Er du frelst?
Pinserørsla, Maranata og andre frie evangeliske forsamlingar satsar på å nå dei som har falt utanom og er langt borte frå Gud, dei satsar på at Jesus er med dei for å nå dei og vil frelse dei ufrelste, så dei får ei frelsesoppleving som totalt forandrar livet deira. Det er mange som kan vitne om det. Klart dei må følgje opp med opplæring også. Og så talar dei om dei frelste og dei ufrelste. Men eg stussar av og til når dei snakkar om dei ufrelste, menneske som dei ikkje har snakka med, korleis kan dei vite at dei ikkje er frelste? Dei må no vel få høve til å svare for seg sjølve. Det er viktig for oss å nå dei med evangeliet, for å leie dei inn på frelsevegen og då blir det sjølvsagt slik at dei skal få høve til å svare for seg sjølve.
Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
I desse forsamlingane er det mange som tenker slik at dersom du er frelst, så stemmer du Krf, men no har Konservativt vorte eit alternativ. Vi har demokrati i Noreg og det er bra, men kva har dette med kyrkjelydslivet å gjere? Paulus sa at han framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy (2.Kor.11,3). Kristus reiser opp kyrkjelyden som si brud, så ho blir fri og sjølvstendig og står på eigen føter, med Kristus som sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska. Vi kan tru på han, så vi trur oss frelste, så vi er frelste i vona. I tru tek vi imot han, slik får vi hans Ande, då tilhøyrer vi han og kan seie at vi er frelste. Det er som ein plante som vert planta i oss og som lever og skal vekse til vår frelse, den skal blomstre og bere frelse som frukt.
1.Kor.3,1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster. 8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. 9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
Jule-evangeliet, frelse-kongen, Messias vart fødd. Gud elska verda så høgt at han sende Son, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det må vel vere det viktigaste for alle og ein kvar, men kor mange kan seie at dei er frelst?
Jomfru Maria var den første som fekk høyre jule-evangeliet, at ho skulle få ein son som skulle kallast Guds Son og vere konge over Jakobs ætt for evig og alltid. Og ho tok imot i tru.
Luk.1,26 Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda stokk ho og grunda på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud. 31 Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. 32 Han skal vera stor og kallast Son åt Den Høgste, og Herren Gud skal gje han kongsstolen åt David, ættefar hans. 33 Han skal vera konge over Jakobsætta til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.» 34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til, når eg ikkje veit av mann?» 35 Engelen svara: «Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son. 36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Dei sa at ho ikkje kunne få born, men no er ho alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogeleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så fór engelen bort att.
Når Maria hadde født Jesus, kom juleevangeliet til hyrdingane på marka, det vart forkynt dei at det var født dei ein frelsar.
Luk.2,1 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7 og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
8 Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. 9 Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:
14 «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har hugnad i!»
15 Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.» 16 Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17 Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18 Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde. 19 Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det. 20 Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.
Så var der tre vise menn frå austerland, dei kjende sikkert godt til stjernehimmelen og så oppdaga dei ein ny stjerne som hadde ein heilt annan kurs. Eg trur det var ein Herrens engel og kvar skulle dei ha fått bodskapet om at jødane sin konge var født, om ikkje det var ein engel som fortalde dei det?
Matt.2,1 Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem 2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.» 3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. 4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. 5 «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten:
6 Du Betlehem i Juda land
er så visst ikkje den ringaste av fyrstane i Juda.
Frå deg skal det koma ein hovding,
som skal vera hyrding for Israel, folket mitt.»
7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg 8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» 9 Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10 Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. 11 Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. 12 Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.
Herodes vil drepa barnet
13 Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14 Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt, 15 og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.
Dei kom og tok imot Jesus som barnet i krybba og alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born.
Joh.3,5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.
Legg merke til at Jesus syntest det var rart at han som var lærar i Israel ikkje forstod korleis gjenfødinga kunne skje. Moses hadde då sagt til dei at dei skulle vere Guds born! Men han føresåg og heldt det som sannsynleg at dei kom til å gjere opprør og verte straffa for det, så dei kom til å verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk nåde til å vende om og koma attende til landet sitt, skulle dei verte hjarteomskorne. Så Paulus kalla den nye pakta for hjarteomskjering i den Heilage Ande.
Dersom vi kjennest ved Jesus for menneska vil han kjennast ved oss for Faderen og englane hans. Kva betyr det for oss?
Kva betyr det for oss at Jesus vil kjennast ved oss for Faderen og englane hans? Fyrst og fremst at vi får komme heim til Faderen og hans englar i hans himmel og få eit evig liv etter døden. Men det har også betydning for vårt liv på jorda her og no.
