Ny Tid 105. Endetidssyn 81. Til fridom har Kristus frigjort oss. Pass derfor på denne fridomen, lev i den og nytt deg av den. Ta vare på den fagre skatte Gud har gitt deg i leirkar. Kveik nådegåva han har gitt deg og bruk den. 3. Kvar den som tørstar og kvar den som vil, kan komme og drikke av livets vatn, så det verte i deg ei kjelde som veller opp til evig liv. Då blir det Gud som verkar i deg både å vilje og å virke etter hans vilje. 

Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.

Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.

Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre. 

Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.

2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld.  6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.  

2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.

2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg!  7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.  

Kvar den som tørstar og kvar den som vil kan komme og drikke av det levande vatnet.

Visdomen til dei gamle vise var kort sagt at dei skulle ottast Herren og halde seg heilhjarta til han.

5.Mos.6,4 Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.  5 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt. 6 Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt.

S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,

vend øyra til og høyr mine ord! 

21 Slepp dei aldri ut or syne,

gøym dei djupt i hjarta! 

22 For dei er liv for den som finn dei,

og helsebot for heile kroppen. 

23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,

for livet går ut frå det.

24 Hald deg frå falske ord,

bruk aldri lippene til svik!

25 Lat augo dine sjå beint fram,

fest blikket på det som ligg framføre deg!

26 Legg merke til dei far du skal fylgja,

hald heile vegen stø kurs!

27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,

hald foten din frå det som er vondt!

S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,

rennande vatn or di eiga kjelde!

16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,

bekkene dine strøyma på torg og plassar!

17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv

og ikkje dela dei med andre.

18 Då skal kjelda di vera velsigna.

Gled deg over din ungdoms kone,

19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!

Fryd deg støtt ved hennar barm,

lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Men dei fall ifrå Herren, kjelda med det levande vatnet.

Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:

Dei har gått bort frå meg,

kjelda med levande vatn,

og hogge seg brunnar,

leke brunnar som ikkje held vatn.

Jer.17,13 Herre, du Israels von,

alle som går bort frå deg,

skal verta til skammar;

dei som vik frå deg i landet,

skal skrivast opp.

For dei har gått bort frå Herren,

kjelda med levande vatn.

Jer.29,12 Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.  13 Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta,  14 lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

Jesus forkynte at dei som tørsta kunne komme til han og drikke av det levande vatnet.

Joh.4,13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»  15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

…..

21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.  23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»  25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.»  26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka.  38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Joh.Op.22, 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Jesus er Sanninga som set oss fri, han er Livet som lever i oss. Vi får oppleve hans gode vilje i oss, slik at vi erkjenner at det også er vår vilje.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Djevelen er Lygnaren. Som motsetnad til dette er Jesu Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.  37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.  38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.  40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.  41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.  43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.  45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?  47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

Kristus er livets brød, som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Vi har smaka og kjent at Herren er god. Gud er den same no, så han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han er den nye naturen, som Gud gir oss frå himmelen og som lever i oss. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han elskar kvinna gjennom mannen, slik elskar mannen si brud og si kone. Ho svarar på hans kjærleik, fyrst og fremst til Kristus, som ei rein brud så til sin brudgom og ektemann også.

1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.  8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.  9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.  10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.  11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.  14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.  15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud.  16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.  18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.  19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.  20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.  21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Ef.2,1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.

4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg.  10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og gitt Son sin til soning for våre synder. Vi elskar fordi han elska oss fyrst, så vi elska han og takkar han som vår frelsar og Herre.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Kristus er vår øvsteprest hos Faderen, han ber for oss og talar vår sak for Faderen, han representerer oss for Faderen og så representerer han Faderen for oss.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Han er kongars kone og representerer folk, nasjonar og kongar overfor Faderen og representerer Faderen overfor dei. Han har gjort oss til eit kongeleg presteskap ved at han er vår øvsteprest og at han er kongars konge. Soleis kan vi også be for einskildmenneske, folk og nasjonar, representere dei overfor Faderen og representere Faderen og Sonen overfor dei.

1.Tim.3,15 Men skulle det drya, vil eg at du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds kyrkje, sannings støtte og grunnvoll.

