Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 15. Den øydande styggedomen. 9. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 4. Assyria, Babylonia og Media. Dyrets tall 666 og den Store Skjøkje (Joh.Op.13 & 18).

Innleiing.

Biletet: Media var det andre riket som Daniel profeterte om, det leia opprøret mot det første riket, Babylonia.

Gud har skapt alle ting og har ein annan slags eksistens enn den fysiske naturen han har skapt, den er forgjengeleg, men sjølv er han ånd og er evig og allmektig, han er i sin evige himmel og han rike er evig. Vi er støv og kan ikkje komme til han, utan at han kjem til oss. Like vel sa han til folket sitt at dersom dei søkte han av heile sitt hjarte, så skulle dei finne han. Hans arm var ikkje for kort til å frelse dei, men syndene deira skilde dei frå han.

Men Jesus var det Guds Lam, som bar verda si synd, han bar seg sjølv fram som eit syneoffer som vart slakta for å sone verda si synd, med det eine offeret tok han bort verda si synd ein gong for alle. På det grunnlaget får vi komme inn i samfunn med Gud igjen. Kristus er Guds Son, Guds Messias, han har satt seg ved Gud høgre han i himmelen og hans armer framleis ikkje for kort til å frelse. 

Vi har inga moglegheit til å frelse oss sjølve, frelsa er ei gave og vi kan bere ta imot den som ei gave Gud gir oss frå himmelen. Han elska verda så høgt at han sende Sone sin den einborne, så kvar den om trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv. 

Erstattningteologi?

Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. 

Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/

Frå David til Salomo.

David var ein mann etter Guds hjerte, så Gud let profeten Samuel slave han til konge over Israelsfolket og det vart ein suksess, han vart ein stor og mektig konge. Like vel fall han i synd, då han dreiv hor med Batseba og sveik mannen hennar, så han fall i krigen. Profeten Natan tala han til rettes, så han sanna si synd for Gud, audmjuka seg og bad om nåde og tilgiving, så han slapp å døy for si synd. Like vel vart han straffa, ved at det var strid i hans hus, eldste sonen, Absalom  gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte. David vann striden som følgde, men Absalom vart drepen. Batseba vart Davids kone og då fekk han sonen Salomo med henne og det var han som skulle ta over kongsmakta, når den tid kom. På sine gamle dagar var David ikkje med hæren ut i striden lengre, han fekk ei ung vakker jente, Abisjag, som hushjelp, ho skulle halde han varm med natta også, var meininga, men ikkje som hore, altså. 

Nest eldste sonen, Adonja prøvde å utrope seg til konge, men då let David profeten Natan salve Samuel til konge og Adonja måtte audmjuke seg for Salomo. Seinare bad Adonja om å få Abisjag til kone, men Salomo forstod det som eit kuppforsøk og sende hærføraren for å drepe han (1.Kong.2).

Salomo var ung når han tok over eit stort rike, men han fekk fred på alle kantar, han skulle bygge tempelet. Gud ville vere far for han og gav han stor visdom og gjorde han rik, så det gjekk gjetord om han heilt til Etiopia. Med dette, spesielt med tempelet, kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane. Men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Dette har eg skrive om her: 

Gud skaper ved å dømme, men også ved å kalle folk til seg og berge dei.

 

Kong David.

Kong David var ein mann etter Guds hjerte, derfor let Gud Samuel salve han til konge når han var ung, så han var innstilt å dømme rett, salvinga var symbol på den Heilage Ande og den gav han råd og rettleiing og han vart ein stor og mektig konge. Like vel måtte han audmjuke seg for Gud og vedkjenne si synd for han og be om nåde og tilgiving og be han skape i han eit reint hjarta og fornye ei stødig ånd i han.

Salme.51,10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd! 

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

Dette er psykologi og det skulle berre mangel om ikkje Guds Ord og kristendomen skulle vere psykologi, psyke betyr då sjel, så psykologi betyr sjelelogi. 

Gud frelser menneske for æva, han skaper noko som står til evig tid.

Og kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? (Matt.16,26). Gud er evig og hans Ord er evig, Jesus er Guds Ord og når han frelser oss, gir han oss ånd og liv frå himmelen og det er evig, slik får vi også ein evig eksistens. 

David sa til folket at i dag, om dei høyrer hans røyst, så foreherd ikkje hjaro dykkar, som ved Meriba – kjelda, den er symbol på kjelda med det levande vatnet, den vella opp som eit oppkome frå berget og så skulle Moses tale til Berget. Det er symbol på Kristus, så vi skal høyre på han og tale med han. Ved å tru på han får vi oppleve at Gud skaper framleis med sitt Ord, som i skapingssogene (1.Mos.1-2) og vi får komme inn til Guds kvile, for han skaper noko som står til evig tid, slik som Salomo sa i Forkynnaren.

Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.

Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.

Men dei skjønar ikkje det verk

som Gud har gjort frå fyrst til sist.

12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei

enn å gleda seg og gjera vel i livet. 

13 Men når ein mann får eta og drikka

og vera lukkeleg i alt sitt strev,

er det òg ei gåve frå Gud. 

14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,

varer til evig tid.

Ikkje kan ein leggja noko til,

og ikkje kan ein ta noko ifrå.

Gud har laga det så

for at menneska skal ha age for han. 

15 Det som er, har eingong vore,

og det som skal henda, har hendt før.

Gud tek fram att det som kvarv.

Tempelet er symbol på den himmelske heilagdomen og symbol for menneskets kropp, for den er og skal vere eit tempel for den Heilage Ande. Salomo kledde tempelet innvendig med gull, det er symbol på trua (1.Pet.1,7). 