Abraham sende den mest erfarne og pålitelege trælen sin tilbake til folket som han kom ifrå, for å finne ei kone til Isak. Det var ikkje sikkert at det kom til å lykkast, men han sa til trælen sin at Gud kom til å sende sin engel føre han og han kom nok til å lage det slik at det lukkast. Like vel var der ei moglegheit for at han kom til å få nei til svar, men slik gjekk det altså ikkje og det vart eit lykkeleg brudepar.
1.Mos.24,1 Då sa Abraham til den eldste trælen i huset, han som styrte med alt det han åtte: «Legg handa di i fanget mitt, 3 så vil eg ta deg i eid ved Herren, som er Gud i himmelen og på jorda, at du ikkje finn ei kone til son min mellom døtrene åt kanaanearane, som eg bur i lag med. 4 Men til mitt eige land og folk skal du fara og henta ei kone til Isak, son min.» 5 Trælen sa til han: «Men om no jenta ikkje vil fylgja meg hit til landet, skal eg då ta son din attende til det landet du er komen frå?» 6 Abraham svara: «Ta deg i vare så du ikkje fer dit att med son min! 7 Herren, Gud i himmelen, som tok meg bort frå farshuset og fedrelandet mitt, han som tala til meg og svor at han ville gje mi ætt dette landet, han skal senda engelen sin framføre deg, så du finn ei kone til son min der. 8 Men vil ikkje jenta fylgja deg, skal du vera løyst frå eiden. Far berre ikkje dit att med son min!» 9 Då la trælen handa si i fanget åt Abraham, herren sin, og svor på det.
Det var ingen som såg noko av denne engelen, men det var tydeleg vis ein åndeleg røyndom som rådde over den biologiske naturen til menneska. Og det er rett, slik skal det vere.
2.Pet.2,9 Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, 10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.
Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. 11 Ikkje eingong englar, som står høgare i makt og styrke, kjem med spottande ord når dei klagar dei for Herren. 12 Men desse spottar det dei ikkje kjenner; dei er som vitlause dyr, av naturen etla til å fangast og gå til grunne. Så skal dei òg gå under i sitt forfall 13 og lida vondt for det vonde dei har gjort. Det likaste dei veit, er å svira midt på ljose dagen. Dei er til skam og vanære for dykk når dei et saman med dykk og finn si glede i å fylla seg. 14 Dei er stadig på utkikk etter skjøkjer, og på synd er dei umettande. Dei forfører ustøe sjeler, og dei kan kunsten å kara til seg. Under forbanning er dei! 15 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett. 16 Men han vart tala til rettes for si misgjerning; eit umælande esel tala med mannemål og stogga profeten i hans vitlause framferd.
Vi driv ikkje med engledyrking, men vi skal vende oss til Jesus, påkalle han som vår frelsar og Herre og feste blikket på han.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
Etter nokre år fekk eg det forkynt at alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born. Eg tenkte over det og tok det standpunktet og fornye mi bønneteneste. At eg fekk det forkynt, kunne også vere ved at eg las om det. Eg fekk det forkynt at dei som kjendest ved Jesus for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og englane hans, men dei som fornekta han for menneska, ville han fornekte for Faderen og englane hans. Eg var redd for å kjennast ved han for dei andre, men eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde heller å teie stilt om at eg trudde på han. Men eg sa det til han i kveldsbøna og bad han frie meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenne Jesu namn. Eg kom til at kjærleiksforholdet mellom Kristus og han brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.
Når eg byrja på gymnaset, las eg meir i Bibelen sjølv og oppdaga at det stemte med Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Sagt på ein annan måte, at kyrkja er Jesu brud, heng ideelt sett saman med at kvinna er bruda til ein mann som Kristus er hovudet for. Paulus grunngav det utifrå både skapingssoga og evangeliet. Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med skapingssoga, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det stemte med Heb.3-4 og det Peter skreiv om at dåpen er eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Og no hadde eg vorte frimodig og ivrig med å vitne om mi tru på Jesus.
Eg byrja å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han halde fram med sidan, i pinserørsla og i Maranata også. Slik har han stadig minna meg om at hans frelseverk er fullført og fullkome, så eg skal takke han for det og glede meg i frelsa, glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han.
Draumen og visjonen Jesus gav meg som svar på mi bøn.
For to år sidan, i januar 2024, oppdaga eg at Elin Therese Slotten la ut profetiske bodskap på facebook og youtube og at det var til meg. Det kunne vel vere andre som kunne seie det same, men eg tenker meg at det var til og mange med meg. Eg forstår det slik at Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakt og det er fyrst og fremst for min eigen del og for mi eiga sak. Men Jesus vil bruke meg til å frelse og rettleie mange, ved at eg tener han med mi presteteneste, så eg fungerer som prest for dei, men det er kunn i eigenskap av at Jesus er vår øvsteprest hos Faderen.
