Ny Tid 110. Endetidssyn 86. Til fridom har Kristus frigjort oss. Pass derfor på denne fridomen, lev i den og nytt deg av den. Ta vare på den fagre skatte Gud har gitt deg i leirkar. Kveik nådegåva han har gitt deg og bruk den. 8. Kristus er Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset. Så vekte Gud han oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Slik viste han at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik har han openberra si frelse for oss i Kristus. Dette må vi ære og takk Gud og Lammet for, det er den nye lovsongen Gud har gitt oss. 3. Profetiar om at Fønikar-kulturen skulle gå under.

Gud har sett inn sin konge på Sion.

Gud har sett inn sin konge på Sion ved at han vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Korleis kan då nokon gjere opprør mot han? Det er berre tåpeleg. Gud gjorde Jesus levande og vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus. Kven kan då gjere opprør mot han? Gjere opprør mot den einaste som kan frelse deg frå døden og gi deg evig liv? Det er berre tåpeleg! Dei andre gudane kan då ikkje gjere noko liknande, dei er daude gudar og gjer ikkje noko. Og Gud gir ikkje si ære til avgudane.

Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.

Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.

Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre. 

Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.

2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.  

2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  

Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon. 

Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege livog vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.  

Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett. 

I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.  

Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her: 

Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den. 

Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så settehan Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.  

Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde  og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtteframleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han. 

Profetiar om dommedagen som kom ved Babylonar-kongen Nebukadnesar.

I 1.Mos.2-3 er det fortalt om at Gud skapte Adam og Eva, men så vart dei dømde til døden på grunn av syndefallet. Dette er historia som gjentok seg for seinare kongerike, Gud skapte dei og let store kongar stå fram, men så ovmoda dei seg som om dei var gudar, då straffa han dei med døden og rika deira gjekk under. Og så påstod han at det var han som gjorde det heile. 

Slik vart det ein dommedag over Israel og nabofolka deira, ved at Babylonar-kongen la under seg landa deira og bortførde mykje av folket til Babylonia, det var særleg dei rike og mektige som vart bortførde som slavar. Gud let profetane sine profetere om det og då er det interessant å sjå korleis han argumenterte for det.  Men seinare skulle Babylonia også gå under.

Esekiel profeterte om at Fønikar-kulturen skulle gå under.

Fønikarane var herrar på havet, med sine handelsskip, sitat frå https://snl.no/Fønikia :

Flere assyriske og nybabylonske herskere forsøkte å trenge inn i Fønikia under forsøkene på å komme frem til Middelhavet og videre til Egypt – blant annet Salmanassar 3 (regjerte cirka 858–824 fvt.) og følgende konger. Fønikerne måtte da betale tributt, en type skatt, til seierherrene. I 677 fvt. ble Sidon ødelagt, og i 668 fvt. måtte Tyros kapitulere. Tyros kom imidlertid til krefter igjen, og først etter 13 års beleiring lyktes det den babylonske kongen Nebukadnesar 2. å erobre byen i 573 fvt.

Fra 539 fvt. var Fønikia en del av det store Perserriket. Under kampene mellom Persia og Hellas stod fønikerne på persernes side. Men fønikernes deltakelse i en oppstand mot perserne førte til at Sidon ble ødelagt i 343 fvt. Tyros besto noen år til. I 332 fvt. måtte Aleksander den store beleire Tyros i sju måneder før byen ble erobret og ødelagt. Etter Aleksanders død i 323 fvt. var Fønikia underlagt vekslende hellenistiske herskere (ptolemeerne og selevkidene). I 64 fvt. ble området underlagt Romerriket og regnet med til provinsen Syria. Da hadde imidlertid verdenshandelen funnet seg nye veier, og Alexandria ble et nytt senter for handel og kultur i det østre Middelhavet.

Religion.

Fønikerne etterlot seg ingen egen religiøs litteratur. Vi vet derfor ikke mange detaljer om deres religiøse praksis, annet enn at det dreide seg om en form for kanaaneisk religion, kanskje ikke ulikt den som ble praktisert i Ugarit, og som vi vet en hel del om. De viktigste kanaaneiske gudene var høyguden El, samt BaalAnatAsheraAstarteHadad, Mot, ReshefMelkart og Eshmun. De ulike byene valgte en av disse som sin hovedgud, som sammen med en gudinne og en mindre gud dannet en triade (familie). Den religiøse kunsten viser mange likheter med gjenstander som også er funnet på israelittisk område, ikke minst små kvinnefigurer som kan representere gudinnene Astarte eller Ashera.

