Ny Tid 93. Endetidssyn 68. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss på korset. 5. Frelse frå fortapinga og få evig liv i staden. Frigjering frå trældomen under synda og avgudane. Frelse frå domen. I vona er vi frelste og vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. 2. Gud ville bruke Israel til å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane, så kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Bilete: Persar-kongen Kyros var den einaste hedningen som i det gamle testamentet vart kalla Guds salvevigde. Han vart på sett sig vis eit førebilete på Kristus, “Guds Salvevigde”.

Gud kalla og valde ut Abraham og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus.

Gud sende Moses med ein frigjerande bodskap til folket sitt, han skulle seie at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og dei skulle kalle han JHVH (Jahve), «Eg Er», for han er den han er. Ved Moses og sidan ved Josva førde han dei til det lova landet, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Hans plan med dette var å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane og under Israels stordomstid kalla han seg Allhers Gud og det heldt han fram med, sjølv om folket hans fall ifrå han. Dei vart bortførde frå landet sitt, men fekk komme attende til det. Like vel vart det atter profetert om ein dommedag, men kvar den som kalla på Herrens namn, skulle verte frelst.

Joel.3,5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar.

Rom.10,9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst.  10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste.  11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.  12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han.  13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Abraham, Isak og Jakobs Gud kalla seg «EG ER» (JHVH) og ville bruke Israels-folket til å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane.

Gud sende Moses for å føre Israelsfolket ut av Egypt til det landet han hadde lova dei, då skulle han seie til dei at Abraham, Isak og Jakobs Gud hadde sendt han og at dei skulle kalle han «Eg Er», JHVH, for han er den han er. Han ville føre dei til det lova landet, der skulle dei vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Planen hans var å gjere namnet sitt kjent mellom heidningane.

Moses kom ikkje heilt i mål med det, men i si avskjedstale til dei, sa han at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei sannsynleg vis kom til å gjere opprør, så dei kom til å miste landet sitt. Når dei sidan fekk komme attende til det, skulle dei verte hjerteomskorne. 

Etter nokre hundrede år, ville dei ha seg ein konge og Gud lete dei få ein slik konge som dei ville ha, Saul, men han vraka Guds Ord og derfor vraka Gud han som konge, han mista salvinga, så det enda dårleg. Men då hadde Gud for lengst valt ut ein mann etter sitt hjerte, David, og Samuel hadde salva han til konge. Gud leia han ved sin Ande, gjennom mange trengsler, til dess han kunne setje seg på trona og Gud gav han siger over fiendane og gjorde han til ein stor konge i eit stort rike, som gjorde Guds namn kjent for nabofolka.

Son hans, Salomo, vart konge etter han og fekk fred på alle kantar, Gud ville vere Fr for han og sette han til å bygde eit tempel for han. Gud bur i sin himmel og trong ikkje noko hus å bu i, men Salomo bad han om å la namnet sitt bu der, så både jødar og heidningar kunne vende seg til han, ved å vende seg mot dette huset. Gud gjorde Salomo vis og rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Saba (Etiopia). Slik gjorde Gud namnet sitt kjent mellom heidningane. 

2.Mos.9,13 Så sa Herren til Moses: «I morgon tidleg skal du gå fram for farao og seia til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg! 14 For denne gongen vil eg senda alle plagene mine over deg og mennene dine og folket ditt, så du kan skjøna at ingen er som eg på heile jorda.  15 Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så de hadde vorte utrudde frå jorda. 16 Men eg har likevel halde deg oppe av di eg ville syna deg makta mi og gjera namnet mitt kjent over heile jorda. 

2.Sam.7,12 Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.  13 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.  14 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag.  15 Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.  16 Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. 17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

I Israels stordomstid kalla Gud seg «Allhærs Gud». 

I Israels stordomstid, kalla Gud seg «Allhers Gud».

Salme.46,1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.

Etter Alamot. Ein song.  

2 Gud er vår tilflukt og vår styrke,

han har hjelpt oss i alle trengsler. 

3 Difor reddast vi ikkje om jorda skjek,

om fjella ragar i havsens djup, 

4 om bylgjene bryt og brusar,

og fjella skjelv i opprørt hav. Sela

5 Ei elv med fleire greiner skaper glede i Guds by,

der Den Høgste har sin heilage bustad.  