Gjennom Elin svarde Jesus meg på den bøna som eg eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge. Han sa til meg at no var det tid for meg til å søke han i einsemda, til samanlikning med Elia i øydemarka. Eg har heilt unik og skulle ikkje samanlikne meg med dei andre, han hadde sin prosess med meg og eg skulle ikkje samanlikne det med hans prosess med dei andre. Jesus gav meg ein draum og ein visjon, som svar på mi bøn. Eg var førebudd på å få motstand og det vart til at eg gav opp draumen. Men Jesus vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han.
13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Sitat frå
Evangeliet er ein frigjerande bodskap, det leier oss inn i fridomen i barnekåret hos Gud. Mange lærde og mektige prøver å fortrenge det, for å gjere oss til trælar i staden.
Sitat frå
Skapinga og syndefallet, historia som gjentek seg.
Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Han planta ein hage i aust og der sette han mannen og sette han til å dyrke og verne den. Så skapte han kvinna av sidebeinet han og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Derfor skal mannen skilja med foreldra sine og halda seg hos kona si. Så soleis skaper Gud noko nytt frå generasjon til generasjon. Gud skapte noko fundamentalt nytt, menneska skulle berre halde hagen ved like, ved å dyrke og verne den, så den skulle vere produktiv altså, til næring og gagn for dei sjølve.
Gud kvilte den sjuande dagen etter det verket han hadde gjord og lyste den heilag. Menneska var i Guds kvile, men ved syndefallet fall dei ut av den. Ormen lokka kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, så skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho tok av frukta og åt og gav mannen sin med seg, så han også åt. Dette er framleis Djevelens strategi, han lokkar og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Sidan dei prøvde å gjer seg sjølve liksom Gud, prøvde dei å gjere Guds gjerning sjølve, i eiga kraft, det var som om det vart pålagt dei, men dei var ikkje i stand til det. Gud var ånd, men mannen var mold, med sveitte i andletet skulle han ete sitt brød til han for i molda igjen.
Sidan ser vi at Gud framleis skapte sivilisasjonar, men herskarane ovmoda seg ved å prøve å gjere seg liksom Gud, det viste seg ved at dei dyrka avgudar av stokk og stein. Då straffa han dei og riket deira gjekk under. Det var historia som gjentok seg.
Jesu blod talar betre enn Abels blod.
Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Faderen elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Dei som trur på han og velsignar han, vert velsigna, dei som forbannar han vert forbanna.
Jesus gjekk ikring og forkynte evangeliet om Guds rike, han fekk med seg nokre disiplar som var med han, så dei fekk spesiell god opplæring. Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han og dei. Dette vart meir og meir tydeleg for folket, så fleire og fleire trudde på han og følgde han. Prestane, farisearane og dei skriftlærde vart misunnelege på han og såg på han som ein farleg konkurrent, derfor avviste dei han og prøvde å rydje han or vegen og det enda med at dei kravde å få han hendretta. Men då vart det slik at Jesu blod tala betre enn Abels blod.
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
Vi som trur på Jesus blir som Abel, men nyttar oss av at Jesus døde i staden for oss.
Vi som trur på Jesus, velsignar han og vert velsigna, tek imot han og får rett til å verte Guds born, tek imot den nåden Gud gir oss i han, erkjenner fot Gud og menneske at «han døde i staden for meg», soleis er hans syndeoffer, syndeofferet for meg, som eg nyttar meg av, soleis blir eg som Abel som bar fram eit godt offer. Men han vart då slått i hel. Ja, men Jesus døde i staden for meg, så det er det syndeofferet eg skal nytte meg av. Abel er soleis typisk for den nye naturen, Kain er typisk for den gamle naturen som vi skal legge bak oss.
1.Joh.3, Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot. 5 Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd. 6 Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.
Sitat frå
Umyndiggjering eller vekse opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus.
Tradisjonelt har denne verda sine herrar og kongar herska over folket med denne verda sin visdom, med den har dei rekna den ulærde underklassa for å vere utilreknelege, dumme og vonde, så dei trengde nokon til å herske over dei, enten for deira eigen del eller for andre sin del eller begge deler. Men så kom Jesus og forkynte evangeliet om Gud rike og prioriterte å gå til den ulærde underklassa og valde ut slike ulærde menn som sine disiplar, og dei fortsette med å prioritere å gå til syndarar og den ulærde underklassa, for det var dei som trengde det mest. Etter sin døde og oppstode, sende han dei til alle folkeslag med den glade bodskapen.
Det vondes problem var at synda skilde menneska frå Gud, men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Det var løysinga på det vondes problem i platonismen også, soleis vart det heilt klart at evangeliet var eit treffande svar på platonismen, så mange lærde vart kristen-platonistar, men det var først og fremst fordi dei opplevde det som at deira åndelege lengsel vart tilfredsstilt.
