Ny Tid 81. Endetidssyn 56. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 4. Gud forsona verda med seg, ved at Son hans døde i staden for oss på korset. Like vel kjem han for å dømme nasjonane (Matt.25,31-46).

Innleiing.

Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.

 

Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :

Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

………

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.

SITAT SLUTT.

Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.

Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.

2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.

Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik. 

Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.

Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:

Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»  5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:

Halleluja!

Herren vår Gud, Den Allmektige,

har vorte konge!

7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!

Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!

Brura har butt seg; 

8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin. 

– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

Samfunn omtala som mann og kvinne.

I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet. 

Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia. 

Samaria og Jerusalem var Guds koner, men dei vart horer som gjorde seg ureine med sitt horeri, derfor vart dei dømde.

Esekiel profeterte om Samaria og Jerusalem som to søstere som var Guds koner, men som vart horer, Jerusalem drap endåtil borna han fekk med henne. Derfor vart dei dømde.

Esekiel.23,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor. 3 Dei levde utuktig i sin ungdom; dei dreiv hor i Egypt. Der tok dei på brysta deira og klemde deira jomfrubarm.  4 Den eldste heitte Ohola, og systera heitte Oholiba. Dei vart mine og fødde søner og døtrer. – Namnet Ohola står for Samaria og Oholiba for Jerusalem.

5 Ohola dreiv hor og var utru mot meg. Ho lengta etter elskarane sine, assyrarane, som kom til henne,  6 statthaldarar og styresmenn, kledde i fiolett purpur, staute unge menn alle saman, ryttarar høgt til hest. 7 Ho gav seg til dei og dreiv hor; dei var alle mellom Assurs gjævaste menn. Såleis gjorde ho seg urein med alle dei som ho lengta så etter, og med alle avgudane deira. 8 Ho gav ikkje opp det utuktige livet ho hadde ført heilt frå ho var i Egypt. Der låg dei med henne då ho var ung, klemde hennar jomfrubarm og auste sin elskhug ut over henne. 9 Difor gav eg henne over til elskarane hennar, assyrarane, som ho lengta så etter.  10 Dei kledde henne naken, tok sønene og døtrene hennar og drap henne med sverd. Ho fekk uord på seg mellom kvinner. Såleis fullførte dei domen over henne.

11 Det såg Oholiba, syster hennar. Likevel vart ho endå verre enn systera i sine lyster og sitt utuktige liv.  12 Ho lengta etter assyrarane, statthaldarar og styresmenn som kom til henne i staselege klede, ryttarar høgt til hest, staute unge menn alle saman. 13 Eg såg at ho òg vart urein; begge gjekk dei same vegen. 14 Men endå lenger dreiv ho si utukt. Ho fekk sjå nokre menn som var teikna på veggen, bilete av kaldearar, rita inn med raudt.  15 Dei hadde belte om hoftene og hue som hang ned over hovudet. Alle såg ut som stridsmenn på vogner. Såleis var biletet av babylonarane, dei som har Kaldea til heimland. 16 Då ho såg mennene, fekk ho lyst på dei og sende bod til Kaldea etter dei. 17 Babylonarane kom til henne på elskhugslega og gjorde henne urein med si utukt. Men då ho såleis hadde vorte urein, vart ho inderleg lei av dei. 18 Sidan ho dreiv si utukt så openbert og kledde seg naken, vart eg lei av henne, liksom eg før hadde vorte lei av syster hennar. 19 Men endå lenger dreiv ho si utukt; for ho kom i hug sin ungdoms dagar, då ho dreiv hor i Egypt. 20 No lengta ho etter horkarane der; dei hadde lem som esel og sæd som hestar. 21 Du tenkte med lengsle på din ungdoms skamlause ferd, då egyptarane klemde barmen din og tok på dei unge brysta dine.

22 Difor, Oholiba, seier Herren Gud: No eggjar eg elskarane dine mot deg, dei som du vart så inderleg lei av; eg lèt dei koma mot deg frå alle kantar:  23 babylonarane, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge menn, statthaldarar og styresmenn alle saman, stridsmenn på vogner og høgvørde menn, alle til hest.  24 Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Store skjold, små skjold og hjelmar retter dei mot deg frå alle kantar. Eg set dei til domarar, og dei skal døma deg etter sine lover. 25 Eg lèt deg få kjenna min brennande vreide, og dei går laus på deg i harme. Nasen og øyro skjer dei av deg, og det som då er att av deg, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som enno er att av deg, skal elden øyda. 26 Dei riv av deg kleda og tek dine smykke. 27 Såleis gjer eg ende på di skamlause ferd og på det utuktige livet som du tok til med i Egypt. Du skal ikkje sjå etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.

