Gud har sett inn sin konge på Sion.
Gud har sett inn sin konge på Sion (Salme.2) ved at han vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Korleis kan då nokon gjere opprør mot han? Det er berre tåpeleg. Gud gjorde Jesus levande og vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus. Kven kan då gjere opprør mot han? Gjere opprør mot den einaste som kan frelse deg frå døden og gi deg evig liv? Det er berre tåpeleg! Dei andre gudane kan då ikkje gjere noko liknande, dei er daude gudar og gjer ikkje noko. Og Gud gir ikkje si ære til avgudane.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Vi verdset våre næraste utover dette jordelivet. Det er viktig for det sosiale samhaldet i slekta og folket.
Vi elskar våre næraste, så vi verdset dei utover dette jordelivet, det er viktig for samhaldet i ekteskapet, familien og slekta, ja, heile folket. Slik vert det viktig for ein konge, for å holdet folket saman og få dei med i eit felles forsvar. Så slik var religionen viktig for dei, for å holde folket samla, men også for å dømme.
Sjølv om Israels Gud lærde folket sitt at der var ingen annan Gud enn han, så han forbaud dei å dyrke andre gudar, så viste han tydelegvis, i si miskunn, forståing for dette, ved å kalle seg Gud over alle gudar og sa at han skulle stå fram i gude-lyden og dømme rett, ja, for dei andre gudane var eigentleg svindel og var årsak til mykje urett.
Salme.82, 1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Mika.4, Fredsriket
1 I dei siste dagar skal det henda
at Herrens tempelberg skal stå
grunnfest høgt over alle fjell
og lyfta seg opp over alle haugar.
Dit skal folkeslag strøyma.
2 Mange folk skal gå av stad og seia:
«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,
til huset åt Jakobs Gud,
så han kan læra oss sine vegar,
og vi kan ferdast på hans stigar!
For frå Sion skal lovlære gå ut,
og Herrens ord frå Jerusalem.»
3 Han skal døma mellom mange folk,
skifta rett for mektige folkeslag langt borte.
Då skal dei smida sverda sine om til plogjern
og spyda sine til vingardsknivar.
Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk
og ikkje lenger læra å føra krig.
4 Men alle skal sitja trygt,
kvar under sitt vintre og sitt fikentre,
og ingen skal skræma dei.
For Herren, Allhærs Gud, har tala.
5 Alle folka ferdast,
kvart i sin guds namn;
men vi skal evig og alltid
ferdast i Herren vår Guds namn.
Herren skal samla og leia folket sitt
6 Den dagen, lyder ordet frå Herren,
vil eg samla inn dei haltande,
kalla saman dei bortdrivne
og dei eg har fare ille med.
7 Dei haltande gjer eg til ein rest,
dei bortdrivne til eit mektig folk,
og Herren skal vera konge over dei på Sion
frå no og til evig tid.
Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege livog vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.
Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.
I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.
Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her:
Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den.
Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så settehan Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.
Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtteframleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
I det gamle testamentet er det fortalt om mykje død og pine, men når dei døde, gjekk til kvile hos fedrane.
I det gamle testamentet vart det sagt at den som døde gjekk til kvile hos fedrane, til dømes når David døydde.
1.Kong.2,10 Så gjekk David til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Davids-byen. 11 I førti år hadde han vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
Sameleis om det var ugudlege kongar. Her er eit typisk døme:
2.Kong.8,16 I det femte året Joram, son til Akab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda, medan far hans endå styrte der. 17 Joram var trettito år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. 18 I si ferd var han som dei andre Israels-kongane. Han levde som Akabs ætt hadde gjort. For han var gift med ei dotter til Akab, og han gjorde det som vondt var i Herrens augo. 19 Men for Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda; for han hadde lova David, tenaren sin, at det alltid skulle lysa ei lampe for han og sønene hans.
…………
23 Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. 24 Joram gjekk til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i Davids-byen, og Akasja, son hans, vart konge etter han.
Guds profetar profeterte om at Gud ville straffe dei med døden, på grunn av deira fråfall, då skulle dei sanne at han var Herre.
Esekiel.6,11 Så seier Herren Gud: Slå hendene saman og trakka med foten! Rop ve over all den vonde styggedomen mellom israelittane! Dei skal falla for sverd eller døy av svolt eller i pest. 12 Dei som er langt borte, skal døy i pest; dei som er nær, skal falla for sverd, og dei som kjem velberga frå dette, skal døy av svolt. Eg fullfører min vreidedom over dei. 13 Dei skal sanna at eg er Herren, når deira falne ligg midt imellom avgudane deira og rundt ikring altara, på alle høge haugar og alle fjelltoppar, under kvart grønt tre og kvar lauvrik terebinte, alle stader der dei lét godange stiga opp til alle avgudane sine. 14 Eg vil retta handa ut mot dei, og kvar dei så bur, vil eg gjera landet til ei uhyggjeleg audn, verre enn Dibla-øydemarka. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Her ser det ut til at det var dei gjenlevande som skulle sanne at Gud er Herren. Og i det nye testamentet vert menneske frelste ved å sanne at Kristus er Herre.
