Ny Tid 71. Endetidssyn 46. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 28. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 19. Den øydande styggedomen. 11. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 8. Sions dotter er Jesu brud og hans herlegdom skal gå opp over henne. Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme. 4. Øvsteprest og konge på jorda, med Kristus som øvsteprest og kongars konge ved Guds høgre hand i himmelen. 2.

Biletet: Salomos tempel. Det og bymuren vart reven når Babylonarane brende og la byen i grus i 587 f.Kr. Men Esekiel fekk i syner frå Gud sjå det nye tempelet og det likna på Salomos tempel. Men det nye tempelet som sidan vart bygt, var mindre, dette var noko som dei ikkje rådde for, det var Persarkongen Kyros som stod bak dette og sidan stod Herodes den store bak ei ombygging, så det vart kalla Herodes tempel. 

Men det var verre at dei ikkje heldt seg til det som Esekiel sa om prestetenesta og ikkje retta seg etter det som Malakias sidan sa om den.

Esekiel fekk sjå at Herrens herlegdom kom tilbake til det nye tempelet i Jerusalem.

Profeti og historie.

Esekiel var prest og var profet i kring 592-570 f.Kr. og Jerusalem fall i 587 f.Kr, då vart tempelet og muren kring Jerusalem nedriven.

Babel-kongen Nebukadnesar hærtok Jerusalem i 597 f.Kr. Jojakin var berre 18 år og hadde vore konge berre i 3 månadar og han overgav seg frivillig og vart bortførd til Babylonia, han følgde altså det rådet profeten Jeremias hadde gitt. Fem år etter dette, i 592, fekk Esekiel sjå Guds herlegdom i Kaldea. Nebukadnesar sette Jojakins onkel, til å regjere i Jerusalem, som hans representant, altså, og kalla han Sidkia. Esekiel profeterte om dette som ei ørn (Babylonarkongen) som tok toppen av ein seder og planta den i god jord, som ei selje og den vart til eit vintre. Men så strekte det røtene under jorda til ei anna ørn, Egypt, men det kom ikkje til å gå vel (Esekiel.17). Sidkia gjorde opprør mot Baylonarkongen og Jerusalem vart brent og lagt i grus, tempelet og bymuren vart nedrivne (2.Kong.25 Jer.37).

Sidan fekk Esekiel sjå eit nytt tempel i Jerusalem (Esek.40). Det var 25 år etter at dei hadde gått i eksil, det måtte vere i 572 f.Kr, det var 14 år etter at byen var teken, i 573 f.Kr. Ein avrundingsfeil på eitt år er ikkje så verst, dette var då ved nyttår.

Samanlikning mellom dei fire skapningane og dei fire rika.

Det første riket som Daniel profeterte om, likna ei løve, betyr dette at det hadde ørneansikt også? Kanskje dei fire skapningane som Esekiel fekk sjå, sa noko om dei fire store rika som skulle koma, at kvart av dei hadde noko av desse eigenskapane? Dei likna litt på både løve, ørn og menneske, men ikkje på okse, dei var nok ikkje så fredelege av seg, nei. Det første hadde ørnevenger og reiste seg opp som eit menneske. Det andre likna ein bjørn, men reiste seg bere halvvegs opp. Det tredje hadde fire hovud og fire venger. Det fjerde likna ikkje noko av dei, men hadde tenner av jern, så då hadde nok jernalderen slått skikkeleg gjennom. Men det fekk eit horn med augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.

Dan.7,2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.  4 Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. 5 Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» 6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.  7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.

Men ikkje noko av dette var varig, berre les vidare i Dan.7. Men slike fire andlet ser vi igjen i Joh.Op.4, der er fire skapningar med eitt andlet kvar, ei løve, ein okse, ei ørn og eit menneske. 

Esekiel fekk sjå det nye tempelet i «Jerusalem».

Esekiel fekk sjå det nye tempelet i «Jerusalem» (Esek.40-42), Herrens hand kom over han og førde han til Jerusalem, i syn frå Gud tok Gud han til Israel og sette han ned på eit fjell, i sør var det ei bygning som likna ein by. Det var eit syn og han opplevde det, det var ein profeti, han fekk sjå det nye tempelet. Kva betydning fekk dette? Vart det nye tempelet bygd etter denne modellen og den teikning som dette gav dei? Nei, det vart bygt slik som Persarkongen Kyros sa.

