Til fridom har Kristus frigjort oss. Pass derfor på denne fridomen, lev i den og nytt deg av den. Ta vare på den fagre skatte Gud har gitt deg i leirkar. Kveik nådegåva han har gitt deg og bruk den. 1.
Leve i fridomen i barnekåret hos Gud.
Du kan fritte velje fire kort frå ein kortstokk. Ynskjer du fire kongar er du svært så heldig om det blir det. Men dersom du ser alle korta plukkar du enkelt opp dei fire korta du ynskjer. Så det er eit spørsmål om å vere informert. Vi har fri vilje, men vi er avgrensa og klarer ikkje å gjennomføre alt det vi ynskjer.
Men Daniel profeterte om fire store kongerike og det første var allereie kome. Det var Gud som gjorde sitt verk, han talte og det skjedde, han skapte framleis og gjennomførde det han hadde sett seg føre.
Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi får barnekår hos Gud, i staden for trælekår, slik er det frigjerande og så får vi oppleve at han er mektig nok til å ta omsorg for oss som sine born.
2.Kor.4,5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.
2.Tim.1,14 Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den Heilage Ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det.
2.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, like vel er det mange som hevdar det er ein illusjon.
Sjølvsagt har vi ein fri vilje, vi kan godt påstå at det er intuitivt rett og sant, utan å trenge å grunngi det utifrå erfaring. Men vi erfarer det også, vi opplever det i vårt daglege liv og vi får lov til det, sidan vi lever i eit fritt land.
Like vel er det mange «lærde» som hevdar at fri vilje er ein illusjon, men sidan vi både kan hevde at det er intuitivt rett og at vi erfarer det i vårt daglege liv, må vi då kunne konkludere med at «problemet» er at dei vise og lærde ikkje forstår det med sin visdom og lærdom. Og korleis kan dei kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, utan å innrømme at vi har ein fri vilje? Vil det ikkje då heller utarte seg slik at til tross for at dei hevdar å kjempe for fridom, menneskerettar og demokrati, så gjer dei ikkje det like vel. Er det kanskje ikkje nettopp det som tydeleg viser seg i vår tid? Dersom vi like vel hevdar at vi har ein fri vilje, så kan vi vel erkjenne det og hevde det og forsvare det, så vi postulerer det og hevdar det som ein menneskerett.
I kombinatorikk talar vi om kor mange måtar vi fritt kan velje ein kombinasjon og brukar det til å rekne ut statistisk sannsyn. Du kan til dømes fritt velje fire kort frå ein kortstokk. Dersom du ynskjer å velje fire kongar, så kan du vel legge korta utover bordet slik at du ser alle korta og så plukkar du opp dei fire kongane. Dersom du må velje frå kortstokken, utan å sjå korta, kan du framleis fritt velje fire kort, men du må ha kjempeflaks om det vert dei fire kongane, slik du yngste. Mest sannsynleg får du det ikkje slik som du yngste, sjølv om du fritt kunne velje. Sjølv om du veit kva du ynskjer og er fri til å velje, så veit du ikkje kva du vel, vi ser at det er eit spørsmål om å vere informert. I praksis er det slik at sjølv om du har fri vilje og du set deg mål som du ynskjer å oppnå, så eg det ikkje sikkert du klarar å gjennomføre det. Det blir gjerne eit spørsmål om makt også.
Men så er det mange som hevdar at vår frie vilje er ein illusjon. Då må vi vere på vakt mot det som vil lure frå oss fridomen, for å prøve å få makt over oss. Dette har eg skrive om her:
Kong Nebukadnesar fekk ein draum og Daniel tyda den slik at der skulle komme fire store kongeriket, det første var riket til kong Nebukadnesar. Gud gjorde soleis klart kva som var hans plan og han viste si makt ved at han gjennomførde den.
Det andre riket var Media og det tredje var Persia. Persarkongen Kyros let Israelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre bortførde folka også. Og så sette han Israels-folket til å bygge oppatt tempelet til «Himmelens Gud» i Jerusalem.