Rom.10,8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Rom.14, For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv. 8 Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. 9 Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre både over levande og døde. 10 Men du, kvifor dømer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol, 11 for det står skrive:
Så visst som eg lever, seier Herren,
for meg skal kvart kne bøya seg,
og kvar tunge skal prisa Gud.
12 Så skal då kvar og ein av oss gjera rekneskap for seg sjølv.
Fil.2,5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 Då han var i Guds skapnad,
heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik.
7 Men han gav avkall på sitt eige,
tok på seg ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
I si ferd var han som eit menneske;
8 han nedra seg sjølv
og vart lydig til døden,
ja, døden på krossen.
9 Difor har Gud storleg opphøgt han
og gjeve han det namn
som er over alle namn,
10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge sanna:
Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Esekiel.12,12 Fyrsten som er hjå dei, skal ta tinga sine på aksla og dra bort når det vert mørkt. Dei skal bryta hol i muren og føra han ut gjennom det. Andletet skal han dekkja til, så han ikkje kan sjå landet med sine augo. 13 Men eg vil strekkja ut garnet mitt og fanga han i nettet. Så fører eg han til Babylon i Kaldearlandet, men det får han ikkje sjå. Der skal han døy. 14 Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle hans fylkingar, vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd. 15 Då skal dei sanna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strøyer dei ut i landa. 16 Berre nokre få av dei lèt eg sleppa frå sverd og svolt og pest. Og mellom folka som dei kjem til, skal dei fortelja om all den styggedomen dei har vore med på. Då skal dei sanna at eg er Herren.
Herrens ord slår ikkje feil
17 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 18 Menneske! Brødet ditt skal du eta skjelvande, og vatn skal du drikka med otte og age. 19 Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Dei skal eta brødet sitt med otte og drikka vatn med redsle. Landet deira og alt som er i det, skal verta uhyggjeleg audt, fordi alle som bur der, har gjort urett. 20 Byane som det no bur folk i, skal leggjast i øyde, og landet skal verta ei audn. Då skal de sanna at eg er Herren.
Dei andre folka vart straffa slik som Israelsfolket, ved at Babylonarkongen hærtok landa deira, kongane med hærane sine enda i dødsriket og slik gjekk det til sist med Babylonarkongen også.
Esekiel.32,17 I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 18 Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!
Mektige menn må fara
til landet djupt der nede,
saman med dei som går i grav.
19 Kanskje du er betre enn andre?
Stig ned og legg deg hjå uomskorne!
20 Egyptarane skal falla
mellom menn som vert drepne med sverd.
Sverdet er drege og lyft
mot landet og heile hopen der.
21 Nede frå dødsriket skal sterke kjemper
seia om farao og hans hjelpesmenn:
«No har dei fare ned og lagt seg
mellom uomskorne, drepne med sverd.»
22 Der er Assur og heile hans fylking
rundt ikring hans grav.
Alle vart drepne, dei fall for sverd
23 og fekk sine graver inst i hola.
Fylkinga ligg der rundt ikring hans grav.
Alle vart drepne, dei fall for sverd,
dei som spreidde redsle ikring seg
medan dei levde.
24 Der er Elam og heile hans hop
rundt ikring hans grav.
Alle vart drepne, dei fall for sverd;
uomskorne fór dei
til landet djupt der nede,
dei som spreidde redsle ikring seg
medan dei levde.
No må dei bera si vanære
saman med dei som gjekk i grav.
25 – Midt imellom drepne fekk han si lege
og heile hopen rundt hans grav.
Alle er uomskorne;
dei vart drepne med sverd,
for det fylgde redsle med dei
medan dei levde.
No må dei bera si vanære
saman med dei som gjekk i grav.
Midt imellom drepne vart dei lagde. –
26 Der er Mesjek og Tubal med heile deira hop
rundt ikring hans grav.
Alle er uomskorne;
dei vart drepne med sverd,
for det fylgde redsle med dei
medan dei levde.
27 Dei ligg ikkje mellom kjempene
som fall i gamle dagar
og fór ned til dødsriket
med sine krigsvåpen.
Deira sverd vart lagde under hovudet på dei.
Deira synd og skuld
låg tungt på deira bein.
