Gud har sett inn sin konge på Sion.
Gud har sett inn sin konge på Sion ved at han vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Korleis kan då nokon gjere opprør mot han? Det er berre tåpeleg. Gud gjorde Jesus levande og vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus. Kven kan då gjere opprør mot han? Gjere opprør mot den einaste som kan frelse deg frå døden og gi deg evig liv? Det er berre tåpeleg! Dei andre gudane kan då ikkje gjere noko liknande, dei er daude gudar og gjer ikkje noko. Og Gud gir ikkje si ære til avgudane.
Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege livog vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.
Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.
I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.
Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her:
Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den.
Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så settehan Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.
Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtteframleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
Gud sende Moses for å frigjere folket sitt frå trældomen under gudane i Egypt, då skulle dei kalle han «Eg Er» (Jahve), for han er den han er.
Israels-folket vart trælar i Egypt, så Gud sende Moses for å frigjere dei frå trældomen under gudane i Egypt og han skulle seie til dei at «Eg Er» (Jahve) hadde sendt dei, for han er den han er. Moses steig fram for Farao med bodskapen sin, men Farao ville ikkje høyre på han, han meinte det var lygnprat, fordi dei var late, derfor gjorde han trældomen hardare.
2.Mos.3,14 Då sa Gud til Moses: «Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. ‘Eg Er’ har sendt meg til dykk.» 15 Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.
2.Mos.5,1 Sidan gjekk Moses og Aron fram for farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan halda høgtid for meg i øydemarka!» 2 «Kven er Herren,» spurde farao, «sidan eg skal lyda han og la folket fara? Eg kjenner ikkje Herren og vil ikkje la Israel fara.» 3 Dei svara: «Hebrearguden har møtt oss. Difor vil vi fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal koma over oss med pest eller sverd.» 4 Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor dreg de folket bort frå det dei har å gjera? Gå til arbeidet dykkar!» 5 Og farao heldt fram: «De ser kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de lokka israelittane til å leggja ned arbeidet sitt!»
6 Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet: 7 «Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm. 8 Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår. 9 Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!»
Og så veit vi korleis det gjekk, Gud viste si makt på Farao og folket hans.
Seinare var det Josva som fullførde dette prosjektet med å føre dei inn i det lova landet.
Josva.24,1 Så samla Josva alle Israels-ættene i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, domarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds åsyn, 2 og Josva tala til heile folket:
Så seier Herren, Israels Gud: I gamle dagar budde fedrane dykkar, og mellom dei Tarah, far til Abraham og Nakor, på hi sida av Storelva, og dei dyrka framande gudar. 3 Men eg henta Abraham, ættefar dykkar, frå landet bortanfor Storelva og førte han gjennom heile Kanaan.
………..
14 Så ha då age for Herren, og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som fedrane dykkar dyrka på hi sida av Storelva og i Egypt, og ten Herren! 15 Men har de ikkje hug til å tena Herren, så vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som fedrane dykkar dyrka bortanfor Storelva, eller gudane åt amorittane, som åtte det landet de no bur i. Eg og mi ætt, vi vil tena Herren.
Dansen rundt gullkalven.
Moses fekk mange problem med å få dei med vidare på vegen til det lova landet. Eit av dei verste tilfella var dansen rundt gullkalven. I staden for å kalle han «Eg Er» og seie at han var den han var, sa dei at han var ein annan enn den han var, dei æra han ikkje for det han hadde gjort for dei, men sa i staden at det var gullkalven som hadde ført dei ut av Egypt og som var guden deira.
1.Mos.32,1 Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud som kan gå framføre oss! For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses, som førte oss opp frå Egypt.» 2 Då sa Aron til dei: «Ta gullringane som konene og sønene og døtrene dykkar har i øyro, og kom hit med dei!» 3 Då reiv heile folket gullringane or øyro sine og kom til Aron med dei. 4 Han tok imot gullet, støypte det om og laga det med meisel til ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!» 5 Då Aron såg det, bygde han eit altar for guden og ropa ut: «I morgon er det høgtid for Herren!» 6 Dagen etter stod folket tidleg opp og bar fram brennoffer og kom med måltidsoffer. Dei sette seg ned og åt og drakk, og så stod dei opp og gav seg til å dansa.
