Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 8. Mikael og den øydande styggedomen i Dan.9-12.

Biletet: Altaret for Zevs i Pergamun (Joh.Op.2,13). Det var ein øydande styggedom for jødane, like vel vart religionen deira infiltrert.

Kven er Mikael i Daniels bok?

Daniel såg etter i profetien til Jeremias om kor lenge det skulle gå før dei fekk fare heim att til landet sitt, jau, det var 70 år, så tida nærma seg. Då gjekk han i bøn for folket sitt og Herren svara han og då nemnde han ein engel som han kalla Mikael, som kom han til hjelp og sidan ein stor konge som han også kalla Mikael. Kven er det?

Dan.10,1 I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

2 På den tid hadde eg, Daniel, syrgt i tre veker. 3 Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje i min munn, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var lidne.

4 Den 24. dagen i den fyrste månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris. 5 Då eg såg opp, fekk eg auga på ein mann som var kledd i lin og hadde eit belte av Ufas-gull om livet.  6 Kroppen hans var som krysolitt, andletet skein som lynet, og augo var som eldslogar; armane og føtene såg ut som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som larmen av ein stor folkehop.

7 Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje, men det kom stor redsle over dei, og dei sprang og gøymde seg.  8 Så vart eg att åleine. Og då eg hadde dette store synet, vart eg reint maktlaus. Eg skifte farge og vart likbleik; all mi kraft var borte.  9 Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, seig eg sanselaus ned med andletet mot jorda.  10 Då var det ei hand som tok i meg og hjelpte meg opp på hender og kne.  11 Han sa til meg: «Daniel, du som er så høgt elska av Gud, gjev akt på dei orda som eg vil tala til deg, og reis deg opp att! For no er eg send til deg.» Då han tala såleis til meg, reiste eg meg skjelvande opp.

12 Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.  13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.  14 No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

15 Medan han tala såleis til meg, bøygde eg hovudet og stod mållaus. 16 Men sjå, ein som var lik eit menneske, tok på lippene mine. Då eg opna munnen, kunne eg tala. Og eg sa til han som stod framfor meg: «Herre, synet har teke så på meg at all mi kraft er borte.  17 Korleis skulle eg, den ringe tenaren åt herren min, kunna tala med ein herre som deg? Kreftene sviktar, og eg kan ikkje pusta lenger.»

18 Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: «Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!» Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: «Tal, herre! For du har styrkt meg.»  19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.  20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Vers 7 liknar på det Paulus skreiv om korleis Jesus openberra seg for han og så liknar det på korleis Jesus openberra seg for apostelen Johannes.

Joh.OP.1,10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun.  11 Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12 Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull,  13 og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld,  15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.  16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste  18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket.  19 Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.

20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.

Daniel syrgde og fasta i tre veker, det er 21 dagar og så kom Herren til han som svar på hans bøn og fortalde at Persar-kongen gjorde motstand mot han i 21 dagar, men så kom hovdingen Mikael og hjelpte han, så han kunne fare av stad og svare Daniel, altså. 

v13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.

Seinare kjem fyrsten over Javan (Hellas) også, men sanninga er at det er berre Mikael, hovdingen over jødane som hjelper han mot dei, så kven er det?. 

19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.  20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Sanningsboka, kva er det? Guds ord. Jesajas hadde profetert om at Israels-folket skulle få fare attende til landet sitt under persarkongen Kyros, han kalla han endå til for Guds salvevide. Og no var han komen til makta. Då høyrest det svært så rart ut at Herren skulle stride mot han, men det var persarkongane som gjorde motstand mot han. Det var babylonarkongen Nebukadnesar som hadde bortført folket og då kalla Herren han for sin tenar. No var babylonarkongen for lengt borte og Daniel gret og fasta sikkert for å be Gud om nåde for sitt folk. Persarkongane gjorde motstand mot Herre, men så kom Mikael og hjelpte han, så då for han av stad for å svare Daniel. 

Herren vann denne striden mot persarkongane, med hjelp av Mikael, så det måtte vere det som gjorde at persarkongane førde ein vennlegsinna politikk overfor jødane, så dei let dei fare heim att til landet sitt og bygge oppatt tempelet og muren kring Jerusalem. Kyros vart så vennlegsinna at han vart salva til konge, salva med den Heilage Ande. Han let jødane fare heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka, dette er førebilete på evangeliet om Kristus og hans rike, som skulle forkynnast for alle folkeslag. 