Dyrets tall 666; kjem ikkje inn til Guds kvile.

Salomo vart rik som konge, han fekk inn 666 talentar gull i året. Det er Dyrets tal i Joh.Op.13 og det er nok ikkje tilfeldig. Gud skapte landdyra og menneska den sjette dagen og så kvilte han den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag. Derfor vert sjutalet rekna som heilagt og fullkome, vi har til dømes den sjuarma lysestaken, steinen med sju augo og Guds lam med sju augo (Sak.3,9 & 4,4 Joh.Op.1,20 & 5,6). Talet 666 kan då bety at menneska enno ikkje er komne inn til Guds kvile, fordi dei strevar framleis med noko som ikkje er fullkome og vert gjorde til trælar. Dei vert haldne utanfor, så dei ikkje får komme inn. Salomo fekk seg mange framande koner og når han vart gamal, klarde dei å vende hjarta hans bort får Herren. Herren refsa han for det, men like vel audmjuka han seg ikkje for Herren og vende om til han, slik som David hadde gjort. Derfor vart riket hans delt etter han, son hans fekk berre sør-riket, Juda. Jeroboam vart konge i Nord-Riket, han sette opp to kalve-statuer som skulle vere gudar for dei, så dei ikkje skulle vende seg til Jerusalem igjen, for då ville dei kanskje vende tilbake til Davids hus og han og ætta hans ville miste kongsmakta. Dette til tross for lovnaden Guds profet hadde gitt han. Dette har eg skrive om her: 

Då vart det slik at den eine kongen etter den andre tok over makta og skulle hemne det den førre kongen hadde gjort, så den næraste ætta hans vart utrydda. Det hadde også i gjere med å sikre at ingen kunne vere i stand til å ta tilbake makta. Slik var det ingen som fekk ro og fann kvile. 

Noko liknande ser vi også når dei kom desse store rika. Kongen av Babylon skulle hemne det som småkongane hadde gjort mot kvarandre og spesielt mot Israel, hemne at dei forguda seg sjølve og hemne urett i handel. Til tross for at Gud kalla Babylonar-kongen for sin tenar, ville han hemnde det som Babylonarkonge og Babels Dotter hadde gjort. Det vart ved det neste store riket, Media.

Assyria, Babylonia, Media og Persia.

 

Gud brukte Assyrarkongen, som når nokon slår med ein stav, men då er det ikkje staven som svingar den som slår.

Sjølv om Gud ikkje var fysisk synleg, var det han som brukte assyrarkongen som sitt vreideris, til å straffe folka med, som ein stav som han slo med, men då var det ikkje staven som svinga den som slo. Assyrarane tok Samaria i 722 f.Kr. Sidan prøvde dei å ta Jerusalem også, men kong Hiskia i Jerusalem bad til Gud for byen og han svarde han gjennom profeten Jesajas. Assyrarkongen briska seg mot Israels Gud, men det gjekk ikkje vel.

Jes.10,1 Ve dei som gjev urettferdige lover

og føresegner som er til ulukke! 

2 Dei driv småkårsfolk bort frå retten

og tek frå dei verjelause i mitt folk

det dei har rett på.

Enkjene gjer dei til sitt hærfang,

og farlause plyndrar dei. 

3 Men kva vil de gjera på rekneskapsdagen,

når stormveret kjem langt bortanfrå?

Kven vil de fly til etter hjelp,

og kvar vil de gjera av rikdomen dykkar? 

4 Då er det ingen annan utveg

enn å siga i kne mellom fangar

eller å falla mellom dei drepne.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand.

Domen over Assurs hovmod

5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand. 

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.  

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

8 Han seier: «Er ikkje mine stormenn

kongar alle saman? 

9 Gjekk det ikkje Kalno som Karkemisj?

Gjekk det ikkje Hamat som Arpad,

og Samaria som Damaskus?  

10 Når mi hand har nått til dei rika

der dei dyrka andre gudar,

og der det var fleire gudebilete

enn i Jerusalem og Samaria,

11 skulle eg ikkje då kunna gjera det same

med Jerusalem og gudebileta der

som eg gjorde med Samaria og gudane der?»

12 Men når Herren har fullført alt sitt verk

på Sion-fjellet og i Jerusalem,

då krev eg Assur-kongen til rekneskap

for fylgjene av hans hovmodige ferd

og for trassen i hans stolte augo. 

13 For han har sagt:

«Dette har eg gjort med mi sterke hand,

og i min visdom, for eg er klok.

Eg sletta ut grenser mellom folkeslag

og plyndra skattane deira.

I mitt velde støytte eg fyrstar frå trona.

14 Mi hand greip etter rikdomen åt folka

som ein grip etter eit fuglereir.

Som ein samlar inn egg når fuglen er flogen,

har eg samla alle land på jorda.

Det fanst ingen som rørte ein veng

eller opna nebben og peip.»

15 Briskar vel øksa seg mot den som høgg,

set saga seg over den som sagar?

Som om staven skulle svinga han som lyfter han,

og stokken lyfta han som ikkje er av tre!

16 Difor skal Herren, Allhærs Gud,

senda tærande sjukdom

mellom assyrarkongens sterke menn.

Under all hans herlegdom skal det kveikjast ein eld,

og som eit bål skal han loga.

17 Israels ljos skal verta ein eld,

Israels Heilage ein loge

som brenn i landet hans

og øyder både torn og tistel

på ein einaste dag. 

