Tradisjonelt har ei «lærd» og herskande overklasse rekna vanlege folk for å vere utilreknelege. Slik vart det argumentert for diktatur, avgudsdyrking og krig. Men den sanne Gud veit betre kva vi treng enn nokon, endå til oss sjølve.
Tradisjonelt har ei «lærd» og herskande overklasse rekna vanlege folk for å vere ulærde og utilreknelege. Nokre av dei innrømma at uheldig vis var det slik og prøvde å gjere noko med det, ved å gi det betre opplæring, kanskje innsåg dei at då trong dei sjølve betre opplæring også. Andre meinte at heldig vis var det slik, for då vart det lettare for dei å herske over dei, kanskje endåtil ved å lure dei og forføre dei, så dei vart så dumme og vonde at det var nødvendig å kue dei.
Herskarane forguda seg sjølve og folket måtte tilpasse seg dei, så det vart til avgudsdyrking. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna og Jesus sa at Djevelen er lygnaren. Som motsetnad til dette er Jesus Sannings som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Apostelen Johannes sa at Lygnaren er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen. Så det resulterer i at menneska dyrkar styresmaktene som avgudar. Det viser seg som fråfallet i kyrkja, slik som Paulus skriv om den Lovlause i 2.Tess.2. Han står imot og opphøgjer seg og set seg inn i tempelet og gjer seg sjølv til gud. Men Jesus kjem og tyner han med pusten frå sin munn, det er den Heilage Ande. Det er det vi må nytte oss av no og heilt til han kjem og hentar oss som si brud.
Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, då er det berre for oss byrje å snakke med han, så får vi oppleve Faderens kjærleik, omsorg og formyndarskap.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så det er tydeleg vis viktigast for han, men då er det også viktigast for kvar einskild av oss, men det er vi sjølve som må innsjå det. Vi treng å komme til Jesus og drikke av kjelda med det levande vatnet, så det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv.
Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd. 7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt. 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
Jesus er vegen til Faderen, ved å gå den vegen, kjem vi heim til Faderhuset og får oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born.
Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
Han oppseder oss og lærer oss opp og er og blir vår formyndar. Det er suverent i forhold til verdslege autoritetar, så vi blir fri og sjølvstendige i forhold til dei. Gud gjer storverk med oss og då må vi ære og takke han for det.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.
Eg får oppleve at eg er på det indre plan Jesu medarbeidar og så skal eg bere kroppen fram som eit levande offer til Guds velbehag.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå inn på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar, då måtte eg bevege meg fysisk, det låg klart for meg, men eg skulle få oppleve at eg var på det indre plan hans medarbeidar. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Sidan eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, trur og vonar eg at han gir meg ei kone ved at vekker henne også opp til liv med seg og Faderen og eg trur eg får oppleve det først og fremst i mitt indre menneske, som ein draum og ein visjon han gir meg ved sin Ande. Gud er ånd, han er til og hans rike er ein åndeleg røyndom, han gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, eg har berre teke imot i tru så eg har fått oppleve at Jesu gitt meg ånd og liv frå himmelen, eg skal så på han som er trua sin opphavsmann og fullendar og takke han for det, hans om byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.
Paulus lærer oss at sidan Jesus døde i staden for oss, så skal vi tenke oss at vi er krossfesta og døde saman med oss og i dåpen er vi gravlagde saman med han. Der er vi også oppreiste saman med han ved Guds kraft, som vekte han opp frå dei døde. Derfor skal vi vende hugen opp til han og ha hug på det som er der oppe, og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Anden openberrar for oss kva det er Gud gir oss i Kristus. Anden gjer kroppen også levande og då skal vi bere den fram som eit levande offer til Gud.
Rom.8,8 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver.
I det eg ber kroppen fram som eit levande offer, til velbehag for Gud, ventar at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så ho kjem til meg fysisk også, sidan han skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt. Men eg må framleis feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Rom.12) og det er i åndeleg openberring, det er ikkje fysisk synleg. Men i det vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, skulle det vel verte fysisk synleg også. Eg står framfor ei ny tid og han vil hjelpe meg inni den. Eg skal gi meg 100% til han og han tek meg atter og atter på alteret. Dette har eg skrive om her:
Vi skal feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullender. Det har å gjere med at vi trur på han, kjenner han, elskar han, så vi får oppleve det som ei åndeleg openberring.
