Biletet: Hanukka er jødane si feiring tempelvigsla i Jerusalem i 165 eller 164 f.Kr.
Sitat frå https://snl.no/hanukka :
Hanukka er en jødisk lysfest som feires i åtte dager til minne om gjeninnvielsen av tempelet i Jerusalem i år 165 eller 164 fvt. På norsk kalles hanukka derfor også for tempelvigselsfest.
Festen er ikke nevnt i Det gamle testamentet og Tanakh og er ikke den viktigste religiøse høytiden i jødedommen, men den har stor kulturell betydning for jøder over hele verden. Å tenne lys i hjemmet hver dag i åtte dager regnes som en religiøs plikt (mitzva). Svært mange jøder overholder denne skikken, også de som ellers ikke overholder andre jødiske skikker. Siden hanukka feires i samme årstid som kristen jul, er hanukka blitt en viktig fest for jødiske barn. I mange land i Vesten, som i USA, holdes nå også offisielle markeringer av hanukka.
Innleiing.
Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.
Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket.
Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.
Den øydande styggedomen. Hellenisering?
I 167 f.Kr. sette kong Antiokus 4. Epifanes opp «den øydande styggedomen» i Jerusalem og kravde at alle i riket hans skulle tilbe Zevs og dei andre greske gudane. Som reaksjon mot demokratiet i Aten, hadde den greske diktekunsten gjort Zev endå meir suveren, som gud over alle gudar, som regjerte med ein universell moral, slik at alt som skjedde var Zevs verk. Til tross for at gudane i gresk mytologi sprang ut av kaos! Men det var tydeleg vis deira svar på jødane sin Gud den Allmektige. Rart at diktekunsten skal få så stor makt over folk, no vart det endåtil kravt at dei som ikkje dyrka denne gudeverda, skulle verte drepne. Antiokus sine metode var korrupsjon, lygn og svik. Det var jødane si tru på sine fedrars Gud som gjorde at dei tok mot til seg og kjempa imot og klarde å frigjere seg frå denne trældomen. Men dette kom så plutseleg på dei at dei vart rådville og gjorde vedtak som skulle gjelde inntil det stod fram ein ny profet, ein sann profet.
Maccabearane gjorde fred- og vennskaps-avtale med Romarriket, så her låg det an til at det skulle vere den store kong Mikael som Daniel profeterte om i Dan.12, dei kunne vente seg t han skulle stå fram som kongen i Romarriket. Romarriket var på frammarsj og deira vennskapsavtale med dei stod det respekt av. Og så gjorde dei vennskapsavtale med Sparta i Hellas, sidan dei ætta frå jødane.
Det verdt å minne om at Sparta, liksom Makkedonia, var eit gammaldags aristokratisk jorbrukssamfunn, elles var Hellas eit meir moderne samfunn med handel, skipsfart, handverk og eit begrensa demokrati og så vart Aten dominerande i dette.
Det var stor motsetnad mellom Aten og Sparta og Peloponeskrigen starta ved at Sparta angrep Aten i 431 f.Kr og dei vann i 404 f.Kr. Sidan kom Filip av Makkedonia og tok over makta i Hellas, han hadde ein plan og son hans, Aleksander den Store gjennomførde den ved å gå til krig mot Persia.
Daniel hadde profetert om dette for lenge sidan, men Malakias profeterte også om sendebodet som skulle rydje veg for Herren (Mal.3,1&4,5 Matt.11,10 Luk.1,17), men då vart det som om dei hadde gløymt bodskapane til både Joel og Malakias og som om dei sjølve trakka ned føregarden og forskansa seg i Davidsbyen med sin heidenskap, slik som heidningane hadde gjort tidlegare. Så Jesus profeterte om den øydane styggedomen som står på heilag grunn, som om den framleis stod der og sa at den som ser det, han akte på det. Han sa også at i den siste tid kjem mange til å falle ifrå og svike og hate kvarandre. Då er der sannsynleg vis ei religiøs/politisk makt som står bak og set opp den øydande styggedomen, for å prøve å få makt med den. Soleis kom kristendomsforfølgingane, dei vart forfølgde liksom jødane vart forfølgde eit par hundrede år tidlegare.
