Ny Tid 56. Endetidssyn 31. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 13. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 4. Jerusalem dreiv handel med Fønikarane. Så tok Babylon over, ved å legge alle land under seg.

Bilete: Storm i eit vinglas? 

Jeremias sa at Guds Ord kom til han og det forkynte han. Men folket ville ikkje høyre på han. Derfor skjenka Gud dei vreidevin, så dei vart berusa, inntil sverdet ramma dei. Dei vart uforstandige altså, og var ikkje førebudde på å forsvare seg mot ulykka som kom.

Jer.25,27 Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.  28 Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de! 29 For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Innleiing; Når Salomo vart konge, fekk han fred på alle kantar, men han etterlet seg eit dårleg grunnlag for fred. Men Kristus hadde større visdom og la eit godt grunnlag for fred.

Når Salomo vart konge etter David, far sin, fekk han fred på alle kantar og fekk bygt tempelet. Med det kunne han sikre kongedømet for arvingen og etterkommarane, men til tross for sin store visdom let han etter seg eit dårleg grunnlag for fred, riket vart delt, så son hans fekk ta over makta over mindre enn halve riket. 

Når keisar Augustus kom til makta i Romarriket, kom det ei fredeleg tid, så folk snakka om å starte ei ny tidsrekning ved han, men den kom ved Jesu fødsel og det med god grunn. Han hadde større visdom enn Salomo og la grunnlaget for varig fred, for Gud forsona verda med seg ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. På det grunnlaget får vi fred med Gud. Jesu frelseverk var fullført og fullkome og den nyfødde kristne kyrkja vart bygd på det grunnlaget. 

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus er livsens brød, som kom ned som manna frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6,63). Ved å tru at han stod oppatt frå dei døde, vert vi rettferdige for Gud, ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Han vart teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre han og sende oss den Heilage Ande. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og det er framleis berre for oss å ta imot i tru, han gir oss seg sjølv som livsens brød, slik det er symbolisert i nattverden og det er berre for oss å ta imot i tru og leve av det.

 

Salomo dreiv med handel.

Israel var eit jordbruksland, men Salomo gjorde seg rik som konge ved å få inn store mengder med gull og så tok han avgift av kjøpmenn, karavanehandlarar og småkongar. Og så dreiv han handel. Vi ser her ei utvikling frå eit gammaldags jordbrukssamfunn til eit meir moderne samfunn med handverk og handel. 

Nokre hundrede år seinare såg vi ei liknande utvikling i antikkens Hellas, men der var makta så desentralisert at det vart eit avgrensa demokrati. Aten styrka posisjonen sin som den førande delstaten, men så vart det ein sterk motsetnade mellom dette og meir tradisjonelle aristokratiske jordbrukssamfunn, som Sparta og Makedonia. Så kom Filip av Makedonia og son hans, Aleksander den Store. Dette vart eit svært så viktig poeng, både i historia og i filosofihistoria. Denne motsetanden kan vi no sjå i historisk samanheng tilbake til kong Salomo. For så å forstå profetien betre.

1KG 9,10 – 1KG 9,28 {BYGGJEARBEID OG HANDEL}  Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, templet og slottet, 11 gav han Hiram, kongen i Tyrus, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ville ha. 12 Men då Hiram kom frå Tyrus og skulle sjå på dei byane han hadde fått av Salomo, lika han dei ikkje. 13 Han sa: “Kva er dette for byar du har gjeve meg, bror?” Og han kalla dei Kabul-landet, som dei heiter den dag i dag. [Kabul-landet: Sml. Jos 19, 27. Namnet leikar kanskje innpå eit ord som tyder “verdilaust”.] 14 Hiram hadde sendt kongen hundre og tjue talentar gull. 15   Såleis hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, Hasor, Megiddo og Geser: [Millo: -> 2 Sam 5, 9.] 16 Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han hadde brent byen og drepe kanaanearane som budde der. Sidan hadde han gjeve byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo. 17 Salomo bygde opp att Geser, og like eins Nedre Bet-Horon, 18 Ba’alat og Tamar i øydemarka der i landet, 19 alle byane han hadde lagerhus i, dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over. 20   Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. 22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet. 24  Så snart dotter til farao hadde flytt opp frå Davids-byen til det huset han hadde bygt åt henne, gjekk han i gang med å byggja Millo. 25   Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og måltidsoffer på det altaret han hadde bygt for Herren, og han brende røykjelse for Herrens åsyn. Så bygde han templet ferdig. 26   Kong Salomo bygde òg skip i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, på Sevsjø-stranda i Edom. [Esjon-Geber, Eilat: -> 5 Mos 2, 8.] 27 På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene åt Salomo. 28 Dei fór til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.  

