Biletet: Håkon Martinsen forkynnte på Maranata sitt Landsstemne sommaren 2025.
Jesus har ikkje gløymt Noreg, han kjenner kvar norsk mann og kvinne. Han vil utgyte sin Ande over bygder og byar. Han kallar den einskilde til å komme berre til han, så vil han frelse han/henne.
Jesus sa til oss at han har ikkje GLØYMT Noreg, han kjenner kvar mann og kvinne i Noreg og vil utgyte sin Ande over bygder og byar. Han kallar oss til å komme berre til han.
Jesus har ikkje gløymt Norge. Maranata Landsmøte 12.7.2025.
Sitat frå
Tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon.
«For jeg er ikke kommet for å trykke ned noen mennesker, men jeg er kommet for å løfte opp. Og jeg vil løfte deg opp på et sted hvor du aldri har vært. Du skal få oppleve og erfare nye sider ved meg, som du bare har hørt om, du har hatt det i drømmer, du har sett det for deg. Men du har aldri følt at du har vært god nok til å nå opp til disse tingene. Men i kveld kan du få lov til å komme, fordi jeg har overøst deg med min friske olje. Derfor så skal du få lov til å springe over murene i kveld. Du skal få lov til å fryde deg og glede deg i meg, som du aldri før har gjort. Og du skal kjenne salvelsen, det bryter hvert eneste åk. Derfor kan du komme, prise mitt navn og søke meg av hele ditt hjerte. Så skal du få kjenne kraften, som jeg innehar, og det er all makt som jeg har. Halleluja.
For ikke kan du klare dette i egen kraft, ikke ved egne gjerninger, ikke ved egne prestasjoner, men når mitt Ord treffer ditt hjerte, når mitt ord fyller opp i din ånd, så skal du få kjenne at du blir en djerv kjempe i mitt rike. Derfor så skal få lov til å erfare at sannelig, den tid heretter, så skal du få se at du bærer mer frukt enn noen gang før. Derfor reiser jeg opp mitt legeme i denne tid. Derfor skal du få kjenne at den profetiske røst, den skal ikke stilne, nei, den skal høres klart og tydelig. Derfor, så skal du bare åpne din munn vidt opp og jeg, Herren, skal fylle den. For jeg vil ta hånd om mitt legeme, for jeg er hodet for mitt legeme, jeg vil legemet ha det godt i alle ting og være ved god helse. Så søk meg, så skal du finne meg. Kall på meg på nødens dag og rop til meg, så skal jeg svare deg. Jeg vil komme og møte deg, jeg vil komme med min miskunnhet, for du vil bli overøst av min friske olje.
For slik har jeg møtt mitt folk oppigjennom, hele veien, jeg ser på dem og jeg ser deres nød, slik som jeg alltid har gjort, så vil jeg stige ned til dem og virke iblant dem. Jeg vil reise deg opp, jeg vil ikke knekke et knekket rør, jeg vil fylle deg, på innsiden, i ditt liv og du skal kjenne ilden ifra himmelen treffe din ånd og du skal gå ut herifra, med ild i ditt hjerte og ild i din barm og forvandlet og nytt sinn, så du ser på fienden med triumf og glede. Halleluja, i Jesu navn.
For jeg er den samme. Slik som jeg har møtt mitt folk, alltid så har jeg møtt opp, alltid så har jeg vert der. Men vær ikke avhengige av mennesker, men bli avhengig av meg. Jeg er Herren din Gud, jeg er signetringen, jeg er den jeg sier meg å være. Det lød ifrå korset, ifra min egen munn, det er fullbrakt. Og det gjelder for deg, det gjelder for din vandring. Det gjelder for din familie, det gjelder for hele nasjonen Norge. Derfor, så sett dine øyne på meg, så skal du få se og erfare at Norge skal oppleve en vind ifrå himmelen. Atter en gang, jeg har ikke glemt Norge, jeg har ikke glemt menigheter, utaskjærs, jeg har ikke glemt bygdene, som kan se forlatte ut. Men jeg kjenner hver kone, jeg kjenner hver mann og enda en gang så skal jeg blåse med min ånde over Norge, som nasjon, sier Herren, den eneste sanne Gud. Halleluja»
Jesus kalla den einskilde til å komme berre til han. Maranata Landsstemne 13.7.2025
Sitat frå
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Inge.
