Bilete: Harmageddon.

Innleiing. 

Esekiel profeterte om at storfyrsten Gog, skulle samla mange folk langt nord til krig mot Israel, han skulle komme for å rane og røve, men like vel var det fordi Gud drog han til det og det skulle ende med hans undergang. Dette møter vi igjen i Johannes Openberring, men først er det Dyret og den Falske profet som samlar folka på Harmageddon, så kjem Guds Ord og Guds englar og går til motangrep og vinna over dei. Djevelen vert bunden for tusen år, så det tusenårige fredsriket vert oppretta. Deretter vert Djevelen sleppt laus og han går bort og samlar Gog og Magog og fleire folk til strid mot leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men då for det eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei. Denne verda går under. Så skal dei døde stå opp og komme for Guds domsstol. Berre dei som er oppskriven i livets bok vert frelste frå fortapinga. 

Det Nye Jerusalem er byen som er elska og den er i Guds himmel og kjem ned på den nye jorda. Det Nye Jerusalem er Jesu brud og den glade bodskapen er å invitere til bryllaupet. Det er berre å ta imot invitasjonen og komme. Han gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss, så vi skal vere der han er. I det vi tek imot invitasjon og kjem til han, får vi merke at dette får konsekvensar for våre liv her på jorda, så vi ber god frukt i denne verda. 

Jesus har allereie kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, at eg går den vegen får betydning både for denne tida og for æva, for denne verda og den komande verda, ved at menneske får merke, innsjå og oppleve at han gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss, han kjem til oss for å gjere det klart for oss og vi innstiller oss på det og så hentar han oss heim til seg, så vi skal vere der han er.

Eg har skrive artiklar om dette på sidene

og 

Men på denne sida: https://faith-and-entropy.com/ny-tid/ prøver eg å gå litt vidare ved at den Heilage Ande openberrar profetiane for oss. Slik også i dette dokumentet og så kjem det meir historieskriving.

2.Pet.1,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Gud har openberra si frelse for oss i Kristus, ved sitt ord og sin Ande, den openberringa vert også viktig for å forstå profetiane, det vert profetert om at dei som trur på Jesus vert forfølgde, så dei risikerer å verte drepne på grunn av si tru,  men like vel vert dei berga frå den endelege domen. Forføringar måtte komme, men evangeliet gir oss høve til å vend om frå det og verte berga frå fortapinga og få evig liv. Like vel er det mange som held fram med å verte forførde til dess det endar i fortapinga. Klart då at profetiane fungerer som åtvaring mot forføringane og rettleiing til frelsa frå den endelege domen.

Evangeliet er ein frigjerande bodskap ved at den frelser og frir oss frå domen på dommedag. Ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande får vi oppleve det og innsjå det.

2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud,  6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.  

……

17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg,  10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad.  11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda.  12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde.  13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder.  14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen.  15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Heb.2,10 For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar.  11 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør.  12 Han seier:

Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,

midt i lyden vil eg lovsyngja deg. 

13 Og like eins:

Eg vil setja mi lit til han. 

Og endå ein stad:

Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg.

14 Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen,  15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv.  16 For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av.  17 Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket.  18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.

Vår tid ber preg av dommedagsprofetar av ulikt slag, ved at dei prøver å framstille seg som vise med sin etikk, moralfilosofi og politikk, men dei vert dåra og forførde slik som ved syndefallet, så dei prøver å forgude seg sjølve med den kunnskapen dei fekk ved å ete av frukta på kunnskapstreet. Soleis er det mange som står fram med ein bodskap som om dei har fått den endelege openberringa, men det er ved at bokstaven som slår i hel, som motsetnad til Anden som gjer levande, så det gjer slutt på den åndelege openberringa.

Men Kristus stod oppatt frå dei døde og lever i all æve og vi skal feste bliket på han, så vi får oppleve at den åndelege openberringa aldrig tek slutt. For han er det evige livet og gir oss ånd og liv frå himmelen.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Harmageddon og Gog-krigen.

Harmageddon.

Der er tydeleg vis parallelle linjer i Johannes Openberring og det kan ha å gjere med at det talar ulike område på jorda. Dyret i Joh.13 er ein keisar over heile Romerriket. Men det talar også om ein politikk som vart vidareført langt fram i tid.

Rom.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

«Djevelen» er «Anklagaren», hans klagemål mot menneska er fundamentalt, så menneska, slik dei er i seg sjølve, har ikkje mykje å stille opp mot det, i praksis ikkje noko., så dei har ikkje mykje dei skulle ha sagt, til tross for demokrati. det verkar til at demokratiet ikkje fungerer og verkar som argument for diktatur. Her ser vi at Dyret grunnlegg makta sin på drakens trone og dermed på hans fundamentale klagemål mot menneska.

I Op.16,12 er det tale om Eufrat, kongane frå Austerland. Draken og Dyret og den Falske Profet sender ut djevelånder for å samle kongane på heile jorda til krigen på Guds store dagen, det må då verte ein dommedag.

Joh.Op.16,12 Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland. 13 Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar. 14 Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –  15 «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –  16 Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

Frå Skapingssoga kan vi rekne Eufrat som symbol på kjelda med det levande vatnet, at Eufrat tørka ut, betyr då ei åndeleg tørke-periode, på grunn av mangel på evangelisk forkynning.

Her er det ikkje fortalt noko om korleis det gjekk med denne krigen på den store dagen til Gud, den Allmektig, men det er vel det vi får høyre meir om i Joh.19,19-21.

Joh.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.  12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.  13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».  14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.  16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!  18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.  20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.  21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Mongolsk og germansk folkevandring resulterte i Vest-Romarikets undergang. Men Aust-Romarriket klarde seg mykje lengre.

Hunane var eit mongolsk nomadefolk som ekspanderte, på 200-talet f.Kr, gjekk det ut over kinesarane, men sidan vandra dei vestover, kring 305 f.Kr nådde dei Russland og i 375 f.Kr. gjekk dei til åtak på landa nord for Svartehavet. Men dette var då nord for Mesopotamia, så dei tron ikkje gå over Eufrat. Men det sette i gang dei germanske folkevandringane vestover, inn i Romarriket. Germanarane var tøffe krigarar og vart rekrutterte som leigetroppar av romarane. Odovaker var hovding for ei slik leigetropp og i 476 e.Kr. avsette han keisaren i Vest-Romarriket og gjorde slutt på det. I stadne let han seg velje til kone over Italia. 

Aust-Romarriket var sterkare, både militært og økonomisk og klarde å verje grensene sine under folkevandringane. Det var eit keisarrike som også vart kalla den Bysantiske riket. Det hadde gresk riksspråk og hellenistisk kultur med orientalsk innblanding. Det varde i tusen år, heilt til tyrkarane tok Konstantinopel i 1453 e.Kr.

Med islam kom ei arabisk folkevandring som resulterte i det Arabiske Storriket.

Aust-Romarriket og Persia hadde lenge øydelagt kvarandre i lange blodige krigar, men med islam kom det på 600-talet e.Kr. ei arabisk folkevandring som resulterte i eit stor-rike, frå Indus til Atlantarhavet, men dei klarde ikkje å ta Konstantinopel. 

Arabarane var først eit fåment herrefolk i det store riket, undersåttane måtte betale skatt, men fekk ha språket og religionen sin i fred. Dei som gjekk over til islam fekk skattelettet og det vart etter kvart slik at islam gjekk fram og kristendomen gjekk attende og etter kvart vart det uråd å drive kristen misjon der. 

Dei øydela ikkje kulturen i landa dei kom til, men lærde av den og førde den vidare. Dei vatna og dyrka opp ørken, dei dreiv handel og tok over handelsvegane frå antikken. I Kina fekk dei greie på kompasset og krutet og i India fekk dei titalssystemet. Frå arabar-verkstadane kom tøy-varer, teppe, ler- og glasvarer og våpen av herda stål.

