Ny Tid 52. Endetidssyn 27. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 10. Det vart strid i Davids hus og det vart epokegjerande.

Bilete: Profeten Samuel salva David til konge.

Davids son skulle bygge Guds tempel, slik ville Gud sikre makta hans.

David vann krigane og fekk fred på alle kantar. Då tenkte han på å bygge eit tempel for Herren, men Herren sende profeten Natan til å seie til han at son hans, som skulle ta over makta etter han, skulle få det oppdraget, han skulle vere Guds son. Sidan gjorde David hor med Batseba, så ho vart gravid, han prøvde å skjule det og det vart til at han sveik mannen hennar, så han fall i strid. Så tok han Batseba til kone. Men profeten Natan kom og refsa han for det, David vedkjende si synd, så han slapp å døy for si synd. Men lausungen skulle døy og sidan skulle det verte strid i hans hus. Det vart tronstrid, så endåtil David sjølv måtte ta røminga for ei kort tid. Han fekk sonen Salomo med Batseba, han var ikkje den eldste, men det var han som skulle overta trona, igjen vart det tronstrid, men han trygga makta si. 

Det synest rart at David, som var så rettvis og som med si rettferd hadde vorte ein rik og mektig konge og som hadde mange koner, skulle fall i synd slik som dette. Og det synest endå rarare at den sonen som han sidan fekk med henne, skulle overta kongsstolen etter han. Og det var endåtil profetert før han oppdaga Batseba.

David fall i synd, korleis gjekk det då med Israels lampe? Men han sanna si synd for Herren og bad om nåde og tilgiving. Han vart benåda, så Israels lampe framleis kunne skine klart (2.Sam.12).

David var heime i sitt slott, medan hæren hans var i krig. Då oppdaga han Batseba og vart freista, så han gjorde hor med henne og ho vart gravid. Han prøvde å skjule det og det vart til at han sveik mannen hennar, så han fall i striden. Så tok han Batseba til seg som kona si. Men profeten Natan kom og tala han til rettes.

2.Sam.12,1 Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig. 2 Den rike hadde småfe og storfe i mengd; 3 den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han. 4 Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.»

5 Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy! 6 Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.»  7 Då sa Natan til David: «Du er mannen! Så seier Herren, Israels Gud: Eg salva deg til konge over Israel og berga deg frå Sauls hand.  8 Eg gav deg huset åt herren din og konene hans i fanget ditt. Eg gav deg både Israels- og Juda-riket. Og var ikkje det nok, ville eg ha lagt til både det eine og det andre. 9 Kvifor har så du vanvørdt Herrens ord og gjort det som vondt er i Herrens augo? Hetitten Uria har du drepe med sverd; du lét ammonittane drepa han. Og kona hans har du teke og gift deg med.  10 Så skal då sverdet aldri vika frå huset ditt, sidan du har vanvørdt meg og teke kona åt hetitten Uria. 11 Så seier Herren: Sjå, eg lèt ulukke koma over deg frå di eiga ætt. Eg vil ta konene dine beint for augo dine og la ein annan mann få dei, og han skal liggja med dei midt på ljose dagen.  12 Du gjorde di gjerning i løynd, men eg vil la dette henda for augo på heile Israel midt på ljose dagen.» 13 Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy.  14 Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.»  15 Så gjekk Natan heim att.

Natan fortalde ei likning om ein rik og ein fattig mann, der David likna den rike mannen. Med rikdomen sin, likna den rike mannen også på Nabal og på den tida var David fattig. Davids koner skulle vel vere sentrale i festlege selskap, men kva slags selskap ville dette verte, skulle dei feire og feste på grunnlag av ein slik urett? Nei, dette måtte det verte eit oppgjer med, dess før dess betre.

Absalom var eldste son hans og han hadde ei syster som heitte Tamar, men halvbror deira valdtok henne. Etter to år hemna Absalom det ved å drepe han og så flykta han. Etter tre år fekk dei han til å komme attende i fred, men etter tei tid fekk han med seg folket og gjorde opprør, det kom så brott at så David måtte flykte med ein liten hær. Han trong å vinne tid og så kom det til strid og då vann han og Absalom vart drepen. 

Då er det verdt å minne om at i usyrdebørdhelga (påske), skulle dei løyse eldste sonen med eit offer. Men no ville ikkje Gud ha noko slike offer, den synda David hadde gjort, var det etter lova dødsstraff for. Men Gud ville ha eit anna slags offer.

