Ny Tid 97. Endetidssyn 72. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. 9. Frelse: Frelse frå fortapinga og få evig liv i staden. Frigjering frå trældomen under synda og avgudane. Frelse frå domen. I vona er vi frelste og vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. 5. I vår tid ber den politiske og religiøse debatten preg av dommedagsprofetar av ulikt slag. Men evangeliet gir oss det endetidssynet at vi skal  verte frelste på dommedag.

Biletet: Menneska skal stå opp frå dei døde og komme for Guds domsstol, berre dei som har fått namnet sitt skrive i livsens bok, vert redda frå fortapinga.

Evangeliet er ein glade bodskap om frelse frå domen når dei døde skal stå opp og komme for Guds domsstol, frelse frå fortapinga og få evig liv, av berre nåde ved trua på Jesus. Det er frelse og frigjering frå trældomen under synda og avgudane. Det skal også gi frelse på dommedagen som kjem her på jorda, ved at det vert krig. Kristus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska, du treng å verte opplyst av det, så du veit å ta parti med han. 

For omlag to år sidan (februar 2024), oppdaga eg at der var ein debatt om endetida i avisa «Dagen», Leif Jakobsen (LJ) og Gordon Tobiassen (GT), begge engasjerte i «Ordet og Israel», forsvarde det tradisjonelle endetidssynet til pinsevennane, «Hushaldningslæra» mot «Preterismen» representert ved Finn-Arne Lauvås (FAL). Eg følgde mede på FB-sida til «Dagen» og skreiv kommentarar, men fann ut at dette var mykje godt bortkasta og meiningslaust. Dei som forsvare hushaldningslæra hevda at det ikkje hadde noko med vår frelses-sak å gjere, dei meinte altså ikkje at FAL ikkje var frelst. Men deira prosess og strategi mot han, gjekk då ut på å prøve å støyte han ut frå dei evangeliske forsamlingane. Og dersom endetidssynet deira ikkje har noko med vår frelsesak å gjere, kvar har det då vorte av kjærleiken?

I Januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på «facebook» og «youtube» og eg forstod at det var til meg og tok imot det, delte det og kommenterte, i det eg tenkte mag at det var til meg og mange med meg. I ein slik bodskap sa Herren gjennom henne at eg er heilt unik og skal ikkje samanlikne meg med andre, ikkje samanlikne hans prosess med dei med hans prosess med meg. Så eg skulle ikkje prøve å verte som dei eller justere min bodskap etter deira, ikkje bry meg om det, for det var bortkasta tid og krefter for meg. Eg tenkte meg at det var sikta til dei som forsvara hushaldningslæra. Men kva med FAL? Det verka som hans bodskap likna meir på min bodskap, det fekk vise seg. Men eg skal sjå på Jesus og ha det klart for meg at det er han som overtyder meg, med sitt Ord og sin Ande.

Men korleis kunne dei hevde at endetidssynet ikkje har noko med vår frelsesak å gjere? Det må vel referere til ei frelse-oppleving og til ei vedvarande oppleving av frelsa. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Ved trua på Jesus fekk vi hans Ande, av berre nåde, då tilhøyrer vi han og er frelst. Har vi byrja i nåden og Anden, skal vi halde fram i nåden og Anden.

Kristus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska, det skal lyse for oss, så vi finn vegen til Faderen. Ordet vart planta i oss og det skal vekse til vår sjels frelse.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  

1.Joh.4, 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.  10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.  11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.  14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.  15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud.  16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.  18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.  19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.

Heb.9,27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og mynde, mot vondskapen åndehær.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!  11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak.  12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.  13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande.

Profetordet, spesielt i Johannes Openberring fortel oss om den striden vi står i, så vi ikkje skal verte forførde, men halde fram med å gå vegen til Faderen, så vi vert frelste på dommedag og då tenker eg både på dommedag med krig på denne jorda og dommedag når dei døde skal stå opp og komme for Guds domsstol.

1.Pet.1,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.

