Ny Tid 35. Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet. 10. Johannes Døyparen, alias profeten Elia, sa at Jesus er Messias, men «den Falske Profet» tente Dyret.

Jesus er den Gode Hyrdingen.

Drøyming, fantasering og falske dommedagsprofetiar. Eller spørje «kva seier Herren»?

I Bibelen er det profetert om ein dommedag og med tanke på historia sidan og Johannes Openberring ser det ut til å vere ei historie som har gjenteke seg og som framleis vil gjenta seg inntil den endelege dommedagen, då det er slutt på denne jorda. Då må der vel ha vore periode med fred også, så vi kan tenke og arbeide konstruktivt, før «øydaren» kjem og legg øyde? Ei tid for å bygge opp, ei tid for å rive ned, Gud tek fram att det som kvarv, men så skaper han også noko fullkome som står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå (Fork.3).

Omlag 300 år seinare forkynnte profetane at babylonarane skulle hærta landet, Jerusalem skulle falle og folket vert bortført, så det var best for dei å berre overgi seg frivillig. Dei som vart bortførde til Babylonia skulle få tenke og arbeide konstruktivt, for Guds tankar med ei var å gi dei framtid og von. Men det gjekk ikkje så bra for dei som stod imot. Dei spurde stadig kva som var Herrens domsord, men det ville ikkje Gud vite av, dei skulle heller ikkje tru på draumane sine. Men den profeten som hadde Guds Ord, skulle tale det. 

Jer.23,1 Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren.  2 Difor seier Herren, Israels Gud, om hyrdingane som gjæter folket mitt: De har spreitt sauene mine og jaga dei bort og har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, lyder ordet frå Herren.

3 Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange.  4 Då vil eg setja nye hyrdingar til å gjæta dei, så dei ikkje lenger skal skjelva av redsle, og ingen av dei skal saknast, lyder ordet frå Herren.

Den rettferdige renningen

5 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren,

då eg lèt ein rettferdig renning

veksa fram i Davids-ætta.

Han skal vera konge og styra med visdom

og gjera rett og rettferd i landet.  

6 I hans dagar skal Juda verta frelst

og Israel bu trygt.

Og dette er namnet han skal få:

Herren, vår rettferd. 

7 Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,  8 men: «Så sant Herren lever, han som førte etterkomarane av Israels ætt heim att frå landet i nord», og frå alle dei andre landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på si eiga jord.

Dom over lygnprofetane

9 Om profetane. 

Mitt hjarta er knust i min barm,

alle mine lemer skjelv.

Eg er som ein drukken mann,

ein som vinen har maktstole.

Det kjem frå Herren, frå hans heilage ord.

10 Landet er fullt av ekteskapsbrytarar

og sturer fordi det er forbanna;

beita i øydemarka turkar bort.

Folk spring etter det som vondt er,

og har sin styrke i urett. 

11 Både prest og profet er gudlause;

jamvel i mitt eige hus

har eg møtt deira vondskap,

lyder ordet frå Herren.

12 Difor skal vegen deira

verta glatt og sleip for dei.

Dei glid i mørkret og dett.

For eg fører ulukke over dei

det året eg krev dei til rekneskap,

lyder ordet frå Herren. 

13 Hjå profetane i Samaria

såg eg usømelege ting.

Dei tala profetord ved Ba’al

og førte Israel, folket mitt, vilt.

14 Hjå profetane i Jerusalem

har eg sett gruelege ting.

Dei bryt ekteskapet og fer med lygn,

dei stør og styrkjer ugjerningsmenn,

så ingen vender om frå sin vondskap.

For meg har dei alle vorte som Sodoma,

folket i byen er som Gomorra. 

15 Difor seier Herren, Allhærs Gud,

om desse profetane:

Eg gjev dei malurt å eta

og giftig vatn å drikka.

For frå profetane i Jerusalem

har gudløysa nått ut over heile landet. 

16 Så seier Herren, Allhærs Gud:

Høyr ikkje på det dei seier,

profetane som spår for dykk!

Dei berre narrar dykk.

Frå deira eige hjarta

og ikkje frå Herrens munn

kjem dei syner dei ber fram. 

17 Til dei som vanvørder Herrens ord,

seier dei: «Det skal gå dykk vel,»

og til alle som fylgjer sitt harde hjarta:

«Inga ulukke skal koma over dykk.» 

18 Kven har vore med i Herrens råd,

så han merka og høyrde hans ord?

Kven akta på hans ord og lydde det? 

19 No bryt harmen ut som eit Herrens ver,

ein kvervelstorm fer av stad

og kvervlar mot hovuda på dei gudlause. 