I Dan.11 er det tale om Antiokus 4. Epifanes igjen og det sluttar slik:

Dan.11, 45 Han set opp kongsteltet sitt mellom havet og det fagre, heilage fjellet. Men så ber det mot slutten med han, og det er ingen som hjelper han.

Fyrsten Mikael skal stå fram ein gong i framtida som ein som vernar Guds folk. 

Dan.12,1 På den tid skal Mikael,

den store fyrsten, stiga fram,

han som vernar dine landsmenn.

Det skal koma ei trengselstid

som det ikkje har vore maken til

heilt sidan folkeslag vart til.

Men på den tid skal folket ditt verta frelst,

alle som er oppskrivne i boka.  

2 Og mange av dei som søv i molda,

skal vakna opp,

somme til evig liv,

andre til skam og evig avsky. 

3 Då skal dei vituge skina

som himmelkvelven skin;

og dei som har ført dei mange til rettferd,

skal skina som stjernene, evig og alltid. 

4 Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.

70 sabbatsår frå Jerusalems fall i 586 f.Kr.

Kyros kom til makta i Persia i 550 f.Kr, så dette måtte vere i år 547 f.Kr. I 539 hærtok han Babylonia. Dareios regjerte 522-486 f.Kr. (I følgje Biblex). Så dette skjedde før det som er omtala i Dan.9, at Daniel visste om Jeremias sin profeti om at dert skulle gå 70 år før dei fekk komme heim att til landet sitt, frå byen vart lagt i grus og til dess Babylon fall, så dei fekk kome attende. No var tida snart ute, så han byrja å be om det og Herrens engel kom for å gi han svar. Sju sabbatsår er tida til frigjeringsåret, dersom vi reknar det frå Jerusalem vart lagt i grus, i 586 f.Kr, kjem vi til 537 f.Kr og Kyros 2 erobra Babylonia i 539 f.Kr. Og Kyros 2 er den einaste heidningen som Gud har kalla for sin salvevigde i den gamle pakta. Dette vart avgjerande for at jødane fekk fare attende til lendet sitt og byrje å bygg oppatt tempelet. 

Sitat frå https://snl.no/Kyros_2._den_store

Kyros 2. den store var konge av Persia fra cirka 559–530 fvt. Han tilhørte den persiske fyrsteslekten akemenidene, og var opprinnelig fyrste av Anshan i Elam. Han regnes som grunnleggeren av det persiske verdensriket.

Ifølge den greske historieskiveren Herodot vant han i 550 fvt. over sin lensherre, mederkongen Astyages og inntok hans residens Ekbatana. Støttet til en vel rustet og ledet hær erobret han storparten av Iran og underla seg Lydia i kamp med Kroisos 546 fvt.. Han tok Babylon i år 539 fvt., men skal ha latt Marduk-kulten fortsette som før. Kyros falt 530 fvt. i strid med et folk i Turkestan og ble begravd i Pasargadae i Persis.

Kyros’ toleranse overfor fremmede religioner, et klart politisk trekk, er særlig kjent fra tekstene i Det gamle testamentet og Tanakh, der det fortelles om hvordan han gav jødene tillatelse og hjelp til å vende tilbake fra eksilet i Babylon. Han skal også ha gitt dem midler til å gjenoppbygge tempelet i Jerusalem som var ødelagt av Nebukadnesar 2 i 586 fvt. (Esras bok 1).

Sitat frå https://snl.no/Jerusalem_-_i_jødedommen :

Dette «første tempelet» sto til det ble ødelagt av den babylonske kongen Nebukadnesar 2 i 586 fvt., da store deler av Juda rikes befolkning ble ført i eksil til Babylonia.

……..

Da jødene fikk vende tilbake til Juda (etter 538 fvt.) ble det andre tempelet reist på samme sted. Det ble innviet cirka 515 fvt.

SITAT SLUTT.

Dette skjedde i 547 f.Kr. og 8 år seinare hærtok Kyros Babylonia og året etter fekk jødane vende attende til landet sitt.

