Bilete: Nebukadnesar (tv) og Kyros.
I Salmane vitna mange om si tru på Gud og salmisten Asaf profeterte om at Gud ville stå fram i «gude-forsamlinga» og halde dom. Og vel hundrede år seinare gjorde Gud Babylonarkongen Nebukadnesar til sin tenar, som skulle straffe og bortføre Israels-folket. Så gjorde han Kyros til sin tenar, som skulle la dei fare attende til landet sitt. Både Nebukadnesar og Kyros vitna om si tru på Israels Gud, gud over alle gudar. Vitnemåla deira er skrivne i Bibelen.
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vera deira Gud. Dei skulle vere hans born, så dei skulle vekse opp som gudar altså?! Men så stod Gud fram i gude-forsamlinga og heldt dom.
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud og slik ville han gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, for i Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast. Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei sannsynleg vis kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk kome attende til det, skulle dei verte hjarteomskorne. Denne motsetnaden var tydeleg på David si tid og han sa til dei at dersom dei høyrer Guds røyst i dag, i deira tid, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte, slik som ved Merida-kjelda. Han var den som Gud hadde salva til konge over dei, så for han var det viktig å høyre på kva Gud sa til han og til folket. Ja, klart at borna må høyre på far sin, det er då han som elskar dei og har omsorg for dei, oppseder dei og lærer dei opp. Og klart at dei må få lov til å seie noko til han også. Dette finne vi mykje av i Salmane si bok. Mesteparten av dei er Davids salmar og den kjende salmisten Asaf levde på Davids tid. Vi finn bønnesalmar, takkesalmar og klagesalmar. Mykje av bønne-salmane og takke-salmane går over i profeti, spesielt hos David, dår det over i Messias-profeti. Salvinga er eit symbol på den Heilage Ande, så den bad saman med dei og slik vart det til profeti. Dei argumenterte utifrå si rettferd til sitt eige forsvar, med bøn til Gud om hjelp mot fienden, ved også å påstå at fienden var ugudleg, lovlause og urettferdige. Betydde ikkje dette då at dei meinte dei var eigen-rettferdige? Dette er noko som vert diskutert i Biblex, (sjå til dømes side 379 & 382). Dei refererte til lova og påstod at dei hadde helde seg til den, men dersom dei hadde vendt seg bort frå den og brote den, så måtte dei vende om og be om nåde og tilgjeving. Uansett var dei ikkje fullkomne og feilfrie slik som Gud og måtte stadig vende seg til han og be om nåde, miskunn og hjelp. Soleis var dett ikkje å vere eigenrettferdige, men å verte rettferdige ved å tru på Gud, liksom Abraham. Sjølv om dei hadde lova og Gud oppseda dei ved den, så var det ikkje nok. Kva betydning hadde kanskje syndeoffera? Dei symboliserte at dei stadig trengde Guds nåde og miskunn i tillegg til lova, ja, nettopp på grunn av lova. Sidan Gud fostra dei, oppseda dei og lærde dei opp, som sine born, skulle dei vel vekse opp til å verte «gudar»? Men så stod Gud fram i «gudeforsamlinga» og heldt dom.
Vi elskar våre næraste, så vi verdset dei utover dette jordelivet, det er viktig for samhaldet i ekteskapet, familien og slekta, ja, heile folket. Slik vert det viktig for ein konge, for å holdet folket saman og få dei med i eit felles forsvar. Så slik var religionen viktig for dei, for å holde folket samla, men også for å dømme. Sjølv om Israels Gud lærde folket sitt at der var ingen annan Gud enn han, så han forbaud dei å dyrke andre gudar, så viste han tydelegvis, i si miskunn, forståing for dette, ved å kalle seg Gud over alle gudar og sa at han skulle stå fram i gude-lyden og dømme rett, ja, for dei andre gudane var eigentleg svindel og var årsak til mykje urett.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Dette har eg skrive om her:
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og borna han fekk med henne, men ho skjøna det ikkje og vart ei hore, så borna hennar ikkje var hans born like vel. Dei gjorde opprør mot han. Gud sa ho var ikkje hans kone og dei var ikkje hans folk. Dei fekk ikkje miskunn (Hoseas.1). Han tok bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille, landet vart hærteke av Assyrarane og folket vart bortførde. Sidan vart landet hærteke av Babylonarane og folket vart bortførde til Babylonia. Dette gjaldt Juda også. Sidan ville han tale venleg til henne igjen, som i ungdomsdagane (Hoseas.2).