Dersom vi ser noko liknande tendensar i vår tid, enten det er mot kristne eller jødar, så bør vi akte på det.
Den siste av dei 70 vekene i Dan.9, kom der ein som gjorde pakta tung for dei mange.
Profeten Jeremias hadde profetert at de skulle gå 70 år før dei skulle få komme attende til landet sitt, tida nærma seg og Daniel gjekk inn i bøn og faste i tre veker. Men Jesajas hadde profetert at dei skulle få komme attende ved persarkongen Kyros og det hadde allereie skjett. Jerusalem fall i 586 f.Kr., 70 år seinare ville vere i 516, men det nye tempelet vart innvia allereie i 515 f. Kr.
Men når Daniel bad slik, kom engelen Gabriel og svara han, 70 veker skulle gå for byen og folket, då må vi forstå det som årsveker, sabbatsår. Eit sabbatsår er det sjuande året, då skal dei la jorda ligg brakk. Dersom nokon hadde vorte gjelds-slavar, så dei vart driven frå gard og gunn, måtte selje, jorda, så dei vart slavar, så skulle dei like vel få komme attende til jorda si etter sju sabbatsår, 49 år altså, så det femtiande året skulle vere eit frigjevingsår, då dei skulle få komme attende til odelsjorda si (3.Mos.25,11-13), slik var odelsretten. På 70 sabbatsår skulle dette skje ti gangar altså. Det ville ta 490 år. Gud hadde truga dei med at dersom dei fall ifrå han, kom dei til å verte bortførde frå landet sitt, så det fekk ta tilbake sabbatsåra sine.
Etter 7 sabbatsår skulle det stå fram ein som var salva, det måtte vere Kyros og Jesajas hadde profetert om at han skulle la Isaraelsfolket fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka. Det vart eit frigjeringsår og dette er førebiletet på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Jerusalem fall i 587 f.Kr, 50 år seinare ville då vere i 538, så det høver bra, for Kyros erobra Babylon i 539 f.Kr.
Den siste årsveka skulle verte vanskeleg, reknar vi 69 sabbatsår, 483 år frå 586, kjem vi til 103 f.Kr. Neste sabbatsår ville vere i 94 f.Kr. Det skulle då vere det tiande frigivingsåret. Men i denne siste årsveka skulle ein herskar gjere pakta tung for mange. I 103 f.Kr. fekk Israel seg ein konge som også var øvsteprest, men det stemte ikkje med lova og profetane, det stemte ikkje med Guds Ord, så då var han heller ikkje salva til det, så den salvevigde var ikkje lengre til, dei hadde fornekta han allereie då.
Dette er typisk Antikrist, for Messias betyr «den salvevigde» og «Kristus» er gresk for Messias. I Bibelen finn vi ordet «Antikrist» berre i første og andre Johannes brev, her vert det gjort klart at Jesus er Messias, Guds salvevigde og vi treng hans salving for å stå imot Antikrist, vi er heilt avhengig av hans salving, det er det einaste som nyttar i denne striden. Hans salving gjer oss vise og gjer oss sterke. Hette høver også med at vi må kle oss i Guds fulle rustning, slik som Paulus skreiv i Ef.6,10….
Denne religionen og politikken, der han gjorde pakta tung for mange, stod i motsetnad til den glade bodskapen som Jesus kom med, det var som om dei var i Babylonia framleis, men han ville føre dei inn i det lova landet, inn til Guds kvile, slik som David hadde profetert om. Vi kan samanlikne det med faraos politikk, når Gud sende Moses for å frigjere folket sitt frå trældomen under avgudane i Egypt, då gjorde Farao trældomen hardare.
