Biletet: Kong David tok imot Guds Ord og takka han som sin frelsar. Mange av salmene hans vart Messias-profetiar.
I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjarte.
Moses førde Israels-folket mot det lova landet og Josva førde dei inni det, det var ved å utrydde dei folka som budde der før dei. Så fekk dei ro på alle kantar. Men dei hadde ingen konge eller statsmakt, dei hadde berre prestetenesta i eit telt. Då var det vel ikkje så rart om andre folk kom inn i landet deira og fortrengde dei, men då påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg boret frå han, så dei måtte audmjuke seg for han og be om nåde og hjelp. Då reiste han opp ein dommar som leia dei i kampen mot fienden. Det skjedde gang på gang, men så kravde dei å få seg ein konge, til tross for at Gud hevda han var kongen deira. Så let han dei få ein slik konge som dei ville ha og let profeten Samuel salve Saul til konge. Men han vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han som konge, så han miste salvinga og dermed leiarskapet frå Gud. Salvinga er symbol på den Heilage Ande.
Gud såg seg ut ein mann etter sitt hjerte og let Samuel salve David til konge. Det vart til at David måtte flykte for Saul og David tala om det som at Gud leia han ut i fritt lende. Han søkte tilflukt hos Herren og han berga han og leia han ut i fritt lende.
David profeterte så om at dei skulle få komme inn til Guds kvile, dei skulle ta det lova landet og komme til ro, ved å høyre på Guds Ord. Det handla også om at Gud kvilte den sjuande dagen, etter alt sitt verk, dermed handla det om noko langt meir, om evangeliet om Kristus som skulle forkynnast for alle folkeslag.
Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:
Så svor eg i min vreide:
Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk. 5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!
6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:
I dag, om de høyrer hans røyst,
så gjer ikkje hjarto dykkar harde.
8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag. 9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar. 11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.
12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Den glade bodskapen vert forkynt for den einskilde, så samlar han oss i si kyrkje og så gjeld det ekteskap og familieliv. Familien er den naturlege og mest grunnleggande sosiale eining i samfunnet, så kyrkjelyd og familieliv verkar til oppbygging av samfunnet og folket. Soleis vert det også ein glade bodskap til folk og nasjonar.
Kjenn Gud hjerteslag, fullt av kjærleik. Hans kvile er utgangspunkt for all teneste. Eg skal bruke det som han har gitt meg.
Eg høyrde på forkynninga av Jesu ord og kom til tru på han og tok imot han. Eg skal halde fram med å vende meg til han, velsigne han og ta imot han og gi meg sjølv heilt til han. Han let meg få komme inn til Guds kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste, eg får tene han ved å bruke det som han har gitt meg av berre nåde.
Så dette gjeld meg, derfor kan eg frimodig forkynne det for andre også, om kyrkjelydsliv, familieliv, til folket og nasjonen. Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så ventar eg at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Og så skal eg bruke den hjelpa han gir meg.
Betel Volda, søndag 12.11.06. Kl 18. Guds kvile er utgangspunkt for all teneste. Kanal for Guds velsigning.
Det var farsdag og det var fødselsdagen min, eg vart 49 år.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2006-11-12-betel-kanal-for-guds-velsigning/ :
Før talen var der ei gammal dame som kom med tungetale og Tolås tyda det:
Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.
Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.
Kjell-Arve Tolås heldt tale over temaet ”Guds arm er utstrakt”, henta frå 2.Mos.17,16.
I avslutninga av møte kom der tungetale ved ein ung mann og Tollås tyda det:
….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.
Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.
SITAT SLUTT.
Eg får sitje på Faderens fang og lene mitt hovud inntil hans brøst, så eg får kjenne hans hjertesalg for meg, kjenne hans kjærleik til meg. Kjenne at han elskar meg, så han gir meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om, ei kvinne som han elskar og har omsorg for, som sitt barn og eg får oppleve det som kjærleik til meg også, han elskar og har omsorg for både meg og henne. Kristus elskar henne og har omsorg for henne som si brud og eg opplever det som kjærleik til meg også, ved at han gir meg henne til kone, då vert det han som elskar henne som si brud gjennom meg.
Dette fekk eg oppleve både i forhold til henne Virtuella og henne Reella, og ved å lene hovudet mitt inntil Faderens brøst og kjenne hans hjerteslag, for meg, trur eg at eg framleis får oppleve det. Jesus gjer meg til kanal for si velsigning til dei begge og mange med dei.