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Mange lærde kom inn i kyrkja som kristen-platonistar og «kyrkjefaderen» Augustin formulerte ei syntese mellom kristendom og platonisme og då var det ikkje lenge før kristendomen vart gjort til statsreligion i Romarriket.
Men Augustin godtok også ei lære om at det var berre gjennom kyrkja folk kunne verte frelst, det betydde at dei som stod utanfor skulle vere forbanna og gå fortapt. Men dette høver ikkje heilt med evangeliet og intensjonen i misjonsbefalinga, igjen aner vi herskarinteressa som strir mot dette og det vart meir og meir tydeleg i den Katolske Kyrkja, så igjen vart vanlege ulærde folk rekna for å vere utilreknelege, det vart då svært så tydeleg i høgmiddelalderen, når den Katolske Kyrkja hevda at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane.
Men Kristus er Guds Ord og vi høyrer på han, så som umyndige born får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre og soleis skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen. Dette er fundamentalt, så frelsa i Kristus skal føre til at vi ikkje lengre er fundamentalt utilreknelege og umyndige, fordi Kristus er vår frelsar og Herre og Faderen er vår formyndar.
Platon tenkte matematisk og i vår tid har matematikken vorte utvikla vidare og vi har fått moderne naturvitskap og teknologi, det er realfag. Det vert lagt stor vekt på at det skal vere rett og sant med relevante metode og då er det ikkje så dumt lenger. Folk vert ekspertar på sine område og andre vert forholdsvis umyndige i forhold til ekspertisen, men det er på avgrensa område. Om dei med si ekspertise står fram som formyndarar og herrar over både oss og andre, så er det berre å hugse på at Kristus er kongars konge og herrars herre.
Den Lovlause som erstatning for den som er rettferdig ved trua på Kristus.
Paulus talte om den nye Kristus-naturen som kjem i staden for den gamle vonde naturen, til samanlikning med korleis Johannes talte om Kain-naturen og Abel-naturen. I 2.Tess.2 talte han om den Lovlause som står imot og kjem til å erstatte ein kvan, vi kan forstå det som ein reaksjon mot det nye ved at Kain slo i hel Abel. Det er ikkje avgrensa til å bruke fysisk vold eller betinga av det, men kan resultere i det.
2.Tess.2,1 Når det gjeld vår Herre Jesu Kristi kome og korleis vi skal samlast med han, bed vi dykk, brør: 2 Lat dykk ikkje så lett driva frå vitet, og lat dykk ikkje skræma, korkje av åndsopenberringar, av påstandar, eller av brev som seiest vera frå oss, om at Herrens dag er komen. 3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, 4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud. 5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk? 6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Dyret med den Falske profet, som erstatning for Guds profet.
Gud hadde sagt at han ville gjere noko nytt.
Jes.43, Så seier Herren,
han som gjorde veg gjennom sjøen,
ein stig i det veldige vatnet,
17 som førte hestar og vogner,
hær og hovdingar uti.
Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,
dei slokna som ein veik.
18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Men i Op.13 er det fortalt at Draken gav Dyret sin kongsstol og stor makt.
Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud. 2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt. 3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»
Draken er Djevelen og hans strategi er å dåre og forføre menneske slik som ved syndefallet, for så å føre klagemål mot dei, for å få makt over dei både med forføringa og klagemålet. Han lokka dei til å prøve å forgude seg sjølve, så dei vart dei umyndiggjorde og fornedra under avgudane sine. Men her ser vi at han gir Dyret slik makt. Dette hovudet på Dyret meiner eg er keisar Nero, men det er også ei politisk linje langt fram i tid.
Så er det fortalt om Dyr til, som tente det fyrste Dyret. Det andre Dyret gjorde teikn som liknar på det teiknet Elia fekk makt til å gjere. Likevel var dette den Falske Profet, som soleis prøvde å erstatte profeten til den sanne og levande Gud.
Joh.Op.13,13 Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.
Joh.Op.19,20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.
Profetien til den Falske profet kan verke som noko radikalt nytt, som om det skulle vere det nye som Gud ville gjere, men eigentleg kjem det som erstatning for det. Med det resultat at menneska ikkje kjem inn i det ny som Gud ville gjere likevel og vert ikkje med på det like vel. Dei vert lurte, så dei vert verande i det gamle like vel.
Kristus eller Antikrist.
Avgudane laga av stokk og stein var Lygna og Djevelen var lygnaren. Men Kristus er Sanninga som set oss fri. Kven er då Lygnaren om ikkje han som fornektar Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.
1.Joh.3,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
Minne-ord om mor, hundrede år etter at ho vart fødd. Frelse, heilaggjering og lækjedom ved trua på Kristus.
Adventsfest på kortaste dagen av året, 99 år etter at mor vart fødd.
På kortaste dagen i fjord, 21.12.2025 var det hundrede år sidan mor vart fødd, så vi hugsa på henne denne dagen og mimra litt.