I det gamle testamentet vert avgudane, laga av stokk og stein kalla Lygna, som motsetnad til dette var Jesus sanninga som var komen for å setje dei fri frå trældomen under synda og avgudane. Jesus sa at Djevelen var Lygnaren og apostelen Johannes spurde kven er vel lygnaren om ikkje han som nektar at Kristus er Messias, komen i kjøt. Han er Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen. Og i Johannes Openberring vert Jerusalem kalla Egypt og Sodoma. Egypt står for avgudsdyrking og Sodomea står for synd. Så Jerusalem trælka framleis under synda og avgudane altså.
Joh.Op.11,7 Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei. 8 Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest. 9 Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei. 10 Og dei som bur på jorda, skal gleda og fagna seg over lagnaden deira og senda kvarandre gåver. For desse to profetane hadde vore ei stor plage for dei som bur på jorda.
11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine. 13 I same stunda kom det eit stort jordskjelv. Tiandeparten av byen rasa saman, sju tusen menneske vart drepne, og dei som var att, vart forfærde og gav Gud i himmelen ære.
Dei 70 åra som Jeremias profeterte om, møter vi igjen i det Jerusalem vart lagt i grus i år 70 e.Kr, ja, for det var frigjerande for ekte jødar, som var hjerteomskorne i den Heilage Ande.
Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande eller Antikrist?
Moses profeterte om at når dei fall ifrå Herren og vart bortførde frå landet sitt og dei då fekk kome attende til det, så skulle dei verte hjerteomkorne.
3.Mos.26, 40 Då skal dei sanna misgjerningane sine og misgjerningane åt fedrane, at dei var trulause og sette seg opp mot meg. 41 Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjarta deira bøya seg, og dei skal få bøta for misgjerningane sine. 42 Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet vil eg òg koma i hug. 43 Men dei må fyrst fara bort frå landet, så det kan ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld, fordi dei vanvørde lovene mine og viste motvilje mot føresegnene mine. 44 Men jamvel då, når dei er i fiendelandet, vil eg ikkje støyta dei bort og visa motvilje mot dei. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud. 45 Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med fedrane, som eg førte ut or Egypt midt for augo på folkeslaga, fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.
Men Jeremias tala slik til dei allereie før dei vart bortførde.
Jer.4,1 Israel, dersom du vender om,
så vend om til meg,
lyder ordet frå Herren.
Tek du bort dei avskyelege gudane dine,
så eg aldri ser dei meir,
skal du sleppa å flakka heimlaus ikring.
2 Og sver du ærleg, rett og rettvist:
«Så sant Herren lever»,
skal folka verta velsigna i han
og prisa seg sæle i han.
3 Så seier Herren til mennene i Juda
og til dei som bur i Jerusalem:
Bryt dykk nytt land,
og så ikkje meir mellom klunger!
4 Omskjer dykk for Herren,
ta bort dykkar hjartans førehud,
de Juda-menn og Jerusalems-buar!
Elles skal harmen min loga som eld
og brenna utan at nokon sløkkjer,
for alt det vonde de har gjort.
Paulus forkynte at ved trua på Kristus vart vi hjerteomskorne i den Heilage Ande, vi fekk vi den Heilage Ande ved trua på han, av berre nåde.
Rom.2,5 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han. 7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud! 8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus. 9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
1.Joh.2,18 Mine born, den siste tida er komen. De har høyrt at Antikrist skal koma, og mange antikristar har alt stått fram. Av dette skjønar vi at den siste tida er komen. 19 Dei har gått ut frå oss, men dei var ikkje av oss. Hadde dei vore av oss, hadde dei vorte verande hjå oss. Såleis skulle det syna seg at ikkje alle er av oss. 20 Men de er salva av Den Heilage, og alle har de kunnskap. 21 Så skriv eg ikkje til dykk fordi de ikkje kjenner sanninga, men fordi de kjenner henne og veit at inga lygn kjem frå sanninga. 22 Og kven er lygnaren, om ikkje den som nektar at Jesus er Kristus? Han er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. 23 Den som fornektar Sonen, har heller ikkje samfunn med Faderen. Den som vedkjennest Sonen, har samfunn med Faderen òg. 24 Lat det då verta verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av. For dersom det vert verande i dykk, det som de har høyrt frå fyrst av, vert de òg verande i Sonen og Faderen. 25 Og dette er det han har lova oss: det evige livet.
