Bilete: Openberringa av at Jesus kjem til oss, er først og fremst ei åndeleg innsikt og løyndom som vi har sjølv om vi ikkje ser den med våre fysiske auge. Dette biletet liknar det som vert sagt i Op 19, om at Jesus kjem som kongars konge.

Innleiing. 

Profetien om Harmageddon finn vi i

Joh.Op.16,12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –  15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –  16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

Profetien om Gog-krigen finn vi i Esekiel 38-39 og i Joh.Op.20. Eg har skrive om det her:

Eg tenker meg at Joh.Op.16,12 fortel noko om korleis Islam vart brukt til å samle det Arabiske Storriket på 600-talet e.Kr. Dyret i Joh.Op.13 var den Romerske Keisaren (Nero), Men kristendomen vart statsreligion i Romarriket, så då dreiv vel dei ikkje med keisardyrking lengre. Vest-Romarriket hadde gått under, men Aust-Romarriket var framleis eit keisarrike. Og det Arabiske Storriket var eit kalifat. Kva var då Draken, Dyret og den Falske Profet i vers 13-16? eg tenker meg at det framleis var Nero og politikken hans, som etikk, religion og politikk filosofi var den framleis ei linje i historia, hugs at han vart dyrka som ein gud og det kunne han framleis vere, sjølv om han ikkje vart kalla den Romerske Keisaren.

Jesajas profeterte om at Israels-folket skulle verte bortførde til Babylonia, men også at dei skulle få komme attende til landet sitt ved persarkongen Kyros. Det same gjaldt dei andre folka som var bortførde og dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Kyros sette dei til å bygge oppatt tempelet og finansierte det. Dei fekk motstand, så arbeidt stoppa opp, men kom i gang igjen under persarkongen Dareios. Omlag 70 år etter at dei vart bortførde, var tempelet ferdig, det høver med Jeremias sin profeti om at det skulle gå 70 år før dei fekk komme attende til landet sitt. Frå den dagen dei la grunnsteinen til Guds hus, ville han velsigne dei, så vi kan seie det slik at han måtte ha sin bustad mellom dei , for at det skulle vere det lova landet som dei skulle komme inni, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Under kong Herodes vart det påbygt, så det vart kalla Herodes tempel. Men Jesus profeterte om at det skulle leggast i grus.

Esekiel var profet på den tida Jerusalem fall (587 f.Kr) og folket vart bortførde til Babylonia og han profeterte om det (Esekiel.4-24) og så profeterte han om at slik kom det til å gå med nabofolka deira også( Esekiel.25-32). Han profeterte om at Israels-folket skulle få komme attende til landet sitt og om eit framtidig tempel som likna på Salomos tempel. Liksom tabernakelet (møteteltet) var det bygt for å likne den himmelske heilagdomen.  Då kunne det ikkje vere det tempelet som persarkongen Kyros gav dei beskjed om å bygge. Kva kunne det vere då? Det måtte vel vere det tempelet som Kristus var grunnsteinen og hjørnesteinen til, ved at han døde i staden for oss. Og det tempelet er ein åndeleg bygnad.

Sakarja var profet medan dei bygde tempelet og han profeterte om den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Joel profeterte om at Israels-folket måtte audmjuke seg for Gud, for å verte berga frå fienden i nord. Men folket i Tyros, Sidon og Filistarlandet kom til å verte selde (Joel.3,9….). Persarkongen Artaxerxes 3 selde sidonarane som slavar i 345 f.Kr og i 332 gjorde Aleksander den Store det same med folket i Tyrson og Filistarbyen Gaza (Kjelde: Biblex).

Gog samlar mange folk.

Esekiel profeterte om at storfyrsten Gog, skulle samla mange folk langt nord til krig mot Israel, han skulle komme for å rane og røve, men like vel var det fordi Gud drog han til det og det skulle ende med hans undergang. 

Esekiel.38,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han  3 og sei:

Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. 4 Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd.  5 Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm.  6 Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.

Det er tale om landområde rundt Svartehavet/Kaukasus, som har vorte oppattkalla etter sønene til Jafet, son til Noah.

1.Mos.10,1 Dette er dei ættene som har kome frå sønene til Noah, Sem, Kam og Jafet. Dei fekk søner etter storflaumen. 2 Sønene til Jafet var Gomer, Magog, Madai, Javan, TubalMesjek og Tiras.  3 Sønene til Gomer var Asjkenas, Rifat og Togarma.

