Ny Tid 38. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 13. Sions Dotter er Jesus brud. Han har omsorg for henne og gir henne kornet, vinen, oljen og det fine linet. Korleis blir det då med innhaustinga? 3.

«Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og gav henne korn, vin og olje. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Derfor vart landet hærteke og folket bortførde, Dei skulle få komme attende og då ville han tale venleg til henne, som i ungdomstida, så ho skulle få att kornet, vinen og oljen. Det var ein profeti om evangeliet om Kristus. Han kom som arving for å hente frukta frå vingarden. Han kom for å hauste inn kornet, til Faderen, han som eigde grøda. Men både kornet, vinen og oljen var noko som han hadde gitt kona si, så korleis heng dette i hop? Heng det ihop, skal det forståast slik? Dersom ho tilhøyrde han, som kona hans, så tilhøyrde det like vel han, ho skulle ha det i livet saman med han. Men då viste det seg at der kom andre eigarinteresser inn i biletet, frå avgudane som ho dreiv hor med.

No er Sions Dotter Jesu brud og han gir henne kornet, vinen, olje og det fine linet. Då er det viktig for oss å ta imot han og det han gir oss og ha det for han ettersom vi tilhøyrer han, som hans brud.

4 vindar, 4 riker, 4 horn, 4 smedar og 4 hestar og Renning.

Dei fire vindane sette storhavet i opprør, så fire dyr steig opp av det, det var dei fire store rika som Daniel profeterte om. Sakarja profeterte også om fire horn som spreidde Israels-folket, men fire smedar kutta dei av. Fire hestar med kjerrer skulle fare ut over jorda, men så skulle ein Ny-Renning koma, det er Kristus, han kom med det nye frå himmelen; Guds Rike. Fire hestar møter vi igjen i Johannes openberring. Kva er dette for noko, er det tenkemåtar, filosofiske retningar? Ja, det ser vi vel av samanhengen. Men er det dei fire store rika også?

4 hestar, 4 smedar, 4 horn og mannen med mælesnora.

Sak.1,7 Den 24. dagen i den ellevte månaden – det er sjebat månad – i det andre styringsåret åt Dareios kom Herrens ord til profeten Sakarja, son til Berekja, som var son til Iddo. Han sa:

8 Eg hadde eit syn i natt. Eg såg ein mann som reid på ein raud hest. Han stogga mellom myrtetrea i dalbotnen, og attanfor han stod raude, raudbrune og kvite hestar. 9 Eg spurde: «Kva tyder dette, herre?» Engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva det tyder.»  10 Så sa mannen som stod mellom myrtetrea: «Det er dei som Herren har sendt ut så dei skal fara ikring på jorda.» 11 Dei sa til Herrens engel, som stod mellom myrtetrea: «Vi har fare ikring på jorda, og heile jorda er roleg og still.» 12 Då tok Herrens engel til ords og sa: «Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du drya før du gjer miskunn mot Jerusalem og byane i Juda som du har vore harm på i sytti år?»  13 Og Herren gav engelen som tala med meg, gode og trøystande ord til svar. 14 Og engelen som tala med meg, sa: Rop ut desse orda:

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Eg er full av brennhug

for Jerusalem og Sion,

15 og stor er harmen min

mot dei trygge heidningfolka;

for då eg berre var litegrann harm,

gjorde dei ulukka større. 

16 Difor seier Herren:

Med miskunn kjem eg att til Jerusalem.

Der skal huset mitt byggjast,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,

og mælesnor skal strekkjast over Jerusalem.

Sak.2,1 Eg lyfte augo og fekk sjå fire horn. 2 Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva tyder dette?» Han svara: «Det er dei horna som har spreitt Juda, Israel og Jerusalem.»

3 Så lét Herren meg sjå fire smedar. 4 Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

Mannen med mælesnora

5 Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.  6 Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7 Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han 8 og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:

Jerusalem skal liggja utan murar,

så mykje folk og buskap skal det vera der.

9 Sjølv skal eg vera ein eldmur kring byen,

lyder ordet frå Herren,

og midt i han vil eg syna min herlegdom.