18 Han skal gjera ende på rubb og stubb

i dei herlege skogane og hagane hans.

Det skal gå som når ein sjuk tærest bort.

19 Dei tre som vert att i skogen,

skal vera lette å telja;

ein smågut kan skriva dei opp.

Sjå også 2.Kong.19.

Kan vel leiren seie til pottemakaren, kvifor formar du meg slik?

Jeremias profeterte om at Babylonarkongen skulle legge Jerusalem i grus, Gud kalla han endåtil sin tenar. Dei var som leiren i pottemakarens hand, Gud gjorde med dei slik som han ville, slik som pottemakaren formar leiren til eit nytt kar. Det var brutalt, byen skulle leggast i grus og folket verte bortførde til Babylonia. 

Jer.18,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.» 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5 Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.  7 Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.  8 Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.  9 Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta. 10 Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11 Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:

Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!  12 Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»

Dei kristen brukar dette bibelverset til å forkynne korleis det er å vende seg til Kristus og ta imot den nåden Gud gir oss i han.

Jes.57,14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk! 

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste. 

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Lagnaden var fastsett hos Babylonar-kongen, slik også hos Dyret i Op.13.

Gud dømde Jerusalem, så lagnaden deira vart fastsett.

Jer.15, 1 Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara!  2 Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:

Til døden med dei som er etla til å døy,

lat sverdet råka dei som skal falla for sverd,

og svolt dei som skal svelta i hel,

i fangenskap med dei som skal takast til fange!

3 På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda.  4 Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.

Dette kan vi samanlikne med Joh.Op.13,10.

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

5 Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.  6 Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen. 7 Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag.  8 Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta.  9 Den som har øyro, han høyre dette! 10 Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.

Gud ville vende lagnaden for folket sitt.

Jeremias profeterte om at Gud ville vende lagnaden for folket sitt (Jer.33), så dei skulle få komme attende frå Babylonia, til landet sitt. Det er også ein Messias-profeti og ein profeti om den levittiske prestetenesta (v.17-22), på grunnlag av Sak.3 kan vi vite at det er ved at den levittiske prestetenesta vert førebilete på prestetenesta i den nye pakt. Eigentleg vert den erstatta, ved at Jesus bar fram eitt syndeoffer ein gong for alle, Gud ville ikkje lenger ha slike offer, like vel er der eit poeng i at prestetenesta i den gamle pakt er førebilete for prestetenesta i den nye pakt.

Jer.33,1 Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han sat fengsla i vaktgarden, og det lydde så:  2 Så seier Herren, han som skapte og forma jorda og gjorde henne fast, – Herren er hans namn: 3 Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til.

4 For så seier Herren, Israels Gud, om husa her i byen og om Juda-kongens gardar, som vart rivne ned for å brukast til vollar og vern  5 då folket kom i strid med kaldearane og byen vart fylt med lik av menneske: Eg har slege dei ned i min vreide og harme og vendt meg bort frå denne byen, fordi dei har gjort så mykje vondt. 6 Sjå, eg vil la såra gro, lækja og heila dei, og så vil eg syna dei ein rikdom av varig fred og lukke.  7 Eg vil venda lagnaden for Juda og Israel og byggja dei som i den fyrste tid. 8 Eg vil reinsa dei for all skuld dei førte over seg då dei synda mot meg, og tilgje dei alle misgjerningane dei gjorde mot meg då dei svikta meg.  9 Og byen skal få eit namn som vert til glede for meg, til pris og ære mellom alle folkeslag på jorda, når dei høyrer om alt det gode eg gjer for dei. Då skal dei skjelva i undring over all den lukke og fred eg gjev dei.

10 Så seier Herren: De seier at dette er ein øydestad, utan menneske og dyr. Men her, i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, som er så aude at ingen held til der, korkje folk eller fe, der skal det endå ein gong lyda  11 fagnadrop og glederop, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Pris Herren, Allhærs Gud, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet, så det vert som i den fyrste tid, seier Herren.

12 Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg. 13 I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren.

14 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.  15 I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet.  16 I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd».  17 For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.  18 Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.

19 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 20 Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid, 21 då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg. 22 Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast.

23 Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så: 24 Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk.

25 Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord, 26 vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.

Legg merke til logikken i vers 19 og 25. Dersom dei kunne bryte hans pakt med dagen og natta (vers 19, 1.Mos.1,5), så ville han bryte si pakt med David og levitt-prestane. Det er ikkje det same som å love at han ikkje ville bryte desse paktene, men lovnadane om å halde paktene ved lag, kjem i vers 22. Dersom han ikkje hadde gjort pakt med  dag og natt og gitt lover for himmel og jord, så ville han støyte frå seg ætta til Jakobs og David og ikkje ta nokon av dei til å herske over Abrahams ætt. Men han har då gjort pakt med dag og natt og sett lover for himmel og jord, så kva då? Jau, han vil vende lagnaden deira og miskunna seg over dei. 

Babylons fall.

Jeremias profeterte om at kongen og statthaldaren i Media ville leie mange folk mot Babylonia og legge de aude (Jer.51,28). Gud kalla Israel for sin hammar, sitt stridsvåpen (vers 20 ….), men det var då andre han brukte til dette. Israelsfolket hadde berre med å ta røminga bort frå Babylonia, for å berge seg sjølve,. Så ikkje dei også vart felte av krigarane.

Jer.51,1 Så seier Herren:

Eg reiser ein øydande storm

mot Babylon og dei som bur i Leb-Kamai. 

2 Eg sender folk til å spreia babylonarane,

som når ein reinsar korn.

Dei skal leggja landet i øyde

når dei set på det frå alle kantar

den dagen ulukka kjem.