 

Offer for Gud er ei sundbroten ånd, eit sundbrote og knust hjarta (Salme.51).

Samuel hadde salva David til konge og salvinga er eit symbol på den Heilage Ande. No audmjuka David seg for Herren og bad om at han ikkje måtte ta sin Heilage Ande ifrå han.

Salme.51,1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba. 

3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,

stryk ut mine brot i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri for skuld,

og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,

det som er vondt i dine augo, har eg gjort. 

Så får du rett når du talar,

og står der rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,

med synd vart eg avla i mors liv. 

8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,

så lær meg visdom i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,

vaska meg, så eg vert kvitare enn snø! 

10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd! 

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,

hald meg oppe med ei viljug ånd!

15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,

og syndarar skal venda om til deg. 

16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,

– du Gud som er min frelsar!

Så skal eg jubla over di rettferd.  

17 Herre, lat opp mine lipper,

så min munn kan lovprisa deg.

18 For slaktoffer har du ikkje hug på;

kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det. 

19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.

Eit sundbrote og knust hjarta,

det vanvørder du ikkje, Gud. 

20 Gjer vel mot Sion i din nåde,

bygg opp att murane kring Jerusalem!

21 Då skal du ha hugnad i dei rette offer

– både brennoffer og heiloffer,

då skal dei ofra oksar på ditt altar.

David kom meid fleire Messias-profetiar, og «Messias» (Gresk: Kristus) betyr som kjent den salvevigde.

Salme.110,1 Ein Davids-salme.

Herren seier til min herre:

«Set deg ved mi høgre hand

til eg får lagt dine fiendar

til skammel for dine føter!»  

2 Frå Sion retter Herren ut

din mektige kongsstav.

Ver herre mellom dine fiendar! 

3 Ditt folk møter viljug fram

den dagen du mønstrar din hær.

I heilagt skrud kjem din ungdom til deg

som dogg ut or morgonrodens fang. 

4 Herren har svore og angrar det ikkje:

«Du skal vera prest til evig tid

på Melkisedeks vis.»  

5 Herren er ved di høgre side,

han knuser kongar på sin vreidedag. 

6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,

hovdingar knuser han vidt over jord. 

7 Kongen drikk or bekken ved vegen,

difor lyfter han hovudet høgt.

David fekk Sauls dotter til kone som sigerspris i krigen mot filistarane (1.Sam.18).

Kong Saul brukte to av døtrene sine til å lokke David med, men det var for å prøve å verte kvitt han, sidan han såg på han som ein farleg konkurrent om trona. Men den andre av dei hadde verkeleg fått David kjær.

1.Sam.18,17 Ein dag sa Saul til David: «Sjå, her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gje deg til kone. Lat meg berre få sjå at du er ein djerv kar, som fører Herrens krigar.» For han tenkte: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistarane gjera.»  18 David svara: «Kven er vel eg, og kven er frendane mine, farsætta mi, i Israel, sidan eg skal verta verson til kongen?» 19 Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20 Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt. 21 «Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.»

22 Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.» 23 Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?» 24 Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara. 25 Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.» 26 Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, gledde det han å høyra at han skulle verta verson til kongen. Og før tida var ute, 27 gjorde David seg ferdig og drog av stad med mennene sine. Han slo i hel to hundre filistarar, tok førehudene deira med seg og la dei alle fram for kongen, så han kunne verta verson hans. Då lét Saul han få Mikal, dotter si, til kone. 28 No såg Saul at Herren var med David, og han skjøna at Mikal, dotter hans, heldt av han. 29 Då vart han endå reddare David og var hans fiende all sin dag.

David fekk ei rik kvinne til kone, etter å ha hjelpt gjætarane hennar (1.Sam.25).

Når Samuel døde, for David med hæren sin til Moan-øydemarka og ein kan lure på kva dei hadde å livnære seg av, var dei ikkje i krig, så var der ikkje noko krigsutbytte heller. Men der var ein rik bonde som heitte Nabal og kona hans, Abigajil. Dei kom til Karmel på saueklipping og han betalte klipparane med slakt. Så sende David nokre av mennene sine for å spørje om ikkje dei også kunne få noko, for dei hadde vore ute i marka i lag med gjætarane og han meinte dei hadde hjelpt dei med gjætinga. Men Nabal gav eit svar som var ei fornærming.

