Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege livog vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.
Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.
I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.
Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her:
Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den.
Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så settehan Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.
Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtteframleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, det gjeld både for jødar og heidningar. Då er det berre om å gjere å la seg forsone på den måten, ta imot det som forsoninga gir oss og nytte oss av det.
Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, synda skilde menneska frå Gud. Men Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss, med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunn med Gud og det gjelder både for jødar og heidningar.
Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
Dette har eg skrive om i dokumenta «Ny Tid 89-97».
No har den gamle pakt vorte erstatta av den nye pakt og den gjeld for heidningane også. Men her er det tale om fleire pakter og lovnadar som no gjeld for både jødar og heidningar, men den pakta som Gud gjorde med dei gjennom Moses, gjeld ikkje lengre. Paulus kalla det omskjeringspakta, den som let seg omskjera, må halde lova, for å verte rettferdig ved den.
Gal.5,1 Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk. 2 Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk. 3 Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova. 4 De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden. 5 Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von. 6 For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.
Men Gud gjorde ei ny pakt med dei, til erstatning for den og den gjeld for heidningane også.
Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
32 ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira,
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt,
den pakta med meg som dei braut,
endå eg var deira rette herre, seier Herren.
33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
35 Så seier Herren,
han som sette sola til å lysa om dagen
og laga det så
at månen og stjernene lyser om natta,
han som rører opp havet så bylgjene brusar,
– Herren, Allhærs Gud, er hans namn:
36 Lèt eg denne skipnaden vika,
lyder ordet frå Herren,
skal Israels-ætta òg for alltid
halda opp med å vera mitt folk.
37 Så seier Herren:
Kan himmelen der oppe mælast,
og grunnvollane under jorda der nede granskast,
då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt
for alt dei har gjort, seier Herren.
Moses føresåg at dei kom til å gjer opprør og vorte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk komme attende, skulle dei verte hjarteomskorne.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Men Abraham fekk omskjeringspakta lenge før dei fekk lova, korleis skal vi forstå det då?
1.Mos.17, Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå ættled til ættled. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alle menn og gutar hjå dykk skal omskjerast. 11 De skal la førehuda dykkar verta avskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 I ætt etter ætt skal kvart gutebarn hjå dykk omskjerast når det er åtte dagar gamalt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hjå framande, som ikkje er av di ætt. 13 Omskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei du har kjøpt for pengar. Såleis skal pakta mi syna seg på kroppen deira, ei evig pakt. 14 Men den som ikkje er omskoren, den som ikkje har fått førehuda avskoren, den mannen skal rydjast ut or folket sitt; for han har brote mi pakt.»
Lova var ikkje komen enno, så her var det berre Abrahams tru som betydde noko og det var vel ved den trua dei skulle verte hjarteomskorne, ved trua hadde den ei symbolsk tyding. Soleis vart den eit førebilete på hjerte-omskjeringa i Anden, i den nye pakta.
Gud er ånd og den symbolske tydinga var at han gjorde sitt verk med dei ved sin Ande og sitt Ord. Dei som omskar kunne få inntrykk av at det var dei som gjorde sitt verk og prøve å gi inntrykk av det, for soleis å gjere seg viktige. Men det ville vere å fjerne den symbolske tydinga. I Joel.1-2 er det tala om gnagaren som gnog på oljetre og vintre og åt opp korn-avlinga. Eg tenker meg at det var fyrst og fremst den symbolske tydinga dei åt opp. Men folket måtte audmjuke seg for Gud og be om nåde og hjelp mot fienden. Og i Joel.3 er det profetert om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt. Slik fekk dei vinne tilbake den åndelege velsigninga og dermed den symbolske tydinga.
Gud er ånd og «Mor Israel» var kona hans, så borna hennar skulle vere hans born. Det skjøna ho ikkje, men vart ei hore og vart straffa for det. Sidan ville han ta henne til nåde igjen.
Gud er ånd og «Mor Israel» var kona hans, så borna hennar skulle vere hans born. Dette vart tydeleg ved at Salomo var Davids Son og skulle ta over kongsmakta etter han, då sa Gud at han ville vere far for han og han skulle vere son hans. Salomo hadde mykje visdom frå dei gamle, men når han var ung gav Gud han ein visdom gjorde han visare enn dei alle og denne visdom meinar eg vi finn spesielt i Salomos Høgsong. Det er tydeleg at Guds kjærleik var mellom han og henne «Lytelause Reine», så det var som om Gud var kona til Sions Dotter også, å vere «Mor Israel» som Guds kone gjekk i arv. Det var i alle fall slik det skulle vere.