Reknar vi 7 sabbatsår frå 586 f.Kr., kjem vi til 537 f.Kr. Jesaja hadde profetert om Kyros som den salvevigde og det høver bra med den salvevigde i Dan.8. Reknar vi 70 år frå 586, kjem vi til 516 og tempelet vart innvia året etter. 

Reknar vi 62 årsveker til, 434 år, kjem vi til 103 f.Kr. Er det noko spesielt med det årstalet då? Ja, faktisk, sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :

Etter 332 fvt. erobret Aleksander den store hele området. Landet kom etter hans død inn i den hellenistiske interessesfære og ble senere et stridsområde mellom ptolemeerne (i Egypt) og selevkidene (i Syria). Selevkidekongen Antiokhos 4. Epifanes (regjerte 175–164 fvt.) forsøkte med alle midler å hellenisere jødene, blant annet gjennom å reise en statue for guden Zevs i tempelet i Jerusalem og forby jødiske skikker, som omskjæring (brit mila) av guttebarn.

I 167 fvt. startet presten Mattatias og hans fem sønner en jødisk oppstand som skulle vare i flere år. De nedstammet fra en gammel presteslekt kalt hasmoneerne. I 175 fvt. gjenerobret Juda Makkabeerenbyen Jerusalem og lot det helleniserte tempelet rense og gjeninnvie i 164. Til minne om dette feires fremdeles tempelinnvielsesfesten, hanukka, den 25. kislev (november/desember).

Den siste gjenlevende av brødrene ble av en jødisk forsamling valgt til yppersteprest «for evig», noe som stred mot gamle regler om at ypperstepresten skulle tilhøre sadokidenes ætt. Valget av en hasmoneer vakte derfor motstand hos mange. Hasmoneerne (makkabeerne) utgjorde etter hvert et familiedynasti av konger og yppersteprester som styrte et stadig større Judea. I 142 fvt. ble det opprettet en selvstendig jødisk stat.

Aleksander Janneus (Jannai) (103–76 fvt.) ble den første som utnevnte seg selv til konge, og som styrte et område som omfattet hele Palestina fra Middelhavet i vest til høylandet øst for Jordanelven, fra Golan i nord til Edom i sør. Etter hans død overtok hans kone, Salome Aleksandra (139–67 fvt.), som regjerende dronning. Hennes regjeringstid regnes som den siste fredelige tiden i landet.

Men nabateerne beholdt kontroll over Amman og Petra (nabateernes hovedstad). Edoms befolkning ble erobret og befolkningen konverterte til jødedommen.

SITAT SLUTT.

Profeten Esekiel hadde profetert om kva som skulle vere fyrstens oppgåve i tempelet, Esekiel.46, så då skulle det vere heilt klart at han skulle ha ei heilt anna oppgåve enn øvstepresten. Dersom øvstepresten vart salva til si teneste, så kunne vel nokon annan verte salva til kong, men kven skulle det vere då? 

Dette har eg skrive om her :

Vi har ingen aning om kven denne hovding Mikael er, men kanskje vi kan ane litt om politikken hans, at den liknar på politikken til Kyros.

Maccabeartida, Romariket?

Kongen i Selevkide-riket, Antiokus 4.Epifanes, kravde at alle i riket hans skulle dyrke Zevs og ingen annan gud. Det kunne ikkje jødane gå med på, så det var til at sønene til ein prest, maccabear-brørne leia jødane i ein motstandskamp. Då gjorde dei vennskapsavtale med Romarriket og delstaten Sparta i Hellas. Dei klarde å frigjere landet sitt og den siste av dei, Simeon Maccabe vart øvsteprest og hovding, Romarriket godkjende det og då prøvde herskaren i Selevkide-riket å fine seg inn, ved også å godkjenne det. Denne stillinga skulle gå i arv til etterkomarane hans, inntil det stod fram ein ny profet i Israel, det gjorde folket avtale om.

Då skulle vel den Romerske keisaren passe bra til hovding Mikael? Eller kva med Simeon? I følge profeten Esekiel skulle kongen og øvstepresten ha klart ulike funksjonar i tempelet, så dette fungerte ikkje lenger rett etter jødedommen. Så korleis kunne øvstepresten vere innvia og salva til tenesta? Aleksander Janneus vart hovding over jødane i 103 f.Kr. Men kunne han vere salva til konge då? Nei. Innviing og salving til teneste fungerte ikkje lengre, så den salvevigde var ikkje lengre til. 