Gjennom hele perioden var imidlertid også egyptiske religiøse symboler (solsymbolikkMaats fjær, Hathor-hoder og uraeusslanger) også utbredt i Kanaan. Ofte skjedde det en sammensmelting av egyptiske og kanaaneiske guder (Baal/SethHathor/Ashera), El/Baal). Det kan derfor være vanskelig å fastslå akkurat hvilken gud eller gudinne som er avbildet på mynter, smykker og stempler, eller formet i leire (terrakotta).

De viktigste gudene i de fønikiske koloniene var Baal (Baal Hamon), og fra 500–tallet gudinnen Tanit, som hadde mye felles med den kanaaneiske Astarte. Allerede romerne beskyldte den fønikiskebefolkningen i Karthago for å foreta brennoffer av barn i nasjonale krisesituasjoner. I Kartagos ruiner er det funnet egne gravplasser, der gravene inneholdt små askeurner og amuletter som viser at det dreier seg om barnegraver. Urnene var dekket med en stein eller med en liten stele. Denne hadde ofte et bilde av Tanit. Forskere er fremdeles ikke enige om hvorvidt dette dreide seg om levende barn som ble brent i ilden, småbarn som var dødfødte, eller som døde av sykdommer. Det er heller ikke enighet om hvorvidt eventuelle ofringer var til guden Molok, eller om Molok er betegnelsen for selve ildofferet. (Slike barneofringer gjennom ild omtales også flere steder i Det gamle testamentet og Tanakh. (2. Kongebok 23,10 )

SITAT SLUTT.

2.Kong.23,10 Josjia gjorde Tofet i Hinnom-dalen ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.

Esekiel profeterte om at Nebukadnesar skulle hærta Tyros og Sidon. Seinare profeterte Joel (Joel.3,9-13) om at folket i Tyros og Sidon skulle verte selde som trælar og slik gjekk det i 343 og 332 f.Kr. 

Esekiels profeti om kongen i Tyrus skil seg ut som eit prosaisk meisterverk (Eseekiel.28).

Esekiel.26,1 I det ellevte året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2 Menneske, Tyrus har sagt om Jerusalem:

«Ha-ha! Folkeporten er sprengd;

no er det eg som tek over.

Eg vert rik, medan han ligg aud.» 

3 Difor seier Herren Gud:

Sjå, eg kjem imot deg, Tyrus.

Eg fører mange folkeslag mot deg,

liksom havet lèt bylgjene velta fram.

4 Dei øydelegg murane kring Tyrus

og riv ned tårna der.

Eg sopar bort moldjorda i byen

og gjer han til eit nake berg.

5 Han skal verta ein turkeplass for garn

der han ligg uti havet.

For eg har tala, seier Herren Gud.

Han skal verta eit bytte for andre folk, 

6 og i dotterbyane på fastlandet

skal menneska verta drepne med sverd.

Dei skal få sanna at eg er Herren.

7 Ja, så seier Herren Gud:

Eg lèt Babels konge, Nebukadnesar,

han som er konge over kongar,

dra mot Tyrus frå nord,

med hestar og vogner og ryttarar

og med ein veldig hær. 

8 I dotterbyane dine på fastlandet

skal han drepa folket med sverd.

Han skal byggja skansar,

kasta opp ein voll ikring deg

og reisa skjoldtak mot deg.

9 Så støyter han stormbukken mot murane dine

og bryt tårna ned med brekkjern.

10 Han har så mange hestar

at støvet frå dei skal dekkja deg.

Larmen av ryttarar og vognhjul

skal få murane dine til å skjelva

når han fer inn gjennom portane dine,

som ein dreg inn i ein hærteken by.

11 Med hovane av hestane sine

trakkar han ned alle gatene dine.

Han drep ditt folk med sverd

og styrtar dine sterke søyler til jorda.

12 Så røvar dei din rikdom

og tek dine varer som bytte.

Dei bryt ned dine murar

og riv dine herlege hus.

Steinar, bjelkar og grus

kastar dei på sjøen.