Eg hugsa også at same dagen året før, 21.12.2024, hadde vi eit adventsselskap som varde i over 8 timar. (Sjå FB-tidslinja mi 21.12.2025). Eg tek med eit bilete med tekst.
Ynskjer alle god jul. Merry Christmas. Vi starta eit adventsselskap kl. 16:30, rett etter at det hadde vorte mørkt, på korteste dagen av året. Først såg vi musicalen “Citty Chitty Bang Bang”, ein barne- og familiefilm som passa godt no rett framfor jul. Då vart det servert søtsaker-godteri og brus. Eldste bror min, Ove er for mi høgre side, son hans, Njål, for mi venstre side. Han hadde med seg kona og døttera på 9 år. Svigermor til Njål kom noko seiare, for mi høgre side. Etter filmen vart det norske julesongar, det vart servert taco, øl, juice og brus. Etter det vart det søtsaker igjen og spekemat som snacks. Då passa det godt med mørk øl og mørk rom. Og “Solsnu” kom på rette dagen. Så kom søster Gunhild so ei overrasking, ho sette seg ved sida av Njål og fekk ekstra oppvarting. Vi heldt det gåande heilt fram til kl.1 om natta. Eit selskap på 8 og ein halv time. Det var berre vi tre karane som heldt ut så lenge og dette må vere ny rekord.
Når eg møtte igjen syskena første jula etter at mor døde, ville eg hugse på henne, kva betydning fekk det?
Mor døydde 1.3.2017, nesten hundrede år etter at far vart fødd, 18.12.2017. Her er minneordet som eg skreiv då: https://blessings-from-heaven.com/2017/03/12/mitt-minneord-om-mor/ .
Eg budde i gamlehuset og når broder Øyvind og søster Gunhild kom heim til jul, som vanleg, bestemte eg meg for at eg skulle prøve å vere mot dei som mor vår hadde lært oss å vere mot kvarandre og som eg visste at ho ville, slik brukte eg henne som referanse, som om ho sat i godstolen sin og var det samlande midt punktet mellom oss, som vanleg, slik tenkte eg og for meg kjendest det som om ho var med oss der i ånda. På slutten av julefeiringa sa Gunhild at det var som om ho mamma hadde vore der med oss i jula, ho sa det fleire gongar. Og i Heb.12 finn eg ei god forklaring på det; vi er «komne til åndene til dei rettferdige som har nått fullendinga».
Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Ho var ingen helgen etter katolsk standard, men ho vart heilaggjord ved trua på Kristus. Og eg driv ikkje verken med helgendyrking eller engledyrking, der er somme som påstår dei har sett englar, det kan ikkje eg påstå, men eg meinar vers 22-24 like vel er ein åndeleg røyndom som er viktig for oss, men det vesentlege og sentrale poenget er at vi er komne til Kristus, at vi høyrer på han og talar med han.
For kven er det som talar frå himmelen? Det må då vere Kristus, for han stod oppatt frå dei døde og for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Korleis kan han då tale til oss? Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men sende oss talsmannen, den Heilage Ande, så vi får oppleve at Kristus talar til oss frå himmelen ved sin Ande.
Heb.1,1 Gud har tala gjennom Sonen
1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
Sonen står over englane
4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. 5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:
Du er son min,
eg har født deg i dag?
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far hans,
og han skal vera son min.
6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:
Alle Guds englar skal tilbe han.
7 Og om englane seier han:
Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld.
8 Men om Sonen:
Din kongsstol, Gud, står i all æve,
rettferds stav er din kongsstav.
9 Du har elska rettferd og hata urett;
difor, Gud, har din Gud salva deg
med fagnads olje framfor dine frendar.
10 Og vidare:
Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,
og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande.
Dei skal alle eldast som ein klednad;
12 du rullar dei saman som ei kappe,
dei vert utskifte som klede.
Men du er den same,
dine år tek aldri ende.
13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter?
14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?
Lækjedom ved bøn.
Tru er full visse om det vi vonar, men ikkje ser.
Heb.11, 1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. 2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.
Vi kan få oppleve at Gud gjer under og teikn, til vitne om Son sin, til dømes lækjedom ved bøn.
1.Joh.1, Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han. 2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod. 3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7 Det er tre som vitnar: 8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Jesus lækte mor frå helveteseld og lungebetening.
Mor døde av kols, først då fekk vi vite at ho hadde kols. Ho fekk lungebetening mange gangar og hausten 2012 fekk ho helveteseld også. Då bad vi for henne i Maranata og samtidig bad eg også for meg sjølv og mi sak og for mine næraste.
Møte i Maranata 30.9.2012.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-09-30-maranata-laekjedom-i-jesu-sar/ :
Ein mann las om korleis Boas vart løysingsmann for Rut og samanliknar det med korleis Kristus frelser oss. (Rut.3,1….).
Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:
” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.”
Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.
Tore Kristiansen talte over:
EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN} Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.
Medan han talte sat eg i stille bønn, eg bad både for mor mi og for henne som eg trur Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990”. Med synlege bønnesvar tenkte eg både på lækjedom for mor mi og at Gud gjev meg ei kone som eit synleg bønesvar til velsigning for meg sjølv og til vitne og velsigning for slekt og venner. Eg tenkte på at Guds auge fer ut over all jorda for kraftig å støtte den som heilhjarta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og det er eit verk som han gjer i mitt indre menneske og slik vil han styrke meg i mitt indre menneske, han fyller meg og henne med den Heilage Ande og slik styrker han mitt indre menneske med si kraft. Kristus bur ved trua i mitt hjerte og eg ynskjer at han møter henne i mitt hjerte og openberrar seg for henne, som hennar Herre og frelsar, brudgom og ektemann, så eg sat og påkalla Herrens namn til frelse for henne og bad han om å openberre seg for henne og elske henne gjennom meg, så vi får oppleve at han elskar henne som si brud og slik skal vi vere rotfeste og grunnfeste i kjærleik, slik som det vart sagt her. Dette er det også eg vil takke han for, slik vil eg takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, slik vil eg tilbe han i ånd og sanning. Og eg trur det er nettopp dette som er så viktig, å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som vår frelsar og Herre og at han elskar oss som menigheta sin brudgom og ektemann.
John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:
Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.
Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.
Møte i Maranata 14.10.2012.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/07/2012-10-14-m-alt-kjots-gud/ :
Dei brukar å ha bønnesamling ein time før møtet og no var eg og tidleg ute, bønnesamlinga var på kontoret, men Knut og John sat framme i møtelokalet. Knut spurde om eg kunne vere vakt, jau, det var ok for meg. Så fortalde eg korleis det hadde gått med mor mi og Knut spurde om eg kunne vitne om det og ta innleiinga. Eg tenkte litt på det og så sa eg ok.
Innleiing, kjærleik sterk som døden.
Eg innleia med å fortelje om korleis det hadde gått med mor mi, etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, dei raude utsletta hadde vorte grå og betring heldt fram seinare også. Men lungebetenninga var strid og ho vart send på sjukehuset i Volda for nye undersøkingar, dei skulle ta prøve av slimet i lungene for å finne ut kva slags bakteriar det var og tilpasse medisineringa deretter, ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Så vart ho send heim att. Men i dag var ho så slapp at det var lite og ingen prat i henne, dei fann ut at ho hadde lav blodprosent, så dei sende henne tilbake til sjukehuset. Eg sa at ho var 87 år og at eg var glad og takknemmeleg for at eg har fått hatt henne så lenge.
Så las eg
HSA 8,6 – HSA 8,7 Set meg til eit segl på ditt hjarta, eit segl på din arm! For kjærleiken er sterk som døden og mektig som dødsriket i si trå. Han brenn som logande eld, han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.] 7 Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken, elvar kan ikkje fløyma han bort. Om einkvan ville gje alt han åtte for kjærleik, så vart han berre til narr.
…….
Så sa eg om ho ”Lytelause Reine” i Høgsangen, at dei andre ungjentene spurde henne kva det er som gjer elskaren hennar så mykje betre enn alle andre menn. Dei forstod det ikkje og ho fekk problem med å forklare det. Det ser vi også når ho gjekk ute i byen og spurde etter kvar det hadde vorte av elskaren hennar, vaktmennene på muren slo henne[1]. Kva er det for slags kvinne som går ute og spør etter kvar det vart av elskaren hennar. Dei forstod det ikkje. Den kjærleiken ho tala om er sterk som døden og Jesus viste oss denne kjærleiken då han døde og stod oppatt for oss, han viste oss kjærleiken frå Gud, den kjærleiken som er sterkare enn døden, denne kjærleiken viste Gud oss ved at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde.
Så las eg
1KO 13,4 – 1KO 13,8 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8a Kjærleiken fell aldri bort.
Så sa eg at når eg las dette tenkte eg på kjærleiken til mor mi, det er nettopp ein slik kjærleik ho har vist oss og så sa eg at denne kjærleiken er ifrå Gud, det er Jesus som elskar henne som si brud. Så sa eg at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og poenget med det er at ho skal ha den same kjærleiken som mor mi hadde, eg ynskjer at ho skal få oppleve denne kjærleiken frå Gud, at det er Kristus som elskar henne som si brud. Dette er kjærleiksforholdet mellom menigheta og Kristus, for Paulus sa at han hadde framstilt menigheta for Kristus som ei rein møy[2]. Det er slik som det vart sagt i Høgsangen at om nokon ville gje alt han eig i sitt hus, for kjærleiken, så vert han berre for narr. Men Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, då betalte han prisen for denne kjærleiken for oss, då betalte han for ei slik kone til meg, med denne betalinga kjøpte han meg fri og med denne betalinga kjøpte han henne fri. Mor mi har bedt for meg i alle år og Kristus har høyrt både mine og hennar bøner og eg skulle så inderleg ynskje at ho fekk oppleve at dette bønnesvaret stod der synleg framfor henne før ho døde.
