Gud er Alfa og Omega.

Biletet: To viktige hendingar i kristendomen på eitt bilete: Jesus vart krossfest og stod opptatt, så grava var tom.

I Bibelen står det skrive at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Og så sa han at han var alfa og omega, byrjinga og enden. I den fyrste skapingssoga (1.Mos.1) er det sagt at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda og vidare at han talte og det skjedde, så han skapte ved sitt Ord (Joh.1). Slik er han alfa, byrjinga. Han skapte ved sitt Ord, derfor er universet forståeleg, så spørst det kor mykje vi forstår. Dette skulle vel høve bra med realfag, med matematikk og naturfag kan vi rekne ut mykje om korleis det blir i framtida, i mange tilfelle er der mykje usikkerheit med det, så vi kallar det prognoser. Vi kan lage ny teknologi som vi brukar til hjelpemiddel, så vi får meir innsikt i framtida. Men vi har då ein fri vilje, så det spørst kva vi vel og så spørst det kva vi maktar å utføre.

I følgje relativitetsteorien er der ei byrjing i Big Bang og ein slutt i svarte hol og begge deler er ubegripeleg. Men så har då Gud sagt oss at han er byrjinga og han er slutten, før han var det ingen og etter han kjem det ingen.

Ved tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er universet forståeleg. Så spørst det kor mykje vi forstår.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Salme 136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn! 

5 Han skapte himmelen med visdom, evig varer hans miskunn!

6 Han la jorda på vatnet, evig varer hans miskunn! 

7 Han skapte dei store ljosa, evig varer hans miskunn! 

8 sola til å råda om dagen, evig varer hans miskunn!

9 månen og stjernene til å råda om natta, evig varer hans miskunn!

I skapingssogene, 1.Mos.1-2, er det også fortalt at Gud talte til menneska og velsigna dei. Han skapte mannen av mold frå marka og sette han til å dyrke og verne hagen og skapte kvinna av sidebeinet hans, for at ho skulle vere i hjelp som høvde for han. Han gjekk i hagen og kalla på dei. Slik var han framtida for dei, som ville kalle dei og leie dei sin veg. Slik var han framtida for dei og slik var han omega, den siste.

Men ved syndefallet braut dei bodet han gav dei, så dei gøymde seg for han med dårleg samvit. Soleis forstod dei seg ikkje lengre på at han var omega og framtid for dei og der kom til eit rettsoppgjer, der framtida deira vart annleis. Men Gud er framleis den same, som alfa og omega og gjennomfører sin plan.

Jesaja profeterte om at Gud ville gjere noko nytt og det kom ved at han openberra si frelse for oss i Kristus og slik gjer han det klart for oss at han som er alfa, han er også omega. Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen, så vår sjel, hjerte og ånd vert levande for han, så vi lever for han. Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss, også det profetiske ord, så vi kan vite kva det er for slags framtid Gud har for oss, kallar og leier oss inni.  Då er det sjølvsagt viktig for oss å velje det og gå inni det, så vi får oppleve det.

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Joh.Op.1,4 Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol,  5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod,  6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7 Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!

8 Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.

Ved å tru på Gud og hans Ord er han eit utgangspunkt som vi har å tenke utifrå, han er det som alfa og eg hevdar det er sameinleg med den realfaglege tenkinga. Mesteparten av dette er nytt, i alle fall i forhold til den tida Jesajas levde i og eg ser det som resultat av Gud ville gjere noko nytt, så eg takkar Faderen og Sonen for det.

Joh.Op.5,6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.

7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.  8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.  9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda. 

11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen.  12 Dei ropa med høg røyst:

Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.

13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:

Han som sit på kongsstolen,

han og Lammet skal ha all takk og ære,

pris og makt i all æve.

14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Gud forsona verda med seg ved at Jesus døde i staden for oss. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok Jesu bort synda ein gong for alle. Med det gjorde han for evig og alltid dei fullkomne som vert helga. Det er berre for oss å ta imot i tru, så vi innser det og får oppleve det som den nye tida som Gud let oss komme inn i og som han skaper, han skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. Slik er Gud Omega for oss, eit utgangspunkt som vi har å tenke utifrå, men som vi ligg i framtida og som vi har som siktemål for våre liv.

2.Kor.3,16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Eit personleg Guds-forhold, barnekår hos Gud og realfag.

I den fyrste skapingssoga (1.Mos.1) er det sagt at i opphavet skapte Gud himmelen og jorda, soleis er Gud alfa, byrjinga. Gud er ånd og han skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel, så i den andre skapings-soga (1.Mos.2) er det tale om eit personleg Guds-forhold, der Gud talar til menneska, gir dei oppgåva med å dyrke og verne Guds hage, han gir dei eit bod og så går han i hagen og kallar dei. Han skaper framtida for dei og vil kalle og leie dei inn i den. Han er Omega, den siste og vil gi dei framtid saman med han. Sjølv om dei fall ifrå han, er han like vel det.

Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, Gud var ånd, men mannen var mold og til molda skulle han attende. Han var ikkje heilt slik som Gud like vel altså.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh.3,16). Han døde i staden for oss og då skal vi ved trua på han sjå det slik at vi er vi krossfesta og døde saman med han og i dåpen er vi gravlagde saman med han. Der er vi også oppreiste saman med han, for han er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Alle som tok imot ha, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus gir oss det frå himmelen, så vi vert fødde frå himmelen. Ja, for Gud er Omega og han gir oss framtid og von ved at Kristus frelser oss for æva og gir oss evig liv.

Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Den rettferdige, ved tru skal han leve, så då skal vi ete det brødet og leve av det. Bokstaven, lovens bokstav, slår i hel, men Anden gjer levande.

Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenn godt og vondt. Ho let seg lokke og forføre, så ho åt av frukta på kunnskapstreet og gav mannen sin med seg og han åt. Det førde til død, slik slo bokstaven i hel. Men sidan Kristus døde i staden med han, er det som om vi allereie er døde med han og er ferdige med det. No får vi noko nytt i staden, vi får barnekår hos Gud.

Foreldra veit å gi borna sine gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gi den Heilage Ande til dei som ber han?

Luk.11,9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.  10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.

11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Når foreldra høyrer at barnet deira byrjar å prate, vert dei glade og vil prate med det og oppmuntre det til å prate vidare, for slik lærer dei det å snakke. Dei vil ikkje seie til det at det som du seier er feil det er lygn, så tei stilt med deg. Dei vil først lære det å snakke og så lære det kva som er rett og lære det kva det treng for å overleve. Dei vil gi det opplæring på det nivået det ligg på og det er viktig pedagogikk i skuleverket. Då må dei berre passe på at dei ikkje let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet, så dei ikkje prøver å forgude seg sjølve med sin eigen kunnskap. 

Når eg studerte realfag, sa Jesus til meg at det var han som gjorde sitt verk med meg, det skulle eg hugse på. Og han møtte meg på det nivået som eg var på. Han møtte meg i mitt hjerte og gjorde det levande og gav liv til mi sjel, men når eg studerte realfag måtte eg bruke hjerna og forstanden, så det var vel på sett og vis ei annan sak, like vel hang det saman, så han møtte meg der også og på det nivået eg var på. Ja, når eg kom på eit høgare nivå, kom den nye lærdomen gjerne som korreksjon til den lærdomen og like vel var det også forenkling i forhold til det som låg på eit høgare nivå.  Det vart spesielt tydeleg når eg studerte fysikk.

Så når eg las i Bibelen og høyrde forkynning av den, var ikkje dette slik kunnskap som menneska fekk ved å ete av frukta på kunnskapstreet, det var ikkje kunnskap som eg kunne eller skulle forgude meg sjølv med. Men eg levde i barnekåret hos Gud, så det var slikt som eg kunne snakke med han om. Slik var mi kunnskapsforståing, min filosofi, så eg innsåg og meinte at det var det eg måtte innstille meg på. Ikkje så at eg var feilfri, men eg måtte stadig vende meg til Herren og be om nåde og hjelp.

Med James Webb Teleskopet har forskarane no oppdaga noko nytt som dei ikkje hadde venta seg, så det verkar som det har vorte krise i kosmologien, det kan vise seg at teoriar som dei har kjent seg trygg på, like vel ikkje held. Der er sikkert nokon som hevdar at dei har prøvt å forgude seg sjølve med teoriane sine, men eg forstår det ikkje slik, dei er då klar over at det er slik naturvitskapen har utvikla seg, så då er det ikkje så rart at det framleis er slik. Sjølv om teoriane deira synest aldrig så gode, har det vore tydeleg at dei treng noko betre og det har berre vorte endå tydelegare. Og same kor gode teoriane deira er, så er det då heilt klart at dei er ikkje gudane som har laga det slik.

Den nye pakta og teoretisk fysikk.

Jeremias profeterte om den nye pakta,

Jer31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då eg gjer ei ny pakt

med Israels ætt og Judas ætt, 

32 ei pakt som er annleis

enn den eg gjorde med fedrane deira,

den gongen eg tok dei i handa

og førte dei ut or Egypt,

den pakta med meg som dei braut,

endå eg var deira rette herre, seier Herren. 

33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera

med Israels-folket i dagar som kjem,

lyder ordet frå Herren:

Eg vil leggja mi lov i hugen deira

og skriva henne i hjarta deira.

Eg vil vera deira Gud,

og dei skal vera mitt folk. 

34 Då skal ingen lenger

læra sin neste og sin bror

og seia: «Kjenn Herren!»

For dei skal alle kjenna meg,

både små og store, seier Herren.

For eg vil tilgje deira misgjerning

og aldri meir koma deira synd i hug. 

35 Så seier Herren,

han som sette sola til å lysa om dagen

og laga det så

at månen og stjernene lyser om natta,

han som rører opp havet så bylgjene brusar,

– Herren, Allhærs Gud, er hans namn: 

36 Lèt eg denne skipnaden vika,

lyder ordet frå Herren,

skal Israels-ætta òg for alltid

halda opp med å vera mitt folk. 

37 Så seier Herren:

Kan himmelen der oppe mælast,

og grunnvollane under jorda der nede granskast,

då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt

for alt dei har gjort, seier Herren.

38 Dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.  39 Derifrå skal mælesnora gå beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa. 40 Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera vigde til Herren. Aldri meir skal byen rivast eller brytast ned.

Gud ville legge si lov i hugen deira og skriva den i hjarto deira (v.33), det er ved hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,  10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.  11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda.  12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.  13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder.  14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen.  15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Kristus har gjort Gud kjend for oss (v. 34).

Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:

Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.  2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.  3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.  5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

Den Gud som sette sola til å lysa om dagen og månen og stjernene til å skina om natta og som rører opp havet så bylgjene brusar, han har skipa den nye pakta og den er grunnlaget for at Israels-ætta skal vere hans folk (v. 35-36). Det har seg også slik at himmelen der oppe ikkje kan målast og grunnvollane under jorda ikkje kan granskast (v. 37).