Dette var altså område nord for Mesopotamia og heile landet om Eufrat låg i. Gog var ein storfyrste som fekk dei med seg og han fekk også med seg folk frå Persia, Sudan og Nord-Afrika (Kjelde: Biblex). Nubia er det nordlege Sudan og sørlege Egypt.

Dette minner om korleis Russland og Sovjetunionen har samla folk som motsetnad til Israels samling, etter den Russisk revolusjon prøvde dei å samla folka med sosialismen, slik verka også nasjonalsosialismen og fasismen. Så spørst det om vi kal forklare dette med at ut or munnen på Draken, Dyret og den Falske Profet kom der tre djevle-ånder som forførde menneska får å samle dei på Guds store dag.

Men då må vi byrje å tenke på Israels-folket som dei som er hjarteomskorne i den Heilage Ande, ved trua på Kristus, for det er ved trua på han både dei og vi får siger. Han sigra over Djevelen med sin død på korset og med si oppstode frå dei døde sigra han over døden. Og ved trua på han skal vi sigre saman med han. 

Tjuven kom for å stele og slakte og øydelegge, men Jesus er den gode Hyrdingen, som kom for at vi skulle ha liv og overflod.

Korleis kunne den Duglause Hyrdingen (Sak.11) gjete slaktesauene for sauehandlarane, utan å stele dei først? Det kunne vere ved korrupsjon, så slik vart prestetenesta i Jerusalem infiltrert.

Men Jesus profeterte om at dei som var komne før han var tjuvar og røvarar. 

Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans.  5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.

7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg,  15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.

17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att.  18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»

I det gamle Hellas oppstod tanken om at naturen er forståeleg. Dette som motsetnad til mytologiske forklaringar og den austlege filosofien som meinte at den fysiske naturen var mørk, vond og uforståeleg.

I det gamle Hellas oppstod tanken om at naturen var forståeleg, det stod i motsetnad til den gamle religionen med sine mytologiske forklaringar. Men det høver med trua på Israels Gud, at han har skapt alle ting med sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Der er ein usynleg ide som ligg bak det heile, altså, derfor er naturen forståeleg. 

I Platons idelære var der fullkomne idear, inkludert det godes ide, så desse ideane var ideal. Men han fekk problem med å forklare det vondes problem, det kunne kallast ein ide, men det var då ikkje eit ideal, så han prøvde å forklare det som mangel på innsikt i ideane. Slik vart det eit argument for å utdanne seg.

Nyplatonismen gav uttrykk for hjartets lengsel, i ei slags religiøs søking og dette høvde bra med evangeliets bodskap om at Jesus kalla til seg dei som tørsta, for hos han skulle dei få drikke av det levande vatnet.  

Augustin var på søking og syntest den austlege manikeismen gav eit betre svar på det vondes problem, men så høyrde han ei tale av ein biskop og oppdaga at kristendomen høvde som svar til platonismen og gav opplysning. 

Sitat frå https://snl.no/manikeismen :

Manikeismen er en gammel iransk religion, grunnlagt av profetenMani på 200-tallet. Manikeismen er en dualistisk religion, der motsetningen mellom gode og onde krefter, lys og mørke preger verdensbildet og menneskehetens vei til frelse.

Manikeismen lærer at menneskets ånd er en gnist av guddommens lys, men at ånden er fanget i materien. Frelsen består i å frigjøre ånden fra materien. Manikeismen kalles derfor også en frelsesreligion. Menneskehetens bidrag til endetidens komme er av stor betydning.

Den nye religionen fikk raskt stor utbredelse, og det ble opprettet manikeiske religiøse samfunn fra Roma, Nord-Afrika og Midtøsten, til Sentral-Asia og Kina. I Middelhavsområdet var den nyoppståtte manikeismen i flere århundrer en konkurrent til den fremvoksende kristendommen.

SITAT SLUTT.

Vi kan godt seie det slik at nyplatonismen gav uttrykk for Augustins religiøse lengsel, kristendomen forklare det som lengselen etter det levande vatnet og hos Kristus fekk han det. Det gav han ei god sjølvinnsikt, med Guds Ord som referanse. Med tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, det høver med ideen og tanken i antikk naturfilosofi og platonismen. Så Augustin meinte han fekk både ei rett subjektiv søking og erkjenning av Sanninga og ei rett objektiv søking etter sanning.

