Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 1. Israels-folket i Egypt, sett i Egypts historie med lærdom til vår tid. 1.

Bilete: Tutakhamen, vart berre 19 år, men regjerte som Farao i 10 år, 1336–1327 f.Kr. Dette var i Egypts tredje stordomstid, som var prega av imperialisme. Då var Israels-folket framleis i Egypt.

Jesus kallar til seg dei som strevar, hos han skal dei få kvile.

Jesus kalla til seg dei som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Gud er ånd og han gir oss visdom frå himmelen ved at den Heilage Ande openberrar Gud Ord for oss. Då må vi tru på den openberringa og lære på den måten, lære av Jesus og slik finne kvile for våre sjeler.

Jakobs draum.

Isak velsigna Jakob ein gong til og sende han tilbake til folket han kom ifrå, for å finne seg ei kone og det vart to.

1.Mos.28,1 Då kalla Isak Jakob til seg, velsigna han og sa til han: «Du skal ikkje ta deg ei kone mellom kvinnene i Kanaan!  2 Gjer deg ferdig og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone mellom døtrene til Laban, morbror din. 3 Måtte Gud Den Allmektige velsigna deg og la ætta di veksa og aukast, så du vert til ei samling med ætter. 4 Måtte han gje både deg og ætta di velsigninga åt Abraham, så du kan ta i eige det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham.»  5 Så bad Isak farvel med Jakob, og han fór til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramearen, som var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.

….

På vegen fekk Jakob ein draum der Herren openberra seg for han, velsigna han og gav han same lovnaden som han hadde gitt til Abraham.

1.Mos.28,10 Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan. 11 Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova.

12 Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen.  13 Brått stod Herren framfor han og sa: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet du ligg i, vil eg gje deg og ætta di. 14 Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle ætter på jorda velsignast.  15 Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du fer, og føra deg attende til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»

16 Då Jakob vakna or svevnen, sa han: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» 17 Og han vart forfærd og sa: «Kor ageleg han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen.»

18 Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han. 19 Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus. 

20 Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg, 21 og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud. 22 Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»

Josef, drøymar og draumtydar. Brørne hans selde han som træl, men Gud var med han og let alt han gjorde lukkast for han.

Josef fekk to draumar, men brørne hans selde han som træl.

Josef fekk ein draum og fortalde den, men då vart brørne hans så misunnelege på han at deis elde han som træl.

1.Mos.37,2 Dette er soga om Jakobs-ætta.

Då Josef var sytten år gamal, gjætte han småfeet i lag med brørne sine. Ung som han var, fylgde han sønene til Bilha og Silpa, konene til faren. Og alt det vonde han høyrde om dei, gjekk han til faren med. 3 Men Israel heldt meir av Josef enn av alle dei andre sønene sine, fordi han hadde fått han på sine gamle dagar. Han laga ein sid kjortel med lange ermar til han. 4 Og då brørne såg at far deira heldt meir av han enn av alle dei andre sønene sine, vart dei hatige på han og kunne ikkje seia eit venleg ord til han.

5 Ein gong hadde Josef ein draum, som han fortalde brørne sine, og då vart dei endå meir hatige på han. 6 Han sa til dei: «No skal de høyra kva eg har drøymt! 7 Eg tykte vi var ute på åkeren og skar. Best det var, reiste mitt kornband seg opp og stod, medan dykkar kornband stod rundt ikring og bøygde seg for mitt.» 8 Då sa brørne til han: «Vil du kan henda vera kongen vår og rå over oss?» Og så hata dei han endå meir for draumane og sogene hans. 9 Sidan hadde han ein annan draum, som han fortalde brørne sine. «Veit de kva eg no har drøymt?» sa han. «Sola og månen og elleve stjerner bøygde seg for meg.» 10 Men då han fortalde det til faren og brørne, skjente faren på han og sa: «Kva er det no du har drøymt? Skulle eg og mor di og brørne dine koma og bøya oss til jorda for deg?» 11 Brørne var avundsjuke på han, men faren la seg dette på minne.

