Innleiing.
Biletet: Media var det andre store riket som Daniel profeterte om, det gjorde opprør mot Babylonia, det første riket.
Gud har skapt alle ting og har ein annan slags eksistens enn den fysiske naturen han har skapt, den er forgjengeleg, men sjølv er han ånd og er evig og allmektig, han er i sin evige himmel og han rike er evig. Vi er støv og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss. Like vel sa han til folket sitt at dersom dei søkte han av heile sitt hjarte, så skulle dei finne han. Hans arm var ikkje for kort til å frelse dei, men syndene deira skilde dei frå han.
Men Jesus var det Guds Lam, som bar verda si synd, han bar seg sjølv fram som eit syneoffer som vart slakta for å sone verda si synd, med det eine offeret tok han bort verda si synd ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunn med Gud igjen. Kristus er Guds Son, Guds Messias, han har satt seg ved Gud høgre han i himmelen og hans armer framleis ikkje for kort til å frelse.
Vi har inga moglegheit til å frelse oss sjølve, frelsa er ei gave og vi kan bere ta imot den som ei gave Gud gir oss frå himmelen. Han elska verda så høgt at han sende Sone sin den einborne, så kvar den om trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.
Gud forsona verda med seg før vi visste ordet av det, så vart det forkynt for oss, så vi fekk von om Guds herlegdom, og den vona gjer oss ikkje til skamme.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Erstattningteologi?
Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus.
Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.
Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/
Frå David til Salomo.
David var ein mann etter Guds hjerte, så Gud let profeten Samuel slave han til konge over Israelsfolket og det vart ein suksess, han vart ein stor og mektig konge. Like vel fall han i synd, då han dreiv hor med Batseba og sveik mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes, så han sanna si synd for Gud, audmjuka seg og bad om nåde og tilgiving, så han slapp å døy for si synd. Like vel vart han straffa, ved at det var strid i hans hus, eldste sonen, Absalom gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte. David vann striden som følgde, men Absalom vart drepen. Batseba vart Davids kone og då fekk han sonen Salomo med henne og det var han som skulle ta over kongsmakta, når den tid kom. På sine gamle dagar var David ikkje med hæren ut i striden lengre, han fekk ei ung vakker jente, Abisjag, som hushjelp, ho skulle halde han varm med natta også, var meininga, men ikkje som hore, altså.
Nest eldste sonen, Adonja prøvde å utrope seg til konge, men då let David profeten Natan salve Samuel til konge og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo. Seinare bad Adonja om å få Abisjag til kone, men Salomo forstod det som eit kuppforsøk og sende hærføraren for å drepe han (1.Kong.2).
Salomo var ung når han tok over eit stort rike, men han fekk fred på alle kantar, han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og gav han stor visdom og gjorde han rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Etiopia. Med dette, spesielt med tempelet, kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane.
Salomo lovprisa Guds Messias, til samanlikning med David.
Salme.72,1 Av Salomo.
Gjev kongen dine domar, Gud,
lat kongssonen få rettferd frå deg!
2 Så skal han døma ditt folk med rettferd
og dine armingar med lov og rett.
3 Då skal fjella gje folket fred
og haugane rettferd.
4 Gjev kongen må hjelpa dei verjelause i folket,
så dei får sin rett.
Han skal berga dei fattige
og knusa valdsmannen.
5 Lat han leva frå ætt til ætt
så lenge sol og måne skin.
6 Han skal vera lik regnet
som fell på nyslegen eng,
lik ei regnskur som væter jorda.
7 I hans dagar skal rettferd gro
og lukke og fred råda
så lenge månen er til.
8 Lat han styra frå hav til hav,
frå Storelva til heimsens endar.
9 Dei som bur i øydemarka,
skal bøya seg for han,
hans fiendar skal slikka støvet.
10 Kongar frå Tarsis og fjerne strender
skal senda skatt til han.
Kongane i Saba og Seba
skal koma med sine gåver.
11 Han skal alle kongar hylla,
han skal alle folkeslag tena.
12 For han bergar den fattige som ropar,
armingen som ingen hjelpar har.
13 Han ynkast over småkårsfolk
og bergar livet åt dei fattige.