1.Sam.25,9 Då mennene åt David kom til Nabal, helsa dei frå David og bar fram ærendet sitt; så stod dei og venta. 10 Men Nabal svara: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange trælar som spring bort frå herrane sine. 11 Og så skulle eg ta brødet og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klypper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar er ifrå!» 12 Mennene snudde og gjekk sin veg, og då dei kom heim til David, fortalde dei han alt som hadde hendt. 13 Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Dei så gjorde. David spente òg sverdet på seg, og så fylgde dei han opp, om lag fire hundre mann, medan to hundre vart att ved føringsvognene.

14 Men ein av tenestgutane kom og fortalde dette til Abigajil, kona åt Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå øydemarka med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut. 15 Og desse mennene har då vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute i marka. 16 Dei var som ein mur ikring oss både natt og dag i all den tid vi heldt oss nær dei og gjætte småfeet. 17 Så tenk deg no vel om kva du skal gjera! For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vrang at ingen torer tala til han.»

18 Då var Abigajil snar i vendinga. Ho tok to hundre brød, to hiter med vin, fem saueskrottar, fem mål steikt korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og la det på esla. 19 Så sa ho til tenestgutane sine: «Far føre! Eg kjem snart etter.» Men med Nabal, mannen sin, nemnde ho ingenting.

20 Som ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, kom David og mennene hans imot henne; ho støytte rett på dei. 21 Men David hadde sagt: «Så er det reint til fånyttes at eg har gått her i øydemarka og vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han. Han har lønt godt med vondt. 22 Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»

23 Med det same Abigajil fekk auga på David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han. 24 Så kasta ho seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg som har skulda, herre, berre eg. Men gjer vel og lat tenestkvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia. 25 Bry deg ikkje om denne vrange Nabal, herre! For som han heiter, så er han. ‘Dåre’ heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestkvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.  26 Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre, no har Herren hindra deg i å føra blodskuld over deg og ta deg til rettes. Fiendane dine, som vil skada deg, herre, skal verta som Nabal. 27 Ta imot denne gåva som tenestkvinna di har hatt med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine. 28 Tilgjev tenestkvinna di at ho er så djerv. Herren skal sanneleg halda ætta di oppe. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje henda deg noko vondt så lenge du lever. 29 Dersom nokon står fram og forfylgjer deg og vil ta livet av deg, skal Herren din Gud ta livet ditt i si varetekt, herre. Men livet åt fiendane dine skal han slengja bort som steinar or slyngja.  30 Når då Herren gjer som han har sagt, og lèt deg få alt det gode han har lova deg, herre, og set deg til fyrste over Israel, 31 då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha samvitsagg, herre, fordi du har drepe skuldlause menneske og teke deg sjølv til rettes. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestkvinna di, herre!»

32 Då sa David til Abigajil: «Lova vere Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag! 33 Velsigna vere ditt vit og velsigna vere du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rettes! 34 Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville det ikkje ha vore att ein einaste mann av folket til Nabal når det dagast i morgon.» 35 Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Far heim i fred! Eg har merka meg det du har sagt, og skal gjera det du bed om.»

36 Då Abigajil kom heim att til Nabal, var det gjestebod i huset, eit gjestebod som hjå ein konge. Nabal hadde drukke mykje og var i godlag. Difor fortalde ho han ingenting før det vart morgon. 37 Men om morgonen, då rusen hadde gått av Nabal, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjarta hans ville stogga, og han vart som ein stein. 38 Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.

39 Då David fekk høyra at Nabal var borte, sa han: «Lova vere Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»

Så sende David bod og fridde til Abigajil; han ville ha henne til kone. 40 Tenarane åt David kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne og sa: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone.» 41 Då reiste ho seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Sjå, her er tenestkvinna di, den tenestkvinna som skal vaska føtene åt tenarane dine, herre.» 42 Abigajil ferda seg til snøggast ho vann. Ho sette seg på eselet, og fem tenestjenter var med henne. Så fylgde ho sendemennene til David og vart kona hans.

43 David hadde òg gift seg med Akinoam frå Jisre’el; begge vart dei konene hans.  44 Men Saul hadde teke Mikal, dotter si, som var gift med David, og gjeve henne til Palti, son til Lajisj frå Gallim.