Esekiel.40,1 I det tjuefemte året etter at vi hadde gått i eksil, ved nyttår, på den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter at byen var teken, på nettopp denne dagen kom Herrens hand over meg og førte meg dit. 2 I syn frå Gud tok han meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det mot sør ein bygning som likna ein by. 3 Dit førte han meg.

Og sjå, ein mann, lik bronse å sjå til, stod i porten med linsnor og målestav i handa. 4 Mannen sa til meg: Menneske, sjå med auga og høyr med øyra og legg deg på hjartet alt det eg viser deg; for du er ført hit for å sjå. Alt det du ser, skal du fortelja til Israels hus.

5 Sjå! Utanfor tempelet gjekk det ein mur på alle kantar. I handa hadde mannen ein målestav, seks alner lang, kvar alen ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han målte murverket. Det var éin målestav tjukt og éin målestav høgt.

Heile tre kapittel vert brukt på å fortelje korleis tempelet, føregarden og området rundt skulle vere, det skulle vere helga for Herren. 

Esekiel.42,14 Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda dei har gjort teneste i, for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit folket er.»

15 Då han var ferdig med å måla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og målte det heile på alle kantar. 16 Han målte austsida med målestaven sin. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg 17 og målte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg 18 og målte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. 19 Så snudde han seg mot vestsida og målte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål. 20 Alle fire sidene målte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom heilagt og ikkje heilagt.

Så dette handlar om å skilje mellom det som er heilagt og det som ikkje er det.

Dette kan vi samanlikne med 

Joh.Op.11,1 Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der! 2 Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

Eg går ut ifrå at Jesus er mannen med målesnora og målestaven i Esek.40,3 er Jesus. Målesnor og målestav er vanleg reiskap når noko skal byggast, men her er det allereie bygt. Det er vel for at det skal tene som modell og teikning for dei som skal bygge det nye tempelet?! Dei er framleis i den gamle pakt og det er mykje av dette vi ikkje forstår kvifor det skulle vere så viktig. Men mykje av den gamle pakt tener som førebilete på den nye pakt og det må vi prøve å skjøne. Det er den fysiske naturen som kan målast og vegast og det måtte dei lære å gjere rett, spesielt slik at dei ikkje fuska med lønningar og handel. Like vel er det mykje som vi ikkje klarer å måle, vege og telje, vi klarer ikkje å vege fjella eller telje sandkorna eller stjernene på himmelen. Og så gir Gud oss sin Ande utan mål, som når han salva David til konge. 

Her er litt om måla på dette tempelet:

Esekiel.41,1 Han førte meg inn i tempelhallen og målte pilarane der. Dei var seks alner breie på kvar side. 2 Døropninga var ti alner brei, og veggene på kvar side var fem alner. Han målte hallen; han var førti alner lang og tjue alner brei.

…..

12 Bygningen som vende mot den inngjerda plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.

13 Han målte tempelet. Det var hundre alner langt. Den inngjerda plassen med bygning og vegger var òg hundre alner lang. 14 Framsida på tempelet og den inngjerda plassen mot aust var i alt hundre alner brei. 15 Så målte han lengda av bygningen ut mot den inngjerda plassen på baksida. Med avsatsane på begge sider var det i alt hundre alner.

Så bygninga var 100 alen (v. 13) langt og 70 alen breitt (v. 12).

I følgje Biblex var det ikkje det gamle Jerusalem han såg, men ein stad som likna (v.2), som profeti er det typisk grensesprengande, men ikkje så som i Johannes Openberring 20-22. Det er då framleis i den gamle pakta! I store trekk likna planteikningane på Salomos tempel. Alt vert beskrive med jordiske omgrep, ja, slikt som kan målast med målesnor og målestav.

Esekiel fekk sjå at Guds herlegdom kom attende til det nye tempelet i Jerusalem.