28 For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg i hendene på dei du hatar, dei som du vart så inderleg lei av. 29 Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du vann med ditt strev. Dei lèt deg liggja naken og berr, så din utuktige kropp vert synleg. Det er ditt skamlause horeliv  30 som har fått slike fylgjer for deg; for du var trulaus og sprang etter andre folk og gjorde deg urein med avgudane deira. 31 Du gjekk på same vegen som syster di; difor lèt eg deg drikka den same skåla som ho.

32 Så seier Herren Gud:

Skåla åt syster di skal du tøma,

ho er både djup og vid.

Då vert du til lått og spott;

skåla rømer mykje.

33 Du vert drukken og full av sorg;

skåla åt Samaria, syster di,

er ei uhyggjeleg skål som øydelegg. 

34 Du må drikka henne ut til siste dropen,

tyggja på skålbrota

og riva brysta dine sund.

Eg har tala,

lyder ordet frå Herren Gud.

35 Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du få lida for di skamlause utukt.

36 Herren sa til meg: Menneske, vil du døma Ohola og Oholiba? Då skal du la dei få vita om all sin styggedom. 37 Dei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei dreiv hor med avgudane sine, og dei borna som dei hadde født åt meg, gav dei til føde for dei.  38 Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga kviledagane mine.  39 Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i min heilagdom og vanhelga han. Sjå, så bar dei seg åt i mitt hus! 40 Ja, dei sende til og med bod etter menn som skulle koma langt bortanfrå. Og då det vart sendt bod etter dei, kom dei som du hadde lauga og sminka og pynta deg for. 41 Du sat på ei briken lege. Eit bord stod duka framføre, og der hadde du sett fram den røykjelse og olje som eg skulle ha. 42 Der inne høyrdest lyden av ei sorglaus mengd. Og til den store mengda av menn kom drikkebrør som vart henta frå øydemarka. Dei gav systrene armband på hendene og eit staseleg diadem på hovudet. 43 Då sa eg om den utlevde skjøkja: «No driv dei sanneleg hor med henne att, ja med henne!» 44 Dei gjekk inn til henne; som ein går til ei utuktig kvinne, så gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene. 45 Men rettferdige menn skal døma dei, som ein dømer kvinner som bryt ekteskapet og tek liv. For horkvinner er dei, og det er blod på hendene deira.

46 Så seier Herren Gud: Eg fører fram ein folkeskare mot dei og gjev dei over til mishandling og ran. 47 Folkeskaren skal steina dei og hogga dei ned med sverd. Sønene og døtrene deira skal dei drepa, og husa skal dei brenna. 48 Eg gjer ende på den skamlause utukta i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det og ikkje lenger driva hor som de. 49 De må sjølve ta ansvaret for den skamlause åtferda dykkar og bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de sanna at eg er Herren Gud.

Det Ny-Babylonske riket.

Kong Nebukadnesar II var ein dyktig hærførar, men også ein dyktig samfunnsbyggar, så det vart ei stordomstid for det Ny-Babylonske riket. Men etter han vart det opprør og borgarkrig.

Sitat frå https://snl.no/Babylonia :

Nebukadnesar 2. konsoliderte Nabopolassars rike gjennom stadige hærtokter. Kildene forteller at han i løpet av en tiårsperiode personlig ledet ikke mindre enn åtte felttog. Han erobret etter hvert hele Mesopotamia og Palestina/Syria, og i hans tid vokste Babylonia til en stormakt og ble det ledende imperium i Midtøsten.

I 598 fvt. ledet Nebukadnesar 2. nok en kampanje for å nøytralisere egyptvennlige stater. I den forbindelse ble Jerusalem erobret, og kongen i JudaJojakin, ble ført til Babylonia. Hans onkel ble utnevnt til vasallkonge i Juda. Kildene til Nebukadnesar 2.s felttog er særlig Den babylonske krønike, som dekker begivenhetene frem til 594 fvt.

