Ny Tid 45. Endetidssyn 20. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 3. Den gamle pakt som førebilete på den nye pakt. Påskefeiringa.

Innleiing.

Tutakhamon betyr Amons levande bilete. Men når Moses leia Israels-folket mot det lova landet, snakka han med Gud åsyn til åsyn, som når ein mann snakka med ein annan mann, men han fekk ikkje sjå Guds åsyn, for det hadde han ikkje overlevt. Når han kom ned frå Sinai-fjellet med lovtavlene, såg dei andre at det skein av andletet hans, så dei torde ikkje komme nær han. Men han kalla dei til seg og talte til dei og så tok han på seg slør. Slik er Guds herlegdom tilsløra i den gamle pakt. Men når dei vender om til Kristus, vert sløret teke bort. I den nye pakt får vi sjå Guds herlegdom som i ein spegel, så vi vert skapte i Guds likning. Det er ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga i Ordet og den set oss fri.

Israelsfolket i Egypt.

Det gamle Egypt hadde tre stordomsperiodar, i den første bygde dei pyramider og sfinxar, pyramidene var gravkammer for Farao, det tyder på at på at den religiøse trua på eit liv etter døden var viktig for å holde folket samla, men under ei sterk herskar som forguda seg sjølv. Det kan også betyr at den militære makta hadde stor betydning. Den andre stordomspeioda la vekt på administrasjon og litteratur. Den var ferdig rett før Israelsfolket kom til Egypt. Frå 1550 kom ei ny stordomstid, med imperialisme. Nokre meiner at Israels-folket var i Egypt til 1450 f.Kr. men dei fleste meiner dei var der til ein gong på 1200-talet f.Kr.

Farao og folket hans var takknemmelege til Josef og let han og folket hans busetje seg i eit fruktbart område. Men så kom eit nytt dynasti og dei byrja å bekymre seg over at Israels-folket vart så mange. 

2.Mos.1,8 Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef. 9 Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi. 10 Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»

11 Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.  

Å bygge lagerhus var ikkje det dummaste dei kunne gjere, i alle fall dersom dei ville hamstre korn, sjølv om dei hadde Nilen til å vatne med. Folket i Kanaán og Syra var avhengige av Middelhavsregnet, så det hende fleire gongar at folk frå desse område kom til Egypt for å berge seg gjennom uår, men det var nok litt spesielt når hebrearane kom etter Josef, for då var det uår i Egypt også.

Der kunne vere religionsstrid innanfor eitt og same dynmasti, det ser vi i historia om Tutakamon. Han døde i 1327 f.Kr, berre 19 år gammal. Sitat frå https://snl.no/Tutankhamon :

Den største politiske oppgaven i denne perioden var «restaureringen» av landet etter Amarna-perioden og faren Akhenatens feilslåtte religiøse revolusjon. Dette kommer også til uttrykk i kongens navn. Hans fødenavn var «Tut-ankh-Aten» – Atens levende bilde – men da han ble konge, endret han navn til «Tut-ankh-Amon» – Amons levende bilde. Farens religiøse revolusjon var blitt innledet på liknende måte: han endret navn fra «Amon-hotep» (Amon er tilfreds) til «Akh-en-Aten» (Atens effektive manifestasjon).

I forbindelse med sin religiøse revolusjon stengte Akhenaten de mange Amon-templene og avsatte det mektige presteskapet knyttet til denne guden. I stedet innførte han sin egen gud: Aten, den ene guden som manifesterte seg i solskiven og skulle tilbes under åpen himmel.

En stor steinstøtte, som kalles restaureringsstelen og i dag befinner seg i Det egyptiske museum i Kairo, beskriver hvordan Amon-templene ble åpnet igjen under Tutankhamon. Amon-prestene hadde gjenvunnet sin tidligere makt, og den kaotiske Amarna-perioden var over.

Her er to dokument om dette:

Frigjering frå trælehuset i Egypt. Påskefeiringa. Korleis gjekk det med fyrstefødselsretten?

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen i Egypt og føre dei til det landet han lova dei, der skulle dei vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Dette skulle verte til vitne for dei andre folka, han ville gjere namnet sitt kjent for heidningane gjennom folket sitt. Gud sende Moses til å tale til Israels-folket i Egypt, for å få dei med seg, det var ved fredelege metode. Men dagen før dei skulle byrje vandringa, skulle dei slakte påskelammet og stryke blodet på dørskidene til utgangsdøra og halde seg innandørs. For Herrens engel skulle slå i hel alt førstefødt i landet, med unntak for der som det var blod på dørkarmane til ytterdøra. 