26 Når eg skriv dette, tenkjer eg på dei som fører dykk vilt. 27 Men de har fått salving av han; ho vert verande i dykk, og de treng ikkje til at nokon lærer dykk. For hans salving lærer dykk alt og er sannferdig og utan lygn. Vert difor verande i han, så som de har lært.
1.Joh.4,Prøv åndene!
1 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.
4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.
Når Moses leia folket frå Egypt mot det lova landet, var folket som ei ung brud med Herren som brudgom, det skulle dei framleis vere.
Vi vert ofte minna om at når Moses førde Israels-folket i øydemarka, var dei så opprørske og vantruande at dei ikkje fekk komme inn til Guds kvile like vel. Men det er ikkje heile sanninga, profeten Jeremias fortel oss i alle fall ei anna side av saka.
Israels-folket var Herrens brud.
Jer.1,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 2 Gå og rop ut så det høyrest i Jerusalem:
Så seier Herren: Eg kjem i hug din ungdoms truskap,
din kjærleik i trulovingstida,
då du fylgde meg i øydemarka,
i eit land der ingen sår.
3 Heilagt var Israel for Herren,
fyrstegrøda av hans avling.
Alle som ville gløypa folket, laut bøta,
ulukke kom over dei,
lyder ordet frå Herren.
Israelsfolket vende seg bort frå Herren, kjelda med levande vatn og hogg seg brønnar som ikkje heldt vatn.
Jer.1,4 Høyr Herrens ord, du Jakobs ætt,
alle ætter i Israels hus.
5 Så seier Herren:
Kva gale fann fedrane dykkar hjå meg,
sidan dei gjekk bort frå meg
og heldt seg til gudar som ikkje duger,
så dei vart duglause sjølve?
6 Dei spurde ikkje:
«Kvar er Herren
som førte oss opp frå Egypt
og leidde oss gjennom øydemarka,
eit land med moar og kløfter,
eit land med turk og mørker,
eit land der folk ikkje ferdast
og menneske ikkje bur?»
7 Eg førte dykk til eit veldyrka land,
der de fekk nyta frukta og grøda.
Men då de kom dit inn,
gjorde de landet mitt ureint
og odelen min til ein styggedom.
8 Prestane spurde ikkje: «Kvar er Herren?»
Og dei som syslar med lova, kjende meg ikkje.
Hyrdingane fall frå meg,
profetane spådde ved Ba’al
og heldt seg til gagnlause gudar.
9 Difor vil eg framleis
føra klagemål mot dykk,
lyder ordet frå Herren,
ja, føra klagemål mot barneborna dykkar.
10 Far over til kittearøyane og sjå,
send bod til Kedar og røk vel etter,
ja, sjå om noko slikt har hendt!
11 Har noko folk bytt bort sine gudar
– endå dei ikkje er gudar?
Men mitt folk har bytt bort si ære
mot det som ikkje gagnar.
12 Reddast, du himmel,
ja, skjelv av redsle over dette!
lyder ordet frå Herren.
13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Frå brud til hore, frå planta vintre til vilt uekte vintre.
Jer.2,20 Frå fyrste stund har du brote åket
og slite sund lekkjene dine.
Du sa: «Eg vil ikkje tena deg lenger.»
På alle høge haugar
og under kvart grønt tre
la du deg ned og dreiv utukt.
21 Eg planta deg som eit edelt vintre,
ei heilt igjennom ekte plante.
Korleis har du då vorte omskapt
til villskot, eit uekte vintre?