Arabarane oversette bøker frå den greske antikken og studerte dei, reiste skular, universitet og bibliotek og dreiv vitskapleg forsking med empiriske metode og gjorde oppdaginga i natur og lækjar-vitskap. Dei prøvde å finne naturlege årsaker til sjukdom, medan lækjarane i Vest-Europa meinte trolldom og vonde ånder var vanlege årsaker til sjukdom. Den arabiske bokheimen var rik på heltekvad, kjærleiksdikt og eventyr, best kjend er no «Tusen og ei natt».

Arabarane brukte islam til å samle store område i eit arabisk/muslimsk storriket, herskaren i dette riket vart kalla kalif, så det var eit muslimsk kalifat, vi kan lese om det her https://snl.no/Palestinas_historie_før_1948, sitat:

Palestinas historie er perioden fra muslimene erobret området i 636 og frem til Palestinakrigen i 1948. I denne perioden har området som dekkes av dagens Palestina vært underlagt en lang rekke styrer.

Fra 630-tallet var området en del av en serie med arabiske og islamske storriker, med korsfarertiden (1099–1291) som et unntak. Etter dette var området styrt av mamelukkene fra Egypt og deretter Det osmanske riket, før det ble et britisk mandat etter første verdenskrig.

Islamske kalifater (636–1099)

Etter Muhammeds død i 632 fortsatte de første kalifene (arabisk, «etterfølgerne») å erobre det tidligere Perserriket og de bysantinsk-kontrollerte områdene i Midtøsten, herunder Palestina. Da området var svekket og folk misfornøyde med de fjerne herskerne i Bysants som bare var interessert i skatter og avgifter, skjedde erobringen hurtig. I 633 tok araberne over det sørlige Palestina og deler av Mesopotamia. I 636 vant de en overlegen seier over den bysantinske hæren ved Jarmuk-elven (mellom Syria og Jordan) og kunne sikre seg Palestina og Syria. Jerusalem falt i 638, Caesarea i 640 og Ashkelon i 641.

Viktige endringer i Palestinas politiske, sosiale, kulturelle og religiøse historie fant sted under omayyadene (661–750) som hadde sitt hovedsete i Damaskus. Den økonomiske fremgangen var synlig i Jerusalem som ble administrativt hovedsete og blomstret under kalifatetAl-Aqsa-moskeen ble bygd, og den imponerende Klippemoskeen oppført i 691–692. Her kommer den gryende islamske kunst, særlig bruken av arabisk kalligrafi, til uttrykk. Senere ble byen Ramla, bygd i årene 712–715, tatt i bruk som hovedstad.

Under abbasidedynastiet (750–1258), det islamske verdensrikets storhetstid, ble tyngdepunktet flyttet østover til Mesopotamia, og en ny hovedstad ble grunnlagt i Bagdad. Dette førte til at Syria og Palestina befant seg i utkanten i det islamske riket. Økonomien gikk sterkt tilbake og byggevirksomheten avtok. Et jordskjelv i 747 forårsaket trolig store ødeleggelser. Stagnasjonen bekreftes av at det er få arkeologiske rester fra perioden. Spredte, beskjedne funn er blant annet gjort i Abu Ghosh, Ashkelon, Caesarea og Ramla.

Formelt var abbasidedynastiet herskende i den islamske verden helt frem til 1258, men større og større deler av riket gikk etter hvert i oppløsning. Problemene var mange. De tyrkisk-muslimske seldsjukkerfra det indre Asia trengte inn og overtok makten blant annet i Syria og Palestina på slutten av 1000- og begynnelsen av 1100-tallet. Etter hvert ble Syria og Palestina en slagmark i striden om makten mellom de egyptiske fatimidene og herskerne i Bagdad. Alt dette gjorde det mulig for korsfarerne å etablere seg.

SITAT SLUTT.

Artikkelen fekk hovudoverskrifta «Palestinas historie», men det må då vere heilt feil, for dette handlar om eit storrike til samanlikning med Persia på sitt største. Men det kan vere fordi der framleis er eit ynskje om å bruke religionen til å samle rika i eit storrike.

Er Joh.Op.16,12-16 ein profeti om det Arabisk/muslimske Storriket?

Passar framveksten av Islam og det Arabiske Storriket med profetien i Joh.Op.16,12-16.Vi kan no prøve og sjå om vi får det til å passe og så vurdere resultatet etterpå. Eg har allereie grunngjeve det med litt symboltolking og kan godt komme med meir av det. Hugs at vi må la den Heilage Ande openberre profetiane for oss, dersom dei kristne går med på det, så har vi i det minste gjort ei byrjing. Eufrat er symbol på kjelda med det levande vatnet og det er den Heilage Ande, så med den evangeliske forkynninga skal der komme nytt friskt vatn i Eufrat. Vidare får andre vasskjelder også same symbolske tydinga, at dei vart forgifta kan bety at der kom inn skadeleg vranglære (Joh.Op.8,10-11).

Eufrat tørka ut, så det vart rydja veg for kongane frå austerland, det næraste var då Persia, det som vi no kallar Iran. Så resultatet vart eit arabisk storrike til samanlikning med Persia på sitt største.

Men kva var Dyret på denne tida? Vest-Romarriket hadde gått under, Aust-Romarriket stod ved lag og var eit keisarriket. Då måtte det vel vere denne keisaren som var den Romerske Keisaren og dermed Dyret etter tradisjonen frå Romarriket. Men har hadde kristendomen vorte stats-religion, så då skulle det vel vere slutt på keisardyrkinga og dermed slutt på forføringa frå Dyret!

Or munnen på Draken, Dyret og den Falske profet kom der tre djevle-ånder som gjekk ut til kongane i heile verda, for å samle dei til krigen på Guds store dag.  Då var det ikkje avgrensa til det Arabiske storriket og heller ikkje til det Bysantiske Storriket. Like vel kunne det ikkje betyr at alle vart samla i ein hær, for kven skulle dei då stride mot? Eller skulle det kanskje vere å stride mot Guds hær, som kjem frå himmelen? Vel, i Joh.Op.19 ser det faktisk slik ut, men då er det fordi Guds Ord og hans englar går til strid mot dei.

Når desse tre djevle-åndene klarde å samla dei til strid på Guds store dag, så måtte det vel ha seg slik at dei førestilte seg at dei skulle halde dom, men så var det dei sjølve som vart dømde.

Esekiels profeti om Gog-krigen.

Esekiel profeterte om at Gog skulle få med seg mange folk til strid mot Israel, for å røve og rane.

Esekiel.38,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han  3 og sei:

Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal. 4 Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd.  5 Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm.  6 Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg. 7 Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei. 8 Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.  9 Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.

10 Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar 11 og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar. 12 Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»

13 Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»

14 Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut 15 og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær? 16 Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

Her vert det profetert om at Gud dreg han til det, men i Joh.Op.20,7-10 vart det profetert om at det var Djevelen som forførde dei og så skulle eld falle ned frå himmelen og gjere ende på dei. 

Joh.Op.20,7 Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt. 8 Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire heimshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og talet på dei er som havsens sand.  9 Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.  10 Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.

11 Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.  12 Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.  13 Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar. 14 Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden.  15 Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

2.Pet.3,3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster.  4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»  5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.  6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.  7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.

8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.  9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.  10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

14 Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte.  15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse.

Legg merke til at her talar Peter om dommedag då verda skal gå under og dagen for Jesu gjenkomst som ein og same dagen. Men for Gud er ein dag som tusen år, så då er der på den dagen plass til tusenårsriket også. Likevel, når han kjem for å hente sine, skjer det uventa og fort, som når lynet går ut frå aust og lyser heilt til vest (Matt.24,27).

Men Esekiel profeterte om at Gud kom til å stride mot Gog på fleire måtar enn med eld og svovel frå himmelen.

Esekiel.38,17 Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel.  18 Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud. 19 I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet.  20 Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda.

21 Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.  22 Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.  23 Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Lika av dei vart liggande på marka, så Israels-folket skulle gå ut og gravlegge dei for å reinse landet.

Esekiel.39,1 Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal.  2 Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella. 3 Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre. 4 På Israels-fjella skal du falla, du og alle fylkingane dine og folka som er med deg. Eg gjev deg til føde for alle slag rovfuglar og for dyra på marka.  5 På open mark skal du falla. For eg har tala, seier Herren Gud.