2.Mos.12,1 Herren tala til Moses og Aron medan dei var i Egypt, og sa: 2 Denne månaden skal vera nyårsmånaden dykkar. De skal halda han for den fyrste månaden i året.  3 Sei til heile Israels-lyden: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta seg ut eit lam, eitt til kvar huslyd! 4 Men er ein huslyd for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og næraste grannen ta eitt i lag, etter som dei har folk til. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle vert mette. 5 Det må vera eit årsgamalt, lytelaust verlam. I staden for eit lam kan de òg ta eit kje. 6 De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels-lyden slakta det straks sola er gladd.  7 Så skal dei ta noko av blodet og stryka på dei to dørstolpane og dørbjelken i husa der dei et det. 8 Og kjøtet skal dei eta same natta; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.

……

12 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren.  13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt.  14 Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.

Gud ville frigjere folket sitt frå trældomen i Egypt og føre dei til det landet han hadde lova dei, der skulle dei vere han folk og han skulle vere deira Gud og det var eit land som fløymde av melk og honning, skulle vere det i alle fall, men dei var avhengige av å rå regn i rett tid og det skulle vise seg sidan å vere eit problem som dei måtte gå til Gud med. 

Men denne natta ville Gud dømme gudane i Egypt og det ved å drepe det som var fyrstefødt. Var der ein samanheng altså? Den eldste sonen hadde fyrstefødselretten, det hadde med religionen og opplæringa å gjere, han tok over og førde tradisjonen vidare. Etter jordbrukets revolusjon betydde det at han tok over jord-eigedomen og det betydde meir makt. Det kunne verte strid om jord-eigedomane, så eigarane vart militante, slik kom der eit aristokrati, så dei som i praksis dyrka jorda vart slavar og leiglendingar. Vi kan endåtil sjå for oss eit makt-hierarki som ei pyramide. Det vil komme til å hindre nytenking, utvikling og framgang. Soleis kunne det ver ein god grunn til at Gud valde å drepe alt fyrstefødt i Egypt. Men av dyr også? Det var i alle fall ein makt-demonstrasjon. 

Trua og tankegangen på den tida var at gud eller gudane skulle vere med folket i krig, så det vart til ære for guden og gudane deira og til kongen som herska med sin gud og vann siger. Men kongane i dei andre folka gjorde den feilen at dei forguda seg slik som ved syndefallet og skapte seg gudar av stokk og stein, dei var eigentleg ikkje gudar og der var inga hjelp i dei. Gud let Moses gjere teikn og under i Egypt, men så let han Farao sine vismenn også gjere under, kven elles? Men så drap Herrens engel dei førstefødde i Egypt, men sparde Israels-folket. Han delte sjøen og let Israels-folket gå over på botnen, men når Faraos hær kom etter, drukna dei. Det var Lammets blod som frelste Israels-folket. 

Vandringa mot det lova landet, som førebilete for den nye pakta. Nattverden.

Påskefeiring, dåpen og utgyting av Guds Ande.

Israelsfolket vart døypte til Moses i havet og i skya, han vart mellommann for ei pakt mellom Gud og Israelsfolket, men Gud ville sende dei ein ny mellommann for ei ny pakt og det var Kristus. Soleis vert Moses førebilete på Kristus, han var det Guds lam som bar verda si synd. Liksom folket vart døypte til Moses vert dei i den nye pakta døypte til Kristus.

1.Kor.10, Eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dette: Fedrane våre i øydemarka var alle under skya, og gjekk alle gjennom havet.  2 Alle vart døypte til Moses i skya og i havet, 3 og alle åt dei den same åndelege maten  4 og drakk den same åndelege drikken. For dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei; og berget var Kristus. 5 Likevel hadde ikkje Gud hugnad i dei fleste av dei, for dei vart nedslegne i øydemarka.

Gud var med Israelsfolket i skya og i lys-søyla, likevel var han ikkje fysisk synleg for dei, men han gjorde under for å vise at han eksisterte. Om dei skulle lære av det, måtte dei berre tru på han. Gud er ånd og han hadde gitt Moses sin Ande, så han kunne tale til han. Oppgåva vart så stor for han at han visste ikkje å makte det. Då gav Gud han 70 hjelparar, ved at dei også fekk Guds Ande.