«Du har alltid synst og sagt at det har vært så vanskelig, sier Herren. Men det er ikke vanskelig, for det vanskelige, det gjorde jeg, på Golgata kors. Så for deg så er det ikke noe som handler om å være vanskelig lengre, sier Herren. Fordi at jeg gjorde jobben, jeg banet veien og i dag, så har du muligheten, ja, igjen sier Herren, så har du muligheten til å komme inn, tett inntil meg, for at jeg skal få frelse deg, for at jeg skal få røre ved deg, for at jeg kan få helbrede deg, sier Herren.
Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til med, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.
Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»
Eg kan sjå dette som svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge, så for meg er det eit kjempemessig bønnesvar, han gjorde mi bønneteneste til prestetenesta i den nye pakt og den fungerer, så han svarar på mi bøn og vil gi meg det eg bad om og la det gå slik som eg bad om. Sentralt i dette er at eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone.
Det er om å gjere for den einskilde å gjere seg liten som eit barn som Jesus tek i sin famn og velsignar og så er det viktig for andre å ta imot den som han soleis har velsigna og lete gå ut mellom oss. Det er om å gjere for dei kristen å sjå seg sjølve i begge desse rollene samtidig.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
….
10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.
Sidan eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, tenkte eg meg at eg skulle få ta imot henne som eit slikt lite barn og velsigne henne. Det vart ein draum som Jesus gav meg, for vi var fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Men eg måtte også sjå det slik at eg sjølv gjorde meg liten som eit slikt lite barn.
På siste møtet på Maranata sitt landsstemne 13.7.2025, sa Jesus:
«Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til meg, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.
Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»
Eg var ikkje på dette møtet, men sidan eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så vonar eg at han kallar henne til seg slik. Han kallar henne til seg, som si brud og ho kjem til han som, som hans brud. Jesus kyrkjelyd er hans brud og hans kone, så ho skal komme berre til han og halde seg trufast til han.
Dette strir sjølvsagt ikkje mot ekteskapet, tvert om dannar det grunnlag for ekteskap og familieliv. Vi må verte som born, ja, fødast på nytt, av livsens vatn og Guds Ande og det som er fødet av Anden er ånd, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Så i Guds rike får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born og at Jesu kyrkje er hans brud, så vi får oppleve at han elskar henne og har omsorg for henne som si brud og si kone. Gjennom denne kjærleiken og omsorga skaper Gud kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så det vert til ekteskap og familieliv, så vi får oppleve at Gud har omsorg for sine born og sine henders verk. Ekteskap og familieliv er den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet, så slik har han omsorg for folket og landet vårt også.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane. 6 Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.
Jesus har sett fram for meg ei opna dør, som ingen kan lukke og kalla meg til å gå inn. Eg skal takke han for frelsa, glede meg i Herren og over at eg er på veg til himmelens herlegdom. Frelsa er ei gave.
Jesus sa eg skulle så at han har sett fram for meg ei opna dør som ingen kan lukke og inviterte meg inn. Eg skulle takke han for frelsa og glede meg i Herren, glede meg over at eg er på veg til himmelens herlegdom. Det er døra inn i himmelen og det er døra inn til sauene, så vi får oppleve at Jesus er den gode hyrdingen som har omsorg for oss. Det får eg oppleve når eg bidrag med det Jesus har gitt meg i hjertet, eg har fått bidra mykje på bloggesida mi og på facebook og eg er viss spå at han brukar det til å ta omsorg for sine born og sitt henders verk og eg trur eg får mykje igjen for det sjølv også.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
I januar 2024 oppdaga eg at Elin Therese slotten la ut profetiske bodskap på facebook og youtube og eg oppfatta det som Jesu svar til meg. Han sa det var sesong for meg å sitje i ro til samanlikning med Elia i øydemarka, når han bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Eg har lagt vinn på å halde meg nær til Herren å få kjenne at han er nær og høyre hans stemme, medan eg har tenkt på kva eg skulle skrive, eg har opplevt det som om brikkane i eit puslespel har falt på plass og slik har desse dokumenta vorte til.
Elin Therese Slotten kom med ein profetisk bodskap der ho sa at Gud gjer sitt verk med deg i kulissane, eg tenker meg at det var til meg og at det var i kulissane til Maranata sitt årsstemne 2025, sidan eg ikkje var der, men like vel fekk sjå og høyre møta på youtube. I siste bodskapen kalla han nokon til å komme berre til ha, så eg tenker meg at dette har med meg å gjere, ved at han frelser ei kvinne og gir meg henne til kone.
