 Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda. 6 Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.
Det er sikkert mange som meinar dette er ei biologisk oppstode frå dei døde, det skal eg ikkje utelukke, men denne tur på Kristus, krossfestinga og gravlegginga med han, for så å få kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde er mest fundamentalt, det er ein åndeleg røyndom vi opplever, som vonleg ein gong skal gi oss ei lekamleg oppstode også, då kroppane våre vert omskapte, vi skal då verte lik med Kristus i hans oppstode og skal verte tekne bort, slik som han. Men det står det ikkje skrive noko om her.
Dei fire vindane bles på storhavet, så der steig opp fire store dyr, fire stormakter.
Nebukadnesar fekk ein draum og kravde at vismennene skulle både fortelje kva han hadde drøymt og fortelje tydinga. Det var det berre Daniel som kunne, som svar på bøn til Gud. Draumen var ei biletstøtt på fire etasjar, tydinga var at der skulle komme fire store rike, det første var allereie kome, ved Nebukadnesar, det var øvste etasje. Så skulle Guds rike komme som ein stein som slo sund fotstykket, så heile biletstøtta ramla i knas. Steinen skulle vekst til eit stort rike og erstatte dei alle, det var Guds rike.
Seinare fekk Daniel ein liknande profeti som ein draum og eit syn. Dei fire vindane sette storhavet i opprør og der steig opp fire store dyr. Det var fire stormakter, sameleis som i Nebukadnesars draum, Babylonia, Media, Persia og det greske riket, ved Aleksander den Store.
Dan.7, Verdsrika og det evige riket
1 I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.
2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til. 4 Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. 5 Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» 6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt. 7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.
9 Så såg eg:
Tronstolar vart sette fram,
og ein som var gamal av dagar, tok sete.
Hans klednad var snøkvit
og håret på hovudet hans som rein ull.
Hans trone var eldslogar
og hjula under brennande eld.
10 Ei elv av eld strøymde fram,
og ho gjekk ut framføre han.
Tusen på tusen tente han,
titusen på titusen stod framføre han.
Retten vart sett, og bøker vart opna.
11 Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast. 12 Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.
13 Så såg eg i nattsynene mine:
Sjå, med himmelens skyer
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
14 Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne.
15 Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg. 16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde: 17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda. 18 Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.»
19 Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene. 20 Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre. 21 Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei, 22 til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.
23 Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. 24 Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar. 25 Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid. 26 Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid. 27 Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»
28 Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta.
Merk at det var heile biletstøtta i Nebukadnesars draum som ramla i knas, med alle fire rika, altså, så det svara til Romarriket, det tok over dei vestlege områda til alle desse fire rika. Det ser vi av at Dyret i Op.13 likna på alle dei fire dyra i Dan.7.
Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
Det fjerde dyret, det greske riket ved Aleksander den Store.
Eg tenker meg at dei ti horna på det fjerde riket er dei ti strategane i Hellas, dei var generalar og hadde med pengepolitikken og utanrikspolitikken å gjer også, så dei var dei viktigaste embetsmennene. I 460-430 f.Kr. var Perikles den fremste statsmannen i Aten, i mange år var han formann i strateg-rådet og styrte Aten gjennom folketinget. I hans tid vart demokratiet gjennomført grundigare enn nokon gong.
Eg tenker meg at det store hornet i Dan.7,24-25 er dynastiet Filip av Makedonia og son hans, Aleksander den Store.
Sitat frå https://snl.no/Filip_2._-_konge_av_Makedonia :
Filip 2. var konge av Det gamle Makedonia fra 359 til 336 fvt. Han var sønn av Amyntas 3. Filip ble etterfulgt av sønnen Aleksander den store.
I 359 ble Filip formynder for sin brorsønn Amyntas 4., og snart etter selv konge. På kort tid sikret han rikets grenser og vant over flere rivaler til tronen.
Filip styrket landets økonomi og skapte en utmerket hær, og med den gikk han i gang med å erobre kysten og få makten over de greske statene i nærområdet. Han vant snart de greske byene Amfipolis, Poteidaia og Filippi. Athen reagerte på ekspansjonen hans, men ble oppholdt med løfter og var dessuten opptatt med å bekjempe et opprør blant sine forbundsfeller Da Filip senere fikk makt over Thessalia fikk han Thessalias plass i forbundet som beskyttet Delfi; derfor kjempet han i 353–352 mot fokerne («den hellige krig»). Der seiret han, men ble hindret i å trenge lenger inn i Hellas av en athensk hær som møtte ham ved Thermopylene. I 348 erobret Filip den viktige greske kolonien Olynthos , som han lot plyndre og ødelegge. Fred med Athen ble sluttet i 346, men da Filip hadde sikret seg Thermopylene, erobret han Fokis.
Den athenske taleren Demosthenes’ agitasjon mot Filip og iherdige forsøk på å samle grekerne mot kongen lyktes bare delvis. I en ny «hellig krig» i 339 satte Filip seg fast sør for Thermopylene, og da athenerne og thebanerne endelig gikk sammen mot ham, slo han dem fullstendig i slaget ved Khaironeia i 338. Filip besatte så Theben, men viste seg mild mot Athen. Etter seieren viste han måtehold, sikret de greske statenes forfatninger og grenser og søkte først og fremst å gjøre slutt på de stadige innbyrdes krigene. På en kongress i Korinth året etter ble Filip anerkjent av de greske stater (unntatt Sparta) som deres krigsherre. Planen var at han skulle lede et felles felttog mot Persia, men i år 336 ble han myrdet. Hans planer mot Perserriket satte sønnen Aleksander ut i livet i større omfang enn hans far hadde tenkt seg.
SITAT SLUTT.
Den Duglause Hyrdingen.
Sakarja var profet når Israels-folket vende tilbake frå Babylonia (frå 520 f.Kr.) og han profeterte om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane.
Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. 6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. – 8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.
Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga. 11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.
12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren. 14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som
ikkje ser etter dei som går seg bort,
ikkje leitar etter dei som går seg vilt,
ikkje lækjer dei som er skadde,
ikkje syter for mat til dei friske,
men et kjøtet av dei feite dyra
og riv klauvene av dei.»
17 Ve den duglause hyrdingen min,
som går bort frå sauene!
Sverd mot armen og høgre auga hans!
Armen hans skal visna bort,
og det høgre auga sløkkjast ut.
I denne profetien er det Herren som talar til «den Duglause Hyrdingen» sin, så det er han som talar også. Dersom han var ein dugande hyrding, kunne han vel be for folket om at det ikkje måtte gå dei så gale som dette, men noko slikt er fråverande her. Det verkar som han gjer berre det som vert sagt til han, men til slutt vert det klart at Herren held han for å vere udugeleg.
I vers 8 er det sagt at han rydd vekk dei tre hyrdingane på ein månad. Eg tenker meg at det svarar til at det store hornet i Dan.7,24 voks opp, så tre horn fall av; det betydde at den store kongen slo tre kongar. Han braut av staven «godvilje», han ville gjere slutt på pakta han hadde gjort med alle folkeslag. Når var det Gud sist gjorde ei pakt med alle folkeslag? Det var pakta han gjorde med Noa og den er førebilete på den nye pakta i Jesu blod (1.Mos.8,20-9,17 1.Pet.3,18-22).
Så braut han av den andre staven, «Samband», han ville bryta brorskapen mellom Israel og Juda (v14). Dette strir altså mot Esekiels profeti i Esekiel.37,15-28, for det handlar om «den Gode Hyrdingen». Han som vart seld for 30 sølvpengar (v12) og som sette livet til for sauene (Joh.10,1…).

