Innleiing; Skapinga og frelsa. Gud gjer noko nytt. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er den gode hyrdingen som er komen for at vi skal ha liv og overflod. Han tyner den Lovlause med pusten frå sin munn.
Gud skapte livet på jorda på 6 lysdagar og så kvilte han den sjuande dagen. Opphavleg levde menneska i samfunn med Gud og fekk oppleve at han gjorde noko nytt frå generasjon til generasjon. Evolusjons-biolog Glenn-Peter Sætre har skrive ei bok som han kalla «To kjønn» der han fortel at det har det vore heilt sidan det vart fleircella individ og så forklarar han fordelen med det, det nye individet har gener frå begge foreldra og blir dermed noko nytt og slik får vi genetisk mangfald, som gjer arten meir tilpassingsdyktig og betre i stand til å overleve som art.
Menneska levde i samfunn med Gud og fekk oppleve at hans skapte noko nytt frå generasjon til generasjon, men ved syndefallet fall dei ut av det og forstod seg ikkje lengre på det. Men Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, Gud velsigna han og sa at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus.
Jesaja profeterte om at Gud ville skape noko nytt.
Jes.11,1 Ein kvist skal renna or Isai-stuven,
ein renning skal skyta opp frå hans røter.
2 Herrens Ande skal kvila over han,
Anden med visdom og vit,
Anden med råd og styrke,
Anden som gjev kunnskap om Herren
og age for han.
3 Han skal ha sin hugnad i age for Herren.
Han skal ikkje døma etter det han ser,
og ikkje skifta rett etter det han høyrer.
4 Han skal døma armingar med rettferd,
fella rettvis dom for dei verjelause i landet.
Han skal slå valdsmenn med riset i sin munn
og drepa dei gudlause med anden frå sine lipper.
5 Rettferd skal vera beltet om livet
og truskap beltet om hoftene hans.
2.Tess.2,7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.
Jes.43,18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
Jesus kom med det nye, han forkynte evangeliet om Guds rike, slik at dei som høyrd og tok imot i tru, fekk oppleve det i sine liv. Han lærde opp disiplane sine, så dei også forkynte og profeterte om det. Det var mange som stod imot, Dyret stod imot. Den falske profet forkynte nok ein bodskap som verka som om han forkynte det nye, like vel tente han Dyret, soleis var det lureri, så folk vart lurte på det om kom seg ikkje inn i det nye og vart ikkje med i det nye like vel.
Mykje tyder på at for ein stor del er det slik med venstresida i norsk politikk i vår tid, dei kallar seg radikale og framstiller det dermed som om det er dei som kjem med det nye, som liksom har framtida for seg, men det er som den falske profet, så folk vert lurte. Det vert tydelegare og tydelegare at det er Djevelen som er komen for å stele, slakte og øydelegge. Konstruktiv tenking og konstruktivet arbeid for å bygge opp noko verdifullt for vanlege menneske, vert skvisa ut. Det minner om strategien til den Lovlause.
2.Tess.2,7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes.
Eg er oppvoksen i den Norske Kyrkje og mor mi lærde meg å be kveldsbøna, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre nærast og be slik for folket og landet og så be Fadervår. Nå eg var 9 år, skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, frelsa var først prioritet, å få ei frelst kvinne til kone var andre prioritet.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og der fekk eg oppleve at Jesus tala til meg både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinserørsla og i Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, så eg skal berre ta imot i tru og takke han for det. Han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og med det skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen, som er hans brud, hans kyrkje. Vi vert som den modne mann og ho vert den modne brud. Jesus er Guds Ord, i han er live og livet er lyset for menneska. Det skal stråle fram i kvar einskild av oss og i han kyrkje, som er hans brud. Han gir meg ei kone ved at han elskar henne som si brud gjennom meg og det gir både meg og henne ei himmelsk glede. Denne trua og tillita har eg til han og det kan eg trygt ha, fordi han døde i staden for meg.