6 Eg sender eld mot Magog og mot dei som bur trygt på øyane. Dei skal få sanna at eg er Herren. 7 Eg vil gjera mitt heilage namn kjent i Israel, folket mitt, og aldri meir vil eg la mitt heilage namn verta vanæra. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, den heilage i Israel. 8 Sjå, det kjem, det skal henda, seier Herren Gud. Det er den dagen eg har tala om.

9 Då skal dei som bur i Israels byar, gå ut, gjera opp eld og brenna rustningar og små og store skjold, bogar og piler, stokkar og spyd. Med det skal dei halda elden ved lag i sju år. 10 Dei treng ikkje henta ved frå marka og ikkje hogga i skogane; for dei nører elden med rustningane. Dei skal røva frå dei som rana dei og plyndra dei som plyndra dei, lyder ordet frå Herren Gud.

11 Den dagen lèt eg Gog få ein gravstad i Israel, i Abarim-dalen austanfor Daudehavet. Han skal stengja vegen for dei som fer framom. Der skal dei gravleggja Gog og heile flokken hans, og dalen skal kallast «Gog-flokkens dal». 12 I sju månader skal israelittane halda på med å gravleggja dei, så landet kan verta reinsa. 13 Alt folket i landet skal vera med på dette, og dei skal få ære av det den dagen eg viser mi guddomsmakt, lyder ordet frå Herren Gud.

14 Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter. 15 Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal». 16 Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.

17 Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod,  18 eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle. 19 Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk. 20 Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.

Eg har høyrt kristne som har spekulert i at kroppane til dei døde kunne vere forgifta, sidan det vart ein så omstendig prosess med å reinse landet, så det kunne vere på grunn av radioaktiv stråling etter ein atomkrig. Då kunne det også vere av restane frå kjemisk eller biologisk krigføring.

Men dersom prestane kom nær lik, vart dei ureine og måtte reinse seg for å komme inn att i testa. Og i Esekiels bod er det fortalt at sidan Juda-kongane sette kongsgarden tett inntil tempelet, gjorde dei tempelet ureint med lika av kongane sine.

Esekiel.43,6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.  7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.  8 Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide.  9 Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

Når Israels-folket var komne heim att til landet sitt og hadde byrja å bygge oppatt tempelet, kom Haggai med ein profeti frå Herre, som byrja med at han spurde prestane i leksa. Dersom nokon bar heilagt kjøt i kappesnippen og den kom nær anna mat, vart den då heilag? Nei. Men dersom nokon hadde gjort seg urein med lik og kom nær mat, vart den då urein? Ja. Slik var det med dette folket og alt dei ofra, det var ureint. Så derfor vart dei ikkje velsigna, altså, det var fordi dei ikkje kom til han.

Haggai 2,10 Den 24. dagen i den niande månaden i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Haggai, og det lydde så: 11 Så seier Herren, Allhærs Gud: Spør kva prestane lærer om dette: 12 «Om nokon ber heilagt kjøt i kappesnippen, og snippen kjem borti brød eller kokt mat eller vin eller olje eller anna etande, vert då dette heilagt?» Prestane svara nei. 13 Så spurde Haggai: «Men om ein har vorte urein av lik og så kjem nær noko av dette, vert det då ureint?» Prestane svara: «Ja, det vert ureint.» 

14 Då tok Haggai til ords og sa: Såleis er det òg med desse menneska og dette folket i mine augo, lyder ordet frå Herren; og såleis er det med alt det dei gjer, og med det dei ofrar der; det er ureint.

15 Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel, 16 korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue. 17 Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren. 

18 Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til  19 om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.

Frå i dag vil eg velsigna.

Men no hadde dei lagt grunnsteinen til Guds hus, på det grunnlaget kom dei til han og fekk oppleve at han velsigna dei.

For å forstå dette, kan vi tenke på at Gud la ein grunnstein på Sion, ved Kristus døde i staden for oss.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Herrens dag var ein mørk dag, slik vart det når Jesus døde på korset, det var ein dommedag der Jesus vart dømd til døden i staden for oss. Slik heldt han dom over synda i kjøtet. Sidan han døde i staden for oss, vert det til vår frelse, om vi berre går med på det og tek imot i tru. Då er det som om vi er krossfesta og døde saman med han og i dåpen er vi gravlagde saman med han.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Mark.15, 33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret låg til den niande timen.  34 Ikring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Eloï, Eloï, lamá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»  35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med eddikvin, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Lat oss sjå,» sa han, «om Elia kjem og tek han ned.»  37 Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38 Då rivna forhenget i templet i to, ovanfrå og heilt ned.  39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Sanneleg, denne mannen var Guds Son!»

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.  4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred.  7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller.  8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

Då skulle evangeliet berge oss frå å verte forførde til å verte med i Gog sitt felttog mot Israels-landet. For Gog mønstrar tydeleg vis folk til å verte med i dette hærferda, ved at den gamle vonde naturen gjer opprør mot Anden, ved at kjøtet opponerer mot Ande. Men ved trua på at Kristus døde i staden for oss er denne naturen krossfesta og død med han og vi skal sjå det slik at i dåpen er den gravlagd med han.

Rett jøde er dei som er hjarteomskorne i den Heilage Ande. Ved trua på Kristus har vi vorte hjarteomskorne i den Heilage Ande og vorte med i Guds Israel. I og med kjøtets opposisjon mot Anden, samla Dyret menneska til strid mot Guds Israel og det gjorde Gog også. 

Evangeliet om Kristus er ein glade bodskap om frelse og frigjering for både einskildmenneske, folk og nasjonar. Men dersom dei erstattar det med noko anna, vert dei lurte.

Sanninga som set fri.

Jesus sa til folket at dersom dei vart verande i hans ord, skulle dei få lære å kjenne sanninga og den skulle setje dei fri.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.  37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.  38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.  40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.  41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.  43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.  45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?  47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

Når dei drap han, så var det han som gav sitt liv i staden for oss, for å kjøpe oss fri frå trældomen under synda og avgudane, ved å tru på han tek vi imot han og får hans Ande, då tilhøyrer vi han, slik sett er vi frelst, vi får tru oss frelst på grunnlag av at han døde i staden for oss. Så vi takkar han for frelsa og gleder oss i Herren. Vi bøyer oss for han og erkjenner at han er Herre, til vår frelse, så vi får oppleve og innser at han er vår frelsar og Herre og det er for oss ei glede. 

Lygna som gjer menneske til trælar, avgudane er Lygna og Djevelen er Lygnaren.

Like vel er det mange som held seg til ein frigjerings-tanke som strir mot dette, men det er lureri og dei vert lurte.

Salme.2,1 Kvifor ståkar folkeslaga,

kvifor legg folka gagnlause planar? 

2 Kongane på jorda reiser seg,

fyrstane legg råd i lag

mot Herren og den han har salva: 

3 «Lat oss slita sund deira lekkjer

og kasta deira reip av oss!»

4 Han som tronar i himmelen, ler,

Herren spottar dei. 

5 Så talar han til dei i sin vreide,

med brennande harme skræmer han dei:

6 «Det er eg som har sett inn min konge

på Sion, mitt heilage fjell.»

7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.

Han sa til meg: «Du er son min,

eg har født deg i dag.  

8 Bed meg, så gjev eg deg folka til arv

og heile jorda til eige. 

9 Du skal knusa dei med jernstav

og slå dei sund som leirkar.»

10 Og no, de kongar, far visleg fram,

ta imot åtvaring, de styrarar på jord!

11 Ten Herren med age og glede, 12 kyss skjelvande jorda for hans føter,

så han ikkje skal verta vreid

og de gå til grunne på vegen.

For lett kan hans vreide kveikjast. Sæle er alle som flyr til han.

1.Joh.2,22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.

Korleis folk vert lurte i vår tid.

«Woke-rørsla» har eit fridomsideal i strid med evangeliet og kven veit kor stor betydning dette har for politikken?