10 Ve, ve! Røm frå landet i nord!

lyder ordet frå Herren.

Eg har spreitt dykk for heimsens fire vindar,

lyder ordet frå Herren. 

11 Ve deg, Sion, som bur hjå Babels dotter!

Berg deg unna! 

12 For så seier Herren, Allhærs Gud,

den herlege, som har sendt meg,

om dei folka som plyndra dykk:

Den som rører dykk,

rører ved min augnestein. 

13 For sjå, eg lyfter handa mot dei,

og dei vert til hærfang

for dei som no er trælane deira.

Då skal de sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg. 

14 Gled deg storleg, Sions dotter!

For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,

lyder ordet frå Herren.  

15 Den dagen skal mange folkeslag

gje seg til Herren.

Dei skal verta mitt folk,

og eg vil bu hjå deg.

Då skal du sanna

at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg. 

16 Herren skal ta Juda i eige

som sin arvelut på heilag jord

og endå ein gong velja ut Jerusalem. 

17 Ver still for Herren, kvar levande skapning!

For han har teke ut frå sin heilage bustad.

Dei fire hestane skal fara ikring på jorda (Sak.1,10) det høyrest ut til å vere heimsens fire vindar (Sak.2,10). Jerusalem fløymer over av folk, fordi Herren samlar dei og verner dei. Mange folkeslag skal gi seg til Herren. I Sak.2,5 er det tale om ein mann med ei mælesnor. Det er tydeleg vis dette som det er profetert om i Joh.Op.11 også, dei to tempelvitna kjem først i Sak.3-4.

Dei 4 vindane er som 4 hestar.

Både Daniel og Sakarja profeterte om dei fire vindane, dei verkar svært så fundamentalt.

Dan.7, Dan.7, I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.

2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.  

Sak.6,1  Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar. 2 For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar;  3 for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar. 4 Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?» 5 Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda.  6 Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.» 7 Då fór dei raude ut, og dei var ihuga etter å koma i veg og fara ut over jorda. Då sa han: «Av stad og far ut over jorda!» Så fór dei av stad ut over jorda.  8 Då ropa han til meg: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, skal la min Ande finna ro der nord.» 

9 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 10 Ta imot gåver frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja, og gå den dagen inn i huset til Josjia, son til Sefanja, dit dei er komne frå Babylonia.  11 Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten, 12 og sei til han: 

Så seier Herren, Allhærs Gud:

Sjå, det kjem ein mann,

hans namn er Renning,

under han skal det renna og gro.

Han skal byggja Herrens tempel,

13 ja, han skal byggja Herrens tempel.

Han skal vinna ære og makt.

På sin kongsstol skal han sitja og styra;

ved hans kongsstol skal det vera ein prest,

og mellom dei skal det rå fred.

I vers 12 er det tele om Renning, det finn vi i Sak.3,8 også. Vers 5 kan vi samanlikne med Joh.Op.11,4-5, dei to oljetrea og dei to lysestakane står framfor herren over all jorda, men dei fire vindane stig fram for han og så fær dei ut. Klart det er same Anden som dess to profetane har. Når Jesus gav apostlane misjonsbefalinga, sa han også at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende.

Dei 4 hestane i Johannes Openberring.

Joh.Op.6,1 I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!»  2 Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

3 Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!» 4 Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.

5 Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa.  6 Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»

7 Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!» 8 Då fekk eg sjå ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket fylgde han. Dei fekk makt over fjerdeparten av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest, og med hjelp frå villdyra på jorda.

Den fyrste ryttaren ser ut til å vere forkynninga av evangeliet.

Jes.49,1 Høyr på meg,

de øyar og strender,

lyd etter, de folk langt borte!

Frå mors liv har Herren kalla meg,

frå mors fang har han nemnt mitt namn. 

2 Han har gjort min munn til eit kvast sverd

og løynt meg i skuggen av si hand.

Han har gjort meg til ei kvass pil

og gøymt meg i sitt pilehus. 

3 Han sa til meg:

«Du er Israel, min tenar,

på deg vil eg syna min herlegdom.» 

