Bilete: Openberringa av at Jesus kjem til oss, er først og fremst ei åndeleg innsikt og løyndom som vi har sjølv om vi ikkje ser den med våre fysiske auge. Dette biletet liknar det som vert sagt i Joh.Op 19, om at Jesus kjem som kongars konge.

Innleiing. 

Når Gud sende Moses for å leie folket hans ut av Egypt, mot det lova landet, skulle han sei til dei at abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han «Eg Er» (JHVH), for han er den han er. Han plan med dei var å gjere namnet sitt kjent for dei andre folka, det var så viktig, for kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst, slik er evangeliet om Kristus. 

Under kong David vart Israel eit storrike og Guds namn vart vide kjent, no kalla han seg Allhers Gud. Det heldt han fram med, når dei falle ifrå han og dyrka andre gudar. Han var framleis Gud nær dei, men også langt borte, han gjorde Babel-kongen Nebukadnesar til sin tenar, han hærtok landet deira og førde dei til Babylonia og då var Gud der også og brukte Daniel og venene hans. Han var i Persia og gjorde persarkongen Kyros til sin salvevigde. Han let dei fare heim att til landet sitt og sette dei til å bygge oppatt tempelet til deira Gud og kalla han himmelens Gud, til skilnad frå verdslege «gudar» som ikkje var gudar, altså.

Profetien om Harmageddon finn vi i Joh.Op.16,12. Profetien om Gog-krigen finn vi i Esekiel 38-39 og i Joh.Op.20. Eg har skrive om det her:

Draken, Dyret og den Falske Profet samla folka på Harmageddon, til strid på Guds store dag, dommedag altså, men kven skulle dei stride mot? Mot kvarandre kanskje? 

Paulus profeterte om at «den Lovlause» skulle setje seg inn i guds hus og gjere seg sjølv til gud. Men der var ein som heldt att og som måtte rydjast or vegen fyrst. Kven var det? Det måtte vel vere den som var salva til øvsteprest, så det refererer til at Antiokus 4. Epifanes, konge i Selevkide-riket (Syria) (175-164 f.Kr), rydja vekk den jødiske øvstepresten og sette inn ein øvsteprest som dyrka Zevs i staden. Makkabearbrørne var sønene til ein prest og dei leia Israels-folket i ein frigjeringskamp (167-164 f.Kr). Den siste av dei, Simeon, tok over som øvsteprest, og tenesta gjekk i arv til etterkomarane hans. Men på Jesu tid viste det seg at preste-tenesta like vel var infiltrert, så den fungerte ikkje. Salvinga var eit ritual, der salve-oljen var symbol på den Heilage Ande, men så viste det seg at eigentleg stod dei den Heilage Ande imot. Nettopp slik står «den Lovlause» imot.

2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør:  2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen.  3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn.  10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna.  12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.

No var Paulus og dei andre apostlane salva til teneste, så no var det nok dei som måtte rydjast vekk, for at «den Lovlause» skulle kunne stå fram og det skjedde allereie ved kristendomsforfølgingane, dei vart forfølgde og hendretta fordi dei ikkje ville fornekte Kristus og dyrke Keisaren som gud. Dermed var dei keisaren som soleis stod fram som «den Lovlause». Han var det første Dyret i Joh.Op.13, det andre dyret tente det første dyret, så det andre dyret vart dermed den Falske Profet. Fråfallet i kyrkja kom ved at den også vart infiltrert. Denne konflikta og striden merkar vi enno.

I Esekiel 38-39 er det profetert om stor-fyrsten Gog, nord for Svartehavet. Han skulle samle mange folk til strid mot Israel. Her er det ikkje tale om slik infiltrering, men Gud ville drage han til det. Deretter ville han nedkjempe Gog. Kvifor? Det fungerte sikkert som trussel mot Israels-folket, for å få dei til å vende om til han, så ville han berge dei, slik som han så mange gangar hadde gjort. Og så for å vise si makt på Gog, til samanlikning med korleis han viste si makt på Farao og hæren hans, når han førde Israels-folket ut av Egypt, mot det lova landet.

Kristus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn.

Uttrykket «den Lovlause» møter vi mange gangar i det gamle testamentet, spesielt i Davids salmar. Den Lovlause sette snarer for han og prøvde å fange han i garnet, så han måtte stadig audmjuke seg for Herren og be om nåde og hjelp og ta si tilflukt hos han og fekk oppleve at Herren gav han råd og leia han ved sitt Ord og sin Ande. Ja, han var då salva til å vere Israels konge og salvinga var eit symbol på den Heilage Ande. Først hadde Saul vorte salva til Israels konge, men han vraka Guds Ord og derfor vraka Gud han som konge, så han mista salvinga, Gud tok ifrå han sin Ande, det som salvinga var symbol på. David var Guds salvevigde, men Saul kjempa imot han, soleis stod han den Heilage Ande imot, som «den Lovlause». 