Det vart slutt på den kalde krigen, men så vart det varm krig med trussel om ein ny verdskrig.

På slutten av 1980-talet og utover 1990-talet vart det slutt på den kalde krigen, Berlinmuren fall og det vart avspenning og folka i Aust-Europa såg mot vest med von om fridom og framgang. Men så vart det varm krig i staden og fare for at Ukraina-krigen skal verte til verdskrig. 

Dei venstre-radikale har gått inn for å utvikle EU i sosialistisk retning og som motsetnad til USA, med ein globalistisk filosofi som gjer EU til ei stormakt i strid med fridom og demokrati. dette blir spesielt tydeleg ved at «woke-rørsla» står for eit fridomstankar som strir mot evangeliet. Det resulterte i at dei som såg mot vest i von om fridom, demokrati og framgang for ein stor del vart lurte. Og det er den vesentlege årsaka til krigen i Ukraina. Dermed står det sosialistar på begge sider i krigen og vi bør spørje på nytt om kva sosialisme er for noko eigentleg.

På evangeliets grunnvoll får vi fred med Gud, så vi også får fred mellom jødar og heidningar, folk og nasjonar. Men den norske regjeringa har tydeleg vis ikkje nytta seg av dette i Oslo-prosessen eller det seinare fredsarbeidet. Kvifor det?

Ja, kvifor det? Er dei som «den Duglause Tenaren» som grov ned talenten sin? Og som «den Duglause Hyrdingen» som gjette slaktesauene for sauehandlarane? Dei såg på dei kristne som konkurrentar om å rekruttere folk, ved at dei lova at menneske skulle verte frelste og få evig liv ved trua på Jesus. Dei meinte menneske soleis vart lurte og fornedra til å gå med på å leve i fattigdom og elende. Dei burde heller kjempe om så det vart å risikere livet i ein væpna revolusjon. Men problemet deira var nok at folke flest innsåg at det var ikkje til deira eige gagn like vel, men til gagn for leiarane. Så det vart som om dei vart selde som slavar, ja, slaktesauer. Så slik ville eit diktatur fungere, same enten det var på høgre-sida eller venstresida. 

Men i islam, spesielt radikal islam, er det mange som risikerer livet, ja, gir livet sitt i ein eins slags martyrdød, i krig og terror-aksjonar, fordi det vert lova dei evig liv med martyr-lønn, spesielt eit harem av jomfruer. Så slik har dei venstreradikale klart å rekruttere folk slik som dei ville, like vel. Men dei venstreradikale trur ikkje på dette sjølve, dermed vert det dess tydelegare at dette er lureri.

Jesus gav meg ein draum og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Han gav meg ein lovsong som skal vere min i all, den skal eg synge både no og sidan i all æva.

Skapinga og frelsa.

Den glade bodskapen er at vårt forhold til Gud vert gjennoppretta ved trua på Kristus.

Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei leande sjel. Men menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, Gud sa til mannen, mold er du og til molda skal du attende. Gud var ånd, men mannen var laga av mold og gjekk til grunne, det var den vesentlege skilnaden. Gud er ånd og hans himmel er ein åndeleg røyndom. 

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt synde-offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Kristus døde i staden for oss og på det grunnlaget vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med skapingssoga, men no skaper han oss i Kristus og slik skaper han oss i si likning.

Menneske er laga av mold frå marka og er mold og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss og vi tek imot han og får hans Ande, berre med denne Anden kjem vi inn i samfunn med han, så vi får oppleve at han frelser oss inn i sin himmel. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Ande. Det som er født av Anden er ånd. Det består ikkje av mold frå marka, men ånd frå Guds himmel og har den guddommelege eigenskapen at Gud har makt over det som han har skapt. Så det er berre for oss å la Guds Ande råde i vår døyelege lekam.

Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?  21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.  22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,  23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap;  24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.  25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta.  27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar.  28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud.  30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,  31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Dersom nokon med sin verdslege visdom og styrk vanvørder denne glade bodskapen, vert dei før eller seinare til skamme, same kor vise og sterke dei er.

Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.  8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.  9 Og dei song ein ny song:

Verdig er du til å ta imot boka

og bryta segla på henne.

For du vart slakta

og har med ditt blod frikjøpt for Gud

menneske av alle ætter og tungemål,

av alle folk og folkeslag.

10 Du har gjort dei til eit kongerike,

til prestar for vår Gud,

og dei skal råda på jorda. 

11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen.  12 Dei ropa med høg røyst:

Verdig er Lammet som vart slakta,

verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,

ære og pris og takk.

13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:

Han som sit på kongsstolen,

han og Lammet skal ha all takk og ære,

pris og makt i all æve.

14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Talentane.

Gud har skapt alle ting, så alt tilhøyrer han. Ingen kan gi han noko først, utan at han har fått det, ingen kan krevje noko av han først, same kor rik og mektig han er. 

Job.41,2 – Kven gav meg noko fyrst,

så eg laut gje han att?

Alt under himmelen er mitt.

Men dersom Gud har gitt noko til oss først, så er det på den måten at vi får disponere det, sjølv om det er han som framleis eig det, for eigentleg er vi også hans eigedom.  Vi kan vi ta imot med takk og bruke det han har gitt oss og oppnå noko med det, slik vi ser i likninga om talentane. Det kan vere både naturgåve og nådegåve, men likninga skil ikkje mellom to typar talentar, poenget er at det er Gud som har gitt oss det. Den eine fekk berre ein talent, men han heldt Herren sin for å vere så streng at han ikkje torde å bruke den. Det gjekk ikkje vel. Ein fekk to talentar og ein fekk fem, dei brukte talentane og vann like mykje i tillegg. Dei fekk ha dei også, sjølv om det også var eigedomen til Herren deira og feira det saman med han. Dei hadde vore trugne i det små, så han ville setje dei over større oppgåve.

Eg skal gi meg sjølv heilt til Kristus og bruke det han har gitt meg.

Eg er oppvaksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og vart opplærd til på påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine nærast, be Fadervår og be slik for folket og landet. Det var av fyrste prioritet og så byrja eg å be han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og komne, som andre prioritet. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinserørsla og i Maranata også. Det sentrale i dette er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så eg skal berre tru på det og takke han for det, ta imot i tru og verte fylt av den Heilage Ande. Han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg forstår det slik at han er den som tek seg av den saka for meg, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han, han frelser meg og han frelser ei kone til meg, eg skal takke for frelsa og glede meg i Herren alltid, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår, gi meg ei frelst kvinne til kone, altså. Det er inkludert i det fullførde frelseverket og Anden gjer levande det som blodet har gitt meg.

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilehjarta held seg til han og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg kan forstå det som ein dyrebar skatt eg har fått i leirkar og som ei nådegåve som eg skal kveike og bruke. Korleis då? Ved fylden av den Heilage Ande, hans salving og kraft. Så vi skal lovprise Kristus som vår frelsar og Herre, hans kyrkjelyd skal lovprise han som Herren hennar brudgom og ektemann. Så vi tilber Gud i ånd og sanning.

Joh.4,19  «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna.  20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»  21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.  23 Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»  25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.»  26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Eg har valt å tru på Kristus og ta imot han som min frelsar og Herre og kjennast ved han for menneska. Hans frelseverk er fullført og fullkome, så ved trua på han får eg komme inn til Guds kvile. Denne kvila er utgangspunkt for all teneste. Dette kom som første prioritet, å studere realfag kom som andre prioritet, det er å granske denne verda, men matematikken er ikkje avgrensa til det. Då takkar eg Gud som har skapt det heile og som let meg lære og forstå korleis det fungerer og så takkar eg Kristus som min frelsar og Herre og hevdar at han er verdig å få all visdom og makt. Gud openberrar si frelse for meg i Kristus, slik gir han meg visdom frå himmelen og den er mest verdifull, mest gledeleg, Jesus gir meg si glede og den er himmelsk og evig, så eg takkar han for frelsa og gleder meg i Herren.

Ein tidlegare bodskap om at eg skal bruke det som eg har.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2021/08/26/2021-08-22-filadelfia-ulsteinvik-vitnemote-loft-blikket/:

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Jarle Nygjerde.