Det gjekk sameleis med nabofolka deira, deira land også vart hærtekne og folket bortførde. Soleis stod Gud fram i gudelyden og heldt dom (Salme.82,1…). Adam vart dømd til døden på grunn av syndefallet og slik gjekk det med Israels-folket også, men Gud sa også til dei at når dei møtte døden, skulle dei sanne at han er Herren.
Esekiel.6,11 Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest. 12 Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei. 13 Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine. 14 Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Esekiel.28,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, sei til fyrsten i Tyrus:
Så seier Herren Gud:
Hovmodig er ditt hjarta
når du seier: «Eg er ein gud
og sit på eit gudesete uti havet.»
Du er berre eit menneske og ikkje ein gud,
likevel kjenner du deg som ein gud.
3 Sjå, du er visare enn Daniel,
ingen løyndom er duld for deg.
4 Med visdom og vit har du vunne deg rikdom;
i dine skattkammer har du samla gull og sølv.
5 Med din store klokskap i handel
auka du din rikdom;
men rikdomen gjorde deg hovmodig.
6 Difor seier Herren Gud:
Fordi du kjenner deg som ein gud,
7 sjå, difor sender eg mot deg
framande folkeslag som ikkje tek omsyn.
Trass i din storslegne visdom
dreg dei sverdet mot deg
og vanhelgar deg i din strålande glans.
8 Dei støyter deg ned i grava;
midt uti havet skal du døy
lik folk som vert slegne i hel.
9 Vil du då seia at du er ein gud,
andlet til andlet med dine drapsmenn?
Du er ingen gud, men berre eit menneske
i hendene på dine banemenn.
10 Som dei uomskorne skal du døy
for handa åt framande.
For eg har tala, seier Herren Gud.
Gud gjorde Babylonar-kongen Nebukadnesar til sin tenar og gav seg til kjenne for han.
Gud gjorde Nebukadnesar til sin tenar, som skulle straffe Israels-folket fordi dei ikkje ville høyre på kva han sa til dei.
Israels-folket ville ikkje høyre på Herren sin Gud, derfor gjorde han Babylonarkongen, Nebukadnesar, til sin tenar, for å straffe dei.
Jer.25,8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære. 10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos. 11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år.
Profeti om fire store kongerike.
Sidan gjorde Gud seg til kjenne for Nebukadnesar, ved å gi han ein draum. Han kravde av vismennene at dei både skulle seie draumen og gi han tydinga, men det var det berre som Daniel som kunne (Dan.2). Så Nebukadnesar takka Daniels Gud for det.
Dan.2, 46 Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han. 47 Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.»
Eg har skrive om dette i «Ny Tid 103-112».
Sidan fekk Nebukadnesar ein ny draum, som Daniel tyda for han og det var ein profeti som vart oppfylt i deira levetid og som også fekk Nebukandnesar til å ære Israels Gud, soleis skreiv han også litt i Bibelen.
Daniel.4,1 Kong Nebukadnesar til alle folk og ætter med ulike språk over heile jorda: «Fred og lukke! 2 Eg har sett meg føre å kunngjera dei teikn og under som Den Høgste Gud har gjort mot meg.
3 Kor store hans teikn er,
kor veldige hans under!
Hans rike er eit evig rike,
hans velde varer frå ætt til ætt.
4 Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt, sat frisk og glad i slottet mitt. 5 Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Eg vart skræmd av tankane eg fekk og av synene eg hadde medan eg låg på mi lege. 6 Eg gav påbod om at alle vismennene i Babylonia skulle førast fram for meg og seia meg kva draumen tydde. 7 Så kom spåmennene, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane inn, og eg fortalde dei draumen. Men dei kunne ikkje seia meg kva han tydde. 8 Til sist kom Daniel fram for meg, han dei kallar Beltsasar etter namnet på guden min. I han er dei heilage gudars ånd, og eg fortalde han draumen:
9 Beltsasar, du som er meisteren mellom spåmennene! Eg veit at dei heilage gudars ånd er i deg, og at ingen løyndom er for vanskeleg for deg. Høyr kva eg såg i draumen, og sei kva det tyder! 10 Dette er dei synene eg hadde medan eg låg på lega mi:
Eg såg eit tre som stod midt på jorda. Det var svært høgt. 11 Treet var stort og sterkt. Det var så høgt at toppen nådde til himmels, og det var synleg til enden av jorda. 12 Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka fann livd under det, og fuglane under himmelen heldt til i greinene. Alt liv fekk føde frå det. 13 I synene eg hadde medan eg låg på lega mi, såg eg ein heilag vaktar som kom ned frå himmelen. 14 Han ropa med høg røyst:
Hogg treet ned, skjer greinene av;
snøy det for lauv, kast frukta utover!