Men kven var då Mikael? Var det den romerske keisaren? Det var då Romarriket som kom etter både det Persiske og det Greske Riket og maccabearane søkte hjelp hos Romarriket. Dei kristen skulle i alle fall ikkje gjer opprør mot romarane. 

Overengelen Mikael.

I Johannes Openberring er det fortalt om overengelen Mikael og englane hans

Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.  2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.

3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.  4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.  5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.  6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.

7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.  10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud.  11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen.  15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus.  18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Vers 18 minner om Dan.11,45. Antiokus 4. Epifanes er borte for lengst, men dette er då ei åndsmakt som ikkje er av Gud, men som like vel har resultert i ein politikk. 

Herodes den Store.

Herodes fekk i stand ei ombygging av tempelet og det varde nesten til Jerusalem vart lagt i grus.

Vi kan lese om det andre tempelet her, sitat frå https://snl.no/tempelet_i_Jerusalem :

Herodes’ tempel

Vi vet lite om hvordan tempelet så ut i århundrene etter eksilet. De fleste bilder og rekonstruksjoner av tempelet i Jerusalem baserer seg på beskrivelsene av hvordan det så ut etter Herodes den storesstorstilte ombygging. Utbyggingen ble påbegynt allerede rundt år 20 fvt. og fortsatte etter kongens død i år 4 fvt. Hans bestrebelser for å gjøre Jerusalems tempel til datidens meste praktfulle bygning kan skyldes et ønske om å fremstå som jødenes legitime konge. Herodes’ tempel omtales fremdeles som «Det andre tempelet», til tross for at det nok dreide seg om en helt ny bygning.

I Joh.Op.12,5 er det fortalt om at Jesus vart fødd, men det står ikkje skrive noko om hans vaksne live eller at han døde på korset, berre at han vart rykt opp til himmelen. Med det same Jesus var fødd, ville Herodes drepe han, men Gud varsla Josef i ein draum, så dei flykta til Egypt for ei tid.

Matt.2,1 Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem  2 og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.»  3 Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. 4 Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket, og spurde dei kvar Messias skulle verta fødd. 5 «I Betlehem i Judea,» svara dei, «for så står det skrive hjå profeten:

6 Du Betlehem i Juda land

er så visst ikkje den ringaste av fyrstane i Juda.

Frå deg skal det koma ein hovding,

som skal vera hyrding for Israel, folket mitt.» 

7 Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg 8 Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» 9 Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. 10 Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade. 11 Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.  12 Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim att til landet sitt.

Herodes vil drepa barnet

13 Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og ver der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.» 14 Han stod opp, og same natta tok han barnet og mora og fór til Egypt, 15 og der vart han verande til Herodes døydde. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.

16 Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida. 17 Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:

18 Det høyrdest eit rop i Rama,

gråt og høg klage;

Rakel gret over borna sine

og ansa ikkje trøystarord.

For borte er dei. 

Frå Egypt til Nasaret

19 Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt 20 og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.» 21 Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet. 22 Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea. 23 Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Såleis skulle det oppfyllast, det profetane hadde sagt, at han skulle kallast nasarear.

Paulus held forsvarstale for Herodes Agrippa.

Apgj.26,1 Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:

2 Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for, 3 sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hjå jødane. Difor bed eg deg at du vil høyra på meg med tolmod. 4 Heilt frå barndomen har eg butt mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar kjenner til korleis livet mitt har vore. 5 Difor veit dei òg, om dei berre vil seia det, at eg frå fyrste stund har levt som farisear og vore av dei som tok det strengast med religionen vår.  6 Og no står eg her og skal dømast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,  7 den som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt når dei ihuga dyrkar Gud natt og dag. For denne vona skuld, konge, fører jødar klagemål mot meg. 8 Kvifor held dei det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer opp att menneske som er døde? 9 Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus.  10 Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for. 11 Rundt ikring i synagogene fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta; og rasande som eg var, forfylgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12 Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og løyve frå overprestane.  13 På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit ljos, klårare enn sola; det kom frå himmelen og stråla rundt ikring meg og dei som var i lag med meg. 14 Vi stupte alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Det vert hardt for deg å stampa mot brodden!» 15 «Kven er du, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. 16 Men reis deg opp og stå på føtene dine! Eg har synt meg for deg fordi eg vil kåra deg til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg og om det du sidan skal få sjå.  17 Eg skal fria deg ut frå folket ditt, og frå alle folkeslag som eg sender deg til. 18 Du skal opna augo deira, så dei vender om frå mørker til ljos, frå Satans makt til Gud; då skal dei få tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.»