Dette har eg skrive om her,  https://faith-and-entropy.com/2025/08/15/ny-tid-65-endetidssyn-40-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-22-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han/ Sitat:

Augustin hevda at menneska går fortapt på grunn av syndefallet, med unntak av dei som Gud i sin nåde frelser frå det, dei får komme inn i den evige sæla. Det er dei som Gud frå æva har førebestemt til det, dette vert kalla predestinasjonslæra. Der er grunnlag for å hevde det utifrå skriftene, men det har seg slik at Gud har oversikt over framtida, mykje meir oversikt over framtida enn kva vi har. 

Augustin las i Bibelsk skrifter, men kom til at dei ikkje heldt mål, han vart grepen av «manikeismen» fordi den syntest å ha ei forklaring på problemet med det vonde. Men han braut med manikeismen, fordi den filosofiske skepsisen og den greske forståinga av verda som eit ordna kaos overvann den østerlandske forestillinga av verda som dominert av mørkets krefter. I staden forklarde han det vondes problem som mangel på innsikt, som i platonismen altså. Og så fann han at nyplatonismen høvde bra med kristendomen. 

Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :
Litterære studier vakte trangen til intellektuell klarhet også i religiøse spørsmål. Bibelske skrifter holdt ikke lenger mål. I stedet ble Augustin grepet av manikeismen, ikke minst fordi den tilsynelatende hadde en forklaring på det ondes problem. Da han i 383 dro til Roma og derfra til Milano, hadde Augustin derimot brutt med manikeismen. Den filosofiske skepsisen (representert blant annet av Ciceros Hortensius) og den greske forståelsen av verden som et ordnet kosmos, overvant den østerlandske forestillingen om det materielle som dominert av mørkets makter.

Under prekestolen til biskop Ambrosius av Milano fikk Augustin et helt nytt syn på den kirkelige kristendommen. Av Ambrosius synes han å ha lært å tolke de hellige skriftene i nyplatonsk ånd, å søke innover i skriftene etter en dypere, åndelig mening og å søke innover i seg selv etter sitt vesens innerste grunn i Gud. Han oppdaget at han hadde en delt vilje. Hans ufullstendige religiøse erkjennelse skyldtes at han egentlig ikke ville erkjenne. I den dypeste fortvilelse leste han en dag fra Romerbrevet 13,13, og den helhjertede overgivelsen til sannheten i apostelens ord ble ham gitt i år 387. Kort etter ble han døpt og vendte tilbake til Nord-Afrika. Monica opplevde hans dåp, men døde før hjemreisen. Med dette slutter Confessiones.

Kort etter hjemkomsten ble Augustin prestevigd. Som biskop i Hippo i 395 grep han gjennom mer enn 100 skrifter inn i det meste av det som skjedde gjennom 35 år.

SITAT SLUTT.

Djevelens forføring og klagemål mot menneske i vår tid. Same forføringa som ved syndefallet. 

Vår tid er prega av dommedagsprofetar av ulikt slag, til dømes å dømme folk for å vere rasistar, fasistar, nazistar, vere årsak til klimakrise med global oppvarming. Så dei meiner løysinga er ein globalisme, tydeleg vis som motsetnad til evangeliet, men då blir det til falske gudar og falske messiasar. Så spørst det om vi framleis kan forklare det med at ut or munnen på Draken, Dyret og den Falske Profet kom der tre djevle-ånder som forførde menneske for å samle dei på Guds store dag (Joh.Op.19)?

Fasismen og nazismen blomstra i mellomkrigstida, men vart den tapande part i andre verdskrig, slik sett enda det med at dei vart dømde, så når nokre kallar andre for fasistar og nazistar, er det som dei argumenterer for at dei skal verte dømde på tilsvarande vis. Soleis verkar det som ein argumentasjon for ein tredje verdskrig og å samle folka på Guds store dag. Men det paradoksale er at der er både sosialistar og kristne på begge sider i Ukraina-krigen. Så det må då vere nokon som manglar innsikt her.

Det verkar svært så rart at folk prøve å forklare vår tid utifrå korleis folk tenkte for hundrede år sidan, ikkje minst med tanke på den opplysning og utviklinga som har skjett sidan då. 

Men i Bibelen finn vi ei meir universell forklaring på slike problem og den er at ved syndefallet lokka ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho let seg lokke og forføre og åt av frukta og gav mannen sin med seg og han åt. Soleis vart det til at dei forguda seg sjølve med sin kunnskap. Så laga dei seg gudar av stokk og stein og vart trælar under dei, men Bibelen kalla det Lygna og Djevelen var Lygnaren.