Tradisjonelt har ei lærd overklasse meint at vanlege folk er så dumme og vonde at dei treng ei lærd overklasse til å styre dei med diktatorisk makt, både for andre sin del og for deira eigen del, som om dei er for dumme til å forstå sitt eige beste. Det har også vorte brukt som argument for å bruke makt og vold og gå til krig. Nokre av dei meinte at uheldig vis var det slik, men ville prøve å gjere noko med det, ved å gi dei betre utdanning, somme av dei skjøna at då trengde dei sjølve betre opplysning også. Andre meinte at heldig vis var det slik, for då kunne dei dikte i hop noko og få dei til å tru på det, for å få makt over dei. Påstanden om at vanlege folk var for dumme og for vonde, vart då til eit krav om at slik skulle det vere. Så i det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein kalla Lygna. Som motsetnad til den er Jesus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han sa at Djevelen er lygnaren og apostelen Johannes sa at Antikrist er Lygnaren, han som fornektar Faderen og Sonen.
I den siste tid har venstreradikale kritisert vestlege styresmakter og politikarar for å vere fasistiske, vi kan forstå det slik at Djevelens strategi er å lokke med at dersom de et av kunnskapstreet, så skal de vert liksom gud og kjenne godt og vondt. Deretter fører han klagemål mot dei, fordi dei let seg dåre og forføre slik som ved syndefallet. Det verkar også som krav om at slik skal det vere, for slik klarde han å gjere seg til denne verda sin gud. Vi kan godt forstå det som den postmoderne oppløysinga av tankelivet, som motsetnad til å tenke og arbeid konstruktivt for å bygge opp noko verdifullt. Påstanden er at menneske ikkje er i stand til å tenke og arbeide konstruktivt, med krav om at slik skal det vere. Det gjeld heilt fundamentalt konstruktiv tenking og konstruktivt arbeid. Resultatet er nokre postmoderne prestar, politikarar og regime som menneska vert endå meir umyndiggjorde overfor, det vil seie at dei får dess større makt over menneska, som gudar og diktatorar.
Her er visst ein som har undersøkt problemet problemet: https://www.riskforlag.no/produkt/pseudoarbeid-hvordan-vi-fikk-det-travelt-med-a-gjore-ingenting/?utm_source=Meta&utm_medium=Newsfeed&utm_campaign=Pseudoarbeid_ekstra&fbclid=IwY2xjawLUwvtleHRuA2FlbQIxMQBicmlkETB6SGpIZzg3TGxraVdENXYwAR6ZDfXzdvhDGKk3zUJaXP5piy5Rpwn86bTksp9BQ5V5wMpUu1uHHKWvoGpGfg_aem_LYmMPYhk8kiXc0G6mZ-_nA
Men eg har nok med å sjå på Jesus som løysinga på problemet.
Eg er liksom for dum til å forstå mitt eige beste og derfor skal ein annan mann ha henne som kone i staden, så slik er det dei tek seg av mi sak. Menneska er for dumme til å forstå og godta at Herren er den levande og sanne Gud. Derfor vert styresmaktene framstilt som gudar for dei i staden, menneska vert umyngdiggjorde overfor styresmaktene i staden for å verte umyndiggjorde overfor den levande og sanne Gud. Slik vert dei dåra og forførde. Det er uretten som er sett i system og som har vorte tradisjon, men eg er unik og det som motsetnad til dette. Påstanden om at vi er dor dumme og for vonde til å forstå vårt eige beste, verte til krav om at slik skal det vere, så vi får ikkje lov til å vedkjenne Jesu namn og seie kva han er for oss og takke han for det. Og det endå til inn i kristne, evangeliske kyrkjelydar. Men Jesus er døra inn til sauene og han opnar den og slepper dei ut i det fri. Han er den Gode Hyrdingen som leier dei ute i det fri. Ulven kjem for å spreie dei og slakte dei. Men no er Jesus oppstått frå dei døde og han er framleis den Gode Hyrdingen som samlar dei og gjæter dei. Han sende oss den Heilage Ande frå himmelen og den openberrar han for oss, som vår frelsar og Herre, som elskar oss og har omsorg for oss som si brud, han er vegen til Faderen, så vi frå oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Han oppseder oss og lærer oss opp og er vår formyndar til vårt eige beste.