20 Herrens vreide legg seg ikkje

før han har sett i verk og fullført

det han hadde tenkt å gjera.

Til sist, i dagar som kjem,

skal de skjøna dette heilt.

21 Eg har ikkje sendt profetane,

og likevel spring dei av stad;

eg har ikkje tala til dei,

og likevel stig dei fram som profetar. 

22 Men hadde dei vore med i mitt råd,

då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk

og fått det til å venda om

frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar.

23 Er eg ein gud som berre er nær, seier Herren,

og ikkje ein gud langt borte?

24 Kan nokon gøyma seg på løynlege stader

så eg ikkje ser han? seier Herren.

Fyller ikkje eg både himmel og jord?

lyder ordet frå Herren. 

25 Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei. 26 Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn? 27 Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al. 28 Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.

Kva har halmen sams med kornet?

lyder ordet frå Herren.

29 Mitt ord, er ikkje det som ein eld,

lik ei sleggje som knuser fjell? seier Herren. 

30 Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre. 31 Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid.  32 Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.

Bruk ikkje ordlaget «Herrens domsord»!

33 Når dette folket eller ein profet eller prest spør deg kva for tunge domsord du ber fram frå Herren, skal du svara dei: «Det er de som er ei bør for meg, men eg vil kasta dykk av,» lyder ordet frå Herren.  34 Om presten, profeten eller nokon av folket seier «Herrens domsord», då krev eg mannen og ætta hans til rekneskap. 35 Nei, så skal de seia til kvarandre når de talar saman om dette: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?» 36 Men «Herrens domsord» skal de aldri nemna meir. Når nokon seier det, vert ordet ei bør for han sjølv. For då rengjer de ordet frå den levande Gud, Herren, Allhærs Gud, som er vår Gud. 37 Så skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?» 38 Men brukar de ordlaget «Herrens domsord», då seier Herren: Fordi de brukar ordlaget «Herrens domsord», endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala såleis, 39 sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar. 40 Eg legg på dykk ei evig skam og ei evig vanære, som aldri skal gløymast.

Johannes Døyparen sa at Jesus er Messias.

Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!  30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.  34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.  28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

Forkynne eit nådens år frå Herren.

Jesus kom og oppfylte Jesajas profetien.

Jesaja.61,1 Herrens Ande er over meg;

for Herren Gud har salva meg.

Han har sendt meg til å forkynna

ein gledebodskap for armingar,

til å lækja dei som har eit knust hjarta,

til å ropa ut fridom for fangar

og frigjering for dei bundne. 

2 Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,

ein dag med straff frå vår Gud.

Eg skal trøysta alle som syrgjer, 

3 og gje dei syrgjande i Sion

hovudprydnad i staden for oske,

gledeolje i staden for syrgjeklede

og lovsong i staden for motløyse.

Dei skal kallast rettferds mektige tre,

som Herren har planta

for å syna sin herlegdom. 

4 Dei skal byggja opp att gamle ruinar,

reisa det som før vart lagt i øyde,

byggja på nytt dei nedbrotne byar,

som låg der aude frå ætt til ætt.

Når Jesus sa dette i synagoga, gjekk det slik til:

Luk.4,1 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagoga, som han var van med. Då han reiste seg og ville lesa frå Skrifta, 17 gav dei han boka åt profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18 Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg til å forkynna

ein gledebodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom,

og at blinde skal få sjå,

for å løysa dei trælka or tvang 

19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til tenaren og sette seg. Og alle som var i synagoga, heldt augo sine feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja såleis: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle lét vel om han og undra seg over dei herlege orda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: Lækjar, læk deg sjølv! og seia: Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum; gjer no det same på heimstaden din!» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.  25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel medan Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader, og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, men berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange spedalske i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Na’aman.»  28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagoga og høyrde dette. 29 Dei fór opp og dreiv han ut or byen og bort på stupet av det fjellet som byen deira var bygd på; der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og fór sin veg.

Det han hadde lese så langt var sjølvsagt grunnen til at dei festa blikket sitt på han, kvifor stoppa han midt i Jesaja.61,2, jau, for då kunne han seie at så lagt hadde denne profetien då gått i oppfylling. Men kva med fortsettinga:

 «ein dag med straff frå vår Gud.

Eg skal trøysta alle som syrgjer, ….»

Spurde dei berre etter Herrens domsord? Eller trudde dei det som Jesus sa og takka Gud for det?

Jonas-teiknet.

