Ny Tid 30. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 5. Gud skapte alt ved sitt Ord og såg at det var godt og så kvilte han. Men så fann han ut at det var noko som ikkje var så bra like vel, så han ville skape alt nytt, med sitt Ord igjen. Då kunne han vel ha øydelagt alt og byrja på nytt igjen, så kva er det han ventar på?

Gud er kjelda med det levande vatnet.

Gud er kjelda med det levande vatnet, «frelseskjelda», «gledeskjelda». Gud er den ekte kjærleiken og ved korsets fot finn vi den, den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Då blir kyrkjelyden som ei brud som lengtar etter å møte Kristus som sin brudgom og det er med denne lengselen og denne ekte gleda vi skal sjå fram til Jesus kjem til oss og at han kjem og hentar oss, som si brud.

Joh.4,10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.»  11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?»  13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»  15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka.  38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»  39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Denne jorda går sin undergang i møte, men Gud skaper ei ny jord og gjer alle ting nye. At han frelser menneske, betyr då at han gjer dei til nye skapningar og let dei få vere med i det nye som han gjer.

Gud talte og det skjedde, han baud og det stod det, han skapte alt ved sitt Ord og såg at det var godt, og så kvilte han. Men så fann han ut at det vart ikkje så godt som han ville like vel. Då kan han vel berre øydelegge det heile og så skape noko nytt frå grunnen av. Han skaper ei ny jord og gjer alle ting nye, men han hadde ein plan for å frelse menneska inni sin fullkome plan like vel og han set det i verk.

Gud skapte alle ting på seks «lysdagar» og kvar dag såg han at det han hadde gjort var godt. Så kvilte han den sjuande dagen etter alt sitt verk og lyste den heilag. Så kjem ei skapingssoge til, som er heilt ulik den første, men det har seg slik at vi får eit heilt anna perspektiv på det, ved at menneska levde i eit personleg forhold til han. Det ser ut som den kom etterpå, i det minste starta den seinare, men med symboltolking kan eg forstå det slik at der er overlapping, ved at Gud skapte noko nytt frå generasjon til generasjon, framleis var det slik at han kvilte etter det verket han gjorde og menneska skulle kvile på grunnlag av det. 

Gud sette Adam til å dyrke og verne Edens hage og sa til han at han kunne godt ete av alle trea i hagen, unntatt kunnskapstreet, for den dagen han åt av det skulle han døy. Så gav Gud han ei kone som skulle vere ei hjelp som høvde for han. Ho visste om kva Gud hadde sagt, like vel klarde ormen å lokke henne til å ete av kunnskapstreet og ho gav mannen sin med seg og han åt. Når Gud sidan gjekk i hagen, gøymde dei seg med dårleg samvit. Men han kalla dei fram like vel og det vart eit rettsoppgjer med dødsdom. Det gjekk ikkje heilt slik som Gud ville, altså, dei vart ikkje heilt slik som han ville, sjølv om han hadde skapt dei slik som han ville. Kvifor gjorde han då ikkje kort prosess og drap dei med det same? Han var då ein allmektig Gud og kunne skape noko nytt og betre. I staden laga han skinnklede og kledde dei med. Der er predikantar som har sagt at då måtte der verte slakta dyr, så der vart skinn til å lage klede av, så det fungerte som syndeoffer.

Ved syndefallet vart menneska dåra og forførde, så dei fall ut av Guds kvile og forstod seg ikkje lengre på det og vart utestengde frå hagen. Seinare angre Gud på at han skapte menneske og ville utrydde både menneske og dyr, men Noah fekk nåde hos Gud (1.Mos.6,7-8). Syndefloda kom, men Noah og kona hans, sønene og svigerdøtrene vart berga. 

Sidan vert det fortalt at Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd, så Gud velsigna han og lova han at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han skulle verte velsigna, men dei som forbanna han skulle verte forbanna. Gud leia Israelfolket til det lova landet, der dei skulle vere hans folk og han skulle vere deira Gud. Slik ville han føre dei inn til si kvile. I Moselova var det sagt at du skal halde kviledagen heilag og så skal du æra far din og mor di, så det går deg godt og du får leva lenge i det landet Herren din Gud gir deg. Dei andre 8 boda sa kva dei ikkje skulle gjere, berre desse to boda hadde den formuleringa at det var noko dei skulle gjere, og det var å vere takksame for kva andre hadde gjort for dei, kva Gud og foreldra deira hadde gjort for dei. Så det høyrest eigentleg ikkje ut til at han kravde dei skulle gjere noko tungt og vanskeleg, dei skulle først og fremst kvile på grunnlag av det Gud hadde gjort for dei. Så då spørst det om dei trudde, slik som Abraham gjorde.

Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.  2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom.  3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.  4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»

5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»  6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.  7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.  

Førstefødselsretten og den som Gud valde ut og velsigna for å skape noko nytt.

Menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, det vart historia som gjentok seg og det viste seg ved at dei laga seg avgudar av stokk og stein. Kongerike oppstod, med kongar som prøvde å gjere seg liksom Gud med sine avgudar. Men Gud straffa dei for det, så riket deira gjekk under og så påstod han at det var han som gjorde det heile, det var historia som gjentok seg, altså.

I ein familie hadde eldste sonen fyrstefødsels-retten og det betydde ei åndeleg velsigning framfor dei andre, så dei måtte innrette seg etter han, slik vart dei også velsigna. Ved jordbrukets revolusjon dyrka familien opp eit jordområde som vart deira og det var vanleg at eldste sonen arva det heile, så det også vart med i førstefødselsretten. Slike jordeigedomar var verdifulle og vart eit motiv for krig og herjing. Dei trong eit forsvar, så det vart med tida avgjerande for kven som eigde jorda, så det vart religiøse og militante jordeigarar som gjerne vart kalla aristokratar, medan dei som arbeidde med å dyrke den, vart slavar. Som jordeigarar fekk dei dess større makt, trældomen vart hardare, spesielt ved hjelp av avgudane. Tradisjonelt har denne verda sine herrar og kongar herska over folket med denne verda sin visdom, med den har dei rekna den ulærde underklassa for å vere utilreknelege, dumme og vonde, så dei trengde nokon til å herske over dei, enten for deira eigen del eller for andre sin del eller begge deler. Slik vart opplæringa tradisjon, men nytenking og nyskaping vart det lite av. Gud ville skape noko nytt frå generasjon til generasjon, men det fekk motstand. Så av og til valde Gud ut ein yngre bror i ein søskenflokk, velsigna han og gjorde noko nytt ved han. Då hende det at den eldste vart misunneleg på han. Det ser vi gang på gang i Bibelen, 

I det Gamle Testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Jesus sa at Djevelen var Lygnaren. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. 

Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.  15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.  17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.  32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» 33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»  34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.  35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.  36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.  37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.  38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.» 39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.  40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.  41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.» 42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.  43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord! 44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.  45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje. 46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?  47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»

Jesus set oss fri frå trældomen under lova også. Paulus forklarer det for oss. Ved nåden i Kristus får vi den Heilage Ande, den openberrar Guds Ord for oss og fører oss fram til heile Sanninga, så den set oss fri. Vi skal bøye oss for Kristus og la han ved sitt Ord og sin Ande råde i vår døyelege lekam. Han er vegen som fører oss heim til Faderhuset, så vi får oppleve han kjærleik og omsorg, vi oppleve å vere Guds arvingar og Kristi medarvingar, med Kristus som vår frelsar og Herre og under Faderens formyndarskap.

Dette kjem i motsetnad til den Lovlause (2.Tess.2) og Antikrist. Kven er Lygnaren om ikkje han som nektar at Jesus er Messias, han er Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen. Dette har eg skrive om her:

I Rom.8 og Gal.4 forklarar Paulus skilnaden mellom trælekåret og barnekåret. Foreldra er formyndarar for barnet heile tida, men under oppveksten kan det få andre formyndarar i tillegg. Men det skal vekse opp og få opplæring så det vert sjølvstendig i forhold til desse formyndarane. Sonen skal då ta over og arve, men trælen vert verande træl.

 Gal.4,1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen. 2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett. 3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda.  4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova.  5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår.  6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»  7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.

Paulus har omsut for galatarane

8 Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar.  9 Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei?  10 De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år.  11 Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.