7 Då sa Herren til Moses: «Gå ned, for folket ditt, som du har ført opp frå Egypt, har bore seg ille åt! 8 Dei har vore snare til å bøya av frå den vegen eg sa dei skulle fylgja. Dei har laga seg ein støypt kalv. Den har dei kasta seg ned for og ofra til og sagt: Dette er guden din, Israel, som førte deg opp frå Egypt.» 9 Og Herren sa til Moses: «Eg har halde auga med dette folket og sett at det er eit stridlyndt folk. 10 Lat no meg få råda, så skal eg sleppa harmen min laus og gjera ende på dei! Men deg vil eg gjera til eit stort folk.» 11 Då naudbad Moses Herren sin Gud og sa: «Herre, kvifor skal vreiden din loga opp mot folket ditt, som du har ført ut or Egypt med stor kraft og sterk hand? 12 Kvifor skal egyptarane få seia: Det var ikkje i god meining han førte dei ut; han ville drepa dei i fjella og rydja dei ut frå jorda? Lat den brennande vreiden din fara, og gjev opp den tanken du hadde om å føra ulukke over folket ditt! 13 Kom i hug Abraham, Isak og Israel, tenarane dine, og det du sa til dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil gjera ætta dykkar tallaus som stjernene på himmelen, og heile dette landet som eg har tala om, vil eg gje ætta dykkar; dei skal eiga det til evig tid.» 14 Då angra Herren på den ulukka han hadde tenkt å føra over folket sitt.
………..
Moses bad for dei, men når han kom ned att frå Sinai-fjellet, vart det like vel eit oppgjer. Så gjekk han oppatt på fjellet og bad for dei igjen.
1.Mos.32,30 Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.» 31 Så gjekk Moses attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32 Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!» 33 Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. 34 Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.» 35 Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.
Her ser vi at Gud hadde skrive opp namn i livsens bok, men så strauk han ut nokre av dei, fordi dei ikkje trudde på han, så dei gjorde opprør. Eg meinar dette var Livsens bok hjå Lammet, det var berre ikkje openberra enno.
David, Guds salvevigde, førebilete og profeti om Guds Messias.
Israels-folket kravde å få seg ein konge, så Gud let Samuel gi dei ein slik konge som dei ville ha, ved å salve Saul til konge. Men Saul vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han som konge og såg seg ut ein mann etter sitt hjerte, David, og let Samuel salve han til konge i staden. Saul var misunneleg på David, så David fann det best å ta røminga. Saul forfølgde han og det vart klart at Saul mista salvinga, i tydinga det som salvinga var symbol på, Guds Ande. Men Gud var med David med sin Ande, gav han råd, leia han og berga han. Han og hæren hans var på røminga og vart ikkje rike av det, han såg seg sjølv som fattig og forfølgd og måtte ta si tilflukt til Herren og takka han for at han vart hans berging. Slik har han skrive mange salmar til lærdom og trøyst for andre som er svake, fattige og hjelpelause. Det er tydeleg at i nokre salmar skreiv han om seg sjølv og så gjekk det over i ein Messias-profeti. Ja, nettopp ved at Jesus døde i staden for han, for å sone hans synd også. Soleis har soneoffer tilbakeverkande kraft for dei som levde i den gamle pakt og som trudde, liksom Abraham. Ja, endå til for dei som levde før syndefloda, det ser vi av 1.Pet.3,20.
Salme.59,1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.
2 Fri meg, Gud, frå mine fiendar,
vern meg mot dei som reiser seg mot meg!
3 Fri meg frå folk som fer med vondskap,
og frels meg frå drapsmenn!
4 For sjå, dei ligg og lurer på meg,
sterke menn går til strid imot meg.
Utan at eg har forbrote meg, Herre,
5 utan at eg har synd eller skuld,
stormar dei fram og fylkar seg til strid.
Vakna, kom til meg og sjå!
6 Herre, Allhærs Gud,
du er då Israels Gud.
Vakna og krev alle folk til rekneskap,
ver ikkje nådig mot trulause nidingar! Sela
…………
17 Men eg vil syngja om di makt
og jubla kvar morgon over din truskap.
For meg har du vorte ei borg,
ei tilflukt den dag eg er i naud.
18 Eg vil syngja for deg, min styrke;
for Gud er mi faste borg,
min Gud som viser miskunn.
Salme.131,1 Ein song til festferdene. Av David.
Herre, hjarta mitt er ikkje hovmodig,
augo mine er ikkje stolte.
Eg gjev meg ikkje av med slikt
som er for stort og underfullt for meg.
2 Nei, eg har fått mi sjel
til å vera still og roleg,
som eit lite barn hjå mor si,
når det har stilt sin torste.
Så er mi sjel i meg.
3 Venta på Herren, Israel,
frå no og til evig tid!
Han høyrde på Guds Ord og Guds Ande dreiv han og leia han og så sa han til folket at dersom dei høyrde hans røyst, så måtte dei ikkje forherde sitt hjerte.
Salme.95,1 Kom, lat oss jubla for Herren
og ropa høgt for vårt frelsande berg!
2 Lat oss gå fram for han med lovsong
og hylla han med song og spel!
3 For Herren er ein mektig Gud,
ein stor konge over alle gudar.
4 Han har jord-djupnene i si hand
og fjelltoppane i si eige.
5 Havet er hans, for han har skapt det,
det faste landet har hans hender forma.
6 Kom, lat oss bøya oss og tilbe,
bøya kne for Herren, vår skapar!
7 For han er vår Gud, vi er folket han gjæter,
den hjord han leier med si hand.
Å, ville de høyra på han i dag!