Mikal Saulsdotter var sikkert første kona hans, men ho vart teken ifrå han. Etter Sauls død, fekk han henne tilbake, men han fekk ikkje barn med henne. Abigajil vart den tredje kona hans og det er klart at ho vart ei god hjelp for David, med den store eigedomen sin, noko som hæren hans kunne livnære seg av også, medan dei fungerte som gjætarar.

Davids son skulle vere Guds son og han skulle bygge tempelet (2.Sam.7).

David fekk fred på alle kantar og så tenkte han på å bygge eit tempel for Gud, men han svara han at son hans, som skulle overta kongsstolen  etter han, han skulle bygge tempelet. 

2.Sam.7,1 Ein dag kongen sat i huset sitt, etter at Herren hadde gjeve han fred for alle fiendane rundt ikring,  2 sa han til profeten Natan: «Sjå, her bur eg i eit hus av sedertre, medan Guds paktkiste står i eit telt.»  3 Natan svara: «Gjer alt det du har i tankar, for Herren er med deg!»

4 Men same natta kom Herrens ord til Natan, og det lydde så: 5 Gå og sei til David, tenaren min: Så seier Herren: Skulle du byggja eit hus åt meg til å bu i? 6 Eg har då ikkje butt i hus heilt frå den tid eg førte israelittane opp frå Egypt, og til denne dag. Men eg har ferdast ikring med eit telt til bustad.  7 Har eg i all den tid eg ferdast ikring med israelittane, nokon gong sagt til ein av Israels domarar som eg sette til å vakta Israel, folket mitt: «Kvifor har de ikkje bygt meg eit hus av sedertre?» 8 Og no skal du seia til David, tenaren min: Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg henta deg frå beitemarka der du fylgde saueflokken, og sette deg til fyrste over Israel, folket mitt.  9 Eg var med deg kvar du gjekk, og rudde ut alle fiendane dine for deg. Og eg vil la deg vinna eit namn så stort som berre dei største på jorda har det. 10 Eg vil stella til ein bustad åt Israel, folket mitt, og planta dei der. Dei skal få bu i landet sitt og aldri verta uroa meir; valdsmenn skal ikkje plaga dei som i gamle dagar. 11 Såleis har det vore frå den tid eg sette domarar over Israel, folket mitt. Men deg har eg gjeve fred for alle fiendane dine. Og no forkynner Herren deg at han vil byggja eit hus åt deg.  12 Når tida di er ute, og du kviler hjå fedrane dine, då vil eg etter deg reisa opp din eigen son og etterkomar, og eg vil grunnfesta kongedømet hans.  13 Han skal byggja eit hus åt namnet mitt, og eg vil tryggja kongsstolen hans til evig tid.  14 Eg vil vera far for han, og han skal vera son min. Når han gjer det som vondt er, vil eg tukta han med manneris og menneskeslag.  15 Men mi miskunn skal eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med Saul, han som eg lét vika for deg.  16 Ditt hus og ditt kongedøme skal alltid stå fast for mitt åsyn, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. 17 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.

Himmelen er Guds bustad, så han treng ikkje noko telt å bu i, møteteltet var bra nok for han, men han hadde omsorg for folket sitt og ville stelle til ein bustad for dei og plante dei der, så dei skulle bu trygt. Og så ville han byggje eit hus åt David, ved at han reiste opp son hans og grunnfesta kongedømet hans, han skulle byggje eit hus for Guds namn og Gud ville trygge kongedømet hans til evig tid. Han skulle vere Guds son, ja, Moses hadde då profetert om at dei skulle vere Guds born. Dersom han ikkje gjorde rett, ville Gud tukte han, men han ville ikkje ta ifrå han si miskunn.

Absalom gjorde opprør og David rømde inntil han fekk samla styrkane til sitt forsvar. (2.Sam.15). Dette kan vi samanlikne med Jesus i Getsemane, bortsett frå at ha ikkje rømde. Like vel samla han ein større hær, med tid og stunder.

 

Absalom var eldste son til David, han hadde ei syster som heitte Tamar, men halvbror deira, Amnon, valdtok henne. To år seinare hemna Absalom det ved å drepe han og så tok han røminga. Etter tre år fekk David han til å komme attende, men han måtte halde noko avstand (2.Sam.13-14).