Paulus sa at synda kom inn i verda ved eitt menneske og med det nådd døden alle menneske, fordi dei alle synda (Rom.6,12). Døden fekk herredøme ved eitt menneske sitt fall, men dei som tek imot nåden i Kristus, skal få liv og herredøme ved han. Liksom fallet til eitt menneske vart til fordømming for alle menneske, vart dei rettferdige gjerningane til ein mann til frikjenning og liv for alle menneske (Rom.6,17-18).

Rom.6,12 Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda.  13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov,  14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma.  15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.

18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.  19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.  20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større.  21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

Desimalsystemet var eit posisjonssystem. Det og logikken vart viktig for moderne vitskap og teknologi.

I Vest-Europa vart det lenge brukt romartal, men i høgmiddelalderen tok desimalsystemet over. Europearane fekk det frå arabarane og dei fekk det frå India på 600-talet e.Kr. Babylonarane brukte 60-talssystemet, det er eit posisjonssystem som framleis vert brukt på vinklar, kompass-skiva og jord-kloda. 12-talsystemet er eit posisjonssystem som vert brukt på klokka. Sidan 12 = 2*2*3 og 10=2*5 er det lettare å faktorisere i 12-talsystemet, noko som gjer det lettare å rekne, men i 10-talsystemet kan vi rekne med å telje på fingrane.

Tallet 0 er viktig i posisjonssystemet, så oppdaginga av talet 0 vert rekna for ei stor oppdaging i matematikken. Eksistensen av 0 og 1 er to aksiom (grunnsetningar) i matematisk analyse. Totalsystemet er bygt opp av berre desse to talla og det er det som er brukt i data-teknologien.

Sitat frå https://snl.no/tallsystem :

Vårt vanlige tallsystem kalles titallsystemet, og er et posisjonssystemmed 10 som grunntallTo-tallsystemet er et annet posisjonssystem, mens romertall er et addisjonssystem.

To-tallsystemet brukes i datamaskiner.

….

Andre grunntall som har vært i bruk er 5, 10, 12, 20 og 60. Rester av det babylonske sekstitallsystemet finner vi fortsatt i inndelingen av timer, minutter og vinkler i 60

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Romertall :

Romertall (romerske numeraler) var i historisk tid det mest utbredte tallsystem i Europa. Tallsystemet har muligens sin opprinnelse hos etruskerne omkring 500-tallet før Kristus og ble overtatt og utviklet av romerne utover på 200-tallet før vår tidsregning. Tallsystemet er eldre enn det latinske alfabetet og har dannet grunnlaget for flere latinske bokstaver. Det romerske tallsystemet var enerådende i det etter hvert kristne Europa fra 200-tallet etter Kristus, inntil det gradvis ble erstattet av arabiske tall fra 1300-tallet og utover i senmiddelalderen. Selv om romertall kan benyttes til å utføre matematiske beregninger, er det særdeles krevende å bruke dette tallsystemet til kompliserte felt som algebra og spesielt renteberegning.[1] Det romerske tallsystemet blir like fullt fortsatt benyttet i vår tid, men det mest vanlige bruksområdet er til ornamentikk og utsmykning av urskiver.

SITAT SLUTT.

Gamle kulturar som Egypt, Babylonia og India hadde velutvikla matematikk, det var mest til praktisk rekning, men i antikkens Hellas vart interessa for matematikk meir teoretisk, sidan dei meinte dei kunne finne sanning i den, det vart spesielt tydeleg ved Platons idelære. Aristoteles vert kalla logikkens far og matematisk logikk er viktig både i realfag og i data-teknologi. Vi kan godt seie det slik at der er noko som er rett og sant, så både naturen og datateknologien fungerer etter det. Det spørst berre om vi oppdagar det, innser det og klarar å nytte oss av det.

Sitat frå https://www.superprof.no/blog/antikkens-hellas/ :

Grekerne var ikke de første som drev med matematikk. Det gjorde både egypterne og babylonerne lenge før dem. Men grekerne gjorde noe ganske unikt: De tok det praktiske, gjorde det teoretisk, og formet det til et helt nytt tankesett. 

For dem handlet ikke tall bare om handel, vekt og mål. Det handlet om logikk, skjønnhet og sannhet.

……..

Selv om det er fristende å tro at grekerne fant opp alt selv, startet ikke matematikkhistorien med dem. Antikkens Hellas arvet mye fra eldre og kloke sivilisasjoner, spesielt fra Egypt og Babylon.

