Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
På evangeliets grunnvoll vert Jesu kyrkje oppbygt som hans brud, det skjer ved Guds Ande.
Nokre tiår før Jerusalems fall, profeterte Jesajas om at dei skull få komme attende til landet sitt ved persarkongen Kyros.
Jes.44,28 Eg seier om Kyros:
«Han er min hyrding,
han skal fullføra alt det eg vil;
han skal seia om Jerusalem:
Byen skal byggjast!
og om templet:
Det skal atter verta grunnlagt.»
Jes.45,1 Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
…….
21 Ta til ords, legg fram dykkar sak,
ja, berre rådlegg saman!
Kven har kunngjort dette føreåt
og forkynt det for lenge sidan?
Er det ikkje eg, Herren?
Utan meg er det ingen Gud;
det finst ingen annan rettferdig og frelsande Gud.
22 Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
eit sanningsord har gått ut or min munn,
eit ord som eg ikkje tek att:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja meg truskap.
Persarriket var det tredje riket i Daniels profeti (Dan.2). Kong Kyros 2. den Store var den fyrste kongen i det persiske storriket. Han let Israels-folket fare attende til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka som hadde vorte bortførde. Han var den einaste heidningen som i det gamle testamentet vart kalla Guds Salvevigde. Han let Israels-folket fare heim att til landet sitt, det same gjaldt dei andre folka som var bortførde. Han vart eit førebilete på evangeliet om Kristus som skulle forkynnast for alle folkeslag. Kyros sette jødane til å bygge oppatt tempelet i Jerusalem. Det fekk motstand ved at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men profeten Sakarja forkynte for Josva og dei andre prestane at Gud ville la sin tenar Renning (Kristus) koma. Og han forkynte for byggherren Serubabel, at det skjer ikkje med hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.3,8&4,6).
Ja, Gud la ein hjørnestein på Sion, slik la han grunnvollen for eit nytt tempel og det er eit åndeleg byggverk.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»
Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss. Det gjeld for den einskilde, folka og nasjonane.
Sidan kristendomen kom til vårt land, fekk vi moglegheit til å verte Guds folk, det er det også vi ynskjer og ber om, at vi skal vere og verte.
Dette har eg skrive om her:
Og eg siterer:
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh.3,16). Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han, som han born og Jesu kyrkje skal tilhøyre han, som hans brud. Så han kalla Sions Dotter til å løyse seg frå banda om halsen, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia og komme ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Soleis er og blir Sions dotter Jesus brud og det er identiteten på kyrkja som er hans brud. Og det er berre på grunnlag av at han er Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, det er berre på grunnlag av at han betalte prisen for oss med sitt blod.
Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er ikkje menneskeverk, men Guds verk, han skaper noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
2.Kor.5,16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.
Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen. 15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske. 16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen. 17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. 18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande. 19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
SITAT SLUTT.
Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakt. Med den vil eg og kan eg representere folket for Gud og representere han for dei.
Synda skilde menneska frå Gud, det var menneska sitt mest fundamentale problem. Men med eitt syndeoffer tok Jesus den bort ein gong for alle. Då er det berre for oss å vende oss til han og vedkjenne vår synd for han, så vi får oppleve at han blod reinsar oss frå all synd og så fyller han oss med den Heilage Ande og den herleggjer han for oss som vår frelsar og Herre. Når vi framleis merkar syndeproblemet, så får vi berre framleis komme til han på denne måten. Det viktig for oss å halde fram med å påkalle han som vår frelsar og Herren og ære og takke han som vår frelsar og Herre. Slik er prestetenesta i den nye pakta.
Kristus er mellommann for den nye pakta, mellommann mellom Gud og Menneske. Jesus er vår øvsteprest for Faderen, som ber for oss og talar vår sak som vår advokat. Så har gjort oss til eit kongeleg presteskap, prestar for Kristus og Gud, så vi kan representere einskildmenneske, våre næraste, folket og landet overfor Gud og representere Kristus og Gud for dei.
Soleis har Jesus gitt meg prestetenesta i den nye pakt. Dette har eg skrive om her:
Og eg siterer:
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
…………
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om. Han sa at han la meg på altaret gang på gang, bodskapen 27.11.2022:
SITAT SLUTT.