For det fylgde redsle med kjempene
medan dei levde.
28 Du òg skal verta knust mellom uomskorne
og liggja hjå dei som er drepne med sverd.
29 Der er Edom med sine kongar og alle sine hovdingar, dei som trass i all si heltekraft må liggja mellom dei som fall for sverd. Dei skal liggja hjå dei uomskorne, hjå dei som steig ned i grava. 30 Der er alle fyrstane frå nord og alle dei frå Sidon, som trass i den redsla dei spreidde, laut fara ned med dei falne. Med all si heltekraft vart dei til skammar. Der ligg dei uomskorne hjå dei som vart drepne med sverd. No må dei bera si vanære saman med dei som gjekk i grav.
31 Farao skal sjå dei og finna trøyst etter tapet av heile sin hop. Farao og heile hans hær skal verta drepne med sverd, seier Herren Gud. 32 For eg lét det stå skrekk av han medan han levde. No skal farao og heile hans hop få si lege mellom uomskorne, hjå dei som vart drepne med sverd, lyder ordet frå Herren Gud.
Her vart vi gjorde merksame på at dei var uomnskorne, men dei kvilte i dødsriket like vel, det er ikkje tale om noko pine.
Gud kalla Babylonar-kongen for sin tenar, men når Babylonia fall, var det under ein seinare konge.
Jesaja.14,3 Den dagen Herren lèt deg kvila frå ditt strev og di uro og frå det harde trælearbeidet som vart lagt på deg, 4 då skal du syngja denne spottevisa om Babel-kongen:
Sjå, no er det ute med valdsherren,
no er det slutt på hans ville framferd!
5 Herren har brote sund staven åt dei gudlause,
styrarstaven åt tyrannane,
6 som råka folkeslag i harme
og aldri heldt opp med å slå,
som tvinga folket under seg i vreide
og forfylgde dei utan miskunn.
7 Heile jorda har fått fred og ro,
folk set i med fagnadrop.
8 Jamvel sypressane gleder seg
over det som har hendt deg,
og sedrane på Libanon jublar:
«Sidan du fall,
kjem ingen opp og feller oss.»
9 Dødsriket der nede kjem i uro
når det skal ta imot deg.
For di skuld vekkjer det daudingar,
alle som var fyrstar på jorda;
det får alle kongane over folka
til å reisa seg frå sine troner.
10 Dei tek til ords og seier til deg:
«Så er du òg vorten kraftlaus som vi,
no er vi alle like.
11 Du som var så stor og stolt,
til dødsriket er du nedstøytt
med dine klingande harper.
No ligg du på ei roten lege,
mòl og makk er ditt teppe.»
12 Kor du er fallen frå himmelen,
du strålande morgonstjerne,
du son åt morgonroden!
Kor du er slengd til jorda,
du som la under deg folkeslag!
13 Det var du som tenkte med deg:
«Til himmelen vil eg stiga opp;
høgt over Guds stjerner
reiser eg min kongsstol.
Eg tek sete på tingfjellet lengst i nord.
14 Eg vil stiga opp over dei høge skyer
og gjera meg lik Den Høgste.»
15 Nei, til dødsriket er du nedstøytt,
lengst ned i den djupe hola.
16 Dei som ser deg, stirer på deg,
undrast og seier:
«Er dette den mannen som skok jorda
og fekk kongerike til å skjelva,
17 han som gjorde verda til ei øydemark,
la byar i grus
og aldri lét fangar få fara heim?»
18 Alle kongane over folka kviler
med ære, kvar i sitt hus.
19 Men du ligg bortslengd og har inga grav,
du er som ein vanvørd kvist.
Du er overbreidd av drepne menn,
som er gjennombora med sverd
og kasta ned i ei steingrav,
som eit nedtrakka åtsel.
20 Du får ikkje koma i grav med andre,
for landet ditt har du øydt,
og folket ditt har du drepe.
Dei som er ætta frå ugjerningsmenn,
skal aldri nemnast meir.
21 Gjer slaktebenken ferdig til sønene hans
for den misgjerning deira fedrar har gjort!
Dei skal ikkje stå opp og ta jorda i eige
og grunnleggja byar kringom i verda.
22 Eg vil reisa meg mot babylonarane, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud. Eg vil rydja ut alt folket i Babel og gjera ende på deira ettermæle; jamvel born og etterkomarar vil eg rydja ut, lyder ordet frå Herren. 23 Eg gjer Babel til ein heim for hegrar og til eit myrlende. Eg sopar det bort med ein kost som øydelegg alt, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Den endelege dommedagen kjem etter verda sin undergang.
Joh.Op.21,11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir. 12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine. 13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden. 15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