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Relevante bibelvers, likninga om talentane.

Matt.25,14 Det er som då ein mann skulle fara utanlands. Han kalla til seg tenarane sine og overlét dei alt han åtte. 15 Ein gav han fem talentar, ein annan to og den tredje ein talent – etter som kvar dugde til. Så drog han ut or landet.

16 Han som hadde fått fem talentar, tok straks til å handla med dei og tente fem til. 17 Han som hadde fått to, gjorde det same og tente to til. 18 Men han som hadde fått ein talent, gjekk bort og grov eit hol i jorda og gøymde pengane åt husbonden sin.

19 Då det hadde gått ei lang tid, kom husbonden heim att og ville halda rekneskap med tenarane sine. 20 Han som hadde fått fem talentar, kom fram og hadde med seg fem til og sa: «Herre, du gav meg fem talentar; sjå, eg har tent fem til.» 21 Då sa husbonden til han: «Det var rett, du gode og trugne tenar! Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»  22 Så kom han fram som hadde fått to talentar, og sa: «Herre, du gav meg to talentar; sjå, eg har tent to til.» 23 «Det var rett, du gode og trugne tenar!» svara husbonden. «Du har vore tru i lite, eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med husbonden din!»

24 Til slutt kom han fram som hadde fått ein talent, og sa: «Herre, eg visste at du er ein streng mann, som haustar der du ikkje sådde, og sankar der du ikkje strådde. 25 Difor vart eg redd og gjekk bort og gøymde talenten din i jorda. Sjå her har du ditt.» 26 Då sa husbonden til han: «Du låke og late tenar! Du visste at eg haustar der eg ikkje sådde, og sankar der eg ikkje strådde. 27 Då burde du ha gjeve pengane mine til dei som driv med utlån; så hadde eg fått dei att med renter når eg kom heim. 28 Ta difor talenten frå han og gjev han til den som har ti! 29 For den som har, han skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal missa jamvel det han har.  30 Kast den duglause tenaren ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»

Eg voks opp i kyrkja og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, og be han frelse menneske, be Fadervår og be slik for folket og landet. Og han har gjort mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakta.

I januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på facebook og youtube og eg forstod det som svar til meg, spesielt sidan eg hadde vitna om mi tru på Jesus på Facebook og på heimesida mi, der eg refererte til video frå møte, som eg hadde lagt ut på youtube. Desse bodskapane kan vere til mange andre også.

Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, han bana vegen for oss inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, det er berre på grunnlag av Jesus forsoningsverk, så vi fekk den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde. Det er berre ved at vi vert reinsa i hans blod. Slik er prestetenesta i den nye pakta, vi får den av berre nåde, det er det også han kallar oss til. Slik har han staka vegen for meg og kalla meg til å komme etter. Denne prestetenesta gjer meg i stand til å representere mange andre også, for Kristus og Faderen, så ved at eg kommenterer desse bodskapane og erkjenner at det er til meg og forklarar korleis, kan mange oppdage at det er til dei også og eg kan erkjenne dei er til meg og mange med meg. 

Eg innser at dei kjem som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/05/21/ny-tid-20-gud-har-planar-med-meg-4-eg-var-opplaerd-til-a-pakalle-kristus-som-var-frelsar-og-herre-og-sa-bad-eg-han-gi-meg-ei-frelst-kvinne-til-kone-han-har-svart-meg-at-han-er-den-som-tek-seg/ :

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. 

Dette har eg skrive meir om her:

Eg trur og hevdar at på evangeliets grunnvoll, vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, så vi får oppleve at Gud framleis skaper oss slik, for han er den same, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning. 

Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, det er ei sak som han tek seg av, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Eg får oppleve frelsekrafta både for meg sjølv og for henne.

1.Kor.1,18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

Sjølv om dette ikkje enno har kome heilt i orden i mitt liv, det har enno ikkje vorte noko av det, så er det like vel den bodskapen eg har teke imot og som eg trur på og som eg har å forkynne til andre også. Ved trua på Jesus får vi komme inn til Guds kvile, denne kvila er utgangspunkt for all teneste. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, med det livet kan vi leve for han og med den Anden vert vi utrusta til å tene han og tene kvarandre med dei åndelege nådegåvene, som tyding av tungetale og profetiske bodskap. Og med den Anden kan eg forstå bodskapane og erkjenne at dei er til meg og forkynne det vidare til andre. Jesus har gitt meg sin Ande og utrusta meg med nådegåve til å tene han og då skal eg tene han med det som han har gitt meg. 

Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Eg skal søke han av heile mitt hjerte, så eg ventar at han kjem meg til hjelp med si kraft, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. For eg tok imot han som min frelsar og Herre og bad han gi meg ei frelst kvinne til kone, så då ventar eg at både eg og ho får oppleve frelsekrafta. Eg kan og skal tru at på grunnlag av hans forsoningsverk har han allereie gitt meg det, så i Guds frelsekraft og skaparkraft er ho kona mi. Det er ikkje noko som eg presterer, men det er han som gjer sitt verk. Og så skal eg bruke det som han har gitt meg.

Jesus er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, soleis representerer han meg for Faderen. Når eg ber til han for andre, ber eg han representere dei også for Faderen, mine næraste, ei kvinne som eg likte og vart glad i, be han gi meg ei frelst kvinne til kone, be for ekteskap, familieliv, bygge hus, heim og kyrkjelyd. Og be slik for folket og landet også. For på evangeliets grunnvoll er vi som folk og nasjon forsona med Gud på evangeliets grunnvoll. Så skal vi også forkynne denne glade bodskapen til andre einskildmenneske, folk og nasjonar, så dette vert ein måte å representere folket og landet overfor Gud og dernest overfor andre folk og nasjonar. 

Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han svarde meg at slik som han har vore mot meg, vil han vere mot den som eg bad for. Min kommentar til korte profetiske bodskapar med lengre kommentarar, ved Elin Therese Slotten (ETS), rundt årsskiftet 2025/26.

Dei profetiske bodskapane med link til videoane.

ETS12.2025. Du fall, ja, men Gud seier: Eg har framleis ei framtid for deg.

ETS25.1.2026. Profetiske Ord for 2026: 

Du kan forvente gode overraskingar frå din pappa Gud i år. Rundt om i verda og personleg. Men forførings-ånda vert sterkare, også i kristne kyrkjelydar, så det verte eit tydeleg skilje mellom dei forførde og dei som held seg til Guds Ord.

ETS26.1.2026. Gud seier: Eg ser at du har vorte forkasta og misforstått … .

ETS5.2.2026. Ho refererte til matunderet i Matt.14,14… og sa at Gud gav henne denne profetiske bodskapen: 

Eg høyrde at Gud sa: «Eg trenger dine to fiskar og dine fem brød. Du har lenge sett ned på deg sjølv og følt at du ikkje har noko å komme med, for du seier du har no berre to fiskar og fem brød, kva er det for denne folkegruppa, som har så mange gåver og talentar. Eg har no ingen ting som kan matche det.» 

Eg høyrer Gud seier: «Du er viktig for meg, eg elskar deg og eg har skapt deg for ei hensikt. Du er verdifull og det du har å komme med, gir mat til skarar. Amen»

Eg kjenner også at Gud seier: «Eg trenger menneske som også skjønar at dei er ingen ting.» (1.Kor.1,26….).

Mine kommentarar, frå 3.2.2026.

Korte profetiske bodskapar med lange kommentarar. Men kva er det eg har bedt Gud om og kva er det svaret han gir meg?

Desse profetiske bodskapane var heilstøypte bodskapar, liksom tyding av tungetale, men i det siste har ho byrja å komme med kortare profetiske bodskapar, som ho sjølv kommenterer. Dersom eg kommenterer det og svarar på hennar kommentarar også, blir det om som ho snakkar med meg og så svarar eg og snakkar med henne, mest sannsynleg utan at ho veit det. Så det kunne funger som ei oppdatering og finpussing på mine kommentarane til tidlegare profetiske bodskapar? Nei, det kan fort verte berre ekstraarbeid, setningar med «om» og «men» som kompliserer og endåtil går tilbake på noko som tidlegare har vorte. Nei, eg vel berre å høyre på det, så skriv eg min eigen bodskap og då kan det vel vere at eg refererer til det, det vel vere at det inspirerer meg i det som eg skriv, då er det i alle fall på sin plass å referere til det. 