3 Skyttaren skal ikkje spenna bogen

og ikkje briska seg i brynja.

Spar ikkje dei unge mennene i byen,

bannstøyt heile hæren der!

4 Menn skal drepast og falla i Kaldea,

gjennombora ligg dei på gatene.

5 Israel og Juda er ikkje som enkjer,

gløymde av sin Gud, Herren, Allhærs Gud,

endå landet deira er fullt av skuld

mot Israels Heilage.

6 Røm frå Babylon, berga dykk alle!

Miss ikkje livet når byen får si straff.

Dette er ei hemne-tid for Herren;

han gjev dei att for det dei har gjort. 

7 Babel var eit gullstaup i Herrens hand

og gjorde heile verda drukken.

Folkeslaga drakk av vinen,

difor bar dei seg åt som galne. 

8 Brått er Babel fallen og knust.

Set i med klagerop over henne!

Henta balsam for hennar sår,

kanskje kan dei lækjast. 

9 «Vi prøvde å lækja Babel,

men det lét seg ikkje gjera.

Lat henne liggja, så vi kan fara,

kvar til sitt eige land.

For domen over henne når til himmelen,

radt opp til skyene rekk han.» 

10 Herren har synt at vi var skuldlause.

Kom, lat oss fortelja på Sion

kva Herren vår Gud har gjort. 

11 «Gjer pilene kvasse, fyll pilehusa!»

Herren har eggja medarkongen;

for han aktar å øydeleggja Babylon.

Det er Herrens hemn,

han vil hemna sitt tempel.  

12 Lyft fana mot Babylons murar,

gjer vakthaldet sterkare,

set ut vakter

og legg nokre i bakhald!

For Herren har tenkt ut ein plan

og set i verk det han har tala

mot folket i Babylon.

13 Du som bur ved dei store elvane

og er så rik på skattar,

no er enden komen for deg,

din livstråd skal skjerast av. 

14 Herren, Allhærs Gud,

har svore ved seg sjølv:

Eg skal fylla deg med menneske,

tallause som ein grashoppesverm.

Dei skal setja i med jubelrop mot deg.

15 Herren skapte jorda med si kraft,

han grunnla fastlandet i sin visdom

og spente ut himmelen med skjøn. 

16 Når han tornar, brusar vatnet i himmelen,

han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda,

han lèt lyna blinka og regnet falla

og sender vinden frå hans opplagsrom.

17 Alle menneske er dumme og uvituge.

Kvar gullsmed må skjemmast av sine gudebilete,

dei støypte bileta hans er lygn,

det er ikkje ånd i dei.

18 Gagnlause er dei, eit verk til å spotta,

i rekneskapsstunda er det ute med dei.

19 Såleis er ikkje han som er Jakobs del,

for det er han som skaper alt.

Israel er hans eiga ætt,

Herren, Allhærs Gud, er hans namn.

Herrens hamar

20 Du er min hamar, mitt stridsvåpen.

Med deg knuser eg folkeslag,

øyder eg kongerike. 

21 Med deg knuser eg hest og ryttar,

knuser eg vogn og køyrekar.

22 Med deg knuser eg mann og kvinne,

knuser eg gamal og ung,

knuser eg gut og jente.

23 Med deg knuser eg gjætar og buskap,

knuser eg bonden og oksane hans,

knuser eg statthaldarar og styresmenn.

24 Men Babylon og alle som bur i Kaldea,

gjev eg att, beint framfor augo dykkar,

for alt det vonde dei gjorde mot Sion,

lyder ordet frå Herren.

25 Eg kjem mot deg, du Tyningsfjell,

som øydelegg heile jorda, seier Herren.

Eg retter ut handa mot deg,

velter deg ned frå fjellknausane

og gjer deg til eit utbrent berg.

26 Dei skal ikkje ta ein stein ifrå deg

til hjørnestein eller grunnmur.

Ei evig audn skal du verta,

lyder ordet frå Herren. 

Striden mot babylonarane

27 Lyft ei fane på jorda,

blås i horn mellom folka,

vigsla folkeslaga til strid mot Babylonia!

Kall saman kongerike mot landet,

Ararat, Minni og Asjkenas.

Set ein hærførar over dei!

Før fram hestar som bustete grashopper!  

28 Vigsla folkeslaga til strid mot Babylonia,

kongen og statthaldarane i Media,

alle styresmennene der

og heile det landet kongen rår over.

29 Jorda dirrar og skjelv,

for no set Herren i verk

dei planar han har mot Babylonia:

å gjera landet til ei øydemark

der ingen kan bu.

30 Krigarane i Babylon har gjeve opp striden,

dei sit i ro i borgene.

Deira kraft er borte,

dei har vorte som kvinner.

Det er sett eld på bustadene i byen,

og bommane er brotne. 

31 Den eine lauparen renner mot den andre,

eitt sendebod møter eit anna

når dei skal gje babylonarkongen melding

om at byen er teken frå alle kantar,

32 at vadestadene er tekne

og bolverka brende

og stridsmennene gripne av redsle.

33 Ja, så seier Herren,

Allhærs Gud, Israels Gud:

No liknar Babels dotter

ein treskjevoll som er trakka hard.

Det er berre ei lita stund,

så kjem hausten for henne.

Herrens hemn

34 Nebukadnesar, kongen i Babylonia,

har ete meg opp og soge meg ut

og sett meg bort som eit tomt kjerald.

Han slukte meg som eit sjøbeist,

fylte sin buk med mitt beste kjøt

og slengde meg sidan bort.