8 Gjer ikkje hjarto dykkar harde, som ved Meriba,
som den dagen ved Massa i øydemarka,
9 då fedrane eggja meg
og sette meg på prøve,
endå dei såg kva eg gjorde!
10 I førti år hadde eg uvilje mot denne ætta,
og eg sa om dei:
«Dei er eit folk som fer vilt i sitt hjarta,
dei kjenner ikkje mine vegar.»
11 Så svor eg i min vreide:
«Dei skal aldri koma inn til mi kvile!»
Salme.34,1 Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.
2 Støtt vil eg prisa Herren,
stendig vil eg lovsyngja han.
3 Eg rosar meg av Herren,
dei hjelpelause gleder seg når dei høyrer det.
4 Lat oss saman lova Herren
og prisa hans store namn!
5 Eg søkte Herren, og han svara meg,
frå alt som skræmde, berga han meg.
6 Sjå opp til han, og strål av glede,
så skal de aldri raudna av skam!
7 Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,
han frelste han frå alle trengsler.
8 Herrens engel slår leir
til vern for dei som har age for Herren,
og friar dei ut or fare.
9 Smak og sjå at Herren er god!
Sæl er den som flyr til han.
10 Ottast Herren, de hans heilage folk!
Dei som ottast han, lid inga naud.
11 Unge løver må svelta og lida sakn;
men dei som søkjer Herren,
vantar det aldri noko godt.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
I Salme 40 og 69 er det tydeleg at David profeterer om Messias og seg sjølv som den som Messias døde i staden for og slik er Messias for oss alle.
Salme.40,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Salme.69,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av David.
2 Frels meg, Gud!
Vatnet når meg heilt til halsen,
3 eg har sokke ned i ei botnlaus myr,
der det ikkje er feste for foten.
Eg er komen ut på djupet,
og straumen riv meg bort.
………….
22 Dei hadde gift i maten min,
for torsten gav dei meg eddik å drikka.
23 Lat bordet deira verta ei snare
og offermåltidet ei felle for dei.
24 Lat augo deira dimmast,
så dei ikkje kan sjå!
Lat alltid deira hofter skjelva!
25 Renn ut din vreide over dei,
lat din brennande harme nå dei!
26 Lat leiren deira verta aud,
så ingen bur i deira telt.
27 For dei forfylgjer den du har slege,
og aukar pinsla åt den du har gjennomstunge.
28 Legg skuld til den skulda dei har,
lat dei ikkje få del i di frelse!
29 Lat dei strykast ut or livsens bok
og ikkje skrivast opp med dei rettferdige.
30 Men eg er arm og full av liding;
Gud, lat di frelse verna meg!
31 Eg vil prisa Guds namn med song
og hylla han med takkesong.
32 Det vil Herren heller ha enn offerdyr,
enn oksar med horn og klauver.
33 Dei hjelpelause skal sjå det med glede.
Gjev de må leva,
de som søkjer Gud!
34 For Herren høyrer bøna åt dei fattige,
han vanvørder ikkje sine eigne som er fangar.
35 Himmel og jord skal prisa han,
havet og alt som rører seg der.
36 For Gud vil frelsa Sion
og byggja opp att byane i Juda.
Folk skal få bu der og eiga landet.
37 Hans tenarars ætt skal arva det,
dei som elskar hans namn, skal bu der.
Messias vart kalla Davids-sonen, like vel kalla David han for Herre.
Matt.22,41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei: 42 «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei. 43 Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier:
44 Herren sa til min herre:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
under dine føter.
45 Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» 46 Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.
Salme.110,1 Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.
Salme.2 er også ein Messias-profeti.
Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,
kvifor legg folka gagnlause planar?
2 Kongane på jorda reiser seg,
fyrstane legg råd i lag
mot Herren og den han har salva:
3 «Lat oss slita sund deira lekkjer
og kasta deira reip av oss!»
4 Han som tronar i himmelen, ler,
Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,
med brennande harme skræmer han dei:
6 «Det er eg som har sett inn min konge
på Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
Han sa til meg: «Du er son min,
eg har født deg i dag.
8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv
og heile jorda til eige.
9 Du skal knusa dei med jernstav
og slå dei sund som leirkar.»
10 Og no, de kongar, far visleg fram,
ta imot åtvaring, de styrarar på jord!
11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,
så han ikkje skal verta vreid
og de gå til grunne på vegen.
For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.
Gud har sett inn sin konge på Sion ved at han vekte Kristus oppatt frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Korleis kan då nokon gjere opprør mot han? Det er berre tåpeleg. Gud gjorde Jesus levande og vekte han opp frå dei døde og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus. Kven kan då gjere opprør mot han? Gjere opprør mot den einaste som kan frelse deg frå døden og gi deg evig liv? Det er berre tåpeleg! Dei andre gudane kan då ikkje gjere noko liknande, dei er daude gudar og gjer ikkje noko. Og Gud gir ikkje si ære til avgudane.