Men eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, då skulle vi begge komme til han, påkalle han som vår frelsar og Herre, be til han, høyre på han og snakke med han og takke han som vår frelsar og Herre. Og så skulle ho komme til meg og høyre på meg og snakke med meg. Det er vesentleg for at den kristen kyrkjelyden skal leve og fungere rett og det er fruktbart for samfunnet også. I Guds rike har vi samfunn med den levande og sanne Gud og det er og blir fundamentalt viktig for samfunnet mellom menneske på jorda.

Det minner meg om at eg sa til han Jesus at dersom eg kunne få henne Reella til kone, så ville eg ha henne. Nokre dagar seinare dreiv den Heilage Ande meg og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg for meg og henne og sa det same til henne: «Der er ho». Seinare bad eg om å få møte henne igjen og få snakke med henne. Og Jesus svara meg at slik som han hadde vore mot meg, ville han også vere mot den som eg bad for. Så han ville gi seg til kjenne for henne også, openberre seg for henne og snakke med henne også. 

Jesus har talt til meg om noko som han allereie har gitt meg og som eg skal bruke. Anden gjer levande det som blodet har gitt meg, så det er mitt i kraft av frelsa, altså. Han har i alle fall sitt meg sin Ande og i hans Ande og kraft skal eg vinne ein siger, vinne det som blodet har gitt meg, altså. Han sa det også slik at eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det mitt hjarte attrår. Herren og hans frelse har første prioritet altså, så gir han meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-10-12-m-eg-skal-glede-meg-i-frelsa-sa-vil-gud-gje-meg-det-mitt-hjarte-attrar/ :

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Så eg vel framleis å be, tru og vone at han frelser henne «Poly-Ester» og mange med henne, henne «Reella» og mange med henne, henne «Virtuella» og mange med henne. For meg er det som ein lovsong, ein draum og ei glede Jesus gir meg frå himmelen og han er i stand til å setje det i verk. Menneske har moglegheit til å seie nei til å verte frelst, men det er ikkje klokt. Eg trur dette er eit verk som Jesus har byrja på og som han vil fullføre og så skal eg sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

 

Jesus gav meg ein draum og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han, så vil han setje den i verk. Han gav meg ein lovsong som skal vere min i all, den skal eg synge både no og sidan i æva.

Når eg gjekk på gymnaset, vart eg forelska i ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Etter gymnaset bad eg Jesus om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar ved at eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen. Etter omlag eit halvt år talte Jesus til meg om den snara som vart sett for meg og som eg gjekk i. Det var særleg David som talt om snarene og fellene som dei ugudlege sette for han og det var faktisk fyrst og fremst ved at Saul var Israels konge og prøvde å fange han og rydje han or vegen. Men han søkte tilflukt hos Herren og han fria han ut og berga han frå det. Jesus sa sikkert at han ville gjere det for meg også, ja, eg tek mi tilflukt til han og kan stople på at han vil berge meg frå det. Jesus sa til meg at hans verk skulle ikkje gå fram med latskap, men med arbeide, hardt arbeide (ETS 25.1.2026). Han sa eg måtte lære å skilje mellom kva det var han skulle gjere og kva eg skulle gjere. Sidan sa han at det var han som gjorde sitt verk med meg, sjå, det skulle eg hugse. Hans frelseverk er fullført og fullkome, på det grunnlaget får eg kvile, eg får oppleve at Gud gjer sitt verk med meg, det også betyr kvile for meg, ved trua på Jesus får eg komme inn til Guds kvile. Like vel skulle eg arbeide og eg forstod det slik at eg skull arbeide med studiane. Slik fekk eg i alle fall klårleik i at det var det han verkeleg kalla meg til. Slik er eg unik, slik som Elin har profetert; eg skal ikkje samanlikne meg med andre, for å verte liksom dei, til tross for at det er det mange kristne ventar seg, i tråd med deira tradisjonelle maktinteresser.

Elin profeterte om at verda har dømt meg og lagt lok på meg og Djevelen har stoppa meg mange gongar. Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/07/17/2024-07-17-djevelen-har-lagt-lok-pa-deg-men-no-er-tida-inne-for-at-du-skal-blomstre-profetisk-bodskap-ved-elt/ :

«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kalle jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noen som er for vanskelig for meg å bruke? Nei ! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2024/08/31/2024-08-31-jesus-gav-meg-draumar-og-lengslar-i-mitt-hjerte-han-gav-meg-visjonar-om-si-hensikt-og-sin-plan-for-mitt-liv-og-vil-gjennomfore-det/ :

«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

For verda er det gjerne slik at kravet og forventninga til å prestere kjem i motsetnad til å bry seg om nåden frå himmelens Gud, som om det er barnsleg, dumt og bortkasta, så du må sette lokk på det, for å unngå å kaste bort tid på det. For meg betydde det ikkje at eg fornekta Kristus, eg heldt fram med å kjennast ved han, men skjøna at draumen som Jesus hadde gitt meg, fekk eg ikkje seie noko meir om, sidan eg ikkje fekk møte igjen henne Virtuella og vitne om mi tru på Jesus for henne, fortelje henne om korleis eg bad for henne og opplevde at Jesus svara meg. Når eg seinare byrja å studere realfag i Oslo, var det klart at eg måtte skjerpe og arbeide med studiane, så eg kunne ikkje bruke så mykje tid på å vitne for andre. Men det viktigaste for meg var framleis at Jesus gjorde sitt verk med meg og det er det framleis, slik som han seier her, han gav meg ein draum og eg skal drøyme stort med han, han vil setje det i verk.

Eg dreiv tråling også og fortsette med det. Til tider minner det om at eg trudde på Jesus medan eg gjekk på barneskulen, eg visste at det var viktig for meg å vedkjenne mi tru for dei andre, men var eg redd for, men eg ville i alle fall ikkje fornekte han så eg valde heller å ikkje seie noko om det. Men eg vedkjende det for Jesus i kveldsbøna mi og bad hans setje meg fri frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det lagelege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, først for henne og sidan for andre. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Ho Virtuella var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, det vart som eg såg ned på henne, som om det var meir ifrå Guds synsstad. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho vart openberra for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, som han elska og hadde omsorg for, slik var også den åndelege openberringa eg fekk etter at eg møtte henne igjen i Bergen. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Derfor yngste eg å vere saman med henne og møte henne igjen og få oppleve det, saman med henne. Slik var den draumen som Jesus gav meg og så vil han at eg skal ta den fram att og drøyme stort med han. Ja, eg kan då seie med Paulus at eg er viss på at ikkje noko kan skilja oss frå Guds kjærleik til oss i Kristus Jesus.

Rom.8,31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?  32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner.  34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss.  35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:

For di skuld vert vi drepne dagen lang,

vi vert rekna som slaktesauer.

37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss.  38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt,  39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Hausten 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo, eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og hausten 1985 sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale i kyrkjelyden: «Den lovsongen eg gav deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve». Ja, den draumen Jesus gav meg, var også denne lovsongen, den var å lovsyng Gud og Lammet for frelsa, for at han hadde gjenfødt henne Virtuella og frelst henne, så ho levde i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, derfor skulle vi ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken, slik var det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden,  19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap.  20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn,  21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode –  22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.

Med godt samvit kjennest eg ved Kristus som mi frelsar og Herre, så eg bøyer meg for han og så med godt samvit vedkjenner eg at eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så ho skal leve i eit slikt kjærleiksforhold til Faderen som Sonen, som i draumen Jesu gav meg, for han set den verk og slik gir han meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om.

I verda møter vi krav om tilpassing, men Jesus har sigra over verda og det livet og den Anden han gir oss frå himmelen er suveren over verda.