12 Så var det ein gong brørne hans var av og gjætte småfeet åt faren bortmed Sikem. 13 Då sa Israel til Josef: «Gjæter ikkje brørne dine bortmed Sikem? Kom, eg vil senda deg til dei.» «Ja, gjer det!» svara han. 14 Då sa far hans: «Gå av stad og sjå korleis det står til med brørne dine og med småfeet; kom så heim att og sei meg det!» Så sende Jakob han i veg frå Hebron-dalen, og han kom til Sikem.

15 Medan han no vanka ikring på marka, møtte han ein mann. «Kva leitar du etter?» spurde mannen. 16 «Eg leitar etter brørne mine,» svara han. «Kjære, sei meg kvar dei gjæter!» 17 Mannen sa: «Dei er farne herifrå; eg høyrde dei sa: No vil vi til Dotan!» Så gjekk Josef etter brørne sine og fann dei i Dotan. 18 Dei såg han langt borte; og før han kom fram til dei, sette dei seg føre å drepa han. 19 Dei sa seg imellom: «Sjå, der kjem denne stordrøymaren! 20 No tek vi og slår han i hel! Så kastar vi han ned i ein av brunnane her og seier at eit udyr har ete han opp. Då skal vi sjå kva det vert av draumane hans.»

21 Men då Ruben høyrde det, ville han berga Josef ut or hendene deira og sa: «Vi må ikkje ta livet av han!»  22 Og Ruben heldt fram: «Lat det ikkje renna blod! Kasta han ned i denne brunnen her i øydemarka, men legg ikkje hand på han!» Dette sa han fordi han ville berga han ut or hendene deira og få han heim att til far hans. 23 Då no Josef kom bort til brørne sine, reiv dei av han kjortelen – kjortelen med dei lange ermane – som han gjekk i. 24 Og dei tok og kasta han ned i brunnen. Men brunnen var tom; det fanst ikkje vatn i han.

25 Så sette dei seg ned og ville eta. Men då dei såg opp, fekk dei auga på ein karavane med ismaelittar, som kom frå Gilead. Dei førte gummi, balsam og harpiks med seg på kamelane sine og var på veg til Egypt. 26 Då sa Juda til brørne sine: «Kva gagn er det i at vi slår bror vår i hel og døl drapet? 27 Kom, lat oss selja han til ismaelittane og ikkje leggja hand på han! Han er då bror vår, av same kjøt og blod som vi.» Og brørne hans lydde han. 28 Nokre kjøpmenn frå Midjan kom framom, og dei drog Josef opp or brunnen. Så selde dei han til ismaelittane for tjue sekel sølv; og dei tok han med seg til Egypt.

29 Då Ruben kom attende til brunnen og fekk sjå at Josef ikkje var der, reiv han sund kleda sine.  30 Han gjekk attende til brørne og sa: «Guten er der ikkje! Kvar skal eg no gjera av meg?»

31 Så slakta dei ein bukk, tok kjortelen åt Josef og duppa han i blodet. 32 Og dei sende kjortelen med dei lange ermane heim til far sin og sa: «Denne har vi funne. Sjå etter om det ikkje er kjortelen åt son din!» 33 Då han hadde sett etter, sa han: «Det er kjortelen åt son min. Eit udyr har ete han opp. Josef er ihelriven!» 34 Og Jakob reiv sund kleda sine, batt syrgjeplagg kring hoftene og syrgde over son sin i lange tider. 35 Alle sønene og døtrene kom og ville trøysta han. Men han var ikkje til å trøysta. «Med sorg lyt eg fara ned til son min i dødsriket,» sa han. Og faren gret over son sin.

36 Men midjanittane selde Josef i Egypt, til Potifar, som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta.

Josef vart den nest mektigaste mannen i huset til Potifar, men så kom kona til Potifar med falske klagmål mot Josef, så han vart kasta i fengsel.

Gud var med Josef og let alt han gjorde lukkast for han. Men så kom ei kjerring med falske klagemål mot han.