Den bøna som eg har bedt sidan eg var ei gutunge, verkar som motsetnad til dette og eg skal framleis be den. Jesus vil frelse oss og frigjere oss, så vi skal tilhøyre Faderen, som hans born og få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han oppseder oss og lærer oss opp eg er vår formyndar til vårt eige beste. Så vi skal sleppe å verte fornedra under makta til falske og kunstige gudar. No er der tydeleg vis dei som meinar eg er for dum og ulærd til dette, fordi dei meiner eg ikkje er av den rette avstamminga, ikkje den rette praksisen, eg har berre vore fiskar, ikkje har den rett opplæringa, eg har studert realfag, eg har ikkje ein gong bibelskule. Som motsetnad til dette skal eg be Jesu om å frelse familien min også, så ikkje dei heller skal verte fornedra slik.
Eg har berre satsa på å lese Bibelen sjølv, gå på kristen møte, be og få bønnesvar. Eg skulle sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han. Og så skal eg kjennast ved han for menneska og seie vitne om kva han er for meg. Men då vil dei ikkje vite av det, så for meg er det som om dei fornektar han. Men det er då Antikrist som fornektar Faderen og Sonen! Dersom dei fornektar Faderen og Sonen, så kan det verke som om eg er så dum at eg ikkje veit mitt eige beste. Og så skal dei liksom ta seg av mi sak i staden for Kristus? Då blir det som når jødane vart selde som slavar (Joel.3,8).
Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Jesus sa eg skulle sjå at han har sett fram for meg ei opna dør som ingen kan lukke igjen og han inviterte meg inn. Det er døra inn i himmelen og det er døra inn i Jesu kyrkje. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, derfor er det ingen som kan lukke den for meg.
På eit møte på Sion Åheim var det gitt høve til frie vitnemål, eg såg det som ei slik opna dør som Jesus sette fram for meg og inviterte meg inn, så eg gjekk fram og vitna først om at Jesus hadde minna meg om dette bibelverset:
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Deretter vitna eg om korleis eg vart opplærde i den kristne trua:
Mor mi brukte å be kveldsbøna saman med meg og bror min Arvid, som er vel eitt år eldre. Det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. På den tida gjekk vi på skule annakvar dag, småskulen (1-3 klasse) ein dag og storeskulen (4-7 klasse) neste dag (På storeskulen vart det også nokre dagar lengre borte, på ein annan skule). Når Arvid byrja på storeskulen, fortalde han om stygg mobbing på skulen og det hadde med kjønn og seksualitet å gjere. Dette problemet vart eit bønne-emne i kveldsbøna vår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. (Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Dette siste gløymde eg å ta med i vitnemålet mitt, men det hadde også med at det kunne ikkje vere for langt).
……
PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013.
Tale ved John Miland.
John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.
2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne,
og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Kommentar.
Davids hus og Israels-folket hadde falle ifrå Herren, då sende han dei profeten Elia, for han såg det ut til at heile folket hadde falle ifrå, men så hadde Guds spart ein liten rest. Elisja tok over som profet etter Elia. Han kom til denne enka og fekk oppleve at Gud gjorde under for å berge henne og sønene hennar.
Denne oljen vert brukt som symbol for den Heilage Ande, slik vi ser i denne bodskapen, det er typisk at slike konkrete og synlege under i den gamle pakta vert brukt symbolsk for utgytinga av den Heilage Ande i den nye pakta. Det er om å gjere for oss å komme til Herren med alle våre behov, som dei tome kara som denne enka sette fram for han og fekk oppleve at han velsigna henne med å fylle alle kara med olje. Så kunne ho gå og selje oljen og betale gjelda og leve av det som var att.
Men i den nye pakta er det Jesus som har betalt prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Det er det vi må nytte oss av, for å verte løyste ut av trældomens åk og då er det trældomen under synda og avgudane det er tale om, trældomen under Mose-lova også.
Denne fortellinga om enka med oljekoppen er svært så talande for korleis mor mi bad kveldsbøna i lag med meg og bror min og lærde oss korleis vi skulle be. Å be slik har for meg vorte ei presteteneste, men no altså i den nye pakta.
Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod.
Jesus har sett framfor meg ei open dør som ingen kan lukke.
Jesus sa at han var døra inn til sauene, dei som var komne før han hadde klive over ein annan stad og var tjuvar og røvarar. Han slepte ut sauene og leia dei, ulven kom for å spreie dei og slakte dei, men han sette livet til for sauene, for så å samle dei igjen (Joh.10). Han har sett framfor meg ei open dør og invitert meg inn.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Satans Synagoge.
