Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege livog vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.
Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.
I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.
Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her:
Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den.
Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så settehan Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.
Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtteframleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
Det fjerde riket i Dan.2 var det greske riket, ved Aleksander den Store. Etter det skulle Guds rike komme. Det skjedde ved Kristus. Men på Jesu tid var Romarriket eit femte storrike. Korleis skal vi forstå det?
Lat oss fyrst og fremst gå til profetien.
Dan.2,1 I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova. 2 Då sende kongen bod etter spåmennene, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane, og ville at dei skulle fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen. 3 Og han sa til dei: «Eg har hatt ein draum som gjer meg så uroleg i hugen. Eg ynskjer å få vita kva eg har drøymt.»
4 Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.» 5 Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug. 6 Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»
7 Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.» 8 Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast: 9 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»
10 Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar. 11 Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.» 12 Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.
13 Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel. 14 Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia. 15 Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg. 16 Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han.
17 Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt. 18 Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia. 19 Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen. 20 Han tok til ords og sa:
Lova vere Guds namn
frå æve og til æve!
For visdomen og styrken er hans.
21 Han lèt år og tider skifta,
set kongar av og set kongar inn.
Han gjev dei vise visdom
og dei vituge vit.
22 Han openberrar det djupe og dulde;
han veit kva som er i mørkret,
og hjå han bur ljoset.
23 Deg, mine fedrars Gud,
lovar og prisar eg,
for du har gjeve meg visdom og styrke.
No har du fortalt meg det vi bad om;
det kongen vil vita, har du kunngjort oss.
Daniel tyder draumen åt kongen
24 Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å drepa vismennene i Babylonia. Han kom og sa til han: «Drep ikkje vismennene i Babylonia! Før meg fram for kongen, så skal eg tyda draumen for han.» 25 Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.» 26 Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?» 27 Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen. 28 Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.
29 Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda. 30 Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.
31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. 32 Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; 33 leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.
36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder. 37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære! 38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. 39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. 40 Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre. 41 Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire. 42 At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. 43 Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire. 44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid. 45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»
46 Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han. 47 Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.» 48 Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der. 49 På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.
Set fjerde riket er det greske riket ved Aleksander den Store. Den vesle steinen er Kristus og hans rike. Steinen traff fotstykket, det fjerde riket altså, og slå det sunt, så heile biletstøtta ramla og slo seg sund, alle fire rika altså! Korleis då? Ved at Romarriket var alle desse fire rika til saman!
Dette ser vi av profetien om Dyret i Joh.Op.13, det likna på alle dei fire dyra i Dan.7.
Dan.7,1 I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.
2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til. 4 Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. 5 Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» 6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt. 7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.
9 Så såg eg:
Tronstolar vart sette fram,
og ein som var gamal av dagar, tok sete.
Hans klednad var snøkvit
og håret på hovudet hans som rein ull.
Hans trone var eldslogar
og hjula under brennande eld.
10 Ei elv av eld strøymde fram,
og ho gjekk ut framføre han.
Tusen på tusen tente han,
titusen på titusen stod framføre han.
Retten vart sett, og bøker vart opna.
11 Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast. 12 Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.
13 Så såg eg i nattsynene mine:
Sjå, med himmelens skyer
kom det ein som var lik ein menneskeson.
Han gjekk bort mot den gamle av dagar
og vart ført fram for han.
14 Han fekk herredøme, ære og rike;
folk og ætter med ulike språk,
alle folkeslag skal tena han.
Hans velde er eit evig velde,
det skal ikkje forgå;
hans rike går aldri til grunne.
15 Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg. 16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde: 17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda. 18 Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.»
19 Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene. 20 Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre. 21 Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei, 22 til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.
23 Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. 24 Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar. 25 Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid. 26 Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid. 27 Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»
28 Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta.
Joh.op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
5 Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader. 6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen. 7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag. 8 Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta. 9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.
11 Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake. 12 All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt. 13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk. 14 Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att. 15 Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret. 16 Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna. 17 Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet. 18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
Dette har eg skrive mykje om:
Det greske riket, ved Aleksander den Store vann over Persia og så prøvde Aleksander å gjer det til eitt rike. Grekarane var då den vinnande part og var sterkt som jernet, den tapande part vart svak som leire og det var ikkje lett å få jernet og leiren til å halde ihop. Dessutan var det ulike folkeslag med ulike kulturar. Denne motsetnaden var også i Romarriket, for å holde riket saman, keisaren fekk stor makt og vart dyrka som ein gud. Like vel vart det delt i eit Aust-Romarrike og eit Vest-Romarriket. Men korleis kunne då ein gud verte til to gudar? Denne motsetnaden heldt fram også etter at kristendomen vart statsreligion i Romarriket. Seinare vart det ein liknande motsetnad mellom Tsar-riket og det Tysk-Romerske keisarriket og Gardarriket kom i klemma mellom dei. Det svarar til Ukraina og så ser vi framleis ein liknande motsetnad no, der Ukraina kjem i klemma.