Men så klarde Absalom å få med seg folket i eit opprør mot David, så han måtte røme med ein liten flokk. Dette kan vi samanlikne med Jesus i Getsemane, bortsett frå at ha ikkje rømde. Like vel samla han ein større hær, med tid og stunder.

David var smart nok til å la nokre vere att som spionar, med kontaktar gjennom prestane.

2.Sam.15,15 Kongsmennene svara: «Som du vil, herre konge! Vi er tenarane dine.» 16 Så tok kongen ut og alt husfolket hans med han. Berre ti fylgjekoner lét han vera att; dei skulle sjå etter huset.

17 Heile hæren fylgde kongen då han drog ut. Dei stogga ved det siste huset. 18 Alle kongsmennene stod attmed han medan livvakta og alle dei seks hundre mennene som hadde fylgt han frå Gat, gjekk framom.

….

23 Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka. 24 Best det var, kom Sadok og alle levittane, som bar Guds paktkiste. Dei sette kista ned, og Abjatar bar fram offer til heile hæren hadde fare ut or byen. 25 Men kongen sa til Sadok: «Før Guds paktkiste attende til byen. Har Herren godvilje for meg, lèt han meg koma heim att, så eg får sjå både paktkista og staden der ho står. 26 Men seier han: Eg har ikkje hugnad i deg, då får han gjera med meg som han synest best.»  27 Så sa kongen til presten Sadok: «Skjønar du? Du og Abjatar skal roleg fara attende til byen, og Akima’as, son din, og Jonatan, son til Abjatar, skal vera med dykk. 28 Eg skal venta attmed vadestadene i øydemarka til det kjem melding frå dykk.»  29 Då førte Sadok og Abjatar Guds paktkiste attende til Jerusalem, og der vart dei verande. 30 Men David gjekk gråtande oppetter Oljeberget; han hadde drege kappa for andletet og var berrføtt. Alle som var med han, hadde sveipt til hovudet og gjekk gråtande oppetter.

31 David fekk høyra at Akitofel var mellom dei som hadde svore seg saman med Absalom, og han bad: «Herre, gjer Akitofels planar til inkjes!»

32 Då David kom opp på berget der ein plar tilbe Gud, kom Husjai av Arak-ætta imot han med sundriven kappe og mold på hovudet. 33 David sa til han: «Fer du saman med meg, vert du berre til bry for meg. 34 Men går du attende til byen, kan du gjera Akitofels planar til inkjes for meg. Sei til Absalom: Eg vil vera din tenar, konge! Før har eg tent far din, no vil eg tena deg. 35 Der har du prestane Sadok og Abjatar med deg. Alt du får høyra frå kongsgarden, skal du seia frå om til dei. 36 Begge sønene deira, Akima’as, son til Sadok, og Jonatan, son til Abjatar, er der saman med dei. Med dei skal de senda bod til meg om alt de får høyra.» 37 Så kom Husjai, Davids ven, til Jerusalem på same tid som Absalom drog inn i byen.

Der kom ein mann som var av Sauls-ætta og forbanna David, for alt blodet som hadde runne i Sauls-ætta, men David ignorerte det.

2.Sam.16,11 Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal. 12 Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»

13 Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han. 14 Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

Absalom søkte råd hos to av Davids tidlegare rådgivarar, men var ikkje klar over at den eine av dei, Husjai, framleis var trugen mot David, han fungerte også som spion.

2.Sam.16,15 Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med. 16 Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!» 17 Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?» 18 Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg. 19 Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»

20 Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?» 21 Akitofel svara: «Gå og ligg med fylgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg reint til uvens med far din, får dei mot, alle som fylgjer deg.» 22 Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn, så heile Israel kunne sjå det, og låg med fylgjekonene til far sin. 23 På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom.

2.Sam.17,1 Sidan sa Akitofel til Absalom: «Lat meg få velja ut tolv tusen mann! Eg vil ta i veg og setja etter David i natt. 2 Så kjem eg over han medan han er trøytt og motlaus, og set støkk i han. Då kjem alle mennene som er med han, til å røma, og eg kan drepa kongen medan han er åleine. 3 Sidan fører eg heile hæren attende til deg som når ei brur vert ført til brudgomen sin. Det er då berre éin mann du vil ta livet av; folket elles får vera uskadt.» 4 Dette rådet lika dei godt, både Absalom og alle dei eldste i Israel. 5 Men så sa Absalom: «Send bod etter Husjai av Arak-ætta, så vi får høyra kva han òg har å seia.»