Slik er det i vår tid også, så eg vil referere til det David skreiv om den Lovlause og om korleis han måtte ta sin tilflukt hos Herren, for å verte berga frå den Lovlause, så vi kan ta lærdom av det. I bokmål-oversettinga er det mange plassar tala om «den lovløse», der det i nynorsk-oversettinga er kalla «dei gudlause». Men strategien deira er å fange den verjelause i garnet, så han fell for deira hand, utan å få svare for seg, til sitt eige forvar. Så det var ikkje utan grunn at gudlause vart synonymt med lovlaue. Mange gudlege sveik David slik, så dei vart ugudlege og lovlause. Men han sjølv måtte audmjuke seg for Gud og be om nåde, for å halde fram med sin gudlegdom og rettferd.

Mange av salmane hans er då Messias-profetiar og vi skal vende oss til han, som vår frelsar og Herre, så vi får oppleve at han frelser oss og friar oss ut frå snarer, garn og feller og fører oss ut i fritt rom, der vi fritt han lovprise han som vår frelsar og Herre, kjennast ved han for menneska og forkynne den glade bodskapen vidare til andre. Kristus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn (2.Tess.2,8), det er ved utgyting av Guds Ande.

Jesus profeterte for læresveinane sine at dei kom til å verte førde fram for synagogene og domstolane, men skulle ikkje bekymre seg for kva dei skulle seie, for den Heilage Ande skulle gi dei rette orda i rette tid.

Luk.12,11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia.  12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.

Joh.16,1 Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. 2 Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. 3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. 4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

Talsmannen

Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»  6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.  14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Joh.20,19 Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»  20 Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.  21 Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»  22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»

Dei skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag, så ved at vi tek imot den bodskapen er vi som før var langt borte, komne nær.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

David tok si tilflukt til Herren, for å verte berga frå den Lovlause, så han lovprisa Herren for frelsa og forkynte den glade bodskapen vidare til andre.

 

Dei gudlause gjer stakkaren sine planar til inkje, men han finn livd hos Herren.

Salme.14, 1 Til korleiaren. Av David.  

Dåren seier i sitt hjarta:

«Det er ingen Gud.»

Vonde og stygge er deira gjerningar,

det finst ikkje ein som gjer godt.

2 Frå himmelen skodar Herren

ned på menneska.

Han vil sjå om det finst nokon vitug,

nokon som søkjer Gud. 

3 Alle er komne på avveg,

alle er dei vonde.

Det finst ikkje éin som gjer godt,

ikkje ein einaste. 

4 Skjønar dei då ingen ting,

desse ugjerningsmennene?

Dei sluker mitt folk,

som ein et opp brød,

og kallar ikkje på Herren. 

5 Men dei skal skjelva av redsle,

for Gud er med den rettferdige ætt. 

Gjer berre stakkarens plan til skammar!

Hjå Herren finn han livd.

7 Å, gjev det må koma

frelse for Israel frå Sion!

Når Herren vender lagnaden for sitt folk,

skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Verna meg Gud, for eg flyr til deg.

Salme 16,1 Ein miktam. Av David.

Verna meg, Gud, for eg flyr til deg.

2 Eg seier til Herren:

«Du er min herre,

du er mitt einaste gode.» 

3 Eg held meg til dei heilage i landet;

høgt set eg dei gjæve menn.

4 Mange plager må dei tola,

dei som spring etter andre gudar.

Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei

og ikkje ta deira namn i min munn. 

5 Herre, du er min del og mitt staup,

det er du som fastset min lut.  

6 Eg fekk min del på fager grunn,

ja, ein herleg arv vart min.

7 Eg prisar Herren, som gjev meg råd;

jamvel om natta får eg rettleiing i mitt indre.

8 Alltid har eg Herren for auga;

han er ved mi høgre side,

eg skal ikkje rikkast. 

9 Difor er det glede i mitt hjarta

og jubel i mi sjel;

ja, jamvel lekamen kan vera trygg.

10 Du gjev meg ikkje over til dødsriket,

du lèt ikkje din trufaste tenar gå til grunne. 

11 Du lærer meg livsens veg.

Det er fullt av glede for ditt åsyn,

ein evig fagnad ved di høgre hand.

Gudlege menneske sveik David og vart urettferdige, lovlause og ugudlege.

