Ny Tid 49. Endetidssyn 24. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 7. Påskefeiringa og Messias, Guds salvevigde.

Feire påske.

Jødane feira påske til minne om at dei slakta påskelammet i Egypt og strauk blodet på karmane til ytterdøra, kvelden før dei skulle fare derifrå, mot det lova landet. For den natta ville Gud sende engelen sin for å slå i hel alt fyrstefødt i Egypt, men der som han såg blodet på dørkarmane, ville han gå forbi utan å skade nokon. Derfor skulle jødane sidan gi Gud alt fyrstefødt, men eldste sonen kunne dei løyse med å slakte påskelammet som erstatning. Dette til samanlikning med at Abraham fekk ofre eit verlam i staden for Isak. 

Men den levittiske prestetenesta fungerte ikkje skikkeleg lengre, det var den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, så dei tente seg rike på det. Dette viste seg ved at Judas selde Kristus for 30 sølvpengar. Det var øvstepresten som stod bak. Men Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, han vart slakta som påskelammet, for å løyse oss frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til Gud, så vi skal tilhøyre han. Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss på korset, slik vart han opphav til evig frelse for alle dei som trur på han.

At Jesus vart hendretta slik, var blodig urett, korleis kan vi feire det då? Fordi han let seg hendrette slik for vår skuld, derfor har vi god grunn til å feire påske. Gud elska verda så høgt at han gav Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Han døde i staden for oss, for at vi skulle få han den retten. Klart han ynskjer å oppnå noko med det, ved at vi tek imot med takk, feirar påske og gleder oss i hans frelse.

 

Jesajas profeterte om Messias.

Jesajas var profet 736-700 f.Kr, han profeterte om det som skjedde i hans samtid, assyrarane tok Samaria og prøvde å ta Jerusalem, men kong Hiskia audmjuka seg og bad Gud om nåde, så han berga Jerusalem enn så lenge, men så skulle byen like vel falle og det skjedde 587 f.Kr. Allereie då profeterte han om at Israels-folket skulle få vende attende til landet sitt ved persarkongen Kyros (Jes.45&48). Og så kom han med mange Messias-profetiar, så det er mange som likar å kalle det for Jesajas-evangeliet. Gud ville gjere noko nytt, merka dei det ikkje. Messias var den nye spiren frå Isai-stuven. Her følgjer nokre av Messias-profetiane hans.

Jes.7,13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel.  15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode.  16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for.  17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»

Jes.11,1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven,

ein renning skal skyta opp frå hans røter.  

2 Herrens Ande skal kvila over han,

Anden med visdom og vit,

Anden med råd og styrke,

Anden som gjev kunnskap om Herren

og age for han.

Jes.11 er også ein profeti om fredriket hans.

Jes.43,16 Så seier Herren,

han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet, 

17 som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei. 

20 Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk kan få drikka. 

21 Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

Jes.53,1 Kven trudde

det bodet vi høyrde,

og kven fekk sjå Herrens makt? 

2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,

som ein renning or turr jord.

Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,

det var ingen hugnad å sjå han. 

3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,

ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,

ein svivørd mann som ingen ville sjå på;

vi rekna han for inkje. 

4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,

og våre pinsler bar han.

Vi trudde han var heimsøkt,

slegen av Gud og ille plaga. 

5 Men han vart såra for våre brot

og sundbroten for våre synder.

Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,

og ved hans sår har vi fått lækjedom. 

6 Vi fór alle vilt som sauer,

vi vende oss kvar til sin veg.

Men Herren lét råka han

det vi alle var skuld i. 

7 Ille medfaren vart han,

men bar det audmjukt;

han lét ikkje opp sin munn,

som lammet dei fører til slakting,

og sauen som teier når han vert klypt;

han lét ikkje opp sin munn. 

8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.

Men kven i hans samtid vørde vel det?

Bortriven vart han or levandelandet,

for sitt folks brot laut han døy. 

9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,

hjå ein rikmann, då han var død,

endå han ikkje hadde gjort nokon urett,

og det ikkje fanst svik i hans munn. 

10 Det var Herrens vilje

å knusa han med sjukdom.

Men fordi han gav sitt liv til soning,

skal han få etterkomarar og leva lenge,

og ved han skal Herrens vilje ha framgang. 

11 Etter all si møde og sjelenaud

skal han sjå ljos og mettast.

Og når dei kjenner han,

skal han, min rettferdige tenar,

gjera dei mange rettferdige;

for han har bore deira synder.  

12 Difor gjev eg han dei mange til del,

og dei sterke skal han få til hærfang,

fordi han gav sitt liv i døden

og vart rekna mellom brotsmenn.

