Moses sa til jødane at dei skulle vere Guds born og Jesus kom får å frelse menneske, så dei skulle verte Guds born.
Jomfru Maria var den første som fekk høyre jule-evangeliet.
Luk.1,26 Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. 31 Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. 32 Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. 33 Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» 34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» 35 Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. 36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogeleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att.
Men Jesajas hadde profetert om dette for vel 700 år sidan.
Jesaja.7,10 Herren tala atter til Akas og sa: 11 «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!» 12 Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»
13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. 15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. 16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. 17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»
Allereie når Jesu var ein liten gutunge, skulle han lære å velje det gode og vrake det vonde. Kva er skilnaden på det og å verte forførde slik som ved syndefallet, til å ete av frukta på kunnskapstreet, for å få vit på godt og vondt og soleis verte liksom Gud? Legg merke til at Jesus lærde å velje det gode og vrake det vonde. Men dersom du søker kunnskap om noko, tenker du deg vel at det er noko som er slik, same kva du vel.
Jesus sa at menneske må vende om å verte som born, ja, fødast på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Då er det Gud som gjer sitt verk, han føder dei på nytt og skaper dei i si likning. Men dersom dei prøver å gjere seg sjølve liksom Gud, då er det dei sjølve som gjer sitt verk og det går ikkje.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Legg merke til at Jesus syntest det var rart at han som var lærar i Israel ikkje forstod korleis gjenfødinga kunne skje. Moses hadde då sagt til dei at dei skulle vere Guds born! Men han føresåg og heldt det som sannsynleg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det, så dei kom til å verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk nåde til å vende om og koma attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne. Så Paulus kalla den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande.
Men dei jødiske leiarane klaga Jesus for at han prøvde å gjere seg sjølv liksom Gud og derfor dømde dei han til døden og byrja med kristendomsforfølging. Det gjekk slik som profetane sa om «Mor Israel», ho var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for dei, men ho forstod seg ikkje på det og vart ei hore, ved at ho dyrka avgudane i staden og så drap ho borna som Gud fekk med henne. Derfor vart landet deira hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Men då ville Gud ta henne til nåde att og tale til henne som i ungdomsdagane.
Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.
23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ‘Utan miskunn’. Til ‘Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Dei jødane som soleis tok imot Guds nåde, vart Guds kone og derfor vart jomfru Maria mor til Guds Son. Og det stoppa ikkje med det, for alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Sions dotter er Jesu brud, han er Herren hennar brudgom og ektemann, så ho blir mor til Guds born.
Gud sa til folket sitt at han var den einaste sanne Gud.
Dei som Guds Ord kom til, vart kalla gudar, fordi dei var Guds born.
Gud stod fram i lyden av gudar og heldt dom, han var den einaste sanne Gud, så då vart dei vel dømde alle saman, men domen var at dei dømde urettferdig.
Salme.82,1 Ein Asaf-salme.
Gud står fram i gudelyden,
mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de fella urett dom
og halda med dei ugudelege? Sela
3 Hjelp småkårsfolk og farlause til deira rett,
frikjenn dei arme og trengande,
4 berga småkårsfolk og fattige,
og fri dei ut or nidingars hand!
5 Dei har korkje vit eller skjøn,
dei ferdast ikring i mørker,
heile grunnvollen under jorda ragar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner åt Den Høgste er de alle.
7 Men som menneske skal de døy,
som ein av fyrstane skal de falla.»
8 Reis deg, Gud, og hald dom på jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.
Gud sa til folket sitt: «Eg er han».
Gud sa til folket sitt «Eg er han». Kva meinte han med det? Han som talte til dei var den same som han som skapte dei som folk og den same som hadde skapt alle ting.
5.Mos.32,39 Sjå no, eg er Han!
Det finst ingen annan gud enn eg.
Eg tek liv og gjev liv,
eg sårar og eg lækjer,
og ingen kan berga noko ut av mi hand.
40 Eg lyfter handa mot himmelen
og seier: Så sant eg lever til evig tid,
41 når eg kvesser mitt lynande sverd
og rekkjer handa ut til doms,
skal eg ta hemn over motstandarane mine
og straffa dei som hatar meg.
42 Eg gjer mine piler drukne av blod,
blodet av falne og fangar,
sverdet mitt skal eta kjøt,
hovud av fiendens hovdingar.
43 Pris hans folk, de folkeslag,
for han hemnar blodet til sine tenarar.
Han tek hemn over fiendane
og gjer soning for sitt land og folk. (2024-oversettinga).
Jes.45,1 Ve den som trettar med sin skapar
– eit krusbrot mellom krusbrot av jord!
Kan leiret seia til han som formar det:
«Kva er det du gjer?»
Kan verket seia:
«Han har ikkje handlag»?
10 Ve den som seier til ein far:
«Kva er det du avlar?»
og til ei kvinne:
«Kva er det du føder?»
11 Så seier Herren, Israels Heilage,
han som skaper dei ting som kjem:
Kvi spør de meg om mine søner,
kvi seier de meg kva eg skal gjera?
12 Det var eg som laga jorda
og skapte menneske der.
Eg spente ut himmelen med mine hender,
og heile hans hær baud eg ut.
13 I rettferd har eg vekt ein mann
og jamna alle hans vegar.
Han skal byggja min by
og senda heim mitt bortførte folk
utan vederlag, utan betaling,
seier Herren, Allhærs Gud.