Det er tydeleg at eg får motstand frå Satan og synagoga hans, dei som kallar seg jødar utan å vere det. Til samanlikning med korleis Paulus fekk motstand frå jødar som kravde omskjering. I ettertid har mange heidningar gått med på å la seg omskjere, som om dei dermed vert godkjende som jødar, medan dei som ikkje let seg omskjere ikkje vert godtekne, men vert utstøytte. Sidan er det mange som inntar same haldninga, sjølv om dei ikkje er omskorne.
Men Paulus sa at vi er hjerteomskorne i Anden og rett jøde er den som er hjerteomskoren i Anden.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
Augustin formulerte ei syntese mellom kristendom og platonisme og med den gjorde den Romerske Keisaren kristendomen til statsreligion. Men Augustin godtok også ei lære om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelste. Dei som stod utanfor skulle vere bannstøtte og det betydde at dei skulle gå fortapt. Det var vel den makta paven meinte han hadde som tradisjon frå Peter på grunnlag av
Joh.20,23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»
Etter kvart brukte dei denne makta til å framstille eit kunstig klasseskilje, ved å påstå at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven, prestane, munkane og nonnene skulle leve i sølibat.
Dersom nokon gifte seg, ville ikkje Gud høyre bønene deira altså? Dette er fråfallet som er syndefallet på nytt.
Jes.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
at han ikkje kan frelsa,
og hans øyra ikkje så tunghøyrt
at han ikkje kan høyra.
2 Nei, det er misgjerningane dykkar
som skil mellom dykk og dykkar Gud.
Syndene dykkar løyner hans åsyn,
så han ikkje høyrer dykk.
Men alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, med eitt syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Når vi tek imot Kristus som frelsar og Herre er det då klart at vi får snakke med han og be til han og som Guds born får vi komme til Faderen og be til han som ein god Far som elskar oss og gir oss gode gåver og har omsorg for oss.
Dette viser at med opplæringa frå paven og dei katolske prestane vart menneska dåra og forførde slik som ved syndefallet, fråfallet i kyrkja var ei vidareføring av syndefallet eller syndefallet på nytt. Det kan også forståast som politikken til Balak og Bileam, bruke kvinner for å lokke menn til hor, så dei skal verte forbanna på grunn av synda, for soleis å få makt over dei. Bileam var først ein ekte Guds profet, men med denne strategien vart han ein falsk profet som tente Balak. Og eg tenker meg at slik tener den Falske Profet Dyret. Dette vart altså så konsekvent gjennomført at det var utenkeleg at ein mann kunne få seg ei kone på nokon annan måte.
Jødane ventar framleis på at Messias skal komme og stå på oljeberget, men vi som trur at Jesus er Messias, trur at han allereie har gjort det. Derfor han vi den kristne lauvhyttefeiringa, påske (Sak.14), så vi skal innsjå alt det Gud har gitt oss i han og takke han for det. Like vel er det mange kristne som også ventar på at Jesus skal komme og stå på oljeberget, for å opprette riket for Israel og med det Tusenårsriket. Så det endåtil verkar som eit alternativ til å gå Jesus i møte som dei fem vituge brurmøyane, så dei blir som dei fem uvituge brurmøyane, som ikkje hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane.
Takke for Jesu fullførde frelseverk, som påske og den kristne lauvhyttefeiringa. Det var også å feire innhaustinga, for vi haustar ved å ta imot det som påskelammet har gitt oss.
Men eg er oppvoksen i den Norske Kyrkje og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og eg har helde fram med å be slik som eg gjorde når eg var ni år. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med i pinsekyrkjer og Maranata også. Det sentrale poenget er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot og takk for det. Eg hadde bedt han om ei frelst kvinne til kone og han var den som tok seg av mi sak, eg skulle komme til han med den og overgi meg heilt til han. Det er inkludert i det fullførde frelseverket, Anden gjer levande det som blodet har gitt meg. Eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone og hans blod har gitt meg det. Så ber eg heller ikkje til nokon annan, verken avgud, pave, prest eller politikar.