Han tok på seg synda åt dei mange

og bad for brotsmenn.

Jesus er Guds Lam som bar verda si synd, Gud forsona verda med seg ved at han døde i staden for oss. Dette er påskelammet i den nye pakta.

Gjenreise Davids falne hytte?

Korleis kan vi så tenke oss at Gud vil gjenreise Davids falne hytte? 

Amos.9,8 Sjå, Herren Gud har augo vende

mot det syndige riket:

No vil eg rydja folket ut or landet.

Men eg vil ikkje heilt

gjera ende på Jakobs ætt, seier Herren. 

9 For sjå, eg gjev påbod,

og så rister eg Israels ætt

mellom alle folkeslaga,

som når ein rister korn i såld,

og ikkje ein stein fell til jorda.

10 For sverdet skal dei døy,

alle syndarane i mitt folk,

dei som seier: «Ulukka når oss ikkje,

ho kjem aldri over oss.» 

Atterreising og sæle tider

11 Den dagen reiser eg opp att

Davids falne hytte.

Eg murar att rivnene

og reiser det som ligg i røys;

eg byggjer henne som i gamle dagar. 

12 Så kan dei ta resten av Edom i eige

og alle dei andre folkeslaga

som er nemnde med mitt namn,

lyder ordet frå Herren,

som fullfører dette. 

13 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,

då dei tek til å pløya før skurden er slutt,

og trakkar druer til kornet skal såast.

Druesafta skal drypa frå fjell

og fløyma i alle bakkar. 

14 Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk.

Nedrivne byar skal dei byggja og bu i;

vingardar skal dei planta og sjølve drikka vinen,

hagar skal dei stella til og sjølve eta frukta. 

15 Eg plantar dei atter i eiga jord;

aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land,

som eg har gjeve dei,

seier Herren din Gud.

Amos var profet ikring 760 f.Kr, før Jesajas altså. 

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, spurde dei han når han ville gjenreise riket for Israel, då svara han dei slik:

Ap.gj.1,6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.  8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

 

70 sabbatsår frå Jerusalems fall i 586 f.Kr.

Daniel visste om Jeremias sin profeti om at dert skulle gå 70 år før dei fekk komme heim att til landet sitt, frå byen vart lagt i grus og til dess Babylonia avart lagt i grus, så dei fekk kome attende. No var tida snart ute, så han byrja å be om det og Herrens engel kom for å gi han svar. Sju sabbatsår er tida til frigjeringsåret, dersom vi reknar det frå Jerusalem vart lagt i grus, i 586 f.Kr, kjem vi til 537 f.Kr og Kyros 2 erobra Babylonia i 539 f.Kr. Og Kyros 2 er den einaste heidningen som Gud har kalla for sin salvevigde i den gamle pakta. Dette vart avgjerande for at jødane fekk fare attende til lendet sitt og byrje å bygg oppatt tempelet. Reknar vi 62 årsveker til, 434 år, kjem vi til 103 f.Kr. Er det noko spesielt med det årstalet då? Ja, faktisk, sitat frå https://snl.no/Det_gamle_Israel :

Etter 332 fvt. erobret Aleksander den store hele området. Landet kom etter hans død inn i den hellenistiske interessesfære og ble senere et stridsområde mellom ptolemeerne (i Egypt) og selevkidene (i Syria). Selevkidekongen Antiokhos 4. Epifanes (regjerte 175–164 fvt.) forsøkte med alle midler å hellenisere jødene, blant annet gjennom å reise en statue for guden Zevs i tempelet i Jerusalem og forby jødiske skikker, som omskjæring (brit mila) av guttebarn.

I 167 fvt. startet presten Mattatias og hans fem sønner en jødisk oppstand som skulle vare i flere år. De nedstammet fra en gammel presteslekt kalt hasmoneerne. I 175 fvt. gjenerobret Juda Makkabeerenbyen Jerusalem og lot det helleniserte tempelet rense og gjeninnvie i 164. Til minne om dette feires fremdeles tempelinnvielsesfesten, hanukka, den 25. kislev (november/desember).

Den siste gjenlevende av brødrene ble av en jødisk forsamling valgt til yppersteprest «for evig», noe som stred mot gamle regler om at ypperstepresten skulle tilhøre sadokidenes ætt. Valget av en hasmoneer vakte derfor motstand hos mange. Hasmoneerne (makkabeerne) utgjorde etter hvert et familiedynasti av konger og yppersteprester som styrte et stadig større Judea. I 142 fvt. ble det opprettet en selvstendig jødisk stat.