Etterpå kom han som leia møtet (Knut) også opp på talarstolen med eitt eller to bønnebehov til som vi saman med mitt bønnebehov la fram for Gud i bønn.
John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.
Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[3], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette, at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester?
Så sa han at dersom Gud har kalla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:
”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.
Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”
…….
Eg køyrde til Oslo natt til laurdag 29.9.10. Eg visste at mor mi hadde fått helveteseld og lungebetenning la henne fram for Gud i bønn på kveldsmøtet i Maranata søndag 30.9.12. etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, blemmene hadde vorte gråare og sidan har betringa helde fram. Men ho streid hardt med lungebetenninga og var svært slapp på onsdag. Ho fekk oksygen og antibiotika som ho pusta inn gjennom ei maske. Torsdag vart ho send til sjukehuset i Volda for å ta prøver av slimet i lungene, så dei kunne tilpasse medisinen. Ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Torsdagen etter (4.10.12) var crp[4] nede i 28, så dei sende henne heim att og avslutta medisineringa, laurdag var den nede i 20. Men søndag 7.10 auka den frå 24 til 61. Rett før kveldsmøtet kl 18 fekk eg vite at ho var slapp og lite og ingen prat i henne, ho hadde lav blodprosent og vart send tilbake til Volda. Der vart den målt til 10,3-9,8, det normale for henne ville vere omlag 12[5]. Eg fekk innleie dette møtet og viten og fortelje om korleis det hadde gått med henne etter at vi bad for henne. Eg sa at hennar kjærleik var frå Gud, det er Kristus som elskar henne som si brud. Eg har bedt Gud om ei kone og poenget med det er at eg ynskjer ho skal ha den same kjærleiken som ho hadde og få oppleve at det er Jesus som elskar henne som si brud. Eg vedkjente kva Jesus var for meg og eg trur at med den vedkjenninga får eg oppleve at banda brest og lenkene vert løyste, slik som det vart sagt i bodskapen 30.9.12.
Seinare på kvelden køyrde til Sunnmøre og var på sjukehuset i Volda kl 8. Visitt-tida var frå 14-19, så eg køyrde opp på bondalseidet og la meg å sove i bilen. Når eg kom og skulle besøke henne i 12-tida fekk eg vite at ho skulle heim att. Eg fekk gå inn på romet hennar og seie hei til henne, ambulansefolket skulle til å få henne over på båra og eg følgde dei ut. Når ho kom på sjukeheimen prata eg lenge med henne, så ho hadde vorte mykje kvikkare sidan dagen før. Eg besøkte henne på formiddagen på tysdag også og spurte etter resultat av prøvene og fekk noko av desse måleverdiane som eg har skrive ned. Dei forslo at eg skulle snakke med lækjaren når han kom på vistitt same dag, vi avtalte at dei skulle be han ringe meg. Eg sa eg syntest det var litt rart dei hadde avlutta medisineringa på torsdag, er det ikkje slik at det er viktig å fullføre kuren så ikkje sjukdomen tek seg oppatt med bakteriar som er meir resistente, så ettersjukdomen vert verre? Han sa det var vanleg å avslutte kuren med tabletttar og når crp er så lav som 20-28 kunne dei godt avslutte medisineringa, dei hadde gjort det som var vanleg. Eg sa at grunnen til at eg spurde så mykje etter måleresultata, var at vi hadde bedt for henne i Maranata på søndagen, eg kunne ikkje sjå at måleresultata tilsa at ho var friskare på måndag enn på søndag, likevel hadde ho kvikkna mykje til og eg meinte det var Gud som hadde styrka henne i hennar innvortes menneske. Jau, det trudde dei på også, sa han. Eg fortalde at eg var svært glad i henne og ho var svært glad i meg og eg meinte Gud hadde styrka både meg og henne i vårt indre menneske. Eg trur også eg fortalde at vi hadde bedt for henne søndagen to veke tidlegare og då hadde helveteselden byrja å gå attende.
Frå tysdag har mor fått sove med natta, hosten har ikkje øydelagt nattesøvnen for henne. Kuren med to tablettar ciproksin pr dag skulle vare til tysdag. Fredag 19.10. var crp komen ned i 19.
Jesus lækte meg frå ein brokkport.
Hausten 2022 snubla eg og ramla inn i cockpiten på seglbåten og landa med magen oppå stål-bøylen på pidestallen til rattet. Eg fekk ein brokkport, men Jesus lækte meg frå det.