4 Men eg sa:

«Til fåfengs har eg streva,

til unyttes har eg øydt mi kraft.

Min rett er likevel hjå Herren,

mi løn er hjå min Gud.» 

5 «Og no,» seier Herren,

som frå mors liv

har skapt meg til sin tenar,

til å føra Jakob attende til han

og samla Israel hjå han

– eg er gjæv i Herrens augo,

og min Gud har vorte min styrke,

6 «det er for lite at du er min tenar

som skal reisa opp att Jakobs ætter

og føra heim att den frelste flokken av Israel.

Eg vil gjera deg til eit ljos for folkeslag,

så mi frelse kan nå til heimsens ende.»

Når den tredje ryttaren kom, vart det tale om rom-mål, vekt og handel, prisen for ein liter kveite eller bygg var ei dagløn, det høyrest dyrt ut, i alle fall i vår tid. Men oljen og vinen måtte han ikkje skada. Gjorde han skade, altså, for at kornet skulle verte så dyrt? Kvifor ikkje oljen og vinen også då? Her kan vi tenke oss at vinen er symbol på kjærleiken og oljen er symbol på den Heilage Ande og det kan ikkje målast med rom-mål eller vekt.

Jerusalem skulle ligge i ruinar i 70 år.

Jerusalem fall i 587 f.Kr. Jeremias profeterte om det og at byen skulle ligge i ruinar i 70 år.

Jer.29,10 Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden.  11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Dan.9,1  I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket –  2 i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år.  3 Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.

Sitat frå https://snl.no/Dareios_1:

Dareios 1. var konge av Persia fra cirka 521 til 485 fvt. Både som kriger og statsmann regnes Dareios 1 som en av det gamle Midtøstens betydeligste herskere. Han førte krig mot forskjellige opprørere, blant annet i Babylon. Etter å ha nedkjempet opprøret la han under seg hele det akemenidiske imperiet, som strakk seg fra Det gamle Egypttil Indus.

Men i følgje Jesajas skulle dei få komme attende allereie ved Kyros.

Jes.45,1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros, som eg held i hans høgre hand

for å tvinga folkeslag under han,

løysa beltet av kongar

og opna dører for han,

så ingen port skal vera stengd.  

….

8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette.

…..

13 I rettferd har eg vekt ein mann

og jamna alle hans vegar.

Han skal byggja min by

og senda heim mitt bortførte folk

utan vederlag, utan betaling,

seier Herren, Allhærs Gud.

Esra.1,1 I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen:  2 «Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har sett meg til å byggja eit tempel åt seg i Jerusalem i Judea. 3 Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til. De kan fara opp til Jerusalem i Judea og byggja templet åt Herren, Israels Gud. Han er det som er Gud i Jerusalem. 4 Alle som er att av folket hans, kvar dei så held til, skal få hjelp av folket der dei bur. Dei skal få sølv og gull, gods og buskap og dessutan friviljuge gåver til Guds hus i Jerusalem.»

Sitat frå https://snl.no/Kyros_2._den_store :

Kyros 2. den store var konge av Persia fra cirka 559–530 fvt. Han tilhørte den persiske fyrsteslekten akemenidene, og var opprinnelig fyrste av Anshan i Elam. Han regnes som grunnleggeren av det persiske verdensriket.

Ifølge den greske historieskiveren Herodot vant han i 550 fvt. over sin lensherre, mederkongen Astyages og inntok hans residens Ekbatana. Støttet til en vel rustet og ledet hær erobret han storparten av Iran og underla seg Lydia i kamp med Kroisos 546 fvt.. Han tok Babylon i år 539 fvt., men skal ha latt Marduk-kulten fortsette som før. Kyros falt 530 fvt. i strid med et folk i Turkestan og ble begravd i Pasargadae i Persis.

Men då hadde det ikkje gått 70 år enno.