35 Lat den urett og skade eg har lide,

koma over babylonarane!

seier dei som bur i Sion.

Lat dei som bur i Kaldea,

få bøta for mitt liv!

seier folket i Jerusalem.

36 Difor seier Herren:

Sjå, eg fører di sak

og fullfører hemnen for deg.

Eg legg elva i Babylonia turr

og turkar ut hennar kjelder.

37 Babylon skal verta ei steinrøys,

ein tilhaldsstad for sjakalar,

ein stad til skræmsle og spott,

der ingen kan bu. 

38 Dei brøler alle som unge løver

og knurrar som løveungar.

39 Når dei brenn av lyst,

steller eg til eit drikkelag for dei.

Eg gjer dei så drukne at dei sovnar;

dei fell i ein evig svevn,

som dei ikkje skal vakna or,

lyder ordet frå Herren. 

40 Eg fører dei til slakting som lam,

som verar og bukkar.

41 Å, at Sjesjak er slegen og teken,

byen som var lovprist på heile jorda!

Å, at Babylon har vorte

ei skræmsle mellom folkeslaga! 

42 Havet har stige opp over Babylonia,

og gøymt landet med sine brusande bylgjer.

43 Byane der har vorte ei audn,

eit turt og livlaust land.

I dei held ingen til,

ikkje eit menneske ferdast der.

44 Eg heimsøkjer Bel i Babylon;

det som han har slukt,

dreg eg ut or munnen hans.

Folkeslag skal ikkje lenger

koma strøymande til han.

Muren kring Babylon er òg fallen.

45 Mitt folk, far ut or byen!

Kvar og ein må berga livet

for Herrens brennande vreide. 

46 Miss ikkje motet, og ver ikkje redde

når rykte breier seg i landet,

når det kjem éi tidend det eine året

og ei anna året etter,

når det rår vald og urett på jorda,

og herskar reiser seg mot herskar. 

47 Sjå, difor skal dagar koma

då eg heimsøkjer gudebileta i Babylonia,

så heile landet vert til skammar,

og alle mennene vert drepne og fell.

48 Himmel og jord og alt som i dei er,

skal triumfera over Babylon,

når folk frå nord dreg fram mot byen

og herjar han,

lyder ordet frå Herren. 

49 Babylon må falla

til hemn for dei drepne i Israel,

liksom folk over heile jorda

vart drepne og fall for Babylon skuld.

50 De som slapp unna sverdet,

far av stad, stans ikkje her!

Kom Herren i hug i landet langt borte,

og ha omtanke for Jerusalem! 

51 «Vi skjemmest, for vi fekk høyra spottord,

andletet vårt er raudt av skam;

for framande har trengt inn

i heilagdomen, Herrens hus.»

52 Difor skal dagar koma, seier Herren,

då eg heimsøkjer gudebileta i Babylonia;

i heile landet skal såra menner stynja.

53 Om Babel stig opp til himmelen

og gjer si høgborg utilgjengeleg,

skal eg senda folk som herjar henne,

lyder ordet frå Herren.  

54 Høyr skriket som lyder frå Babylonia,

eit veldig brak frå Kaldearlandet.

55 Det er Herren som øydelegg Babylonia

og gjer ende på alt ståket i landet.

Bylgjer brusar som ein mektig flaum,

det høyrest dur og drøn frå dei.

56 For mot Babylonia kjem det

ein fiende som herjar;

krigarane der vert tekne til fange

og bogane deira brotne.

For Herren er ein Gud som gjev attergjeld,

i fullt mål gjev han att. 

57 Eg gjer deira hovdingar og vismenn drukne,

deira statthaldarar, styresmenn og krigarar med.

Dei skal falla i ein evig svevn,

som dei ikkje vaknar or, seier Kongen

– Herren, Allhærs Gud, er hans namn. 

58 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Dei tjukke murane kring Babylon

skal rivast til grunnen

og dei høge portane brennast.

Så har folka ingenting att for sitt strev,

det ætter har stridt med, går opp i logar. 

Jeremias bodskap til Babylon

59 Dette er det påbodet profeten Jeremia gav Seraja, son til Neria Maksejason, då han fór til Babylonia saman med Juda-kongen Sidkia, i det fjerde året han var konge. Det var Seraja som sytte for herberge.

60 Jeremia hadde skrive opp i ei bok all den ulukka som skulle koma over Babylon. Det er alle dei orda som her er skrivne om byen. 61 Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babylon, skal du syta for å lesa opp alt dette. 62 Du skal seia: «Herre, du har tala mot denne staden og truga med å øydeleggja han, så ingen kan bu der, korkje folk eller fe. Han skal verta ei audn for alltid.» 63 Når du så er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat  64 og seia: «Såleis skal Babylon søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over byen.

Her endar orda åt Jeremia.

Dette liknar svært mykje på Joh.Op.18. 

Media.

Dette skulle vel høve med at medaren Dareios tok over makta. Men dette vart ikkje særleg dramatisk for Daniel, før det vart gjort krav om at han skulle dyrkast som ein gud og ingen hadde lov til å dyrke nokon annan gud i 30 dagar.

Dan.5,29 Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjede om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.  30 Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.

Dan.6,1 Medaren Dareios tok imot riket. Han var då 62 år gamal.

Dareios fann for godt å setja 120 satrapar over riket. Dei skulle bu rundt ikring i heile riket. 3 Over dei sette han tre riksrådar, og av dei var Daniel den eine. For dei skulle satrapane gjera rekneskap, så kongen ikkje skulle lida noko tap. 4 Daniel merkte seg ut framfor dei andre riksrådane og satrapane, fordi det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket. 5 Då prøvde riksrådane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei kunne ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hjå han.  6 Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko å seia på gudsdyrkinga hans.»