20 Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21 For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.

Når det vart splid i kyrkjelyden, minna Paulus dei om at det var Kristus som hadde dødt i staden for dei og at dei var døypte til han.

1.Kor.1,12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus».  13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius,  15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.

Guds visdom og menneskevisdom

17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?  21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner.  22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom,  23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap;  24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom.  25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.

26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta.  27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar.  28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud.  30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing,  31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.

Kristus er hovudet for kyrkja som er hans brud og vi skal vekse opp til han og verte han lik, så han vert kjend gjennom oss.

DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997

Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:

«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.»

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be for mine næraste, folket og landet. Sentralt i dette vart for meg å be han gi meg ei frelst kvinne til kone.

Dette har eg skrive mykje om, så eg tek med nokre sitat.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/05/21/ny-tid-20-gud-har-planar-med-meg-4-eg-var-opplaerd-til-a-pakalle-kristus-som-var-frelsar-og-herre-og-sa-bad-eg-han-gi-meg-ei-frelst-kvinne-til-kone-han-har-svart-meg-at-han-er-den-som-tek-seg/ :

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. 

……..

Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, eg skreiv eit brev og fortalde henne det. 

…….

For meg var dette det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for det stemte med trua, vona og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg vedkjende Jesus namn i den samanhengen, då sa eg sanninga som set oss fri, nettopp i den samanheng, altså. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiken mellom mann og kvinne. 

……..

Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det.

Det var Sanninga i Guds Ord som sette meg fri til det, så når eg gjekk på gymnaset, vart eg frimodig med å vitne om mi tru på Jesus. Eg oppdaga at det stemte med Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både med skapingssoga og evangeliet. Det stemte med det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Og det stemte med det Peter skreiv om det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,20-22).

Eg tenkte meg at sidan det stemte med skapingssoga, så stemte det med vitskapen også og då var det naturvitskap eg tenkte på, det var i alle fall først og fremst det, sidan eg gjekk på reallinja og tenke som ein realist. Det er ikkje godt å forstå korleis naturvitskapen og skapingssoga skulle stemme overeins, det er klart at då måtte det symboltolking til og det har eg skrive mykje om seinare.

………..

Sjølv om eg trudde og meinte at slik var det, var eg litt usikker på om mi tolking og forståing av det var rett, korleis kunne eg verte sikker? Vi søker sanninga på evangeliets grunnvoll, slik at den set oss fri, vi søker det som er sant og rett, slik at det retter på både vår tenking, tale og handling. Ved syndefallet spora menneska av, slik at dei tenkte feil, sa det som ikkje var sant og gjorde feil. Slike erfaringar er ikkje eigna til å underbygge sann vitskap med. Så det var bra at evangeliet vart forkynt først, så det rydda vegen for den moderne naturvitskapen.

Eg har berre vorte meir og meir overtyda om at Sanninga i Guds Ord, både i skapingssoga og i evangeliet, er mest fundamental og vi treng den også til å verne sann og ekte vitskap frå det som ikkje er sant og rett, ja, den kan rettleie vitskapen vidare. Kva elles skulle kunne gjere det? Den forstandige innsikta som vi er fødde med, må vi uansett bruke, med den skulle vi vel også kunne vurdere kva som gir god rettleiing.

Når det gjeld vårt liv på jorda og spesielt når det gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, blir det eit spørsmål om kva som er eit rett liv og kva som ikkje er det, men som er synd og kva som ikkje er det. Bibelen seier at vi alle er syndarar på grunn av syndefallet. Lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Kristus, så sanninga skal setje oss fri. Det er ved at vi vert tiltrekt av hans herlegdom, den herlegdomen han har frå Faderen, sidan han er Guds Son.

