Gud har sett inn sin konge på Sion.
Gud har sett inn sin konge på Sion (Salme.2) ved at han vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Korleis kan då nokon gjere opprør mot han? Det er berre tåpeleg. Gud gjorde Jesus levande og vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus. Kven kan då gjere opprør mot han? Gjere opprør mot den einaste som kan frelse deg frå døden og gi deg evig liv? Det er berre tåpeleg! Dei andre gudane kan då ikkje gjere noko liknande, dei er daude gudar og gjer ikkje noko. Og Gud gir ikkje si ære til avgudane.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Vi verdset våre næraste utover dette jordelivet. Slik er trua på Gud viktig for det sosiale samhaldet i slekta og folket. Slik har også religionen med folkets identitet å gjere, men Israels Gud viste seg som Gud over alle «gudar» ved at han vekte Kristus opp frå dei døde.
Biletet: Daniel profeterte om fire store kongerike.
Vi elskar våre næraste, så vi verdset dei utover dette jordelivet, det er viktig for samhaldet i ekteskapet, familien og slekta, ja, heile folket. Slik vert det viktig for ein konge, for å holdet folket saman og få dei med i eit felles forsvar. Så slik var religionen viktig for dei, for å holde folket samla, men også for å dømme.
Sjølv om Israels Gud lærde folket sitt at der var ingen annan Gud enn han, så han forbaud dei å dyrke andre gudar, så viste han tydelegvis, i si miskunn, forståing for dette, ved å kalle seg Gud over alle gudar og sa at han skulle stå fram i gude-lyden og dømme rett, ja, for dei andre gudane var eigentleg svindel og var årsak til mykje urett.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Mika.4, Fredsriket
1 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
3 Han skal døma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
4 Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, har tala.
5 Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren vår Guds namn.
Herren skal samla og leia folket sitt
6 Den dagen, lyder ordet frå Herren,
vil eg samla inn dei haltande,
kalla saman dei bortdrivne
og dei eg har fare ille med.
7 Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk,
og Herren skal vera konge over dei på Sion
frå no og til evig tid.
5.Mos.10,16 Så omskjer då hjarto dykkar, og ver ikkje lenger så stridlyndte! 17 For Herren dykkar Gud, han er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.
Salme.95,3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
Salme.136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn!
2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn!
3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!
4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn!
Gud openberra si frelse i Kristus ved at han vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Ingen kan gjere som han og han gir ikkje si ære til avgudane.
Jes.42, Herrens tenar, eit ljos for alle folk
1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Dei joniske byane, stridens eple i persarkrigane. Dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring var i dette området.
Dei joniske byane, ut mot vest-kysten av Lille-Asia (Tyrkia), var det kulturelle senteret i den greske verda, den antikke filosofien byrja her som naturfilosofi på 500-tale f.Kr. Persia var eit rike i Vest-Iran som voks til eit storrike rundt 550 f.Kr, fyrst og fremst ved kong Kyros 2. den Store. Dei trengde vestover og kring 550 f.Kr. tok dei desse byane.
Jesajas var profet i Israel omlag 736-700 f.Kr og profeterte om Jerusalems fall, det skjedde i 587 f.Kr, men han profeterte også om at persarkongen Kyros skulle la Israelsfolket fare heim t til landet sitt, det skjedde i 538 f.Kr. Han sette dei også til å bygge oppatt tempelet for «himmelens Gud» i Jerusalem.
I 500 f.Kr. gjorde dei joniske byane opprør, får å frigjere seg, men opprøret vart slått ned og byane vart hardt straffa. Aten hadde hjelpt desse byane og i 490 sende persarkongen Dareios ein hær for å straffe Aten. Men Aten i slaget ved Maraton. 10 år seinare kom eit nytt åtak, men flåten til persarane vart slegen ved Salamis. Kring 450 f.Kr vart det fred og persarkongen måtte gå med på at dei joniske byane skulle få att fridomen sin.
I 359 f.Kr vart Filip konge av Makedonia, han samla ein hær og gjekk mot Hellas, målet hans var å gjere Hellas og Makedonia til eit rike for så å gå til krig mot Persia. Men det var son hans Aleksander den Store som fullførde den planen, han var opplærd av Aristoteles. I 334 f.Kr. gjekk han over Hellespont med ein hær frå Makedonia og Hellas. Han vann over persarane og la under seg eit storrike. Han nådde fram til Babylonia i 323 f.Kr. men døydde brått frå alle planane sine. Han støtta gresk og Makedonsk kolonisering i Asia, men slo inn på ein politikk som gjekk ut på å sameine dei hærtekne områda til eitt storrike, ved å oppmuntre både offiserar og soldatar til å gifte seg med persiske kvinner, sjølv gifta han seg med ei persisk prinsesse. Han tok persarar i teneste, til og med i hæren, men dei greske og makedonske rådgjevarane hans vart harme for dette, for dei kjende seg som herrar og landevinnarar og ville ha rikdomen sjølve.