14 Han løyser dei frå tvang og vald,
deira liv er dyrt i hans augo.
15 Gjev kongen må leva
og få gullet frå Saba!
Folk skal alltid be for han
og velsigna han dagen lang.
16 Lat det vera slik mengd med korn i landet
at det bylgjar over åsane.
Lat grøda vera som skogen på Libanon,
lat byar bløma og breia seg som graset på marka.
17 Lat namnet hans leva til evig tid,
skyta friske skot så lenge sola skin.
Alle folk skal velsigna seg med det
og prisa han sæl.
18 Lova vere Herren, Israels Gud,
han som gjer under, einast han!
19 Hans herlege namn vere evig lova!
All jorda er full av hans herlegdom.
Amen, amen.
*
20 Her endar bønene av David, son til Isai.
Men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket.
Dette har eg skrive om her:
Det andre riket i Daniels bok.
Daniel profeterte om fire store rike, det første var det Ny-Babylonske riket. Det andre skulle vere ringare.
Dan.2,37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære! 38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. 39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. 40 Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre.
Det andre riket har eg kalla det Mediske riket, på grunnlag av
Dan.6,1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.
Eg kan også ta med Jer.51, for i vers 28 er det profetert om at kongen og statthaldaren i Media skulle leie opprøret mot Babylonia. Dette har eg skrive om her:
I historiebøkene er det skrive om det som ei tid med borgarkrig i Babylonia og det kan vel svare til at dette andre riket var svakt, så det klarde altså ikkje heilt å få den store kontrollen over verdsriket.
Medarane var eit indoeuropeisk folk som trengde inn i landet frå nord. Saman med babylonarane tok dei hovudstaden Ninive i Assyria i 612 f.Kr. Nebukadnesar 2. var ein stor hærførar og dyktig styrar, under han fekk det Nybabylonske riket ei stordomstid. Men sidan vart det tronstrid og borgarkrig og dei undertrykte folka gjorde opprør. Persarane trengde på og i 539 f.Kr. tok persarkongen Kyros 2. Babylon. Dermed tok indoeuropearane over som herskarar etter semittane.
Dette kan de lese om her: https://snl.no/Babylonia .
Herrens herlegdom skal gå opp over Sion.
Røm frå Babylon, så de ikkje mister livet i striden som kjem.
I Jes.52,12 ser vi at dei treng ikkje skunde seg når dei skal ta ut frå Babylon, men i Jer.51,45-46 er det sagt at Guds folk måtte røme byen for å berge livet. Men sidan skulle dei ikkje verte mismodige og redde, når det eine ryktet kom etter det andre, med års mellomrom. Det kan tyde på ustabil makt, ein borgarkrig-liknande tilstand. Men så er det også profetert om at dei kunn ta ut derifrå under meir kontrollerte forhold.
Jer.51,6 Røm frå Babylon, berga dykk alle!
Miss ikkje livet når byen får si straff.
Dette er ei hemne-tid for Herren;
han gjev dei att for det dei har gjort.
……
28 Vigsla folkeslaga til strid mot Babylonia,
kongen og statthaldarane i Media,
alle styresmennene der
og heile det landet kongen rår over.
…….
45 Mitt folk, far ut or byen!
Kvar og ein må berga livet
for Herrens brennande vreide.
46 Miss ikkje motet, og ver ikkje redde
når rykte breier seg i landet,
når det kjem éi tidend det eine året
og ei anna året etter,
når det rår vald og urett på jorda,
og herskar reiser seg mot herskar.
Herrens herlegdom skal gå opp over Sions dotter.
I Jes.60 er det profetert om at Sion (Jes.59,20) skal reise seg i stråleglans, for ljoset hennar kjem, Herrens herlegdom skal gå opp over henne.
Jes.60,1 Reis deg i stråleglans!
For ljoset ditt kjem,
og Herrens herlegdom renn opp over deg.
2 Sjå, mørker ligg over jorda
og skydimme over folka.
Men over deg strålar Herren fram,
over deg syner hans herlegdom seg.
3 Mot ditt ljos skal folkeslag fara,
mot din strålande glans skal kongar gå.
4 Lyft augo og sjå deg ikring!
Dei samlar seg alle og kjem til deg.