6 Han kan ikkje rikkast, for Gud er der.

Gud hjelper han når morgonen renn. 

7 Folkeslag brusa, rike vart rikka,

røysta hans ljoma, og jorda skalv. 

8 Herren, Allhærs Gud, er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg. Sela 

9 Kom og sjå kva Herren har gjort,

han som gjer skræmande ting på jorda! 

10 Han gjer ende på krig over heile jorda,

bryt bogane sund, høgg spyda av

og set eld på vognene. 

11 Hald opp og skjøn at eg er Gud!

Eg er opphøgd over folkeslaga,

opphøgd på jorda.

12 Herren, Allhærs Gud, er med oss,

Jakobs Gud er vår faste borg.

Salme.84,1 Til korleiaren. Etter Gittit.

Av Korah-songarane. Ein salme.  

2 Kor elskelege dine bustader er,

Herre, Allhærs Gud! 

3 Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,

etter Herrens tempelgardar.

No jublar hjarta og kropp

mot den levande Gud.

4 Ja, fuglen har funne ein heim,

svala har fått seg eit reir,

der ho kan leggja sine ungar,

ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,

min konge og min Gud.

5 Sæle er dei som bur i ditt hus,

dei skal alltid lova deg. Sela

6 Sæle er dei som har sin styrke i deg,

dei som lengtar etter å fara opp til templet. 

7 Når dei fer gjennom den turre dalen,

gjer dei han til ein kjeldevang;

haustregnet legg si signing over han.  

8 Dei går frå kraft til kraft,

til dei stig fram for Gud på Sion.

9 Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,

lyd etter, du Jakobs Gud! Sela

10 Gud, vårt skjold, vend augo hit,

og sjå på han som du har salva! 

11 Ja, éin dag i dine tempelgardar

er betre enn tusen andre.

Å stå ved dørstokken til Guds hus

er betre enn å bu i telt med gudlause.

12 For Herren vår Gud er sol og skjold,

Herren gjev nåde og ære.

Den som er ærleg i si ferd,

nektar han ikkje noko godt. 

13 Herre, Allhærs Gud,

sæl er den som set si lit til deg.

Salme 136,1 Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn! 

2 Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn! 

3 Pris han som er herre over alle herrar, evig varer hans miskunn!

4 Einast han gjer store under, evig varer hans miskunn! 

5 Han skapte himmelen med visdom, evig varer hans miskunn!

6 Han la jorda på vatnet, evig varer hans miskunn! 

7 Han skapte dei store ljosa, evig varer hans miskunn! 

8 sola til å råda om dagen, evig varer hans miskunn!

9 månen og stjernene til å råda om natta, evig varer hans miskunn!

Under kong Salomo vart Israelsfolket herrefolket i eit storrike.

1.Kong.9,20 Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.  22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.

Israelsfolket fall ifrå Gud, men han fortsette å kalle seg Allhærs Gud og «Gud over alle gudar».

Salomo tok seg koner mellom dei folka Gud hadde forbode dei å blande seg med, desse konene vende hjertet hans bort frå Herren. Gud sende ein profet for å tale han til rettes, men han audmjuka seg ikkje slik som David hadde gjort. Og kva er det for slags son som ikkje let seg refse av far sin?

Heb.12,4 I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet. 5 Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:

Son min, vanvørd ikkje Herrens tukt,

miss ikkje motet når han refser deg.

6 For den Herren elskar, tuktar han,

og han refser kvar son han tek seg av. 

7 At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar? 8 Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born. 9 Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet? 10 For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom. 11 All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.

Sjølv om Salomo gjorde Israelsfolket til herrefolk, kravde dei at son hans skulle lette åket for dei, når han skulle ta over, det gjekk han ikkje med på, dermed gjorde mesteparten av dei opprør, så riket vart delt. Dette var også Herrens straff til Davids-ætta, fordi Salomo hadde vendt seg bort frå Herren og ikkje lete seg refse og ikkje audmjuka seg slik som David hadde gjort.