Esekiel fekk sjå at Herren herlegdom kom attende til det nye tempelet i Jerusalem og så sa han at dette var staden for hans trone og hans fotsolar, han som også sa at han har sin kongsstol i himmelen og jorda er hans fotskammel. 

Jes.66,1 Så seier Herren:

Himmelen er min kongsstol

og jorda skammel for mine føter.

Kva slag hus kan de byggja åt meg,

kva slag bustad kan de gje meg?  

2 Alt dette har eg skapt med mi hand,

såleis vart det til, seier Herren.

Desse ser eg nådig til:

dei arme som kjenner seg knuste

og skjelv for mitt ord.

Esekiel.43,1 Så førte han meg til den porten som vender mot aust. 2 Og sjå, herlegdomen til Israels Gud kom frå aust med eit drønn som av store vassmengder, og jorda stråla av hans herlegdom. 3 Det synet eg fekk sjå, likna det synet eg hadde då han kom for å øydeleggja byen, og det eg hadde ved Kebar-elva. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda. 4 Og Herrens herlegdom kom til tempelet gjennom den porten som vender mot aust. 5 Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte tempelet!

Tempelet var bustad for Guds namn, men no skulle dei ikkje lengre gjere det ureint, slik som både folket og Juda-kongane hadde gjort med Salomos tempel. 

«Mor Israel» var Guds kone, så borna han fekk med henne skulle vere Guds born. Men med avgudsdyrkinga si vart ho ei hore, dei gjorde seg ureine med avgudsdyrking og horeri, der er ein samanheng. Juda-kongane sette dørstokken sin tett inntil dørstokken til Herrens hus (1.Kong.6-7) og kom for nær med lika av fedrane sine. Slik gjorde folket og kongane Salomos tempel ureint. Men heretter fekk dei halde avstand.

Esek.43,6 Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå huset, og ein mann stod ved sida av meg. 7 Han sa til meg: Menneske, dette er staden for mi trone og staden for mine fotsolar. Her vil eg bu mellom israelittane til evig tid. Israels hus skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, verken dei eller kongane deira, som dei gjorde det med sitt horeri og med lika av kongane sine når dei døydde. 8 Dei sette sin dørstokk attmed min dørstokk og sin dørstolpe inntil min dørstolpe, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med alt det avskyelege dei dreiv med. Difor fortærte eg dei i min vreide. 9 Men no skal dei ta bort frå meg både horeriet og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10 Du menneske, fortel Israels hus om tempelet, så dei må skjemmast av si synd. Dei skal måla opp grunnflata. 11 Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til form og grunnplan for tempelet, utgangar og inngangar og alle forskriftene og lovene for det. Skriv alt opp for auga deira så dei kan gje akt på heile lova og alle forskriftene og følgja dei. 12 Dette er lova om tempelet: Heile området på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er lova om tempelet.

Heile toppen av tempelfjellet skulle vere heilagt (v.12). 

Når dei kom tilbake etter eksilet og byrja å bygge på det nye tempelet, var det etter ei anna planteikning, så det vart mindre, men dei skulle vel ha fått dei rett måla av Esekiel. Er det eit poeng i vers 11 om at dei enno ikkje har skamma seg og lært og forstått? Nei, då hadde profetane sagt ifrå når dei byrja å bygge det nye tempelet. Serubabel var då utvalt og salva til byggherre. Her er tydeleg vis noko vi ikkje forstår enno.

Aust-porten skulle vere stengd, men fyrsten skulle få komme inn i forhalla og halde måltid for Herren og gå ut att same vegen.

Herren hadde gått inn gjennom aust-porten, derfor skulle den vere stengd, men fyrsten kunne komme inn i forhallen og halde måltid der for Herrens åsyn.

Esekiel.44, 1 Han førte meg tilbake gjennom den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd. 2  Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd. Han skal ikkje opnast, og ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten, difor skal han vera stengd. 3 Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens andlet. Han skal gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.

4 Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor tempelet. Eg såg, og sjå! – Herrens herlegdom fylte Herrens hus. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda. 5  Herren sa til meg: Menneske, sjå med auga, høyr med øyra og legg hjartet ditt i alt det eg seier deg om alle forskriftene og lovene for Herrens hus. Legg merke til inngangen til huset og alle utgangane frå heilagdomen!