Joh,1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Så eg kom til at skapingssoga stemte med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra. Gud er suveren over det han har skapt og det er Son hans Jesus Kristus også og hans frelseverk, det er fullført og fullkome. Bodskapen min er kort sagt at Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss, for å sone all verdens synd. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han, som menneska var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og så seier eg at det gjeld meg også, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det. Eg har endåtil formulert det slik at han allereie har gitt meg det. Han gir meg det som Golgata kors allereie har gitt meg, det som hans blod allereie har gitt meg, så han vil fylle meg til overflod med det som er fullkome. 

Jesu gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så gir han meg ei frelst kvinne til kone ved at han gir henne også ånd og liv frå himmelen og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

SITAT SLUTT.

Mi bønn for folket og landet.

Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/10/19/ny-tid-89-endetidssyn-64-pa-grunnlag-av-forsoninga-i-kristus-har-vi-fred-med-gud-fred-mellom-menneske-fred-mellom-mann-og-kvinne-som-grunnlag-for-ekteskap-familieliv-og-kyrkjelydsliv-fred-mello/ :

Evangeliet om Guds rike, platonsk realisme og rasjonalitet.

Gud er ånd og hans Ord og hans rike er ein åndeleg røyndom. Med tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, dei første greske natur-filosofane fekk denne tanken og eg reknar med dei fekk det frå jødedomen. Vi kan godt kalle det platonsk realisme, universalia som har eksistert sidan lenge før vi vart fødde og lenge før vi høyrde om det.

Vi må verte som born, ja fødast på nytt, av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Det som er født av Anden er ånd. Slik kjem vi inn i Guds rike og det kjem inni oss, så vi opplever det, den Heilage Ande openberrar det for oss, slik får vi ei åndeleg innsikt som vi godt kan kalle ein platonsk rasjonalitet, med det er først og fremst ved at vi trur Guds Ord med hjertet, så vi skjønar det med hjertet. 

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Eg skal bruke det som Jesus har gitt meg, då må eg gi meg sjølv heilt til han

Jesus har sagt at eg skal bruke det som han har gitt meg, då må eg gi meg sjølv heilt til han, sitat frå:

https://faith-and-entropy.com/2025/10/18/ny-tid-88-endetidssyn-63-satan-har-organisert-hatet-og-fiendskapen-mot-mannen-gjennom-synagoga-si-han-er-komen-berre-for-a-stele-slakte-og-oydelegge-men-jesus-er-komen-for-a-gi-meg-liv-og-overflo/ :

På møte i Filadelfia Ulsteinvik 22.8.2021 sa Jesus eg skulle ikkje sjå på det som eg ikkje har, men det som eg har og som han har gitt meg og bruke det. 

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

SITAT SLUTT.

Her er det tale om både naturgåve og nådegåve, men eg har fått Anden av berre nåde og skal la den råde i min døyelege lekam, så det vert den som bruker mine naturgåve også, eg skal bruke dei med Guds kraft, driven av den Heilage Ande. Det vert det referert til likninga om talentane, det er ei likning om himmelriket.

SITAT SLUTT.

SJÅ PÅ HAN SOM ER TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR.

I følgje Bibelen skapte Gud himmelen og jorda i opphavet, han talte og det skjedde, slik skapte han livet på jorda. Så skaparverket vitnar om han. Med tru skjønar vi at Gud har skapt alle ting ved sitt ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg, så vi kan granske den og lære å forstå korleis den fungerer, slik vi gjer i realfag.

Rom.1,18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett. 19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det.  20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med.  21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta. 22 Dei sa seg å vera vise, men dei enda i dårskap.  23 I staden for å æra den uforgjengelege Gud, dyrka dei bilete av forgjengelege menneske, fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

I det gamle testamentet såg vi at den same Gud som skapte alle ting, skapte Israels-folket og dei andre folkeslaga og han er også den som frelser.

Jes.41,1 Ver stille, de øyar og strender,

og høyr på meg,

lat folka samla nye krefter!

Lat dei koma og tala si sak,

lat oss saman gå fram for retten! 

2 Kven har vekt den mannen frå aust

som sigeren møter kvar han set foten?

Kven gjev folkeslag i hans makt

og lèt han råda over kongar?