Dette har eg skrive om her:

Israels-folket fall ifrå Gud og dyrka avgudane til folka rundt dei. Men han hadde allereie kalla seg «Allhærs Gud» og sagt at han var Gud over all gudar. Han gjorde Babylonar-kongen Nebukadnesar til sin tenar, han hærtok landa deira og bortførde folke til Babylonia. Sidan valde han ut persarkongen Kyros og salva han til konge og kalla han kongars konge. Han skulle la Israelsfolket komme attende til landet sitt og det same gjaldt nabofolka deira. Dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Esekiel.26,7 Ja, så seier Herren Gud:

Eg lèt Babels konge, Nebukadnesar,

han som er konge over kongar,

dra mot Tyrus frå nord,

med hestar og vogner og ryttarar

og med ein veldig hær.

Jes.41,1 Ver stille, de øyar og strender,

og høyr på meg,

lat folka samla nye krefter!

Lat dei koma og tala si sak,

lat oss saman gå fram for retten! 

2 Kven har vekt den mannen frå aust

som sigeren møter kvar han set foten?

Kven gjev folkeslag i hans makt

og lèt han råda over kongar?

Med sverdet gjer han dei lik støv,

med bogen lik fykande halmstrå. 

3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,

er berre så vidt nedpå vegen med foten.

4 Kven var det som sette dette i verk?

Han som frå opphavet kalla ættene fram.

Eg, Herren, er den fyrste,

og eg skal vera hjå dei siste.

Jes.44,28  Eg seier om Kyros:

«Han er min hyrding,

han skal fullføra alt det eg vil;

han skal seia om Jerusalem:

Byen skal byggjast!

og om templet:

Det skal atter verta grunnlagt.»

Jes.45,1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros, som eg held i hans høgre hand

for å tvinga folkeslag under han,

løysa beltet av kongar

og opna dører for han,

så ingen port skal vera stengd.  

2 Eg vil gå føre deg.

Bakkar vil eg jamna,

bronsedører vil eg sprengja,

og jernbommar vil eg slå sund. 

3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,

og rikdomar, gøymde på løynlege stader,

så du skal vita at eg er Herren,

Israels Gud, som har kalla deg på namn.

4 For min tenar Jakobs skuld,

for Israel, min utvalde,

har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,

endå du ikkje kjende meg. 

5 Eg er Herren, og ingen annan,

utan meg finst det ingen Gud.

Eg spente beltet om livet på deg,

endå du ikkje kjende meg, 

6 så dei skal vita både i aust og vest

at det finst ingen annan enn eg.

Eg er Herren, og ingen annan. 

7 Eg skaper ljoset,

og eg lagar mørkret;

eg skaper lukke og ulukke.

Det er eg, Herren, som gjer alt dette. 

8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette.

Mika.4,1 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over alle haugar.

Dit skal folkeslag strøyma. 

2 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.» 

3 Han skal døma mellom mange folk,

skifta rett for mektige folkeslag langt borte.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig. 

4 Men alle skal sitja trygt,

kvar under sitt vintre og sitt fikentre,

og ingen skal skræma dei.

For Herren, Allhærs Gud, har tala. 

5 Alle folka ferdast,

kvart i sin guds namn;

men vi skal evig og alltid

ferdast i Herren vår Guds namn.

Draumen, visjonen, profetien og oppfyllinga.

Gud tala til folket sitt gjennom draumar og profetiar som vart til visjon og framtidsvon for dei. Men når dei fall ifrå han, skulle dei ikkje tru på draumane sine og han åtvara dei mot falske profetar. Men Gud gav Nebukadnesar ein draum som Daniel tyda. 

Daniel.2,1 I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han så uroleg i hugen at han ikkje fekk sova.  2 Då sende kongen bod etter spåmennene, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane, og ville at dei skulle fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.  3 Og han sa til dei: «Eg har hatt ein draum som gjer meg så uroleg i hugen. Eg ynskjer å få vita kva eg har drøymt.»

4 Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Kongen leve evig! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.»  5 Då sa kongen til stjernetydarane: «Det er min faste vilje at dersom de ikkje fortel meg draumen og tyder han, skal de hoggast i sund, og husa dykkar skal verta til ein grushaug. 6 Men dersom de fortel meg draumen og tyder han, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og sei kva han tyder!»

7 Då svara dei andre gongen: «Kongen må fortelja tenarane sine draumen, så skal vi seia deg kva han tyder.» 8 Kongen sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast: 9 Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, vil same domen råka dykk alle. Men de har vorte samde om å føra meg bak ljoset med ei lygn, i von om at tidene skal snu. Fortel meg difor draumen, så veit eg at de òg kan seia meg kva han tyder!»