Berre levittprestar av Sadok-ætta skulle ta seg av prestetenesta. Kvifor det?

Berre levittar av Sadok-ætta fekk nærme seg Herren i det høgheilage og tene han der.

Esek.44,9 Så seier Herren Gud: Ingen framand, uomskoren på hjarte og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane. 10 Men dei levittane som forlét meg då Israel villa seg bort frå meg og følgde avgudane sine, dei må bera si skuld. 11 Dei skal vera tenarar i heilagdomen min, vakta portane til huset og gjera teneste i huset. Dei skal slakta brennoffer og slaktoffer for folket og stå til teneste for dei. 12 Fordi dei gjorde teneste for dei framfor avgudane deira og fekk Israel til å falla i synd, difor lyfter eg handa mot dei, seier Herren Gud. Dei må bera si skuld. 13 Dei får ikkje koma meg nær og gjera presteteneste og ikkje koma nær dei heilage tinga mine, det høgheilage. Dei skal bera vanæra for alt det avskyelege dei har gjort. 14 Eg set dei til å gjera teneste i tempelet, til alle slags arbeid som må gjerast der.

15 Men levittprestane av Sadok-ætta, som tok seg av tenesta i heilagdomen då israelittane villa seg bort frå meg, dei skal stiga fram for meg og tena meg. Dei skal stå for mitt andlet og bera fram feitt og blod for meg, seier Herren Gud. 16 Dei skal gå inn i min heilagdom, og dei skal stiga fram til mitt bord og tena meg. Slik skal dei gjera teneste for meg.

Kva er det sikta til her? For det første var det presten Sadok som var trufast mot kong David, då han salva son hans Salomo til konge etter han.

1.Kong.1,32 Så sa kong David: «Kall presten Sadok, profeten Natan og Benaja Jojadason hit til meg!» Då dei kom fram for kongen,  33 sa han til dei: «Ta med dykk kongsmennene! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda!  34 Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Og de skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo! 35 Så skal de fylgja han opp att. Og når han kjem hit, skal han setja seg på kongsstolen min og vera konge i min stad; for det er han eg har etla til fyrste over Israel og Juda.»

36 Då tok Benaja Jojadason til ords og sa til kongen: «Ja, så skal det vera! Gjev Herren din Gud må stadfesta det du seier, herre konge! 37 Gjev Herren må vera med Salomo som han har vore med deg, og gjera hans kongsstol endå større enn din, herre konge.»

38 Så gjekk dei ned, presten Sadok, profeten Natan, Benaja Jojadason og livvakta. Dei lét Salomo ri på muldyret åt kong David og førte han ned til Gihon-kjelda. 39 Presten Sadok hadde teke med seg oljehornet frå Herrens telt, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»  40 Så fylgde heile hopen han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt. Det var så jorda reint ville rivna av lyden.

1.Kong.2,26 Til presten Abjatar sa kongen: «Far heim til garden din i Anatot! Du har gjort deg skuldig til døden. Men eg vil ikkje drepa deg i dag; for du har bore paktkista åt Herren Gud framfor David, far min, og du har vore med far min og lide alt det han laut lida.»  27 Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Eli-ætta i Sjilo.

Men så var der eit tilleggskrav, at dei hadde teke seg av prestetenesta i heilagdomen når Israels-folket villa seg bort frå Herren.

Sadok salva Salomo til konge og det er førebilete på salvinga i den nye pakta.

Presten Sadok salva Salomo til konge og dette er førebilete på salvinga i den nye pakta. For Jesus er Guds Messias (Kristus på gresk) og det betyr Guds salvevigde. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Han er den som døyper oss med den Heilage Ande, slik får vi hans salving og den lærer oss å kjenne Sanninga.

1.Joh.2,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.  19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.  20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.  21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.  22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.  23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.  24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.  25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

Dette har eg skrive om her: 

Den jordiske heilagdomen med den levittiske prestetenesta var berre ei avbilding av det himmelske.