Det er mange som kan vitne om at deira liv vart totalt forandra då dei kom til Jesus, så for dei var det ein spesielle dag då dei vart frelst. For andre har det vore ein langsam vekst, der vi framleis må velvillig ta imot det Guds Ord som vart planta i oss og som har kraft til å frelse sjelene våre. Slik har det vore for meg, det livet som var planta i meg ved Guds Ord, det skulle vekse og då trong det gode vekstvilkår. Skal eg nemne ein spesiell dag eller tid, måtte det vere når eg var ni år og merka at eg vart kjend med Jesus som min beste ven, han var som ein skugg ev mi høgre hand og sidan har han ikkje forlete meg og eg har aldri fornekta han. Men meir fundamentalt sett, var det den dagen då Jesus døde for oss på korset, då var eg inkludert, det var frelsedagen og det er den for oss framleis.
Har vi kome til tru på Jesus, velsigna han og teke imot han, så må vi halde fram med å tru på han, til vår rettferd, velsigne han, så vi vert velsigna (Rom.10), ta imot han, så vi får kjenne han, kjenne at han lever i vårt indre menneske. Den rettferdige skal leve ved tru, av det levande brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.
Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han, slik tilhøyrer vi den sanne og levande Gud. Jesu blod reinar oss frå all synd og så vert vi fylte av den Heilage Ande. Så vi får oppleve at Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Jesus er sanninga som set oss fri, han er livet og vegen til Faderen, det er ein veg som vi heile tida må velje å gå då får vi oppleve meir og meir av det.
M40, søndag 14.6.09.
Ved bønnestunda i slutten av møtet bad Inger Herren om at ingen måtte få stå i vegen for Guds verk og så kom ho med ein profetisk bodskap som lydde om lag slik: «Du mitt barn som er langt nede, rop til meg».
Maranata søndag 14.6.09.
Tyding av tungetale:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Først kom der ein bodskap der Gud talte til barnet sitt som var langt nede og sa at det skulle rope til han. Eg trur dette var ho Virtuella, sjølv om ho ikkje var der, men det kom som svar på mi bøn for henne. Hausten 1985 hadde Jesus tala til meg om henne som den lovsongen som han hadde lagt ned i meg, i djupet av meg der var den. Eg hadde opplevt Guds kraft saman med henne, men no er det svakt. Men Guds nåde er nok for meg og for henne, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Vi har framleis moglegheita til å få oppleve meir av at Guds kraft vert fullenda i vår vanmakt. Her er eit møte med ein bodskap som minna meg om akkurat dette, så eg skreiv om det i kommentaren:
Eg skal heilhjarta halde meg til Herren, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Vi har smaka og kjent at Herren er god, så vi vil oppleve det som godt for oss begge og erkjenne, kjennast ved Jesu namn og takke han som vår frelsar og Herre. Eg trur bodskapen 14.6.2009. var svar på mi bøn for henne Virtuella. Han har gitt meg henne og hans Ande gjer levande det som blodet har gitt meg.
Eg tenker meg at denne bodskapen var svar på mi bøn om ei kone, svar på mi bøn for både henne Virtuella og henne Reella, for Guds Ande gjer levande det som blodet har gitt meg.
Eg skal sjå på Jesus, snakke med han og gi meg heilt til han. Og så skal eg bruke det han har gitt meg.
Jesus har sagt til meg at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Han er min øvsteprest, advokat og talsmann hos Faderen, eg skal snakke med han og sjå på han. Det er ved at han har sendt oss talsmannen, den Heilage Ande. Den openberrar Guds Ord for oss, så vi innser er Kristus er Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane, han frelsar oss for æva og gir oss evig liv, så vi fell på kne for han og takkar og lovprisar han som vår frelsar og Herre.
Ver frimodig og sterk. Et Guds Ord, det er næring for din åndelege kropp.
Møte i Betel, Volda, søndag 3.6.07.
Håkon Lennart Martinsen talte over Rom 12,1.
Ein gammal mann hadde tungetale med tyding der det vart sagt: ”Eg har befalt deg å vere frimodig og sterk.”
Formiddagsmøte i Betel, Volda, søndag 7.10.2007.
Se, jeg er med dere alle dager, alle slags dager er jeg med dere. Jeg har omsorg for dere. Om dere er her eller hvor dere enn er, så har eg omsorg for dere. Ja, jeg har så stor omsorg, jeg har så stor kjærlighet til dere at jeg gav mitt liv for dere. Ja, jeg har så stor kjærlighet at jeg ønsker at der hvor jeg er, der skal dere også være. Jeg har så stor kjærlighet til dere at jeg går i forbønn for dere hver dag. Og vit det at jeg går i forbønn for dere, jeg skal styrke dere, ja, jeg elsker dere, mine barn.