1.Mos.39,1 Josef vart ført ned til Egypt. Og Potifar, ein egyptar som var hoffmann hjå farao og hovding over livvakta, kjøpte han av ismaelittane, som hadde hatt han med seg dit.  2 Men Herren var med Josef, så det gjekk han vel. Han vart verande i huset hjå den egyptiske husbonden sin.  3 Og då husbonden såg at Herren var med han og lét alt det han gjorde, lukkast, 4 vann Josef godvilje hjå han og fekk vera tenaren hans. Potifar sette han til å styra huset sitt og ha tilsyn med alt det han åtte. 5 Og frå den tid egyptaren hadde sett han over huset sitt og over heile eigedomen sin, velsigna Herren huset hans for Josef skuld. Herrens velsigning kvilte over alt det han hadde, både i huset og på marka.  6 Så lét han Josef rå over alt det han åtte. Når Potifar hadde han, gjorde han seg inga sut for noko anna enn den maten han åt.

Kona til Potifar la an på Josef, men fekk ikkje napp, i staden påstod ho at han hadde prøvt å voldta henne, så Josef vart kasta i fengsel. Men Gud var med han der også og let alt han gjorde lukkast for han.

1.Mos.39,20  Han tok Josef og kasta han i fengsel, der fangane åt kongen sat i lekkjer.

No vart Josef sitjande der i fengslet. 21 Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han. 22 Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han. 23 Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.

Josef vart den mektigaste fangen i fengselet og så tyda han draumar.

1.Mos.39, 21 Men Herren var med han og laga det så at han vart vel omtykt, og at den øvste fangevaktaren fekk godvilje for han. 22 Han sette Josef til å sjå etter alle fangane i fengslet. Og alt som skulle gjerast der, det gjorde han. 23 Fangevaktaren sjølv hadde ikkje tilsyn med nokon ting som Josef hadde ansvar for. For Herren var med han, og alt det han tok seg føre, lét Herren lukkast.

1.Mos.40,1 Ei tid etter hende det at skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt forsåg seg mot herren sin, egyptarkongen. 2 Då vart farao harm på dei to hoffmennene sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren. 3 Og han sette dei fast hjå hovdingen over livvakta, i fengslet der Josef var fange.  4 Hovdingen over livvakta sette Josef til å sjå etter dei, og han var ein trufast tenar for dei. Dei vart sitjande der i fengslet ei tid.

5 Ein gong hadde dei kvar sin draum, dei to, skjenkjaren og bakaren åt kongen i Egypt, der dei sat innestengde i fengslet. Ei og same natta drøymde dei, og draumane deira hadde kvar si meining. 6 Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han det på dei at dei var i ulag. 7 Då tala han med hoffmennene åt farao, som sat i varetekt saman med han hjå herren hans, og spurde: «Kvifor er de så sturne i dag?» 8 Dei svara: «Vi har drøymt, og her er ingen som kan tyda draumane våre.» Då sa Josef til dei: «Det er Gud som rår for tyding av draumar. Sei meg kva de har drøymt!»

9 Så fortalde skjenkjarmeisteren Josef draumen sin. Han sa: «Eg såg så klårt eit vintre framfor meg. 10 Det var tre greiner på det, og så snart det tok til å skyta knuppar, spratt blomane, og klasane mogna til druer. 11 Eg heldt staupet åt farao i handa. Så tok eg druene, pressa utor dei opp i staupet og rette det til farao.» 12 Då sa Josef: «Dette er så å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13 Om tre dagar skal farao opphøgja deg og setja deg inn att i stillinga di. Du skal retta staupet til farao, som du gjorde før, då du var skjenkjaren hans. 14 Gjev du ville koma meg i hug, når det går deg godt! Gjer vel og tal om meg til farao, så eg kan koma ut or dette huset! 15 For eg er stolen frå Hebrear-landet, og her har eg ikkje gjort noko som dei skulle setja meg i fengsel for.»

16 Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve så god ei tyding, sa han til han: «Eg òg hadde ein draum. Eg tykte eg bar tre korger med kveitebrød på hovudet. 17 I den øvste korga var det allslags kaker, som var baka åt farao. Men fuglane åt dei or korga på hovudet mitt.» 18 Josef svara: «Dette er så å tyda: Dei tre korgene er tre dagar. 19 Om tre dagar skal farao opphøgja deg; han skal hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av kroppen din.»