Moses skulle reise telt-heilagdomen etter det førebiletet han fekk sjå på fjellet. Til samanlikning fekk Esekiel sjå det nye tempelet i ei himmelsk openberring, planteikninga likna Salomos tempel, men det vart ikkje sagt noko om utsmykking. Poenget blir at Jesus gjekk inn i den himmelske heilagdomen, den eksisterer som ein åndeleg røyndom altså. Gud er ånd og han eksisterer og hans rike er ein åndeleg røyndom.

Hebr.7,11 Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron? 12 Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra. 13 For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret. 14 Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.

15 Alt dette blir endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. 16 Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv. 17 Han får då dette vitnemålet:

Du skal til evig tid vera prest

av same slag som Melkisedek.

18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi. 19 For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.

Kristus er prest til evig tid

20 Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier:

Herren har svore og angrar det ikkje:

Du skal til evig tid vera prest.

22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.

Heb.8,1 Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen. 2 Der gjer han teneste i heilagdomen, den sanne teltheilagdomen, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.

3 Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram. 4 Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova. 5 Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»

2.Mos.25,40 Sjå til at du gjer arbeidet etter den modellen som vart synt deg på fjellet!

Korleis det burde eller skulle ha gått, «ideelt sett»? 

Frå dommarida til kongetida.

I byrjinga hadde ikkje Israels-folket nokon konge eller hær, det einaste «statsapparatet» dei hadde, var prestetenesta og heilagdomen var eit telt (2.Mos.25-31). Då var det vel ikkje så rart at nomader kom inn i landet deira og fortrengde dei. Men då påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så dei måtte audmjuke seg for han og be om nåde og hjelp. Då reiste han opp ein dommar som leia dei i kampen mot fienden. Slik måtte dei mange gangar ta tilbake landet sitt. Så bad dei om ein konge og Gud gav dei ein slik konge som dei ville ha, så han let Samuel salve Saul til kong. Det vart etter kvart mislukka, for han vraka Guds Ord og derfor vraka Gud han som konge, så han mista salvinga. Men Gud såg seg ut ein mann etter sitt hjerte, David, og let Samuel salve han til konge medan han var berre ein lite gjetargut. Salvinga er symbol på den Heilage Ande og han fekk oppleve at Herren var med han og leia han, så han vart ein stor og mektig konge.

Ein puslete konge i stil med eit forholdsvis puslete tempel?

Slik kunne og burde dei vel ha søkt Gud når dei kom attende til landet sitt etter eksilet også og nettopp det var hensikta med å byrje å bygge oppatt tempelet. Jesajas hadde profetert om at persarkongen Kyros var hans slavevigde, som skulle la dei komme attende til landet sitt og han sette dei til å bygge oppatt tempelet. Serubabel var soneson til Judakongen Jojakin og Kyros sette han til å vere statthaldar i Judea, så han skulle leie byggearbeidet. Like vel stoppa det opp, men det kom i gang igjen då profetane Haggai og Sakarja oppmuntra dei til det, som profeti frå Herren. Sakarja profeterte om at øvstepresten Josva skulle sjå framover til at Guds tenar, Renning, skulle koma, han og dei andre prestane var varselmenn om det som skulle koma (Sak.3). Han og byggherren Serubabel var dei to olivengreinene, dei som Herren hadde salva (Sak.4). 

Her er det på sin plass å minne om korleis David profeterte om Messias.

Salme 110, 1 Av David. Ein salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

som skammel for dine føter!»

2 Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer.

Du skal herska mellom dine fiendar!

3 Folket ditt møter villig fram

den dagen du viser di kraft.

Din ungdoms dogg kjem til deg

i heilag prakt, or morgonròdens fang.

4  Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»

Prestetenesta og kongsgjerninga gjekk i arv, men med salving.

Prestetenesta gjekk i arv og det kunne vel tenesta som statthaldar og byggherre også gjera, men bygget var i grunnen ferdig, sjølv om det ikkje var så stort og flott som Salomos tempel og heller ikkje slik som det tempelet Esekiel hadde profetert om. 