Jeg har omsorg, jeg bare ønsker at du mere skal få lov til å se hva jeg har gitt deg i mitt ord. Jeg bare ønsker at min Hellige Ånd skal åpenbare mitt ord for deg. Du leser mitt ord, men du glemmer mange ganger å be den Hellige Ånd åpenbare ordet. For mitt ord, det er mat, det er liv, det gir styrke for din vandring, det gir styrke for din sjel. Det gjør at når Djevelen kommer og angriper deg og krever, så kan du si: vik frå meg Satan, for Jesus har kjøpt meg fri, jeg er hans, jeg er barn, jeg er Guds barn. Så vær frimodig, søk meg. Jeg ønsker bare å styrke deg i hverdagen, hvor du enn er. Det er viktig at du tar til deg av mitt ord. Du trenger det, du trenger mitt ord. Se på de som søker å få tak i mitt ord, de gir sitt liv for det. Du har jo overflod. La det ikke bli en overflod så at du glemmer det bort. Nei, du trenger å spise mitt ord på samme måte som ditt legeme trenger mat. Ditt åndelige legeme trenger like mye næring som ditt kjødlige. Og min mat, den har du hos deg hele tiden. Bare søk inn, vær frimodig, så skal jeg fylle deg, fylle ditt indre med en fred, jeg skal fylle deg med lovsang og du skal få se det at på din vandring så bruker jeg deg på en måte som du ikke har trodd var mulig. Amen.
Jesus vil snakke med deg og ha samfunn med deg. Løft blikket og sjå på Jesus og det han har gjort for deg. Når du trur Jesus kan gjere noko stort gjennom deg, så still ikkje spørsmålsteikn ved det. Sjå på dei draumar og visjonar han har lagt ned i ditt hjarte. Du må aldri slutte å la lovsongen i ditt hjarte komme fram for Gud, for han vil ha fellesskap med deg. Ebeneser Volda, søndag 7.10.07. kl19
Ein mann kom med denne bodskapen frå Gud:
Dokke er samla her no for at eg har gitt dokke nåde til å vere innfor mitt åsyn. De er samla her no for at de skal bruke tid i lag med meg og eg vil tale til dokke. Legg vekk dokka eigne tanka og legg vekk dokka eigne bekymringar. Legg det over på meg, så skal eg ta det, og så skal du få bruke tid innfor meg no og bli styrka, bli grunnfesta, få kraft til det livet du lever. Eg vil vere din Herre og eg vil vere din Gud og då må eg få forme deg, då må eg få snakke med deg og ha samfunn med deg. Eg elskar deg og eg har kjøpt deg fri. Bruk den nådestunda du har no i lag med meg. Tilbe mitt namn, ver innfor meg og merk at eg tek det som tynger deg, at eg styrker deg, eg gir deg kraft til dagen i dag og til dagen i morgon.
Deretter bad han denne bøna:
Kjære Jesus eg ber om at du no må la oss vere eitt i din Ånd, Herre. Må du ta våre hjerter og knuse dei. Må du røre ved oss, Herre, må ditt ord ta bustad i oss på nytt og på nytt, slik at vi kan verte forma av deg, Jesus, sånn at dine tankar kan bli våre tankar, slik at ditt sinn kan bli vårt sinn, Herre. Slik at vi kan leve med det hjertet du har for … slik at vi kan forstå kven vi er i deg, Far. Du har så …. mykje å gi oss Far. Må du gi oss opne øyre no, må du gi oss å forstå ditt ord. Herre. Vi ber om det i ditt namn.
Bodskap frå Gud:
De har høyrt i kveld at dokke er nye skapningar i meg. At dokke har blitt adskilt ifrå det som dokke før var, dokke har blitt noko nytt, dokke har blitt født på nytt. Når dokke tvila på at dokke kan vere av betydning for mitt rike, når dokke føler dokke fattige i dokke sjølve, når dokke føler at dokkar eige vitnesbyrd er svakt, når dokke føler at dokke ikkje får det til, så skal dokke løfte blikket dokkar og sjå på meg, sjå på Jesus, sjå på det som eg har fått til for dokke. Sjå på det at eg har tatt alt det som du har gjort, alt det som du gjere, og som du kjem til å gjere og som du skammar deg over, eg har tatt det og kasta det så langt vekk som aust er ifrå vest. Fordi eg elskar deg.