13 Då gjer eg slutt på dine ståkande songar,

dine lyrer skal ikkje høyrast meir. 

14 Eg gjer deg til eit nake berg,

du vert ein turkeplass for garn.

Aldri skal du byggjast opp att.

Eg har tala,

lyder ordet frå Herren Gud.

15 Så seier Herren Gud til Tyrus:

Sanneleg, havsens strender skal skjelva

når du fell med bulder og brak,

når dei som er gjennombora, styn,

og mange vert drepne i byen.

16 Då skal alle fyrstane ved havet

stiga ned frå sine troner,

leggja bort sine kapper

og ta av seg dei fargerike kleda.

Dei vert gripne av redsle

og set seg på jorda;

dei skjelv kvar augneblink

og fæler når dei ser deg.  

17 Så set dei i med ein klagesong over deg: 

har kvorve frå havet, du lovpriste by!

Byen og folket der hadde makta på havet,

spreidde redsle blant alle som budde ikring.

18 Strendene skjelv den dagen du fell,

øyane i havet vert gripne av redsle

fordi du fekk slik endelykt.

19 For så seier Herren Gud:

Når eg gjer deg til ein herja by,

lik byar som det ikkje bur folk i,

når eg lèt storhavet stiga,

så veldige vassmengder dekkjer deg,

20 då fører eg deg ned med dei som går i grav,

ned til folk som levde før.

Eg lèt deg bu i landet der nede,

som liknar ruinar frå gamle dagar,

saman med dei som har gått i grav.

Du skal ikkje koma att

og få deg ein stad i landet åt dei levande.

21 Eg gjer deg til ei skræmsle,

du skal ikkje meir vera til.

Folk skal leita, men aldri finna deg meir,

lyder ordet frå Herren Gud.

Esekiel.27,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Du menneske, set i med ein klagesong over Tyrus!  3 Sei til Tyrus som ligg der med ope tilgjenge til havet, og som handlar med folk på mange strender:

Så seier Herren Gud:

Tyrus, du har sagt om deg sjølv:

«Fullkomen er eg i venleik.»

4 Midt uti havet går dine grenser;

dei som bygde deg,

gjorde deg storfager.

5 Av sypressar frå Senir

laga dei alle dine plankar;

sedrar henta dei frå Libanon

og bygde deg ei mast. 

6 Årane dine laga dei

av store tre frå Basan

og stamnen, innlagd med elfenbein,

av sypressar frå kittearstrendene.

7 Seglet, som skulle vera ditt merke,

var av fargerikt lin frå Egypt,

og taket i kahytta av purpur,

raudt og fiolett, frå Elisja-strendene. 

8 Folk frå Sidon og Arvad

var rorskarar hjå deg, Tyrus,

og dei mest dugande mennene dine

hadde du til styrmenn. 

9 Gamle og kunnige menn frå Byblos

var hjå deg og bøtte skadane dine.

Alle skip på havet og sjømennene om bord

kom til deg og bytte varer.

10 Menn frå Persia, Lud og Put

gjorde teneste i hæren din.

Skjold og hjelmar hengde dei opp hjå deg,

og dei kasta glans over deg.

11 Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager. 12 Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly. 13 Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte.  14 Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.  15 Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt. 16 Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar. 17 Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.  18 Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.  19 Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte.  20 Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.  21 Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte. 22 Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.  23 Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.  24 På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.

25 Tarsis-skip var dine handelskaravanar.

Du var fylt av varer og tungt lasta

når du drog langt til havs.

26 Dine rorskarar førte deg i mange farvatn.

Men så kjem stormen frå aust

og knuser deg der ute på havet.

27 Ditt gods og dine handelsvarer,

dine sjømenn og dine styrmenn,

dei som bøtte skadane dine,

dine handelsmenn og alle dine krigarar,

heile mannskapet som du hadde om bord,

søkk i havet den dagen du går under.

28 Når styrmennene skrik i si naud,

må beitemarkene skjelva.

29 Alle rorskarar stig ut or sine skip,

kvar sjømann, kvar styrmann går i land.

30 Dei set i og ropar høgt

og klagar bittert over deg;

dei kastar jord på hovudet

og velter seg i oska. 

31 For di skuld rakar dei seg snaue

og bind syrgjeklede om seg.

Med sorg i hugen græt dei

og klagar bittert over deg.

