Djevelen er komen for å stele, slakte og øydelegge, men Jesu er komen for at vi skal ha liv og overflod.
Kva motiv hadde Stortinget, regjeringa og spesielt Krf, med Libyakrigen? “Fra stortingets talestol snakket Kr. Folkepartis Dagrun Eriksen om «å skifte ut vilkårlig maktmisbruk og korrupsjon med menneskerettigheter, kvinneundertrykking med likeverd og fordommer med utdanning» mens norske fly bombet vilkårlig.” Dette fungerte som ein profeti som dei sett politisk makt bak. Men det stemmer ikke med evangeliet, så dei burde ha visst og erkjent at det var ein falsk profeti. Jesus sa at vi skulle kjenne dei falske profetane på fruktene og no veit vi at det bar dårleg frukt. Likevel fær Krf framleis og snik i kulissene til evangeliske kyrkjelydar, for å så ture fram på same måten.
Jesus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene.
Jesus sa at han var den Gode Hyrdingen, men dei som var komne før han var tjuvar og røvarar. Det hadde seg slik at prestetenesta i Jerusalem var infiltrert av «denne verda sin gud», Djevelen, alias Zevs, så den øydande styggedomen stod framleis på heilag grunn.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?» 34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. 35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. 36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk. 38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham. 40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg. 43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna. 45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
48 Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier at du er ein samaritan og er forgjord?» 49 «Eg er ikkje forgjord,» sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømer. 51 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52 Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.» 57 «Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.»
59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
Den gode hyrdingen
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»
Her tala Jesu profetisk og profetien gjekk i oppfylling. Det betyr ikkje at profetien ikkje gjeld lengre, han sette livet til for å berge menneske frå døden og gi dei evig liv, hans frelseverk er fullført og fullkome, så det er berre å ta imot i tru. Då skal vi også få oppleve han han er komen for å gi oss liv og overflod, her og no, medan vi framleis er på denne jorda.
Paulus gjekk til heidningane med evangeliet; hjerteomskjeringa i den Heilage Ande.
Etter at Jesus stod oppatt frå dei døde og vart teken opp til himmelen, valde Jesus ut Paulus til apostel. Han fekk så mykje motstand frå jødane at han prioriterte å gå til heidningane med evangeliet, men dess meir motstand fekk han frå jødane. Dei prøvde å stoppe han og så var der kristne jødar som meinte at dei heidning-kristne måtte la seg omskjere, men det godtok ikkje Paulus. Han åtvara mot dette og mot splitting av kyrkjelyden.
Paulus sa ved trua på Jesus var han hjerteomskoren i den Heilage Ande.
Rom.2,28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.
Guds visdom og menneskevisdom
17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?
Gal.2,1 Fjorten år etter drog eg atter opp til Jerusalem, saman med Barnabas; eg hadde òg Titus med meg. 2 Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt. 3 Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera. 4 Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar. 5 Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk. 6 Og dei som galdt for å vera noko – kor store dei var, kan vera det same for meg, for Gud gjer ikkje skil på folk – dei kom ikkje med nye krav til meg. 7 Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne. 8 For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne. 9 Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane. 10 Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera.
Både jødar og heidningar vert rettferdige ved tru
11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han. 12 Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne. 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15 Vi er jødar av fødsel og er ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud. 17 Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå! 18 Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar. 19 Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg. 21 Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.
Vi fekk Anden ved trua på Jesus av berre nåde, har vi byrja i nåden og Anden, må vi fullføra i nåden og Anden. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så Guds nåde er nok for oss. Dersom nokon meiner det ikkje er nok, så dei tenker seg at dei må byrje å gjere litt sjølve i tillegg, så blir det som om dei meiner hjerteomskjeringa i Anden ikkje er nok, så dei må skjere vekk litt meir. Slik blir dei sundskorne.
Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk. 2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg. 3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve. 4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir. 5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear, 6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova. 7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Fram mot målet
12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
17 Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. 18 Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. 20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.
Sidan profeterte Paulus om at der skulle kome grådige ulvar inn i kyrkjelyden.
Ap.gj.20,17 Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden. 18 Og då dei kom, tala han til dei:
De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia. 19 Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine. 20 De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane. 21 Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus. 22 Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje. 23 Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar. 24 Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde. 25 Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for. 26 Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt; 27 for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje.
