Innleiing.
Mi bøn, mi sak og mi presteteneste.
Eg har bed Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone sidan eg var ein liten gutunge og eg trur han har høyrt mi bøn og vil gi meg det, så for meg er det ein frigjerande bodskap både til meg sjølv og henne og den same glade bodskapen har vi å forkynne til andre også. Sitat frå https://faith-and-entropy.com/2025/06/09/ny-tid-23-gud-skaper-noko-nytt-fra-generasjon-til-generasjon-og-har-ein-svaert-sa-langsiktig-plan-med-det-for-tid-og-aeve-han-sa-til-israels-folket-sja-eg-gjer-noko-nytt-merkar/ :
Mor mi brukte å be kveldsbøna i lag med meg og bror min som er eitt og eit halvt år eldre enn meg. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for bygdafolket, ja, heile folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand.
………
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus svar meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru. Han er min øvsteprest og talsmann (advokat) hos Faderen, som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Jesus sa eg skulle overgi meg heilt til han og eg forstår det slik at eg skal la han ta seg av mi sak fullt og heilt og gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg hadde bedt han om.
SITAT SLUTT.
Framstille kyrkjelyden som Jesu blodkjøpte og salvevigde brud. Sions dotter er Jesu brud, det er identiteten til kyrkja som er hans brud.
Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det er Gud som gjer sitt verk og det er fullkome, Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi må ære og takke Gud og Lammet for det.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og han har sagt han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og gi meg sjølv heilt til han. Javel, så soleis gjer eg felles sak med han og innstiller meg på å framstille både henne og kyrkjelyden for Kristus, som ei rein møy. Hans sak er at hans kyrkje er og skal vere hans blodkjøpte og salvevigde brud og verte framstilt for han som ei rein brud. Då er det og blir det også ho som framstiller seg sjølv for han slik.
Kristus er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd, han lever i oss, så når han gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone er og blir det han som lever i meg og som elskar henne som si brud gjennom meg.
Vi skal framstille kvinna og Jesu kyrkje for Kristus som ei rein brud. Og han kalla Sions dotter til å frigjere seg frå lenkene om halsen og komme ut av mørkret, til å komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ektemann. Så slik skal ho følgje opp med å framstille seg sjølv for Kristus som ei rein brud, det er identiteten til hans kyrkje. Dette har eg skrive om her:
Joh.Op.19,4 Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!» 5 Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»
6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.» 10 Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.
Samfunn omtala som mann og kvinne.
I den andre skapingssoga, 1.Mos.2, er det tale om det personlege forholdet Gud og menneske, mellom mann og kvinne, der Gud skapte kjærleiksforholdet mellom dei. Men det er også samfunnet som er omtala som mann og kvinne, skapt av Gud. Dette ser vi seinare i Bibelen også, eit samfunn vert omtala som ættefaren, ein konge eller ei kvinne. Kvinneidealet er ei velkledd kvinne som har omsorg for heimen og familielivet, ektemann og borna. Ja, for familien er då den naturlege og mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet.
Vi ser døme på dette både når det gjeld Israel, Assyria og Babylonia.
Messias, «Guds Salvevigde», salving med den Heilage Ande og englemakt.
Frå dommartida til kongetida og Davids profeti om Messias.
Israels-folket levde lenge utan konge og hær, det einaste som heldt dei saman som folk og nasjon var deira tru på Gud, den einaste offentlege administrasjonen deira var prestetenesta og heilagdomen deira var eit telt. Då var det vel ikkje så rart at andre folk kom inn i landet, så dei måtte vende om til han, audmjuke seg og be han om nåde og hjelp. Då reiste han opp ein dommar som leia dei i striden mot fienden og let dei vinne siger.
Prestane var salva til teneste og no veit vi at salvinga er eit symbol på den Heilage Ande. Samuel voks opp i heilagdomen og Gud gjorde han til profet. Folket ville ha seg ein konge og Gud let dei få seg ein slik konge som dei ville ha, så han let Samuel salve Saul til konge. Men Saul vraka Guds Ord, derfor vraka Gud han som konge og hans mista salvinga, han mista den symbolske tydinga av den altså. Så det enda dårleg.