Salomo leia bygginga av Salomos tempel, til samanlikning leia statthaldaren Serubabel bygginga av eit meir puslete tempel. Men la oss no tenke oss at sonen til Serubabel tok over som statthaldar og sonen til Josva tok over som øvsteprest. Kunne ikkje den nye øvstepresten då salve den nye statthaldaren til tenesta, som ein puslete konge for Israels-folket? Det som var så viktig med presten Sadok, var då nettopp at han ville salve Davids son, Salomo, til konge etter far sin. Det var slik han skulle verte innsett som konge, ikkje slik som dei som ville prøve å gjere kupp, altså. Vi kan samanlikne det med at Samuel salva David til konge, medan han var berre ein gjetargut. Det vart risikabelt for David, men salvinga var symbol på den Heilage Ande og den leia han til han vart ein stor konge. Slik kunne det verte risikabelt no også, men salvinga ville lære dei å løyse problema etter kvart som dei kom. Det kunne halde fram gjennom fleire generasjonar, så kongedømet vart sterkare.

Profetane Joel og Malakias.

Både Josva og Serubabel var salva til tenestene, så dei begge hadde profetisk innsikt. Men trongst det ikkje ein profet i tillegg til det då, slik som Natan når Salomo vart slava til konge? Joel profeterte for dei om fienden som kom frå nord, så dei måtte audmjuke seg for Herren, lyse ut til faste og be om nåde og hjelp. Han minna dei om korleis Gud dømde i Josjafat-dalen og berga dei, den strategien måtte dei satse på igjen. Kunne ikkje prestane då foreslå for han. At dei salva ein mann av Serubabels ætt som ein småkonge, som leia dei liksom Josjafat hadde gjort? Han leia dei i bøn og faste og så kom Guds Ande over ein prest, så han tala profetisk og gav dei svar og det vart ein suksess. 

Etter ei tid profeterte Malakias og refsa både prestane og folket. Dersom dei då hadde høyrt på han og vendt om og retta seg etter det som han sa, så kunne dei vel spørje han om råd også, som å foreslå at dei salva ein av Serubabels ætt til å fungere som ein småkonge i Israel, sjølv om dei var underlagt ein storkonge og utan å gjere opprør, men overfor storkongen skulle han halde fram som statthaldar, enn så lenge.

Korleis hadde det vore med ein statthaldar av Serubabels ætt, salva til småkong i Israel, når den verste ulykka frå nord kom, ved Antipkus 4. Epifanes? Korleis hadde det sidan vorte i forhold til Romarriket.

Dersom dei hadde hatt ein salva småkonge av Serubabels ætt som statthaldar, så hadde dei vore betre førebudd når den verste ulykka frå nord kom ved Antiokus 4. Epifanes. Vi kan tenke oss at profetien til Daniel like vel gjekk i oppfylling, så det vart krig på liv og død, men Serubabel-sonen leia dei i krigen og vann til slutt. Han gjorde avtale med romarane og venta seg at herskaren i Roma, ville hjelpe han til samanlikning med kong Mikael i Dan.12. På den tida var romarriket republikk, så der var eit avgrensa demokrati på topp-plan.

1.Macc.8,11 Romerne hadde også ødelagt og underkuet de andre kongerikene og øyene, alle som noen gang hadde satt seg opp mot dem. 12 Men med sine venner og dem som søkte beskyttelse hos dem, sto de fast på vennskapet. De hadde beseiret konger både fjernt og nært, og alle som hørte gjetord om dem, fryktet dem. 13 Alle som de ville hjelpe til å bli konger, ble konger, og dem som de ville avsette, avsatte de. De var blitt svært mektige.

14 På tross av alt dette hadde ingen av dem satt kongekrone på seg eller kledd seg i purpur for å gjøre seg til av det. 15 Men de hadde opprettet et senat, og der kom hver dag 320 senatorer sammen, som hele tiden rådslo om hvordan folket kunne styres på beste måte. 16 Hvert år overlot de til én mann å lede dem og herske over hele landet. Alle adlød denne ene, det fantes ikke misunnelse eller sjalusi blant dem.

Maccabearane overtok makta i landet i 164 f.Kr. Men no kan vi tenke oss at det i staden var ein statthaldar, ætta frå Serubabel, som hadde leia motstandskampen og stod fram som ein småkonge i Israel. Men korleis ville det gå når Romarriket kom til makta i landet i år 63 f.Kr? Statthaldarane kravde inn skatt og det var vanleg at dei var korrupte og forsynte seg med skattepengar sjølve, så dei kunne komme som fattige og verte rike på eitt år.