Gud er ånd og hadde omsorg for «Mor Israel», som kona si og det betydde vel at han rørte ved henne. Men ho æra han ikkje for det, i staden æra ho avgudane for det, ho skjøna det ikkje og vart ei hore ved at ho dyrka avgudane. Han hadde omsorg for borna han fekk med henne og det betydde vel at han rørte ved dei også, men dei gjorde opprør. Derfor tok han bort omsorga si for dei og då vart dei straffa ved at landet deira vart hærteke og dei vart bortførde frå det. Då ville han tale venleg til henne igjen, som i ungdomsdagane og så skulle ho få komme tilbake til landet sitt (Hoseas.2). Det skjedde ved persarkongen Kyros, Jesajas hadde profetert om dette nokre tiår før Jerusalems fall og då prøvde han å forklare dei skilnaden på Herren deira Gud og avgudane.
Jes.44,1 Men høyr no, Jakob, min tenar,
du Israel, som eg har valt ut!
2 Så seier Herren,
han som har skapt deg og laga deg
og hjelpt deg alt frå mors liv:
Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
Jesjurun, som eg har valt ut!
3 For eg vil renna vatn over det tyrste
og straumar over det turre.
Min Ande vil eg renna ut over di ætt
og mi velsigning over dine etterkomarar.
4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,
som poplar attmed bekkefar.
5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,
og Israel skal han få til ærenamn.
Den einaste Gud
6 Så seier Herren,
Israels konge og utløysar,
Herren, Allhærs Gud:
Eg er den fyrste, og eg er den siste,
og utan meg finst det ingen Gud.
7 Kven er som eg?
Lat han stiga fram og fortelja,
ja, leggja fram for meg det som har hendt
alt frå eg skapte det fyrste folket.
Og lat han seia dei det som sidan skal henda.
8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!
Har eg ikkje for lenge sidan
kunngjort og sagt deg det?
De er mine vitne.
Finst det ein Gud utan meg?
Eg veit ikkje om noko anna berg.
Det er dårskap å laga gudebilete
9 Dei som lagar gudebilete, duger ikkje;
og deira kjære gudar kan ikkje hjelpa.
Deira vitne ser ikkje og skjønar ikkje,
difor vert dei til skammar.
10 Kven lagar ein gud og støyper eit bilete
utan å venta seg gagn av det?
11 Alle som dyrkar det, vert til skammar;
dei som lagar det, er berre menneske.
Lat dei samlast og stiga fram!
Dei skal alle fyllast med redsle og skam.
12 Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke. 13 Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus. 14 Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. 15 Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for. 16 Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». 17 Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»
18 Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar. 19 Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» 20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»
Eg løyser deg ut
21 Kom dette i hug, Jakob,
kom det i hug, Israel!
For du er min tenar.
Eg har skapt deg, du er min tenar,
du er ikkje gløymd av meg, Israel.
22 Eg stryk bort dine brot som ei skodd
og dine synder som ei sky.
Vend om til meg, eg løyser deg ut!
23 Jubla, du himmel,
for Herren har gripe inn.
Rop av fryd, de jordedjup!
Bryt ut i jubel, alle fjell,
du skog med alle dine tre!
For Herren løyser ut Jakob
og syner sin herlegdom på Israel.
Jerusalem skal byggjast opp att
24 Så seier Herren, din utløysar,
han som skapte deg i mors liv:
Eg er Herren som gjorde alt;
himmelen spente eg ut åleine,
og jorda breidde eg ut utan hjelp.
25 Eg gjer teikna åt varseltydarane til inkjes
og lèt spåmennene verta til narr.
Eg får vismenn til å tagna,
gjer deira visdom til dårskap.
26 Men eg stadfester orda åt mine tenarar
og gjennomfører den plan
som mine sendebod forkynner.
Eg seier om Jerusalem:
«Der skal det bu folk,»
og om byane i Juda:
«Dei skal byggjast opp att;
eg skal reisa det som ligg i røys.»
27 Eg seier til havdjupet: «Torna!
Dine straumar turkar eg ut.»