Men Gud såg seg ut ein mann etter sitt hjarte, David og let Samuel salve han til konge i staden, endåtil medan han var ein liten gjetargut. Deet vart ein lang og vanskeleg veg å gå for David, før han vart konge i praksis, men det vart ein demonstrasjon av kva betydning salvinga hadde i hans liv, han audmjuka seg stadig for Herren og bad om nåde og hjelp, råd og vegleiing, ja, frelse frå fienden og han fekk det. Han kjende seg svak, fattig og hjelpelaus, men tok si tilflukt til Herren, så vart han også ein som bad for dei som kjende seg svak, fattig og hjelpelaus, men som trudde på Herren og tok si tilflukt til Herren.
Gud svar David og let han tale profetisk om Messias, Salme 110 er eitt døme, der ser vi at Gud salvar Messias både til konge og øvsteprest.
Salme.110,1 Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.
Gud let David sigre i krig, så under han vart Israel til eit storrike, det vart det under Salomo også, han fekk fred på alle kantar og bygde tempelet.
Det kom nedgangstid, men Herren var den same og dei fekk oppleve hans frelsarmakt inntil det like vel enda med ruin.
Når Salomo vart gammal, klarde dei framande kvinnene å vende hjarta hans bort frå Herren, derfor vart riket delt etter han, Son hans, Rehabeam fekk Sør-riket, Juda og det var under halva. For Nord-riket (Israel) vart det fråfall med ein gong og sidan vart det nedgangstid for begge rika. Ikring 722 fKr. tok Assyria Samaria, så då var det slutt på Nordriket. Jesajas var profet på denne tida, omlag 736-700 fKr.
Jes.1,1 Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda.
Klage over Israels fråfall
2 Høyr, du himmel, lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg opp mot meg.
3 Ein okse kjenner sin eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn.
Ve det syndige folket!
4 Ve det syndige folket,
det skuldtyngde folket,
ætlingar av illgjerdsmenn,
søner som ber seg ille åt!
Dei har gått bort frå Herren,
vanvørdt Israels Heilage
og snutt ryggen til han.
5 Kvi vil de ha endå meir slag,
sidan de atter og atter fell frå?
Kvart hovud er sårt,
og kvart hjarta er sjukt.
6 Frå hovud til hæl er ingenting heilt,
berre flengjer og flerrer og nyhogne sår,
som ikkje er reinsa og fetla
og ikkje bløytte med olje.
7 Landet er ei øydemark,
byane er brende,
og framande et opp jorda
beint framfor augo på dykk.
Alt ligg i øyde,
som når framande har herja.
8 Berre Sions dotter er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktarskjol på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
9 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,
late nokre av oss sleppa unna,
då var vi som Sodoma,
vi såg ut som Gomorra.
10 Høyr Herrens ord,
de Sodoma-hovdingar!
Lyd etter vår Guds lov,
du Gomorra-folk!
11 Kva skal eg med alle dykkar slaktoffer? seier Herren.
Eg er mett av brennoffer av verar
og av feitt frå gjøkalvar.
Og blod av oksar og lam og bukkar
har eg ikkje hug på.
12 Når de kjem fram for mitt åsyn,
kven krev då av dykk
at de skal trakka ned mine tempelgardar?
13 Kom ikkje meir med gagnlause gåver!
Offerrøyken er ein styggedom for meg.
Nymåne og sabbat, lysing til stemner –
eg toler ikkje vondskap og høgtid saman.
14 Eg hatar dykkar nymånedagar og høgtider.
Dei har vorte meg ei bør,
som eg er trøytt av å bera.
……..
Å, at den trufaste byen
skulle verta ei skjøkje!
Full av rett var han,
rettferd budde der inne,
men no – mordarar!
22 Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din er blanda med vatn.
23 Dine styresmenn er opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar dei muter
og jagar etter gåver.
Den farlause hjelper dei ikkje til hans rett,
og enkjers sak tek dei seg ikkje av.
24 Difor seier Herren, Allhærs Gud,
Israels Veldige:
Ve, eg vil sløkkja harmen min
på mine motstandarar
og hemna meg på mine fiendar!
25 Eg vil venda mi hand imot deg,
reinsa ut ditt slagg som med lut
og skilja ut alt ditt bly.
26 Så vil eg atter gje deg domarar
som dei du hadde før,
og rådgjevarar som i den fyrste tid.
Sidan skal du kallast
Rettferdsby og Truskapsstad.
27 Ved rett skal Sion løysast ut,
ved rettferd dei som vender om.
28 Men brotsmenn og syndarar skal knusast,
dei som vender seg frå Herren,
skal gå til grunne.