Den Duglause Hyrdingen og den Lovlause.
Dette kan også forståast utifrå profetien i Sal.11 om den Duglause Hyrdingen som gjætte slaktesauene for sauehandlarane, dei tente seg rike på det. Sentralt i denne profetien er at den Duglause Hyrdingen var som Judas som selde Jesus for 30 sølvpengar. Etter at Jesus hadde fare opp til himmelen, valde han ut Paulus som apostel i staden for Judas. Det er tydeleg at Paulus og læra hans var den som heldt att, så den Lovlause ikkje fekk stå fram, men han skulle altså verte rydja vekk og då skulle den Lovlause sette seg inn i Guds hus og gjere seg sjølv til gud. Men Kristus skulle komme att og tyne den Lovlause med pusten frå sin munn. Og slik gjekk det. Jerusalem og tempelet vart lagt i ruinar.
2.Tess.2,7 Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen. 8 Då skal Den Lovlause syna seg. Men den dagen Herren Jesus kjem i herlegdom, skal han tyna han med pusten frå sin munn og gjera han til inkjes. 9 Når Den Lovlause kjem, har han si kraft frå Satan, og han står fram med stor makt og med under og falske teikn. 10 Med allslags urett forfører han dei som går fortapt, fordi dei ikkje tok imot og elska sanninga, så dei kunne verta frelste. 11 Difor sender Gud over dei ei villfaring som gjer at dei trur lygna. 12 Såleis får dei sin dom, alle dei som ikkje trudde sanninga, men hadde si glede i uretten.
Men denne striden er enno, historia har ein tendens til å gjenta seg, det såg vi i Sak.11 også. Den Lovlause viser seg spesielt ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære og dermed som motstand mot mi lære.
Den Heilage Ande gjer lekamen levande, både for den eineskile og for Jesu brud, soleis trur vi også på ei lekamleg oppstode.
Men eg vedkjenner Jesu namn for menneska, eg hevdar han har betalt prisen for meg med sitt eige blod, så eg skal tilhøyre han. Då har han betalt prisen for ei kone til meg også, så ho også skal verte frelst for æve og få evig liv. Den Heilage Ande gjer levande kva blodet har gitt meg, den vekker henne opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen, som Guds barn og Jesus brud og til samfunn med meg som mi brud, for Kristus elskar henne gjennom meg, som si brud. Han gir meg si glede. Anden gir liv til min kropp og til hennar kropp og det som lemer på Jesu brud, hans kropp, som han er hovudet for. Det skal eg innstille meg på, ved å bere fram kroppen min som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud.
Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;
Dette har å gjere med at eg trur på ei lekamleg oppstode ved Jesu gjenkomst, han vekker opp dei som levde i trua på han og hentar dei saman med dei som lever i trua på han og venter på han, då vert vi omskapte og det gjeld kroppane våre også, ettersom han stod lekamleg opp frå dei døde og vart teken opp til himmelen, vart herleggjord og steig fram for Faderen. Jesus hentar oss som si brud, sin lekam. Av herlegdoms Ande var han Guds veldige Son, Gud vitna om det, ja, prova det, ved at han vekte han opp frå dei døde og ved trua på han får vi hans Ande, med den Anden reiser han oss opp som si kyrkje, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Dette er ikkje berre teori, men det er ånd og kraft.
Jesus har bestemt at midt i hans kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge, det merka eg tydeleg allereie når eg var ni år. Og dette livet skulle vekse. Jesus hadde bestemt at midt i hans kyrkjelyd skulle livet vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt meg i hjertet.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-03-29-m-livet-vekkinga-og-fornyinga/ :
Guds Ord er spirekraftig. Møte i Maranatha 29.3.2015.
Mari las ifrå Ef.1:
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
Tore hadde vorte minna om eit bibelvers og las ifrå Jak1:
JAK 1,19 – JAK 1,22 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.
Han hadde vorte minna om vers 21b: ” ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar”.
1KO 3,6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
Han talte om bonden som sådde frøet i tru på at det ville vere spirekraftig, det fekk han berre satse på. Slik er Guds Ord spirekraftig. Så sa han nokre ord om likning om såmannen, vi må berre syrgje for at såkornet får komme i god jord hos oss.
JOH 1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.