1KG 10,1 – 1KG 10,29 {DRONNINGA AV SABA GJESTAR SALOMO}  Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, det som gjekk om han for Herrens namn skuld, kom ho og ville prøva han med gåter. [Saba: sabearriket i Sør-Arabia. Sml. 1 Mos 10, 7.] 2 Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, med kamelar som bar krydder, store mengder gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta. 3 Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar. 4 No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt, 5 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, skjenkjarsveinane hans og brennoffera som han bar fram i Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring 6 og sa til kongen: “Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din! 7 Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg halvparten; du er både visare og rikare enn eg har høyrt. 8 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din! 9 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.” 10   Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med krydder til landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo. 11   Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå. 12 Av sandeltreet fekk kongen laga rekkverk til Herrens hus og kongsgarden og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet eller vore å sjå til denne dag. 13   Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det han gav henne i kongeleg venskapsgåve. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.  14 {SALOMOS RIKDOM}  Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet. 16   Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull. 17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset. [Libanon-skoghuset: -> 7, 2.] 18   Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 19 Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver. 20 På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike. 21   Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar. 23   Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda. 24 Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans. 25 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr. 26   Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. 27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela. 28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling. [Kue: landskap i Kilikia i Vesle-Asia.] 29 Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.  

Handel med Fønikarane.

Seinare  kom der ein gudleg konge i Juda, som heitte Josjafat.

2KR 17,7   I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja. 

2KR 17,10 – 2KR 17,12   Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat. 11 Nokre av filistarane kom til Josjafat med gåver og med sølv som dei gav i skatt. Arabarane òg kom til han og hadde med seg småfe, sju tusen sju hundre verar og sju tusen sju hundre bukkar. 12 Såleis fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og opplagsbyar i Juda.

 Han også dreiv handel med sjøfart. Kongen i Nord-Riket (Israel) var ugudeleg og ville gjere felles sak med Josjafa i krig og i handel, men Gud sende sin profet for å tale han til rettes på det. 

1KG 22,49 – 1KG 22,50   Josjafat bygde Tarsis-skip som skulle gå til Ofir etter gull. Men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber. [Esjon-Geber: -> 5 Mos 2, 8.] 50 Den gongen sa Akasja, son åt Akab, til Josjafat: “Lat mine folk fara saman med dine på skipa!” Men det ville ikkje Josjafat.

Når nabofolk ville gå til krig mot han, vende Josjafat seg til Gud i bøn for seg og folket og fekk bønnesvar, så han vann i krigen (2.Krøn.20). 

Jesajas profeterte om at byane i Fønikia skulle falle og folket verte borførde til Babylonia.