Aleksander Janneus (Jannai) (103–76 fvt.) ble den første som utnevnte seg selv til konge, og som styrte et område som omfattet hele Palestina fra Middelhavet i vest til høylandet øst for Jordanelven, fra Golan i nord til Edom i sør. Etter hans død overtok hans kone, Salome Aleksandra (139–67 fvt.), som regjerende dronning. Hennes regjeringstid regnes som den siste fredelige tiden i landet.

Men nabateerne beholdt kontroll over Amman og Petra (nabateernes hovedstad). Edoms befolkning ble erobret og befolkningen konverterte til jødedommen.

SITAT SLUTT.

Dette har eg skrive om her:

Israels-folket fekk seg øvsteprest og konge som ikkje var utvalde og salva til tenesta.

Samuel var dommar og profet i Israel, men når han var gammal, kven skulle då ta over etter han? Folket kravde å få seg ein konge, Gud let dei få ein slik konge som dei ville ha, ved at Samuel salva Saul til konge. Det gjekk bra ei stund, men han vraka Guds ord, så Gud vraka han som konge og let Samuel salve David til konge i staden.

Simeon Maccabe var den siste gjenlevande av Maccabearane og folket vart samde om at han skulle vere øvsteprest og hovding og det skulle gå i arv, inntil det stod fram ein ny profet. Men Esekiel hadde då gjort det klart at fyrsten skulle ha ei heilt anna oppgåve enn prestane (Esek.46). Men det vart tydeleg at verken øvstepresten eller kongen var utvalde og salva til teneste. Derfor vart det som om den salvevigde vart rydja or vegen og var ikkje lengre til, slik det står skrive i Dan.9,26.

Dan.9,20 Medan eg endå tala og bad og sanna mi eiga synd og synda åt Israel, folket mitt, og bar fram for Herren min Gud ei inderleg bøn for min Guds heilage fjell, 21 ja, medan eg endå heldt på å be, kom Gabriel, den mannen eg før hadde sett i synet, og flaug heilt bort til meg. Det var på den tid kveldsofferet skulle berast fram.  22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn.  23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!

24 Sytti veker er fastsette

for ditt folk og din heilage by

før vondskapen har nått sitt mål,

før synda tek slutt.

Då vert skulda utstroken,

det kjem ei evig rettferd,

det profetane såg, vert stadfest,

og Det høgheilage vert salva. 

25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde.  26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.

Byen og heilagdomen skal øydeleggjast

av hæren åt ein fyrste som kjem.

Han skal enda sine dagar i ein flaum.

Den fastsette øydelegging

skal vara til krigen er slutt.

27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,

midt i veka gjer han ende

på slaktoffer og grødeoffer.

På styggedoms venger

kjem det ein som herjar,

heilt til den fastsette øydelegging

strøymer ned over øydaren sjølv.»

Namnet «Kristus» er gresk for «Messias», og betyr Guds salvevigde, men i vers 26 er det sagt at den salvevigde vart rydja or vegen og var ikkje meir til, så Israels salvevigde var ikkje lenger til, ikkje som konge, men eigentleg heller ikkje som øvsteprest. Dette var den historiske bakgrunnen for at Israelsfolket ikkje tok imot Kristus, men forkasta han, det var ei åndsmakt som ikkje var av Gud, som stod imot og Johannes kalla det Antikrist i sine brev. 

Messias og påskefeiringa. Den Duglause Hyrdingen. Dyret og den Falske Profet. 

Påskefeiringa.

Israelsfolket skulle ha usyrdebrødsfeiringa til minne om at Gud fria dei ut frå trældomen under avgudane i Egypt, dei skulle slakte påskelammet og feire påske. På den store forsoningsdagen skulle øvstepresten bere fram eit soneoffer for seg sjølv og så eit for folket. Det altaret og det høgheilage vart først reinsa med offerblodet og så salva med olje. Her er oljen symbol på Guds Ande.

På Jesu tid fungerte ikkje dette skikkeleg lengre. Over 400 år tidlegare hadde Malakias profetert om at den levittiske prestetenesta ikkje fungerte lenger, så Gud ville reinse dei som gull og sølv og det var det som kom ved Jesus. Han kom som mellommann for den nye pakta. Han er det Guds Lam som bar verda si synd, han bar sitt eige blod inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, så den vart reinsa. På det grunnlaget kan vi alle gå inn der, etter førebilete av den levittiske øvstepresten, men no for å stige fram for nådens trone for å få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Det er ved at Jesus sender oss den Heilage Ande, han styrker oss med sin Ande og salvar oss, så vi får visdom frå Gud og verte utrusta til å tene han.

 

 

Den Duglause Hyrdingen.