Sentralt i denne prestetenesta er at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og framleis ber han om det. Det er inkludert i det fullførde frelseverket, så slik sett har han allereie gitt meg det og så skal eg bruke det han har gitt meg, ho skulle vere til hjelp for mannen og eg skal bruke den hjelpa. Eg skal glede meg i Herren og takke han for frelsa, så vil han gi meg dette som mitt hjarta attrår. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så då er det i den krafta eg får henne. Anden gjer levande det som blodet har gitt meg. Eg skal ta vare på den fagre skatten som er gitt meg i leirkar, ved fylden av den Heilage Ande og så bruke den nådegåva Gud har gitt meg.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen og det er i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Allereie når eg var ni år skjøna eg at denne frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og kone, som andre prioritet. Når eg bad slik, merka eg at Jesus var meg nær, som ein skugge ved mi høgre hand, slik vart eg kjend med han som min beste ven og sidan har han aldrig forlete meg og eg har aldri fornekta han. Dette var då ein svært så voksen tenkemåte for ein gutunge på ni år og det stemmer med at vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte han til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
I følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet, så individet må tilpasse seg naturomgjevnadane for å overleve, den som er mest veltilpassa, har størst sjanse for å overleve, det gjeld både det einskilde individ og arten. Slik er det for menneska også, men ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk med oss. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får vi kvile. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra det. Trua sine gjerningar er ikkje at vi s eller nokon annan skal prøve å gjer det i staden for han, men å overlate det til han å gjere det.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Vi møter krav om at vi må tilpasse oss verdsleg autoritetar, politisk, økonomisk og læremessige autoritetar, så vi kan oppleve ein motsetnad mellom dette og å bøye seg for Kristus, men han er suveren over desse autoritetane, som vår øvsteprest hos Faderen, som kongars konge og herrars herre, slik er det også med den openberringa han gir oss, så vi kan sjå forbi desse verdslege autoritetane og feste blikket på han. Han gir oss då den beste åndelege og forstandige innsikta.
Elles kan desse verdslege autoritetane verte som avgudar for oss og det verkar som å trakke ned føregardane til Guds tempel, slik verkar det drepande for det åndelege og sjelelege livet i samfunn med Gud som er ånd. Dernest kan det verke drepande for det økonomiske livet og det biologiske livet også. Slik vart det lagt lok på det åndelege livet med Gud og kravet om tilpassing verka til at eg la lok på den draumen som Jesu gav meg. Men han vil at eg skal ta den fram att og drøyme stort med han.
Jesus a til meg at eg måtte lære å skilje mellom kva det var eg skulle gjer og kva det var eg måtte overlate til han å gjere. Når eg gjekk på skule, studerte realfag, måtte eg bruke forstanden for å lære og forstå og når eg var i fysisk arbeid på ein trålar, måtte eg bruke min fysiske styrke også, til å gjere ein innsats. Men samtidig var det Gud som gjorde sitt verk i meg, ved sitt Ord og sin Ande. Så mi presteteneste er å komme til han og gi meg heilt til han og la han ta seg av mi sak og gjere sitt verk med meg og med oss.
Med denne prestetenesta kan eg representere andre også, nær sagt same kva dei driv med, kva slags jobb dei har, representere folket og landet, i samsvar med korleis eg var opplærde til å be, frå eg vare ein liten gutunge. Sentralt i dette er at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så ho vert til hjelp for meg, så eg skal bruke den hjelpa han gir meg.
Jesus sa til meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den, derfor kontakta eg leiarskapet i pinsekyrkja Tabernaklet i Bergen om mitt forhold til henne Virtuella, det kunne vere omlag i 1982. Og Jesus sa eg skulle vite at det hadde betydning for æva at eg kom no. Hausten 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i M40 og kontakta leiarskapet i kyrkjelyden om same saka.
Det er vel slik vi tenker og er opplærde, at når vi gir oss til Kristus, så skal vi også gjere det i ein kristen kyrkjelyd, det er ei presteteneste og den gjerast der, det er likevel ikkje avhengig av eit jordisk hus, for Jesu presteteneste er i den himmelske heilagdomen, så der er vår presteteneste også, han bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så vi skal komme etter han.
Jesus sa til eg at der var ein sjukdom mellom hans folk og at eg har fått kjenne noko av den sjukdomen i meg, men han ville lækje den. Eg skjøna at det var fordi den kjøtlege lysta opponerte mot Anden, slik som Paulus skreiv om i Romarbrevet og slik var kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Seinare har eg oppdaga at slik opplevde Jeremias det også, sidan folket hadde falle ifrå Herren.