JES 23,1 – JES 23,18 {BYANE I FØNIKIA VERT ØYDELAGDE}  Domsord mot Tyrus.   Set i med klagerop, de Tarsis-skip,  for byen er herja, husa er borte!  Då dei kom frå kittearlandet,  fekk dei melding om det. 2   Ver stille, de som bur utmed havet,  og de som driv handel i Sidon!  Over havet fór dine utsende menn, 3   over dei store hav.  Av korn som dei sår ved Sjikor,  og korn som dei haustar ved Nilen,  hadde byen si inntekt;  han handla med mange folk. [Sjikor: her Nilen.] 4   Ver skamfull, Sidon,  du faste borg utmed havet!  For så seier havet:  “Eg har ikkje rier og får ikkje born;  unge gutar har eg ikkje ale,  og unge jenter har eg ikkje fostra.” 5   Når dei får høyra om dette i Egypt,  skjelv dei ved tidenda om Tyrus. 6   Far over til Tarsis,  set i med klagerop,  de som bur utmed havet!  7   Er dette dykkar jublande by,  som vart til i eldgamal tid,  som førte sitt folk på raske føter  til framande land, der dei kunne bu? 8   Kven har sett seg føre dette  mot Tyrus, dronninga mellom byar,  der handelsmenn var fyrstar  og kræmarar stormenn på jorda? 9   Herren, Allhærs Gud, har sett seg føre  å audmykja alt som er stort og stolt,  og vanæra alle stormenn på jorda. 10   Dyrk jorda, de Tarsis-folk,  så som dei gjer nedmed Nilen.  Her er ikkje hamner meir. 11   Herren har rett ut si hand over havet  og fått kongerike til å skjelva.  Han har sagt frå at festningane i Kanaan  skal jamnast med jorda.  12   Han seier: Du skal ikkje jubla meir,  du trælka møy, du Sidons dotter.  Stå opp og dra til kittearlandet!  Heller ikkje der skal du finna ro. 13   Sjå, det var ikkje Assur,  men folket i Kaldea  som gjorde byen til ei øydemark.  Dei reiste sine kringsetjingstårn,  jamna borgene med jorda  og la han i grus. [Tekst og omsetjing er usikker.] 14   Set i med klagerop, de Tarsis-skip,  for borga dykkar er herja.  15 {TYRUS SKAL GLØYMAST, MEN REISAST PÅ NYTT}  På den tid skal Tyrus gløymast i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når sytti år er lidne, skal det gå Tyrus som det heiter i visa om gatejenta: 16   Ta di lyre  og gå ikring i byen,  du gløymde skjøkje!  Spela fagert,  syng alt du kan,  så folk kan minnast deg. [skjøkje: Sml. v. 17.]  17   Når dei sytti åra er lidne, skal Herren ta seg av Tyrus. Då skal byen atter få horeløn og driva utukt med alle kongerike på den vide jord. 18 Men den vinning og løn som byen får, skal vera helga til Herren. Det skal ikkje sparast og gøymast. Dei som bur for Herrens åsyn, skal få denne vinsten, så dei kan eta seg mette og kjøpa seg dyre klede.  

JES 24,1 – JES 24,6 {DET STORE OMSKIFTET}  Sjå, Herren gjer jorda aud og snau,  endevender heile hennar flate  og spreier dei som bur der. 2   Då går det presten som folket,  herren som trælen hans  og husfrua som trælkvinna hennar.  Det går seljaren som kjøparen,  lånaren som den han har lånt av,  og långjevaren som skuldmannen hans. 3   Aud, ja aud skal jorda verta,  herjast og plyndrast skal ho;  for dette ordet har Herren tala. 4   Jorda sturer og visnar,  jorderiket tærest og turkar,  både himmel og jord sjuknar bort. 5   Jorda er vanhelga  av dei som bur der.  For dei har sett seg ut over lover,  levt i strid med føresegner  og brote den evige pakt. 6   Difor skal forbanning  gjera ende på jorda,  og dei som bur der,  må bøta for si skuld.  Difor minkar folket på jord,  og få er dei som vert att.  

Han også profeterte om at det skulle gå 70 år, slik som Jeremias profeterte om Jerusalem. Det verkar svært så rart at Tyrus vert omtala som ei hore som fekk horeløn. Eg tenker meg at det var fordi handelen verka som om menneske også vart til hadelsvarer, som ein kvinne som selde seg som ei hore og fekk løn av det. Det var sikkert fordi det økonomiske livet verkeleg verka slik for mange. Etter 70 år skulle byen atter få horeløn og då skulle den vere heløga for Herren! Då måtte der vel ha skjett ei djupare forandring i samfunnet like vel og det er vel det vi ser i Jes.24,1…

I 2.Krøn.20 er det tale om lovprisningsdalen, dette er den historiske bakgrunnen for det som er sagt om Josjafat-dalen i Joel.3.

JOE 3,6 – JOE 3,13 {HERRENS DOM OVER FOLKA}  For sjå, i dei dagar og på den tid,  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 7   då vil eg samla alle folkeslag  og føra dei ned i Josjafat-dalen.  Der vil eg halda rettargang med dei  om Israel, mitt folk og min eigedom,  som dei spreidde mellom folka.  Dei delte landet mitt [Josjafat-dalen: I denne dalen skal Herren halda dom over folkeslaga (sjå v. 17). Josjafat tyder “Herren dømer”.] 8   og kasta lodd om folket mitt;  dei gav ein gut for ei skjøkje  og selde ei jente for vin – og drakk.  9   Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land. [jonarane: “Javans søner”. -> Jes 66, 19.] 12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala. [sabearane: -> Job 1, 15.]  