Der var tre «Punar-krigar» mellom Roma og Kartago, det enda med at Roma vann og Kartago vart jamna med jorda i 146 f.Kr. Hannibal var hærføraren i hæren frå Kartago og i den andre Punar-krigen herja dei i Sør-Italia, så bøndene vart drivne frå jorda og kom inn til Roma som arbeidslause proletarar. Rike godseigarar tok over gardane og dreiv dei med leigd arbeidskraft og slavar. 

På denne tida var der ei folektribun-stilling, dei skulle tale vanlege folks sak og det vart viktig for dei at bøndene skulle få vende tilbake til jorda si, dette var klassekamp som resulterte i borgarkrig. 

Slike problem skulle Israels-folket ha lært seg å takle ved det som Mose-lova seier om sabbatsåra og frigjevingsåret etter 7 sabbatsår, då skulle dei som hadde mista jorda si og hadde vorte slavar, få komme attende til jorda si. Jeremias hadde profetert at det skulle gå 70 år før dei fekk komme tilbake til landet sitt, men då var tempelet nesten ferdig bygt. Då tida næma seg, fasta Daniel og bad i tre veker. Så svara engelen Gabriel han som om dei 70 åra var 70 sabbatsår, ti frigjevingsår altså og no nærma det seg det tiande frigjevingsåret. Dette har eg skrive om her,

SITAT:

Etter ei 7 sabbatsår skulle det stå fram ein som var salva, det måtte vere Kyros. Jerusalem fall i 587 f.Kr, 49 år seinare ville då vere i 538, så det høver bra. Den siste årsveka skulle verte vanskeleg, reknar vi 69 sabbatsår, 483 år frå 586, kjem vi til 103 f.Kr. Neste sabbatsår ville vere i 94 f.Kr. Det skulle då vere det tiande frigivingsåret.

Dan.9,22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.  23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva. 

……

Korleis høver dette med historia? Sitat frå sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :

Aleksander Janneus (Jannai) (103–76 fvt.) ble den første som utnevnte seg selv til konge, og som styrte et område som omfattet hele Palestina fra Middelhavet i vest til høylandet øst for Jordanelven, fra Golan i nord til Edom i sør. Etter hans død overtok hans kone, Salome Aleksandra (139–67 fvt.), som regjerende dronning. Hennes regjeringstid regnes som den siste fredelige tiden i landet.

SITAT SLUTT.

I tolkingane av desse versa vert den siste sabbatsveka lang, slik også med denne tolkinga. Forklaringa kan vere at retta seg ikkje etter det som lova sa om sabbatsåra, det var ein grunn til at dei vart bortførde frå landet sitt, så landet kunne ta tilbake sabbatsåra sine. Men her vart det tydeleg at dei tok ikkje sikte på at det tiande frigjevingsåret skulle verte noko frigjevingsår. I staden vart det ein grunn til at dei skulle verte bortførde frå landet sitt igjen. Så korleis kom det til å gå? No veit vi det.

Men la oss no tenke oss korleis det kunne ha gått, dersom det var ein etterkommar etter Serubabel som hadde vorte småkonge i Israel og gjort vennskapsavtale med Romarriket. Folketribunane var påverka av greske tankar om fridom og folkestyre og det var det motsette av den greske maktinteressa som hadde gått åtak på Israel ved Antiokus 4. Epifanes. Der var altså ein liknande motsetnad i Romarriket som i Hellas, ein liknande motsetnad var i Israel også, men dei skulle ha lært å takle det. Dette har eg skrive om her:

Dersom denne «Serubabel-sonen» såg det som sin politikk å verne den fattige og verjelause, slik som David (Salme.72), så kunne han vel også sjå høvet til å få stønad til ein slik politikk av Romarriket, til samanlikning med kong Mikael i Dan.12. Det kunne vere litt avhengig av kva han sjølv la opp til, dersom han sjølv la opp til ein slik politikk, kunne det verke som oppmuntring og ønske overfor Romarane om å følgje opp med ein liknande politikk.


Leave a comment