Sjå på steinbrotet de er tekne frå, ved gjenfødinga.
Jesajas sa til Israels-folket at dei skulle sjå på det steinbrotet som dei var tekne frå.
Jes.51,1 Høyr på meg,
de som jagar etter rettferd,
de som søkjer Herren!
Sjå på det fjellet de er hogne utor,
det steinbrotet de er tekne frå!
2 Sjå på Abraham, far dykkar,
og på Sara, som fødde dykk!
Han var berre éin då eg kalla han,
men eg velsigna han
og gav han ei talrik ætt.
3 Ja, Herren skal trøysta Sion,
trøysta alle hennar aude tufter.
Han gjer hennar øydemark lik Eden,
hennar aude hei lik Herrens hage.
Der skal fryd og glede råda,
der skal takkesong og jubeltonar lyda.
Steinen i Dan.2,45 var altså riven laus frå dette steinbrotet. Dei måtte først og fremt tru på Gud, slik som Abraham, for å sjå det slik at dei var steinar som kom frå same steinbrotet som han. Det var det dei alle var og skulle vere, som Guds born, dette var like fundamentalt som skapinga i 1.Mos.2, for Gud er den same, det ser vi i vers 3.
Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike for dei, dei måtte vende om og verte som born, ja, fødast på nytt for å sjå Guds rike og komme inni det. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd.
Men dei forstod det ikkje og gjorde opprør mot han, så dei vart til noko anna i staden. Det var då som syndefallet, derfor vart dei dømde. Men Kristus tok på seg straff for syndefallet og døde i staden for oss alle. Slik forsona Gud verda med seg.
Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Omskjeringa hadde ei symbolsk tyding. Det ser vi ved at Moses sa dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då av Guds nåde skulle få komme attende til landet sitt, skulle dei verte omskorne på hjartet og Paulus sa sidan at den nye pakta var hjarteomskjering i den Heilage Ande, poenget var at dei skulle få den Heilage Ande i hjartet og den skulle råda i deira døyelege lekam.
Dei jødiske leiarane forstod seg ikkje på dette og kravde at dei kristen skulle la seg omskjera på kroppen. Men dette var då som å hevde at den nye pakta ikkje var god nok, at hjerteomskjeringa i den Heilage Ande var ikkje bra nok, så dei ville skjere vekk noko meir, derfor kalla Paulus det sundskjering og skamskjering.
Relevans til vår tid.
Motsetnad mellom to forholdsvis like keisarrike.
Motsetnaden mellom Aust-Romarriket og Vest-Romarriket vart seinare til motsetnaden mellom Tsar-riket og det Tysk-Romerske keisarriket, der Gardarriket kom i klemma mellom dei. Det svarar til Ukraina og så ser vi framleis ein liknande motsetnad no, der Ukraina kjem i klemma.
For nokre få tiår sidan såg folka i Aust-Europa mot i det dei yngste seg fridom og demokrati. Dei venstre-radikale i Noreg såg med moral- og politisk-filosofisk avsky på denne fridomen og var derfor EU-motstandarar, men sidan at dei og sosialdemokratane arbeidt for å gjere Vest-Europa meir sosialistisk, spesielt med klima- og miljøpolitikk. Med krisemaksimering har dei argumentert for eit sterkt politisk leiarskap, som kunne løyse problema. Aller helst ville dei nok ha ei verdsregjering med ein keisar, men i staden ser vi ein liknande motsetnad som mellom Tsar-riket og det Tysk-Romerske keisarriket. To ulike sosialistiske system som strir mot kvarandre og det går fyrst og fremst ut over Ukraina.
Motsetnad mellom jødar og heidningar.
Dei jødiske leiarane avviste Kristus og læra hans. Nokre av jødane kom like vel til tru på han og nokre av dei meite at dei heidningane som kom til tru på han, skulle la seg omskjere. Muslimane gjekk med på det kravet og når jødane no møter muslimane både i Israel og i nabolanda, er det som om dei møter seg sjølve i døra.