Folket i Israel, Filistarland, Tyrus og Sidon vart bortførde av Babylonarkongen, men dei fekk kome attende under Persar-kongen Kyros. Men denne profetien går lengre fram i tid, Persarkongen Artaxerxes 3 selde folket i Sidon som slavar i 345 f.Kr. Aleksander den Store selde folket i Tyros og filistarbyen Gasa i 332 f.Kr. Sikkert fordi dei gjorde opprør. Men folket i Israel vart altså sparde. Sikkert fordi dei hadde lært av Josjafa å be til Herren for seg sjølve og landet sitt og høyrt på bodskapen til Joel i kapittel 1 og 2. 

Sitat frå https://snl.no/Fønikia :

Fønikia er en gammel betegnelse på et område som strakte seg langs Middelhavets østkyst og omfattet dagens Libanon, deler av det sørlige Syria og Acre i det nordlige Israel. Fønikia var en del av Kanaan og besto av et stort antall mer eller mindre selvstendige bystater, styrt av småkonger og stormenn. Fønikerne var semitter, og en av de mange ulike folkegruppene som bodde i Kanaan.

Språk

Fønikerne formidlet det «vestsemittiske» alfabetet til grekerne, og dette dannet grunnlaget for den greske skriften, som igjen ble opphav til de europeiske alfabetene. Man har svært lite kjennskap til Fønikias språk, men det er likevel klart at språket er nær beslektet med hebraisk.

Kilder

Fønikerne omtales i egyptiske tekster fra 4. og 5. dynasti (midten av 2000–tallet fvt.) På den tiden stod Egypt i livlig handelsforbindelse med Fønikia, ikke minst når det gjaldt import av trematerialer fra det området som i dag er Libanon. Ved utgravninger i Byblos er det funnet både gjenstander med navn på egyptiske konger fra Det gamle rike og egyptiske arbeider med navnet til kongene i Byblos skrevet med hieroglyfer. Egypterne lærte skipsbyggingskunst av fønikerne og kalte sine fartøyer Byblos-skip. De omtalte Fønikia som «Fenchu», som er avledet av ordet snekker. Fønikerne importerte håndverks- og industriprodukter, papyrusruller og næringsmidler fra Egypt.

Fønikerne omtales også hos Homer (700–tallet fvt.) og hos den greske historieskriveren Herodot (400–talllet fvt.), samt i Det gamle testamentet og Tanakh og også et par steder i Det nye testamentet. Vi har også samtidige forfatteres beskrivelser av Romas kriger mot den fønikiske kolonien Karthago i Nord-Afrika (Polyb). Arkeologene har funnet rester etter fønikiske templer og mindre gjenstander, både i det som var selve Fønikia og i de mange koloniene rundt Middelhavet.

Fønikerne har etterlatt seg få egne tekster skrevet på sitt eget språk, fønikisk, men flere andre forfattere nevner bøker fra Byblos (også kalt Gubla eller Gebal). Senere kilder nevner også at romerne fant bøker da de la den fønikiske kolonien Karthago i grus i 146 fvt.

Den tidlige historien

På grunn av sin beliggenhet og rikdom ble Fønikia etter hvert et brennpunkt for stormaktspolitikken. Egypterne kom til Kanaan under sine mange felttog nordover på 1400- og 1300-tallet, blant annet under Tuthmosis 3., Sethos 1. og Ramses 2. I perioder var store deler av Kanaan underlagt egypterne, og de mange småkongene var å betrakte som en slags vasallkonger. På 1300-tallet var området også i en periode underlagt hettittene og amorittene. Dette stoppet imidlertid ikke handel og internasjonale forbindelser.

Fra rundt 1200 fvt. skjedde det store endringer i hele området langs det østre Middelhav – fra Hellas til Egypt. Mange av de gamle bystatene ble ødelagt, forlatt eller mistet sin tidligere betydning. Lese-og skrivekyndigheten i befolkningen fikk en tilbakegang. Grunnen til katastrofen er ennå omdiskutert, men kan ha hatt flere sammenfallende årsaker, som tørkeår, hungersnød, epidemier, jordskjelv, og ikke minst de såkalte havfolkenes erobringer langs kysten. Men de fønikiske byene ser ut til å ha kommet godt ut av ødeleggelsene, noe som åpnet for nye muligheter.