Det fjerde riket var det greske riket, ved Aleksander den Store. Profeten Joel profeterte om fienden frå nord og då tenker eg fyrst og fremst på dette riket, men det kunne også vere dei siste kongane i Persia. Joes sa til folket at dei måtte audmjuke seg for Herren, be om nåde og be han frelse dei frå fienden. Så profeterte han om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, då skulle folk få draumar og tale profetisk. Dette er profeti om evangeliet om Kristus, men på Jesu tid hadde romarane for lengst teke makta i landet. Israels-folket måtte framleis audmjuke seg for Herren og det vart ved å bøye seg for Kristus. Men så veit vi korleis det gjekk, han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje imot han.
Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, slik er den draumen og visjonen han gav oss.
Dei vise i Babylonia meinte dei kunne tyde Nebukadnesar sin draum, om han berre fortalde dei draumen, så dei ville i alle fall prøve seg på det. Men Nebukadnesar kravde at dei skulle vite draumen også, så dei kunne fortelje den først, elles skulle dei døy. Dette kravet var heilt uhyrleg for dei, men så bad Daniel Gud om å få vite draumen og tydinga og kom med den. Slik redda han både seg sjølv og dei andre vismennene. Då var det så heilt tydeleg ein profeti både om den tida han levde i og tida som kom.
Joel profeterte om at Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt, både lærde og ulærde, frie og trælar, så dei skulle tale profetisk, og få draumar. Draumane kunne vere visjonar for framtida, sjølv om dei var gamle. Ja, for Jesus frelser oss frå døden og gir oss evig liv, i den trua og vona kan vi seie at vi er frelste, vi trur oss frelste einast fordi Kristus døde i staden for oss.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
32 ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira,
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt,
den pakta med meg som dei braut,
endå eg var deira rette herre, seier Herren.
33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik får vi barnekår hos Gud og då er det viktig for oss å leve i fridomen i barnekåret og vakte på fridomen vår.
Då er det svært så rart at den Katolske Kyrkja hevda at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane, så paven kalla seg far for folket, i staden for at dei skulle kalle himmelens Gud for sin far. Korleis blir det då når Gud utgyter sin Ande over alt kjøt, så unge menneske får syner og talar profetisk og gamle får draumar? Då har altså desse «vismennene» framstilt seg sjølve som så vise at dei dei skal kunne vite det på førehand, så dei kan fortelje profetien, synet og draumen utan å høyre på den som tala profetisk, den som fekk synet eller draumen. Og kva med visjonen det gav dei, korleis fekk dei den? Ved at dei bad til Faderen på sin måte, så dei kan forstå det som svar på deira bøn. Sjølvsagt er denne framstillinga til desse «vismennene» feil, då må dei vel kunne krevjast til rekneskap for det?! Dette vert altså dess klarare når Gud utgyt sin Ande over alt kjøt.
I vår tid ser vi at det er mange som prøver å framstille seg sjølve som så fundamentalt betrevitande, men vi må berre halde fram med å vende oss til Kristus og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen og vere trufaste mot han.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
I vår tid vert det vel også klart at denne «kunnskapen» og «visdomen» som dei gjer seg til av, eigentleg er som nedtrakkinga av føregarden til Guds tempel, ja, heile heilagdomen. Denne motsetnaden finn vi igjen i filosofihistoria ved at dei kristne kom i forsvarsposisjon overfor filosofien og makta til dei «lærde» og mektige, så dei utvikla ein apologetisk (unnskyldande) teologi. Og vi finn det igjen ved at filosofiske idear stadig erstattar tidlegare filosofiske idear, som om tidlegare idear var heilt feil, men det som viser seg i dette er at dei stadig prøver å forgude seg med sin kunnskap. Eg tenker spesielt på at liberalistane hevda at rasjonalistane tok feil. Rasjonalistane, spesielt ved Descartes, hevda at når vi erkjenner sanninga, så set den oss fri. Det er det mange andre filosofar som har hevda også og slik er den frigjerande bodskapen i evangeliet om Kristus, så det er min posisjon også. Når liberalistane fornektar den sanninga og kallar det frigjering, så er det dårskap og det er som å trakke ned føregardane til Guds tempel. Hugs at fridomen deira var for ei lærd og herskande overklasse og slik vart motsvaret i den filosofiske retninga Kant – Hegel – Marx også. Begge sider er samde om at menneska ikkje har fri vilje, det betyr i praksis at deira sinn er som tabula rasa som andre skriv på, så dei vert indoktrinerte og programmerte av dei som framstiller seg sjølve som den lærde overklassa, som skal regjere som gudar over menneska. Med Hobbes mekanistiske verdsbilete/menneskesyn skipar dei samfunnskontrakt over hovudet på folk, så fundamentalt at det endå til erstattar den nye pakta i Bibelen, men då er det dei som prøver å gjere seg liksom Gud med sin kunnskap, for å erstatte han.