Jødane spurde etter teikn, til tross for alle dei teikna han allereie hadde gjort. Så han sa at dei skulle ikkje få anna teikn enn Jonasteiknet, for liksom Jonas var i buken på fisken (kvalen) i tre dagar, skulle han vere under jorda i tre dagar, han skulle døy på korset og vere gravlagd i tre dagar, før han stod oppatt frå dei døde. Dette er også oppfyllinga av profetien i Sak.14 om at Messias skulle stå på oljeberget. Jonas måtte utføre det oppdraget Gud hadde gitt han og gå til Ninive og forkynne dommedag over byen. Men folket trudde på det han sa og vende om og bad om nåde, så Gud benåda dei og der kom ingen domedag over dei slik som Jona hadde profetert. Då vart han sur, han følte nok at han hadde vorte gjort til skamme, som om han var ein falsk profet.

Jona.4,1 Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm. 2 Han bad til Herren: «Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma.  

………

9 Men Gud sa til Jona: «Har du grunn til å vera harm over ricinus-busken?» Han svara: «Ja, eg har så god grunn til å vera harm at eg kunne døy.» 10 Då sa Herren: «Du ynkast over ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. 11 Skulle så ikkje eg ynkast over Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje kan skilja mellom høgre og venstre, og ei mengd med dyr?»

Evangeliet om Guds rike, Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen.

Jesus kom og forkynnte evangeliet om Guds rike, vi må verte som born, ja fødast på nytt for å sjå det og komme inn i det, det var så enkelt å ta imot det som når eit barn kjem til sin far og ber om gode gåve, alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born. Men han visste at han kom til å få motstand og varsla disiplane sine om det. Han sa han var døra inn til sauene, dei som var komne før han var tjuvar og røvarar, men han slepte dei ut og gjekk føre dei. Ulven kom for å spreie dei og slakte dei, men han var den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene (Joh.10). Så ville han atter samle dei og det var ved at han stod oppatt frå dei døde og synte seg for dei og gav dei misjonsbefalinga. Så vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Så sende han dei den Heilage Ande, den openberrar Guds Ord for oss, Kristus er Guds Ord han er Sanninga som set oss fri. Då er det berre for oss å vende oss til han, når vi er heime med oss sjølve og når vi samlast i Jesu namn, så vi får oppleve at han er der mellom oss og han er med oss når vi går ut.

Jesus var den gode hyrdingen i den gamle pakt også, David opplevde det og profeterte om det og han er det framleis. Jesus sjølv profeterte om det og det var ein profeti som gjekk i oppfylling. Men profetien gjeld framleis, for Jesus stod oppatt frå dei døde og lever ved Faderens høgre hand. 

Guds arm var ikkje for kort til å frelse folket sitt, men synda skilde dei frå han (Jes.59). Men Jesus var det Guds Lam som bar verda si synd, med eit syndeoffer tok han bort synda ein gong for alle. Med det har han gjort dei fullkomne som vert helga.

Heb.7, 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.

Heb.9,24  For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld.  25 Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige. 26 Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.  27 Like visst som det er så laga at menneska må døy éin gong og sidan koma for domen, 28 såleis er òg Kristus ofra éin gong for å ta bort syndene åt dei mange, og så skal han andre gongen koma til synes, ikkje for synda skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

Heb.10,8 Fyrst seier han: «Slaktoffer og gåver, brennoffer og syndoffer ville du ikkje ha og hadde du ikkje hug på,» endå det er slike offer som vert framborne etter lova. 9 Deretter seier han: «Sjå, her kjem eg og vil gjera din vilje.» Han tek bort det fyrste, så han kan setja inn det andre. 10 På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra éin gong for alle.

11 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder.  12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid.  13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans.  14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.

Vi vert helga så vi vert fullkomne på grunn av det som Jesus har gjort for oss. Når vi vender oss til han og tek imot han, får vi rett til å verte Guds born, vi får oppleve at Gud skaper oss i si likning, Det må vi ære og takke Gud og Lammet for.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Det gjekk slik som det var profetert i det gamle testamentet og slik som Jesus sjølv profeterte. Like vel er desse profetiane historia som gjentek, seg, ei tid til å bygge opp ei tid til å rive ned, inntil den endelege dommendagen, når det er slutt med denne jorda. Men Guds arm er ikkje for kort til å frelse oss for æva og gi oss evig liv, det er berre å ta imot i tru.

1.Joh.4, De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud.  8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik.  9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han.  10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.  11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre.  12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.

13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande.  14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda.  15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken.  18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda.  19 Vi elskar av di han elska oss fyrst.  20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett.  21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

Guds profetar profeterte om at Gud ville gjere noko nytt.

Gud skaper noko nytt.