I følge Biblex var dette i år 539 f.Kr, Esra og Nehemja fortel at folket kom tilbake i tre puljer, den første pulja kom med Serubabel i 538, den neste gruppa kom saman med Esra 80 år seinare, i 448 og Nehemjas gruppe kom i 445. Det er ikkje sikkert Esra og Nehemja kom under same persarkonge, Artaxerxes 1 (463-423), kanskje Esra kom under Artaxerxes 2 (404-358). Men Esra 4,5.24 og Esra.5 fortel at gjenoppbygging av tempelet kom i gang under Dareios, slik som Haggai og Sakarja også sa. Malakias var profet medan Artaxerxes 1 var konge.

Messias kom og stod på oljeberget (Sak.14). Han er det Guds Lam som bar verda si synd, så han med sin død på korset sona all verda si synd. Han er påskelammet for oss, med det skal vi feire Lauvhyttefesten.

I Sak.14 er det profetert om at Messias skal stå på oljeberget. 

Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.  

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. 7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

10 Heile landet skal verta som Araba-sletta, frå Geba til Rimmon, sør for Jerusalem. Men byen skal liggja høgt på sin stad, frå Benjamins-porten til den staden der den gamle porten var, til Hjørneporten og Hananel-tårnet, heilt til vinpressene åt kongen.  11 Der skal det bu folk. Det skal ikkje vera noka bannlysing meir. Jerusalem skal liggja trygt.

12 Dette er den plaga Herren vil senda over alle dei folka som går til strid mot Jerusalem:

Kjøtet skal rotna på dei

medan dei enno står på føtene.

Augo skal rotna i holene sine

og tunga rotna i munnen på dei.

13 Den dagen skal det henda at Herren lèt det koma ei stor vilske over dei, så dei fer på kvarandre og lyfter hand mot kvarandre. 14 Ja, Juda skal strida mot Jerusalem. Og rikdomen frå alle folkeslaga rundt ikring skal samlast inn, gull og sølv og klede i store mengder. 15 Ei slik plage skal òg koma over hestar, muldyr, kamelar, esel og alle andre dyr som er i leirane deira.

16 Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga.  17 Men om ei av ættene på jorda ikkje fer opp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, Allhærs Gud, skal det ikkje koma regn over henne. 18 Og om egyptarætta ikkje fer opp og ikkje kjem, skal det heller ikkje koma regn over henne, men derimot den plaga Herren lèt koma over dei folkeslaga som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga. 19 Dette skal vera straffa for egyptarane og alle dei folkeslag som ikkje fer opp og høgtidar lauvhyttehelga.

20 Den dagen skal det stå «Helga til Herren» på bjøllene åt hestane; og grytene i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret.  21 Kvar einaste gryte i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, Allhærs Gud, og alle som ofrar, skal koma og ta av dei og koka i dei. Den dagen skal det ikkje lenger vera nokon som driv handel i huset åt Herren, Allhærs Gud.

Dette ventar jødane framleis på, men vi som trur at Jesus er Messias, trur at han allereie har gjort det, ved at han vart krossfesta og døde og med sin død sona all verda si synd, stod opp att frå dei døde og vart teken opp til himmelen. Vi skal vente å få sjå at han kjem att på same måten. Han hente og skal hente si brud heim til himmelen, ja, men vi skal sjå at han er med oss alle dagar og kjem stadig til sin kyrkjelyd, sjølv om det ikkje er fysisk synleg og verda ikkje ser det. 

Her var tale om lauvhyttehelga, påskefeiringa, då skulle dei slakte påskelammet. 

5.Mos.16,1 Akta på månaden abib! Då skal du halda påske for Herren din Gud. For i abib månad, ved nattetider, førte Herren din Gud deg ut or Egypt.  2 Til påskeoffer åt Herren din Gud skal du slakta sauer og oksar på den staden Herren vel ut til bustad åt namnet sitt. 3 Attåt offerkjøtet må du ikkje eta syrt brød. I sju dagar skal du eta usyrt brød, trengselsbrød; for du laut skunda deg ut or Egypt. Såleis skal du, så lenge du lever, minnast den dagen du tok ut frå Egypt. 4 I sju dagar må det ikkje finnast surdeig innan grensene dine. Og av det du slaktar om kvelden den fyrste dagen, må ingen ting liggja natta over, til morgons.