19 Difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet.  20 Men eg har forkynt, fyrst i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for andre folkeslag, at dei må gjera bot og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.  21 Difor var det nokre jødar greip meg i templet og ville drepa meg.  22 Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:  23 at Messias skulle lida, at han skulle vera den fyrste som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna ljoset både for vårt folk og for folkeslaga.

24 Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg bort i vitløyse!» 25 Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå vitet, vørde Festus; alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt. 26 Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frihuga til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han; det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok. 27 Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.» 28 Då sa Agrippa til Paulus: «Det vantar lite på at du får overtalt meg til å verta ein kristen.» 29 Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»

30 Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der. 31 Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.»  32 Og Agrippa sa til Festus: «Han kunne ha vorte sett fri, om han ikkje hadde anka til keisaren.»

Kle seg i Guds fulle rustning.

Paulus sa at vi har kamp ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær. Derfor skal vi kle oss i Guds full rustning.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!  11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak.  12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.  13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje,  15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid.  16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord.  18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.  19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet,  20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Etter at Jesus hadde døytt på korset, i staden for oss, stod han oppatt frå dei døde, for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Og så kledde han seg i hemnens klednad. Korleis då? Det måtte ha noko å gjere med at disiplane hans kledde seg i Guds full rustning (Jes.59,17).

Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort

at han ikkje kan frelsa,

og hans øyra ikkje så tunghøyrt

at han ikkje kan høyra. 

2 Nei, det er misgjerningane dykkar

som skil mellom dykk og dykkar Gud.

Syndene dykkar løyner hans åsyn,

så han ikkje høyrer dykk. 

3 Hendene dykkar er tilsølte med blod

og fingrane flekka med skuld,

lippene dykkar talar lygn,

og tunga mumlar svik. 

4 Ingen stemner til doms med rette,

og ingen fører sak på ærleg vis.

Dei lit på fåfengd og talar lygn,

dei ber på urett og føder vondskap. 

5 Dei klekkjer ut orme-egg

og vev spindelvev.

Den som et deira egg, må døy,

og knuser du eit, kjem det fram ein orm.

6 Deira vevnad duger ikkje til klede,

ingen kan kle seg med det dei lagar.

Det dei gjer, er vondskaps gjerning,

valdsverk kjem frå deira hender.  

7 Dei er snare på foten til det som er vondt,

og snøgge til å renna ut skuldlaust blod.

Alle deira tankar er vonde,

der dei fer, er herjing og øyding. 

8 Freds veg kjenner dei ikkje,

det finst ingen rett i deira spor.

Dei går på krokete stigar,

og ingen som ferdast der, veit av fred.

9 Difor er retten langt borte frå oss,

rettferda når oss ikkje.

Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,

på solskin, men ferdast i skugge. 

10 Vi trivlar langs veggen som blinde,

vi trivlar som folk utan augo.

Vi snåvar på ljose dagen

som om det var skumring,

i vår beste alder er vi som døde. 

11 Vi gryler alle som bjørnar

og klynkar og klagar som duer.

Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,

på frelse, men ho er langt borte frå oss. 

12 Du ser at våre synder er mange,

våre brot vitnar imot oss.

Ja, våre synder veit vi om,

våre misgjerningar kjenner vi: 

13 Vi har reist oss mot Herren,

har fornekta han

og gått bort frå vår Gud.

Vi har tala om vald og fråfall

og mumla fram svikefulle ord

som var avla i hjarta. 

14 Difor er retten unnatrengd,

rettferda står langt borte.

På torget er sanninga fallen,

og det rette vinn ikkje fram.  

15 Truskapen er borte,

og den som held seg frå vondskap,

vert plyndra. 

at det ikkje var retten som rådde.

16 Han såg at ikkje ein steig fram,

og undra seg over

at ingen førte hans sak.

Då kom hans arm han til hjelp,

hans rettferd stødde han. 

17 Han tok rettferd på seg til brynje

og sette frelseshjelm på sitt hovud.