Salme.55,1 Til korleiaren. Med strengespel.

Ein læresalme av David.

2 Høyr mi bøn, Gud,

løyn deg ikkje når eg tryglar og bed.

3 Akta på meg og gjev meg svar!

Eg får ikkje ro for mi sut.

Eg er heilt ifrå meg

4 når fienden ropar,

og dei gudlause trykkjer meg ned.

For dei velter vondskap over meg,

rasande går dei laus på meg.

5 Mitt hjarta skjelv i barmen,

dødsangst kjem over meg. 

6 Otte og age fyller meg,

og heile kroppen skjelv.

7 Eg tenkte: Hadde eg venger som dua,

då flaug eg bort og fann meg ein bustad. 

8 Langt av garde ville eg røma

og halda til i øydemarka. Sela

9 Eg ville skunda meg i livd

for storm og rykande uver.

10 Skap redsle og rådløyse, Herre,

og kløyv deira tunger! 

For eg ser berre vald og strid i byen.

11 Dag og natt går dei ikring han

oppå murane.

Vondskap og urett rår i byen,

12 han er full av rotenskap.

Frå torget der vik ikkje vald og svik.

13 Det er ikkje ein fiende som spottar meg

– det kunne eg nok tola,

ingen uven som audmykjer meg

– då ville eg gøyma meg for han.

14 Nei, det er du, min likemann,

min gode ven og kjenning, 

15 – vi som hadde det godt i lag

og gjekk i festtog til Guds hus.

16 Lat døden koma over dei,

lat dei levande fara til dødsriket!

For vondskap har dei i heim og hug. 

17 Men eg vil ropa til Gud,

og Herren skal frelsa meg.

18 Både kveld og morgon og midt på dagen

må eg klaga og sukka.

Han vil høyra når eg ropar,

19 fria meg frå striden og gje meg fred,

endå mange går imot meg. 

20 Gud skal høyra meg og audmykja dei,

han som frå eldgamal tid sit på trona. Sela

For dei snur ikkje om

og har ikkje age for Gud. 

21 Fienden legg hand på sine vener,

skamlaust bryt han si pakt.

22 Hans tale er sleipare enn smør,

men i hjarta tenkjer han på strid.

Hans ord er mildare enn olje,

likevel er dei som dregne sverd. 

23 Kast di bør på Herren,

han vil syta for deg!

Aldri i æve skal han

la den rettferdige rikkast. 

24 Men du, Gud,

støyt drapsmenn og svikarar

ned i den djupe grav,

så dei berre får helvta av sine dagar.

Men eg set mi lit til deg.

David talte om ein som sveik og forbanna og det vart til ein profeti om at Judas svik Kristus.

Salme.109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.

Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!

2 No opnar dei gudlause munnen,

ein svikefull munn, imot meg.

Dei talar til meg med lygnartunge, 

3 kringset meg med hatefull tale

og strider mot meg utan grunn.

4 Til løn for min kjærleik

klagar dei meg; men eg bed.

5 Dei løner godt med vondt

og gjev meg hat for min kjærleik. 

6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,

lat ein klagar stå ved hans høgre side! 

7 Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn verta halden for synd! 

8 Lat hans levedagar verta få

og ein annan ta hans embete! 

9 Lat borna hans verta farlause

og kona hans enkje!

10 Lat borna flakka ikring og be seg,

gå tiggargang frå øydelagd heim.

11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,

framande skal rana frukta av hans strev.

12 Ingen skal visa han truskap meir

eller ynkast over hans farlause born.

13 Hans etterkomarar skal rydjast ut,

deira namn skal strykast i neste ættled. 

14 Herren skal minnast hans fedrars skuld,

synda åt mor hans skal ikkje takast bort. 

15 Herren skal alltid ha dei for auga,

minnet om dei skal rydjast ut frå jorda. 

16 For han tenkte aldri på å visa truskap,

men forfylgde dei arme og fattige,

og dei motlause ville han drepa.

17 Han elska å forbanna

– lat forbanning råka han sjølv!

Han lika ikkje å velsigna

– lat han aldri få velsigning!

18 Han tok forbanning på som ein kledning

– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,

i hans bein som olje!

19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,

som eit belte han alltid bind om seg!

20 Lat dette vera Herrens løn

til dei som klagar meg

og talar vondt imot meg!

21 Men, Herre, du min Herre,

gjer vel imot meg for ditt namn skuld!

Berga meg i din godleik og truskap!

22 For eg er arm og fattig,

mitt hjarta er såra i min barm.

