Ny Tid 65. Endetidssyn 40. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 22. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 13. Den øydande styggedomen. 8. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 2. Ved trua på Kristus vert vi frelste frå det fundamentale klagemålet mot mennesket.

Bilete: Augustin.

Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :

Den klassiske greske filosofien endte egentlig i skeptisismen, men beholdt muligheten for sikker introspeksjon. Av sin indre erfaring i møtet med kristendommen skapte så Augustin ikke bare en ny historiefilosofi, men la også grunnen for sikker erkjennelse – jeg er, jeg vet, jeg vil – med den Gud som lever i kirkens tradisjon som det avgjørende premisset for all væren.

Den nyplatonske værens-metafysikk blir av Augustin omformet til en viljes-metafysikk som stiller all væren i umiddelbart forhold til Guds skapervilje. Uttrykt teologisk får all væren sin grunn i Guds nåde. Det onde ligger ikke i det skaptes materielle karakter, slik manikeismen hadde lært; det onde blir virkelig bare fordi mennesket fornekter sitt vesens grunn i Guds nåde og i stedet prøver å fylle tomrommet som derved oppstår med ting, uten sans for at dette er fåfengt ettersom tingene også har sin virkelighet av Guds nåde. Siden syndefallet må menneskeheten forstås som en massa perditionis, fortapt, som et vesen bestemt av concupiscentia, et uslukkelig begjær fordi det er rettet mot noe som ikke er Gud. «Du har skapt oss til deg, Gud, og vårt hjerte er urolig inntil det finner hvile i deg», hører til en av de første setningene i Confessiones.

Erstattningteologi?

Erstatningsteologi er at den kristen kyrkja erstattar jødedommen, men det er eit definisjonsspørsmål, for kva er eigentleg jødedommen og kva er eigentleg den Kristne Kyrkja. Det er begge deler Abrahams tru, han trudde Gud og det vart rekna han til rettferd. Han lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. 

Abraham demonstrerte trua ved å vise at han var villig til å ofre Sons sin, Isak, til Gud og viste dermed at han trudde at Gud kunne vekke han oppatt frå dei døde. Men han fekk ofre ei lam i staden. Dette er eit førebilete på at Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok i mot han, gav han rett til å verte Guds born. Gud forsona verda med seg, ved å la Son sin døy på korset, for å sone all verda si synd. Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Denne glade bodskapen skal forkynnast for alle folkeslag.

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/08/13/ny-tid-63-endetidssyn-38-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-20-det-var-fred-i-salomos-regjeringstid-men-han-2/

Gud skapte livet på jorda ved sitt Ord og så frelser han oss ved sitt Ord.

Gud skapte livet på Jorda ved sitt Ord og så frelser han oss ved sitt Ord (Joh.1). Jesus er Guds Ord, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. 

Joh.1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.  2 Han var i opphavet hjå Gud.  3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.  4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.  7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.  10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

I 1.Mos.1 er det fortalt at Gud skapte livet på jorda ved sitt Ord og i 1.Mos.2 er det fortalt meir om korleis han gjorde det, set i eitt anna perspektiv, i det personlege forholdet til Gud. Gud er den same og han skaper oss framleis slik, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

2.Kor.11, 2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus. 

Ef,5,21 Ver kvarandre underordna i age for Kristus.  22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv.  23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin.  24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.

25 De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,  26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord.  27 På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera.  28 På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. 30 For vi er lemer på hans lekam.  31 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda seg til kona si, og dei to skal vera eitt.  32 Dette er eit stort mysterium; no tenkjer eg på Kristus og kyrkja. 33 Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha age for mannen sin.

Livet vart planta i oss ved Guds Ord og det har kraft til å frelse vår sjel.

Joh.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Her er det viktig for oss å tru og erkjenne at Gud og hans Ord eksisterer, Gud er ånd og han gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande. Han skaper noko som er fullkome i oss og vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Vi kan berre ta imot Ordet som vart planta i oss og la det vekse, så det ber frelse som frukt (Jes.45,8).

Jes.45,1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros, som eg held i hans høgre hand

for å tvinga folkeslag under han,

løysa beltet av kongar

og opna dører for han,

så ingen port skal vera stengd.  

2 Eg vil gå føre deg.

Bakkar vil eg jamna,

bronsedører vil eg sprengja,

og jernbommar vil eg slå sund. 