Til samanlikning fekk Jesus seg 70 hjelparar som han sende ut (Luk.10). No i den nye pakt vert Guds Ande utgytt over alt kjøt, slik får Jesus seg mange hjelparar, hans brud er hans kone og skal vere ei hjelp som høver for han, det er ved at vi vert fylt av Anden.

Meribakjelda, som symbol på det levande vatnet. 

Dei kom inn i eit tørt land, då måtte dei i tru be Gud om vatn, så Moses slo på eit berg med staven og så kom der ei oppkome ut or berget, så både folk og fe fekk drikke (2.Mos.17). Når dei kom til det lova landet, sende Moses tolv speidarar inn i landet, når dei kom attende, gav dei rapport om at dette såg umogleg ut for dei, berre to av dei sa også at ved Guds hjelp skulle dei like vel klare det, det var Josva og Kaleb. Men folket kom i opprørsstemning, i vantru, derfor fekk dei like vel ikkje komme inn i det lova landet, men måtte vente til det kom ein ny generasjon. Soleis var dei utgått på data, men Gud ville like vel skape noko nytt med den nye generasjonen.

Berre Josva og Kabel fekk vere med vidare og så Moses sjølv då, men han var no bra gammal no då. Når dei atter kom til Meriba, skulle han tale til berget, så skulle dei få vatn. Men han gjorde den feilen at han slo på berget med staven slik som sist, vatn fekk dei no også, men det var like vel noko dei gjekk glipp av (4.Mos.20). Hadde han talt til berget, hadde dei sikkert får høyre at det svarde dei også. Derfor fekk ikkje Moses føre dei inn i landet like vel, han fekk berre sjå inni det. 

I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje ditt hjarte. Messias kom og stod på oljeberget. Dei fekk Jonas-teikne og det må vere nok.

Nokre hundrede år seinare refererte David til dette og sa: «I dag om de høyrer hans røyst, så forherd ikkje hjarto dykkar». Nokre hundrede år seinare kom Jesus og talte til dei, men flesteparten av dei vart forherda. Han var Immauel, «Gud med oss», som Jesaja profeterte, Gud var med han og gjorde sitt verk, like vel trudde dei ikkje på han og spurde etter kva teikn han gjorde, så dei kunne tru på han. Då sa han at dei skulle ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet, for liksom Jonas var i kval-buken i tre dagar, skulle Jesus vere gravlagt i tre dagar. Då stod han oppatt frå dei døde før steinen vart velta frå gravopninga, som om oljeberget hadde opna seg for å sleppe han ut (Matt.28). Dette er oppfylling av profetien i Sak.14 om at Messias skulle stå på oljebrget. Berget vart slått ein gong, så kom der vatn, det er symbol på at vi får komme til Kristus og drikke av livets vatn. 

1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.  19 For det står skrive:

Eg vil tyna visdomen hjå dei vise

og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.

Nattverden.

Vårt påskelam er slakta, derfor feirar vi påske slik vi ser i Sak.14.

Matt.26,18 Fyrste dagen i usyrdebrødshelga kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»  18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: Meisteren seier: Tida mi er nær; hjå deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.» 19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og stelte til påskemåltidet.

20 Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv. 21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»  22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23 Jesus svara: «Ein som har duppa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.  24 Menneskesonen går nok bort som det er skrive om han; men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.»  25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sjølv sagt det,» svara Jesus.

Nattverden

26 Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka, braut det og gav det til læresveinane og sa: «Ta dette og et det! Dette er min lekam.»  27 Så tok han ein kalk, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av den! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene.  29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.»

 Men no er Herrens tempelberg løfta opp, slik som Jesaja profeterte, så vi vender hugen og blikket opp til han, han trekker oss alle til seg, så då blir det som om vi møter han der oppe. Nattverden er som å ete dette påskelammet. Det har symbolsk tyding, men Gud er ånd og han eksisterer og den siste Adam er frå himmelen og har for oss vorte ei livgivande ånd (Jes.2,2 Mi.4,1 Heb.12,22… Joh.Op.3,19-20).

Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget og så er det mange kristne som ventar seg at han skal komme att og stå der ein gang til, for å opprette riket for Israel. Men dette blir då som å slå på berget ein gong til, i staden for å snakke med det. Jødane venta seg ein annan slags messias, men tok feil og dette vert som å gjere same feilen igjen. Han skulle gjere større under, som demonstrasjon av større verdsleg makt, for soleis å gjenopprette riket for Israel. Men Jesus hadde då sagt at dei skulle ikkje få anna teikn enn Jonas-teiknet. 

Jesus har sagt vi skal komme til han, sjå på han og snakke med han. Då skal vi i alle fall ikkje sjå etter nokon annan slags messias.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Møteteltet. 

Moses sette opp eit møtetelt og gjekk dit for å møte Herren, han kom ned i skystolpen og stod i møtedøra. Det minner om at Jesus er døra inn til sauene (Joh.10). Herren tala til Moses åsyn til åsyn, som når ein mann snakka med ein annan mann, like vel fekk ikkje Moses sjå andletet hans.

Herren sa til Moses at når dei skulle gå inn i det lova landet, ville han sende engelen sin før dei, men sjølv ville han ikkje gå med dei, fordi dei var så stridlynte. Men Moses bad om nåde for seg og folket og fekk han til å gå med dei like vel. Han ville føre Moses til ro, det har å gjere med at Gud ville føre dei inn til si kvile.

Så bad Moses om å få verte betre kjend med Herren, om å få sjå hans herlegdom og det vart ved at Herren miskunna seg over han, men han fekk ikkje sjå hans andlet, for det hadde han ikkje overlevt. Herren møtte han til samanlikning med Elia i bergsprekka. Liksom berget som han slo på med staven, er dette er symbol på Kristus og hans frelseverk, som vi syng i refrenget «Klippe du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg».

 2.Mos.33,1 Sidan sa Herren til Moses: «Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det.  2 Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 3 Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»

4 Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine. 5 Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!» 6 Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

Møteteltet

7 Moses tok eit telt og sette det opp utanfor leiren, eit godt stykke ifrå. Han kalla det møteteltet. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. 8 Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg, stod kvar i si teltdør og såg etter han til han var komen inn. 9 Og når Moses var komen inn i teltet, fór skystolpen ned og vart ståande i teltdøra, og Herren tala til Moses. 10 Når folket såg skystolpen stå i teltdøra, reiste dei seg alle saman og bøygde seg til jorda, kvar i si teltdør. 11 Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til leiren. Men tenaren hans, ein unggut som heitte Josva Nunsson, heldt seg støtt i teltet.

Herren lovar å gå med

12 Moses sa til Herren: «Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg. 13 Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!»  14 Då sa Herren: «Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.»  15 Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå! 16 Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?» 17 Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.» 18 «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses.  19 Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar.  20 Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.»  21 Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget! 22 Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom. 23 Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.». 

Den gamle pakt, lova og påskefeiringa.

Så fekk han lova og legg merke til at dei skulle feire påske, det også var den gamle pakt.

2.Mos.34,4 Så hogg Moses ut to steintavler like eins som dei fyrste. Dagen etter stod han tidleg opp og gjekk opp på Sinai-fjellet, som Herren hadde sagt, og han hadde begge steintavlene med seg. 5 Då steig Herren ned i ei sky og gjekk bort til Moses. Og han ropa Herrens namn.  6 Herren gjekk framom beint for augo hans og ropa: «Herren, Herren er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! 7 Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden.»

8 Då fall Moses straks på kne, bøygde seg til jorda og tilbad. 9 Og han sa: «Herre, dersom du har godvilje for meg, så gå med oss, Herre! Dette er eit stridlyndt folk. Men du vil tilgje misgjerningane og syndene våre og gjera oss til din eigedom.»

10 Då sa Herren: Ja, eg vil gjera ei pakt. Midt for augo på heile folket ditt vil eg gjera slike under som det ikkje har vore maken til på heile jorda eller hjå noko folkeslag. Heile det folket du lever imellom, skal sjå kor ageleg det er, det verket som eg, Herren, gjer for deg. 11 Gjev akt på det eg byd deg i dag! Sjå, eg vil driva ut for deg amorittane, kanaanearane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane. 12 Ta deg i vare så du ikkje gjer pakt med dei som bur i det landet du kjem til, så dei ikkje skal verta ei snare for dykk.  13 De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene deira og hogga ned Asjera-pålane deira.  14 Du skal ikkje tilbe nokon annan gud, for Herren heiter Den Strenge, og ein streng Gud er han.  15 Gjer ikkje pakt med dei som bur i landet! For dei driv avgudsdyrking og ofrar til gudane sine, og når dei bed deg til seg, kjem du til å eta av offera deira.  16 Du vil ta koner til sønene dine mellom døtrene deira, og døtrene deira vil halda seg til gudane sine og få sønene dine til å falla frå og dyrka gudane deira.  17 Støypte gudebilete skal du ikkje laga deg.