Egypterne brukte matematikk til å bygge pyramider og måle jord etter Nilen hadde oversvømt den. Babylonerne utviklet et tallsystem med base 60, som vi faktisk fortsatt bruker i dag.

Disse systemene var ekstremt praktiske og nyttige i hverdagen, og det var nettopp denne kunnskapen grekerne senere tok med seg og bygde videre på.

Hvordan?

Hellas lå midt i et handelsnettverk som strakte seg over Middelhavet. Der møtte de ideer fra øst og sør, og slik ble ikke bare krydder og olivenolje utvekslet, men også kunnskap og nye måter å tenke på. Det var som om de åpnet en mental skattekiste og sa: «Takk for lånet, nå gjør vi dette enda smartere». I dag kan du lære slike ideer og teknikker gjennom mattekurs online.

Grekerne tok altså praktisk kunnskap og gjorde den teoretisk. 

I stedet for å bare bruke matematikk, ville de forstå den. Hvorfor fungerer dette? Kan vi bevise det? Dette var et helt nytt tankesett.

Takket være denne måten å tenke på, kunne de utvikle begreper som bevis, aksiomer og teorem. Det er grunnpilarene i moderne matematikk.

Det babylonske tallsystemet la grunnlaget for mye av verdens eldste matematikk og påvirket også grekerne.

Den store fadesa i filosofihistoria.

Aristoteles vert kalla logikkens far, men han gjorde den feilen at han brukte logikken på fysiske ting i staden for idear.

Ikring 1250 e.Kr. laga munken Thomas Aquinas ei syntese mellom aristotelisme og kristendom (thomismen) og den vart godteken som filosofien til den Katolske Kyrkja. Men Aristoteles gjorde den feilen at han brukte logikken på fysiske ting, i staden for å bruke den på idear. Pionerane i den moderne vitskapen, som Galilei Galilei, viste at Aristoteles tok feil, men leiarane i den Katolske Kyrkja forfølgde dei fordi dei hadde gjort aristotelisme til religion. I den antikke gudeverda var himmellekamane gudar og det var nok koplinga til den som framleis hang att. Men profetane i det gamle testamentet hadde då for lengst sagt at himmellekamane ikkje var gudar.

Dette har eg skrive om her https://faith-and-entropy.com/2024/08/09/kristendomen-thom-ismen-kant-ismen-og-realfag-1/ , sitat:

På Aristoteles si tid meinte folk at verda var bygd opp av fire element, jord, vatn, luft og eld. Elementa søkte til sine naturlege stad i verda, det var den naturlege rørsla. Når du slepp ein stein, fell den mot jorda. Luft-bobler i vatn stig opp. Slik rørsle er rettlinja og endar med at tingen kjem til ro på sin naturlege stad. Det er logisk. I tillegg kjem tvungen rørsle, den trengst det ei kraft til. Større kraft gir større fart, konstant kraft gir konstant fart, når krafta sluttar å virke, stoppar gjenstanden.

Galilei Galilei (1564 – 1642) vert rekna for far til moderne vitskap, med sine eksperimentelle metoder. Men han kom på kant med den Katolske Kyrkja, til tross for at Galilei trudde på kristendomen. Den nye naturvitskapen vart så dramatisk at eg tenker på det som profetien om at kreftene i himmelrømda skal skiplast. Hellas var så pass langt bort frå Israel at vi kunne godt kalle det himmelrømda. Her byrja det med at læra om kreftene vart skipla. Seinare har vi med moderne naturvitskap vorte i stand til å nytte naturkreftene både til næringslivet og til å krige.

Matt.24,29 Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.

Universaliestriden vart no avløyst av striden om kva som var den rette vitskaplege metode, der partikularia vart erstatta av empirisme og universalia vart erstatta av rasjonalitet. Det var lenge strid om metodene i den nye naturvitskapen var empirisme (erfaringsbasert) eller rasjonalisme (forstandbasert). Men både hypotese og teori var ei syntese av rasjonalitet (forstandig ide) og empiri (erfaring gjennom sansane). Hypotesa vert prøvd i eksperimentet, dersom der er eit tilfelle (eksperiment) der den ikkje passar, så vert den vraka. Elles vert den styrka inntil den vert godteken som teori. Konklusjonen vart at den var ei syntese av begge deler, den var hypotetisk deduktiv. Den var deduktiv ved at det vart tenkt logisk utifrå ein teori, ei hypotese. Vi kjem fram til eit resultat om kva som skal skje i eksperimentet. Så gjer vi eksperimentet og ser om det gjekk slik. I så fall vert hypotesa styrka, elles vert den vraka. Slik var metoda eksperimentell.  Med rasjonaliteten vert ei hypotese formulert og så vert det testa med eksperiment om den logiske konsekvensen høver til å beskrive prosessen.