5 Du må ikkje slakta påskeofferet heime, i nokon av dei byane Herren din Gud gjev deg, 6 men berre på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt. Der skal du slakta påskeofferet, om kvelden, når sola glader, på same tid som då du tok ut frå Egypt. 7 Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vel seg ut. Og om morgonen kan du fara heim att til telta dine. 8 Seks dagar skal du eta usyrt brød. Men den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud. Då må du ikkje gjera noko arbeid.

9 Så skal du telja sju veker fram. Frå den dagen du lèt sigden gå i kornet, skal du rekna dei sju vekene.  10 Då skal du halda sjuvekehelga for Herren din Gud og bera fram dei friviljuge gåvene dine, alt etter som Herren din Gud velsignar deg. 11 Og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn på den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttaren, den farlause og enkja som er hjå deg. 12 Kom i hug at du sjølv var træl i Egypt, og legg vinn på å leva etter desse føresegnene.

13 Når du har samla inn frå treskjevoll og vinpresse, skal du halda lauvhyttehelga i sju dagar.  14 Du skal gleda deg på denne høgtida, både du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di, levitten og innflyttaren, den farlause og enkja som bur i byane dine. 15 I sju dagar skal du halda høgtid for Herren din Gud på den staden Herren vel seg ut. For Herren din Gud vil velsigna deg og alt det du avlar, og alt det du tek deg føre. Difor skal du storleg gleda deg.

16 Tre gonger om året skal alle mennene dine stiga fram for Herren din Gud på den staden han vel seg ut: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga. Ingen må visa seg tomhendt for Herrens åsyn.  17 Kvar skal koma med den gåva han har råd til, alt etter den velsigning Herren din Gud har gjeve deg.

Men no er Kristus det Guds Lam som bar verda si synd og som vart slakta som syndeoffer for oss. Slik forsona Gud verda med seg. Vi skal takke for alt det Gud har gitt oss på det grunnlaget, etter førebilete av lauvhyttefeiringa.

Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.  12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.  13 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod. 14 For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.  15 Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.  16 I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.  17 Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.  18 Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.  19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.  21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,  22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Ap.gj.1,4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.  5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»

Kristi himmelferd

6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.  8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12 Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.

Men Sak.14 handlar om at Jesus kom første gongen og stod på oljeberget og vi må først og fremst forstå betydninga av det, for å forstå korleis dei skal vente på hans gjenkomst. For Jesus var komen for å oppfylle lova og profetiane og rett før han døde på korset, sa han: «Det er fullbrakt». Hans frelseverk er fullført og fullkome, derfor var det nok at han kom og stod på oljeberget ein gong. Han kom og oppfylte profetien i Sak.14, så vi ventar ikkje at han skal komme og oppfylle den. Preterisme betyr «allereie oppfylt» og her har preterismen rett.

Men når Jesus vart teken opp til himmelen og han sende oss den Heilage Ande, var det som om heile Sionsfjellet vart løfta opp og han trekker oss til seg, så vi har møte med han der oppe heile tida. Dette har eg skrive om i «Ny Tid 9-15». Så vi har allereie møte med han på «Sionfjellet», same enten vi er i Jerusalem, Oslo eller ute på landsbygda.

Dyra i Daniels bok og Romarriket.

I Daniels bok er det profetert om fire store rike. Eg har vist at det fjerde riket er det greske riket, ved Aleksander den Store, han er det ellevte store hornet på dette dyret. Etter det kjem Guds rike.

Kong Nebukadnesar hadde hatt ein draum og kravde at vismennene skulle fortelje draumen og tyde han, det var det berre Daniel som kunne, slik vart det:

Dan.2,31 Konge, i synet såg du ei veldig biletstøtte. Denne støtta var stor og stråla sterkt. Ho stod beint framfor deg og såg skræmeleg ut. 32 Hovudet på støtta var av reint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av kopar; 33 leggene var av jern og føtene dels av jern, dels av brend leire. 34 Medan du stod og såg på biletstøtta, vart ein stein riven laus, men ikkje med menneskehender, og han råka føtene, som var av jern og leire, og krasa dei. 35 Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, koparen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det og føykte det bort, så det ikkje fanst dusta att. Men steinen som hadde råka biletet, vart til eit stort fjell, som fylte heile jorda.