………
22 Vend deg til meg og få frelse,
heile du vide jord!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
eit sanningsord har gått ut or min munn,
eit ord som eg ikkje tek att:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja meg truskap.
24 Om meg skal dei seia:
«Berre hjå Herren er frelse og styrke.»
Til han skal dei skamfulle koma,
alle som harmast på han.
25 Ved Herren skal dei vinna rettferd,
og av han skal dei rosa seg,
alle som er av Israels ætt.
Jes.46,3 Høyr på meg, du Jakobs hus,
alt som er att av Israels hus,
de som vart lyfte opp heilt frå fødselen,
og som vart borne heilt frå mors liv:
4 Eg er Han, heilt til de blir gamle,
eg vil bera heilt til håret er grått.
Eg har alt gjort det.
Eg lyfter, eg ber og bergar.
5 Kven vil de samanlikna meg med,
kven er eg lik?
Kva likning vil de bruka
for å samanlikna oss? (2024-oversettinga, vanleg vis brukar eg 1978/85-oversettinga).
Jesus er Guds Son, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born.
Jesus velsigna småborna og sa vi skulle la dei komme til han for Guds rike høyrer slike til. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande for å sjå Gud rike og komme inn i det.
Så han kalla Gud for Faderen, då påstod dei jødiske leiarane at han prøvde å gjere seg sjølv liksom Gud, men då svarde han med å vise til desse profetiane til Jesajas.
Joh.8,24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at eg er Han, skal de døy i syndene dykkar.» 25 «Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus. 26 «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27 Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei. 28 Difor sa Jesus: «Når de får lyft Menneskesonen opp, då skal de skjøna at eg er Han, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar så som Faderen har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine; for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som trudde på han.
Abrahams ætt
31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.
Joh.10,27 Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg. 28 Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand. 29 Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min. 30 Eg og Faderen er eitt.»
31 Atter tok jødane opp steinar og ville steina han. 32 Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?» 33 «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.» 34 Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar? 35 Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje. 36 Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son? 37 Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje. 38 Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.» 39 Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.
Korleis lære å gjere skil på godt og vondt?
Gud planta kunnskapstreet i Edens hage, men forbaud mannen å ete av det.
1.Mos.2,15 Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrka og verna hagen. 16 Og Herren Gud gav mannen dette påbodet: «Du kan gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men det treet som gjev kunnskap om godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dagen du et av det, skal du døy.»
Men ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud.
1.Mos.3,1 Ormen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde skapt. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2 Kvinna svara: «Vi kan godt eta av frukta på trea i hagen. 3 Berre om frukta på det treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Den må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!» 4 Då sa ormen til kvinna: «De skal ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal augo dykkar opnast; de skal verta som Gud og kjenna godt og vondt.» 6 No såg kvinna at treet var godt å eta av, og ho tykte det var ein hugnad for augo – eit framifrå tre, sidan det kunne gjera ein klok. Så tok ho av frukta og åt. Og ho gav mannen sin, som var med henne, og han åt. 7 Då vart augo deira opna, og dei merka at dei var nakne. Og dei neste i hop fikenblad og batt kring livet.
Denne synda trengde seg gjennom til alle menneske og synda si løn var døden. Men Jesus sona synda med sin død på korset for oss alle, ein gong for alle.
Rom.5,15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Men Jesus lærde fort å skilje mellom godt og vondt, så kva er det som gjer skilnaden her? Det går det an å diskutere i det vide og breie, men det primære er å velje Kristus, tru på han og ta imot han, høyre på han og halde seg til det som han har sagt (Jes.7,10-17).
Han lærde å vrake det vonde og velje det gode. Då er det fyrst og fremst eit godt val og for oss er det eit godt val å ta imot han, høyre på han og lære av han, slik lærer vi å skilje mellom godt og vondt.
Heb.5,1 Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder. 2 Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom 3 og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket. 4 Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron.
5 Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:
Du er son min,
eg har født deg i dag.
6 Og som han seier ein annan stad:
Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.
7 Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud. 8 Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid. 9 Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han; 10 Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.
Åtvaring mot fråfall
11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.
Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden. 3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur. 4 Såleis skulle det som lova krev, verta oppfylt i oss som ikkje lèt oss leia av vår vonde natur, men av Anden. 5 Dei som lever etter sin syndige natur, trår etter det som høyrer menneske til, men dei som lèt Anden rå, trår etter det som høyrer Anden til. 6 For det som mennesket av naturen vil, fører til død, men det Anden vil, fører til liv og fred. 7 Det som mennesket av naturen trår etter, er fiendskap mot Gud, for vår vonde natur bøyer seg ikkje for Guds lov, kan det ikkje heller. 8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
Sidan Jesu Ande bur i oss og gjer lekamen levande, kan vi bere fram lekamen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Vi let oss omskape, slik at vi får eit nytt sinn, så vi kan dømme om kva som er Guds vilje.
MARANATA Oslo søndag 10.5.2009. Kl 18. Jesus vil stige ned og befrukte mi tru og min kjærleik frå han.
Tyding av tungetale, (ved Roar Grande) Mp3-opptak:
Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.
Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg. Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.
Kommentar 1.12.2025:
Han sa eg skulle ta fram gleda, sidan har han sagt eg skulle ta fram draumen som han gav meg og eg forstår det slik at det er same sak, eg skal lovprise han med den lovsangen han la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande.