Kona hans fødde ein son rett etter at han døde, men dei vart drepne i tronstridane som følgde mellom generalane hans. Dei enda med at riket vart delt i fire, Makedonia med Hellas, Syria med Mesopotamia, Iran og Egypt. Dermed vart det slik at dei gifta seg for å få rikdom og politisk makt, medan kjærleiken fekk mindre betydning, så rikdom og makt endåtil kom i staden for kjærleiken, men det måtte då verte svært så kunstig. Dette kan vi samanlikne med korleis det hadde gått i Israel nokre hundrede år tidlegare.
Daniel profeterte om dette og korleis det kom til å gå seinare. Desse profetiane er eineståande ved at dei fortel så nøyaktig kva som skjedde og som sidan kom til å skje (Dan.8-11). Profetiane om dei fire store rika (Dan.2&7) fortel om dei store linjene, men fortel mest og tydelegast om det fjerde riket. Det er fotstykke av biletstøtta i Dan.2, den består delvis av leire, som er svakt og delvis av jern, som er sterkt. Og så held ikkje jern og leire særleg godt i hop. Eg tenker meg at jernet svara til grekarane, som vann krigen, leira svarar til persarane, som tapte. Det var ikkje lett å få jern og leire til å halde saman, det svarar til at det var vanskeleg å sameine grekarane og persarane, så når den vesle steinen traff fotstykket, vart det slått sunt og så ramla heile biletstøtta i knas. Alle dei fire rika på ein gong, altså, det måtte vere Romarriket. Det ser vi av at Dyret i Joh.Op.13 likna alle dei fire dyra i Dan.7.
Kristus var den vesle steinen som traff fotstykket på biletestøtta, så den ramla i knas. Denne steinen voks over heile verda, det var Guds rike. Dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring 2-3 var i området til dei joniske byane. I Jesu brev til englane for desse kyrkjelydane gav han dei rettleiing om korleis dei skulle sigre saman med han.
Guds kjærleik mellom mann og kvinne i ekteskapet, eller gifte seg for rikdom og makt? «Mor Israel» var Guds kone, men ho vart ei hore.
Gud plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud, dei skulle vere hans born og ved dei ville han gjere namnet sitt kjent mellom heidningane. Men dei skulle ikkje blande seg med andre folk ved inngifte, for at dei ikkje skulle verte lokka vekk frå han.
Når Salomo skulle ta over kongsmakta (965 f.Kr) etter David, far sin, sa Gud at han ville vere far for han og han gjorde han til ein vis, rik og mektig. Han hadde mykje visdom frå far sin, men når han var ung, gjorde Gud han visare enn alle dei gamle og det er tydeleg at denne spesielle visdomen finn vi i Salomos Høgsang, han og bruda lovpriser kjærleiken mellom dei, han gleder seg over «henne Lytelause reine» og ho gleder seg over hans kjærleik. Dette høver med
S.O.4, 20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
S.O.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Herren var kjelda med det levande vatnet og slik var han kjærleiken mellom dei. Men ved Israels fråfall vende dei seg bort ifrå han.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Jer.17,13 Herre, du Israels von,
alle som går bort frå deg,
skal verta til skammar;
dei som vik frå deg i landet,
skal skrivast opp.
For dei har gått bort frå Herren,
kjelda med levande vatn.
Men når Salomo vart eldre, gifta han seg med mange utanlandske kvinner og dei lokka hjarta hans bort frå Herren, til tross for alt det gode Herren hadde gjort for han og til tross for at Herren var kjelda med det levande vatnet og dermed den ekte kjærleiken. Då vart det tydeleg vis slik at i staden for å gifte seg på grunn av ekte kjærleik, gifta han seg for å få, rikdom, makt og ære av verdslege autoritetar, i staden for å ære Israels Gud og få ære av han.