Så kledde han seg i hemnens klednad

og sveipte om seg brennhug til kappe. 

18 Han løner folk etter det dei har gjort,

med harme mot uvener, hemn over fiendar;

jamvel mot øyar og strender

gjer han attergjeld.

19 Dei skal ottast Herrens namn i vest

og hans herlegdom i aust.

For han kjem som ein veldig flaum,

som Herrens storm driv fram. 

20 Han kjem som utløysar for Sion,

for dei som snur om frå synd i Jakob,

lyder ordet frå Herren. 

21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Kven var Mikael på Daniels tid?

I Dan.10 skreiv Daniel at han fasta og bad i tre veker, så kom Herren til han og sa at han hadde stridt mot Persarkongen i tre veker, så kom hovdingen Mikael og hjelpte han. Etter Persarkongane skulle kongen over Javan (Hellas) koma. Men framleis skulle han få hjelp frå Mikael. Så kven kunne det vere?

Dan.10,1 I det tredje året Kyros var konge i Persia, fekk Daniel, som dei kalla Beltsasar, ei openberring. Openberringa er sann, og ho varslar tunge tider. Han merka seg openberringa og gav akt på synet.

…….

12 Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen.  13 Fyrsten over Persarriket gjorde motstand mot meg i 21 dagar. Då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingane, og hjelpte meg. Eg gjekk frå han der hjå persarkongen.  14 No er eg komen og vil la deg få vita kva som skal henda folket ditt i dei siste dagar. For dette er endå eit syn som gjeld dei dagane.»

……..

19 Då sa han: «Veit du kvifor eg er komen til deg? No må eg nok fara attende og strida mot fyrsten over Persia. Og når eg det har gjort, kjem fyrsten over Javan.  20 Men eg skal fortelja deg det som er skrive i Sanningsboka. Det finst ikkje ein som hjelper meg mot dei, utan Mikael, hovdingen dykkar.

Thales.

Kyros 2 var storkonge 559-530 f.Kr, så dette måtte ha vore i 556 f.Kr. Då var gresk natur-filosofi så vidt byrja, det byrja ved Thales, sitat frå https://snl.no/Thales_fra_Milet :

Thales fra Milet var en gresk filosof fra Milet i Lilleasia som var grunnlegger av den joniske naturfilosofi.

Han regnes som den vestlige kulturs første vitenskapsmann og filosof fordi han synes å være den første som søker og foreslår naturlige forklaringer på naturprosessene, dette i motsetning til for eksempel Homers mytologisk-religiøse beretninger. Thales skal ha ment at vanner alle tings egentlige urstoff eller grunnstoff, kanskje også at alt er levende og besjelet. Han var etter tradisjonen også forretningsmann og politiker og fikk status som en av Hellas‘ sju vise. Thales tidfestes etter sin forutsigelse av en solformørkelse, som man nå regner fant sted 585 fvt.

SITAT SLUTT.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Tales_fra_Milet :

Tales fra Milet (født ca. 624 f.Kr, død ca. 548/545 f.Kr)[10][11] var en gresk filosof og matematiker. Han regnes for å være den første filosofen i gresk og vestlig filosofisom vi kjenner til. Han er også omtalt den første matematiker og som den første naturvitenskapsmann.

SITAT SLUTT.

Det er rart at Thales kunne påstå at alt er vatn, men gresk filosofi var inspirert av jødedomen og eg bår ut ifrå at han hadde det frå deira lære om at Gud er kjelda med det levande vatnet. I følgje relativitetsteorien er masse eit mål for energi, så vi kan seie at alt er energi. Det stemmer med Thales påstand, vi har berre brukt eit anna ord.

Demokrit.

Seinare kom Demokrits atommodell og den er som kjent stadfesta av eksperiment i den nye naturvitskapen. 

Når Peter profeterte om elementa som skulle komme i brann, så var det tydeleg vis med Demokrits atommodell.

2.Pet.3,10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.

Sitat frå https://snl.no/Demokrit :

Filosofi

Demokrit utviklet, antagelig sammen med Levkippos, en lære om at alt er sammensatt av små, udelelige enheter, atomer. Forskjellen mellom tingene består i at atomene har forskjellig form, posisjon og orden. Ved siden av atomer finnes bare det tomme rom hvor atomene beveger seg; når våre sanser forteller oss at noe forandrer seg kvalitetsmessig eller i forhold til andre ting, er det egentlig bare atomene som beveger seg. Også sjelen er sammensatt av slike atomer.