7 No skunda riksrådane og satrapane seg inn til kongen og sa til han: «Kong Dareios leve evig!  8 Alle riksrådane, statthaldarane, satrapane, rådsherrane og landshovdingane har samrådt seg: Kongen bør fastsetja at det skal gjevast eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola. 9 Gjev no eit slikt påbod, konge, og skriv det opp, så det ikkje kan endrast, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.»  10 I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

11 Så snart Daniel fekk vita at skrivet var utsendt, gjekk han inn i huset sitt. I tak-kammeret hadde han opne vindaugo som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, nett som han før hadde gjort.  12 Då kom desse mennene farande inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13 Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehola?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan gjerast om inkje.» 14 Då sa dei til kongen: «Daniel, ein av dei bortførte frå Juda, bryr seg korkje om deg eller om det påbodet du har sendt skriv om, men held si bøn tre gonger om dagen.»

15 Då kongen høyrde det, vart han ille til mote og tenkte på korleis han kunne berga Daniel. Heilt til solnedgang gjorde han det han kunne for å finna ein utveg til å fria han ut. 16 Då kom desse mennene farande inn til kongen og sa til han: «Kom i hug, konge, at det er medisk og persisk lov at ikkje noko påbod som kongen har gjeve, og inga avgjerd som han har teke, kan endrast.» 17 Så baud kongen at dei skulle henta Daniel og kasta han i løvehola. Kongen sa til Daniel: «Gjev din Gud, som du stendig dyrkar, må frelsa deg!» 18 Dei henta ein stein og la han over opninga til hola. Kongen forsegla han med sitt eige segl og med seglet åt stormennene sine, så det ikkje skulle gjerast noko om att i det som hadde hendt med Daniel. 19 Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt og fasta heile natta. Han lét inga av fylgjekonene sine koma inn til seg. Og han fekk ikkje sova.

20 Tidleg om morgonen, då det tok til å dagast, stod kongen opp og skunda seg til løvehola. 21 Då han kom bort til hola, ropa han full av otte på Daniel og sa til han: «Daniel, du tenar for den levande Gud, har din Gud, som du stendig dyrkar, kunna frelsa deg frå løvene?» 22 Då svara Daniel: «Kongen leve evig! 23 Min Gud sende engelen sin og lét att gapet på løvene, så dei ikkje har gjort meg noko vondt. For eg er funnen skuldfri for han; og mot deg, konge, har eg heller ikkje gjort noko gale.» 24 Då vart kongen hjarteglad og baud at dei skulle dra Daniel opp or hola. Då dei hadde drege Daniel opp, fanst det ingen skade på han; for han hadde sett si lit til sin Gud.  25 Kongen sa no frå at dei mennene som hadde klaga Daniel, skulle hentast og kastast i løvehola saman med borna og konene sine. Og endå før dei var komne til botnar i hola, rauk løvene på dei og krasa kvart beinet i kroppen deira.

26 Etter dette skreiv kong Dareios til alle folk og ætter med ulike språk på heile jorda: «Eg ynskjer dykk fred og lukke.  27 Med dette byd eg at folket i heile mitt rike skal ha age for Daniels Gud og skjelva for han.

For han er den levande Gud,

han skal vera til evig tid.

Hans rike går ikkje til grunne,

hans velde tek aldri slutt.

28 Han frelser og friar ut,

han gjer teikn og under

i himmelen og på jorda.

Det var han som frelste Daniel frå løvene.»

29 Sidan gjekk det Daniel vel både medan Dareios og Kyros var kongar i Persia.

Historia.

Syndefloda.

Historia om syndefloda (1.Mos.7) har vorte prova ved arkeologisk utgraving ved Eufrat og Tigris, der er funne eit gjørmelag som er opptil tre meter tjukt, så der må ha vore ei fæl flaumkatastrofe for 3000 år sidan.

Mesopotamia.

I Mesopotamia vart det elvekultur, eit grødrikt land med jordbruk, Sinear var landet mellom elvemynna til Eufrat og Tigris. Der kom tre rike, først Sumer, så Babylonia og så Assyria. Sumer var sjølvstendige bystatar med kvar sin konge. Dei var ikkje semittar og budde ved nedre del av elvane rundt 3000 f.Kr. Dette er omtala i 1.Mos.11.

1.Mos.11,1 Heile verda hadde eitt språk og same tungemålet. 2 Då folk tok ut frå aust, fann dei ein brei dal i Sinear-landet, og der slo dei seg ned. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, lat oss laga teglstein og brenna han vel!» Dei bruka tegl til murstein og jordbek til kalk. 4 Så sa dei: «Kom, lat oss byggja ein by med eit tårn som når opp til himmelen, og gjera oss namngjetne, så vi ikkje vert spreidde ut over heile jorda!»

5 Då steig Herren ned og ville sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Og Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og alle har dei same tungemålet. Dette er det fyrste dei tek seg føre. No vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei så finn på å gjera. 7 Lat oss stiga ned og vildra tungemålet deira, så den eine ikkje skjønar kva den andre seier!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel. For der vildra Herren tungemålet for heile verda, og derifrå spreidde han dei ut over all jorda.

Arabia var heimlandet til semittane og herifrå kom det fleire åtak mot Sumer. I Babylonia, nord for Sumer, gjorde semittane seg til herrar og kring 1800 f.Kr. tok dei Sumer også, så dei rådde i heile Mesopotamia.