Vers 35-36 får meg til å tenke på at lyset er bylgje-rørsle til samanlikning med havbylgjene. Sidan lyset har ei konstant fart, kan vi ikkje sjå heile universet, så vi kan ikkje måle det (v. 37). Atomstrukturen er grunnvollane under jorda, den er grunnlagt på kvantefysikken og i fylgje Heisenbergs uskarpheits-relasjon kan vi ikkje måle nøyaktig produktet at posisjon og rørslemoment eller produktet at tid og energi. Om vi kjenner bylgjefunksjonen, kan vi rekne ut sannsynet for kva som vil skje, men ikkje føreseie det sikkert. Kausaliteten er bort, så vi kan ikkje granske og finne ut kva som er årsak og kva som er verknad.

I fylgje kvantefysikk, skal det etter teorien kunne skje noko svært så usannsynleg. Det sannsynlege er at det globalt vert meir uorden, det vil seie at entropien aukar, det er det som skjer i praksis, det er sjølve drivkrafta i energiprosessane. Like vel kan det lokalt verte meir orden. 

Men når Gud vekte Kristus opp frå dei døde, skapte han meir orden for tid og æve. Når han skaper, frelser og bygger Jesu kyrkje, skaper han meir orden globalt, universelt og for evig. Dette kan ikkje ransakast, fordi det har si årsak i Gud som er ånd og som er alfa og omega, elles er kausaliteten borte, til samanlikning med kvantefysikken.

Utviklingslæra og den Lovlause.

I følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet, der det er om å gjere å tilpasse seg naturmiljøet, det gjeld både einskildindivid, slekt og art. Det gjeld menneska også, men då blir det problematisk. Biologien er naturvitskap, den søker sanning, men kva som er sant vert ikkje avgjort utifrå kven som er sterkast, spesielt ikkje utifrå kriminelle handlingar.

I det gamle testamentet ser vi at livet er ein kamp for tilværet for menneska også. Folka samla seg om gudane sine, spesielt for å få hjelp i striden mot andre folk, det viste at eigentleg prøvde dei å gjere seg sjølv liksom gud, men sin moralfilosofiske kunnskap. Derfor straffa Gud dei, så rika deira gjekk under. Så påstod Gud at det var han som gjorde det heile, det var som skapinga og syndefallet på nytt.

Dei laga seg gudar av stokk og stein, men dei var eigentleg ikkje gudar, så det var ikkje hjelp i dei. Men Israels Gud var den rette og sanne Gud og han hjelpte folket sitt i striden mot dei andre folka. Når dei skulle innta det landet han hadde lova dei, skulle dei utrydde dei folka som var der frå før. Det var brutalt, men slik var livet, det var ein kamp for tilværet. Men på lang sikt var Guds plan med Israel å gjere namnet sitt kjent for dei andre folka også, for å frelse dei også.

Seinare sa profeten om Assyrarkongen at han brukte han som ein stav til å slå med, for å straffe folka, inkludert Israel. Men assyrarkongen tenkte annleis, at han ville utrydde mange folk. Men Gud sette ein stoppar for det, ja, for det var då ikkje staven som løfta handa til den som slo med dei, ein kunne ikkje bytte om på årsak og verknad slik. 

Jes.10,5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand. 

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.  

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

8 Han seier: «Er ikkje mine stormenn

kongar alle saman? 

9 Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?

Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,

og Samaria som Damaskus?  

10 Når mi hand har nått til dei rika

der dei dyrka andre gudar,

og der det var fleire gudebilete

enn i Jerusalem og Samaria,

11 skulle eg ikkje då kunna gjera det same

med Jerusalem og gudebileta der

som eg gjorde med Samaria og gudane der?»

12 Men når Herren har fullført alt sitt verk

på Sion-fjellet og i Jerusalem,

då krev eg Assur-kongen til rekneskap

for fylgjene av hans hovmodige ferd

og for trassen i hans stolte augo. 

13 For han har sagt:

«Dette har eg gjort med mi sterke hand,

og i min visdom, for eg er klok.

Eg sletta ut grenser mellom folkeslag

og plyndra skattane deira.

I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.

14 Mi hand greip etter rikdomen åt folka

som ein grip etter eit fuglereir.

Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,

har eg samla alle land på jorda.

Det fanst ingen som rørte ein veng

eller opna nebben og peip.»

15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,

set saga seg over den som sagar?

Som om staven skulle svinga han som lyfter han,

og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, Allhærs Gud,

senda tærande sjukdom

mellom assyrarkongens sterke menn.

Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,

og som eit bål skal han loga.

17 Israels ljos skal verta ein eld,

Israels Heilage ein loge

som brenn i landet hans

og øyder både torn og tistel

på ein einaste dag. 

18 Han skal gjera ende på rubb og stubb

i dei herlege skogane og hagane hans.

Det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

19 Dei tre som vert att i skogen,

skal vera lette å telja;

ein smågut kan skriva dei opp.

Trua og moralfilosofien som dei hadde frå dei gamle vise, var at Gud berga dei gudlege og rettferdige og let dei arve landet, men dei ugudlege og lovlause rydja han ut. Men det var ikkje så lett å sjå skilnad på dei gudlege og dei ugudlege, det ser vi både i Jobs bok og i kong David si historie. David måtte sjå seg sjølv som fattig og utstøytt, medan dei som var rekna for å vere gudlege og sterke i landet, sveik han og vart ugudlege som la snarer og feller for han, for å fange han. Dei var som røvarflokkar som la seg på lur for å drepe den skuldlause. Dette er typiske metode for gudlause og lovlause menneske. 