Handel og næringsliv

Den tidligere internasjonale skipstrafikken rundt Middelhavet lå nede, og fønikerne videreutviklet sin kunnskap om både skipsbygging, navigasjon og handel. Ved siden av aktiviteter knyttet til havet, fantes det også atskillig industrivirksomhet i Fønikia, som ble kjent for sine metallvarer, glass og tekstiler. Tekstilene ble farget med purpur, utvunnet av purpursneglen ved en prosess som fønikerne klarte å holde hemmelig. Disse stoffene ble en ettertraktet, men dyr handelsvare. Tallrike litterære referanser og metertykke lag av snegleskallrester vitner om en betydelig produksjon. Men også sedertre og furu var fremdeles viktige eksportartikler. Fønikerne ble også kjent som mellomhandlere og utbedrere av andre folks produkter. I Fønikia møttes kulturelle strømninger fra BabyloniaEgyptLilleasia og landene i vest.

Fønikernes økende betydning sammenfalt både med den tiden da Det gamle Israel oppsto i høylandet i det sørlige Kanaan og filistrenegrunnla sine egne byer i lavlandet i det sørlige Kanaan. Det oppsto derfor også en forbindelse med israelittene. Et eksempel på dette er pakten mellom kong Salomo (regjerte cirka 970–930) og Hiram, kongen av Tyros (1. Kongebok 5). Ifølge bibeltekstene importerte Salomo både trevirke (sedertre) og andre dyrebare materialer til tempelet i Jerusalem fra Tyros i bytte mot hvete og olje (1. Kongebok6–8). Bibeltekstenes beskrivelse av tempelet viser også likheter med rester etter templer funnet i det tidligere Fønikia. Men kontakten med filistrenes kultur og religion førte også til en kulturutveksling som var uønsket av israelittenes religøse ledere.

Kolonier

Fra cirka 1000 fvt. ble fønikerne det suverent ledende handelsfolket ved Middelhavet. En skildring av Tyrus’ utstrakte handelsforbindelser finnes i Det gamle testamente og Tanakh (Esekiel 27). Etter hvert oppstod et pengearistokrati i byene, som dannet handelskompanier med fartøyer som seilte på Middelhavet og fra Rødehavet langs østkysten av AfrikaSkipstømmer fikk de fra sedertrærne. Allerede tidlig i første årtusen fvt. hadde fønikerne opprettet egne handelskolonier, både i Jaffa i dagens Israel, i Ugarit i nord og etter hvert også i Anatolia og på Kypros og Malta. På nordkysten av Afrika ble Karthago grunnlagt som fønikisk koloni cirka 814–803 fvt. – etter sagnet av Dido, en kongedatter fra Tyros.

Romerne kalte Karthagos innbyggere for «poeni», punere. Romerne anså punerne som sine fiender og førte tre kriger mot Karthago, før de klarte å legge byen i grus i 146 fvt. Etter hvert ble det også opprettet fønikiske handelskolonier på SardiniaBaleareneSicilia og i Syd-Spania.

Senere historie

Flere assyriske og nybabylonske herskere forsøkte å trenge inn i Fønikia under forsøkene på å komme frem til Middelhavet og videre til Egypt – blant annet Salmanassar 3 (regjerte cirka 858–824 fvt.) og følgende konger. Fønikerne måtte da betale tributt, en type skatt, til seierherrene. I 677 fvt. ble Sidon ødelagt, og i 668 fvt. måtte Tyros kapitulere. Tyros kom imidlertid til krefter igjen, og først etter 13 års beleiring lyktes det den babylonske kongen Nebukadnesar 2. å erobre byen i 573 fvt.

Fra 539 fvt. var Fønikia en del av det store Perserriket. Under kampene mellom Persia og Hellas stod fønikerne på persernes side. Men fønikernes deltakelse i en oppstand mot perserne førte til at Sidon ble ødelagt i 343 fvt. Tyros besto noen år til. I 332 fvt. måtte Aleksander den store beleire Tyros i sju måneder før byen ble erobret og ødelagt. Etter Aleksanders død i 323 fvt. var Fønikia underlagt vekslende hellenistiske herskere (ptolemeerne og selvekidene). I 64 fvt. ble området underlagt Romerriket og regnet med til provinsen Syria. Da hadde imidlertid verdenshandelen funnet seg nye veier, og Alexandria ble et nytt senter for handel og kultur i det østre Middelhav.

……….