Tore syntest det var så godt å komme i forsamlingar der Ordet ved trua smelta saman med menneska i deira hjerte og soleis vart kjøt. Så lans han ifrå Heb.3,7-4,13. Igjen ser vi at Guds Ord er kraftig:
HEB 4,12 – HEB 4,13 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
Så fortalde han om dei som vart liggande etter i vandringa i øydemarka, amalekittane angreip dei og drap mange av dei. Om dei tolv speidarane, ti av dei kom tilbake med dårleg og nedslåande bodskap, dei forkynnte vantru og folket tok imot bodskapen deira, derfor fekk dei halde fram med å vandre i øydemarka i 40 år til. Men Josva og Kaleb forkynnte ein oppmuntrande bodskap i tru, det var ei anna ånd i dei.
Tore minna oss om Samson som mista krafta og forklarde det med at han ikkje lenger levde innvigd til Herren. Han minna oss også om at folket vraka Herren når ei kravde ein konge, då fekk dei Saul til konge og det vart sagt til han at han skulle verte ein ny skapning.
1SA 8,6 – 1SA 8,7 Samuel tykte det var ille at dei sa: “Set ein konge over oss, som kan styra oss!” Og han bad til Herren. 7 Men Herren sa til han: “Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.
1SA 10,5 – 1SA 10,6 Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. [Gibea: byen som Saul var frå (v. 26), nord for Jerusalem.] 6 Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.
Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
SITAT SLUTT.
Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, kan vi trygt seie som Sokrates, at Sanninga vert integrert i oss og den set oss fri. Det inneber ei erkjenning av at det gjeld meg, det er også eit viktig poeng med å ikkje berre stå på strandbreidda og sjå på livets flod, men hoppe uti den.
Finn-Arne Lauvås forkynte at Jesus skal vinne skikkelse i oss, vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen, så vi vert som den modne mann og Jesu kyrkje vert ei moden brud. Kristus er den nye naturen som Gud gir oss frå himmelen, han skal vinne skikkelse i oss, slik at han vert synleg for verda gjennom oss, sjølv om han ikkje er fysisk synleg, altså. Ja, vi skal då vere lys og salt i verda.
Jesus er Guds Ord og han er svaret på mi bøn, heilt sidan eg var ein gutunge. På grunnlag av hans forsoningsverk kan eg framleis komme til han med mi bøn og la han ta seg av mi sak, ja, overgi meg heilt til han og be til Faderen som hans barn. Jesus har sagt han har sett fram for meg ei open dør, som ingen kan lukke, ja, for hans frelseverk er fullført og fullkome. Han har invitert meg til å gå inn gjennom den døra, så eg får komme inn der med mi bøn og dei svara han har gitt meg og med min bodskap, så eg får oppleve at han framleis svarar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein gutunge.
Rettargangen i Josjafat-dalen og enka med salvekrukka.
Der er tydeleg vis dei som meinar dei er så lærde at dei held dette for å vere dårskap, endåtil held det for å vere feil, så dei vil erstatte det med noko anna, krev at eg skal be på ein annan måte og be om noko anna i staden. Som om eg skal be til ein avgud i staden, paven, prestane, styresmaktene, politikarane? Som om dei skal ta seg av mi sak i staden? Så då vart det altså ved at ein annan mann tok seg av henne som kjærasten sin og kona si i staden. Så det har vorte standard prosedyre i kyrkja. Dei lokkar til seg kvinna, for å bruke henne til å lokke mannen med, for å få makt over dei og soleis få makta over kyrkja. Det var då som den Lovlause, så i staden for å ha si glede i sanninga, har dei si glede i uretten (2.Tess.2).
Når eg no skal be Jesus frelse min familie, vil eg presisere at det er ikkje dette eg meiner med det, det er ikkje at vi skal godta ei lærd overklasse som så suveren over oss at dei soleis skal tenke og tale i staden for oss. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born og han er vegen vi har å gå til Faderen. Han er vår frelsar og Herre og Gud er vår Far som elskar oss og har omsorg for oss som sine born og dermed vår overformyndar. Faderen lever og eksisterer og det gjer Son hans Jesus Kristus også. Eg skal framleis sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han. Slik kjem eg til Faderen og får oppleve hans kjærleik og omsorg.