36 Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen kva han tyder. 37 Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!  38 Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herre over dei. Det er du som er hovudet av gull. 39 Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av kopar, som skal råda over heile jorda. 40 Sidan skal det koma eit fjerde rike, sterkt som jern. Liksom jernet knasar og krasar alt, så skal dette riket – som knasande jern – slå sund og krasa alle dei andre. 41 Føtene og tærne var, som du såg, dels av krusmakarleire, dels av jern. Det tyder at riket skal vera delt. Men eit stykke på veg skal det vera fast som jernet. Du såg då at jernet var blanda med leire. 42 At tærne på føtene dels var av jern og dels av leire, det tyder at riket for ein del skal vera sterkt, men for ein del veikt. 43 Når jernet, som du såg, var blanda med leire, tyder det at dei skal blanda seg ved giftarmål. Men dei skal likevel ikkje halda i hop, like lite som jern kan blanda seg med leire.  44 Men på den tid då desse kongane rår, skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.  45 Du såg då at ein stein vart riven laus or fjellet, men ikkje med menneskehender, og han krasa jernet, koparen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no kunngjort kongen det som heretter skal henda. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

Den vesle steinen er Kristus og det er Guds rike, korleis vaks det? Ved at Gud skapte hans kyrkje som hans brud, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Slik blir Kristus konge på jorda og kongars konge. Det ser vi i Joh.Op.19, men det er eit evig rike. I Joh.Op.20 er det tale om tusenårsriket, ved vert innført og grunnlagt på prestetenesta i den nye pakta, med den vert Guds rike gjennomført her på jorda i tusen år. Jesus har sagt eg skal be om noko stort, så den enkle bøna eg har bedt sidan eg var ni år kan no verte å be om noko stort, slik vi ser i Joh.Op.19-20. Det er ved bruk av berre fredelege metode. Eg er ikkje så naiv at eg reknar med at herskarane her på jord klarar å gjennomføre dette med berre fredelege metode. Men det er det eg brukar, med von om at eg som Jesu medarbeidar kan vere med på å frelse menneske og berge menneske frå liding, naud og dom.

Seinare fekk Daniel draumar og syner som var profeti om det same, det kan vi vel trygt påstå.

Dan.7, I det fyrste året Belsasar var konge i Babylonia, hadde Daniel draumar og syner medan han låg på lega si. Han skreiv opp synene, og her tek forteljinga hans til.

2 Daniel fortalde: Eg såg i eit syn om natta at dei fire himmel-vindane sette storhavet i opprør. 3 Fire store dyr steig opp or havet, og dei var ulike å sjå til.  4 Det fyrste dyret var som ei løve og hadde ørnevenger. Medan eg såg på det, vart vengene avrivne, og det vart lyft frå jorda og reist på to føter som eit menneske, og det fekk eit menneskehjarta. 5 Så fekk eg sjå eit dyr til, det andre i rekkja. Det var likt ein bjørn, og det reiste seg halvveges opp. I gapet mellom tennene hadde det tre sidebein. Og det vart sagt til det: «Stå opp og et mykje kjøt!» 6 Sidan såg eg eit anna dyr, som likna ein leopard. Det hadde fire fuglevenger på ryggen, og det hadde fire hovud. Dyret fekk stor makt.  7 Så fekk eg i nattsynene mine sjå eit fjerde dyr, fælt og skræmeleg og uhorveleg sterkt. Det hadde store tenner av jern og åt og krasa; og leivningane trakka det ned med føtene. Det var annleis enn alle hine dyra og hadde ti horn. 8 Då eg såg vel på horna, fekk eg auga på eit anna lite horn som skaut opp mellom dei. Og tre av dei andre horna vart opprykte, så det kunne få rom. Dette hornet hadde augo som eit menneske og ein munn som tala store ord.

9 Så såg eg:

Tronstolar vart sette fram,

og ein som var gamal av dagar, tok sete.

Hans klednad var snøkvit

og håret på hovudet hans som rein ull.