Den endelige erobringen av Jerusalem fant sted i 586 fvt., også denne gangen i forbindelse med et felttog for å pasifisere Egypts allierte og sympatisører. Kongen i Juda, Sidkia, som var utnevnt av babylonerne, ble deportert til Babylon, og Gedalja innsatt som guvernør. En stor del av landets jødiske befolkning ble ført i eksil til Babylonia, og Juda ble en babylonsk provins og inkorporert i det babylonske riket. Hendelsene er omtalt i 2. Kongebok 25, 24–25 og i 2. Krønikebok 36, samt i et fragment av en babylonsk historisk tekst.

I 567 fvt. kom det til et nytt slag med Egypt. Nebukadnesar tapte, men den egyptiske tronarvingen ble drept. Etter dette synes forholdet mellom Egypt og Babylonia å ha stabilisert seg.

BabylonResidensbyen og rikshovedstaden Babylon ble kraftig utvidet. Den fremstod som en enorm by for datiden, med en imponerende monumentalarkitektur. En lang rekke kongelige bygningsinnskrifter og teglsteinsstempler viser at det meste av det som i dag kan sees i Babylon, stammer fra Nebukadnesar 2.s mer enn 40-årige regjeringstid. Dessverre gir bygningstekstene hovedsakelig informasjon om byggingen og inneholder ikke, som de assyriske, historiske opplysninger om kongenes øvrige bragder.

Nedgangstider

Styret under Nebukadnesar 2. var tilsynelatende vellykket, men det var problemer med å beholde kontrollen over det store riket. Det var opprør blant offiserer i hæren, og medlemmer av overklassen brøt den lojalitetseden de hadde sverget til kongen. Etter Nebukadnesar 2.s død ble imperiet ytterligere svekket av alvorlige tronstridigheter.

Nebukadnesar 2.s sønn og etterfølger, Amel-Marduk (cirka 561–560 fvt., Bibelens Evilmerodak), regjerte i knapt to år før han ble drept av sin egen svigersønn, Neriglissar (cirka 559–556 fvt.), som døde etter kort tid. Dennes sønn, Labashi-Marduk, knapt et barn ved farens død, ble raskt satt ut av spill og drept etter å ha vært konge i en knapp måned.

Etter dette blodbadet ble tronen overtatt av Nabonid (cirka 555–539 fvt.). Under Nabonid fortsatte det nybabylonske riket sin storhetstid. Han var en dyktig hærfører, ledet suksessrike felttog til Arabia og var borte fra hjemlandet i 10 år. Nabonid ønsket også å endre Babylonias religiøse kurs, gjenoppbygde måneguden Sins tempel i Harran og søkte å erstatte den mektige byguden Marduk med guden Sin. Imidlertid førte hans lange fravær til at han mistet grepet på innenrikspolitikken, og hans religiøse reformasjonsiver gjorde ham upopulær blant det mektige Marduk-presteskapet i Babylon.

SITAT SLUTT.

Babylon i Joh.Op.18.

Legg merke til at Marduk var ein «bygud», det kunne vel tyde på at denne religionen verka sentraliserande. Til samanlikninig er det i  Johannes Openberring (17,1… & 18,10) får vi høyre om Babylonia som ein stor by og ei stor hore. Det kan tyde på at denne religionen også verka sentraliserande. Her er det tydeleg vis Roma som vert samanlikna med Babylonia. Hordomen var avgudsdyrking, ho dyrka kongane runt om på jorda som avgudar. 

Joh.Op.17,1 Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn.  2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»

3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn.  4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt.  5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

Eg vart full av undring då eg såg henne.  7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar:  10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.  

Joh.Op.18,9 Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»

Herrens vreidevin og staupet til den Store Skjøkje.

Sidan folket ikkje ville høyre på Guds Ord, skjenka han dei «vreidevin», så dei vart berusa og vreide altså, dei vart uforstandige og vreide og gjekk til krig, nokre var uforstandige og ikkje førebudde på ulykka som kom over dei, fienden vann over dei, men så tapte dei i krigen mot andre fiendar. I Babylonia vann, men så vart det opprør og borgarkrig, Media leia opprøret, men vart ikkje eit sterkt rike. Først ved Kyros 2 vart Persia det store og sterke riket, han folka fare heim att til landet sitt, så dei kunne roe seg i sine eigne heimland. Han let Israels-folket fare heim att til landet sitt og sette dei til å bygge oppatt tempelet i Jerusalem. Og då høyrde dei på dei som las Herrens ord for dei og profetane som profeterte for dei. Dei vart forstandige og tenkte konstruktivt, som motsetnad til å vere berusa av Herrens vreidevin.