6 Då Husjai kom, fortalde Absalom kva Akitofel hadde sagt, og spurde: «Skal vi gjera som han seier eller ikkje? Sei kva du meiner!» 7 Husjai svara: «Det er ikkje noko godt råd Akitofel har gjeve denne gongen.» 8 Og han heldt fram: «Du veit at far din og mennene hans er djerve stridsmenn, og at dei rasar som ei binne i skogen når ein har teke ungane frå henne. Far din er ein gamal krigar; han legg seg ikkje til ro saman med mennene sine om natta.  9 No held han seg nok gøymd i ei hole eller einkvan annan staden. Går det så at nokon av mennene våre fell i fyrstninga, kjem alle som får høyra det, til å seia at det har vore eit stort mannefall mellom dei som fylgjer Absalom. 10 Og om det er aldri så djerv ein kar, med eit hjarta som ei løve, så misser han motet. For heile Israel veit at far din er ei kjempe, og at det er djerve menn, dei som er med han. 11 Difor er dette mitt råd: Lat heile Israel, frå Dan til Be’er-Sjeba, samla seg om deg, talrikt som sanden utmed havet. Og dra sjølv med dei i striden! 12 Når vi så råkar han einkvan staden der han held til, kastar vi oss over han som når dogga fell på marka. Vi skal ikkje spara ein einaste mann, korkje han sjølv eller nokon av dei som er med han. 13 Og søkjer han livd i ein festningsby, skal heile Israel leggja reip om den byen og dra han ned i dalen, så det ikkje finst ein småstein att der han stod.» 14 Då sa Absalom og alle israelittane: «Rådet åt Husjai av Arak-ætta er betre enn rådet åt Akitofel.» Men det var Herren som hadde laga det så at det gode rådet åt Akitofel ikkje vart fylgt, for Herren ville føra ulukke over Absalom.

David slepp unna Absalom

15 Sidan sa Husjai til Sadok og Abjatar, prestane, kva Akitofel hadde talt Absalom og dei eldste i Israel til å gjera, og kva han sjølv hadde rådt dei til. 16 Og han la til: «Skunda dykk og send bod til David! Gjev han melding om dette og sei at han ikkje må vera natta over ved vadestadene i øydemarka, men setja over elva! Elles er det ute både med kongen og alle dei som fylgjer han.»

17 Jonatan og Akima’as heldt seg utmed Rogel-kjelda. Ei tenestjente kom ofte med bod til dei, og så bar dei bodet til kong David. For dei våga ikkje å gå inn i byen og visa seg der.  18 Men denne gongen var det ein unggut som fekk auga på dei, og han sa det til Absalom. Då skunda dei seg av stad, begge to, og dei kom til Bakurim. Der gjekk dei inn på garden til ein mann som hadde ein brunn i tunet; og den steig dei nedi. 19 Kona i huset tok eit teppe og breidde over brunnopninga. Ho strøydde korn oppå, så ingen kunne merka noko.  20 Då så mennene til Absalom kom inn i huset til kona og spurde etter Akima’as og Jonatan, svara ho: «Dei gjekk over bekken.» Så leita mennene, men fann dei ikkje og fór attende til Jerusalem. 21 Då dei vel var farne, steig hine opp or brunnen. Dei gjekk til kong David med bodet og sa: «Ta ut og set over elva i ein fart!» Så fortalde dei kva råd Akitofel hadde gjeve. 22 Då tok David ut med alt folket sitt, og dei sette over Jordan. Som dagen rann, sakna dei ikkje ein mann; alle hadde kome seg over elva.

23 Då Akitofel såg at rådet hans ikkje vart fylgt, sala han eselet sitt, sette seg på det og reid heim til sin eigen by. Han ordna med alt i huset sitt, og så hengde han seg. Såleis døydde Akitofel, og han vart gravlagd i grava åt far sin.

Når det så kom til strid mellom hærane, vann hæren til David og Absalom flykta, men vart hengande etter håret i eit tre, så Davids hærførar, Joab, nådde han att og drap han, til tross for at David hadde sagt dei skulle spare livet hans. David kom i eit dilemma, han syrgde over son sin samtidig som han skulle feire sigeren saman med mennene sine (2.Sam.18-19).

