Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Men ho skjøna det ikkje og vart ei hore og vart straffa for det. Gud ville føre henne ut i øydemarka og der ville han tale venleg til henne igjen.
Moses sa til Israelsfolket at dei skulle vere Guds born, men han var førebudd på at dei kom til å gjere opprør. Seinare profetar sa at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born altså. Han hadde omsorg for henne og borna hennar, men ho skjøna det ikkje og vart ei hore, ved at ho dyrka avgudane til folka rundt dei. Ho brann av lyst etter at elskarane hennar skulle røre henne fysisk, vi kan forstå det som motsetnad til at Gud som er ånd skulle røre ved henne, soleis var altså motsetnaden mellom avgudane laga av stokk og stein og Gud som er ånd. Derfor tok han bort omsorga si for henne og då gjekk det henne ille, landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men sidan ville han ta henne til nåde igjen.
Esekiel.23,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor. 3 Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm. 4 Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.
5 Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne, 6 statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest. 7 Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira. 8 Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne. 9 Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter. 10 Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.
11 Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv. 12 Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman. 13 Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen.
Borna han fekk med henne fekk pubertetstrass og gjorde opprør som om dei ikkje var borna hans like vel.
Jes.1,2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3 Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.
….
12 Når de kjem fram for mitt åsyn,
kven krev då av dykk
at de skal trakka ned mine tempelgardar?
……
Kom, lat oss gjera opp vår sak! seier Herren.
Om syndene dykkar er som purpur,
skal dei verta kvite som snø;
om dei er raude som skarlak,
skal dei verta kvite som ull.
19 Er de viljuge og lyder,
skal de få eta det gode i landet.
20 Men er de uviljuge og trassige,
skal de verta oppetne av sverd.
Dette er ordet frå Herrens munn.
Jerusalem skal dømast og reinsast
21 Å, at den trufaste byen
skulle verta ei skjøkje!
Full av rett var han,
rettferd budde der inne,
men no – mordarar!
22 Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din er blanda med vatn.
23 Dine styresmenn er opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar dei muter
og jagar etter gåver.
Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett,
og enkjers sak tek dei seg ikkje av.
24 Difor seier Herren, Allhærs Gud,
Israels Veldige:
Ve, eg vil sløkkja harmen min
på mine motstandarar
og hemna meg på mine fiendar!
25 Eg vil venda mi hand imot deg,
reinsa ut ditt slagg som med lut
og skilja ut alt ditt bly.
26 Så vil eg atter gje deg domarar
som dei du hadde før,
og rådgjevarar som i den fyrste tid.
Sidan skal du kallast
Rettferdsby og Truskapsstad.
27 Ved rett skal Sion løysast ut,
ved rettferd dei som vender om.
28 Men brotsmenn og syndarar skal knusast,
dei som vender seg frå Herren,
skal gå til grunne.
Men han sa til dei at dei burde heller ta eit oppgjer med mor si.
Hoseas.2,2 Før klagemål mot mor dykkar,
før klagemål mot henne!
For ho er ikkje kona mi,
og eg er ikkje mannen hennar.
Lat henne få horemina bort frå andletet
og horemerket frå barmen!
3 Elles skal eg kle henne naken
og stella henne fram som ho var
den dagen ho vart fødd.
Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,
og la henne døy av torste.
4 Borna hennar vil eg ikkje miskunna,
for dei er horeborn.
5 For mor deira var utru,
ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.
Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,
som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
6 Sjå, difor vil eg stengja
vegen for henne med klunger.
Eg reiser ein mur framføre henne,
så ho ikkje finn sine stigar.
7 Når ho renner etter sine elskarar,
skal ho ikkje nå dei att;
når ho leitar etter dei,
skal ho ikkje finna dei.
Då skal ho seia: «Eg vil attende
til min fyrste mann,
for eg hadde det betre då enn no.»
8 Ho skjøna ikkje at det var eg
som gav henne kornet, vinen og oljen,
som gav henne sølv og gull i mengd,
som dei bruka når dei dyrka Ba’al.
9 Difor vil eg ta att kornet mitt, når den tid kjem,
og vinen min, når tida er komen.
Eg vil ta bort ulla mi og linet mitt,
som skulle løyna hennar nakne kropp.
10 No vil eg kle henne naken
beint for augo på hennar elskarar,
og ingen skal fria henne ut or mi hand.
11 Eg gjer ende på all hennar glede,
hennar festar, nymånedagar og sabbatsdagar,
alle hennar høgtider.
12 Eg øydelegg hennar vintre og fikentre.
Om dei har ho sagt: «Dei er mi løn,
som mine elskarar gav meg.»
Eg gjer dei til villskog,
og dyra på marka skal eta dei.
13 Eg krev henne til rekneskap for dei dagar
då ho brende offer for Ba’al-gudane,
pynta seg med ringar og kjeder
og gjekk etter sine elskarar,
men gløymde meg,
lyder ordet frå Herren.