Dine søner kjem langt bortanfrå,
dine døtrer vert borne på armen.
5 Då skal du sjå det og stråla av glede,
hjarta skal banka og vida seg ut.
For havsens rikdom strøymer imot deg,
skattane åt folka kjem til deg.
6 Kamelar i mengd fyller landet,
kamelfolar frå Midjan og Efa.
Dit kjem alle frå Saba,
gull og røykjelse fører dei med seg.
Med glede forkynner dei Herrens pris.
7 Alle sauer frå Kedar samlast hjå deg,
verar frå Nebajot står til di teneste.
Til glede for meg skal dei ofrast på mitt altar,
og eg vil pryda mitt herlege tempel.
8 Kven er desse
som kjem lik drivande skyer,
lik duer som flyg til sine hus?
9 Øyar og strender ventar på meg.
Fremst går Tarsis-skipa.
Langt bortanfrå fører dei dine søner
og deira gull og sølv med dei,
til ære for namnet åt Herren din Gud,
for Israels Heilage, som gjev deg slik heider.
10 Framande skal byggja dine murar,
og deira kongar skal tena deg.
I min harme har eg slege deg,
men i min nåde miskunnar eg deg.
11 Dine portar skal alltid stå opne,
korkje dag eller natt skal dei stengjast,
så rikdomen åt folka kan førast til deg
og kongane deira i fangeflokken.
12 For det folk og det rike
som ikkje vil tena deg,
skal gå til grunne,
og folkeslag skal rydjast ut.
13 Til deg kjem Libanons herlege tre,
både sypress og gran og buksbom;
dei skal pryda den stad
der min heilagdom står,
og æra den stad
der eg set min fot.
14 Sønene til dei som trælka deg,
kjem og bøyer seg djupt for deg.
Alle som vanvørde deg,
kastar seg ned for dine føter.
Dei skal kalla deg Herrens by,
Sion, som høyrer Israels Heilage til.
15 Før sat du einsam og hata,
ingen såg innom deg.
Men no gjer eg deg stor for alltid,
til ei glede frå ætt til ætt.
16 Då skal du suga mjølk frå folka,
ved kongars bryst skal du næra deg.
Du skal kjenna at eg, Herren, er din frelsar,
at Jakobs Veldige er din utløysar.
17 Eg gjev deg gull i staden for kopar
og sølv i staden for jern;
eg gjev deg kopar i staden for tre
og jern i staden for stein.
Fred lèt eg råda over deg
og rettferd styra deg.
18 Det skal ikkje meir høyrast om vald i ditt land,
om herjing og øyding innan dine grenser.
Du skal kalla dine murar Frelse
og dine portar Lovsong.
19 Då treng ikkje sola lysa for deg om dagen
eller månen om natta.
For Herren skal vera ditt ljos for evig,
din Gud skal vera din herlegdom.
20 Aldri meir skal sola di glada
eller månen din missa sin glans.
For Herren skal vera ditt ljos for evig.
Dine syrgjedagar er enda.
21 I ditt folk skal alle vera rettferdige,
dei skal eiga landet til evig tid.
Dei er ei plante i min hage,
eit verk eg har gjort til mi ære.
22 Den minste skal verta til tusen,
den ringaste til eit mektig folk.
Eg er Herren,
og eg lèt det henda,
brått, i si tid.
Gå ut i dansen med dei glade.
Jeremias.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i øydemarka.
Israel skal fara av stad og finna ro.
3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
4 Endå ein gong skal eg byggja deg,
ja, du skal byggjast,
Israel, du unge møy.
Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer
og gå ut i dansen med dei glade.
5 Endå ein gong skal du planta vinhagar
på Samaria-fjella;
og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.
6 Ja, det kjem ein dag
då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:
Kom, lat oss fara opp til Sion,
til Herren vår Gud!
7 Så seier Herren:
Gled deg storleg over Jakob,
og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!
Lat lovsongen ljoma og sei:
«Herren har frelst sitt folk,
dei som er att av Israel.»
……..
12 Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet,
dei strålar av glede over Herrens gode gåver:
korn og vin og olje,
sauer og geiter og oksar.
Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage
og ikkje lenger lida naud.