3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,

og rikdomar, gøymde på løynlege stader,

så du skal vita at eg er Herren,

Israels Gud, som har kalla deg på namn.

4 For min tenar Jakobs skuld,

for Israel, min utvalde,

har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,

endå du ikkje kjende meg. 

5 Eg er Herren, og ingen annan,

utan meg finst det ingen Gud.

Eg spente beltet om livet på deg,

endå du ikkje kjende meg, 

6 så dei skal vita både i aust og vest

at det finst ingen annan enn eg.

Eg er Herren, og ingen annan. 

7 Eg skaper ljoset,

og eg lagar mørkret;

eg skaper lukke og ulukke.

Det er eg, Herren, som gjer alt dette. 

8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette.

Gud er ånd, han har skapt alle ting ved sitt Ord, så Gud og hans Ord og hans Ande er mest fundamentalt.

 

Velsigning eller forbanning? Svikaren.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og lova han at i hans ætt skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, dei som forbanna han, skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Ved å tru at Gud vekte han oppatt frå dei døde, vet vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Dei som velsignar han, vert velsigna, men dei som forbannar han, vert forbanna.

Kong David fekk strid i sitt hus, så endåtil eldste son hans, Absalom, gjorde opprør og ville ta over makta, så han måtte flykte for ei tid. Då var der nokre av hans næraste menn som sveik han. Dette er nok bakgrunnen for at han skreiv Salme 109 og det er også så tydeleg profeti om at folket vende seg bort frå Kristus, Judas sveik han og leia soldatane til han i Getsemane, men han flykta ikkje, for han skulle døy på forset, for å sone all verda si synd. Eg meiner dette har tilbakeverkande kraft, så det gjeldt for ugjerningane i den gamle pakt også, her er det då så tydeleg at han døde for David også.

Salme.109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.

Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!

2 No opnar dei gudlause munnen,

ein svikefull munn, imot meg.

Dei talar til meg med lygnartunge, 

3 kringset meg med hatefull tale

og strider mot meg utan grunn.

4 Til løn for min kjærleik

klagar dei meg; men eg bed.

5 Dei løner godt med vondt

og gjev meg hat for min kjærleik. 

6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,

lat ein klagar stå ved hans høgre side! 

7 Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn verta halden for synd! 

8 Lat hans levedagar verta få

og ein annan ta hans embete! 

9 Lat borna hans verta farlause

og kona hans enkje!

10 Lat borna flakka ikring og be seg,

gå tiggargang frå øydelagd heim.

11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,

framande skal rana frukta av hans strev.

12 Ingen skal visa han truskap meir

eller ynkast over hans farlause born.

13 Hans etterkomarar skal rydjast ut,

deira namn skal strykast i neste ættled. 

14 Herren skal minnast hans fedrars skuld,

synda åt mor hans skal ikkje takast bort. 

15 Herren skal alltid ha dei for auga,

minnet om dei skal rydjast ut frå jorda. 

16 For han tenkte aldri på å visa truskap,

men forfylgde dei arme og fattige,

og dei motlause ville han drepa.

17 Han elska å forbanna

– lat forbanning råka han sjølv!

Han lika ikkje å velsigna

– lat han aldri få velsigning!

18 Han tok forbanning på som ein kledning

– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,

i hans bein som olje!

19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,

som eit belte han alltid bind om seg!

20 Lat dette vera Herrens løn

til dei som klagar meg

og talar vondt imot meg!

21 Men, Herre, du min Herre,

gjer vel imot meg for ditt namn skuld!

Berga meg i din godleik og truskap!

Dette er tydeleg vis ein profeti om Judas, i vers 8 er det sagt at ein annan skulle få hans embete, Peter brukte dette som argument for å velje ein apostel i staden for han, det var faktisk ved loddtrekning mellom to kandidatar (Ap.gj.1,23-26). Men eigentleg var det Jesus som sjølv valde Paulus til apostel i staden for Judas.

Sjølvsagt var det øvstepresten og dei andre prestane som stod bak, strategien var å prøve å erstatte nokre av Jesu disiplar og så vart det til å prøve å erstatte han også. Det var ein strategi for å få makt og den vart følgd seinare også.