Assyria.

Assyrarane var eit semittisk krigarfolk som hadde grunnlagt eit rike ved Tigris og mot slutten av 1200 f.Kr tok dei Babylonia. Det vart eit storrike som nådde frå Iran til Egypt og det var eit produkt av jernalderen. Jesajas profeterte om at Gud kalla dei til å straffe folket sitt.

Jes.5,20 Ve dei som kallar det vonde godt

og det gode vondt,

dei som gjer mørker til ljos og ljos til mørker,

beiskt til søtt og søtt til beiskt! 

21 Ve dei som er vise i eigne augo

og kloke i eigne tankar! 

22 Ve dei som er heltar – til å drikka vin,

og djerve karar – til å blanda sterk drikk,

23 som frikjenner den skuldige for pengar

og ikkje lèt den skuldlause få sin rett! 

24 Difor, liksom eld øyder halm,

og høy sig saman i logen,

så skal rota deira rotna

og blomen føykjast bort som støv.

For dei har vraka lov og lære

frå Herren, Allhærs Gud,

og vanvørdt ordet frå Israels Heilage. 

Herrens vreide og straff

25 Difor logar Herrens vreide mot folket hans.

Han retter ut handa og slår det,

så fjella skjelv, og lika ligg som avfall i gata.

Men med det har harmen hans ikkje lagt seg,

og enno retter han ut si hand. 

26 Han reiser eit hærmerke

for eit folk langt borte

og plystrar det hit frå enden av jorda.

Og sjå, der kjem dei, snøgt og lett.  

27 Det finst ingen der

som er trøytt eller snåvar,

ingen som blundar, og ingen som søv.

Beltet om livet losnar ikkje,

og inga skoreim slitnar.

28 Pilene deira er kvasse,

og bogane deira er alle spente,

hestehovane er som flint

og vognhjula som ein kvervelvind.

29 Dei brøler som løver,

brøler som unge løver.

Knurrande grip dei sitt rov

og ber det bort

– det er ingen som bergar.

30 Den dagen skal det dura over folket,

som når havet durar.

Ser ein ut over jorda,

er det trengsle og mørker.

Ljoset kverv under tunge skyer.

På slutten av 600-talet vart det ein lang tronstrid i Assyria, så Babylonarane og andre folk nytta høvet til opprør og fria seg frå åket.

Jerusalems fall.

Jojakin var berre 18 år, då han vart konge i Jerusalem og han regjerte berre i tre månader, for Babylonar-kongen kringsette byen og då overgav han seg frivillig og vart bortførd til Babylonia, i 597 f.Kr. Så sette han Sidkia til å regjere i Jerusalem, men han gjorde opprør og hæren til Nebukadnesar kringsette byen på nytt. Den fall i 587 f.Kr, byen vart brend, tempelet og bymuren vart riven (2.Kong.25).

2.Kong.25,27  I det trettisjuande året etter at Jojakin, Juda-kongen, var bortført, den tjuesjuande dagen i den tolvte månaden, hende det at Evilmerodak, kongen i Babylonia – same året som han vart konge – tok kong Jojakin til nåde og henta han ut or fengslet.  28 Han tala venleg med han og lét han få sitja høgare oppe enn dei andre kongane som var hjå han i Babylon. 29 Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.  30 Det han trong til livsopphald, fekk han jamleg frå kongen, dag for dag så lenge han levde.

Då måtte dette vere 560 f.Kr.

Det nybabylonske riket, Media og Persia.

Medarane var eit indoeuropeisk folk som trengde inn i landet frå nord. Saman med babylonarane tok dei hovudstaden Ninive i 612 f.Kr. Nebukadnesar 2. var ein stor hærførar og dyktig styrar, under han fekk det Nybabylonske riket ei stordomstid. Men sidan vart det tronstrid og borgarkrig og dei undertrykte folka gjorde opprør. Persarane trengde på og i 539 f.Kr. tok persarkongen Kyros 2. Babylon. Dermed tok indoeuropearane over som herskarar etter semittane.

Sitat frå https://snl.no/Babylonia :

Det nybabylonske riket ble grunnlagt av Nabopolassar (cirka 625–605 fvt.), også han av arameisk opphav. Han overtok tronen i Babylonia etter en lang og omfattende maktkamp, med motstand både fra babylonere og assyrere. Med hjelp fra Media svekket han ytterligere assyrernes makt og erobret de viktigste assyriske byene (AssurNinive, Tarbisu, Kalhu/Nimrud), Harran).

Egypt representerte fortsatt en trussel og ville utnytte det politiske vakuum etter Assyrias fall til selv å overta hegemoniet i Midtøsten. I slaget ved Karkemish i 605 fvt. slo Nebukadnesar 2., Nabopolassars sønn og tronfølger, såvidt egypterne. I et nytt slag vant han en overbevisende seier. Nabopolassar døde under felttoget, og Nebukadnesar kunne overta tronen.

Nebukadnesar 2.

Nebukadnesar 2. konsoliderte Nabopolassars rike gjennom stadige hærtokter. Kildene forteller at han i løpet av en tiårsperiode personlig ledet ikke mindre enn åtte felttog. Han erobret etter hvert hele Mesopotamia og Palestina/Syria, og i hans tid vokste Babylonia til en stormakt og ble det ledende imperium i Midtøsten.