I følgje utviklingslæra er det den som er mest veltilpassa som har best overlevingssjanse, det gjeld både einskildindivid, slekt og art. Det handlar om å tilpasse seg naturmiljøet og så kjem det an på kor gode evner dei har til det, i konkurranse med andre. Slik er det for menneska også, men i det menneskelege samfunnet blir det også eit spørsmål om å tilpasse seg dei vise, sterke og mektige, dei som har økonomisk, politisk og militær makt, dei som vert rekna som vise, med sin religion, samfunnskunnskap, realfag og teknologi. Skal vi lære noko gjennom skuleverket, må vi tilpasse oss det, tilpasse oss dei som underviser, så vi høyrer på kva dei seier. Når eg studerte realfag vart det klart for meg at dette skulle vere samanfallande med at eg bøygde meg for Kristus, så eg innsåg at det var han som gjorde sitt verk med meg, han sa til meg at han møtte meg på det nivået eg var på, når eg opplevde det slik, fekk eg framgang. Dette høver også med god pedagogikk.

Vi må sjå skilnad på dette og at menneske prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap. Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, men Kristus døde i staden for oss. Det vart profetert om at Gud ville gjere noko nytt ved spiren som skulle renne ut av Isai-stuven, det var Davids-sonen, som også var Guds Son.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.  17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

Jesus er Guds Son og er evig og den Anden og livet han gir oss frå himmelen er evig, med det livet han gir oss frå himmelen vert vi i stand til å leve for han og med den utrustninga han gir oss ved sin Ande, vert vi i stand til å tene han. Som menneske av kjøt og blod, skapt av mold frå marka er vi forgjengelege og det er som ingen ting, samanlikna med dette som er evig. Menneskeleg sett verkar det svakt, men det er like vel visare og sterkare enn menneskeleg eller verdsleg visdom og styrke, så dei som er så stolte at dei prøver å forgude seg sjølve med sin visdom og styrke, vert til skamme.

Eg fann at eg måtte tilpasse meg, derfor la eg lok på den draumen som Jesus gav meg, men Jesus ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Den minner han meg om igjen med bodskapen ETS5.2.2026. Gud openberra si frelse i Kristus for meg og ei kvinne som eg likte og vart glad i, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Så eg tenker på dei to fiskane (Matt.14,14…) som henne Virtuella og henne Reella, no talar eg om dei som fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Sidan det var openberringar Gud gav meg, er det også noko som eg har å bidra med. Eg kan godt bidra med noko som passar attåt det, så det blir som dei fem brøda.

Den som tek imot ein som Jesus sende, tek imot han. Vedkjenne Jesu namn, verte misforstått og forkasta. Ta imot evangeliet og forkynne det for jødane.

Den som tek imot ein som Jesus sende, tek imot han. Strengt logisk kan dei like vel ta imot Jesus sjølv om dei ikkje tek imot ein som han sende, men det er nærliggande at dei ikkje umiddelbart gjer det. Det får vise seg. Sjølv om du går med den glade bodskapen, så kan du verte missforstått og så spørst det kor god du er til å legge den fram også. Men mange, også kristne, kan vere så tradisjonsbundne at dei ikkje forstår den radikale bodskapen som er frigjerande og skaper noko nytt. Kom i hug likninga om sauene og geitene.

Matt.25,41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.  42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

Og kor mange er det som vert misforstått fordi dei er framande og kor mange er det som hamnar i fengsel fordi dei vert misforstått?

Jesus sende meg til Oslo med ein frigjerande bodskap, dette vitna eg om i dFEF M40 i Oslo og ville sitere ein bodskap som var kommen gjennom tyding av tungetale og som eg tok som eit kall, men dei ville ikkje høyre på meg. Eg vedkjende Jesu namn, slik at eg også vedkjende kva han var for meg, så eg kjendest ved han som min frelsar og Herre. Men det fekk eg ikkje lov til. Men då betydde vel det at dei svarde med å fornekte han?! Det vart noko til styr i denne kyrkjelyden, det vart splitting og nokre gjekk ut av den. Men eg byrja å gå på møte i Maranata i staden. Der fekk eg vitne om mi tru på Jesus og han fortsette med å svare meg. Etter eit par år var eg på møte i dFEF M40 igjen og fekk oppleve at Jesu svara meg igjen. Der kom også ein bodskap der han kalla Sions dotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-02-12-m40-jesus-kalla-sions-dotter-til-a-frigjere-seg/ :

Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

«Mor Israel» var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne og borna som han fekk med henne. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore som dreiv hor med avgudane til folke rundt dei. Ho hadde ikkje omsorg for han og borna han fekk med henne, tvert om drap ho dei. Derfor vart landet hærteke og dei vart bortførde til Babylonia.

Men så ville Gud møte henne igjen, som i ungdomsdagane.

Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.  15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

Denne profetien vert oppfylt ved at Sions dotter er Jesus brud og det er identiteten til Jesu kyrkje. Men her ser vi at for mange kristen er det som om Sions dotter framleis er i trældomen i Babylonia. Som mora, så dottera, ho har ikkje omsorg for mann og born. Men kva er det då for slags bodskap dei har å bringe til jødane? At det framleis skal vere slik?

Sions Dotter treng eit nytt møte med Jesus, så ho vert i stand til å ha den rette omsorga for mann og born. Og dersom vi har teke imot den glade bodskapen om frelse og frigjering, så skal vi også vere i stand til å forkynne den til både jødar og heidningar.

Antikrist fornektar Faderen og Sonen. Kva så?

Peter var ein modig kristen leiar, like vel fornekta han Kristus, men sidan vart han ein trufast hyrding for sauene.

Peter viste seg som ein modig mann, ved at han sa til Jesus at han ikkje skulle fornekte han, om så det kosta han livet og ved at han drog sverdet og hogg øyra av ein av tenarane til øvstepresten.

Joh.18,10 Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus. 11 Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»

Kristendomsforfølging, med krav om at dei skulle fornekte Kristus og dyrke keisaren i staden og/eller dyrke styresmaktene som gudar.

Dette hadde ikkje Peter venta seg og sidan vart det til at han nekta for at han kjende Jesus. Men når Jesus hadde stått oppatt frå dei døde, kalla han Peter igjen til å vere hyrding for sauene hans. Så Peter vart framleis den store leiaren for dei (ETS12.2025).

Kristendomsforfølgingane utarta seg etter kvart slik at det vart kravt at dei skulle fornekte Kristus. Dei som fornekta han, fornekta Faderen også, det var Antikrist som fornekta Faderens og Sonen og kravde at folket skulle fornekte. Det kan samanliknast med politikken til Antiokus 4. Epifanes, men no vart det også kravt at dei skulle tilbe keisaren som ein gud, i staden for å vende om til Kristus, altså. Antikrist er Djevelen (Draken) og keisaren som kravde at folk skulle dyrka han som ein gud er Dyret i Op.13. Peter leid martyrdøden i desse forfølgingane og vart også med det også ein leiar for mange andre kristne som også leid martyrdøden.

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Paulus profeterte om at den Lovlause skulle setje seg inn i tempelet og gjere seg sjølv til gud, men der var ein som måtte rydjast or vegen først, så det var hensikta med kristendoms-forfølgingane altså, få vekk dei som Kristus hadde salva til å leie hans kyrkje, for å setje inn ei anna leiing. Det skjedde først i tempelet og vart årsak til kristendomsforfølging, men den kristen kyrkja voks like vel og vart mektig, så Romarriket legitimerte kristendomen og gjorde den til statsreligion. Men då prøvde den Lovlause prøve å setje seg inn i kyrkja også, det vart tydeleg i Middelalderen og i vår tid får vi merke det på ein ny måte.

Når eg vedkjenner mi tru på Kristus, er det mange, endåtil «kristne» som fornektar han, for dei har eit alternativ og det utartar seg slik at dei krev at eg også skal fornekte han, for å gå med på deira alternativ. 