Betydning

Blant Demokrits viktigste tilhengere i antikken må nevnes Epikur og hans skole. Deres hedonistiske verdenssyn stod for dem som en rimelig følge av Demokrits filosofi, en tolking som også finner støtte i de fragmenter som er bevart av Demokrits egne skrifter. Romeren Lukrets har i et stort læredikt (Om tingenes natur) bygd på Demokrits (og Epikurs) natursyn. Men Demokrits atomistiske og materialistiske verdenssyn stod i skarp kontrast til den filosofi som skulle bli den dominerende i antikken og middelalderen, tradisjonen fra Platon og Aristoteles. Først på 1500- og 1600-tallet fikk Demokrit sin store renessanse: de nye naturvitenskapene var i høy grad en triumf for et materialistisk og atomistisk syn på naturen og dens lover.

SITAT SLUTT.

Det er mange som framstiller renessansen slik, men det er berre halve sanninga, for dei må ta med matematikken også, slik som rasjonalistane gjorde, så dei fekk ein psyko-fysisk dualisme (Descartes) eller parallellisme (Leibnitz). Merkeleg nok er det mange som ikkje vil innrømme at der er ein slik dualisme, men i praksis brukar dei ein slik dualisme heile tida. Dermed verkar det som om dei ikkje vil tillate det for andre, men berre for seg sjølve som ein priviligert gjeng.

Dei joniske byane og dei sju kyrkjelydane i Joh.Op.1-3.

Dei greske naturfilosofane meinte at naturen er forståeleg og det står i motsetnad til den greske gudeverda, at gudane spreng ut av kaos og etter ein kaos-kamp enda dei opp som herskarar på ulike område. Men dersom der er berre ein allmektig Gud, som har skapt alle ting ved sitt Ord, så må vel naturen vere forståeleg. Så når naturfilosofane tala om religion, er det for det meste om ein Gud. Guds Ord er usynleg og slik er det med naturlovene også, men vi kan erkjenne og forstå noko av det med forstanden.

… 

Milet var ein av dei joniske byane på vestkanten av Tyrkia og var lenge det kulturelle senteret i den greske verda, men det vart strid mellom Persia og Hellas om dette om dette området og det enda med at Hellas vann ved Aleksander den Store.

I Joh.Op.1-3 er det fortalt at apostelen Johannes skulle skrive brev til englane for dei sju kyrkjelydane og dei var nettopp i dette området som hadde vore det høgkulturelle senteret i Hellas og som det vart så mykje strid om. Desse englane måtte vere menneske som hadde teke imot Guds Ord i tru og som hadde fått Guds Ande, engel betyr bodberar, så dei hadde fått ein bodskap frå Gud å forkynne for menneska. Vi kan tenke oss at engelen er ånda deira og den er evig og slik er det også med den bodskapen dei har å bringe.

Mikael og englane hans og dei som trur på Jesus.

I Joh.Op.12 er det fortalt at Mikael og englane hans gjekk til strid mot Draken, så han vart kasta ned frå himmelen, så ser vi at det heng saman med at dei kristne brørne vann over han i kraft av Jesu blod og det ordet dei vitna om.

Joh.Op.12,1 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han.  10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud.  11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»

Sigre over Dyret og dei ti horna som fullfører Guds Ord (Joh.Op.17).

Vi skal sigre over Dyret som steig opp or avgrunnen også.

Joh.Op.17,12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.  13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.  16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.  17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Dei ti horna refererer til dei ti strategane i antikkens Hellas, med eit avgrensa demokrati, så dette talar om  renessansen med den nye naturvitskapen, nasjonalfrigjering og demokrati. Dei skal fullføre Guds plan til dess Guds Ord er oppfylt. 

Dyret som strir mot Guds Ord får hjelp av den Falske profet (Joh.Op.19).

Dyret som strir mot Guds Ord, får hjelp av den Falske profet.

Joh.Op.19,11  Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.  12 Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.  13 Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».  14 Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint. 15 Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.  16 På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

17 Og eg såg ein engel som stod i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!  18 De skal få eta kjøt av kongar og hærførarar og heltar, kjøt av hestar og dei som sat på dei, kjøt av alle, frie og trælar, små og store.»