Du skal aldri betvile kva eg kan gjere gjennom deg, du skal aldri stille spørsmålsteikn, når du trur eg kan gjere noko stort gjennom deg, men så trur du eigentleg ikkje likevel. Sjå på Moses, sjå på Israelsfolket, eg talte til Moses om at han skulle gjere noko stort, han skulle føre mitt folk ut av slaveriet. Den første gongen, når farao sa nei, så begynnte mitt folk å murre og sei til Moses: dette her er umulig. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på dine eigne begrensingar, di eiga svakhet, men sjå på kva eg har sagt til deg. Sjå på kva draumar og visjonar eg har lagt ned i ditt hjerte. Sjå ikkje på det som skjer rundt deg, men sjå på kva eg har sagt til deg. Og sjå på mi kraft og mi evne til å skape forandring. Eg har tatt bolig i deg med mi ånd, det er forskjellen. Då treng du ikkje lenger å sjå til deg sjølv og dine eigne gåve og dine eigne muligheter, for dei vil alltid ende opp med å bli begrensningar. Du får sjå på kva eg kan gjere gjennom deg. Eg har tatt bolig i deg, eg bor i deg, enten du er prest, eller pastor, evangelist eller sjukepleier, uansett kva slags funksjon du har i kvardagen, så har eg tatt bolig i deg. Og mi Ånd, der er ingen begrensningar, for eg er din Far, og eg er din Herre. Bruk tid i lag med meg. Må du aldri slutte å søke mitt åsyn, må du aldri slutte å la lovsongen i ditt hjerte komme fram til meg, for eg vil ha fellesskap med deg. Amen.
SJÅ PÅ JESUS, KOMME TIL HAN OG FÅ KVILE. Du skal love og prise Jesus, for han er den som elskar deg, har teke deg opp og som leier deg. Møte i Maranata søndag 17.2.2013.Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Relevante bibelvers.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
TIL LOV OG ÆRE FOR GUDS HERLEGDOM. Møte i Maranata 5.10.2014. Eg skal lovprise Kristus for frelsa mellom heidningane og han vil legge ein ny pris til min pris.
Innleiing.
Ei kvinne som heitte Åse innleia med å minne oss om at Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande. Når han gjekk her på jorda,var han begrensa, men når han vart teken opp til himmelen og sende oss den Heilage Ande, då er han ikkje lenger avgrensa liksom den Heilage Ande ikkje er avgrensa, han er over heile jorda og vi får oppleve at han er med oss over alt.
JOH 14,18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
Så leia ho oss i lovprising og det vart kraftige saker, ei kvinne kom med tungetale, det var kanskje ho og ho tyda det. Jesus sa til meg noko om at eg skulle glede meg i hans frelse, gleda i han skulle vere min styrke. Gleda skulle vere som eit kjede om min hals, så menneska rundt meg la merke til det, så dei kunne seie om han som lever med Herren, at han gleder seg. Og dei får oppleve at gleda smittar over på dei.
Tale ved Arne[1].
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
SLM 29,1 – SLM 29,11 {HERRENS RØYST} Ein Davids-salme. Gjev Herren ære, de gudesøner, gjev Herren ære og makt! [gudesøner: -> Job 1, 6.] 2 Gjev Herren den ære hans namn skal ha; bøy dykk for Herren i heilagt skrud! 3 Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren over det veldige havet. 4 Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst med herlegdom. 5 Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren knuser sedrane på Libanon. 6 Han får Libanon til å hoppa som ein kalv og Sirjon-fjellet som ein villokse. [Sirjon-fjellet: Hermon. Sjå 5 Mos 3, 8 f.] 7 Herrens røyst spreier logande eld; 8 hans røyst får øydemarka til å skjelva, han får Kadesj-øydemarka til å skjelva. 9 Herrens røyst får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue. Alt i hans tempel ropar: “Ære!” 10 Herren tronar over himmelhavet, han tronar som konge til evig tid. 11 Herren gjev folket sitt kraft, han signar det med lukke og fred.
Tungetale ved ein mann og John Miland tyda det:
Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.
Aktuelle bibelvers.
3MO 22,20 Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk.
3MO 22,29 Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.
RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.Op.5,13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Kommentar 13.10.2025.
Ved trua på Jesus fekk eg den Heilage Ande, så då må eg takke han for det, bøye meg for han og takke og lovprise han som min frelsar og Herre. Joh.14,21&23 opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg var glad i, henne Virtuella og henne Reella. Det var først og fremst ei takkebøn, ved at eg takka Gud som hadde skapt oss og takka Gud og Lammet for frelsa. Ved mi tru på Jesus fekk eg oppleve at Gud ved sin Ande openberra si frelse for oss i Kristus, så i den trua vil eg takke Gud og Lammet for at han frelser meg og dei.