Vi skal feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar (Rom.12,1…), det er ein åndeleg openberring, han er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss. Det er ei Guds under, frelsa er eit under som vi må takke Gud og Lammet for, det er ikkje vi sjølve som får det til, det er Guds verk, av og til kan det verte svært så tydeleg for oss, som eit under, men i vårt daglege liv har det vorte meir sjølvsagt, fordi det har å gjere med at han er ein person som vi kjenner og elskar, fordi han elska oss først. Så motsetnaden til dette er å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Det står i motsetnad til korleis Adam og Eva etter syndefallet såg på seg sjølve og såg at dei var nakne, så dei prøvde lage seg klede av fikenblad og gøymde seg for Gud, når dei høyrde at han gjekk i hagen. Han gav dei skinnklede til å kle seg med i staden. Seinare har folk lagt vekt på å kle seg fint, særleg har dei rike lagt vekt på det. Dei fleste har vel sans for det, sjølv om tidlegare tiders moter verkar rart. Du skal kle deg sømmeleg, det er greitt nok, puritanarane la vekt på det. Ved å kle seg moteriktig prøver folk å gi inntrykk av at dei er opplyste og er med på det nye, det som har framtida for seg. Greitt nok for meg, men Gud ser ikkje til det ytre, men han ser til hjertet og det er det han lærer meg også. Eg tenker mest på å kle meg rett etter naturmiljøet, etter ver og vind. Sjølvsagt har det litt betydning at eg kan kle meg fint og passande etter kva slags menneskeleg miljø eg går inni også, men eg er langt ifra nokon moteløve.
Sidan Gud ikkje ser til det ytre, men til hjartet, synest eg det er rart at der er så mykje i det ytre miljøet som har kome på mote mellom dei kristne, som motsetnad til det som eg har bedt Jesu om, sidan eg var ein liten gutunge., å påkalle han som vår frelsar og Herre og be han frelse mine næraste, og be slik for folket og landet, be Fadervår og be han gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Eg kjem frå Sunnmøre, talar dialekt og skriv nynorsk. For mange er vel bokmål mote i forhold til det, elles er det mykje bruk av engelske ord som slår an som moteord, så det verkar kunstig.
Vi opplever krav om tilpassing til verdslege autoritetar og for det meste verkar det vel fornuftig, vi alle ser vel fordel av å vere hensiktsmessig tilpassa, både for vår eigen del og for andre sin del, det er verre om kravet vert kunstig, vi er i eit miljø der vi eigentleg ikkje passar inn, så kravet om tilpassing vert kunstig for oss. Om vi vil vitne om vår tru på Jesus, så kan vi ofte finne at det ikkje passar i den samanhengen vi står i, men det har å gjere med å kjøpe den laglege tid, oppdage moglegheitene og finne ord som passar i samanhengen og gir gode svar.
Det blir heilt annleis med vår inngang i Guds rike, for vi må verte fødde på nytt for å sjå det og komme inni det og vi finn vår plass og funksjon i Jesus kyrkje ved at den Heilage Ande døyper oss til å vere in kropp, som Jesus er hovudet for. Like vel står vi overfor ei liknande oppgåve, ved at vi legg vekt på at den Heilage Ande skal minne oss om bibelvers, så det vert eit ord i rette tid.
Eg fekk komme til Jesus slik som eg var og Gud gjer meg til ein ny skapning i han, men eg er framleis unik. Når eg har prøvt å vitne om mi tru på Jesus i slike forsamlingar, har eg møtt merkelege problem og fått motstand, så eg får inntrykk av at eg ikkje passar inn. Men det er ei lygn ifrå Lygna sin far.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 17.7.2024:
«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg et egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»
Jesajas profeterte om at Gud ville gjere noko nytt.
Israelsfolket fall ifrå Herren og dyrka avgudane i staden, så profetane profeterte om at landet deira skulle verte hærteke og dei skulle verte bortførde til Babylonia. Men allereie før det, profeterte Jesajas om at dei skulle få komme attende under Persarkongen Kyros. Jeremias profeterte at det skulle skje etter 70 år. Dei kom også med Messias-profetiar, spesielt Jesajas og her er ein av dei:
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Messias betyr “den salvevigde” og salveoljen er symbol på den Heilage Ande.
Jes.43,18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
20 Dyra på marka skal æra meg,
både sjakalar og strutsar.
For eg gjev vatn i øydemarka,
lèt elvar renna i den aude hei,
så mitt utvalde folk kan få drikka.
21 Det folket eg har skapt meg,
skal forkynna min pris.
Jes.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
Han sa dei skulle sjå at han skapte noko nytt og spurde dei om ikkje dei merka det. Så korleis kan vi sjå det og merke det? Ved å komme til Jesus og drikke av det levande vatnet. Dette møter vi igjen i slutten av Johannes Openberring, når det er tale om den nye jorda.
Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»
5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
Livet vart planta i oss ved Guds Ord, det skal vekse og bere rettferd og frelse som frukt.
Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, har vi teke imot den, så tilhøyrer vi han og er frelst, då skal vi glede oss framfor alt over at våre namn er oppskrivne i livets bok i himmelen. Har vi byrja i Anden, så skal vi fullføra i Anden. Livet vart planta i oss ved Guds ord og det skal leve, vekse, blomstre og bere frukt så lenge vi lever på denne jorda og den frukta den ber er frelse.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Jesajas.45,1 Så seier Herren
til den han har salva,
til Kyros, som eg held i hans høgre hand
for å tvinga folkeslag under han,
løysa beltet av kongar
og opna dører for han,
så ingen port skal vera stengd.