David var salva til konge og salvinga er symbol på den Heilage Ande. Han vart forfølgd og måtte ta si tilflukt til Herren. Då var han heilt avhengig av at Gud gav han råd ved sin Ande, talte til han og leia han. Slik fekk han oppleve at Gud berga han frå snarene som dei gudlause la for å fange han. Dette er hovudsaka i Davids salmar, også i Messias-profetiane hans.

Dei som hadde ord på seg for å vere gudlege prøvde med slike metode å fange Jesus også og rydje han or vegen, få han hendretta. Men med slike metode viste dei at eigentleg var dei ugudlege. Kristus let seg ta til fange og let seg verte hendretta på korset, men då døde han i staden for oss. Gud vekte han oppatt frå dei døde og viste dermed at slik berga han like vel den rettferdige frå snara som dei gudlause la for å fange han og drepe han. Og vi som har kome til tru på han, trur at han døde i staden for oss, så det er vår berging, vi tek vår tilflukt til Gud på same måten og satsar på at han vil berge oss  på same måten. 

Gjennom kristendomsforfølgingane fortsette dei å forfølgje Kristus på same måten, men vi skal like vel gi oss heilt til han og satse på at Gud vil berge oss saman med han. Så la oss hugse på det når vi les om «den Lovlause» i 2.Tess.2.

Legg merke til at det som er oversett til «de lovløse» på bokmål, er oversett til «dei gudlause» på nynorsk. Men i somme tilfelle er dei kalla dei urettferdige og vert omtala på same måten.

Salme.37, 1 Av David.

Harmast ikkje på dei som gjer vondt,

misunn ikkje dei som gjer urett! 

2 For dei visnar så snart som graset

og turkar bort som grøne groen. 

3 Lit på Herren og gjer det gode,

så skal du få bu i landet.

Legg vinn på truskap! 

4 Ha di lyst og glede i Herren,

så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!

5 Legg din veg i Herrens hand,

lit på han, så skal han gripa inn. 

6 Han skal la di rettferd bryta fram som ljoset,

din rett skal verta som høgljos dag. 

7 Ver still for Herren og venta på han!

Lat ikkje harmen loga

mot den som har lukka med seg,

mot den som set vonde planar i verk! 

8 Gjev vreiden opp, lat harmen fara!

Lat ikkje harmen loga

– det fører berre ulukke med seg.

9 For dei som gjer vondt, skal rydjast ut,

men dei som ventar på Herren, skal arva landet.

10 Om ei lita stund er den gudlause borte;

ser du etter på hans stad, så er han der ikkje. 

11 Men dei tolsame skal arva landet

og gleda seg over lukke og fred. 

12 Den gudlause legg vonde planar

mot den rettferdige

og skjer tenner mot han. 

13 Men Herren ler åt han,

for han ser at hans dag kjem. 

14 Dei vonde dreg sverdet og spenner bogen,

dei vil fella den arme og fattige

og drepa den som fer ærleg fram.

15 Men sverdet skal råka dei sjølve i hjarta,

og bogane skal brytast sund. 

16 Det vesle den rettferdige eig,

er betre enn den store rikdomen åt dei gudlause. 

17 For den makt dei gudlause har, skal brytast,

men Herren held dei rettferdige oppe.

18 Herren kjenner dagane åt dei ærlege,

deira arv skal vara til evig tid.

19 Dei vert ikkje til skammar i vonde tider,

når hungeren herjar, får dei eta seg mette. 

20 Men dei gudlause går til grunne.

Som blomeskrudet på marka

vert Herrens fiendar borte,

dei kverv som røyk. 

21 Den gudlause låner og gjev ikkje att,

den rettferdige er miskunnsam og gjevmild.

22 Dei Herren velsignar, skal arva landet,

men dei han forbannar, skal rydjast ut.

23 Herren gjer mannens steg faste

når han likar hans ferd.

24 Om han snåvar, fell han ikkje til jorda;

for Herren stør hans hand. 

25 Ung har eg vore, og no er eg gamal,

men aldri har eg sett ein rettferdig forlaten

eller hans born be om brød.

26 Han er alltid miskunnsam og låner ut,

og hans etterkomarar vert til velsigning. 

27 Hald deg frå det vonde og gjer det gode,

så skal du for alltid bu trygt. 

28 For Herren elskar det som er rett,

han forlèt ikkje sine trugne.

Dei vert haldne oppe til evig tid,

men ætta åt dei gudlause vert utrudd.

29 Dei rettferdige skal arva landet

og alltid få bu i det.

30 Den rettferdige talar visdom,

rett er det som kjem frå hans munn. 

31 Han har Guds lov i sitt hjarta,

og hans steg er alltid støe. 

32 Den gudlause lurer på den rettferdige

og prøver å ta hans liv. 

33 Men Herren gjev han ikkje i hans hand

og lèt han ikkje dømast skuldig. 

34 Venta på Herren og fylg hans veg!

Så lyfter han deg opp, og du arvar landet;

du får sjå at dei vonde vert utrudde. 

35 Eingong såg eg ein gudlaus tyrann;

han briska seg som ein frodig seder.

36 Då eg sidan kom framom, var han borte;

eg leita, men fann han ikkje. 