12 Eg bed dykk, brør: Ver som eg, for eg har vorte som de. De har ikkje gjort meg urett.  13 De veit då korleis det gjekk til at eg forkynte evangeliet for dykk fyrste gongen. Det kom av at eg var sjuk. 14 Men de lét dykk ikkje freista av dette til å vanvørda eller avsky meg; de tok imot meg som ein engel frå Gud, ja, som Kristus Jesus sjølv. 15 Har de gløymt kor glade de var då? Det vitnemålet gjev eg dykk at de gjerne hadde rive ut augo og gjeve meg, om det var mogeleg. 16 Har eg no vorte ein fiende fordi eg seier dykk sanninga?  17 Dei andre er etter dykk med ein iver som ikkje er av det gode. Men dei vil skilja dykk ut og gjera dykk til sine tilhengjarar. 18 Det er vel og bra at somme legg iver for dagen, og ikkje berre når eg er hjå dykk, men det må alltid vera ein iver for det gode. 19 Mine born, som eg atter føder med smerte til dess Kristus vinn skapnad i dykk!  20 Eg skulle ynskja eg var hjå dykk så eg kunne tala til dykk på ein annan måte, for eg er reint i beit med dykk.

Realist som trur på Jesus. Forsoninga i Kristus gir harmoni mellom kropp og sjel. Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born og han gjer oss til sine medarbeidar.

Eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge, samtidig som eg har vore realist. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme, så eg får harmoni mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Vi fekk Anden ved trua på Kristus av berre nåde og då skal vi halde fram i nåden og Anden. Då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Vi har fått ein skatt i leirkar og skal ta vel vare på den.  Vi har fått ein dualisme eller parallellisme mellom ånd og materie, sjel og kropp (jfr. Rasjonalistane). 

Kristus er vegen til Faderen.

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  

Ved å gå den vegen, kjem vi heim til Faderhuset og får oppleve hans kjærleik og omsorg, at han oppseder også og lærer oss opp og vi får oppleve arven, under hans omsorg og formyndarskap. Vi vert Guds medarbeidarar i hans åkerland, med å plante og vatne og med å bygge på grunnvollen som er Kristus (1.Kor.3). Vi lærer å tenke konstruktivt for å bygge opp noko verdifullt, i familien og kyrkjelyden, i ekteskap og familieliv, i skulegang og arbeid. Men det mest verdifulle er det verket som Gud gjer, at han frelser menneske for æva og gir dei evig liv. 

Ekteskapet og familien er naturleg nok den mest grunnleggande sosiale eininga i samfunnet, hensikta er naturleg nok formeiringa, for så å følgje opp med oppfostring, omsorg, oppseding og opplæring. Samhaldet i familien er viktig nettopp med tanke på det. Søsken vil nok oppleve ein motsetnad mellom konkurranse og samhald og samarbeid, vonleg vil dei lære å tenke konstruktivt, slik at dei får samhald og verdifullt samarbeid. Vi kan godt forklare det utifrå naturvitskapen med utviklingslæra, hendsikta med ekteskapet er formeiringa, å føre genane vidare til neste generasjon. Foreldra såg verdi i dette, når dei gifte seg og såg verdi i det ved å verte besteforeldra også, naturleg nok vil borna også sjå verdi i det, ved å verte foreldre, onklar og tanter.

Vi opplever stadig at der er ein motsetnad mellom konkurranse og samarbeid, i heimen, i lokalmiljøet, på skulen, i utdanning og på jobb.  Det er om å gjere å lære å tenke konstruktivt for å få til eit konstruktivt samarbeid. Med gjenfødinga kom der noko nytt og vi kan oppleve ein motsetnad mellom det gamle og det nye. Det nye er noko nytt som Gud konstruerer, bygger og skape, så vi får samhald og samarbeid mellom menneske. Det gamle kan då utarte seg konkurrent til dette nye og som konkurranse som strir mot dette samhaldet.

Ved syndefallet braut menneska med Gud, det problemet møter vi stadig i samfunnet. Men Gud forsona verda med seg, ved at han let Son sin døy på eit kors i staden for oss. Når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får vi harmoni mellom kropp og sjel, hjerte og hjerne. Vi får oppleve at Kristus lever og er med oss, han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. 

Dette har eg skrive om mange gangar og eg forstod det slik at det var nettopp dette det var sikta til, når Jesus talte til meg om det ordet som eg har omgitt meg med, som han har talt og som er ånd og liv (Joh.6), bodskapen 28.9.2008:

Bodskap 2:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du få sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Eg tok dette som eit kall til å fare tilbake til Oslo og byrje på praktisk pedagogisk undervisning, i januar 2009.

Kviledagen ligg rett framfor oss, det er berre å gå inn til Guds kvile på grunnlag av Jesu fullførde frelseverk.