Gud tek Israel til nåde att
14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.
23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
«Mor Israel» vart mor til Kristus, Guds Son, og Sions dotter vart Kristi brud.
Ho vart bortførde til Babylonia, men det var Herren som førde henne ut i øydemarka og der ville han tale venleg til henne igjen, som i ungdomsdagane, når han førde henne utifrå Egypt, slik ville han la henne komme attende til landet sitt (v.14-15). Denne profetien får vi oppfylt ved at Sions Dotter er Jesu brud, det er idetiteten til den kristne kyrkja.
Joh.1,9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
…..
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»
………
13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
……….
27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Her ser vi at vi skal lyde Kristus ved å tru på han. Korleis høver det med å ha ein fri vilje då? Sidan vi er fødde på nytt, er det vårt ynskje og vilje å tru på han og elske han. Gud er kjærleik, Jesus elskar oss med kjærleiken frå han og vi elskar han fordi han elska oss fyrst.
1.Joh.4,7 De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.
17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.
Gud er kjærleik og Jesus elska oss med kjærleiken frå han, slik vann han si kyrkje som si brud, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik, som ei brud som er forelske i sin brudgom vil ho vende seg til han, sjå på han, elske han og leve for han.
1.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Draken og «Mor Israel».
Men når Gud sende Kristus til Israel, viste det seg at mange av dei atter hadde vendt seg bort frå han, på same måten som ved «Mor Israels» fråfall, så dei ikkje ville ta imot hans bodskap om gjenføding, så dei kunne verte Guds born, slik som Moses hadde sagt at dei skulle vere. I staden ville dei drepe han fordi han sa han var Guds Son og ville drepe dei som tok imot han og som dermed vart fødde på nytt, så dei vart Guds born. Det er rart at mange jødar enno ikkje har forstått dette, når dei les i sine eigne heilage skrifter er det som om dei enno ikkje har lært seg å lese.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Men nokre av dei var gudlege, soleis var no «Mor Israel» Guds kone og vart mor til Kristus, Guds Son og dermed mor til dei som tok imot han, så dei vart fødde på nytt og vart Guds born. Like vel måtte ho atter fare ut i øydemarka, ikkje akkurat så at ho vart teken til fange og bortførd, men det var ho sjølv som tok røminga ut i øydemarka.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.
Vende om og verte som born for å komme inn i Guds rike.
Profetane i det gamle testamentet forkynte for Israels-folket at dei måtte vende om til Herren, for å finne berging.
Jer.3,6 Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der. 7 Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om.
Det såg den trulause systera hennar, Juda. 8 Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg. 9 Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre. 10 Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren.
11 Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, har mindre skuld enn den trulause, Juda. 12 Gå og rop ut desse orda mot nord:
Vend om, du fråfalne Israel!
lyder ordet frå Herren.
Eg ser ikkje lenger på deg med harme,
for eg er miskunnsam,
lyder ordet frå Herren,
eg vil ikkje evig vera vreid.
13 Berre vedgå di skuld,
at du har gjort opprør mot Herren din Gud.
Du fór ikring etter framande gudar
– under kvart grønt tre,
du høyrde ikkje på meg,
lyder ordet frå Herren.
Samlinga på Sion
14 Vend om, de fråfalne søner! lyder ordet frå Herren. For eg er herren dykkar. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei ætt, og føra dykk til Sion. 15 Eg vil gje dykk hyrdingar etter mitt hjarta, og dei skal vakta dykk med kunnskap og skjøn. 16 Når de aukar og veks i landet i dei dagane, lyder ordet frå Herren, skal dei ikkje lenger tala om Herrens paktkiste eller koma henne i hug. Dei skal ikkje tenkja på henne og ikkje sakna henne, og det skal aldri lagast ei ny kiste. 17 På den tid skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol. Der skal alle folkeslag samlast – til Herrens namn, til Jerusalem. Dei skal ikkje lenger fylgja sitt vonde og harde hjarta.
18 I dei dagane skal Juda-ætta gå i lag med Israels-ætta, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til odel og eige.
Jeremias profeterte om at dei skulle verte bortførde til Babylonia og her forkynte han at dei måtte vende om til Herren, som om dei allereie var bortførde. Når Babylonarkongen Nebukadnesar hærtok landet, forkynte han at dei måtte berre overgi seg frivillig og så forkynte han Guds nåde og miskunn til dei som vart bortførde.
Til samanlikning forkynte Jesus at dei måtte vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
Og så profeterte han om at tempelet skulle leggast i grus.
Matt.24,1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane. 2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
Men dei som høyrde på Kristus og kom til tru på han, fekk komme inn til Guds kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Jesus, den store øvstepresten
Hebr 4,14–10,18
Prøvd i alt
14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