Sak.11,7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

2.Tess.2,3 Lat ingen dåra dykk på nokon måte! For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping,  4 han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud.  5 Minnest de ikkje at eg sa dette då eg var hjå dykk?  6 Og de veit kva som no held att, så han fyrst stig fram når hans tid kjem. 7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.  

Dette har eg skrive om her: https://faith-and-entropy.com/2025/07/28/ny-tid-52-endetidssyn-27-trua-og-vona-draumen-og-visjonen-gud-gav-oss-gud-gjer-nokon-nytt-han-set-det-i-verk-medan-vi-framleis-er-i-denne-verda-10-det-vart-strid-i-davids-hus-og-det-vart-epoke/

Ta parti med Kristus og ta på seg Guds full rustning.

Gud er ånd, han har skapt alle ting ved sitt Ord, så Gud og hans Ord er mest fundamentalt. Paulus sa at vi har strid mot makter og myndigheter og vondskapens åndehær.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!  11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak.  12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.  13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje,  15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid.  16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord.  18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.  19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet,  20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

I Johannes Openberring er det profetert om korleis denne striden er, så det er viktig og verdifullt for oss å skjøne det. Jesus er Guds Ord og det sigrar, dei som er trugne mot han, sigrar saman med han. Guds Ord går fram og vinn siger (Joh.11&12&17&19), la oss då merke oss kven som sigrar med han og kven som strir imot han.

Joh.Op.12,8 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.  10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud.  11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Drakens klagemål mot mennesket er fundamentalt, så det er vanskeleg for mennesket å forsvare seg mot det. Men Gud og hans Ord er mest fundamentalt, så Kristus har sigra over Draken. Synda skilde menneska frå Gud, det var det vondes problem, så konklusjonen vart at det hadde ein vond natur, som måtte døy. Men Kristus døde i staden for oss, med eitt offer for synd tok han bort synda ein gong for alle. Vi får Jesu natur i staden og den er fullkommen, i den naturen får vi komme heim til Faderen. 

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Joh.Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.  13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.  16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.  17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Joh.Op.19,11 Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.  12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.  13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».  14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.  16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

Kristendomen vart legalisert i Romarriket.

Etter at keisar Marcus Aurelius døydde i 180 e.Kr, kom det 100 år med borgarkrig mellom generalane med sine hærflokkar, samtidig som partarriket pressa på frå aust og germanarane frå nordaust. Det var ei vanskeleg tid, der mange søkte redning i kyrkja, så den voks. Senatet vart redusert til eit byråd i Roma. Så klarde soldat-keisaren Diokletian å verte einekeisar (285 -305), men han innsåg at det var umogeleg for ein mann å styre heile riket så, han fekk seg ein med-augustus og kvar av augustusane fekk seg ein underkeisar (cæsar). Når han gjekk av i 305, vart det strid mellom medkeisarane, sonen til ein av dei, Konstantin, vart einekeisar (324-337). I 313 gav han og medkeisarane hans kristendomen full religionsfridom. 

Presten Arius gav opphav til ei teologisk retning som vart kalla arianismen, den erkjende at Kristus rett nok var den fremste av Guds skapningar, men like vel skapt og dermed at eit anna verande enn Faderen. Det handlar om ontologi, altså, læra om kva som eksisterer. Konstantin kalla saman til eit kyrkjemøte i Nikea i 325, der denne saka skulle diskuterast. Det var stort fleirtal for læra til Arius, like vel klarde biskopen Atanasius å overtyde forsamlinga, slik at areanismen vart dømd som vranglære. Like vel heldt striden fram og i provinsane gjekk dei fleste germanfolk over til areanismen etter kvart som dei vart kristne.

1.Joh.2,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen.  19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss.  20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap.  21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga.  22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.  23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg.  24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen.  25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.

26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.

Når det her er tale om å verte verande i Faderen og Sonen, så er det klart at sonen har same slags eksistens som Faderen, og vi får også del i guddommeleg natur, som Gud born.

Augustin, syntese mellom nyplatonisme og kristendom.

Som i nyplatonismen forstår Augustin det onde som en mangelsykdom, men i følgje kristendomen kan den overvinnast og lækjast med nådens medisin.