Assyria.
Assyrias stordomstid kom som resultat av jernalderen, dei var dyktige krigarar, men ikkje så dyktige til å bygge samfunn.
Sitat frå https://snl.no/Assyria :
Også i den neste tiårsperioden drev han en omfattende krigføring, og ved slutten av hans regjeringstid bestod det nyassyriske imperiet av de arameiske og nyhettittiske statene i Syria og Taurus-området, de fønikiske kystbyene, samt Nordriket Israel og Gaza ved Middelhavet, småstatene Ammon, Moab og Edom i innlandet, i tillegg til arabiske stater som Taima og Saba. Hans suksess skyldtes, foruten militærstrategisk dyktighet, den politiske gjennomorganiseringen av statsapparat og administrasjon, utført med typisk assyrisk grundighet.
Etter sin død ble Tiglat-pileser 3. etterfulgt av sønnen Salmanassar 5. (cirka 726–722 fvt.) som i sin korte regjeringstid videreførte farens politikk. Salmanassar erobret og plyndret Nordriket Israel og beleiret byen Samaria i tre år. Ifølge 2. Kongebok 17,1–6 var det også han som ødela byen og deporterte store deler av befolkningen til Assyria. Men andre kilder viser at han døde vinteren 722 fvt. og ble erstattet av usurpatoren Sargon 2. (cirka 722–705) (omstendighetene omkring tronskiftet er uklare, men Sargon 2. hadde, ifølge egne opplysninger, støtte fra befolkningen i Assur som fant Salmanassar 5.s skattetrykk utålelig). Både i sine seiersinnskrifter og i sine annaler tar Sargon 2. æren for både beleiringen og seieren.
Da Sargon 2. kom til makten, fant det sted flere opprør i det store riket. En lokal konge oppnevnte seg selv til konge i Babylonia, og det tok Sargon 2. mange år å få ham fjernet. Et annet opprør fant sted i Gaza og spredte seg til både Samaria og Damaskus. I forbindelse med dette opprøret ble Samaria underlagt Assyria og en stor del av befolkningen ført i eksil rundt 722 fvt. Erobrede folk fra Assyrias østre deler ble sendt vestover i deres sted. Dette var en ny strategi for å ødelegge erobrede stater, som Sargon selv tok æren for.
SITAT SLUTT.
Jesajas profeterte om at Sargon, kongen i Assyria skulle ta Askalon, Egypt og Numia.
Jes.20,1 Sargon, kongen i Assyria, sende hærføraren sin av stad, og då han kom til Asjdod, stridde han mot byen og tok han. 2 Det året hadde Herren tala såleis til Jesaja, son til Amos: «Gå og løys strieplagget av hoftene dine og ta skorne av føtene dine!» Han så gjorde og gjekk naken og berrføtt.
3 Då sa Herren: «Liksom Jesaja, tenaren min, har gått naken og berrføtt i tre år, til teikn og varsel mot Egypt og Nubia, 4 såleis skal assyrarkongen driva med seg krigsfangane frå Egypt og dei bortførte frå Nubia, både unge og gamle – nakne og berrføtte og med berr bak – til vanære for Egypt. 5 Då skal folk verta forfærde og skjemmast over Nubia som dei sette si von til, og over Egypt som dei var så stolte av.» 6 Den dagen skal dei som bur på desse strendene, seia: «Sjå, såleis har det gått med dei som vi sette vår von til og flydde til etter hjelp, så vi kunne bergast frå assyrarkongen. Korleis skal vi då koma unna?»
Assyra tok Samaria.
2.Kong.1,1 I det tolvte året Akas var konge i Juda, vart Hosea, son til Ela, konge i Israel. Han styrte i Samaria i ni år. 2 Hosea gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som Israels-kongane før han.
3 Salmanassar, kongen i Assyria, gjorde ei hærferd mot han, og Hosea laut gje seg under han og svara skatt. 4 Men sidan fekk assyrarkongen greie på at Hosea var med på ei samansverjing. Han hadde sendt bod til egyptarkongen i Sa’is og betalte ikkje lenger den årlege skatten til assyrarkongen. Då greip assyrarkongen han og sette han i fengsel. 5 Så drog han inn i landet og gjekk mot Samaria, som han heldt kringsett i tre år. 6 I det niande styringsåret åt Hosea tok assyrarkongen Samaria og førte israelittane bort til Assyria. Han lét dei busetja seg i Halak og bortmed Habor, ei elv i Gosan, og i byane i Media.