28 Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod! 29 For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken. 30 Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg. 31 Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein. 32 Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga. 33 Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske. 34 De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg. 35 Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.
36 Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 37 Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han. 38 Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.
Då skulle det vel ikkje vere så vanskeleg å skjøne at det er han sjølv og læra hans som held att, så den Lovlause ikkje kunne stå fram før han var rydja or vegen, med læra si (2.Tess.2), som ein av dei to tempelvitna i den nye pakta (Joh.Op.11).
Matt.7,15 Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar. 16 På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar? 17 Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt. 18 Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt. 19 Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 20 Difor skal de kjenna dei på fruktene.
Jesus kalla Sions Dotter til å frigjere seg, det hasta for henne å få eit nytt møte med han. Møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 i Oslo, laurdag 12.2.2011.
Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.
Bodskap 3, 12.2.2011. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:
«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.»
Relevante bibelvers.
Joh.Op.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.
Matt.25,31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.
Kommentar; dispensjonalismen.
Eg skal sjå på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han og kjennast ved han for menneska. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ordet han har tala til oss er ånd og liv, det er det vi skal ha å leve av. Det er som å ha nattverd med han, eg et han, så eg får oppleve at han er i meg og eg et han, så eg får oppleve at eg er i han. Han er komen for å gi oss liv og liv i overflod, så då er det berre om å gjere å forsyne seg. Eg skal halde med å be slik som eg har gjort og be om større ting, Jesus er Guds Ord og hans svar på mi bøn, han kjem til meg for å vere mitt alt.
Då får han motstand frå desse som meiner seg å vere så «lærde», med denne hushaldningslæra si, men den er feil, den er dårskap. Der er dei som foraktar barnekåret hos Gud, så dei endåtil satsar på å forføre Guds born (Matt.18,6-10). Det var vel slikt som eg måtte vente meg av mange lærde på universitetet og i kyrkja og kva meir? Verda dømde meg og la lok på meg, så eg opplevde det som eit krav om tilpassing, at eg skulle legge lok på den draumen som ein gong vart gitt meg Men Jesus vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han.
Men eg hadde ikkje venta meg at ein stor del av pinserørsla og dei andre frie kyrkjelydane tok eit liknande standpunkt, at dei heldt seg for å vere så lærde at dei forakta barnetrua og dermed barnekåret, men det er altså det dei gjer med denne tradisjonelle endetidslæra si, som dei kallar hushaldningslæra. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Slik får vi lovnadane oppfylt, som oppfylling av profetiane. Slik får eg det oppfylt. Men då får eg motstand, som om eg er feil person, fordi det høver ikkje med deira endetidssyn, fordi eg ikkje er omskoren. Men eg er hjerteomskoren i den Heilage Ande og det er nok, både for jødar og heidningar. Så langt som eg er komen, skal eg berre halde fram mot det fullkomne.
Ut på nyåret 2024 kom der ein debatt i avisa Dagen der pinsepredikantar som heldt seg til deira tradisjonelle endetidssyn, hushaldningslæra, gjekk til åtak på preterismen, ved Finn-Arne Lauvås (FAL). Preterisme betyr «allereie oppfylt». Det likna svært så mykje på strategien til jødane i deira strid mot Paulus. Dei påstod at han lærde noko anna enn det han sjølv sa, så det vart påstand mot påstand, krangling som små ungar. Hadde han kanskje ikkje rett til å svare for seg sjølv? Kva med barnekåret hos Gud, med Kristus som vår talsmann hos Faderen og den Heilage Ande som vår advokat og talsmann på jorda? Dei for med lygn og baktale, det vart som å prøve å gjenta ei lygn til dess den skulle verte godteken som «sanning». Men skulle ikkje leiinga i ein kyrkjelyd vere i stand til å avsløre og stoppe slikt? Sett på bakgrunn av 1.Kor.1,10-20 og
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
FAL forkynte at oppbygginga av kyrkjelyden skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande (Sak.4), vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde og skal fullføra i nåden og Anden. Den Heilage Ande gjer under mellom oss og det kan vi og skal vi vente oss at den framleis vil gjere. Vi må berre audmjuke oss under Guds hand og vente oss at han grip inn og gjer sitt verk.