19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.  20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.  21 Dei andre vart drepne med sverdet til han som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Guds rike og åndskampen.

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike og lærde opp disipplane sine også til det og det var ved at dei fekk oppleve det. Det er tale om Guds rike, himmelriket og Jesu rike, som Davids- sonen. Det er eit evig rike og det er same riket, like vel er det vert å merke seg kva det vart kalla i dei ulike samanhengande. Himmelriket var som ein bonde som sådde korn i åkeren sin, men åkeren var menneskehjerte og det var verda. Jesus lærde oss å be “Fader vår, du som er i himmelen, lat namnet ditt helgast, lat rike ditt koma, lat viljen din råda på jorda, slik som i himmelen”. Og i det gamle testamentet kan vi sjå at det vert til ære for Guds namn om jødane vender om til han og vender heim til landet sitt. Disiplane undra seg når Jesu ville gjenreise riket for Israel, gjenreise Davids falne hytte. Og i Johannes Openberring 20 får vi lese om 1000-års-riket. 

Men Guds rike er evig, korleis skal vi forstå det då? Det må vere Guds rike som vert realisert og gjennomført her på jord på ein måte. Korleis då? Med prestetenesta i den nye pakt og det er med fredelege metode. Den levande Gud eksisterer, han gjorde Jesus levande igjen og vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Han er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset åt menneska. Han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, slik får vi den kristne, evangeliske og karismatiske vekkinga og det er som om han gjer oss levande saman med Kristus, det er som oppstoda fra dei døde. Så dei tørre beina vert levande att, det er heile Israels-folket (Esekiel.37). I Joh.Op.20 ser vi at dette ikkje er avgrensa til dei, det gjeld alle som har helde fast på Jesu vitnemål og Guds Ord og ikkje tilbedt Dyret. Det vert kalla den fyrste oppstod og der er sikkert dei om meinar det er ei fysisk oppstode, men det som eg har skrive om det åndelege livet med Gud må uansett vere tilfelle. Kva meiner eg sjølv om det? Det er noko eg ikkje får til å stemme her. For når Jesu kjem att for å hente sine, skal han vekke opp dei som døde i trua på han og hente dei saman med dei som lever i trua på han, då vert dei omskapte, så dei vert med han til himmelen. Det er den første lekamlege oppstoda. Kvar i Johannes Openberring er det tale om det? Når han kjem på skya og hausta kornet med ljåen. Men vår oppgåve no er å både så og hauste.

I slutten av Daniels bok, spurde han om å få vite meir om kva synene hans skulle betyr, men det var som ei forsegla bok, så han fekk ikke vite meir. Men i Joh.Op.4-5, får vi vite at Lammet som var slakta var den einaste som var funne verdig til å bryte segla på profetboka, så vi får vite meir. Kva betyr det så for oss?

Paulus sa at vi er i ein åndskamp og må kle oss i Guds full rustning.

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet, 20 som eg er sendebod for her i fengselet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Legg spesielt merke til verd 12. Vi har framleis same kampen som han hadde og må kle oss i Guds full rustning i truskap til Kristus. Og Johannes Openberring fortel oss noko om korleis dette skulle gå vidare. Legg spesielt merke til der det er tale om at vi som trur på Kristus skal sigre saman med han. Som i kap. 11, 12, 17, 19 og 20. Profetiane fortalde om både fortid, notid og framtid for Johannes, når han var på Patmos og det gjer det for oss no også, men det som skjedde i hans samtid er fortid for oss no. Like vel fortel det om ein strid og ein åndskamp for framleis føregår, så vi skal sjå det som vår oppgåve å sigre med Kristus slik som det er sagt her.


5 responses to “Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 8. Mikael og den øydande styggedomen i Dan.9-12.”

  1. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 9. Messias, det daglege offeret og den øydane styggedomen i Dan.8-12. Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  2. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 9. Messias, det daglege offeret og den øydane styggedomen i Dan.8-12. Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  3. Ny Tid 58. Endetidssyn 33. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 15. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 51. Endetidssyn 26 Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 9. Messias, det daglege offeret og den øydane styggedomen i Dan.8-12. Ny Tid 50. Endetidssyn 25. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

Leave a comment