Augustin var frå Nord-Afrika og gjekk på skule i Kartago. Han var på søking og nyplatonismen gav uttrykk for ein religiøs lengsel som han fann meining i. Han formulerte ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme, så den gav grunnlag for at kristendomen vart statsreligion i Romarriket i 392 e.Kr. Han tenkte seg Gudsstaten og «den jordiske staten» som åndelege krefter, der «den jordiske staten» streid mot Gudsstaten. Både Kyrkja og den verdslege statsmakta skulle tene Gud, dersom statsmakta ikkje gjorde det, skulle kyrkjemakta gå til strid mot statsmakta. 

Vi kan samanlikne dette med det som står skrive i Esekiel.46 om kongens forhold til tempelet og øvstepresten sin funksjon, dette gir betre forståing for dei to ulike funksjonane.

Augustin hevda at menneska går fortapt på grunn av syndefallet, med unntak av dei som Gud i sin nåde frelser frå det, dei får komme inn i den evige sæla. Det er dei som Gud frå æva har førebestemt til det, dette vert kalla predestinasjonslæra. Der er grunnlag for å hevde det utifrå skriftene, men det har seg slik at Gud har oversikt over framtida, mykje meir oversikt over framtida enn kva vi har. 

Augustin las i Bibelsk skrifter, men kom til at dei ikkje heldt mål, han vart grepen av «manikeismen» fordi den syntest å ha ei forklaring på problemet med det vonde. Men han braut med manikeismen, fordi den filosofiske skepsisen og den greske forståinga av verda som eit ordna kaos overvann den østerlandske forestillinga av verda som dominert av mørkets krefter. I staden forklarde han det vondes problem som mangel på innsikt, som i platonismen altså. Og så fann han at nyplatonismen høvde bra med kristendomen. 

Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :
Litterære studier vakte trangen til intellektuell klarhet også i religiøse spørsmål. Bibelske skrifter holdt ikke lenger mål. I stedet ble Augustin grepet av manikeismen, ikke minst fordi den tilsynelatende hadde en forklaring på det ondes problem. Da han i 383 dro til Roma og derfra til Milano, hadde Augustin derimot brutt med manikeismen. Den filosofiske skepsisen (representert blant annet av Ciceros Hortensius) og den greske forståelsen av verden som et ordnet kosmos, overvant den østerlandske forestillingen om det materielle som dominert av mørkets makter.

Under prekestolen til biskop Ambrosius av Milano fikk Augustin et helt nytt syn på den kirkelige kristendommen. Av Ambrosius synes han å ha lært å tolke de hellige skriftene i nyplatonsk ånd, å søke innover i skriftene etter en dypere, åndelig mening og å søke innover i seg selv etter sitt vesens innerste grunn i Gud. Han oppdaget at han hadde en delt vilje. Hans ufullstendige religiøse erkjennelse skyldtes at han egentlig ikke ville erkjenne. I den dypeste fortvilelse leste han en dag fra Romerbrevet 13,13, og den helhjertede overgivelsen til sannheten i apostelens ord ble ham gitt i år 387. Kort etter ble han døpt og vendte tilbake til Nord-Afrika. Monica opplevde hans dåp, men døde før hjemreisen. Med dette slutter Confessiones.

Kort etter hjemkomsten ble Augustin prestevigd. Som biskop i Hippo i 395 grep han gjennom mer enn 100 skrifter inn i det meste av det som skjedde gjennom 35 år.

SITAT SLUTT.

Augustin forkynner her at mennesket vert løyst og frigjort frå den gamle vonde naturen, løyst frigjort ifrå det fundamentale klagemålet som gjorde menneska til trælar under synda og avgudsdyrkinga. Dette høver med Johannes Openberring 12,7-12.

Når vi les om Augustin i Store Norske Leksikon, han vi merke oss uttrykket «værens metafysikk» og «viljens metafysikk», det er ontologi altså, lære om kva som eksisterer. All «væren» har sin grunn i Guds nåde. Dette høver med at vi har fått den Heilage Ande ved trua på Kristus av berre nåde. Det høver med at Gud frelser oss ved trua på Kristus og gir oss evig liv av berre nåde. Soleis er vår evige eksistens heilt avhengig av Guds nåde. Dermed er det den evige eksistensen det er snakk om! Men der er då også noko som eksisterer, sjølv om det ikkje er evig.