Men vi har då ei annan kunnskapsforståing enn dette, vi prøver ikkje å forgude oss med vår kunnskap, men vi tenker som so at Gud oppseder og lærer oss opp med sitt Ord og sin Ande, då møter han oss på det nivået vi er på, vi får tenke og tale på det nivået vi er på, slik får vi lære og forstå meir og meir.
Det primære for oss er å ta imot Jesus, ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, slik tek vi også imot visdomen som Gud gir oss frå himmelen.
Jak.1,17 Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. 18 Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred.
Jesus har gitt meg ein draum og ein visjon som han vil setje i verk.
Jesu har gitt meg ein draum og ein visjon som han vil setje i verk, då er det som ein profeti som han oppfyller i mitt liv og i si kyrkje.
Sjølvsagt har vi fri vilje, men vi klarer ikkje å gjennomføre alt det vi vil og ynskjer. Sjølvsagt har Gud fri vilje, men skilnaden er at han klarer å gjennomføre det som han vil og ynskjer. Korleis blir det då om vi vil noko anna enn det han vil? Då vert det verst for oss.
Men alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Gud er god og han veit kva vi treng betre enn kva vi gjer sjølve, han gir oss sin Ande, som om det er vårt mest fundamentale behov.
Luk.11,11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Han veit betre enn oss kva som er rett og sant, så han oppseder oss og lærer oss opp.
Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels ætt og Judas ætt,
32 ei pakt som er annleis
enn den eg gjorde med fedrane deira,
den gongen eg tok dei i handa
og førte dei ut or Egypt,
den pakta med meg som dei braut,
endå eg var deira rette herre, seier Herren.
33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Profetiske bodskapar ved Elin Therese Slotten.
Gud ynskjer å bruke deg til ting du aldri trudde var mogleg. Profetisk bodskap ved ETS 3.2.2024.
Eg har nyst skrive om at vår mest fundamentale behov er lengselen etter Gud. Og i 3.2.2024 kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap der Herren sa at din lengsel etter Gud er skrive i ditt eige DNA. Det er ikkje så lenge sidan vitskapsfolk oppdaga at DNA var arvematerialet (1953) og det er ein liten sensasjon at det vart brukt i denne bodskapen.