32 Dei set i med likklage

og syng ein syrgjesong over deg:

Kven har vorte tagal som Tyrus,

der han ligg midt uti sjøen?

33 Når varene dine kom inn frå havet,

metta du mange folkeslag.

Med alt ditt gods og alle dine varer

gjorde du kongar på jorda rike.

34 No er du knust og sokken i havet;

varene dine og alt ditt mannskap

har gått til grunne med deg.

35 Alle som bur på havsens strender,

fæler når dei tenkjer på deg;

kongane deira er stive av skrekk

og bleike i andletet av redsle. 

36 Kjøpmenn i andre land spottar deg.

Du har vorte til skrekk og gru;

borte er du for alltid.

Esekiel.28,1 Domsord over fyrsten i Tyrus

1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, sei til fyrsten i Tyrus:

Så seier Herren Gud:

Hovmodig er ditt hjarta

når du seier: «Eg er ein gud

og sit på eit gudesete uti havet.»

Du er berre eit menneske og ikkje ein gud,

likevel kjenner du deg som ein gud.

3 Sjå, du er visare enn Daniel,

ingen løyndom er duld for deg. 

4 Med visdom og vit har du vunne deg rikdom;

i dine skattkammer har du samla gull og sølv. 

5 Med din store klokskap i handel

auka du din rikdom;

men rikdomen gjorde deg hovmodig.

6 Difor seier Herren Gud:

Fordi du kjenner deg som ein gud,

7 sjå, difor sender eg mot deg

framande folkeslag som ikkje tek omsyn.

Trass i din storslegne visdom

dreg dei sverdet mot deg

og vanhelgar deg i din strålande glans.

8 Dei støyter deg ned i grava;

midt uti havet skal du døy

lik folk som vert slegne i hel. 

9 Vil du då seia at du er ein gud,

andlet til andlet med dine drapsmenn?

Du er ingen gud, men berre eit menneske

i hendene på dine banemenn.

10 Som dei uomskorne skal du døy

for handa åt framande.

For eg har tala, seier Herren Gud.

Klagesong over kongen i Tyrus

11 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 12 Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han:

Så seier Herren Gud:

Du var seglet på det fullkomne,

full av visdom og venleik.

13 Du budde i Eden, Guds hage,

og var dekt med alle slag dyre steinar:

rubin, topas og diamant,

krysolitt, karneol og jade,

safir, turkis og smaragd.

Dine handtrommer og smykke

var innlagde med gull;

dei vart laga

den dagen du vart fødd.  

14 Eg gjorde deg til ein strålande, vernande kjerub.

Du var på det heilage gudefjellet,

og gjekk ikring mellom glitrande steinar.

15 Frå den dagen du vart fødd,

var du heil i di ferd,

til dess det vart funne urett hjå deg.

16 Din store handel førte med seg

at du vart fylt av vald og tok til å synda.

Då dreiv eg deg bort frå gudefjellet

og gjorde ende på deg,

du vernande kjerub,

mellom dei glitrande steinane.

17 Din venleik gjorde deg hovmodig,

og fordi du var så strålande,

øydde du din visdom.

Då kasta eg deg til jorda

og gav deg over til kongar,

så dei kunne sjå på deg med lyst. 

18 Med all di skuld og din urett i handel

vanhelga du dine heilagdomar.

Så sende eg eld imot deg,

og han gjorde ende på deg.

Eg lét deg verta til oske på jorda

for augo på alle som såg deg.

19 Alle som kjende deg ute mellom folka,

fælte då dei såg deg.

Du har vorte til skrekk og gru,

og borte er du for alltid. 

Profetord til Sidon

20 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 21 Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen 22 og sei:

Så seier Herren Gud:

Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon;

eg vil visa mi guddomsmakt på deg.

Folket skal sanna at eg er Herren,

når eg held dom over byen

og der viser kor heilag eg er.

23 Eg sender pest over byen

og lèt blodet renna i gatene.

Menn vert drepne, dei fell for sverd

som vert rette mot byen frå alle kantar.

Då skal dei sanna at eg er Herren.

24 Israelittane skal ikkje lenger plagast

av taggar som stikk og klunger som svir,

av grannefolk som vanvørder dei.

Dei skal sanna at eg er Herren.

25 Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min. 26 Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud.


Leave a comment