37 Gjev akt på den som er heil i si ferd,

og sjå på den som er ærleg!

Det er framtid for fredsæl mann.

38 Men alle brotsmenn går til grunne,

dei gudlause har inga framtid. 

39 Dei rettferdige får si frelse frå Herren,

han er deira vern i trengselstider. 

40 Herren hjelper og bergar dei,

friar og frelser dei frå dei vonde;

for dei flyr til han.

Overraskande observasjonar med James Webb teleskopet får forskarane til å tenke nytt om Big Bang.

Observasjonar med James Webb Teleskopet har gjort forskarane sikrare på at der er betydeleg fleire galakser som roterer med klokka enn mot klokka. I så fall bryt det med teorien om at universet er heilt homogent og så trengst der ein referanse som bestemmer det. Dei tenker seg at det observerbare universet kan vere inni eit kjempestort svart hol, som roterer, så rotasjonsaksen vert ein referanseakse. Sjølv om der ikkje er nokon singularitet som rotasjonsaksen går gjennom, men då trengst der ein ny teori som erstattar singulariteten. Kva skulle det vere? Sjå 5:30 ut i denne videoen: 

For omlag 10 år sidan oppdaga dei at mesteparten av kvasarane peika same retning og roterte same retning (7:30).

Svarte hol, Big Bang og Conformal Cyclic Cosmology.

I 2020 fekk Roger Penrose nobelprisen i fysikk, saman med Reinhard Genzel og Andrea Ghez, for å ha oppdaga svarte hol. Penrose fekk halve prisen fordi han og Stephan Hawking utvikla teorien for svarte hol som vert til ved gravitasjonell kollaps inni ei stjerne som eksploderer. Svarte hol er etter teorien singularitetar, det er Big Bang også, men kvifor skulle det eksplodere?

Andrea observerte, indirekte, det store svarte holet i sentrum av Melkeveien. Det går an å reise gjennom hendingshorisonten inn i eit slikt svart hol, utan at det vert gravitasjonell kollaps, men dei veit ikkje korleis slike svarte hol har vorte til. I sentrum av det må der vere ein singularitet der det vert gravitasjonell kollaps.

Roger Penrose har utvikla ein alternativ til Big Bang teorien, som han kallar Conformal Cyclic Cosmology, der han tenker seg at universet utvidar seg inntil det ikkje lengre har ein målestokk. Det vert som ein kollaps, som vert årsak til eit nytt Big Bang. Det same vil skje igjen, så slik er universet syklisk.

Men no har dei altså byrja å tenke seg at heile det observerbare universet kan vere inni eit kjempestort svart hol.

Med JWST har dei observert store galaksar  knapt 0,5 milliardar år etter Big Bang. Då må teorien vere feil.

Det trengst fleire milliardar år for ei galakse som Melkeveien til å verte danna, men knapt 0,5 milliardar år etter Big Bang var der langt større galaksar, så då må teorien vere feil. 

Med JWST oppdaga dei galaksa MOM-z14 berre 280 millionar år etter Big Bang.

NASA’s James Webb Space Telescope has discovered MoM-z14 — the most distant galaxy ever observed, dating back just 280 million years after the Big Bang. This cosmic relic is incredibly bright and chemically rich, defying what scientists expected from early galaxies. In this video, we break down what makes MoM-z14 so special and what it tells us about the birth of the universe.

Chapters: 00:00 Introduction 00:52 How Webb Discovered MoM-z14 – Pushing Observational Limits 02:28 What MoM-z14 Reveals About the Early Universe 05:14 MoM-z14 in the Context of Webb’s Expanding Discoveries 07:40 Outro 07:46 Enjoy

Etter teorien skulle dei tidlegaste galaksene verte forma først 1 milliard år etter Big Bang, men med James Webb-teleskopet ser dei no mykje lengre bak i tid enn med Hubble-teleskopet og ser store galaksar 0,3 milliardar år etter Big Bang. Den kosmiske bakgrunnsstrålinga kjem frå plasmaskya som varde til 380000 år etter Big Bang. Den er svært så homogen. Dei tenker seg at område med litt større tettleik vart seinare til galaksar, men det trongst lang tid. 

JWST har også observert supermassive svarte hol tidlegare enn teoretisk mogleg, svarte hol på ein milliard solmasser, 0,7 milliardar år etter Big Bang (11:30). JWST ser tunge element, O, N i desse tidlege galaksene, men då må der allereie ha vore stjerner som har eksplodert.

Saggitarius A.

Saggitarius A er det supermassive svarte holdet i sentrum av Melkevegen, 4 millionar gangar så massivt som sola. Den Store Magellanske Sky (LMC; Large Magellanic Cloud) er ei lita galakse som går i spiral inn mot Melkevegen og vil kollidere med den om 2 milliardar år, då vil den gi brensel til Zaggitarius A, som dermed vert svært så aktivt (AGN; Active Galactic Nucleus) , med nyskaping av stjerner i galaksen. Om 4 milliardar år vil den kollidere med Andromeda-galaksen.

«Saggitarius A er i ferd med å vakne», det vil seie om 2 milliardar år! Men med teleskop har astronomane lenge studert slike hendingar ut i verdsromet, med JWST har dei kunna sjå mykje meir og mykje lengre tilbake i tid.

Dette er ei simulering laga av NASA, for å vise korleis det vil vere å falle inni eit supermassivt svart hol, så stort som det svarte holet i sentrum av Melkeveien.