Dyra under det skal røma
og fuglane flyga bort frå greinene.
15 Lat berre rotstubben stå att i jorda,
i graset på marka,
men bunden med lekkjer av jern og kopar.
Han skal vætast med dogg frå himmelen
og eta gras som dyra på marka.
16 Hans hjarta skal skapast om,
så det ikkje meir er eit menneskehjarta;
eit dyrehjarta skal han få.
Sju tider skal fara fram over han.
17 Dette har vaktarane vedteke i sitt råd,
det har dei heilage avgjort med sitt ord.
Så skal alle som lever, sanna at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og kan la den ringaste av alle menneske få det.
18 Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Sei no du, Beltsasar, kva han tyder. For ingen vismann i riket mitt kan tyda han. Men du kan, for du har dei heilage gudars ånd i deg.»
19 Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund som lama; tankane hans skræmde han. Då tok kongen til ords og sa: «Beltsasar, lat ikkje draumen og det han tyder, skræma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine! 20 Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmels, og treet var synleg over heile jorda. 21 Lauvet var fagert og frukta rik; det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene. 22 Dette treet er deg sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse og når til himmels, veldet ditt rekk til enden av jorda. 23 Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:
Hogg treet ned og øydelegg det!
Lat berre rotstubben stå att i jorda,
i graset på marka,
men bunden med lekkjer av jern og kopar.
Han skal vætast med dogg frå himmelen
og leva som dyra på marka
til dess sju tider har fare fram over han.
24 Når dette som Den Høgste har fastsett, kjem over min herre kongen, så tyder det, konge:
25 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane, og med dogg frå himmelen skal du vætast. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil. 26 Det vart sagt at ein rotstubb av treet skulle stå att. Det tyder at kongedømet atter skal vera ditt frå den tid du sannar at Himmelen har makta. 27 Konge, ta difor imot mitt råd! Riv deg laus frå syndene dine med rettferd og frå misgjerningane dine med sælebot mot dei som lid naud! Så skal lukka di vara.»
28 Alt dette hende med kong Nebukadnesar. 29 Tolv månader etter, då kongen ein gong gjekk ikring på taket av slottet i Babylon, 30 sa han brått: «Sanneleg, dette er det store Babylon, som eg med mi veldige makt har bygt til kongssete, til ære for min herlegdom!» 31 Før kongen endå hadde tala ut, kom ei røyst frå himmelen: «Til deg, kong Nebukadnesar, lyder desse orda: Kongedømet er teke frå deg. 32 Du skal jagast bort frå menneska og halda til mellom dyra på marka. Du skal eta gras liksom oksane. Sju tider skal fara fram over deg til dess du sannar at Den Høgste rår over kongedømet mellom menneska og gjev det til kven han vil.»
33 I same stunda slo dette til. Nebukadnesar vart jaga bort frå menneska og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til dess håret voks og vart langt som ørnefjører, og neglene vart som fugleklør.
34 «Då tida var ute, lyfte eg, Nebukadnesar, augo mot himmelen, og eg fekk vitet mitt att. Eg lova og prisa Den Høgste og æra han som lever evig:
Hans velde er eit evig velde,
hans rike varer frå ætt til ætt.
35 Alle som bur på jorda,
er for ingenting å rekna.
Han gjer som han vil med himmelhæren
og med dei som bur på jorda.
Ingen kan hindra han, ingen kan seia:
Kva er det du gjer?
36 I same stunda kom vitet mitt att, og eg fekk min herlegdom og glans tilbake – til ære for mitt kongedøme. Rådsherrane og stormennene mine leita meg opp. På nytt vart eg innsett i kongedømet mitt og fekk endå større makt enn før. 37 Eg, Nebukadnesar, lovar, prisar og ærar no kongen i himmelen. For alle hans gjerningar er rette og hans vegar beine. Han kan bøya dei som er hovmodige i si ferd.»
Gud stod fram i «gude-lyden» og heldt dom ved at han kalla og valde ut Kyros og kalla han for sin salvevigde.