Guds profetar profeterte om at Israels-folket skulle bortførast til Babylonia, men allereie då profeterte dei om at Gud ville skape noko nytt.

Jes.43,14 Så seier Herren,

dykkar utløysar, Israels Heilage:

For dykkar skuld sender eg bod til Babylon

og bryt ned alle bommane der;

då vert kaldearjubelen til klageskrik. 

15 Eg er Herren, dykkar Heilage,

Israels skapar, dykkar konge. 

Sjå, eg skaper noko nytt

16 Så seier Herren,

han som gjorde veg gjennom sjøen,

ein stig i det veldige vatnet, 

17 som førte hestar og vogner,

hær og hovdingar uti.

Der vart dei liggjande og reiste seg ikkje,

dei slokna som ein veik.

18 Tenk ikkje på det som hende før,

gjev ikkje akt på det som eingong var!

19 Sjå, eg skaper noko nytt.

No gror det fram.

Merkar de det ikkje?

Ja, eg legg veg i øydemarka

og stigar i den aude hei. 

20 Dyra på marka skal æra meg,

både sjakalar og strutsar.

For eg gjev vatn i øydemarka,

lèt elvar renna i den aude hei,

så mitt utvalde folk kan få drikka. 

21 Det folket eg har skapt meg,

skal forkynna min pris.

Draken og Dyra i Joh.Op.13, den Falske Profet.

Djevelens klagemål mot menneska er så fundamentalt at menneska knapt får høve til å svare for seg, soleis er dei komne før Kristus og er tjuvar og røvarar. Draken stod klar til å sluke han med det same han vart fødd, men han vart teken opp til himmelen, det er også vår redning.

Joh.Op.12,1  Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.  2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.

3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.  4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.  5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.  6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.

Frå gammalt av var det fleire enn jødane som dyrka Israels Gud, det ser vi når det er tale om Abraham, spesielt når han møtte Melkisedek og Jesus vart øvsteprest etter Melkesedks vis til evig tid. Omlag 500 år seinare var Israelsfolket på veg mot det lova landet, Bileam var ein Herrens profet og kong Balak ville betale han for å forbanne Israel, men han kunne ikkje seie anna enn det Herren sa til han og det var å velsigne Israel. Men for å føye Balak, fann han på at dei skulle få nokre av kvinnene i folket til å gå inn til Israelittane og freiste dei til hor, så han kunne få grunn til å forbanne dei. Dei klarde det, men så vart det eit rettsoppgjer i Israels-folket. Balak gjekk til krig mot dei og Bileam vart med i krigen. Strategien deira var altså at no skulle Israels-folket vere fprbanna, på grunn av synd, så dei kunne vinne over dei, men dei tapte og Bileam fall i krigen.

Josva.24,9 Kongen i Moab, Balak Sipporsson, gjekk til strid mot Israel. Han sende bod etter Bileam Beorsson og bad han forbanna dykk.  10 Men eg ville ikkje høyra på Bileam, og han laut velsigna dykk. Såleis berga eg dykk frå Balak.

Mika.6,5 Mitt folk, kom i hug kva planar han hadde,

Balak, kongen i Moab,

og hugs det svaret han fekk

av Bileam, son til Beor,

på vegen frå Sjittim til Gilgal,

så du kan skjøna

Herrens frelsesgjerningar.

4.Mos.31,1 Herren sa til Moses: 2 «Du skal ta hemn over midjanittane for det dei har gjort mot israelittane. Sidan skal du fara til fedrane dine.»

3 Då tala Moses til folket og sa: «Nokre av dykk må bu seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei. 

………….

13 Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren. 14 Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann. 15 Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene? 16 Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk.  17 No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn. 18 Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

Apostlane åtvara mot Bileams villfaring, han var då korrupt. 

2.Pet.2,5 For dei har vike av frå den beine vegen og villa seg bort. Dei går same vegen som Bileam, son til Beor, han som berre hadde sans for den løn han kunne få ved å gjera urett.

Judas brev  11 Ve dei! Dei har slege inn på same vegen som Kain; dei har kasta seg ut i same villfaring som Bileam, han som var ute etter eiga vinning; dei har gjort opprør som Korah; difor har dei gått til grunne.  12 

Eg går ut ifrå at Dyret i OP.13,1…. og den falske profet (Op.13,11…) brukar liknande metode som som Balak og Bileam (Op.19,19-21). 

Joh.Op.13,1 Då såg eg eit dyr stiga opp or havet. Det hadde ti horn og sju hovud og ei krone på kvart horn. På hovuda stod namn som var spott mot Gud.  2 Dyret eg såg, var likt ein leopard, men det hadde føter som ein bjørn og gap som ei løve. Draken gav dyret si kraft og sin kongsstol og stor makt.  3 Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det. 4 Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

Dyret som steig opp or avgrunnen og den Store Skjøkje.