This new, immersive visualization produced on a NASA supercomputer represents a scenario where a camera — a stand-in for a daring astronaut — enters the event horizon, sealing its fate. Goddard scientists created the visualizations on the Discover supercomputer at the NASA Center for Climate Simulation. The destination is a supermassive black hole with 4.3 million times the mass of our Sun, equivalent to the monster located at the center of our Milky Way galaxy. To simplify the complex calculations, the black hole is not rotating. A flat, swirling cloud of hot, glowing gas called an accretion disk surrounds the black hole and serves as a visual reference during the fall. So do glowing structures called photon rings, which form closer to the black hole from light that has orbited it one or more times. A backdrop of the starry sky as seen from Earth completes the scene. The project generated about 10 terabytes of data — equivalent to roughly half of the estimated text content in the Library of Congress — and took about 5 days running on just 0.3% of Discover’s 129,000 processors. The same feat would take more than a decade on a typical laptop. 

Kvasar.

Sitat frå https://snl.no/kvasar :

Kvasar er et svært fjernt og ekstremt lyssterkt objekt i universet. En kvasar befinner seg i det sentrale området av en aktiv galakse. Den lyser så sterkt at resten av galaksen er vanskelig å observere, og en kvasar ser derfor ut som et lyspunkt uten utstrekning i et teleskop, derav navnet «kvasistellar», som betyr stjernelignende.

Mye tyder på at kvasarer er et resultat av at supermassive svarte hull i sentrum av en aktiv galakse fanger inn omkringliggende materie. Den enormt kraftige strålingen kommer fra materien like utenfor det svarte hullet, som varmes opp dramatisk på vei inn mot det svarte hullet. Det svarte hullet selv kan inneholde over hundre millioner ganger så mye masse som massen til Sola.

Observasjoner

Flere hundre tusen kvasarer er nå oppdaget. Astronomene skiller mellom radiosterke og radiosvake kvasarer ettersom hvor mye radiostråling de sender ut.

Den sterke rødforskyvningen til kvasarer indikerer at kvasarer er blant de fjerneste objektene vi kjenner.

Den fjerneste kvasarene som til nå er observert, er observert tilbake til en tid hvor universet var under 800 millioner år gammelt. Det vil si at lyset fra disse kvasarene har vært underveis mot oss i omtrent 13 milliarder år.

Kvasarer er også de mest energirike lyskildene i universet. De kan lyse opptil flere tusen ganger sterkere enn en vanlig galakse.

Historikk

De første kvasarene ble identifisert rundt 1960. Disse første typene kvasarer sendte ut sterk radiostråling. Kvasarene ble katalogisert samtidig som astronomer forsøkte å observere objektet også i synlig lys

Da astronomer klarte å observere kvasarer også i synlig lys, tydet den sterke rødforskyvningen av emisjonslinjene i lysspekteret på at avstanden fra Jorden var svært stor. Tolkningen av rødforskyvningen var ikke entydig akseptert på 1960-tallet, og astronomer diskuterte hvor langt unna kvasarene egentlig var.

Kva vil vi sjå og oppleve når vi fell inn i eit supermassivt svart hol?

Når noko beveger seg oppover i eit gravitasjonsfelt, vil gravitasjonen redusere farta. Slik er det ikkje med lys, for lysfarta er konstant, men lyset vil tape energi, slik at frekvensen vert lavare, i det synelege spekteret vert det forskyve mot raudt, så infraraudt. Lys i det svarte holet kjem ikkje ut, grensa er kalla hendingshorisonten. Lys utanfrå kan framleis nå deg inni det svarte holet, men det ser ut som det kjem meir og meir framafrå, for romtida vert krumma. Sjølv om du roterer om singulariteten i sentrum av  det svarte holet, vil det ligge i framtida inntil det sluker deg. 

Singulariteten betyr at volumet til massen er null, så tettleiken vert uendeleg, vi får null i nemnar, men det er ikkje lovleg i matematikken. Skal det like vel vere lovleg i fysikken? Dette er problematisk, for vi har då ikkje moglegheit for å sjå kva som skjer der inne.

Er svarte hol noko heilt anna enn kva dei har tenkt seg tidlegare?

Teorien for svarte hol vart utleia på grunnlag av Einsteins relativitetsteori, i sentrum vert der etter teorien ein singularitet, volumet til massen vert null, tettleiken vert uendeleg, volumet i nemnaren vert null, det er ein singularitet, men det er ikkje lovleg i matematikken, så fysikken på matematisk form kollapser. Informasjon forsvinn, men det bryt med kvantefysikken, så det verkar som den også kollapsar. Men dei prøver i staden å finne ein teori som sameinar kvantefysikken og relativitetsteorien.

Inni eit svart hol peikar alle linjer innover (3:50), så i framtida er du lengre og lengre inni i det svare holet, det er fordi romtida vert bøygd.

Forskar tenker seg no at svarte hol har sanne overflater, men ikkje sanne senter, så dei er ikkje hol likevel. Det opnar døra for ei ny klasse av idear, objekt som imiterer svarte hol (9:30): gravestar, bosonstjerne, svarte hol etterlikningar; dei ser ut som svare hol, men har fysiske kjerner, dersom eit slikt objekt eksisterer, betyr det at svare hol ikkje er det endelege svaret.

Kompakt forklaring av Big Bang Teorien.

Dette er ei kompakt forklaring av Big Bang Teorien.