Jesajas profeterte om at Babylonar-kongen skulle hærta landet, inkludert Jerusalem og folket skulle verte bortførde til Babylonia. Men under Persarkonge Kyros skulle dei få komme attende til landet sitt, på den eine sida skulle han verte ein storkonge som la andre kongerike under seg, på den andre sida skulle han la folka fare attende til landa sine. Slik vart han og politikken hans eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag, han var då den einaste heidningen i det gamle testamentet som vart kalla Guds salvevigde. Jesajas forklarde at gudar som er laga av stokk og stein er ikkje gudar, der er ikkje ånd i dei. Men Gud hadde kalla og valt ut Kyros, han var Guds salvevigde og det betydde at Gud hadde salva han med sine Ande, til å utføre det som han hadde kalla han til. Så slik stod Gud fram i gude-lyden og heldt dom.
Jes.41,
Herren har kalla Kyros
1 Ver stille, de øyar og strender,
og høyr på meg,
lat folka samla nye krefter!
Lat dei koma og tala si sak,
lat oss saman gå fram for retten!
2 Kven har vekt den mannen frå aust
som sigeren møter kvar han set foten?
Kven gjev folkeslag i hans makt
og lèt han råda over kongar?
Med sverdet gjer han dei lik støv,
med bogen lik fykande halmstrå.
3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
er berre så vidt nedpå vegen med foten.
4 Kven var det som sette dette i verk?
Han som frå opphavet kalla ættene fram.
Eg, Herren, er den fyrste,
og eg skal vera hjå dei siste.
5 Øyar og strender ser det og reddast,
heimsens endar skjelv.
Dei stimar i hop og kjem.
Gudebilete er menneskeverk
6 Den eine hjelper den andre og seier:
«Gå frimodig til verket!»
7 Meisteren set mot i gullsmeden,
den som bankar til metallet med hamar,
set mot i han som slår på ambolten.
Han seier om loddinga: «Ho er god.»
Så fester dei biletet med naglar,
og det står støtt.
Herren er med Israel
8 Men du Israel, min tenar,
Jakob, som eg har valt ut,
du ætt av Abraham, min ven!
9 Eg henta deg frå heimsens endar
og kalla deg frå den ytste utkant.
Eg sa til deg: «Du er min tenar,
eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»
10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
Sjå deg ikkje rådvill ikring,
for eg er din Gud!
Eg styrkjer deg og hjelper deg
og held deg oppe med mi frelsarhand.
11 Sjå, dei vert til spott og skam,
alle som harmast på deg.
Dei vert til inkjes, går til grunne,
dei som set seg opp mot deg.
12 Om du leitar, finn du dei ikkje,
dei som står deg imot.
Dei går heilt til grunne,
dei som strider mot deg.
13 For eg er Herren din Gud,
som har gripe di høgre hand
og seier til deg: «Ver ikkje redd!
Eg hjelper deg.»
14 Ver uredd, Jakob, du arme kryp,
og de, Israels menn!
Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,
Israels Heilage er din utløysar.
15 Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,
kvass og ny, med mange taggar!
Du skal treskja fjell og krasa dei,
og haugar skal du gjera lik agner.
16 Du skal kasta dei i veret, så vinden tek dei,
og stormen spreier dei vidt ikring.
Men sjølv skal du jubla i Herren
og rosa deg av Israels Heilage.
Herren gjer under i øydemarka
17 Dei arme og fattige leitar fåfengt etter vatn,
medan tunga brenn av torste.
Eg, Herren, vil høyra deira bøn,
Israels Gud går ikkje frå dei.
18 Eg lèt elvar strøyma fram på snaue høgder
og kjelder midt i dalar.
Eg gjer øydemarka til sevgrodd tjørn
og turre landet til ein kjeldevang.
19 Eg lèt sedrar veksa i øydemarka,
akasie, myrt og oliventre.
Eg plantar sypress på den aude hei
saman med gran og buksbom,
20 så alle kan sjå og vita
at Herrens hand har gjort det,
leggja seg på hjarta og skjøna
at Israels Heilage har skapt det.
Herren eller avgudane
21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
22 Lat dei koma og kunngjera oss
det som sidan skal henda.
Fortel oss kva som før har hendt,
så vi kan merka oss det!
Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
så vi kan vita kva utgangen vert!
23 Kunngjer det som eingong skal henda,
så vi kan skjøna at de er gudar!
Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
så vi alle kan sjå det og undrast!
24 Sjå, de er reine inkjevetta,
og det de gjer, er ingenting verdt.
Ein styggedom er det å velja seg dykk.
25 Eg har vekt ein mann frå nord,
og han kjem, frå eit land i aust;
han skal kalla på mitt namn.
Styresmenn trakkar han ned som søle,
liksom pottemakaren stampar leire.
26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
så vi kunne vita det?
Kven forkynte det i gamal tid,
så vi kunne seia: «Det er rett»?