«Lenge nok har de brukt menneskeleg styrke og kraft, men eg er ein nidkjær Gud. Eg ser ikkje etter menneska sine raske føter og styrke. Men etter dei som fryktar meg. Eg ser ikkje etter dei som vil få seg eit namn, men etter dei som lengtar etter å vere i mine føregardar. Dei som elskar meg framfor alt. Dei som søker mitt rike og ikkje sitt eige rike. Dei som vil sjå min herlegdom og ære, men ikkje sin eigen. Eg kan gjere kva som helst gjennom kven som helst og eg kan ikkje avgrensast. Eg brukar det som ingen ting er, for å gjere de vise til skamme. Lenge nok har du trutt eg ikkje kan bruke deg, lenge nok har du peika på det eine problemet etter det andre. Eg vel ikkje dei kvalifiserte, men eg kvalifiserer dei utvalde. Eg ynskjer å bruke deg, mitt barn. Eg ynskjer fellesskap med deg. Eg lengtar etter tid med deg. Eg ynskjer å openberre kva eg har for deg og kvifor eg skapte deg. Eg ynskjer å forme deg lik meg. Eg ynskjer å leve nær til deg. Du kan få så mykje av meg, som du sjølv ynskjer. Du kan vere så nær meg, som du sjølv ynskjer. Det er ikkje noko hinder. Du er god nok for meg, akkurat sånn som du er. Du er elska og akseptert av meg. Eg ynskjer å bruke deg til ting du aldrig hadde trutt var mogleg. Ditt kall er så stort at du vil aldri klare å gjere det med menneskeleg styrke, intelligens eller kraft. Berre med min Ande, seier Herren, i fellesskap med meg. Du er skapt for ein større hensikt. Det eg har for deg er det du lengtar etter i djupet av ditt hjarte. Det er skrive i ditt DNA. Det eg har for deg er heilt unikt og ingen kan erstatte deg. Det eg har for deg er viktig. Det eg har for ditt liv er det du vil elske. Ikkje alle har eit kall som Reinert Bonke. Men alle har ei viktig rolle på min kropp. Dersom du berre visste kva eg har for deg, mitt barn, ville du aldrig ønskt å bli nokon andre igjen. Då ville du aldri vorte sjalu på andre sitt kall, gave eller velsigningar og gode andre har. Dersom du berre ville søke meg og sjå til meg for ditt liv og ikkje det jordiske. Du er dyrebar, viktig og spesiell for meg. Og ingen kan erstatte deg i mitt hjerte. Du har mi fulle merksemd og eg høyrer deg, mitt barn.»
«https://www.youtube.com/watch?v=DjktoCwD-jo&t=19s»
Sesong for å sitje i ro, som Elia i øydemarka.
I ein bodskap sa Jesus at no var det sesong for meg til å sitje i ro til samanlikning med Elia i øydemarka, når han bad om tørke.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Kommentar.
Elia søkte Gud i einsemda ute i øydemarka på grunn av Israelsfolkets fråfall. Israels-kongen hadde gifta seg med den heidenske kvinna Jesabel og ho hadde fått han til å vende seg bort frå Gud og dyrke Baáls-gudane i staden. Og dei fekk med seg Israels-folket i fråfallet og avgudsdyrkinga. Etter tre og eit halvt år steig han fram på Karmel og bar fram eit offer og bad Gud om eld frå himmelen og regn og det kom. Det skulle vere nok til å overtyde folket om at Herren var den sanne Gud. Elden og regnet frå himmelen kan vi ta som symbol på den Heilage Ande. Ved at eg ber fram lekamen som eit levande heilagt offer for Gud og ber han gi meg ei frelst kvinne til kone, ventar eg meg at eg og ho vert fylt av den Heilage Ande, så den fører henne til meg som kona mi, i samsvar med skapinga i 1.Mos.2. Dette heng samen med at Jesu kyrkje er hans brud, ho er det tempelet som vert oppbygt ved Guds Ande (Sak.4,6 1.Pet.2,5 Joh.Op.19,6-9).
Jesus gav meg ein draum og ein visjon og vil setje den i verk.
Sitat frå
2024.08.31. Jesus gav meg draumar og lengslar i mitt hjerte, han gav meg visjonar om si hensikt og sin plan for mitt liv og vil gjennomføre det.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Gud ville gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, så dei som velsignar han vert velsigna, alle som kallar på Herrens namn, skal vert frelst.