Sakarja profeterte om den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, dei tente seg rike på det. Sentralt i dette er at Judas selde Kristus for 30 sølvpengar. Slik vart han prototypen på den Duglause Hyrdingen, men det var øvstepresten som stod bak, så det viste at prestetenesta i den gamle pakt ikkje fungerte, dei var ikkje slava til prestetenesta og derfor fungerte det ikkje. Profetien fortel om deira historie før dette og ein kan undras på kor langt bak i tid det går og den går langt fram i tid, så den gjeld framleis. Men det vart då svært tydeleg i Jesu samtid, den nære historia og den nære framtida.

Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje.  6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»

7 Så gjætte eg slaktesauene for sauehandlarane. Eg tok meg to stavar; den eine kalla eg Godvilje, den andre kalla eg Samband, og eg gjætte sauene. –  8 Eg rudde or vegen dei tre hyrdingane på ein månad.

Men eg miste tolmodet med dei, og dei fekk uvilje mot meg òg. 9 Eg sa: «Eg vil ikkje gjæta dykk. Dei som held på å døy, får døy; dei som går til grunne, får gå til grunne; og dei som er att, får eta kvarandre opp.» 10 Så tok eg staven min Godvilje og braut han av; eg ville løysa opp den pakta som eg hadde gjort med alle folkeslaga.  11 Og ho vart oppløyst den dagen. Sauehandlarane som vakta på meg, skjøna då at dette var Herrens ord.

12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

15 Herren sa til meg: «Bu deg atter som ein hyrding, ein duglaus hyrding! 16 For sjå, eg vil reisa opp ein hyrding i landet, ein som 

ikkje ser etter dei som går seg bort,

ikkje leitar etter dei som går seg vilt,

ikkje lækjer dei som er skadde,

ikkje syter for mat til dei friske,

men et kjøtet av dei feite dyra

og riv klauvene av dei.»

17 Ve den duglause hyrdingen min,

som går bort frå sauene!

Sverd mot armen og høgre auga hans!

Armen hans skal visna bort,

og det høgre auga sløkkjast ut.

Messias kom og stod på oljeberget, han er vårt påskelam, likevel er der dei som ikkje vil vere med på påskefeiringa.

Sakarja profeterte om at Messias skulle komme og stå på oljeberget og jødane ventar på det framleis. Men vi som trur at Kristus er Messias, trur at han oppfylte denne profetien då han kom, han er det Guds Lam som bar verda si synd, det vart slakta til soning for all verda si synd, då han døde på korset. Han vart gravlagd og stod oppatt. Oljeberget opna seg for å sleppe han ut, då vella det fram ei kjelde med vatn, etter førebilete av at Moses slo på berget, så kom der vatn så folk og fe fekk drikke. Dette er symbol på at Jesus gir oss det levande vatnet, på grunnlag av at han døde i stadne for oss. Det er dette det er profetert om i Sak.14.

Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.  

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar.  7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

Like vel er der framleis dei som ikkje vil vere med på å feire påske.

Sak.14,12 Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:

Kjøtet skal rotna på dei

medan dei enno står på føtene.

Augo skal rotna i holene sine

og tunga rotna i munnen på dei.

13 Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14 Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. 15 Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.

16 Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga.  17 Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne. 18 Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. 19 Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.

20 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.  21 Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.

Dette liknar på domen over Dyret og den Falske profet.

Joh.Op.19,19 Då såg eg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.  20 Men dyret vart gripe og saman med det den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket åt dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.

Eldsjøen er den andre døden, så dette betyr bokstaveleg tala at dei fekk merke den andre døden medan dei framleis var i live på denne jorda.

Tempelberget vart løfta opp og vi møter Kristus der opp.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, vart han løfta opp til himmel og sette seg ved Faderens høgre hand, så sende han disiplane sine den Heilage Ande frå himmelen. Det var som om tempelberget vart løfta opp, slik som Jesajas profeterte:

Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma. 

3 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.» 

4 Han skal døma mellom folkeslaga,

skifta rett for mange folk.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig.

Så vi samlast til møte der oppe.

Heb.12,2 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Kristus bur i det høge og heilage og vi vender hugen opp til han og tek imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Soleis blir hugen vår det høgheilage der vi møter Kristus, slik er det også når vi bøyer oss for hans kors. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi får oppleve at han gjer hjertet vårt levande. Livet som vart planta i oss ved Guds Ord (Jak.1) får halde fram med å leve, spire og blomstre, slik får vi leve, spire og blomstre i Guds føregardar også. 

Jes.57,14 Det lydde eit ord:

Bygg, ja bygg og ryd ein veg!

Ta bort kvar støytestein

frå vegen åt mitt folk! 

15 Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste. 

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Soleis vert Jesu kyrkje oppreist som Jesus brud, slik vi ser i Joh.Op.19.


Leave a comment