28 Eg seier om Kyros:
«Han er min hyrding,
han skal fullføra alt det eg vil;
han skal seia om Jerusalem:
Byen skal byggjast!
og om templet:
Det skal atter verta grunnlagt.»
Jeremias var profet på den tida Jerusalem fall og han også fortalde dei skilnaden på Israels Gud og avgudane.
Jer.10, 1 Høyr dette ordet som Herren talar til dykk, Israels ætt. 2 Så seier Herren:
Ven dykk ikkje til å gjera som andre folk
og reddast ikkje teikn på himmelen,
endå om andre folk reddast dei.
3 For skikkane åt folka er ingenting verde.
Dei høgg eit tre i skogen,
ein treskjerar lagar det til med øks,
4 han pryder det med sølv og gull
og fester det med naglar og hamar,
så det står støtt.
5 Gudebileta liknar
fugleskræmsla i ein agurkåker;
dei kan ikkje tala,
og dei må berast, for dei kan ikkje gå.
Ver ikkje redde dei!
Dei gjer ingen skade,
men kan heller ikkje gjera noko godt.
6 Ingen er som du, Herre.
Stor er du,
stort og mektig er ditt namn.
7 Kven må ikkje ottast deg,
som det sømer seg,
du konge over folkeslag.
For mellom alle vismenn hjå folka,
i alle rike er ingen som du.
8 Alle saman er dumme som fe,
frå gagnlause tregudar har dei sin lærdom.
9 Platesølvet er kome frå Tarsis
og gullet frå Ufas.
Det er eit verk av treskjerar og gullsmed,
kledt i purpur, fiolett og raudt;
alt er laga av kunstnarar.
10 Men Herren, han er i sanning Gud,
ein levande Gud og ein evig konge.
Jorda skjelv for hans harme,
folka kan ikkje halda ut hans vreide.
11 Så skal de seia til dei:
«Dei gudar som ikkje skapte himmel og jord,
skal kverva frå jorda
og ikkje finnast under himmelen.»
12 Herren skapte jorda med si kraft,
han grunnla fastlandet i visdom
og spente ut himmelen med skjøn.
13 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,
han lèt skodd stiga opp frå enden av jorda,
han lèt lyna blinka og regnet falla
og sender vinden frå hans opplagsrom.
14 Alle menneske er dumme og uvituge.
Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,
dei støypte bileta hans er lygn,
det er ikkje ånd i dei.
15 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,
i rekneskapsstunda er det ute med dei.
16 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,
for det er han som skaper alt.
Israel er hans eiga ætt.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
Den nye songen.
Gud gir ikkje si ære til avgudane, men vi syng ein ny lovsong til Herren.
«Mor Israel» var Guds kone og han hadde omsorg for henne, ho æra han ikkje for det, men æra avgudane for det i staden. Det gjekk han ikkje med på og gjer det framleis ikkje.
Jes.42, 1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
13 Herren dreg ut som ei kjempe;
han eggjar sin stridshug som ein krigar,
lèt hærropet ljoma
og viser sin styrke på fiendane:
14 I lange tider har eg halde meg i ro,
eg har tagt og tøymt meg sjølv.
No skrik eg som ei fødande kvinne,
eg frøser og syp etter anden.
15 Eg vil gjera fjell og haugar aude
og svi av alt grønt på dei.
Elvar vil eg gjera til turt land,
og myrar vil eg leggja turre.
16 Blinde vil eg føra
på ein veg dei ikkje kjenner,
på ukjende stigar vil eg leia dei.
Mørkret framføre dei vil eg gjera til ljos
og ulendt mark til slette.
Dette er det eg vil gjera,
og ingen ting skal vera ugjort.
17 Med skam må dei vika attende,
dei som lit på gudebilete,
dei som seier til støypte bilete:
«De er våre gudar.»
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus. Den er uendeleg.
Kristus er det Guds Lam som bar verda si synd, synda skilde menneska frå Gud, men Kristus tok den bort med sitt syndeoffer. Gud vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og viste dermed at han er den levande og sanne Gud, ingen kan frelse som han. Slik openberra han si frelse for oss i Kristus og gjer det framleis. Dette er ikkje som med «den endelege openberringa», som altså tok slutt, men det er ei uendeleg openberring.
2.Kor.3,5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud, 6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?
12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