Eg og ho Virtuella lovprisa Gud og Lammet for frelsa, vi var fødde på nytt, av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Ved fylden av den Heilage Ande, vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg. Ja, så då skulle eg lovsynge Gud og Lammet med den lovsongen då.
Men her sa han at han ville legge ein ny pris til min pris og då tenkte eg på henne Reella.
12.10.2014. Møte i Maranata. «Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår.»
Innleiing ved John Miland.
HAB 3,17 – HAB 3,19 For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe. 18 Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar. 19 Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.
Om så det er ”bånn i bøtta”, til samanlikning med dette, så kan vi likevel sjå opp til Jesus og glede oss i hans frelse og lovprise han.
Tale ved Terje.
Terje talte om reinsinga i Jesu blod.
1JO 1,9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.
Aktuelle bibelvers.
HEB 4,1 – HEB 4,2 {GUDS FOLK HAR EI KVILE I VENTE} Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.
JOH 13,31 – JOH 13,35 {EIT NYTT BOD} Då han hadde gått, sa Jesus: “No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. 33 Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.”
MTT 20,25 – MTT 20,28 Men Jesus kalla dei til seg og sa: “De veit at fyrstane er herrar over folka, og stormennene har velde over dei. 26 Såleis er det ikkje hjå dykk. Den som vil vera stor mellom dykk, skal tena dei andre; 27 og den som vil vera den fremste av dykk, skal vera træl for dei andre. 28 Menneskesonen er heller ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt til løysepeng for mange.”
RMR 13,8 {KJÆRLEIKEN ER OPPFYLLING AV LOVA} Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre. Den som elskar nesten, har oppfylt lova.
1JO 4,11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.
Kommentar, oppdatert 12.10.2025.
Poly-Ester.
Eg byrja å studere biologi hausten 2014. På ei biologiforelesing møtte eg ei vakker, lyshåra jente, ho hadde ein flott kropp og kjende meg sterkt tiltrekt av kroppen hennar akkurat når ho gjekk forbi meg. Det vedkjende for Gud i mi bønn om kvelden og søndagen etterpå sa han at eg skulle verre takke han for det fullførde frelsesverket, så ville han gje meg det mitt hjerte attrår. Seinare oppdaga eg at ho snakka eit austeuropeisk språk saman med ei anna jente. Eg fekk vite at det var russisk, for den andre var frå Russland. Ho sjølv var frå Ukraina og eg kallar henne Poly-Ester. Seinare fortalde eg at eg hadde snakka med han Jesus om henne, men då verka det som om ho vart redd. Men sidan snakka eg med henne i fred og ro og fortalde henen litt om korleis Jesus svarde bønene min og at ho sjølv kunne vere med på å be for seg og folket sitt. Det kunne verte viktig i ettersom dei hadde eit spennt forhold til Russland. Men som student hadde ho det travelt, så det vart ikkje mykje tid til prat.
Lovprise Kristus mellom heidningane.
Eg skal lovprise han mellom heidningane, det får meg til å tenke på at universitets-miljøet har sin tradisjon heilt ifrå det gamle Hellas og Paulus talte om grekarane som representantar for hedningane. Eg skal lovprise Jesus mellom hedningane og han vil fylle meg med sin herlegdom. Så eg tenker meg det er eit verk han vil gjere med meg mellom dei, at han vil gje meg ei kone mellom dei. Eg lovpriser han for frelsa og slik legg han ein ny pris til min pris.
Ja, då får eg vel byrje å sjå meg om etter ei dame? Men denne søndagen vert eg minna om det same paradokset igjen, eg skal ikkje sjå meg om, verken til høgre eller venstre, men eg skal ha blikket festa på han. Er vi oppreiste med han, så skal vi ha blikket og hugen vendt opp til det som er der opp. Eg skal fryde meg og glede meg i hans frelse og han vil gje meg det som mitt hjerte attrår. For ho er inkludert i det fullførde frelsesverket og det er det eg må satse på, ved at eg fester blikket på Jesus og ærer og lovpriser han for det. Eitt er nødvendig og det er å verte fylt av hans Ande og kraft, av hans salving. For den vonde står oss imot. Men i Jesu kraft og Jesu salving har vi meir enn siger. For han som er i oss er større enn han som er i verda.