Sitat frå https://snl.no/Augustin_av_Hippo :

Den klassiske greske filosofien endte egentlig i skeptisismen, men beholdt muligheten for sikker introspeksjon. Av sin indre erfaring i møtet med kristendommen skapte så Augustin ikke bare en ny historiefilosofi, men la også grunnen for sikker erkjennelse – jeg er, jeg vet, jeg vil – med den Gud som lever i kirkens tradisjon som det avgjørende premisset for all væren.

Den nyplatonske værens-metafysikk blir av Augustin omformet til en viljes-metafysikk som stiller all væren i umiddelbart forhold til Guds skapervilje. Uttrykt teologisk får all væren sin grunn i Guds nåde. Det onde ligger ikke i det skaptes materielle karakter, slik manikeismen hadde lært; det onde blir virkelig bare fordi mennesket fornekter sitt vesens grunn i Guds nåde og i stedet prøver å fylle tomrommet som derved oppstår med ting, uten sans for at dette er fåfengt ettersom tingene også har sin virkelighet av Guds nåde. Siden syndefallet må menneskeheten forstås som en massa perditionis, fortapt, som et vesen bestemt av concupiscentia, et uslukkelig begjær fordi det er rettet mot noe som ikke er Gud. «Du har skapt oss til deg, Gud, og vårt hjerte er urolig inntil det finner hvile i deg», hører til en av de første setningene i Confessiones.

Som i nyplatonismen forstår Augustin det onde som en mangelsykdom som bare kan overvinnes gjennom nådens medisin. Den utdeles av kirken (sakramentene). Blant annet av denne grunnen blir ofte «Guds stat» i De civitate dei i middelalderen identifisert med kirken, og kirken vil kontrollere denne verdens stater enda Augustin aldri foretar denne identifikasjonen. Han finner Gudsstaten på jorden som en erkjennbar størrelse først ved Kristi gjenkomst. I mellomtiden er nåden virksom gjennom kirken, men bare Gud selv kjenner sine – de mennesker han i sin suverene vilje har bestemt for frelsen (predestinasjonslæren).

I kampen mot donatistene kalte Augustin på de keiserlige legioners hjelp under påberopelse av Luk 14,23. Dette verset har siden Augustin vært tolket som belegg for predestinasjonslæren – at Herren velger sine. Kirkefader Augustin definerte kirken til å omfatte alle som var døpt. Augustin brukte den for å begrunne utestengelsen av donatistene, en gruppe som hadde et divergerende syn på sakramentene enn det rådende.

Religionspolitisk ble dette skillet mellom medlemmer av kirken («den sanne») på den ene siden og heretikere ( kjettere og vranglærere) på den andre, et viktig maktpolitisk middel gjennom hele middelalderen. Det gjorde det mulig for kirken å la staten forestå forfølgelse av heretikere. Han la dermed i praksis grunnen for kjetterforfølgelse og inkvisisjon i middelalderen, selv om han tok klart avstand fra bruk av dødsstraff.

Læren om predestinasjon og arvesynd ble utmeislet gjennom 18 års kamp mot den irske munken Pelagius og hans tilhengere, som i moralens navn protesterte mot Augustin. Striden blusset opp igjen i Frankrike på 1600-tallet (se jansenisme), da paven tok standpunkter i strid med augustinismen (semi-pelagianisme). Augustin kom nemlig aldri helt løs fra sin manikeiske fortid, og menneskets fortapthet nedarves gjennom den biologiske forplantning. Concupiscentia blir av Augustin – i strid med hans prinsipielle standpunkt – knyttet til den kroppslige drift.

Augustin har også hatt betydning for etableringen av munkevesenet i Vesten.

SITAT SLUTT.

Ontologi; Gud er ånd og er den evige og mest fundamentale eksistens.

Vi har fått i oppdrag å forkynne evangeliet for alle folk, så får det vise seg kven som kjem til tru og tek imot. Det er ikkje vårt oppdrag å dømme, det får vi overlate til den Heilage Ande.

Så godtok han ei lære om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelst, dei som stod utanfor, skulle vere forbanna og det betydde at dei skulle gå fortapt. Men kven var det som bestemte det då? I følgje predestinasjonslæra var det førebestemt av Gud. Men her verkar det som om det er leiinga i kyrkja som avgjer det. Så paven gjer seg sjølv til gud altså. Kva då med biskopane? Det blir vel som om der er fleire gudar det då. Det var nok ikkje slik det starta, men så gjekk det slik like vel.