23 Eg kverv som skuggen når dagen hallar;

som ei grashoppe vert eg sopt bort. 

24 Knea sviktar fordi eg fastar,

min kropp turkar inn fordi han ikkje får olje.

25 Eg har vorte til spott for dei,

dei rister på hovudet når dei ser meg. 

26 Hjelp meg, Herre, min Gud,

frels meg i di miskunn!

27 Så skal dei merka di hand bak dette

og skjøna at du har gjort det, Herre.

28 Om dei forbannar, velsignar du.

Om dei reiser seg mot meg, vert dei til skammar,

og din tenar kan gleda seg.

29 Lat mine fiendar kle seg i vanære

og sveipa seg i skam som i ei kappe! 

30 Så vil eg takka Herren med lovsong,

midt i mengda vil eg prisa han. 

31 For han står attmed den fattige,

vil hjelpa han mot dei som dømer han.

Vers 8 og 17 er profeti om Judas. Vers 17 er også profeti om prestane som førde klagemål mot Kristus og disiplane hans og mot vanlege folk, spesielt dersom dei var fattige. Det hadde seg slik at dei var korrupte.

Herre, hjå deg søker eg livd, du er for meg eit fjell, ei borg og ei festning som eg kan flyga til, for å finne frelse.

 

Salme.71,1 Hjå deg, Herre, søkjer eg livd,

lat meg aldri verta til skammar! 

2 Fri og frels meg i di rettferd,

vend øyra til meg og berga meg!

3 Ver eit fjell som eg kan fly til,

ei festning der eg finn frelse!

For du er mitt berg og mi borg. 

4 Fri meg, Gud, frå handa åt dei gudlause,

frå dei som fer med vald og urett!

5 Herre, Gud, du er mi von,

frå min ungdom har eg sett mi lit til deg.

6 Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,

du drog meg fram frå mors liv.

Deg vil eg alltid prisa. 

7 Eg har vorte som eit under for mange,

du er mi trygge tilflukt.

8 Min munn er full av lovsong til deg,

eg prisar din herlegdom dagen lang.

9 Støyt meg ikkje bort i min alderdom,

forlat meg ikkje når krafta minkar.

10 Mine fiendar talar om meg,

dei lurer på meg og samrår seg. 

11 Dei seier: «Gud har forlate han.

Jag han og grip han!

Det er ingen som bergar.»

12 Gud, ver ikkje langt borte frå meg!

Skund deg og hjelp meg, min Gud! 

13 Lat dei som står meg imot,

gå til grunne med skam!

Lat dei som vil meg vondt,

sveipast i skam og vanære! 

14 Men eg er alltid full av von,

atter og atter vil eg prisa deg.

15 Kvar dag skal eg fortelja om di rettferd,

om dine gjerningar til frelse;

eg kjenner ikkje talet på dei. 

16 Herre, min Gud,

eg vil tala om dine storverk,

prisa di rettferd, berre den.

17 Du har lært meg opp, Gud,

heilt frå min ungdom,

og enno fortel eg om dine under.

18 Forlat meg heller ikkje, Gud,

når eg vert gamal og grå!

Så skal eg tala om di mektige gjerning

til heile den ætt som kjem. 

19 Din styrke og di rettferd, Gud,

når til himmelen.

Du som har gjort så store ting,

Herre, kven er som du? 

20 Du som lét oss oppleva

mange trengsler og ulukker,

du vil atter gje oss liv

og føra oss opp

frå havsens djup under jorda. 

21 Gjev meg att mi ære,

vend deg til meg og trøysta meg!

22 Så vil eg spela på harpe

og prisa din truskap, Gud.

Eg vil spela på lyre for deg,

du Israels Heilage. 

23 Mine lipper skal jubla

når eg spelar for deg,

mi sjel som du har løyst ut, skal jubla. 

24 Ja, heile dagen skal mi tunge

tala om di rettferd.

For dei som vil meg vondt,

har vorte til spott og spe.

Gud sa til Davids herre, set deg ved mi høgre hand…

Salme.110,1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»  

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar! 

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang. 

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»  

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag. 

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord. 

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

Matt.22,41 Medan farisearane var samla, spurde Jesus dei: 42 «Kva meiner de om Messias? Kven er han son til?» «David,» svara dei.  43 Jesus sa: «Korleis kan då David, driven av Anden, kalla han herre, når han seier:

44 Herren sa til min herre:

Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

under dine føter. 

45 Kallar no David Messias herre, korleis kan han då vera Davids son?» 46 Men ingen kunne svara han eit ord. Og frå den dagen våga ikkje nokon å spørja han meir.


Leave a comment