16 Det må alle sanna at løyndomen i vår gudstru er stor:

Han vart openberra i menneskeskapnad,

vann sin rett i Anden,

vart sedd av englar,

forkynt for folkeslag,

trudd i verda,

oppteken i herlegdom.

Ef.3,14 Difor bøyer eg mine kne for Faderen,  15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande,  17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.  18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,  19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,  21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Gud verkar i oss med si kraft og kan gjere mykje meir enn det vi ber om (v.20), då må vi også ære og takke han for det. 

Fil.2,4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre.  5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 

6 Då han var i Guds skapnad,

heldt han det ikkje for eit rov

å vera Gud lik. 

7 Men han gav avkall på sitt eige,

tok på seg ein tenars skapnad

og vart menneske lik.

I si ferd var han som eit menneske;

8 han nedra seg sjølv

og vart lydig til døden,

ja, døden på krossen. 

9 Difor har Gud storleg opphøgt han

og gjeve han det namn

som er over alle namn, 

10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,

i himmelen, på jorda og under jorda, 

11 og kvar tunge sanna:

Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære! 

Som ljos i verda

12 Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age.  13 For det er Gud som verkar i dykk både å vilja og å gjera etter hans gode vilje. 14 Gjer alt utan misnøye og motseiing, 15 så de kan vera lytelause og reine, Guds ulastande born midt i ei vrang og vond ætt. Mellom dei skin de som ljos i verda  16 med di de held fast på livsens ord, og eg skal få den ros på Kristi dag at strevet og livsverket mitt ikkje har vore til fånyttes.  17 Om eg sjølv skal ofrast medan eg gjer mi heilage teneste og ber dykkar tru fram som offer, så er eg likevel glad, og eg gleder meg saman med dykk alle.  18 Så må de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.

Gud verkar i oss både det å ville og gjera etter hans gode vilje (v.13). Kvar vart det då av vår frie vilje? Vi opplever det som godt og rett at Gud verkar i oss både å ville og verke etter han vilje, så vi kan seie at slik er og blir vår vilje også, slik er det å leve i den kristne fridomen.

Vi har fri vilje og kan ynskje oss mykje, men så klarer vi ikkje å gjennomføre mesteparten av det. Men når Gud verkar i oss til å vilje og virke etter hans vilje, kan vi få oppleve at han gjer mykje meir enn vi forstår å be han om. Ved å tru på Faderen og Sonen, får vi sjå det i eit æve-perspektiv.

Profetiske bodskapar ved Elin Therese Slotten.

I byrjinga av 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskapar på facebook og youtube og eg oppfatta det som bodskapar til meg. I det siste (3-4 månadar) har Elin Therese Slotten kome med korte profetiske bodskapar som ho har talt over med sine eigne ord. Ja, den som talar profetisk talar forståelege ord til oppbygging av kyrkjelyden og brukar vitet sitt til det også. Eg har samla mykje av det her og kommenterte det også: 

 Jesus ser at du er misforstått og forkasta. (26.1.2026).

Ein slik bodskap var at Jesus ser at du er misforstått og forkasta. Som kommentar sa ho at det kan vere kristne som har ei slik haldning til deg, fordi dei er umodne, men ver du den vaksne som overser det.

ETS24.2.2026. Du føler Gud er langt borte, men døra er open for deg.

Ny sesong for deg. Døra står open for deg, så du kan gå inn og ete av livets brød. Vekse opp til manns modenheit.

«https://www.youtube.com/watch?v=vVLyXub96Kw»

Her talte ho også om splitting i kyrkjelyden fordi dei kristne var umodne (1.Kor.3,1….). Men ver du den vaksne.

Du er ikkje åleine, din kamp er ikkje din, men min. Profetisk bodskap ved ETS 12.3.2026.

Eg skreiv om at Gud verkar i oss både å ville og verke etter hans vilje og han er i stand til å gjere langt meir enn kva vi forstår å be han om. Då oppdaga eg at Elin hadde kome med ein ny profetisk bodskap og den høver då svært så godt som svar på det som eg skreiv om.