Svikaren som forbanna og sjølv vart forbanna (Salme.109), ein profeti om at Judas sveik Jesus.

David skreiv i Salme.109 om ein som var svikarisk og likte så godt å forbanne, så han sjølv vart forbanna, sannsynleg vis tenkte han då på  Akitofel og Sjima. Sjima prøvde å fine seg inn att og David ville ikkje ta hemn når dei skulle feire sigeren. Men han overlet det til son sin som skulle ta over etter han å finne eit lagleg høve til å ta hemn over Sjima og slik gjekk det. David talar tydeleg vis utifrå sin eigen synsstad i Salme.109, men det vert til ein profeti om Kristus, som vart dømd sjølv om han var rettferdig. Og det som er skrive om den som forbanna, vart til ein profeti om Judas. Ein annan skulle få hans stilling, det visste disiplane om, så dei valde ein annan i staden. Men det var Jesus som sjølv valde Paulus til apostel, i staden for Judas.

Salme.109, 1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.

Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!

2 No opnar dei gudlause munnen,

ein svikefull munn, imot meg.

Dei talar til meg med lygnartunge, 

3 kringset meg med hatefull tale

og strider mot meg utan grunn.

4 Til løn for min kjærleik

klagar dei meg; men eg bed.

5 Dei løner godt med vondt

og gjev meg hat for min kjærleik. 

6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,

lat ein klagar stå ved hans høgre side! 

7 Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn verta halden for synd! 

8 Lat hans levedagar verta få

og ein annan ta hans embete! 

9 Lat borna hans verta farlause

og kona hans enkje!

10 Lat borna flakka ikring og be seg,

gå tiggargang frå øydelagd heim.

11 Alt han eig, skal ein ågerkar ta,

framande skal rana frukta av hans strev.

12 Ingen skal visa han truskap meir

eller ynkast over hans farlause born.

13 Hans etterkomarar skal rydjast ut,

deira namn skal strykast i neste ættled. 

14 Herren skal minnast hans fedrars skuld,

synda åt mor hans skal ikkje takast bort. 

15 Herren skal alltid ha dei for auga,

minnet om dei skal rydjast ut frå jorda. 

16 For han tenkte aldri på å visa truskap,

men forfylgde dei arme og fattige,

og dei motlause ville han drepa.

17 Han elska å forbanna

– lat forbanning råka han sjølv!

Han lika ikkje å velsigna

– lat han aldri få velsigning!

18 Han tok forbanning på som ein kledning

– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,

i hans bein som olje!

19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,

som eit belte han alltid bind om seg!

20 Lat dette vera Herrens løn

til dei som klagar meg

og talar vondt imot meg!

21 Men, Herre, du min Herre,

gjer vel imot meg for ditt namn skuld!

Berga meg i din godleik og truskap!

22 For eg er arm og fattig,

mitt hjarta er såra i min barm.

23 Eg kverv som skuggen når dagen hallar;

som ei grashoppe vert eg sopt bort. 

24 Knea sviktar fordi eg fastar,

min kropp turkar inn fordi han ikkje får olje.

25 Eg har vorte til spott for dei,

dei rister på hovudet når dei ser meg. 

26 Hjelp meg, Herre, min Gud,

frels meg i di miskunn!

27 Så skal dei merka di hand bak dette

og skjøna at du har gjort det, Herre.

28 Om dei forbannar, velsignar du.

Om dei reiser seg mot meg, vert dei til skammar,

og din tenar kan gleda seg.

29 Lat mine fiendar kle seg i vanære

og sveipa seg i skam som i ei kappe! 

30 Så vil eg takka Herren med lovsong,

midt i mengda vil eg prisa han. 

31 For han står attmed den fattige,

vil hjelpa han mot dei som dømer han.

Dermed hadde David mista tre søner, først lausungen som han fekk med Batseba, så Amnon og så eldste sone sin, Absalom. Då er det verdt å hugse på at i usyrdebrødshelga (påske), skulle dei løyste eldste sonen med eit offer.


3 responses to “Ny Tid 52. Endetidssyn 27. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 10. Det vart strid i Davids hus og det vart epokegjerande.”

Leave a reply to Ny Tid 65. Endetidssyn 40. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 22. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred. Cancel reply