7 Såleis gjekk det fordi israelittane synda mot Herren sin Gud, han som hadde ført dei opp frå Egypt og fria dei frå farao, egyptarkongen, og hans velde. Dei ottast andre gudar 8 og fylgde skikkane åt dei folka som Herren hadde drive ut for israelittane, og bar seg åt som kongane deira hadde gjort.
Gud berga Jerusalem frå Assyrarkongen.
Jerusalem (Sions Dotter) var som ei lauvhytte i ein vingar, eit vaktskjul på ei agurkmark (Jes.1,8), men kongen bad Gud berger dei frå Assyrarkongen og han gjorde det på to måtar, hans sende Nubia til krig mot dei og så sende han engelen sin til å krige mot dei, som eit stort under, altså.
2.Kong.19,1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, tok på seg botsdrakt og gjekk inn i Herrens hus. 2 Så sende han slottshovdingen Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i botsdrakt, til profeten Jesaja, son til Amos. 3 Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, tukt og vanære. For barnet er kome til livmormunningen, men det finst ikkje kraft til å føda. 4 Kanskje Herren din Gud høyrer alt det hærføraren har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å spotta den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den leivningen som enno er att!»
5 Då kongsmennene kom til Jesaja, 6 sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei ord du har høyrt, dei spottord som mennene åt assyrarkongen har tala mot meg. 7 No vil eg skyta det i hugen hans at han skal fara heim att til landet sitt når han får høyra eit rykte; og der vil eg la han falla for sverd.»
8 Så drog hærføraren av stad. Han hadde høyrt at assyrarkongen var faren bort frå Lakisj og møtte han medan han stridde mot Libna. 9 Kongen fekk no høyra at Tirhaka, kongen i Nubia, hadde drege i hærferd mot han. Då sende han atter nokre menn til Hiskia og sa: 10 «Så skal de seia til Hiskia, kongen i Juda: Lat deg ikkje narra av din Gud, som du set di lit til, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen. 11 Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle dei andre landa, korleis dei har lagt dei i øyde. Og så skulle du verta berga! 12 Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Karan og Resef og Eden-folka i Telassar? 13 Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i Sefarvajim-byen og kongane i Hena og Ivva?»
14 Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene kom med, gjekk han opp i templet og breidde det ut for Herrens åsyn. 15 Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane, einast du er Gud for alle rike på jorda, du som har skapt himmelen og jorda. 16 Vend øyra til, Herre, og høyr! Lat opp augo, Herre, og sjå! Høyr dei ord som Sankerib har sendt for å spotta den levande Gud. 17 Det er sant, Herre, at kongane i Assyria har øydt både land og folkeslag. 18 Dei har kasta gudane deira på elden. For dei er ikkje gudar, men verk av menneskehender, laga av tre og stein. Difor kunne dei gjera ende på dei. 19 Men berga oss no frå hans velde, Herre, vår Gud, så alle rike på jorda kan sjå at einast du, Herre, er Gud.»
20 Då sende Jesaja Amosson dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sankerib, kongen i Assyria. 21 Og dette er det ordet Herren talar mot han:
Ho hånar deg og spottar deg,
Sions dotter, den unge møy;
ho rister på hovudet etter deg,
Jerusalem, den unge jenta.
22 Kven er det du krenkjer og vanærar?
Kven tek du til ords imot?
Høgt lyfter du augo dine
mot Israels Heilage.
23 Du lét dine sendemenn spotta Herren
og sa: «Med mine mange vogner
fór eg opp til dei høge fjell,
langt inn på Libanon.
Der felte eg høgvaksne sedrar
og dei finaste sypressar.
Eg nådde til den høgaste topp,
der skogen står som ein hage.
24 Eg har grave etter vatn
og drukke or framande kjelder.
Med mine fotsolar turka eg ut
alle elvane i Egypt.»
25 Har du ikkje høyrt om dette?
Eg planla det for lenge sidan;
eg laga det så i eldgamal tid,
og no har eg sett det i verk.
Så kunne du øyda festningsbyar
og gjera dei til ruinhaugar.
26 Dei som budde der,
stod med kraftlause hender,
fylte av redsle og skam.
Dei likna vokstrane på marka,
den grøne groen og graset på tak,
som svid av før det veks til.