18 Usyrdebrødshelga skal du halda. Sju dagar skal du eta usyrt brød, som eg har sagt deg, til fastsett tid, i abib månad. For i abib månad tok du ut frå Egypt.  19 Alt som kjem fyrst frå mors liv, høyrer meg til, alt det fyrste som vert født i buskapen din, og som er av hankjønn, anten det er storfe eller småfe.  20 Det fyrste følet som eselet får, skal du løysa med eit lam eller kje. Løyser du det ikkje, skal du bryta nakken på det. Kvart fyrstefødt gutebarn i ætta di skal du løysa. Ingen må visa seg tomhendt for mitt åsyn.

21 Seks dagar skal du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila. Om det så er i våronna eller haustonna, skal du kvila den dagen.

22 Sjuvekehelga skal du halda når du tek inn den fyrste grøda av kveitehausten, og hausthelga når året er ute.  23 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren, Israels Gud.  24 For eg vil driva ut dei andre folka for deg og gjera grensene dine vide, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer opp og stig fram for Herren din Gud, tre gonger om året. 25 Du skal ikkje bera fram blodet av slaktofferet mitt saman med syrt brød, og påskefestofferet må ikkje verta liggjande til om morgonen.  26 Det beste av den fyrste grøda på jorda di skal du bera til huset åt Herren din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka åt mor si. 

27 Herren sa til Moses: «Skriv opp desse boda! For etter dei gjer eg ei pakt med deg og Israel.» 28 Moses var hjå Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og Herren skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene.  29 Så gjekk Moses ned av Sinai-fjellet med dei to lovtavlene i handa. Då han kom ned, stråla og skein det av andletet hans, av di Herren hadde tala med han; men sjølv visste han det ikkje. 30 Aron og israelittane såg at det skein av andletet hans, og dei torde ikkje gå bort til han. 31 Då ropa Moses på dei, og så kom Aron og alle leiarane i Israels-lyden til han, og han tala med dei. 32 Sidan kom alle israelittane bortåt, og Moses bar fram alle dei bod Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. 33 Då Moses var ferdig med å tala til dei, la han eit slør over andletet sitt.  34 Men kvar gong han gjekk fram for Herren og tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane det han var føresagd. 35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses hadde sløret for andletet att, til dess han skulle inn og tala med Herren.

Josva.

Det vart Josva som førde Israels-folket inn i det lova landet. Det var ved å føre krig, men dei var heilt avhengige av at Gud var med dei og hjelpte dei til siger. Engelen som var med dei ville hjelpe dei å drive dei ut, men sidan dei ikkje gjorde det med det same, ombestemte han seg og det han sa i tillegg, verka nådelaust. 

Når Josva var gamal og mett av dagar, tala han til folket slik:

Josva.23,1 Så gjekk det ei lang tid etter at Herren hadde late Israel få ro for alle fiendar rundt ikring. Josva var gamal og langt oppi åra.  2 Han kalla saman heile Israel, dei eldste, hovdingane, domarane og tilsynsmennene og sa til dei:

No er eg gamal og langt oppi åra.  3 De har sjølve sett alt det Herren dykkar Gud har gjort mot desse folkeslaga beint framfor augo dykkar. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk.  4 Sjå, landet åt dei folka som enno er att her, har eg ved loddkasting gjeve dykk til odel og eige, og like eins landet åt alle dei folka som eg har rudt ut, frå Jordan til Storhavet i vest. 5 Herren dykkar Gud skal sjølv jaga bort desse folka og driva dei ut for dykk, så de kan ta landet deira i eige, så som Herren dykkar Gud har lova.

6 Så ver då sterke og faste! Legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka åt Moses. Vik aldri av frå det, korkje til høgre eller venstre!  7 Gjev dykk ikkje i lag med desse folka, dei som enno er att hjå dykk. Ta ikkje namnet åt gudane deira på tunga! Sver ikkje ved dei, dyrk dei ikkje og bøy dykk ikkje og tilbed dei!  8 Men hald fast ved Herren dykkar Gud, som de har gjort til denne dag.  9 Difor har Herren drive store og sterke folkeslag ut for dykk, og ingen har til denne dag kunna stå seg mot dykk.  10 Ein einaste av dykk kunne jaga tusen. For det var Herren dykkar Gud som stridde for dykk, som han hadde lova.