20 Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt han eit gjestebod for alle mennene sine. Då opphøgde han skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren midt imellom mennene sine. 21 Skjenkjarmeisteren sette han inn att i stillinga hans, så han fekk retta staupet til farao, 22 og bakarmeisteren hengde han. Det gjekk som Josef hadde sagt då han tydde draumane deira. 23 Men skjenkjarmeisteren tenkte ikkje meir på Josef; han gløymde han.

Josef tyda draumane for Farao og vart den nest mektigaste mannen i Egypt.

Farao fekk to draumar som han vill ha tyding på, men ingen kunne tyde dei. Då kom skjenkemeisteren i hug at Josef kunne tyde draumar og fortalde det til Farao.

1.Mos.41,14 Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og sleppte han ut or fengslet. Han raka seg og bytte klede, og så steig han fram for farao.  15 Då sa farao til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen som kan tyda han. Men no har eg høyrt om deg at berre du høyrer ein draum, tyder du han med det same.» 16 Josef svara: «Eg rår ikkje for det. Gud vil nok gje eit svar som spår lukke for farao.»  17 Så sa farao til Josef: «Eg drøymde at eg stod nedmed Nilen. 18 Då kom det opp or elva sju kyr, feite og fine å sjå til; og dei gav seg til å beita i elvegraset. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, som var tynne og magre og fælande stygge på skap. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei sju fyrste, feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, synte det ikkje på dei; dei var like stygge å sjå til som før. Då vakna eg. 22 Men eg sovna att, og drøymde at eg såg sju fulle og gode aks som voks på eitt og same strået. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, turre og tynne og svidne av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode aksa. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne greia det ut for meg.»

25 Då sa Josef til farao: «Draumane åt farao har ei og same meining. Det Gud vil gjera, har han kunngjort for farao. 26 Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksa, det òg er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre, stygge kyrne som kom opp etter hine, er sju år. Og det er dei sju tynne aksa òg, dei som var svidne av austavinden; det er sju uår som skal koma. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Det Gud vil gjera, har han synt farao. 29 No kjem det sju gode år i heile Egypt. 30 Men etter dei skal det koma sju uår, så all overfloda vert gløymd i Egypt, og uåra skal arma ut landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet for den nauda som fylgjer; for ho vert ovhard. 32 Men når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud er fast rådd på dette, og at han vil gjera det snart. 33 No skulle farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Og så skulle han setja inn tilsynsmenn utover landet til å krevja inn femteparten av grøda i Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla alle matvarene i desse gode åra som kjem, og lagra matkorn i byane og ta vare på det for farao. 36 Kornet skal vera til livberging for landet i dei sju uåra som kjem over Egypt, så folket ikkje går til grunne av svolt.»

Josef vert styrar i landet

37 Farao og alle mennene hans tykte godt om desse orda. 38 Og farao sa til mennene sine: «Skal tru vi finn ein mann som har Guds Ande som han?» 39 Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du. 40 Du skal styra huset mitt, og det du seier, skal heile folket retta seg etter. Berre kongsstolen vil eg ha framom deg.  41 Sjå, eg set deg over heile Egypt,» sa farao til Josef. 42 Og farao tok seglringen av handa si og sette han på handa åt Josef. Så kledde han Josef i fine linklede og hengde ei gull-lekkje kring halsen hans.  43 Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt.  44 Og han sa til Josef: «Eg er farao. Ingen skal røra hand eller fot i heile Egyptarlandet utan at du vil det.» 45 Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Så tok Josef til å ferdast kringom i Egypt.

46 Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt. 47 Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod. 48 Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring. 49 Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande.

Gud iverksette Josef sin eigen draum.

Josef audmjuka brørne sine og det fekk nok foreldra føle også, men så fortalde Josef dei kven han var og då vart det fest.