I 598 fvt. ledet Nebukadnesar 2. nok en kampanje for å nøytralisere egyptvennlige stater. I den forbindelse ble Jerusalem erobret, og kongen i JudaJojakin, ble ført til Babylonia. Hans onkel ble utnevnt til vasallkonge i Juda. Kildene til Nebukadnesar 2.s felttog er særlig Den babylonske krønike, som dekker begivenhetene frem til 594 fvt.

Den endelige erobringen av Jerusalem fant sted i 586 fvt., også denne gangen i forbindelse med et felttog for å pasifisere Egypts allierte og sympatisører. Kongen i Juda, Sidkia, som var utnevnt av babylonerne, ble deportert til Babylon, og Gedalja innsatt som guvernør. En stor del av landets jødiske befolkning ble ført i eksil til Babylonia, og Juda ble en babylonsk provins og inkorporert i det babylonske riket. Hendelsene er omtalt i 2. Kongebok 25, 24–25 og i 2. Krønikebok 36, samt i et fragment av en babylonsk historisk tekst.

I 567 fvt. kom det til et nytt slag med Egypt. Nebukadnesar tapte, men den egyptiske tronarvingen ble drept. Etter dette synes forholdet mellom Egypt og Babylonia å ha stabilisert seg.

………

Styret under Nebukadnesar 2. var tilsynelatende vellykket, men det var problemer med å beholde kontrollen over det store riket. Det var opprør blant offiserer i hæren, og medlemmer av overklassen brøt den lojalitetseden de hadde sverget til kongen. Etter Nebukadnesar 2.s død ble imperiet ytterligere svekket av alvorlige tronstridigheter.

Nebukadnesar 2.s sønn og etterfølger, Amel-Marduk (cirka 561–560 fvt., Bibelens Evilmerodak), regjerte i knapt to år før han ble drept av sin egen svigersønn, Neriglissar (cirka 559–556 fvt.), som døde etter kort tid. Dennes sønn, Labashi-Marduk, knapt et barn ved farens død, ble raskt satt ut av spill og drept etter å ha vært konge i en knapp måned.

Etter dette blodbadet ble tronen overtatt av Nabonid (cirka 555–539 fvt.). Under Nabonid fortsatte det nybabylonske riket sin storhetstid. Han var en dyktig hærfører, ledet suksessrike felttog til Arabia og var borte fra hjemlandet i 10 år.

………

Vanstyre under Nebokadesar 2.s etterfølgere svekket Babylonia. Da perserkongen Kyros 2. (den store) beleiret Babylon i 539 fvt., kunne han marsjere nærmest uhindret inn i landet med babylonernes egen velsignelse. Dette er beskrevet på den berømte Kyrossylinderen, som Kyros lot utføre på akkadisk, og i stilen til de klassiske babylonske bygningsinnskriftene. Dermed var det slutt på det mektige nybabylonske riket.

Babylonia ble nå en del av det store persiske riket. Allerede året etter (538 fvt.) ustedte Kyros 2. et dekret som ga de bortførte jødenetillatelse til å vende hjem til Jerusalem og gjenoppbygge tempelet. Mange dro, men mange valgte heller å bli igjen i Babylonia. Dette ble opprinnelsen til et tallrikt jødisk diasporasamfunn som besto helt til 1950–årene.

SITAT SLUTT.

Media.

Media var eit stort rike nord og aust for Babylonia tidleg på 500-talet f.Kr. Sitat frå https://snl.no/Media :

Media var grekernes navn på de nordvestlige delene av det gamle Persia, som omfatter AserbajdsjanKurdistan og Kermanshah i det moderne Iran. Media var i første årtusen fvt. befolket av et iransk folk, mederne. Mederne har ikke etterlatt seg egne skriftlige kilder, så vår kunnskap om deres samfunn og erobringer stammer hovedsakelig fra ikke-mediske kilder.

Ifølge den greske historieskriveren Herodot(400–tallet fvt.) grunnla mederne omkring 700 fvt. et rike med en sterkt sentralisert kongemakt, men dette er ifølge moderne forskning for tidlig. Man antar at landet først ble samlet under kong Kyaxares (cirka 625–585 fvt.). Hovedstaden i Media var Ekbatana (nå kalt Hamadan). I forbund med babylonerne erobret Kyaxares det nyassyriske riket cirka 612 fvt., og Media ble i en periode en av stormaktene i Midtøsten.

I 559 fvt. tok Kyros 2 makten over perserne og begynte sine erobringer av nye landområder, som også omfattet Media. Det finnes flere versjoner av fortellingen om hvordan Media ble underlagt perserne. Herodot skriver at perserne var vasaller under Media, men at Kyros overtalte deres soldater til å gjøre opprør. Den siste kongen i Det nybabylonske riketNabonid, lot nedtegne at Kyros beseiret mederne allerede i 553 fvt.

Babylonske krøniker forteller derimot en litt annen versjon av hendelsene. Ifølge krønikene var det den mediske kongen Astyagessom angrep Kyros 2 i 550 fvt., men de mediske soldatene skal ha nektet å sloss og ha overlevert kong Astyages til Kyros 2. Denne skal så ha inntatt Ekbatana og tømt skattkammeret.

Hele det store Mederriket, som strakte seg fra grensen til Lydia lengst vest i Lilleasia til det østlige Iran, ble nå forenet med Persia. Men mediske tradisjoner og politiske institusjoner satte fortsatt et sterkt preg på akemenidenes rike.


5 responses to “Ny Tid 67. Endetidssyn 42. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 24. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 15. Den øydande styggedomen. 9. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 4. Assyria, Babylonia og Media. Dyrets tall 666 og den Store Skjøkje (Joh.Op.13 & 18).”

Leave a comment