Hans trone var eldslogar

og hjula under brennande eld. 

10 Ei elv av eld strøymde fram,

og ho gjekk ut framføre han.

Tusen på tusen tente han,

titusen på titusen stod framføre han.

Retten vart sett, og bøker vart opna. 

11 Medan eg såg på dette, vart dyret drepe fordi hornet tala store ord. Kroppen vart øydelagd og kasta på elden; han skulle brennast.  12 Frå dei andre dyra òg vart herredømet teke; tid og stund var fastsett for deira levetid.

13 Så såg eg i nattsynene mine:

Sjå, med himmelens skyer

kom det ein som var lik ein menneskeson.

Han gjekk bort mot den gamle av dagar

og vart ført fram for han. 

14 Han fekk herredøme, ære og rike;

folk og ætter med ulike språk,

alle folkeslag skal tena han.

Hans velde er eit evig velde,

det skal ikkje forgå;

hans rike går aldri til grunne. 

15 Då kjende eg, Daniel, meg uroleg i hugen; synene eg hadde hatt, skræmde meg.  16 Eg gjekk bort til ein av dei som stod der, og bad han om rett forklaring på alt dette. Han svara meg og fortalde kva synene tydde: 17 «Desse store dyra, fire i talet, tyder at det skal koma fire kongar på jorda. 18 Men dei heilage åt Den Høgste skal få riket og ha det i eige til alle tider, i alle æver.» 

19 Då ynskte eg å få vita kva meininga var med det fjerde dyret. Det var annleis enn alle dei andre, eit skræmeleg dyr med tenner av jern og klør av kopar. Det åt og krasa, og det som vart att, trakka det ned med føtene. 20 Like eins ynskte eg å få greie på dei ti horna det hadde på hovudet, og det nye hornet som skaut opp og fekk tre av dei andre til å falla av. Dette hornet hadde augo og ein munn som tala store ord, og var større å sjå til enn dei andre. 21 Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei,  22 til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.

23 Så lydde svaret hans: «Det fjerde dyret tyder at det skal koma eit fjerde rike på jorda, eit som er annleis enn alle dei andre rika. Det skal sluka heile jorda, trakka henne ned og knusa henne. 24 Dei ti horna tyder at det skal koma ti kongar i dette riket. Og etter dei skal det koma endå ein konge, som er annleis enn dei som var før han. Han skal slå tre kongar.  25 Og han skal tala mot Den Høgste og fara hardt fram mot dei heilage åt Den Høgste. Han skal setja seg føre å endra tider og lover, og dei heilage skal gjevast i hans hand éi tid og tider og ei halv tid.  26 Då skal retten setjast. Herredømet skal takast frå han; det skal knusast og gjerast til inkje for alltid.  27 Kongedømet og veldet og makta i rika under himmelen skal gjevast til det folket som er dei heilage åt Den Høgste. Deira rike skal vera eit evig rike, og alle makter skal tena og lyda dei.»

28 Her endar forteljinga mi. Tankane mine gjorde meg, Daniel, fælande redd, og eg vart bleik i andletet. Men eg gøymde alt dette i hjarta.

Men i følgje den tradisjonelle hushaldningslæra er det fjerde riket Romarriket og det ellevte store hornet er EU og Antikrist. Men det er då berre apostelen Johannes som skriv om Antikrist og berre i breva sine, ikkje i Johannes Openberring heller. Det er som om dei overser profetien om Kristus og hans rike i Dan.2.44-45. På den tida desse kongane rådde, alle fire til saman altså, heile biletstøtta, det var Romarriket. Då kom denne steinen og traff så forkjært. Denne steinen var Kristus og den var Guds rike, som voks seg så stort.

Å oversjå og forakte Kristus og hans born på denne måten, liknar mest på å fornekte han som ein antikrist, så dei blir som falske profetar for Antikrist, med ei profeti som dei vil gjennomføre som politikk. Vi merkar det ganske tidleg som bokstaven som slår i hel, som motsetnad til Anden som gjer levande, i den kristne kyrkjelyden, så vekkinga får motstand (2.Tess.2).


Leave a comment