Med sverdet gjer han dei lik støv,

med bogen lik fykande halmstrå. 

3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,

er berre så vidt nedpå vegen med foten.

4 Kven var det som sette dette i verk?

Han som frå opphavet kalla ættene fram.

Eg, Herren, er den fyrste,

og eg skal vera hjå dei siste. 

5 Øyar og strender ser det og reddast,

heimsens endar skjelv.

Dei stimar i hop og kjem.

Jes.45,1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros, som eg held i hans høgre hand

for å tvinga folkeslag under han,

løysa beltet av kongar

og opna dører for han,

så ingen port skal vera stengd.  

2 Eg vil gå føre deg.

Bakkar vil eg jamna,

bronsedører vil eg sprengja,

og jernbommar vil eg slå sund. 

3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,

og rikdomar, gøymde på løynlege stader,

så du skal vita at eg er Herren,

Israels Gud, som har kalla deg på namn.

4 For min tenar Jakobs skuld,

for Israel, min utvalde,

har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,

endå du ikkje kjende meg. 

5 Eg er Herren, og ingen annan,

utan meg finst det ingen Gud.

Eg spente beltet om livet på deg,

endå du ikkje kjende meg, 

6 så dei skal vita både i aust og vest

at det finst ingen annan enn eg.

Eg er Herren, og ingen annan. 

7 Eg skaper ljoset,

og eg lagar mørkret;

eg skaper lukke og ulukke.

Det er eg, Herren, som gjer alt dette. 

8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette. 

Kven kan døma om Herrens verk?

9 Ve den som trettar med sin skapar

– eit krusbrot mellom krusbrot av jord!

Kan leiret seia til han som formar det:

«Kva er det du gjer?»

Kan verket seia:

«Han har ikkje handlag»? 

10 Ve den som seier til ein far:

«Kva er det du avlar?»

og til ei kvinne:

«Kva er det du føder?»

11 Så seier Herren, Israels Heilage,

han som skaper dei ting som kjem:

Kvi spør de meg om mine søner,

kvi seier de meg kva eg skal gjera?

12 Det var eg som laga jorda

og skapte menneske der.

Eg spente ut himmelen med mine hender,

og heile hans hær baud eg ut. 

13 I rettferd har eg vekt ein mann

og jamna alle hans vegar.

Han skal byggja min by

og senda heim mitt bortførte folk

utan vederlag, utan betaling,

seier Herren, Allhærs Gud.

Kyros let Israels-folket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka, dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. No har Gud openberra si frelse for oss i Kristus, Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning.

Joh.1,1  I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Trua kom av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, slik er han trua sin opphavsmann.

Rom.10,17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. 18 Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg:

Røysta deira har nått over heile jorda,

deira ord til heimsens endar.

I tru på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Jesus er Guds Ord, han er sanninga som set oss fri. Då er det viktig for oss å vend oss til han og sjå på han og høyre på han, slik at han fullendar vår tru.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Jesus har sagt at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Jesus har sagt at eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Møte i Maranata Oslo 17.2.2013, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-02-0317-sja-pa-apostelen-og-ovstepresten-jesus/ :

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile. 

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Eg har vedkjent mi tru på Jesus og skrive om bibeltolkingar, som eg prøver å finne ut av, om det er rett, soleis som kan det samanliknast med hypoteser i vitskapen, den har sine metode til å prøve hypoteser for å finne ut kva som er rett, dei vert prøvde ved erfaring i det materielle miljø. Men for å finne ut av dette, treng eg i staden at den Heilage Ande openberrar det for meg. Det også kan eg kalle erfaring, men det er å erfare noko anna enn det materielle miljøet, for Gud er ånd og eg får oppleve og erfare at gir meg sitt Ord og sin Ande og rører ved meg, med sitt Ord og sin Ande. Han openberrar si frelse for meg i Kristus, han openberrar Kristus for meg med sin Ande, så eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Han fullfører trua mi så eg vert overtyda og sikker. 


Leave a comment