Eg kan ikkje stole på menneske, men eg kan stole på Herren.
Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, han sende oss den Heilage Ande frå himmelen, så han er ikkje langt borte frå oss. Han og Faderen kjem til oss, så vi får oppleve det som å vere heime i Faderhuset.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.
Tungetale ved Mari, tyding ved Håkon.
«For eg er ikkje langt borte ifrå nokon av dykk, eg er komen nær. For eg er den som bryr meg også i dag. Eg vil ikkje etterlate dykk farlause og åleine i denne verda. Men eg har lova å vere med dykk alle dagar, til den dagen eg hentar dykk heim, til dei bustadar eg no førebur for deg. Men eg ynskjer å seie til deg i kveld, mitt kjære barn, eg er med deg, du treng ikkje frykte, for eg, Herren, er den som vann ein evig og fullkomen siger, då eg ropte for deg, påGolgata kors: Det er fullført. Det gjorde eg for deg, der tok eg all di synd, all di skuld og straff, den tok eg på meg, for at du skulle gå fri og få fred med himmelens Fader, han som har skapt alle ting. Derfor, fryd deg og gled deg mitt barn, for eg har frelst deg og eg er din Gud og din frelsar.
For eg ser dine dagar då du er einsam. Menneske har gått ein annan veg, menneske som du fleire gongar har satt din lit til. Men menneske, dei er ikkje til å stole på. Men du kan stole på meg, for eg, Herren, eg er klippen, den evige. Og det er på meg du er satt. Derfor treng du ikkje fly, hit eller dit. Men sett di lit til meg, for eg, Herren, eg er klippen, eg er det levande vatn. Eg er den som gjev deg alt kva du treng til. Derfor kom du til meg. Flyg ikkje til menneske, men kom til meg, du som strevar og eg, Herren, eg vil gje deg kvile. Eg ser dine dagar, eg veit om dine netter, men du er for mine auge. Amen.»
Jesus kallar meg/oss ut i fritt rom.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/14/2010-02-28-sion-legge-byrdene-pa-jesus-ut-i-fritt-rom/ :
Sion. Åheim, søndag 28.2.2010.
Tyding av tungetale ved Arnstein Andersen:
«Når du høyrer ordet bli forkynt, så tenker du, gjeld dette her for meg. Og grunnen til at du spør, mitt barn, det er for at du har hatt tunge tider. Du har hatt mange tunge tak å bære. Og vanskelege forhold rundt deg. Men du skal vite at ingen ting er skjult for meg, sier Herren. Eg har sett dine fotetrinn, eg har sett din smerte, eg har sett din nattevak. Eg har sett alt du har bært. Men husk, mitt barn, at eg har bært saman med deg. Eg har gått saman med deg heile veien og det er ein opning i tunellen, det er ein veg ut. Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held så fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.
Eg talar til dykk, mi menighet, sjå på den åkerlapp som du har fått, for du har fått ein åkerlapp du, på lik linje med alle dei andre. Sjå på det område du betener, seier Herren, sjå på det området du går, blant de menneske du møter, eg har gitt deg eit område du skal få vere med å tene i. Og du veit også kva teneste eg har gitt deg, du er fullt viss på kva du har fått av meg, seier Herren. Eg ynskjer at du skal vere med på å tene med det du har fått, for då vil eg også utvide dine områder. Og du skal få sjå at når du byrjar å ause ut av det eg har gitt deg av den Heilage Ande, så skal du få lov til å kjenne og oppleve at det aukar i tall, det aukar kvalitet… i kvantitet[1]. Og du skal og oppleve at du kjem i kontakt med menneske på ein måte som du aldri gjorde før. Du skal få vere med på å gi positive impulsar inn i familiar der menneske skal verte frelst. Bli … våken, lytt etter Andens røyst i ditt liv, eg talar som fordum, seier Herren, og eg talar i dag til mi menighet, eg brukar mi menighet og eg ynskjer å bruke dykk, ja, det skal høyrast fryderop om frelse i dykkar leir, det skal verte trongt om plassen, seier Herren. Om de berre er villige til å gå på mitt ord og gi avkall på alle om og men og stige ut av båten og gå bortover havet, så skal du kjenne det, at du får oppleve min nåde over nåde i ditt liv. Eg kallar dykk til fornya innsats. Ver ikkje seine til å høyre, men eg vil gi dykk disippeløyre, så de høyrer som disiplar høyrer, ver frimodige …. Eg går med dykk. Amen. Amen.»