22 Om du vaskar deg i lut
og øydslar med såpe,
ser eg likevel di skitne skuld,
lyder ordet frå Herren Gud.
Vers 20 kan vi samanlikne med
Matt.11,28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Vers 21 kan vi samanlikne med
Joh.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
Vers 22 kan vi samanlikne med
1.Joh.1,7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Israel og Juda var Herrens koner, men som fråfalne kvinner var dei horer.
Jer.3,6 Herren sa til meg i kong Josjias dagar: Har du sett kva Israel, den fråfalne, har gjort? Ho gjekk opp på alle høge haugar og la seg under kvart grønt tre og dreiv utukt der. 7 Eg tenkte: «Etter at ho har drive på med alt dette ei stund, vil ho venda om til meg.» Men ho vende ikkje om.
Det såg den trulause systera hennar, Juda. 8 Og ho såg at eg sende Israel, den fråfalne, bort og gav henne skilsmålsbrev fordi ho hadde drive utukt. Den trulause systera hennar, Juda, vart likevel ikkje redd, men gjekk av stad og dreiv utukt, ho òg. 9 Med sitt lauslyndte horeliv vanhelga ho landet; ho dreiv utukt med stein og tre. 10 Den trulause systera, Juda, vende likevel ikkje om til meg av heile sitt hjarta, men berre lest gjera det, lyder ordet frå Herren.
11 Herren sa til meg: Den fråfalne, Israel, har mindre skuld enn den trulause, Juda.
Kva slags far og kva slags land var Herren for Israelsfolket?
Jer.3,29 Kvifor ligg de i strid med meg?
De har alle gjort opprør mot meg,
lyder ordet frå Herren.
30 Til fånyttes slo eg sønene dykkar;
dei lét seg ikkje aga.
Som ei herjande løve
tynte dykkar sverd profetane.
31 De som høyrer denne ætta til,
akta på Herrens ord!
Har eg vore som ei øydemark for Israel
eller som eit kolmørkt land?
Kvifor seier folket mitt:
«Vi spring dit vi vil,
vi kjem aldri meir til deg»?
32 Kan ei ungjente gløyma sin prydnad
eller ei brur sitt belte?
Men mitt folk har gløymt meg
i uminnelege tider.
Vers 31 kan vi samanlikne med
1.Joh.1,1 Det som var frå opphavet, det vi har høyrt, det vi har sett med augo våre, det vi såg og det hendene våre tok på, om det ber vi bod, om livsens ord. 2 Og livet vart openberra, vi har sett det og vitnar om det og forkynner dykk det evige livet som var hjå Faderen og vart openberra for oss. 3 Det vi har sett og høyrt, forkynner vi for dykk òg, så de skal ha samfunn med oss, vi som har samfunn med Faderen og med Son hans, Jesus Kristus. 4 Og dette skriv vi så gleda vår skal vera fullkomen.
Lev i ljoset!
5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han. 6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.
Jer.3,19 Eg sa: Kor høgt eg ville setja deg mellom søner!
Eg ville gje deg eit herleg land,
den fagraste arv mellom folka.
Eg tenkte de ville kalla meg far
og aldri venda dykk bort frå meg.
20 Men liksom ei kvinne er trulaus mot venen sin,
var du trulaus mot meg, du Israels ætt,
lyder ordet frå Herren.
21 Høyr, det lyder gråt på dei snaue høgdene,
audmjuke bøner frå Israels-folket;
for dei har gått på vonde vegar,
dei har gløymt Herren sin Gud.
22 Snu om, de fråfalne søner,
så skal eg lækja dykkar fråfall.
«Sjå her, vi kjem til deg,
for du er Herren vår Gud.
23 Det er lygn og svik, det som hender på haugane,
det ville ståket på fjella.
Sanneleg, berre hjå Herren vår Gud
er det frelse for Israel.
Dette kan vi samanlikne med
Joh.3,1 Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det?