Så når eg vedkjenner mi tru på Jesus, kva han er for meg, min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som har høyrt mi bøn om å få ei frelst kvinne til kjæraste og kone, som tek seg av den saka for meg, så eg kan og skal lovprise han som min frelsar og Herre, då vert eg misforstått, avvist og forkasta (ETS26.1.2026). Men går det an, utan at dei fornektar han som eg vedkjenner? Det må i så fall vere fordi dei misforstår totalt, men det heng nok saman med ein tradisjon av å misforstå og mangel på interesse av å lytte og prøve å forstå, tradisjonen til den Duglause Hyrdingen (Sak.11). Den duglause tenaren heldt herren sin for å vere så streng at han torde ikkje bruke talenten sin, men gjekk og grov den ned. (Matt.25,26-30). Ja, i mellomalderen påstod den katolske kyrkja at Jesus va så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane.  Det var ei «lærd» og rik overklasse som stod fram som hyrdingar, men ikkje fungerte slik like vel, fordi dei ikkje brukte talenten sin. Dei var snyltarar i staden for å tene Gud, til gagn for folket. For dei er både låke og late.

Dei vil framstille seg som ei lærd overklasse, utan å ha nokon ekte og sann lærdom å lære frå seg, til opplysning, nytte og gagn for folket, men berre for å snylte, så dei i sin latskap like vel kan leve i overflod. Dette blir kanskje endå meir tydeleg i «den Store Skjøkje», ho dyrkar styresmaktene som gudar i staden for å dyrke den sanne og levande Gud, i staden for å vere til hjelp for Kristus, som sin frelsar, herre, brudgom og ektemann, derfor vert ikkje kvinna til hjelp for mannen som kona hans heller. For ho er for låk og lat til det, så ho vil heller snylte, ved å dyrke styresmakta som sin gud og ektemann.

Når dei soleis fornektar Kristus, er det ikkje berre eit hendig misstak, men ei vedvarande fornekting, for så å drive keisardyrking i staden (Dyret i Joh.Op.13) eller dyrke styresmaktene som gudar (Den Store Skjøkje i Joh.Op.17-18). Det utartar seg som krav til meg om at eg også skal fornekte han og verte med i same forføringa. Kanskje hevdar dei endåtil at eg har fornekta han, det har seg slik at det er det dei forventar, i tråd med tradisjonen, men gjennom ein profeti ved ETS, sa Jesus at du har aldrig fornekta han og han har aldrig forlete deg. Han sa også at du står stødigare no enn nokon gong. Eg tok imot det som ein bodskap til meg og det held eg meg til.

Denne tradisjonen er Israels fråfall, det vart tydeleg ved at «den Lovlause» sette seg inn i tempelet, slik viste fråfallet seg i kyrkja også og slik viser fråfallet seg i pinsevennane sitt tradisjonelle endetidssyn også; hushaldningslæra.

Jesus gav meg ein draum og vil eg skal drøyme stort med han, han vil sette den i verk.

Profetien, draumen og visjonen.

Det vart profetert om at Israels-folket skulle verte bortførde til Babylonia, då skulle dei ikkje tru på draumane sine, ein profet skulle tale Guds Ord og ikkje fare med ynskjetenking, draum og dikt. Dette til tross for den tidlegare profetien om at dei skulle ta det lova landet, så då skulle vel ynskjetenkinga deira vere slik også, men ikkje no lengre, altså.

Men når dei var kome til Babylonia, fekk Nebukadnesar ei draum og kravde at vismennene skulle både fortelje draumen og tydinga. Dei ville høyre draumen fyrst, så ville dei prøve å tyde den, men Nebukadnesar kravde at dei skulle fortelje draumen også, elles skulle dei døy. Dette syntest dei var uhyrleg, for dei hadde då aldrig gitt seg ut for å kunne fortelje kva ein annan hadde drøymt. Men så viste det seg at Daniel kunne både fortelje draumen og tyde den. Slik vart det også klart at det var ein profeti frå den sanne og levande Gud.

Joels bok kom tydeleg vis etter at dei var komne heim att til landet sitt og han profeterte om at dei skulle få draumar.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Johannes Døyparen førebudde dei på dette og sa at Jesus er Messias, han er den som døyper dei med den Heilage Ande og han er den som har bruda.

Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!  30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.  34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,27  Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.  28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

Jesu kyrkje er hans brud, å forkynne evangeliet er å invitere til hans bryllaup. Kva betyr det for den einskilde?

Jesu kyrkje er hans brud, å forkynne evangeliet er i invitere til bryllaupet (Matt.22,1…). Vi skal vente og sjå fram til det som dei fem vituge brurmøyane, Matt.25,1…., slik skal vi vente på Jesu gjenkomst.

Men ein ung mann ser då fram til å få seg si eiga kone og ei ung kvinne ser fram til å få seg ein ektemann. Då er det vel mange som vil oppfatte det som ein motsetnad mellom dette og at Jesu kyrkje er hans brud. Ikkje dersom vi trur at han døde i staden for oss og stod oppatt, for å vere vår frelsar og Herre, vår øvsteprest, advokat og talsmann hos Faderen. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Kristus er Guds Son og er dermed Gud og elskar oss med Guds kjærleik til sine born og då vert det slik at han elskar kvinna gjennom mannen. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga, syndefallet og evangeliet. Jesus også underviste utifrå skapingssoga.

1.Tess.4,1 Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette!  2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus. 3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor; 4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,  5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.  6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta. 7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.  8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne  5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt?  6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»  7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?»  8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»

10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve.  12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»

Mannen og kona hans var to og vart eitt, Gud laga det slik og det som han har bunde saman, skal ikkje menneske skilje. Men kva om mannen får seg ei kone til, då? Det var ikkje uvanleg, Jakob hadde to kone, Elkana hadde to koner og den eine vart mor til profeten Samuel.

Men kva om mannen døyr og kona gifter seg oppatt, kven skal då ha henne i det neste livet?

Matt.22,23 Same dagen kom det nokre saddukearar til Jesus; det er dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet: 24 «Meister, Moses har sagt: Om ein mann døyr barnlaus, skal bror hans gifta seg med enkja og halda oppe ætta åt bror sin.  25 No var det ein gong sju brør hjå oss. Den eine gifte seg, men døydde ei tid etter; han hadde ikkje born og lét etter seg kona si til broren. 26 Det same hende med den andre og den tredje, ja, med alle sju. 27 Sist av alle døydde kvinna. 28 Når dei så står opp att, kven av dei sju skal då ha henne til kone? Alle har då vore gifte med henne.»

29 Jesus svara: «De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt. 30 For etter oppstoda er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte; dei er som englane i himmelen. 31 Og at dei døde skal stå opp, har de ikkje lese kva Gud har tala til dykk om det når han seier: 32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud. Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande.»  33 Då folket høyrde dette, vart dei fulle av undring over læra hans.

I det neste livet er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte, nei. Kva betydning har det då at eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone? Jesus tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg heilt til han. Eg trur og veit at det har betydning for æva.

1.Pet.3,7 Like eins de menn: Ver skjønsame i samlivet med kona, som er den veikaste av dykk. Vis henne ære, for saman skal de arva nåden og livet. Gjer dette, så bønene dykkar ikkje vert hindra.

Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss og det innstiller vi oss på allereie her og no, ved å søke han, både i einsemda og saman med andre, i hans kyrkje. 

Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!  2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.  3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Og Jesus sa at han leia meg inn på vegen til det Nye Jerusalem.

Søndag 2.12.90. 

 «I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel.Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap. 

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst. 

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. 

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.» 

Det Nye Jerusalem er i himmelen og det skal komme ned på den nye jorda (Joh.Op.21-22).  Men Jesus leier meg til det her og no og då må det ha seg slik at det er noko som skjer i dette livet som har betydning for æva, så det har å gjere med at Jesus gjekk bort for å stelle til ein verestad til oss. Jesus er i himmelen, men eg får oppleve at han er med meg og gjer sitt verk med meg her og no. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han noko som står til evig tid, ved at han frelser menneske for æva og gir dei evig liv. Han gleder seg over si brud og så gir han meg si glede.


Leave a comment