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/08/2011-12-18-maranata-jesus-kalla-sions-dotter-ut-i-fridomen/ :
I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/02/2014-06-08-m-ut-i-dansen-med-dei-glade/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.
Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.»
Bibelvers om at Gud leier nokon ut i fritt rom.
Gud leia David ut i fritt rom.
Eg tenker fyrst og fremst på at Gud leia David ut i ope lende, då han flykta for Saul, inntil Saul var borte.
2.Sam.22,1 Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren. 2 Han sa:
Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,
3 min Gud, mitt fjell som eg flyr til.
Han er mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern,
mi livd, min hjelpar som friar meg frå vald.
4 Eg kallar på Herren, han som får lovsong,
og eg vert frelst frå mine fiendar.
5 Dødens brotsjøar braut ikring meg,
undergangsstraumane skræmde meg.
6 Helheims reip snørte seg om meg,
dødens snarer låg i min veg.
7 Då kalla eg på Herren i mi naud
og ropa til min Gud.
Han høyrde mi røyst frå sitt tempel,
til hans øyra nådde mitt rop.
8 Då skalv og riste jorda,
himmelens grunnvollar skok,
dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn;
gneistar og glør fór ut frå han.
10 Han senka himmelen og steig ned
med svarte skyer under sine føter.
11 Sitjande på kjerubar flaug han,
kom til synes på vengene åt vinden.
12 Han gjorde mørkret til sitt telt,
og kring seg hadde han svarte, regntunge skyer.
13 Frå stråleglansen framføre han
fór det ut gneistar og glør.
14 Herren torna frå himmelen,
Den Høgste lét røysta si lyda.
15 Han skaut sine piler og spreidde mine fiendar,
han sende lyn og skræmde dei.
16 Rennene på havbotnen kom til synes,
grunnvollane under jorda viste seg
då Herren truga,
ja, bles og fnyste av vreide.
17 Han rette ut si hand frå det høge og greip meg,
drog meg opp or det djupe vatnet.
18 Han berga meg frå min mektige fiende,
frå motstandarar som var meg for sterke.
19 Dei gjekk imot meg på ulukkedagen,
men Herren var ei støtte for meg.
20 Han førte meg ut i ope lende
og fria meg ut, for han har meg kjær.
21 Herren gjorde vel imot meg for mi rettferd,
han lønte meg fordi mine hender var reine.
22 For eg hadde halde meg til Herrens vegar
og ikkje falle frå min Gud i vondskap.
23 Alle hans lover hadde eg for auga
og veik ikkje av frå hans bod.
24 For han var eg heil i mi ferd
og akta meg vel, så eg ikkje synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferd,
då han såg at eg var rein.
26 Du er trufast mot den som er trufast,
heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.
27 Du viser deg rein mot den reine,
men vrang mot den svikefulle.
28 Du frelser dei hjelpelause,
men vender deg mot dei stolte og audmykjer dei.
29 Ja, du er mitt ljos, Herre,
Herren lyser opp i mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som flyr til han.
32 For kven er Gud forutan Herren,
og kven er eit berg om ikkje vår Gud?
33 Gud er mitt sterke vern;
han gjer mi ferd ulastande.
34 Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35 Han lærer opp mine hender til strid,
mine armar til å spenna bronsebogen.
36 Du gjev meg di frelse til skjold,
bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du jamnar veg for mine steg,
og mine okle er støe.
38 Eg jagar mine fiendar og slettar dei ut,
eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39 Eg gjer ende på dei og rydjar dei ut,
så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg under føtene mine.
40 Du rustar meg med styrke til striden
og tvingar mine motstandarar i kne.
41 Du slår mine fiendar på flukt,
eg rydjar ut dei som hatar meg.
42 Dei ser seg om, men det er ingen som bergar,
dei ropar til Herren, han svarar dei ikkje.
43 Eg knuser dei som støv på jorda,
trør og trakkar dei ned som avfall i gata.
44 Du berga meg då folket mitt låg i strid,
heldt meg oppe som hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, må tena meg;
45 framande kryp for meg,
dei lyder berre dei høyrer om meg.
46 Ja, dei framande er utmødde,
skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47 Herren lever! Mitt berg vere lova!
Opphøgd vere den sterke Gud, min frelsar.
48 Gud gjev meg hemn
og legg folkeslag under meg.
49 Han friar meg frå mine fiendar,
ja, lyfter meg høgt over mine motstandarar
og bergar meg frå valdsmenn.