Eg har skrive om at når eg gjekk på gymnaset, vart eg forelska i ei kristen jente, så eg bad for henne og fekk oppleve at Guds kjærleik var utrendt i våre hjerte ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,5). Den Heilage Ande ber for oss og eg fekk oppleve sterkt at den bad for henne saman med meg. Seinare møtte eg henne igjen ved Universitetet i Bergen, som eit bønnesvar. Eit halvt år seinare merka eg sterkt at den Heilage Ande bad for henne, saman med meg.
No byrja eg å tenke på dette og kom til at dette var noko som eg skulle ha satsa endå sterkare på, så i kveldsbøna mi opna eg meg meir for å la den be for oss, det vart ved å seie til han Jesus mange gangar at eg elska han, inntil eg sovna. Og eg trur det var då den Heilage Ande lækte meg frå brokkporten, seinare kjende eg ikkje noko meir av den og når eg sidan vart undersøkte ved Volda Sjukehus, fann dei ingen brokkport.
Eg vitna om det i Filadelfia Ulsteinvik og skreiv om det som kommentar til eit seinare møte: https://blessings-from-heaven.com/2022/12/03/2022-11-27-filadelfia-ulsteinvik-jesus-er-med-oss-ver-heilhjerta-med-han/ .
Chitty Chitty Bang Bang.
Dick van Dyke spelte hovudrolla i filmen Chitty Chitty Bang Bang. Han vart fødd 8 dagar før mor vart fødd og feira 100-årsdag 13.12.2025: https://www.youtube.com/watch?v=prhCIutS3YA
Her er ein liten notis om filmen, sitat frå https://en.wikipedia.org/wiki/Chitty_Chitty_Bang_Bang :
Chitty Chitty Bang Bang is a 1968 musical fantasy film directed by Ken Hughes, produced by Albert R. Broccoli, and starring Dick Van Dyke, Sally Ann Howes, Lionel Jeffries, Gert Fröbe, Anna Quayle, Benny Hill, James Robertson Justice, Robert Helpmann, Heather Ripley and Adrian Hall. The film is based on the 1964 children’s novelby Ian Fleming, with a screenplay co-written by Hughes and Roald Dahl.[6]
…………
The film was released in the United Kingdom by United Artists on December 17, 1968, and in the United States on December 18. It was a critical success and was one of the highest-grossing films in the US for 1969.[7] The film’s title song was nominated for an Academy Award and Golden Globe Award for Best Original Song, with a second Golden Globe nomination for Best Original Score.
SITAT SLUTT.
Filmen handlar om ein enkemann, Caractacus Potts, med to små born, ein gut og ei jente. Han er oppfinnar med mange jern i elden. Borna får han til å kjøpe ein utrangert racerbil og han fiksar den opp. Dei møter ei ung, men vaksen jente, Truly Scrumptious, ho er dotter til ein rik mann og ho vert med dei på biltur. Ute på ei badestrand fortel han dei eit eventyr som vert hovudsaka i filmen. Bilen får luftpute som den flyt på, som ein båt og så får den vingar, så den flyg over Nordsjøen til Vulgaria. Der er det ikkje lovleg å ha barn, så dei må stengast inne og det vart noko til styr. Regimet vart styrta og bilen fekk propellar, så den kunne ta av og flyge dei tilbake til England.
For ein fantasi, men i vår tid er ideen realisert som droner og drone-bilar.
Etter eventyret er dei tilbake i bilen på stranda og køyrer heim. Caractacus og Truly vert kjærestar vil gifte seg. Tilfeldig vis viste det seg at han hadde funne opp ein hundemat som far hennar ville setje i produksjon.
Til slutt, når dei køyrer heim, så lettar bilen, utan verken venger eller propellar, det var ein draum som gjekk i oppfylling like vel altså. Dette vert opplagt brukt symbolsk om at kjærleiken mellom dei og at dei vart samde om å gifte seg, var for dei ein draum som gjekk i oppfylling.
Dette høver med evangeliet, for sidan vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi oppleve at Guds kjærleik er mellom oss, Gud er kjærleik og han gjer sitt verk med oss.
Mange filmar kan handle om draum som menneske har og som gjer dei glade, «musicals» er ofte slik og for å få med draumen som gjer dei glade, vert det ofte å filme noko som ikkje er realistisk.
Julie Andrews gjorde suksess med filmen «Sound of Music» (1965) og her er det tydeleg at draumen like vel ligg nær til realitetane og er soleis viktig som eit ideal. Ho gjorde også suksess med filmen «Mary Poppins» (1964), saman med Dick van Dyke,
2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.
[3] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at David dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og desse dansegruppene må berrre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.
[4] Måling for lungebetenninga, normalen er 8.
[5] Desse tala skulle visst multipliserast med 7,43.