Dei skilte ikkje mellom daude ting og levande ting som pusta og var bevisste.

I thomismen var det tale om universalia før tingen, i tingen og etter tingen. Sidan tala Imanuel Kant om tingen slik den var i seg sjølv, «das Ding an sich», og tingen slik som han oppfatta den, «das Ding an mich». Men den store feiklen var at dei ikkje skilde mellom ein daud ting og ein levande skapning, som pusta og var bevisst.

Men profetane i det gamle testamentet sa at der var ein vesentleg skilnad.

Jes.44,1 Men høyr no, Jakob, min tenar,

du Israel, som eg har valt ut! 

2 Så seier Herren,

han som har skapt deg og laga deg

og hjelpt deg alt frå mors liv:

Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,

Jesjurun, som eg har valt ut!  

3 For eg vil renna vatn over det tyrste

og straumar over det turre.

Min Ande vil eg renna ut over di ætt

og mi velsigning over dine etterkomarar. 

4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,

som poplar attmed bekkefar. 

5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,

ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.

Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,

og Israel skal han få til ærenamn.

Den einaste Gud

6 Så seier Herren,

Israels konge og utløysar,

Herren, Allhærs Gud:

Eg er den fyrste, og eg er den siste,

og utan meg finst det ingen Gud. 

7 Kven er som eg?

Lat han stiga fram og fortelja,

ja, leggja fram for meg det som har hendt

alt frå eg skapte det fyrste folket.

Og lat han seia dei det som sidan skal henda. 

8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!

Har eg ikkje for lenge sidan

kunngjort og sagt deg det?

De er mine vitne.

Finst det ein Gud utan meg?

Eg veit ikkje om noko anna berg. 

Det er dårskap å laga gudebilete

9 Dei som lagar gudebilete, duger ikkje;

og deira kjære gudar kan ikkje hjelpa.

Deira vitne ser ikkje og skjønar ikkje,

difor vert dei til skammar. 

10 Kven lagar ein gud og støyper eit bilete

utan å venta seg gagn av det?

11 Alle som dyrkar det, vert til skammar;

dei som lagar det, er berre menneske.

Lat dei samlast og stiga fram!

Dei skal alle fyllast med redsle og skam. 

12 Smeden arbeider med meiselen og strevar attmed kolelden. Han formar biletet med hamar og lagar det til med sin sterke arm. Han vert svolten og kreftene minkar. Han vert tyrst og misser sin styrke.  13 Treskjeraren spenner ut mælesnora og teiknar biletet med krit. Han ritar det opp med passar og formar det med skavjern. Så lagar han det til i manneskapnad, som eit fagert menneske, og set det i eit hus.  14 Han feller sedrar, eller han vel seg ei steineik eller ei eik, som har vakse seg sterk mellom trea i skogen. Han plantar òg eit laurbærtre, og regnet gjev vokster. 15 Dette brukar mannen til brensel. Noko tek han til å verma seg med, og noko nører han opp eld med når han skal baka brød. Men han lagar òg ein gud som han kastar seg ned for, eit gudebilete som han bøyer kne for.  16 Halvparten av treet brenner han i elden. På glørne steikjer han kjøt, et og vert mett. Så vermer han seg og seier: «Å, no er eg varm; eg merkar elden!». 17 Resten gjer han til ein gud, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: «Frels meg, for du er min gud!»

18 Slike folk er utan vit og skjøn. Augo deira er attklinte, så dei ikkje ser, og hjarto deira harde, så dei ikkje skjønar.  19 Mannen tenkjer seg ikkje om og har ikkje klokskap og skjøn nok til å seia: «Halvparten av treet brende eg opp. På glørne steikte eg brød og kjøt og åt. Og så skulle eg laga resten til eit ufyseleg bilete og bøya kne for ein trekubbe!» 20 Berre oske er det han jagar etter. Eit dåra hjarta har ført han vilt, så han ikkje bergar seg og seier: «Er det ikkje lygn det eg held i mi høgre hand?»


Leave a comment