11 Så ta dykk vel i vare, så sant de har livet kjært, og elska Herren dykkar Gud!  12 For vender de dykk bort frå han og held dykk til dei folkeslaga som enno er att hjå dykk, gifter born i hop og har anna samkvem med dei,  13 då skal de vita at Herren dykkar Gud aldri vil driva desse folka ut for dykk. Men dei skal verta til ei snare og ei felle for dykk, til ei svepe over ryggen og til tornar i augo dykkar, til dess de vert utrudde or dette gode landet som Herren dykkar Gud har gjeve dykk.

Dommartida.

Men så kom Herrens engel til dei igjen og sa at sidan dei ikkje hadde drive ut dei framande folka, slik som han hadde sagt til dei, så ville ikkje han heller gjera det. Dei skulle verte ei snare og ei felle for dei.

Dom.2,1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.  2 Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?  3 No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.

4 Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket. 5 Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

I dommartida ser vi også at der stadig kom andre folk inn i landet og tok makta og fortrengde dei og så påstod Gud at det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han. Dei måtte vende om til han og be om nåde, miskunn og hjelp, for å jage dei ut. Då reiste Gud opp ein domar som leia dei i striden mot fienden og jaga dei ut av landet. Dette kan vi då sjå på grunnlag av 2.Mos.24,11-17.

Utrydde.

Israels-folket skulle utrydde folka som var der frå før, både store og små, så dette var brutalt. Ein kan spørje seg om det var vanleg å tenke og krige slik for gudane sine på den tida, men når til dømes Egypt førde ein imperialistisk politikk, så var det vel ikkje akkurat slik, dei la under seg andre folk og nasjonar, gjorde dei til slavar, men utrydda dei ikkje. Når Israels-folket var i Egypt, vart dei så mange at farao vart redd for at dei skulle gjere revolusjon, kanskje i lag med andre folk og nasjonar. Derfor prøvde han å stoppe veksten i folketalet deira.

Ordet utrydde er brukt mange plassar, men det er tydeleg at det ikkje alltid skal forståast så bokstavleg som å drepe alt, det gjaldt berre når Israels-folket skulle innta det lova landet og straffe sine verste fiendar, men kanskje også politikken til Assur. Eg tek med to skriftstadar med ordet «utrydde».

Jes.29,17 No er det berre ei lita stund,

så skal Libanon verta ein frukthage,

og det som no er frukthage,

skal reknast for skog. 

18 Den dagen skal dei døve høyra

ord som står skrivne i bok,

og ut or mørker og dimme

skal blinde augo sjå. 

19 Dei hjelpelause skal atter

gleda seg i Herren,

og dei fattige skal jubla

over Israels Heilage.

20 For borte er valdsmannen,

ute er det med spottaren,

og utrudde er alle som tenkte på vondskap,

21 dei som med sitt ord fekk folk dømde skuldige,

la snarer for den som hevda retten på tinget,

og dreiv skuldfrie bort med tomt snakk.

Jes.10,5 Ve Assur, mitt vreideris!

Min harme er staven i hans hand. 

6 Eg sende han mot eit gudlaust folk,

baud han fara mot det folk eg var harm på,

så han kan røva og rana og plyndra

og trakka det ned som avfall i gata.  

7 Men han har ikkje meint det så

og gjer seg ikkje slike tankar.

Nei, til å øyda står hans hug

og til å rydja ut mange folk.

Men Gud ville altså at Israels-folket skulle utrydde folkar som var i landet frå før eller i alle fall jage dei ut. Det var for at dei ikkje skulle verte påverka av religionen deira og byrje å dyrke gudane deira.

Jesus har gjort Gud Fader kjend for oss, slik er hans frelse. Med usveipt åsyn får vi sjå Herrens herlegdom, som i ein spegel.

Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom. Det åndelege er ikkje fysisk synleg. Han elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Jesus har gjort han kjend for oss og det evige livet er å kjenne han.

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.  13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.3,16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:

Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg.  2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.  3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.  5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn. 5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud,  6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.  7 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom.  10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?

12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.  14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.  15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.


Leave a comment