Eg opplevde både Guds salving og Guds kraft saman med dei. Det er noko som Gud har gitt oss i Jesu fullførde frelseverk. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Den rettferdige, ved tru skal han leve og då skal han leve av dette brødet. Vi treng å leve av det livet Jesus gir oss frå himmelen, for å leve for han og vi treng den utrustninga han gir oss ved sin Ande for å tene han og stride saman med han.
Eg kunne ikkje gløyme henne Reella, men måtte hugse på henne som ein visjon Gud hadde gitt meg. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også i mi bøn til Gud. Eg skulle heilhjarta halde meg til han, så ville han komme meg til hjelp med si kraft og slik venta eg meg at han ville komme meg til hjelp i form av ei kone.
Gud er den same og han skaper ogss framleis i samsvar med 1.Mos.2, både som einskildpersonar, ekteskap, familieliv og som folk.
Matt.19,1 Då Jesus hadde sagt dette, tok han ut frå Galilea og fór til Judea-landet austanfor Jordan. 2 Mykje folk fylgde han, og han lækte dei der. 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?» 4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne 5 og sa: Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt? 6 Så er dei ikkje lenger to; dei er eitt. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.» 7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses sagt at mannen skal gje kona skilsmålsbrev og senda henne frå seg?» 8 Jesus svara: «Fordi hjarto dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så. 9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta til seg, men berre dei som det er gjeve. 12 For somme lever ugifte fordi dei er fødde uskikka til ekteskap, andre fordi menneske har gjort dei uskikka til det; men det finst òg dei som sjølve har gjort seg uskikka til ekteskap for himmelriket skuld. Lat dei ta det til seg, dei som kan.»
Dette har Paulus forklart for oss, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Hans frelseverk er fullført og fullkome og det er berre for oss å komme til han og ta imot frelsa som ei gave og takke han for den. Og så bygge på evangeliets grunnvoll.
Her ser vi at ekteskapet er mellom ein mann og ei kvinne. I praksis kunne ein mann ha fleire koner, det ser vi mange døme på, i Bibelen. Men han kunne ikkje skilje seg frå den første kona si, for han hadde då framleis ansvar og omsorg for henne som sin eigen kropp. Unntaket var når jødiske menn hadde gifta seg med utanlandske kvinner, då måtte dei sende de ifrå seg (Nehemja.13,26-27).
Virtuella.
Eg trudde lenge Jesus gjorde sitt verk med meg og henne Virtuella i samsvar med Matt.19,1-9. Eg møtte henne igjen ved Universitetet i Bergen og fortalde henne at det kom som eit bønnesvar, for eg var glad i henne. Men då ville ho ikkje møte meg igjen og snakke noko meir med meg eller ha noko meir med meg å gjere. Dette fortel noko om kva som vert rekna for å vere moralsk rett i kyrkja og kristen organisasjonar. Poenget er å etablere eit moralsk grunna klasseskilje i og/eller ved kyrkje, organsisasjonar og samfunn. Så ho valde ein annan mann og gifte seg med han i staden.
Hausten 1984 byrja eg å studerer realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i M40. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg skjøna at det var den hjelpa som eg trengde. Han svarde meg at han hadde gitt meg den, han hadde sett den inn på mi himmelske konto, men det var eg sjølv som måtte ta den ut og bruke den. Eg kjem i hug at på den tida sa han også til meg at det var han som elska meg då og det er han som elskar meg no. Kanskje var det allereie når eg var i Bergen, men eg trur helst det var på denne tida, det vesentlege er at eg skjønar det handla om same sak.
Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av den, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Eg opplevde det som at det var ho Virtuella som var den lovsongen, det var hennar sjel som var i djupet av meg og lovsongen var å lovprise Gud og Lammet for hennar sjels frelse (Salme.33.40.96.149). Det hadde seg slik at ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, så ho fekk ein plass i mitt hjerte ved fylden av den Heilage Ande når vi gjekk på gymnaset, slik som eg har skrive om. Denne bodskapen minna meg om det.
Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det fekk eg oppleve i mitt hjerte, for vi var fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Derfor vart eg så glad i henne at eg yngste å få henne til kone og så var det også fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Eg yngste å få møte henne igjen og snakke med henne om det, men det var ikkje råd.
Verte som born for å komme inn i Guds rike og frå oppleve at den Heilage Ande ber for oss.