Hubble oppdaga at universet utvider seg og det høver med relativitetsteorien. Med den kunne dei rekne seg tilbake i tid. Men kva var då starten, kva skulle det utvide seg ifrå. Vi kan samanlikne det med teorien for svarte hol, den også vart utvikla på grunnlag av relativitetsteorien. Men då kom dei til at i sentrum av det svarte holet måtte volumet til den store massen vérte null, dei fekk null i nemnaren, så tettleiken vart uendeleg. Null i nemnaren er kalla singulariet og er ikkje lovleg i matematikken. Skulle det då kanskje vere lovleg i fysikken? Tilsvarande skulle vi ved starten av Big Bang (tidspunkt = 0) få null i nemnaren og det er framleis ikkje lovleg i matematikken, så fysikkens lover på matematisk form kollapsar, både i Big Bang og i svarte hol. Derfor kan vi eigentleg ikkje rekne dette for å vere ein del av teorien, vi vert berre ståande igjen med eit stort spørsmålsteikn. I svarte hol får vi ein kollaps, men i Big Bang får vi tvert om ein eksplosjon. Kva skulle gjere skilnaden her?

Oppdaginga av den kosmiske bakgrunnsstrålinga (CMB) tok dei som ei stadfesting av Big Bang teorien (0:50), den kjem frå plasmaskya 380 000 år etter Big Bang, då temperaturen var 2700 grader celsius. Då hadde universet kolna nok til at hydrogenkjerner fanga elektron, så vi fekk atomstruktur i staden for plasma, så universet vart gjennomskinleg. Etter mykje gransking og rekning kom dei til at Big Bang skjedde for 13,8 milliardar år sidan. Dette er utrekna på grunnlag av relativitetsteorien og i følgje den er tida relativ, så i eit solsystem eller galakse som beveger seg med ei anna fart enn oss, vil tida frå Big Bang vere ei anna.

Så byrjar han å tale om universets første sekund, det er på grunnlag av forsøk som er gjort i partikkel-syklotronar, der får partiklane så stor fart at dei må rekne relativistisk. Men partikkelfysikken er grunnlagt på kvatefysikken og dei har eigentleg ikkje klart å sameine dei to teoriane. Og nyare forsking, med James Webb teleskopet, tyder på at der er noko som er feil med teoriane deira. Så kven kan fortelje kva som er feil og kva som er rett?

Singularitetsteoremet.

På grunnlag av den genrelle relativitetsteorien utvikla Karl Schwarzchild i 1916 den matematiske beskrivinga av eit svart hol. Nokre tiår seinare utvikla Roy Kerr teorien for roterande svarte hol.

Dersom ei stor sky av partiklar ikkje roterer, ikkje har nokon netto rotasjon, vil den vert trekt saman av si eiga tyngdekraft og dersom den er stor og tung nok er der i følgje relativitetsteorien ikkje noko som kan stoppe den samantrekninga, så all massen vert pressa saman i eitt punkt, utan utstrekning, så volumet til massen vert null. Tettleiken vert uendeleg, fordi vi får null i nemnaren, det er ein singularitet, men det er ikkje lovleg i matematikken. Skulle det vere lovleg i fysikken då? Fysikken på matematisk form kollapsar, relativitetsteorien også.

Men det er då svært usannsynleg at skya skulle ha så nøyaktig null netto rotasjon og sjølv om den roterte svært så sakte, ville den ved samtrekkinga gå inn i piruett, så rotasjonskrafta ville svært så høg, sentrifugalkrafta ville vere svært så stor og motvirke vidare samantrekning. I følge spesiell relativitetsteori kan ikkje rotasjonsfarta verte større enn lysfarta, like vel er det ikkje grense for kor stort rotasjons-momentet kan vere. Når rotasjonsfarta nærmar seg lysfarta, må vi rekne relativistisk, ei lite auke i rotasjonsfarta vil føre til ei stor auke i rotasjonsmomentet, det er inga grense for kor stort det kan verte, sjølv om rotasjonsfarta ikkje kan verte større enn lysfarta. Dess større rotasjonsmomentet er, dess større kraft trengst til å endre det og trekke den roterande massa lengre inn mot gravitasjonssenteret. 

Slik er det i klassisk fysikk også, planetane går i ellipsebane rundt sola, men det er berre for Merkur vi treng å rekne relativistisk for å rekne ut banen, sidan den er så nær sola. Men dersom massen til sola veks, vert planetane trekte inn i nærare baner, så dei endå til kan kollidere med sola. Sola kan attpåtil æse ut i volum (som ved utvikling til supernova). 

Men når ei stjerne kollapsar til eit svart hol, vil den tvert om minke i volum. Men her er det generell relativitetsteori som vert avgjerande, ved at romtida vert krumma. 

Sitat frå https://snl.no/svart_hull :

Et svart hull er et område i verdensrommet hvor gravitasjonskrefteneer så sterke at ikke noe kan unnslippe, selv ikke lys. Det finnes to hovedtyper svarte hull; de som har omtrent like mye masse som en stjerne, og de som er mer enn hundre tusen ganger mer massive og som kalles supermassive svarte hull.

Svarte hull er en teoretisk konsekvens av Einsteins generelle relativitetsteori. Siden lys ikke kan slippe unna, er det umulig å ta et direkte bilde av et svart hull. Imidlertid finnes det tilstrekkelig med sikre, indirekte, tegn til at de fleste astronomer anser svarte hull som en realitet.

Singularitet

Ifølge relativitetsteorien vil all massen i et svart hull være samlet i et punkt uten utstrekning med et svært sterkt gravitasjonsfelt, en såkalt singularitet.