Kong David sa til folket at i dag om de høyrer hans røyst, så må de ikkje forherde hjarto dykkar. Men dei måtte høyre og tru med hjartet, så dei fekk komme inn til Guds kvile. No gjeld dette oss også, for ved å tru på Kristus, velsigne han og ta imot han, vert vi velsigna, slik som vart til Abraham. Kristi frelseverk er fullført og fullkome og vi får kvile på det grunnlaget. Kviledagen ligg framfor oss, det er berre å gå inn, på grunnlag av at Jesu frelseverk er fullført og fullkome.

Heb.4,1 Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter. 2 For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det. 3 Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:

Så svor eg i min vreide:

Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

Guds verk var nok fullført då verda vart skapt. 4 For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde fullført heile sitt verk.  5 Men her seier han: Dei skal aldri koma inn til mi kvile!

6 Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige. 7 Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:

I dag, om de høyrer hans røyst,

så gjer ikkje hjarto dykkar harde.

8 Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.  9 Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk. 10 Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.  11 Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.

12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar.  13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Jesus, den store øvstepresten

Hebr 4,14–10,18

Prøvd i alt

14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Gud skaper noko nytt i Kristus og vil frelse oss inni det.

Jesus sa til disiplane sine at dei skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle dei få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,33). Sidan sa han at han gjekk bort for å stelle til ein verestad til dei, han ville at dei skulle vere der han var, så han skulle komme attende og ta dei til seg.  

Joh.14,1-6 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!  2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.  3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  4 Og dit eg går, veit de vegen.»

5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

Han ville ikkje la dei vere att som foreldrelause born, men komme til dei ved at han sende dei den Heilage Ande. Slik ville han openberre seg for dei, han og Faderen ville ta bustad hos dei.

Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine.  16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.  20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Dette skulle dei vente på, med tru og von. Når han døde på korset og vart gravlagd, var det likevel som om heile opplegget fall i grus for dei. Men han stod oppatt og gav dei misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar inntil verda sin ende. Dei spurde når han skulle gjenreise riket for Israel, med det var ikkje opp til dei å vite, dei skulle berre vente på det som han ville gi dei frå himmelen og utføre det oppdraget han gav dei.

Ap.gj.1,1 I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte,  2 frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut. 3 Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera.  4 Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.  5 For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»

Kristi himmelferd

6 Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»  7 Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.  8 Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9 Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.  10 Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei  11 og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

Ja vel, men når Jesus vart teken opp til himmelen så vart han herleggjord, kroppens hans vart omskapt til ei himmelsk og åndeleg kropp. Han er vegen til Faderen, så når vi går den vegen, får vi oppleve at den Heilage Ande openberrar han for oss, så vi får sjå at han er med oss og kjem til oss. Sjølv om han ikkje er fysisk synleg. Men når han kom og møtte Johannes på Patmos, var han tydeleg vis fysisk synleg for han.

Legg merke til at Paulus talar om naturen på to måtar, som den gamle, vonde naturen som har feil og som vi skal legge bak oss. I andre samanhengar talar om naturen som det som er rett. Han vart rykt inn i den tredje himmelen, inn i Guds Paradis. Om han var i kroppen eller ikkje, det visste han ikkje, men Gud visste det. Eg kan godt forstå at dette vart ein forsmak på korleis det vert når Jesus kjem og hentar oss, for då skal vi verte omskapte.

Vi må komme til Jesus slik som vi er, på grunnlag av at han døde i staden for oss, så gjer Gud oss til nye skapningar ved sitt Ord og sin Ande. Han som byrja den gode gjerning med oss skal fullføra den. Det skjer når han kjem og hentar oss heim til himmelen.

For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.

16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.  18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.  19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.  20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!  21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.

2.Kor.5,14 For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døytt. 15 Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei.

16 Så kjenner vi ikkje lenger nokon på reint menneskeleg vis. Og har vi kjent Kristus på den måten, så kjenner vi han ikkje såleis no lenger. 17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.  18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.  19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.  20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud!  21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.

Gal.6,1 Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk!  12 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. 13 For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.  15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.  16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!  17 Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min.  18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

I det vi ventar på Jesu gjenkomst får vi oppleve at han kjem til oss og gir oss ånd og liv og liv i overflod, frå himmelen, så vi får eit rikt og meiningsfullt liv her og no. Då er det vesentleg at vi erkjenner at Jesus lever og er med oss, sjølv om vi ikkje ser han fysisk, så vi vender oss til han eg tek imot han, når han kjem for å gi oss ånd og liv og liv i overflod, får himmelen og ærar og takkar han for det. Slik som dei fem vituge brurmøyane, som gjekk han i møte med lys på lampane (Matt.25,1-15).


Leave a comment