10 Stjernetydarane svara kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen det han vil vita. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravt noko slikt av ein spåmann, åndemanar eller stjernetydar. 11 Det kongen krev, er for vanskeleg. Det finst ikkje andre enn gudane som kan fortelja kongen det han vil vita, og dei bur ikkje mellom døyelege menneske.» 12 Kongen vart arg og sint for dette og baud at dei skulle drepa alle vismennene i Babylonia.

13 Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel. 14 Då vende Daniel seg med kloke og vituge ord til Arjok, hovdingen over livvakta åt kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babylonia. 15 Han tok til ords og spurde Arjok, hovudsmannen åt kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då fortalde Arjok Daniel korleis det hadde seg. 16 Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han tyda draumen for han.

17 Sidan gjekk Daniel heim og fortalde venene sine, Hananja, Misjael og Asarja, det som hadde hendt. 18 Han ville at dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra denne løyndomen, så Daniel og venene hans ikkje skulle missa livet saman med dei andre vismennene i Babylonia. 19 Då fekk Daniel vita løyndomen i eit syn om natta. Og Daniel prisa Gud i himmelen. 20 Han tok til ords og sa:

Lova vere Guds namn

frå æve og til æve!

For visdomen og styrken er hans.

21 Han lèt år og tider skifta,

set kongar av og set kongar inn.

Han gjev dei vise visdom

og dei vituge vit. 

22 Han openberrar det djupe og dulde;

han veit kva som er i mørkret,

og hjå han bur ljoset. 

23 Deg, mine fedrars Gud,

lovar og prisar eg,

for du har gjeve meg visdom og styrke.

No har du fortalt meg det vi bad om;

det kongen vil vita, har du kunngjort oss.

Daniel tyder draumen åt kongen

24 Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å drepa vismennene i Babylonia. Han kom og sa til han: «Drep ikkje vismennene i Babylonia! Før meg fram for kongen, så skal eg tyda draumen for han.» 25 Då skunda Arjok seg og førte Daniel inn til kongen og sa til han: «Mellom dei bortførte frå Juda har eg funne ein mann som kan tyda draumen for kongen.» 26 Kongen tok til ords og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg den draumen eg har hatt, og tyda han?» 27 Daniel svara kongen: «Den løyndomen som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, spåmann eller teikntydar kunngjera for kongen. 28 Men det er ein Gud i himmelen som openberrar løyndomar. Han har kunngjort for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og synene du hadde, medan du låg på lega di.

29 Då du låg på lega di, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar løyndomar, fortalde deg det som skal henda. 30 Og når denne løyndomen har vorte openberra for meg, er det ikkje fordi eg har større visdom enn alle andre som lever, men for at kongen skal få vita kva draumen tyder, så du kan kjenna tankane i hjarta ditt.

31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. 32 Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; 33 leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder. 37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!  38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. 39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. 40 Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre. 41 Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire. 42 At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. 43 Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire.  44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.  45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

46 Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og viste Daniel ære. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.  47 Og kongen tok til ords og sa til Daniel: «Sanneleg, den guden de dyrkar, er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar løyndomar, sidan du har greitt å openberra denne løyndomen.»  48 Så lét kongen Daniel få ei høg stilling og gav han mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babylon og til øvste leiaren for alle vismennene der.  49 På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego til å styra i provinsen Babylon. Men Daniel sjølv vart verande i kongsgarden.

Vismennene syntest det var heilt uhyrleg av Nebukadnesar å krevje at dei skulle fortelje han draumen, dei hadde då ikkje gitt seg ut for at dei kunne gjere noko slikt, så dette var noko nytt. Det synest svært så rart at Nebukadnesar kravde det, truleg var det Gud som hadde overtyda han om det, kanskje sagt det til han, så når Daniel fortalde draumen og tyda den, vart det klart at det var ein profeti.

Når dei sidan kom heim att til landet sitt, profeterte Joel om at dei skulle få draumar.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

Dermed kan vi atter tale om draumen og visjonen som Gud gav oss, som ein profeti, med von om at han vil gjennomføre det. Dette har eg skrive om i «Ny Tid 43-74», Sions Dotter er Jesu brud, så det er den vakre draumen og visjonen, å forkynne evangeliet er som å by inn til dette bryllaupet.


Leave a comment