I Joh.Op.11 &17 er profetert om eit Dyr som steig opp or avgrunnen og eg går uti frå at det er same Dyret. Dert skal gjere revolusjon mot den Store Skjøkje.

Joh.Op.17, Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn.  2 Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»

3 I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn.  4 Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt.  5 På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.» 6 Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.

Eg vart full av undring då eg såg henne.  7 Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn. 8 Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

9 Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar: 10 Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund. 11 Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.  12 Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.  13 Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og mynd til dyret. 14 Dei skal føra krig mot Lammet; men fordi Lammet er herren over herrane og kongen over kongane, skal det sigra over dei, saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15 Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der skjøkja tronar, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.  16 Og dei ti horna du såg, og dyret, dei skal hata skjøkja, leggja henne øyde og gjera henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.  17 For Gud gav dei den tanken at dei skulle fullføra hans plan, så dei ville eitt og det same: gje si kongsmakt til dyret, til Guds ord er oppfylt. 18 Men kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Dette var medan Johannes var på Patmos, så eg går ut ifrå at det sjette hovudet var keisar Nero. Hans politikk svara til det første Dyret i Op.13, sidan er det også ei linje i den seinare historia. Dyret var ikkje på denne tida, det var ein heilt annan politikk altså, den kom ved Vespasian, så han vart den åttande kongen. Det var også ein tidlegare konge, Cæsar, Vespasian førde ein politikk som likna meir på politikken til Julius Cæsar. Keisar og Tsar er oppattkalla etter Cæsar. Vespasian var først hærføraren som beleira Jerusalem, men let son sin Titus fullføra det, medan han sjølv for til Romar for å ta over som keisar. Så revolusjonen mot Babylonia, den Store Skjøkje, vart først og fremst å legge Jerusalem i grus.

Profetien i Joh.Op.17-18 er også ei linje opp gjennom historia som ein politikk og det er spesielt i Vest-Europa, ein profeti om renessansen i Vest-Europa, det var «gjenføding» av antikk, gresk kultur, som resulerte i utvikling av den nye naturvitskapen, demokrati og nasjonal frigjering. Vi som er trufaste mot Kristus, skal sigre over dette Dyret og dei ti horna og dette har å gjere med å innta det lova landet. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i vår hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Det får vi sjå meir av i Joh.Op,19-20. Sidan det skjer ved tru, er det ein fredeleg prosess, det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Vi kan like vel ikkje hindre at for verdslege autoritetar kan det bety krig. Men Kristus er kongars konge og herrars Herre og vi skal sigre med han.

Ved trua på Jesus skal vi gå inn i det lova landet.

Når Moses skulle til å leie Israels-folket inn i det lova landet, sende han inn 12 speidarar som skulle spionere det ut. Alle kom tilbake og fortalde at det såg ut som ei oppgåve som var for stor og for vanskeleg, men to av dei Josva og Kabel sa også at ved trua på Israelsk Gud skulle dei klare det, for han var med dei og gjorde sitt verk. Dei andre gjorde folket motlause, så det vart opprørsstemning. Derfor fekk dei heller ikkje komme inn i det. Dei måtte vente i øydemarka til der kom ein ny generasjon. Josva og Kaleb levde lenge nok til å få vere med på det, ja, Josva var den som leia dei inn i det lova landet. 

No gjeld ikkje profetien berre Israels-landet, men vi skal forkynne evangeliet for alle folkeslag, så får vi sjå at det går slik som det har vorte profetert, vi er med på å innta «det lova landet» så lenge vi lever på denne jorda og Gud gjennomfører sin plan etter vår tid også. Gud gav dette Dyret og desse ti horna den tanken at dei skulle gjennomføre hans plan. Vi som er trugne mot Kristus, skal sigre over dei saman med han, han er Guds Ord og det vert det klart at det er Gud som gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande og det er han som dømmer den Store Skjøkje.

Men til samanlikning med når Moses sende dei 12 speidarane inn i landet, verkar det som mange kristen vert motlause slik som når dei ti speidarane kom attende og gjorde Israels-folket motlause. Er kanskje ikkje Gud mektig nok til å gjennomføre den planen han har? Kva har vi her å gjere eigentleg? Vi skal velje å halde oss til den Gode Hyrdingen og følgje han, så leier han oss inn idet nye og vi får oppleve at Gud gjer noko nytt med oss slik som hans tenarar profeterte.


Leave a comment