Men kva hadde dei med å forbanne dei som stod utanfor? Dette minner det kong David sa om han som lika så godt å forbanne (Salme.109,17).

Joh.16,7  Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

Dyret og den falske profet.

Paven forguda seg for folket.

På 12-1300 talet var pavemakta på topp, paven og prestane var ei lærd elite som skulle ha makta over kyrkja. Prestane hadde vedteke at Kristus var så streng at menneska ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå gjennom paven, prestane og helgenane. Paven, prestane, munkane og nonnene hadde ikkje lov til å gifte seg. Pussig altså. I Romarriket 100-200 år f.Kr, kjempa plebeiarane (underklassa) om å få rett til å gifte seg, men no var det den lærde overklassa som ikkje skulle ha lov til det. Dette betydde i praksis at dei som gifte seg skulle vere utstøytte, dei og andre vanlege folk skulle vere forbanna. Igjen minner det om kong David sine ord om han som likte så godt å forbanne. Det var fråfallet som var kome inn i kyrkja, som syndefallet på nytt eller ei vidareføring av syndefallet.

Strategien til Balak og Bileam.

Dette minner om strategien til kong Balak og profeten Bileam, Balak ville betale Bileam for å forbanne Israel, men han kunne ikkje seie anna enn det som Gud sa til han og det var velsigning. Då fann dei på at dei skulle sende kvinner inn i Israels-leiren for å freiste menn til hor. Det førde til forbanning, men der kom til eit rettsoppgjer og så fekk dei orden i leiren igjen. Balak satsa på at dette var det laglege høvet til å gå til strid mot dei og Bileam var med han i striden, men dei tapte og fall i krigen. Dei vart for seine, for Israelsfolket hadde allereie fått orden i leiren igjen.

Kong Salomo og dei fire store kongerika som Daniel profeterte om.

Gud sa til David at son hans, som tok over makta etter han, skulle få fred på alle kantar, han ville vere far for han og han skulle bygge tempelet. Når han var ung, gav Gud han ein visdom som gjorde han visare enn alle, visare enn dei gamle vise, denne visdomen meiner eg vi finn først og fremst i Høgsongen. Visdomen frå dei gamle vise finn vi i Salomos Ordtøke og i Forkynnaren, i Forkynnaren finn vi sikkert igjen noko av visdomen han fekk når han var ung, men det er nok med eit visst vemod det også, ei tid til å bygge opp og ei tid til å rive ned, men Gud skaper like vel noko fullkome, som står til evig tid, den skatten han gir oss i hjertet er fager og den varer evig. Så vakta hjartet ditt framfor alt du vaktar, for livet går ut ifrå det (S.Ordt.4,23 & 5,15-19).

Men på sine gamle dagar vart Salomo forførde av kvinner, til samanlikning med strategien til Balak og Bileam, han vart forførde slik som ved syndefallet altså og prøvde å gjere seg sjølv liksom Gud med sin kunnskap. Dette møter vi igjen i desse fire store rika som Daniel profeterte om. Babel-kongen Nebukadnesar ovmoda seg slik, men angra, like vel ovmoda han seg igjen og miste makte, men etter ei tid løfta han blikket til den sanne Gud og bad om nåde og fekk komme tilbake på trona (Daniel.3-4). På denne tida var det nok vanleg at konge-dynasti påstod at dei ætta frå gudane. Vi skal ikkje sjå bort ifrå at det kunne ha seg slik at ein forfader ver Guds eit Guds barn, til samanlikning med Salomo, for langt tilbake i tid var den sanne trua på Gud at dei skulle vere hans barn, slik som Moses forkynte. Jesu ættetavle går tilbake til Adam og han vart så kalla Guds son (Luk.3,38).


5 responses to “Ny Tid 65. Endetidssyn 40. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 22. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 13. Den øydande styggedomen. 8. Erstattningsteologi; erstatte Gud og utrydde folk eller forkynne evangeliet for alle folkeslag? 2. Ved trua på Kristus vert vi frelste frå det fundamentale klagemålet mot mennesket.”

Leave a reply to Ny Tid 83. Endetidssyn 58. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 6. Samanliknande politik Cancel reply