Dette har eg skrive om her:

Sitat:

Jeremias sa at Guds Ord kom til han og det forkynte han. Men folket ville ikkje høyre på han. Derfor skjenka Gud dei vreidevin, så dei vart berusa, inntil sverdet ramma dei. Dei vart uforstandige altså, og var ikkje førebudde på å forsvare seg mot ulykka som kom.

Jer.25,3 I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra.  4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra.  5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.  6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk.  7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve.

8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære.  10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos.  11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år. 

12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. 14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

Staupet med Herrens vreidevin

15 Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det! 16 Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17 Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det: 18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag; 19 farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans, 20 alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod;  21 folket i Edom, Moab og Ammon, 22 alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet; 23 folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen;  24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka; 25 alle kongane i Simri, Elam og Media; 26 alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka.

27 Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.  28 Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de! 29 For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Når Jesus var i Getsemane, medan svikaren var på veg, opplevde Jesus det som at eit staup vart skjenka han, som han yngste å få sleppe å ta, men som han tok, for å sone all verda si synd.

Luk.22,39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han.  40 Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!» 41 Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:  42 «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» 43 Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. 44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. 45 Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. 46 «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

I Joh.Op.17-18 får vi høyre om Babylon, den Store Skjøkje, det skal verte skjenka til henne to gongar i det staupet ho sjølv har fylt.

Joh.Op.18,1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.  3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:

Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.  5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.  6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.  7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.»  8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.

9 Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»  11 Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger:  12 skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; 13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.

14 Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir. 15 Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja  16 og seia: «Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler! 17 På éin time er all denne rikdomen tapt.»

Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.  18 Dei såg røyken då ho brann og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?» 19 Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.»

20 Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.

21 Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast.  22 Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd.  23 Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.  24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»

Jesus var Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset.

Når Jesus var i Getsemane, såg han for seg kva som venta han og bad:

Luk.22,42 «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»

Denne skåla refererer nok til Esekiel.23,32-34, men også til staupet i Jer.25,15-29.

Nattverden.

Sidan Jesus sona synda og betalt skulda med sin død på korset får vi no ta imot Herrens nattverds-staup i staden, i nattverden og det er eit kjærleiksmåltid. Vinen symboliserer Jesu blod, som reinser oss frå all synd. Det symboliserer også kjærleiken frå Gud. Brødet symboliserer at Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6). Derfor er det også viktig for oss å høyre på han, så vi tek imot Guds Ord i tru og lever av det.

Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.»  20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.

21 Men sjå, han som svik meg, held handa si på bordet saman med meg.  22 Menneskesonen går nok bort, som det er fastsett, men ve det mennesket som svik han!» 23 Då tok dei til å tretta med kvarandre om kven av dei det kunne vera som skulle gjera dette.

Gud forsona verda med seg sjølv, ved at Son hans, døde i staden for oss på korset. Slik skapte han fred.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv (Joh.3,16). Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skal tilhøyre han, som han born og Jesu kyrkje skal tilhøyre han, som hans brud. Så han kalla Sions Dotter til å løyse seg frå banda om halsen, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia og komme ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Soleis er og blir Sions dotter Jesus brud og det er identiteten på kyrkja som er hans brud. Og det er berre på grunnlag av at han er Guds Lam som bar verda si synd og sona den med sin død på korset, det er berre på grunnlag av at han betalte prisen for oss med sitt blod. 

Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er ikkje menneskeverk, men Guds verk, han skaper noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. 

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.  11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

2.Kor.5,16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.  18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.  19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.  20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!  21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Jesus kjem for å dømme nasjonane.

Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde på korset i staden for oss. Slik skapte han fred, så både jødar og heidningar kunne få fred med han og dermed skulle det også verte fred mellom jødar og heidningar. 

Det skulle også danne grunnlag for fred og kjærleik mellom mann og kvinne, så dei kunne bygge kjærleiksforhold mellom mann og kvinne til ekteskap og familieliv, hus og heim, med omsorg for kvarandre og for borna. Og ved å vere med på å bygg kyrkjelyd skulle dei få oppleve meir at Faderens omsorg for dei som sine born og Jesu omsorg for dei som si brud.

Like vel vert det slik at Jesus kjem for å dømme nasjonane og det kriteriet han dømmer dei etter, er om dei dei har omsorg for hans minste små.

Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom.  32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene,  33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.

34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;  36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»  37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»

41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans.  42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

Det ser ut som dette skiljet pregar meir og meir den tida vi lever i. Dette skreiv eg om her også: 


Leave a comment