2 Eg vil gå føre deg.
Bakkar vil eg jamna,
bronsedører vil eg sprengja,
og jernbommar vil eg slå sund.
3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
så du skal vita at eg er Herren,
Israels Gud, som har kalla deg på namn.
……..
8. Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Jesajas.45 er ein profeti om persarkongen Kyros, som skulle la Israels-folket fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt nabofolka deira. Dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.
Jesu brud og dei ti brurmøyane, vente på Jesu gjenkomst.
Når Gud vende lagnaden til folket sitt, var det for dei som ein draum.
Å forkynne evangeliet om Kristus er som å invitere til bryllaupet hans. Då må vi først og fremst ta imot invitasjonen sjølve, kle oss i bryllaupsklednaden og verte med i festen, slik at dei som vert inviterte oppfattar og forstår at her vert det ein herleg fest, som det vert kjekt å vere med på. Det kan verke som ei dobbeltrolle som ikkje er så godt å forstå, kanskje fordi det starta i det små, så det ikkje var så lett å oppdage at der var noko nytt. Vi kan samanlikning med dei som gjekk gråtande ut for å så korn, men som skulle få komme glade attende med sine kornband.
Salme.126,1 Ein song til festferdene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det for oss som ein draum.
2 Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med fagnadrop.
Då sa dei mellom folka:
«Store ting har Herren gjort mot desse.»
3 Ja, store ting har Herren gjort mot oss,
og vi vart glade.
4 Vend vår lagnad, Herre,
som bekkene i Negev!
5 Dei som sår med tårer,
skal hausta med glederop.
6 Gråtande går dei og sår sitt korn,
med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
Bryllaupet til kongssonen.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Brurmøyane. Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»
10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Oljen er symbol på den Heilage Ande, vi får den ved trua på Jesus, av berre nåde, så vi kan seie som Paulus at hans nåde er nok for meg, har vi byrja i Anden, så skal vi fullføra i Anden. Det må vi vite å nytte oss av, så vi syter for å han med oss nok olje, både på lampane og på kanner til å etter-fylle med.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk?
……..
11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Kvar er bruda i likninga om bryllaupet til kongssonen og i likninga om brurmøyane?
Oppdraget til brurmøyane var å stå i ro og vente på Jesus gjenkomst, med lys på lampane. Ja, for Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og livet er lyset til menneska, vi tek imot i tru på han, så hans liv lever i oss og det er lyset for menneska, slik har vi lys på lampane og olje på kanner til å fylle etter med. Slik er vi også lys i verda. Når det vert ropt at brudgomen kjem, så gjer dei fem vituge brurmøyane lampane sine klar og går han i møte. Då har dei også openberrings lys til å sjå at han kjem, dei er klar til å ta imot han og vert med han inn til bryllaupet.
Men kvar er bruda i denne likninga? Dersom vi tenker oss eit tradisjonelt bryllaup, så går bruda inn i lag med brudgomen og brudemøyane følgjer etter bruda. Men her er det ikkje sagt noko om bruda og heller ikkje i likninga om bryllaupet til kongssonen (Matt.22), det er berre tale om gjestane. Bruda og brudgomen skulle då vere det sentrale poenget, brurmøyane og gjestane er meir perifert i forhold til dette. Men her vert det ikkje sagt noko om bruda, så då verkar det som det sentrale poenget er borte. Eller er det brurmøyane og bryllaupsgjestane som blir bruda.
Men Paulus har vist oss det sentrale poenget ved å lære oss at Jesu Kyrkje er hans brud, då er ho hans kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannen sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og han er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Vi skal vekse og modnast som frie, sjølvstendige og vaksne menneske, ved at vi veks opp til han som er hovudet for kroppen. Men det betyr også at vi skal vere sosiale, i hans kyrkje, i familie, heim og i nærmiljøet.
Jesu kyrkje er hans lekam og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, tala Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Ja, Jesu kyrkje er hans brud og kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen. Slik lærer vi å tenke meir sjølvstendig som voksne menneske, vel og merke med Kristus som vår frelsar og Herre og Faderen som vår forsørgjar og overformyndar. Eg hevdar dette er sameinleg med å studere realfag, for vi lærer å bruke metodene i realfag og det gjer oss i stand til å tenke meir sjølvstendig så vi kan finn ut av kva som er rett og sant og kva som ikkje er det.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Det gamle og det nye mennesket
17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, 18 vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. 19 Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20 Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21 De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
25 Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. 26 Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27 Lat ikkje djevelen sleppa til! 28 Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29 Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. 30 Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