13 Då skal jentene dansa av glede
og gamle menn gleda seg med dei unge.
Eg vender deira sorg til fryd,
og trøystar og gleder dei som syrgde.
14 Eg lèt prestane få rikeleg med feite retter
og mettar mitt folk med gode gåver,
lyder ordet frå Herren.
Sions rettferd, frelse og herlegdom skal stråle fram for kongar og folkeslag.
Jes.62,1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,
før hennar rett strålar fram med glans
og hennar frelse som ein brennande fakkel.
2 Då skal folkeslag sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn,
som Herren sjølv skal gje deg.
3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,
ein kongeleg hovudprydnad
i handa åt din Gud.
4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,
og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».
Men du skal kallast «Mi kjære»,
og landet ditt skal heita «Kone».
For Herren skal ha deg kjær,
og landet ditt skal takast til ekte.
5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
skal dine søner ta deg til ekte.
Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
6 På murane dine, Jerusalem,
har eg sett vaktmenn.
Og dei skal aldri teia
anten dag eller natt.
De som prisar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7 Lat heller ikkje han få ro
før han byggjer opp att Jerusalem
og gjer byen til ein lovsong på jorda.
8 Herren har svore ved si høgre hand
og ved sin veldige arm:
Aldri meir skal eg gje ditt korn
til føde for dine fiendar,
og ikkje skal framande drikka din vin,
som du har hatt møda med.
9 Nei, dei som haustar kornet,
skal eta det og prisa Herren;
og dei som sankar druene,
skal drikka vinen
i mine heilage tempelgardar.
På heimveg
10 Dra ut, dra ut gjennom portane,
og ryd ein veg for folket!
Bygg, ja bygg ein kongsveg
og reinsa han vel for stein!
Reis ei merkestong for folka!
11 Høyr, Herren lèt det ljoma
til heimsens ende:
Sei til Sions dotter:
Sjå, di frelse kjem!
Sjå, dei han fekk i løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
12 Dei skal kallast det heilage folket,
dei som Herren har løyst ut.
Og sjølv skal du kallast den søkte,
byen som ikkje ligg aud og tom.
Løys lekkjene du har om halsen, du hærtekne Sions Dotter.
Ordet frelse betyr å få halsen fri, frelst betyr å vere «fri-halsa». Deet kjem av at Israels-folket var fanga som trælar i Babylonia, med lekkjer om halsen. Men så fekk dei høyre den glade bodskapen om at dei skulle sleppast fri, så dei fekk fare attende til landet sitt.
Jes.52,1 Vakna, vakna,
kled deg i styrke, Sion!
Ta på deg ditt høgtidsskrud,
Jerusalem, du heilage by!
For aldri meir skal det koma inn i deg
ein uomskoren eller urein.
2 Rist av deg støvet og reis deg,
set deg på trona, Jerusalem!
Løys lekkjene du har om halsen,
du hærtekne Sion-dotter!
3 Så seier Herren:
For inkje vart de selde,
og utan pengar skal de løysast ut.
4 For så seier Herren din Gud:
I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt
og heldt til der.
Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.
5 Og no, lyder ordet frå Herren,
kva skal eg gjera her
når folket mitt er bortført utan vederlag?
Valdsherrane hyler, seier Herren,
og dagen lang vert namnet mitt spotta.
6 Difor skal folket mitt
læra mitt namn å kjenna,
ja, den dagen skal dei skjøna
at det er eg som seier: «Her er eg!»
7 Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9 Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud.
Far bort frå Babylon!
11 Far bort, far bort frå Babylon!
Ikkje rør noko ureint!
Dra ut or byen og reinsa dykk,
de som ber Herrens kar!
12 For de treng ikkje skunda dykk,
de må ikkje røma frå byen.
For Herren sjølv går føre dykk,
og sist i flokken er Israels Gud.
Herrens lidande tenar
13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal stiga og lyftast og opphøgjast.
14 Liksom mange stokk til då dei såg han
– meir skamfaren var han enn nokon mann,
han såg ikkje ut som eit menneske,
15 så skal mange folkeslag undrast over han,
og kongar skal lata att sin munn.
For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,
uhøyrde ting vert dei vitne til.