Når Gud sende Moses for å leie folket hans ut av Egypt, sa han at han var Abraham, Isak og Jakobs Gud og at dei skulle kalle han «Eg Er» (JHVH, Jahve), for han er den han er. Han leia dei til det lova landet, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Hans plan var å bruk dei til å gjere namnet sitt kjent mellom dei andre folka. Dei fekk ei stordomstid under kong David og son hans Salomo, så Guds namn vart vide kjent. På den tida kalla han seg også Allhærs Gud og det heldt han fram med, når dei sidan fall ifrå han og dyrka avgudane i staden.
Dei gudlege skulle spire, vekse, blomstre og bere frukt i føregardane til Guds tempel, vi forstår at det er symbolsk tale, det handlar om det åndelege livet i samfunnet med Gud som er ånd. Men når dei fall ifrå han og dyrka avgudane i staden, vart dei gudlause menneske som trakka ned føregardane hans, som kjøtlege menneske trakka dei ned det åndelege livet i samfunnet med Gud, det var altså først og fremst jødane sjølve som gjorde det, så kom heidningane også og gjorde det.
Jes.1,12 Når de kjem fram for mitt åsyn,
kven krev då av dykk
at de skal trakka ned mine tempelgardar?
Dan.8,13 Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?» 14 Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»
Det vart til at Gud sende sine tenarar til å profetere om at Babel-kongen Nebukadnesar skulle hærta landet og bortføre folket til Babylonia. Det var mange som yngste at Guds skulle berge dei frå fienden, slik som han så mange gangar hadde gjort, så dei fortsatt skulle få landet. Det var draumen deira og der var dei som profeterte om det, men det var falske profetar. Guds profet sa til dei at dei skulle ikkje tru på draumane sine. Det var tydeleg vis ynskjedraumar som dei ikkje kunne gjennomføre eller få oppfylt. Dei som hadde ein draum kunne fortelje den, men den profeten som hadde Guds ord, skulle fortelje det.
I Abrahams ætt skulle alle folkeslag velsignast, denne lovnaden får vi oppfylt ved å tru på Jesus, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelst, alle som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Jer.23,5 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren,
då eg lèt ein rettferdig renning
veksa fram i Davids-ætta.
Han skal vera konge og styra med visdom
og gjera rett og rettferd i landet.
6 I hans dagar skal Juda verta frelst
og Israel bu trygt.
Og dette er namnet han skal få:
Herren, vår rettferd.
…..
Jer.23,16 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Høyr ikkje på det dei seier,
profetane som spår for dykk!
Dei berre narrar dykk.
Frå deira eige hjarta
og ikkje frå Herrens munn
kjem dei syner dei ber fram.
17 Til dei som vanvørder Herrens ord,
seier dei: «Det skal gå dykk vel,»
og til alle som fylgjer sitt harde hjarta:
«Inga ulukke skal koma over dykk.»
18 Kven har vore med i Herrens råd,
så han merka og høyrde hans ord?
Kven akta på hans ord og lydde det?
19 No bryt harmen ut som eit Herrens ver,
ein kvervelstorm fer av stad
og kvervlar mot hovuda på dei gudlause.
20 Herrens vreide legg seg ikkje
før han har sett i verk og fullført
det han hadde tenkt å gjera.
Til sist, i dagar som kjem,
skal de skjøna dette heilt.
21 Eg har ikkje sendt profetane,
og likevel spring dei av stad;
eg har ikkje tala til dei,
og likevel stig dei fram som profetar.
22 Men hadde dei vore med i mitt råd,
då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk
og fått det til å venda om
frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar.
23 Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,
og ikkje ein gud langt borte?
24 Kan nokon gøyma seg på løynlege stader
så eg ikkje ser han? seier Herren.
Fyller ikkje eg både himmel og jord?
lyder ordet frå Herren.
25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.
Kva har halmen sams med kornet?
lyder ordet frå Herren.
29 Mitt ord, er ikkje det som ein eld,
lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren.
30 Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid. 32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.
…..
Gud var nær dei, men han var også langt borte (v.23), men på grunn av deira fråfall, vart det til at han flytta frå Jerusalem til Babylonia, dette kan vi lese om i Esekiels bok.