I staden for å godta at Kristus er Messias, den salvevigde, som har bruda og som derfor tek seg av mi sak, framstiller dei seg sjølve som gudane som tek seg av mi sak og det er ved å selje henne som hore, for så å selje meg som træl, slik som vi ser i Joel.3.
Joel.3,1 Ein gong skal det henda
at eg renner ut min Ande over alle menneske.
Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
og dei unge skal sjå syner.
2 Jamvel over trælar og trælkvinner
vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
….
6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
8 og kasta lodd om folket mitt;
dei gav ein gut for ei skjøkje
og selde ei jente for vin – og drakk.
Sentralt i denne rettargangen er at Jesu fekk retten ved at han gjekk til Faderen.
Joh.16,7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/08/05/2013-12-08-m-enka-med-oljekoppen/ :
PROFETEN ELISJA OG KVINNA MED OLJEKOPPEN. Møte i Maranata 8.12.2013.
John sa han hadde fått eit ord ifrå Herren, som han ville dele med oss.
2KG 4,1 – 2KG 4,7 {ELISJA HJELPER EI ENKJE} Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: “Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.” 2 Elisja sa til henne: “Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!” Ho svara: “Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.” 3 Då sa han: “Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tome kar som du kan få tak i. 4 Gå så inn og steng døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!” 5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei bar kara bort til henne, og ho slo olje i dei. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: “Lat meg få eit kar til!” Men han svara: “Her er ikkje fleire.” Då heldt oljen opp å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: “Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som vert att.” [gudsmannen: profeten Elisja.]
Tungetale ved Mari, tyding ved John.
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
SITAT SLUTT.
Eg har samanlikna denne enka med mor mi, når ho bad kveldsbøna i lag med meg og bror min, men etter denne bodskapen skal eg sjølv samanlikne meg med henne. Eg har mine tome kar å sette fram for Herren, når eg går ut og vitnar om han for andre menneske, blir det som om eg set deira tome kar fram for han også.
Men i det siste har det vorte slik at eg skal samanlikne meg med Elia som gjekk uti i øydemarka og bad om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år. Det var på grunn av Israels fråfall. No har det vorte tydeleg at den Lovlause står meg imot i dei kristne forsamlingane, så i staden for å elske sanning og glede seg over at Jesus fekk retten ved at han gjekk til Faderen, så gleder dei seg over uretten.
Guds kjærleik vart utrent i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt, slik la han lovsongen og den himmelske gleda ned i meg, den stemmer med den gleda Jesus gir meg frå himmelen. Han er Sanninga som set oss fri, eg elskar han og gleder meg i han og hans frelse. Han er Guds Ord og dermed Guds svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein gutunge. Om andre gleder seg over uretten, så stemmer det ikkje med mi glede og eg vil ikkje prøve å lage til ei kunstig glede for liksom å glede meg saman med dei, sjølv om det skulle vere i ei kristen forsamling. Det er vel ein god grunn til at no er det sesong for meg til å sitje i ro til samanlikning med Elia som gjekk ut i øydemarka for å be.
Djevelen kjem for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus kjem for at vi skal ha liv og overflod.
13.1.2024 Du har gått gjennom mykje smerte, men no skal det snu. Di løn vil bli stor. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
Sitje i ro og be som Elia.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024.
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
Vere trugen i det små og Herren vil setje meg over større ting. Han vil bygge oppatt Jerusalems murar. Nattverd, bønn og vitnemøte, Maranata 13.5.2012.
VITNEMØTE.
Jon Miland var fram og sa han hadde vorte minna om:
JES 43,2 Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort. Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg, og logen skal ikkje brenna deg.
Han las også:
1PE 4,12 – 1PE 4,13 {NÅR EIN KRISTEN MÅ LIDA} Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt. 13 Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.
Ei kvinne var fram og minna oss om å be for styresmakta i landet for å få stoppa lovendringa som vil ta kristendomen ut av grunnlova. Etterpå kom følgjande bodskap.