50 Difor lovar eg deg mellom folka, Herre,
og prisar ditt namn med song.
51 Han gjev sin konge store sigrar,
han er trufast mot den han har salva,
mot David og hans ætt til evig tid.
Salme 31,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Herre, eg flyr til deg,
lat meg aldri verta til skammar!
Frels meg i di rettferd!
3 Vend øyra til og høyr meg,
skunda deg og fri meg ut!
Ver eit fjell der eg finn vern,
ei festning til mi frelse!
4 Du er då mitt berg og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei sette for meg!
For du er mitt vern.
6 I dine hender gjev eg mi ånd;
du løyser meg ut,
Herre, du trufaste Gud.
7 Eg hatar dei som dyrkar
falske og kraftlause gudar.
Til Herren set eg mi lit.
8 Eg vil gleda og fagna meg
over din truskap,
for du har sett mi naud
og teke deg av meg i mi trengsle.
9 Du gav meg ikkje i fiendehand,
men lét meg ferdast i ope lende.
…….
Jesus er den gode hyrdingen, som leier sauene ut i fritt rom.
Når Jesus døde på korset, sa han det same som David sa i Salme.31,6: « …i dine hender overgjv eg mi ånd». Slik kan vi ofte merke og forstå at Davids salmar går over i Messias-profeti, ja, for han talar då om ætta si etter han også (2.Sam.22,51) og Messias er Davids-sonen. Han vann den store og avgjerande sigeren, når han døde på korset, då overgav han si ånd i Faderens hender og han vekte han oppstt frå dei døde.
Heb.2,14 Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv.
Og så minner det meg om at Jesus er døra inn til sauene, Faderen er dørvaktaren og han opna døra og slepte dei ut.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
Apgj.12,5 Peter vart no sitjande i fengslet. Men kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han. 6 Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lekkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengslet. 7 Best det var, skein det eit ljos i romet, og ein engel frå Herren stod der. Han dytta Peter i sida og vekte han og sa: «Skunda deg og stå opp!» Med det same datt lekkjene av hendene hans, 8 og engelen sa til han: «Bind beltet om deg, og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og fylg meg!» 9 Peter fylgde han ut. Men han skjøna ikkje at det som hende han med engelen, var røyndom; han trudde det var eit syn han såg. 10 Dei gjekk framom den fyrste og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv; dei gjekk ut og heldt fram nedover den fyrste gata. Der vart engelen brått borte for han. 11 Peter kom til seg sjølv att og sa: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og berga meg frå alt det som jødefolket går og ventar på.»
Sjå, eg har sett framfor deg ei open dør.
Jesu frelseverk er fullført og fullkome, han tok meg ikkje på avbetaling, men betalte heile prisen for meg og for kvar den som tek imot han han gav dei rett til å verte Guds born, så det er dei og når han gjer noko for sine born, gjer han det ikkje halvvegs, men fullstendig og fullkome. Han har gitt meg sin Ande og med den har han utrusta meg til å tene han, så då skal eg bruke det som han har gitt meg. Han har sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke og invitert meg. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så ingen kan lukke den, ja, han er sjølv døra. Den opna seg og slepte oss ut i ope lende, den opna seg også slik at vi fekk komme inn i himmelen.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Ein engel er ein bodberar og engelen for kyrkjelyden bringer bodskap frå Gud til kyrkjelyden og frå Gud og hans kyrkjelyd til folket rundt om, så han skulle sjå at Jesus hadde opna ei dør for han og bodskapen hans, både til kyrkjelyden og til folket rundt, så det høver med å komme ut i fritt rom.
Djevelen har organisert hatet mot meg og meir generelt mot den kvite mann, gjennom synagoga si, men eg trur likevel at Jesus vil late nokon frå Satans Synagoge skjøne at Jesus elskar meg, så dei bøyer seg for han og fell ned for han og derfor fell ned for meg også. Det som er viktig her er trua og lydnaden, erkjenne at Jesus er Herre, til si eiga frelse.
Rom.10,9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Dette har eg skrive om her https://faith-and-entropy.com/2025/10/18/ny-tid-88-endetidssyn-63-satan-har-organisert-hatet-og-fiendskapen-mot-mannen-gjennom-synagoga-si-han-er-komen-berre-for-a-stele-slakte-og-oydelegge-men-jesus-er-komen-for-a-gi-meg-liv-og-overflo/
[1] Dette var kanskje ei retting.