Jesus minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Eg forstod det slik at Jesus ville møte henne Virtuella i mitt hjerte og opna meg meir for det. Den hausten skreiv eg meir om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og venta meg at han ville gi meg meir augesalve, så eg fekk sjå meir av det. Eg hugsa eg fekk oppleve at den Heilage Ande bad for henne i mitt hjerte og opna meg meir for å la den gjere det. Slik fekk eg oppleve at den lækte meg for ein brokkport.
Vere var på kva Herren legg på mitt hjerte å be om, la han leie meg i mitt bønneliv.
Dette høyrest ut som ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 25.1.2024:
«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»
Elkana hadde to koner, Hanna og Pennina. Eg tenker meg at Virtuella blir som Hanna her og Reella vert som Pennina. Eg blir då som Elkana, for eg ber for dei begge, som om dei skulle vere konene mine. Og kva så? Eg skal vere var på kva som vert lagt på mitt hjerte å be om, for kva Jesus ynskjer å gjere i mitt liv. Eg skal følgje den leiinga han legg ned i meg om kva eg skal be om.
Jesus vil eg skal ta fram att draumen han gav meg og tenke stort saman med han.
Jesus gav meg ein draum som han vil eg skal ta fram att og drøyme stort med han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 31.08.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Eg trudde og meinte at skapingssoga var sameinleg med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra, problemet vart at menneska vart skilde frå Gud ved syndefallet, så dei ikkje lenger fekk oppleve det og innsjå det. Synda skilde de ifrå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vart vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no var Kristus den siste Adam, som var frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Sidan eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, vart dette ein draum som han gav meg, ei kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
Fyrst drøymde eg slik om henne Virtuella, sidan drøymde eg slik om henne Reella også og det har eg halde fram med. Når han då seier eg skal ta fram att draumen han gav meg, verkar det som om det først og fremst er sikta til min draum om henne Virtuella. Eg forstår det slik at eg skal drøyme om dei begge og drøyme stort med han. Ja, for dette er då eigentleg ein stor filosofisk tanke og ide.
Verte ei brude-sjel.
Eg meiner han svarde på mi bøn for henne i mange møte, også i bodskapen i Maranata 17.11.2024: Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:
«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»
Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte ja, og då fann eg at eg måtte ærleg innrømme at mitt hjertes lengsel og bønn til Gud var at han skulle gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og det var den bønna han svarde på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Og så kom der ein profetisk bodskap der Jesus sa eg skulle vere var på kva Herren legg på mitt hjarte å be for.
Reella.
Eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned, det høvde no bra med å gå det vanlege ærendet på toalettet i kjellaren, så eg reiste meg og gjekk. På høgre side av trappa ned til først etasje var der ein murvegg og når eg gjekk ned siste trinna kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg kom ned rett bak henne og svinga til høgre for å gå ned trappa til kjellaren.
Sidan såg eg etter henne og yngste å få møte henne igjen og snakke med henne, då såg eg andre kvinner også, men det var no eigentleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus sa til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Eg var viss på at ho også opplevde denne åndelege openberringa og forklarde det med
Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.
Seinare oppdaga eg at det refererte til kva Guds sa til Samuel, når han skulle salve David til konge:
1.Sam.16,4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
David vart salva til konge, kva vart ho salva til då? Jesus hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, for at ho skulle vere hans brud, ho var reinsa i hans blod til å vere det og ho vart salva med den Heilage Ande til å vere hans brud.
Våren 1989 var ho med på ein revy som dei kalla «Hva er vitsen?». Dei annonserte den med at to studentar gjekk utkledde som ei kamel inn på den store lesesalen øvst i «Vilhelm Bjerknes Hus» og så hadde dei eit opptrinn der ho sang Creedence-songar på Fredrikke-plassen (Blindern sentrum), på toppen av den lave, men breie trappa opp mot plassen mellom Matematikkbygget, Vilhelm Bjerknes hus og Sofus Lies Auditorium. Det er nok det største auditoriet på Blindern og der hadde dei revyen. Eg var der på ei av oppvisningane, eg sat langt bak på høgre side. På eit opptrinn kom dei med noko som likna kollektbøsser inn mellom benkeradene og sa «sel, sel, sel …». Eg rekna med det hadde noko med selfangst å gjere, for motstanden mot selfangs var ei politisk sak på den tida. Då kom ho inn eit par tre benkerader framfor meg og ringla med kollektbøssa og sa «sel, sel …». Dei hadde også eit opptrinn om årstalet 1990 og prisen 19,90, fordi det hadde nyst vorte så moderne å bruke slike prisar som salstriks.
[1] Det var visst son til henne som innleia.