De viktigste gudene i de fønikiske koloniene var Baal (Baal Hamon), og fra 500–tallet gudinnen Tanit, som hadde mye felles med den kanaaneiske Astarte. Allerede romerne beskyldte den fønikiskebefolkningen i Karthago for å foreta brennoffer av barn i nasjonale krisesituasjoner. I Kartagos ruiner er det funnet egne gravplasser, der gravene inneholdt små askeurner og amuletter som viser at det dreier seg om barnegraver. Urnene var dekket med en stein eller med en liten stele. Denne hadde ofte et bilde av Tanit. Forskere er fremdeles ikke enige om hvorvidt dette dreide seg om levende barn som ble brent i ilden, småbarn som var dødfødte, eller som døde av sykdommer. Det er heller ikke enighet om hvorvidt eventuelle ofringer var til guden Molok eller om Molok er betegnelsen for selve ildofferet. (Slike barneofringer, gjennom ild, omtales også flere steder i Det gamle testamentet og Tanakh. (2. Kongebok 23,10 )

Fønikerne og bibelen

Ifølge 1. Mosebok 10,15 var Sidon sønn av Kanaan og stamfar til et av folkeslagene på jorden. Det sies her ingen ting om sidoniernes vesen eller egenskaper. Men synet på andre folkeslag endret seg. Ifølge bibeltekstene giftet kong Salomo (900–tallet fvt.) seg med mange utenlandske kvinner, blant disse også en kvinne fra Sidon (1. Kongebok 11,1). Disse kvinnene blir anklaget for å ha ødelagt Salomos rette gudstro.

Den israelittiske kongen Akab (regjerte cirka 870–851) giftet seg med den fønikiske Jesabel, datter av kongen av Tyros, Et´Baal (1. Kongebok 16, 29–33). Jesabel har fått et dårlig rykte, både i bibeltekstene og i senere tradisjon. Både bibeltekstene og arkeologiske funn viser at hun må ha hatt både innenrikspolitisk og religiøs makt (1. Kongebok 21,8), noe som ikke var vanlig i Det gamle Israel. Jesabel kan også ha hatt egne midler, siden hun ifølge bibeltekstene underholdt mange hundre profeter for de kanaaneiske gudene Baal og Ashera (1. Kongebok 18, 17–40).

Den religiøse innflytelsen fra Kanaan (Fønikia) ansporet israelittiske profeter til en bitter kamp mot det de oppfattet som frafall fra den rette tro og praksis, både blant de kongelige og blant vanlige folk. Mange ulike tekster uttrykker fordømmelse av både filistere og fønikerne. Blant disse er Jeremia 25,20; Esekiel 26–28 og Amos, 1, 1–10. Disse tekstene har bidratt til å formidle et bilde av kanaaneerne, inkludert fønikerne, som umoralske og «avgudsdyrkende» og deres kult som moralsk forkastelig. Også mange religionsforskere var lenge opptatt av det man mente var utbredt tempelprostitusjon og fruktbarhetskult. Dette ensidige synet på kanaaneisk religion generelt, og ikke minst på kvinners roller i templene i Midtøsten, er i dag forlatt.

Byene Tyros og Sidon nevnes også i Det nye testamentet (Matteus 11,22 og 15,21). Paulus skal også ha vært innom byen Sidon på sine reiser og ha vært vennlig mottatt der (Apostlenes gjerninger 27,3).

Babylonia og Guds vreidevin.

Jeremias sa at Guds Ord kom til han og det forkynte han. Men folket ville ikkje høyre på han. Derfor skjenka Gud dei vreidevin, så dei vart berusa, inntil sverdet ramma dei. Dei vart uforstandige altså, og var ikkje førebudde på å forsvare seg mot ulykka som kom.

Jer.25, 3 I tjuetre år, frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda, og til denne dag, har Herrens ord kome til meg, og eg har tala til dykk både seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra.  4 Og gong på gong sende Herren alle tenarane sine, profetane, til dykk. Men de ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til så de kunne høyra.  5 Dei sa: Vend om, kvar og ein frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar! Så skal de evig og alltid få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.  6 Hald dykk ikkje til andre gudar, så de dyrkar og kastar dykk ned for dei. Gjer meg ikkje harm med å laga dykk gudebilete, så skal eg ikkje skada dykk.  7 Men de ville ikkje høyra på meg, lyder ordet frå Herren. De harma meg med bileta de laga, til skade for dykk sjølve.