TUNGETALE VED MARI, TYDING VED JON MILAND:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt ord at de skal be og de skal få, eg har sagt at de skal leite og de skal finne, de skal banke på og det skal lukkast opp, seier Herren. Derfor, mine barn, treng dykk fram i denne tida. Søk meg av heile dykkar hjerte og de skal få oppleve at eg skal svare på dykkar bøner. Ja, eg skal gjere langt meir enn de forstår å be meg om, seier Herren. Derfor seier eg, Herren, be og de skal få, seier Herren. Og ver ikkje beskjeden, men gå inn for mi trone, minn meg om mine lovnadar, seier Herren, og eg skal bygge opp igjen Jerusalems murar og eg skal gjere det til ein lovsong, seier Herren. Å, derfor ver frimodig mitt barn og bruk det som eg har gitt deg. Ikkje be om meir og meir, men bruk det du har fått, seier Herren. Ver tru i det små og eg skal sette deg over større ting, seier Herren, for sjå, det er min vilje, at du skal vekse i nåde og i kjennskap. Ver trugen i det små, seier Herren og du skal få oppleve at eg set deg over større ting.
Ver ikkje redd for å vedkjenne mitt namn, men vis menneska kven du trur på, kven du tener og eg skal rikeleg velsigne deg, seier Herren, for sjå, seier Herren, når du forkynner mitt namn og når du fortel om mine gjerningar, så vil du verte forundra, seier Herren, for folket blir nysgjerrig og de skal få oppleve og de kjenne at du har noko som ikkje dei har. Då skal du fortelje dei at du har møtt meg, den levande, sjå eg var død, men sjå eg lever i all æve. Eg stod opp att på den tredje dag, etter skriftene, seier Herren, derfor skal du vere frimodig og bruke det som eg har gitt deg. Amen.»
Djevelen prøver stadig å røver frå meg det som Gud har gitt meg.
Maranata, 16.9.2013, tyding av tungetale ved John Miland:
Eg har sagt i mitt ord at, ta vare på den fagre skatt som er dykk overgitt ved den Heilage Ande. Du skal vite det, at den vonde, han prøver stadig å røve det frå deg, det du har fått av meg. Derfor har eg sagt i mitt ord, hald deg nær til meg og eg skal halde meg nær til deg, seier Herren. For sjå, den vonde, han skyt brennande piler, men sjå, eg har gitt deg trua sitt skjold, som du kan sløkke alle den vonde sine brennande piler med. Du har ingen ting å frykte mitt barn, når du vandrar med meg og held deg nær til meg, så skal eg bevare deg på alle dine vegar, seier Herren. For sjå, seier Herren, ingen skal kunne rive deg ut av mi hand, så framt du vil halde deg nær til meg, så framt du vil følgje meg. Såskal du vite det, at eg følgjer med deg. Eg har jo sagt i mitt ord, sjå, eg er med deg alle dagar, inn til verda sin ende. Du har ingen ting å frykte, mitt barn, men ver frimodig og gå fram på den veg som eg leier deg. Og lytt til Andens røyst i denne tid og la deg leie, la deg bruke av meg, seier Herren og du skal verte til ei stor velsigning.
Mange av mine born, dei har mista den salving og den kraft som dei ein gong fekk av meg. Og sjå, no fortset dei i eiga kraft og dei finn på det eine og det andre. Og sjå, seier Herren, eg Herren, eg skal openberre mi kraft mellom mine heilage. Det folk som eg har reinsa, det skal forkynne mine gjerningar, seier Herren. Derfor ver observant i denne tida og lytt og sjå kva eg gjer i mellom dei heilage. Sjå ikkje på menneska omkring deg, sjå ikkje på om dei er mange eller få, seier Herren, når eg er mellom dykk, seier Herren, kan de forvente store ting, for eg er underets Gud.
Også i denne by har eg mange som er bundne, og som er bundne av Djevelens band og lenker. Sjå, eg vil løyse dei, eg vil setje dei fri. Sjå, det er mange som lid og eg skal vekke mange i denne tida. Så vere førebudde, mine born, for sjå, plutseleg, så kjem det som eg har tala om, at straumar skal komme og søke meg, for eg Herren, eg skal vere mellom dei og eg skal frelse, eg skal løyse dei og setje dei fri, seier Herren. Derfor skal de, mine born vere klar til å ta imot dei og gi dei mitt ord og fostre dei og lære dei alt eg har befalt dykk. Amen.