Ingen har kunngjort det,
ingen har sagt frå,
ingen har høyrt eit ord frå dykk.
27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
«Sjå, der er dei!»
og sender gledebod til Jerusalem.
28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
ikkje ein som kan gje råd,
så eg kunne spørja og få svar.
29 Nei, alle er dei inkjevetta,
og det dei gjer, er ingenting verdt.
Gagnlause er deira støypte bilete.
Jes.45,
Kyros, Herrens salvevigde
1 Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
2 Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.
4 For min tenar Jakobs skuld,
for Israel, min utvalde,
har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,
endå du ikkje kjende meg.
5 Eg er Herren, og ingen annan,
utan meg finst det ingen Gud.
Eg spente beltet om livet på deg,
endå du ikkje kjende meg,
6 så dei skal vita både i aust og vest
at det finst ingen annan enn eg.
Eg er Herren, og ingen annan.
7 Eg skaper ljoset,
og eg lagar mørkret;
eg skaper lukke og ulukke.
Det er eg, Herren, som gjer alt dette.
8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Kven kan døma om Herrens verk?
9 Ve den som trettar med sin skapar
– eit krusbrot mellom krusbrot av jord!
Kan leiret seia til han som formar det:
«Kva er det du gjer?»
Kan verket seia:
«Han har ikkje handlag»?
10 Ve den som seier til ein far:
«Kva er det du avlar?»
og til ei kvinne:
«Kva er det du føder?»
11 Så seier Herren, Israels Heilage,
han som skaper dei ting som kjem:
Kvi spør de meg om mine søner,
kvi seier de meg kva eg skal gjera?
12 Det var eg som laga jorda
og skapte menneske der.
Eg spente ut himmelen med mine hender,
og heile hans hær baud eg ut.
13 I rettferd har eg vekt ein mann
og jamna alle hans vegar.
Han skal byggja min by
og senda heim mitt bortførte folk
utan vederlag, utan betaling,
seier Herren, Allhærs Gud.
Gud som løyner seg
14 Så seier Herren:
Du skal få all den rikdom
som egyptarane har samla med sitt strev
og nubiarane med sin handel.
Og røslege karar frå Seba
skal koma og høyra deg til.
Deg skal dei fylgja,
og i lekkjer skal dei gå.
For deg skal dei kasta seg ned,
til deg skal dei fagnande seia:
«Berre hjå deg er Gud;
og det finst ingen annan,
ingen annan Gud.»
15 Sanneleg, du er ein Gud som løyner seg,
du Israels Gud og frelsar.
16 Til spott og skam skal dei verta,
alle som lagar gudebilete;
med vanære skal dei gå bort.
17 Men Israel finn frelse hjå Herren;
ei evig frelse skal det vera.
De skal aldri verta til spott og skam.
For Herren skal kvart kne bøya seg
18 Ja, så seier Herren,
som skapte himmelen,
han, den einaste Gud,
som laga og forma jorda
og gjorde hennar grunnvollar faste,
som ikkje skapte henne til ei audn,
men laga henne til bustad for folk:
Eg er Herren, og ingen annan.
19 Eg har ikkje tala i det dulde,
ein stad i det mørke land.
Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:
«Søk meg i det aude og tome!»
Eg, Herren, talar sanning
og forkynner det som er rett.
20 Samla dykk og kom,
stig fram i lag,
de som har sloppe unna folkeslaga!
Dei skjønar ingenting,
dei som ber sine gudebilete av tre
og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.
21 Ta til ords, legg fram dykkar sak,
ja, berre rådlegg saman!
Kven har kunngjort dette føreåt
og forkynt det for lenge sidan?
Er det ikkje eg, Herren?
Utan meg er det ingen Gud;
det finst ingen annan rettferdig og frelsande Gud.
22 Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
eit sanningsord har gått ut or min munn,
eit ord som eg ikkje tek att:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja meg truskap.
24 Om meg skal dei seia:
«Berre hjå Herren er frelse og styrke.»
Til han skal dei skamfulle koma,
alle som harmast på han.
25 Ved Herren skal dei vinna rettferd,
og av han skal dei rosa seg,
alle som er av Israels ætt.
Kyros vitna om si tru på Israels Gud, ved at han let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og sette dei til å bygge oppatt tempelet i Jerusalem.
Esra.1, Kyros lèt jødane fara heim att
1 I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen: 2 «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. 3 Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. 4 Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.»
Her ser vi at Kyros kalla Israels Gud for «Herren, Gud i himmelen».