Hendelseshorisont

Det sterke gravitasjonsfeltet rundt en singularitet blir svakere når avstanden til singulariteten øker. Ut til en viss avstand fra singulariteten er gravitasjonen så sterk at ikke noe kan unnslippe. Hvis et objekt eller en lysstråle skulle komme innenfor denne avstanden, vil det være fortapt og raskt bli trukket inn til singulariteten. Gravitasjonsfeltet like utenfor denne grensen er også sterkt, men her er det mulig å unnslippe. Denne grensen mellom hvor det er (teoretisk) mulig å unnslippe gravitasjonskreftene fra et svart hull, og hvor det er umulig å unnslippe, kalles hendelseshorisonten. Selv om all massen til det svarte hullet er konsentrert i ett punkt i sentrum, er det vanlig å si at hendelseshorisonten angir størrelsen av det svarte hullet.

Schwarzschild-radius

Med bakgrunn i generell relativitetsteori utviklet den tyske astronomen Karl Schwarzschild i 1916 den første matematiske beskrivelsen av et svart hull. Den såkalte Schwarzschild-løsningen av ligningene i relativitetsteorien beskriver et statisk svart hull uten elektrisk ladning eller bevegelsesmengde. Størrelsen på dette enkleste av alle svarte hull er gitt ved Schwarzschild-radien, som sier at avstanden fra singulariteten ut til hendelseshorisonten er proporsjonal med massen som er samlet i singulariteten i det svarte hullet.

For et svart hull som er dannet ved kollaps av en stjerne med samme masse som Sola, som i utgangspunktet har en radius på over en halv million kilometer, er Schwarzschild-radien så liten som tre kilometer.

Generell beskrivelse av svarte hull

Utover 1950- og 1960-tallet var det mange fysikere og matematikeresom jobbet videre med relativitetsteorien for å beskrive mer generelle svarte hull enn det enkle til Schwarzschild. Matematikeren Roy Kerr fant løsningen for et roterende svart hull, og fysikeren Ezra Newman fant løsningen for et svart hull som både roterer og har elektrisk ladning.

SITAT SLUTT.

Like vel var det i 1960-åra uklart kva den generelle relativitetsteorien sa om slike totale gravitasjonskollaps, inntil Roger Penrose og Stephan Hawking beviste nokre teorem, inkludert singularitetsteoremet. Dei viste at rom-tida krumma tilbake på seg sjølv, så der måtte vere singularitetar der romtida hadde ei byrjing og ein slutt, den måtte ha ei byrjing i Big Bang og ein slutt når ei stjerne kollapsa til eit svart hol. Fysikken på matematisk form kollapsa i singulariteten, også generell relativitetsteori, så den kan ikkje forklare korleis Big Bang starta. 

Så relativitetsteorien treng eit tillegg og då er det nærliggande å tenke på Heisenbergs uskarpheitsrelasjon, den for tel kva som skjer i små volum og korte tidsrom, men hovudpoenget er at det er svært så usikkert, så vi kan ikkje føreseie det sikkert. Den er ein del av kvantefysikken. Så den erstattar singulariteten i Big Bang og betyr eigentleg at vi kan ikkje vite kva som skjedde i den første brøkdelen av eit sekund i universets historie.

Sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Penrose–Hawking_singularity_theorems

The Penrose–Hawking singularity theorems (after Roger Penrose and Stephen Hawking) are a set of results in general relativity that attempt to answer the question of when gravitation produces singularities. The Penrose singularity theorem is a theorem in semi-Riemannian geometry and its general relativistic interpretation predicts a gravitational singularity in black hole formation. The Hawking singularity theorem is based on the Penrose theorem and it is interpreted as a gravitational singularity in the Big Bang situation. Penrose shared half of the Nobel Prize in Physics in 2020 “for the discovery that black hole formation is a robust prediction of the general theory of relativity”.[1]

SITAT SLUTT.

Er tida fundametal?

I relativitetsteorien reknar vi med relativ tid og rom, der tida er det fjerde dimensjon i tidromet, rom-tida byrja i Big Bang og slutta i svarte hol. Men det er problematisk. Vi kan reise fram og tilbake i dei romlege dimensjonane, men tids-dimensjonen opplever vi slik at vi berre beveger oss framover i tid, med ei fart som vi sjølve ikkje kan regulere. I teoretisk fysikk kan dei likevel rekne som om dei går bakover i tid, men det er noko som vert spesielt med tida, at det vert meir og meir uorden, når vi går framover i tid, entropien aukar, i følgje entropilova. Dei kallar det ei tidspil. Til samanlikning har vi ei psykologisk tidspil, ved at vi hugsar fortida, men ikkje framtida.

Sjølv om observatørar med ulik fart måler ulik tid, vil der uansett vere noko som er årsak og som derfor kjem først og noko anna som er verknad og derfor kjem etterpå. Men i kvantefysikken er denne kausaliteten borte, så vi kan ikkje føreseie kva som vil skje, berre rekne med sannsynet for kva som vil skje.

I denne videoen filosoferer Susskind over at tida ikkje er så fundamental som dei romlege dimensjonane og ikkje så fundamental som vi til vanleg reknar den for å vere heller, som om vår forståing av tida er ein illusjon? Men kva med entropilova då! I kvantefysikken kan tida endåtil gå bakover (16:40). Men vi kan då ikkje utan vidare overføre kvantefysikken på det makrokosmos vi opplever, Schrødingers katt er då eit paradoks.


Leave a comment