Jak.4,4 De trulause, veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, vert Guds fiende. 5 Eller meiner de at det er tome ord når Skrifta seier: Med brennhug krev Gud den ånd han har late bu i oss. 6 Men endå større er den nåden han gjev. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde. 7 Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han røma frå dykk. 8 Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vaska hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga! 9 Klag dykkar naud, syrg og gråt! Lat låtten vendast til jammer og gleda til sorg! 10 Audmyk dykk for Herren, så skal han opphøgja dykk.
Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre og be han frelse mine næraste, be han frelse menneske, som første prioritet og så byrja eg å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Eg skulle takke han for at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det også kom som første prioritet. Han sa han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den, eg skulle søke han av heile mitt hjarte, ja, overgi meg 100% til han. Så eg skal komme til han med både det som var av først prioritet og det som var av andre prioritet, ja, for det var inkludert i hans fullførde frelseverk, han kjem til meg for å vere mitt alt.
Dersom dei ikkje vil godta dette, korleis vert det då når dei forkynner Jesu gjenkomst, at han kjem og skal hente si brud? Han kjem då først til henne for å vise henne kjærleik og omsorg og så ventar han at ho skal svare på hans kjærleik med kjærleik. Dersom de hoppar over dette og ventar dykk at han skal komme og hente si brud, som motsetnad til at eg skulle få meg ei kone, som om eg og han var konkurrentar og fiendar altså, korleis vart det då? Korleis vert det då? Som med den Store Skjøkje som dreiv hor med kongane rundt om på jorda, så hennar synder nådde heilt opp til himmelen. På møte i dFEF i M40 Oslo i februar 2011 kalla Jesus Sionsdotter til å frigjere seg, som om ho framleis var i trældomen i Babylonia. Det hasta for henne å få eit nytt møte med han. Så ville han utruste henne til å be om frelse for sine næraste og folket i nabolaget.
Joh.Op.18,4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:
Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar. 5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.
Israels-folket var Guds kone, men ved fråfallet vart ho som ei hore som ikkje hadde omsorg for mann og born. Derfor vart dei bortførde frå landet sitt. Men dei skulle få komme attende til det og då ville han tale venleg til henne som i ungdomsdagane. Slik trengde ho eit nytt møte med han og det ser vi her også. Jesus vil bruke henne til å frelse menneske, så ho ber frukt for æva. Derfor treng ho eit nytt møte med han, så han får utruste henne til det.
I følgje hushaldningslæra kjem Jesus att andre gangen for å hente si brud og så kjem han att ein tredje gang og stå på Oljeberget, slik det er sagt i Sak.14, og opprette Israels rike og dermed tusenårsriket. Og no byrjar dei å tale som om dei ventar han slik, men det stemmer då ikkje med deira eiga lære, heller. Profetien i Sak.14 oppfylte han då han kom første gongen. Men kvar vart det av fruktene? Dette har då ikkje bore frukt. Og Jesus sa at vi skulle kjenne dei falske profetane på fruktene, eit dårleg tre ber ikkje god frukt. Hushaldningslæra er feil og har resultert i mange falske profetiar, det veit FAL meir om eg eg.
Det har vel no vorte tydeleg at det er den Lovlause som brukar hushaldningslæra til å stå imot vekkinga i dei evangeliske og karismatiske kyrkjelydane, men Jesu kjem og tyner han med pusten frå sin munn. Djevelen er komen for å stele, slakte og øyde, men Jesus er komen for å gi oss liv og overflod.
Libya-krigen.
Omlag ein månad etter dette møtet kom Libya-Krigen og Krf sin nestleder Dagrun Eriksen forkynte eit falskt evangelium som argument for krig og det bar vond frukt, som profetien til ein falsk profet. Sitat frå https://www.dagsavisen.no/kultur/propaganda/6705814 :
Dokumentaren «De gode bombene» viser spriket mellom løgnaktig retorikk og realitet. 16. mars 2011 advarte Gahr Støre mot intervensjon i Libya fordi det ville bety å ta part i en borgerkrig. Tre dager seinere snakket han varmt om å innføre demokrati ved hjelp av bomber. De, som er valgt til å ivareta våre interesser, gikk til angrep på Libya med F-16 kampfly, uten et eneste formelt og lovpålagt møte i forkant. Opposisjonen og verden sto samlet, fikk vi vite, selv om Tyskland, Russland, India, Kina og Brasil stemte blankt på FN`s resolusjon om militært engasjement. Gadaffi ba tvert om våpenhvile. En delegasjon fra AU, Afrikas union, var på vei til Libya for å føre fredsforhandlinger, men ble forhindret i å lande p.g.a. norske bombetokt, mens mediene formidlet scener av desperate mennesker som tigget om våpenhjelp i kampen mot en diktator, som brått var blitt ond. Gadaffi vil ta knekken på sitt eget folk, ble det utbasunert, og sånne basuner tror vi på.