Sidan vende folket seg meir og meir bort frå Herren, profetane prøvde å tale både kongane og folket til rettes, om ein konge vende om og gjekk eit steg fram på den rette vegen, vart det gjerne to steg tilbake ved ein seinare konge. Profetane sa det slik at «Mor Israel» var Guds kone, så born hennar skulle vere hans born. Men dei gjorde opprør mot han. Han hadde omsorg for henne og borna hennar, men det skjøna ho ikkje og æra avgudane for det og dyrka dei, så ho vart ei hore. Då var tida moden for at han tok bort omsorga for henne og då gjekk det henne ikkje vel. Landet vart hærteke og folket vart bortførde frå landet sitt. Sidan ville han tale venleg til henne som i ungdomsdagane, så ho skulle få komme attende til landet sitt (Hoseas.2).
Gud sende Jesus til Israels-folket og dermed til heile verda, med den glade bodskapen om Guds rike. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til hans kyrkje.
Gud sende både døyparen Johannes og Jesus til Israels-folket, Johannes skulle bane vegen for Jesus. Johannes sa at Jesus var Messias, han var den som skulle døype dei med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Han sa også at Jesus var Guds Lam som bar verda si synd.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet. Synda skilde dei frå Gud. Men Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, som døde i staden for oss. Med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, så vi får oppleve at Gud skaper oss i Kristus, då skaper han oss i si likning i samsvar med 1.Mos.2. Han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Dom eller frelse, kva vel du?
Jesus åtvara mot å verte forførde, freista og gå fortapt. Men var komen for å frelse oss frå det, ja, frelse det som allereie var fortapt. Då er det berre å starte med å tru på han, vende seg til han og ta imot han og la han frelse oss.
Jes.66,18 Eg som kjenner gjerningane og tankane deira, kjem og samlar alle folk og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom. 19 Eg vil gjera eit teikn mellom dei og senda nokre av dei som er berga, ut til folka – til Tarsis, Put, Lud, Mesjek, Rosj, Tubal og Javan – og til øyane og strendene langt borte, der dei ikkje har høyrt om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal forkynna min herlegdom mellom folkeslaga. 20 Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag, som ei offergåve til Herren – til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar. Dei skal koma til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, som når israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus. 21 Og jamvel av dei vil eg ta nokre til prestar og levittar, seier Herren.
22 For liksom den nye himmelen
og den nye jorda som eg skaper,
alltid skal stå for mitt åsyn,
så skal òg dykkar ætt og namn stå seg,
lyder ordet frå Herren.
23 Kvar nymånedag, frå månad til månad,
og kvar sabbatshelg, frå veke til veke,
skal alle menneske koma
og bøya seg og tilbe meg,
lyder ordet frå Herren.
24 Og når dei så fer bort,
skal dei sjå lika av dei menn
som reiste seg mot meg.
Makken deira skal ikkje døy
og elden deira ikkje slokna;
dei skal vera ei gru for alle menneske.
Matt.5,27 De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet. 28 Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt. 29 Om høgre auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete. 30 Og om høgre handa lokkar deg til synd, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen kjem i helvete. 31 Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev. 32 Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
Matt.18, Kven er den største?
1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Forføringar og freistingar
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. 6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup. 7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden. 9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Det er vonleg ikkje nokon som tek dette så bokstaveleg at dei amputerer lemer, men vi må forstå tydinga av å ta opp krossen sin og følgje etter Kristus.
Matt.10, 32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 Eg er komen for å setja skilje:
Son står mot far,
dotter mot mor,
sonekone mot vermor,
36 og ein manns husfolk er hans fiendar.
37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!
Luk.9,23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»
Luk.16, 19 Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. 20 Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. 21 Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.
22 Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. 23 Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. 24 Då ropa han: «Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.» 25 Abraham svara: «Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. 26 Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.» 27 Då sa den rike: «Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. 28 Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.» 29 Men Abraham sa: «Dei har Moses og profetane; dei kan høyra på dei.» 30 «Nei, far Abraham,» svara han, «men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.» 31 Då sa Abraham: «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.»
I det gamle testamentet vert det ofte sagt at den som døydde av Israels-folket gjekk til kvile hos fedrane. Slik var det tydeleg vis for dei uomskorne også, dei kvilte i fred, utan noko pine. Men her er det altså fortalt om ein som kalla Abraham for far sin, like vel var han komen i den evige elden. Abraham kalla han for barnet sitt, like vel var der ein avgrunn mellom dei. Han kom ikkje til fedrane sine, når han døydde altså, i alle fall ikkje til Abraham. Han bad Abraham om å sende Lasarus for å åtvare brørne hans, men Abraham svara at dei kunne høyre på Moses og profetane, dersom dei ikkje det ville, så kom dei heller ikkje til å tru om nokon stod opp frå dei døde, for å åtvare dei. Så dei høyrde ikkje på Moses og profetane, altså, fordi dei ikkje trudde.