1.Mos.45,1 Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod ikring han. Han ropa: «Lat alle dei andre gå ut frå meg!» Så var det ingen annan til stades då Josef fortalde brørne sine kven han var. 2 Han sette i og gret så høgt at egyptarane høyrde det, ja, dei høyrde det i huset åt farao. 3 Og han sa til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne hans kunne ikkje svara han. Dei stod der som dei var klumsa.  4 Då sa Josef til dei: «Kom hit til meg!» Så gjekk dei bort til han, og han sa:

Eg er Josef, bror dykkar, som de selde til Egypt. 5 Men no skal de ikkje vera sorgfulle eller urolege fordi de selde meg hit. Gud ville berga liv; difor sende han meg føre dykk.  6 No har vi hatt to uår i landet, og enno kjem det fem år utan pløying og hausting. 7 Men Gud sende meg føre dykk fordi han ville leiva ein rest av dykk på jorda og berga mange levande gjennom nauda. 8 Så er det ikkje de som har sendt meg hit, men Gud. Han har sett meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt.  9 Skunda dykk no og dra heim att til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10 Du skal få bu i Gosen og vera der eg er, både du og borna og barneborna dine, med småfe og storfe og alt det du eig.  11 Og eg skal syta for deg der – for enno kjem det fem uår – så korkje du eller huslyden din eller nokon av dine skal lida naud.» 12 No ser de med eigne augo, både de og Benjamin, bror min, kven det er som talar med dykk. 13 Ber då bod til far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett! Og skunda dykk og kom hit ned med far!

14 Så kasta Josef seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret; og Benjamin gret i armane hans. 15 Han kyste alle brørne sine og gret medan han tok dei i famn. Sidan tala brørne med han.

Heimreisa

16 Då det spurdest i kongsgarden at brørne hans Josef var komne, vart farao og mennene hans fegne. 17 Og farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Så skal de gjera: Kløvja på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18 Så skal de ta far dykkar og huslydane dykkar og koma til meg. Eg vil gje dykk det gode som finst i Egypt; de skal få eta av det beste i landet. 19 Og du skal seia frå at dette skal dei gjera: Ta med dykk vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Henta så far dykkar og kom hit! 20 De skal ikkje kvida dykk om de må fara frå eignelutene dykkar. For det beste som finst i heile Egypt, skal høyra dykk til.»

21 Israels-sønene gjorde så. Og Josef gav dei vogner, som farao hadde sagt, og lét dei få med seg niste på vegen. 22 Dei fekk alle kvar sin høgtidsbunad. Men Benjamin gav han tre hundre sekel sølv og fem høgtidsbunader. 23 Sameleis sende han far sin ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper med korn og brød og mat til faren på ferda. 24 Så bad Josef farvel med brørne sine, og dei fór av stad. Han sa til dei: «Lat det ikkje verta trette på vegen!»

25 Så tok dei ut frå Egypt og kom heim att til Jakob, far sin, i Kanaan. 26 Dei bar fram bodet til han og sa: «Josef er enno i live. Han er jamvel styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjarta; for han trudde dei ikkje. 27 Så fortalde dei han alt det Josef hadde sagt til dei, og han såg vognene som Josef hadde sendt til å henta han i. Då kvikna han til att, Jakob, far deira. 28 «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, er enno i live! Eg vil av og sjå han før eg døyr.»

 


3 responses to “Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 1. Israels-folket i Egypt, sett i Egypts historie med lærdom til vår tid. 1.”

  1. Ny Tid 45. Endetidssyn 20. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 3. Den gamle pakt som førebilete på den nye pakt. Påskefeiringa. – Faith and Entropy Avatar

    […] Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 44. Endetidssyn 19. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 2. Israels-folket i Egypt, sett i Egypts historie med lærdom til vår tid. 2. […]

    Like

  2. Ny Tid 72. Endetidssyn 47. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 29. Det var fred i Salomos regjeringstid, men han let ikkje etter seg eit godt grunnlag for varig fred.  Avatar

    […] Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… […]

    Like

  3. Ny Tid 90. Endetidssyn 65. På grunnlag av forsoninga i Kristus har vi fred med Gud, fred mellom menneske, fred mellom mann og kvinne, som grunnlag for ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv. Fred mellom heidningar og jødar, mellom folk og nasjonar. For G Avatar

    […] Ny Tid 43. Endetidssyn 18. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han s… Ny Tid 44. Endetidssyn 19. Trua og vona, draumen og visjonen Gud gav oss, Gud gjer nokon nytt, han set det i verk, medan vi framleis er i denne verda. 2. Israels-folket i Egypt, sett i Egypts historie med lærdom til vår tid. 2. […]

    Like

Leave a comment