Jer.14,17 Dette ordet skal du tala til dei:
Tårene renn frå augo mine
natt og dag, utan opphald.
For folket mitt, den unge dotter,
har falle heilt i hop
og fått eit ulækjande sår.
18 Går eg ut på marka,
ser eg folk som er drepne av sverd,
og kjem eg inn i byen,
ser eg dei som pinest av svolt.
Jamvel profetar og prestar
må fara til eit land dei ikkje kjenner.
19 Har du reint støytt Juda frå deg,
kjenner du berre motvilje mot Sion?
Kvifor har du elles slege oss
så det ikkje finst helsebot for oss?
Vi har vona på fred og lukke,
men det kjem ikkje noko godt;
vi har venta ei tid med lækjedom,
men sjå, det er redsle som rår.
Jeer.10,19 Ve meg, for eit slag!
Ulækjande er mitt sår.
Dette er berre ei liding
som eg må tola, tenkte eg.
Nokre år seinare sa Jesu til meg at han er livet som vart planta i meg og han ville vinne skapnad i meg og gjere sin kyrkjelyd til ei moden brud. Det er ved at vi veks opp til han som er hovudet for lekamen.
Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/06/11/ny-tid-25-den-glade-bodskapen-er-at-gud-sende-sin-einborne-son-for-a-frelse-oss-tek-vi-imot-i-tru-far-vi-ei-himmelsk-glede-sa-vi-med-glede-bringer-den-vidare-til-andre/
Og eg siterer:
M40. Søndag 16. februar 1997.
Tyding av tungetale, (Ved Finn-Arne Lauvås):
«Ja, sier Herren, da du kom til meg, da ble du et Guds barn, ved syndenes forlatelse. Gjennom syndenes forlatelse brøt det nye lyset fram i ditt indre. Se, sier Herren, min frelse er mer enn dette. Og du skal se det som er større enn dette. For – ved det nye lyset som brøt fram, ble også min natur, meg selv, ble plantet i deg. Og dette frø, sier Herren, det rommer alle mine muligheter. Det rommer alle mine dufter, alle mine farver skal komme til syne i min menighet. Derfor, sier Herren, vær ikke for smalsporet, vær ikke for trangsynt, men utvid deres hjerter. For det liv jeg har plantet i dere har ingen grenser. For det er jeg, den grenseløse, bor i mitt folk. Utfra mitt folk, utfra min bolig, vil jeg bringe min herlighet. Ja, sier Herren, i Jerusalem, Samaria, Judea, men like til jordens ender. Se, det er ingen grense på det du har. Derfor la dette strømmer ut gjennom deg. Det skal frelse deg fra din eget mørke og din egen ørken, men det har også kraft i seg til å forvandle dine omgivelser. Slik at du ikke bare ser meg som en som tilgir deg, men kongen selv kommer til syne i deg, så du begynner å vandre kongelig, du begynner å vandre på et kongelig plan, sier Herren. Fordi min natur er også kongens natur. Min natur er regjerende, slik at det du før ble dominert av, det beseirer du i kraft av det nye livets vesen, sier Herren. Derfor – ta deg ikke sammen i din egen kraft, men opplat ditt hjerte, vidt opp, og din munn vidt opp, og jeg skal fylle deg, så det flyter over, sier Herren. Min kraft fullendes på tross av din skrøpelighet – og i din skrøpe-lighet.
Og når dette nye livets vesen bryter fram fra ditt indre, da beseirer det din nedtrykkthet, ja, det mørket som har holdt deg nede, det brytes, sier Herren. Ja, sier Herren, når jeg tenner igjen den gave som jeg har lagt ned i ditt indre, så blir det en avgjorthet. Passiviteten, oppgittheten, mørket, alt dette her som vil paralysere deg, må vike, for det nye livets vesen. For det er min oppstandelseskraft jeg har plantet i deg. Derfor gi meg rom, sier Herren, la ikke mørket dominere deg, men la meg få rom, la meg få plass i ditt liv. Og utfra ditt indre, ikke ifra et spesiellt sted, geografiske, men fra ditt indre, skal det som skriften har sagt, renne strømmer, fra ditt liv, sier Herren, skal det renne strømmer av levende vann. Det har jeg talt om den Ånd og det liv som jeg har plantet i deg.»
DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997
Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:
«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.
Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.»