«https://www.youtube.com/watch?v=M1NTmVzyZRI».

«https://blessings-from-heaven.com/2026/03/12/du-er-ikkje-aleine-din-kamp-er-ikkje-din-men-min-profetisk-bodskap-ved-ets-12-3-2026/» 

Ho byrja med å lese

2.Kong.6,15 Tidleg andre morgonen, då tenaren åt gudsmannen stod opp og gjekk ut, fekk han auga på ein hær med hestar og vogner som låg rundt byen. «Å, herre, kva skal vi no gjera?» sa guten til Elisja. 16 Han svara: «Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei.»  17 Så bad Elisja til Herren og sa: «Opna augo åt guten, så han kan sjå!» Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja.

18 Då aramearane kom ned mot Elisja, bad han til Herren: «Vildra synet på dette folket!» Herren gjorde som Elisja bad, og vildra synet deira.

Profetisk bodskap:

«Du er ikkje åleine».

«Dine kampar er ikkje dine kampar åleine, du tilhøyrer meg.»

Ho fekk denne bodskapen og skreiv den ned:

«Frykt ikkje, for det er fleire med deg enn det er med dine motstandarar. Du er aldrig åleine. Og eg står saman med deg, tett ved din side. Eg har gitt deg min autoritet, du er ikkje hale, men hovud. Du er elska og du er sett av meg.»

Og så fekk ho denne bodskapen:

«Eg ser at du er sliten og du har kjempa lenge. Eg ser at du har vore trufast i mange ting, du har stått støtt, når andre har falt. Og du har ikkje gitt opp. Og eg seier til deg no; ikkje gi opp. For eg er med deg, frykt ikkje, for du er min.»

Og så fekk ho dette bibelverset:

Jes.40,29 Han gjev den trøytte kraft,

og den som ingen krefter har,

gjev han stor styrke.

Ho vart minna om ein sang: «This is how we fight our battles».

Tilbe Gud, et Herren (Jesus er livets brød, Joh.6), slik vert du sterk i kampen.

Så fekk ho desse orda:

«Kom til meg, la meg få lov til å fylle deg, med mitt liv, min fred min kjærleik og mitt nærvær. La meg få kjempe for deg. Gi meg alt. La meg få lov til å vere saman med deg – han ynskjer å vere saman med deg – og la meg få lov til å fylle deg med mitt nærvær, så eg kan få lækje alle dine sår. (Det er det han ynskje, han ynskjer å lækje deg og fylle deg). La meg få opne dine auge, så du kan sjå det som eg ser. Så du kan få ørneperspektiv, så du kan få ørnevenger og sjå frå himmelsk perspektiv, kva som er svaret, kva som er løysinga. For du er ikkje åleine og det er fleire med deg enn med dine motstandarar.» 

Kommentar; Jesu ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han.

Denne bodskapen minna meg om at Jesus sa han ville stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik ifrå han. Sitat frå 

https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2009-05-10-m-finn-vegen-til-a-skode-jesus-i-hans-herlegdom/ :

MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18.

Tale ved Roar Grande.

Tyding av tungetale, (ved Roar Grande)Mp3-opptak:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren,  sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike  og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst.   Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din   kjærleik frå  meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.»

SITAT SLUTT.

Eg tenkte meg at han ville stige ned og befrukte min kjærleik frå han først og fremst til henne som han ville gi meg til kjæraste og til kone, så slik ville det kjærleiksforholdet forsterkast og komme i stand som eit ekteskap. Dette hang saman med at han elske si kyrkje som si brud. Soleis ville han også befrukte min kjærleik frå han til mine næraste. Han tek ansvar og omsorg for meg og mine nære relasjonar.

Eg fekk oppleve at han openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og ei jente som eg vart glad i og som eg bad for. Gud er kjærleik og Jesus elskar oss med kjærleiken frå han og eg opplevde det det slik at han elska henne gjennom meg. Det gjaldt både henne Virtuella og henne Reella, så eg tenker meg at Jesus vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik til dei begge. Ja, han ville gjere meg til kanal for si velsigning og eg tenkte meg at det var til dei begge.


Leave a comment