8 Difor, seier Herren, Allhærs Gud: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9 sender eg bod og hentar alle folkeættene i nord og babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min, seier Herren. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur her, og over alle folkeslaga rundt ikring. Eg bannstøyter dei og gjer dei til skræmsel og spott og til ei evig vanære.  10 Eg gjer ende på fagnadrop og glederop mellom dei, på røyst av brudgom og røyst av brur, på handkverndur og lampeljos.  11 Heile dette landet skal verta ei audn og ei øydemark, og folkeslaga her skal træla under babylonarkongen i sytti år. 

12 Men når sytti år er lidne, vil eg krevja kongen i Babylonia og heile folket der til rekneskap for deira misgjerning, lyder ordet frå Herren. Og eg vil straffa Kaldearlandet og gjera det til ei audn for alltid. 13 Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det – alt som er skrive i denne boka, det som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga. 14 For dei òg må træla under mektige folk og store kongar. Såleis løner eg dei for deira ferd og deira gjerningar.

Staupet med Herrens vreidevin

15 Såleis tala Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette staupet med vreidevin or mi hand og lat alle dei folk eg sender deg til, drikka av det! 16 Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17 Då tok eg staupet or Herrens hand og lét alle folka han sende meg til, drikka av det: 18 Jerusalem og byane i Juda, kongane og hovdingane der – dei skulle verta til audn og øydemark, til spott og forbanning, så som det er i dag; 19 farao, kongen i Egypt, tenarane og hovdingane hans og heile folket hans, 20 alle andre folk som hadde blanda seg med dei, alle kongane i Us, alle kongane i Filistarlandet og folket i Asjkalon, Gasa, Ekron og dei som er att i Asjdod;  21 folket i Edom, Moab og Ammon, 22 alle kongane i Tyrus og Sidon og kongane utmed strendene på hi sida av havet; 23 folket i Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklypt hår ved tinningen;  24 alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i øydemarka; 25 alle kongane i Simri, Elam og Media; 26 alle kongane i nord, både dei som er nær, og dei som er langt borte, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Sist skal kongen i Sjesjak drikka.

27 Du skal seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Drikk, så de vert drukne og spyr! De skal falla for sverdet som eg sender imellom dykk, og ikkje reisa dykk meir.  28 Men vil dei ikkje ta staupet or di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud: Drikka skal de! 29 For fyrst lèt eg ulukka gå ut over den byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar sverdet hit og sender det mot alle som bur på jorda, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Når Jesus var i Getsemane, medan svikaren var på veg, opplevde Jesus det som at eit staup vart skjenka han, som han yngste å få sleppe å ta, men som han tok, for å sone all verda si synd.

Luk.22,39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han.  40 Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!» 41 Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:  42 «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» 43 Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. 44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. 45 Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. 46 «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

I Joh.Op.17-18 får vi høyre om Babylon, den Store Skjøkje, det skal verte skjenka til henne to gongar i det staupet ho sjølv har fylt.

Joh.Op.18,1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han. 2 Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.  3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:

Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.  5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.  6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.  7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.»  8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.

9 Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn. 10 Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»  11 Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger:  12 skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor; 13 kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.

14 Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir. 15 Dei som handlar med slikt, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skræmde av hennar liding. Dei skal gråta og syrgja  16 og seia: «Ve, ve deg, du store by, du som var kledd i fint lin og purpur og skarlak, og som lyste av gull og dyre steinar og perler! 17 På éin time er all denne rikdomen tapt.»

Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.  18 Dei såg røyken då ho brann og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?» 19 Og dei kasta støv over hovudet, og gråtande og syrgjande ropa dei: «Ve, ve den store byen, der alle som har skip i sjøen, har vorte rike av dei dyre eignelutene hennar! På éin time er alt lagt øyde.»

20 Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.

21 Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast.  22 Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd.  23 Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.  24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»


3 responses to “Ny Tid 56. Endetidssyn 31. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 13. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. 4. Jerusalem dreiv handel med Fønikarane. Så tok Babylon over, ved å legge alle land under seg.”

Leave a reply to Ny Tid 81. Endetidssyn 56. Frelse og frigjering. Jesus kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom og ekte mann. Framstille kyrkjelyden for Kristus som ei rein brud. 4. Gud forsona verda med Cancel reply