Fra stortingets talestol snakket Kr. Folkepartis Dagrun Eriksen om «å skifte ut vilkårlig maktmisbruk og korrupsjon med menneskerettigheter, kvinneundertrykking med likeverd og fordommer med utdanning» mens norske fly bombet vilkårlig. Bare 25% av bombemålene var angitt. 75% skjedde etter pilotenes forgodtbefinnende til tross for at Norge har underskrevet Geneve-konvensjonen, der det står at sivilbefolkning, skoler, sykehus, religiøse forsamlingshus og vanlige boliger skal skånes i krig. “Fint øvelse for våre jagerpiloter,” sa Stoltenberg da nettopp det skjedde. Hverken Kirken, bistandsorganisasjonene, mediene eller opposisjonen hadde eller har innvendinger mot angrepet på Libya, men, som filmskaper Rolfsen uttrykker det; selv om vi hjemme overser egne synder ute, glemmer ikke islamske miljøer. Han henviser til Norges brudd på folkerett og folkevett.
Libya før Gadaffis fall skal ha vært Afrikas best fungerende land. Velferden overgikk vår på mange måter, selv om levestandarden lå mye lavere. Elektrisitet, helse- og skole-systemer var gratis. Bensinprisen lå på ca. en krone literen. En viss andel av landets oljeinntekt gikk rett inn på innbyggernes kontoer, og lån var rentefrie. Å ha et hjem var en menneskerett, og nygifte mottok rause startpakker. Om noen ønsket å drive gård, ble de tildelt jord, bygninger, utstyr. Et storstilt vannprosjekt, Great-Man River, skulle bringe vann til ørkenland. Å fjerne Gadaffi kostet minst 30 000 liv. Dødstallene er antagelig høyere. Libya i dag er et voldelig anarki i verste forstand. Fordi diktatoren ikke ville innordne seg USA`s finansmonopol, men var pådriver for et afrikansk banksystem? Et vellykket sådant ville kullkastet den globale, amerikanske pengedominansen. Afrika er i realiteten et svært ressursrikt kontinent. Handlet det dessuten om olje? Eller store, underjordiske vannreserver?
Sør-Afrikas president Zuma tok initiativ til de bombarderte fredsforhandlingene og ba om våpentilstand i 2011, hvilket ble avvist av NATO. I en tale 15. september i år sa han: «Bombarderinga av Libya og drapet på landets leder åpnet flomportene for alvorlige splittelser og konflikt. NATO-styrkenes systematiske bombing undergravde sikkerheten i landet og skapte den konflikten som fortsetter i Libya og nabolandene. Europa vil ikke ha flyktningene. Det var dem som gjorde dem til flyktninger.» Professor Terje Tvedt hadde en Aftenpostkronikk 17. september hvor han skrev: «hvordan kunne Norge – dette landet som i tiår hadde brukt milliarder av kroner på å iscenesette seg selv som verdensmester i bistand, som Afrikas spesielle venn, og som eksponent for global dialog – enstemmig og reservasjonsløst la seg representere av bombefly og bomber over Afrika våren 2011?»
Til tross for enkelte gravende Nrk-dokumentarer biter alt for mange på løgnaktige åter, slik vi bet på «Løgnen om Irak» (Nrk-dokumentar), løgnen om Libya, løgnen om Syria og løgnen om Ukraina. Flyktningtragedien er en konsekvens vi bare har sett starten av, tenker jeg, når nåværende forsvarminister påstår at det er helt normalt å femdoble krigsberedskapen i nord. Amerikanskstyrte baser eter seg innpå Russland, og 2015 blir et rekordår for NATO-øvelser tett på russergrensa i Øst-Europa. Sikkerhetsalliansen får meg til å føle meg uhyre sårbar og utrygg.
Kari Elisabet Svare
Kvinner for frihet og fred, IKFF
Kari Elisabet Svare
SITAT SLUTT.