27 Om du sit eller står,
om du kjem eller går,
så kjenner eg til det.
Når du rasar mot meg, veit eg om det.
28 Men fordi du rasar mot meg,
og eg har høyrt kor sorglaus du er,
set eg ring i nasen din
og legg beisel i munnen din.
Så fører eg deg attende
den vegen du kom.
29 Dette skal du ha til teikn:
I år må de eta det som gror av spillkorn,
og til års korn som har sått seg sjølv.
Men tredje året skal de så og hausta,
planta vingardar og eta frukta.
30 Den resten av Juda som vert berga,
skal atter skyta djupe røter,
og greinene skal bera frukt.
31 For frå Jerusalem kjem det ein rest,
frå Sion-fjellet ein flokk som er berga.
I sin brennhug skal Herren gjera dette.
32 Ja, så seier Herren om assyrarkongen:
Han skal ikkje koma inn i denne byen
og ikkje skyta ei pil dit inn.
Han skal ikkje gå imot han med skjold
og ikkje kasta opp ein voll imot han.
33 Den vegen han kom, skal han fara attende;
i denne byen skal han ikkje koma inn,
lyder ordet frå Herren.
34 Eg vil verna byen og berga han
for mi eiga og for min tenar Davids skuld.
35 Den natta gjekk Herrens engel ut og slo i hel 185 000 mann i assyrarleiren. Då folk stod opp om morgonen, fekk dei sjå alle som låg døde der. 36 Då tok Sankerib, assyrarkongen, ut og fór heim att. Og sidan heldt han seg i ro i Ninive.
37 Ein gong medan han heldt bøn i templet åt Nisrok, guden sin, kom sønene hans, Adrammelek og Sareser, og hogg han ned med sverd. Dei kom seg unna og rømde til Ararat-landet. Og Asarhaddon, son hans, vart konge etter han.
Dommedag og innhausting.
Kristus sende sine disiplar ut for å forkynne evangeliet for all folk og utrusta dei til det ved at den Heilage Ande kom over dei. Dei skulle både så Guds Ord, som såkorn, og hauste inn grøda. Grøda var stor, men onnefolket var få, derfor skulle dei be han som eigde grøda om å sende ut arbeidarar for å hauste den inn. Og på slutten av verda, skulle Kristus komme med sine englar og hauste inn grøda. Det høyrest dramatisk ut. Vi kan godt spørje kva som er meint med verda her. Det er då ikkje heilt slutt på verda før det er slutt med jordkloda, i det minste livet på jordkloda.
Innhausting og dommedag.
Matt.9, 36 Og då han såg alt folket, tykte han hjarteleg synd i dei; for dei var forkomne og hjelpelause, som sauer utan hyrding. 37 Då sa han til læresveinane: «Grøda er stor, men onnefolka er få. 38 Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.»
Matt.13,36 Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!» 37 Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen. 38 Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. 39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane. 40 Liksom ugraset vert sanka saman og brent, såleis skal det gå når enden på verda kjem: 41 Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut or riket hans alt som fører til fall og alle som gjer urett, 42 og kasta dei i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner. 43 Då skal dei rettferdige skina som sola i riket åt Far sin. Den som har øyro, han høyre!
Joh.Op.14,14 Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa. 15 Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.» 16 Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta. 17 Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd. 18 Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!» 19 Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide. 20 Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.
Dommen over Dyret og den Falske Profet.
Men i Joh.Op.18 er det profetert om at Jesus, Guds Ord, kjem med sine heilage og då kjem Dyret og den Falske profet til å stride mot det. Dette skjer fyrst og fremst ved at der er nokon som trur på Guds Ord, har teke imot det og forkynner det. Og vi trur då at han er til og er med oss, så vi innvier oss for han, påkallar han og får sjå at han er med oss og kjem til oss. Han eksisterer og gjer seg til kjenne, så mange kongar (riker) tek parti med han og han er kongars konge for desse rika. At han kjem med sine heilage betyr vel også at han kjem med sine englar, slik at dei også går til strid mot fienden. Det kan bety at dei gjer under ved å drepe ned fienden til samanlikning med korleis Herrens engel gjekk til strid mot Assyrar-hæren.
Joh.Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd. 12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner. 13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord». 14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige. 16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.
17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod! 18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»
19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans. 20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel. 21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.
I vers 15 er det tale om å trø vinpressa igjen, til samanlikning med Joh.Op.14,18-20.

