Ny Tid 29. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 4. No er frelsens dag. 

2024.11.17. Maranata. No er frelsens dag, i dag er Jesus å finne. 

Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

 

Debatt om endetidssynet.

Når dei som leser om Jesu gjenkomst, ventar på det og forkynner det i kristne evangeliske forsamlingar, blir så usamde at dei ikkje lengre er på talefot, korleis kan eg då enkelt forkynne det for dei som står utanfor? I likninga om dei ti brurmøyane som stod og venta på brudgomen vert det fortalt at det drygde, så alle søvna, men midt på natta kom der eit rop om at brudgomen kjem, gå han i møte. Då vakna dei alle, men fem av dei var uvituge og hadde ikkje nok olje til lampane sine, så dei vart ikkje ståande på sin plass. Dei andre fem var vituge og hadde teke med seg olje på kanner, så ei etter fylte lampane sin og gjekk han i møte med lys på lampane sine. Dei vart med han inn til bryllaupet. Dei andre kom for seint, han møtte dei i døra og svarde dei at han kjende dei ikkje. Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen. Slik forkynner Jesu om himmelriket.

Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen.  2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»

10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!»  12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.»  13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.

Her vil eg minne om at dei som kjendest ved Jesus for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og englane hans, men dei som fornekta han for menneska, ville han fornekte for Faderen og englane hans. Eg har då valt å kjennast ved han for menneska, så eg meiner eg vert ståande mellom dei som går han i møte med lys på lampen. Dette har å gjere med at vi skal vere lys i verda, så sjølv om det mørknar i denne verda skal vi vere lys i denne verda heilt inn til bryllaupsfesten.

Å ha med seg nok olje med seg høver bra med det Paulus sa om at Guds nåde er nok for han.

1.Kor.1,17 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.

2.Kor,12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg.  10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

No har det gått mange generasjonar utan at Jesus har kome og henta sine, betyr det då at alle som stod og venta på han gjorde det til fånyttes og vart lurte på det heile? Nei, for når dei gjekk han i møte, kom han dei i møte slik som han hadde lova og det sjølv om verda ikkje såg det. Han er vegen til Faderen og den fører heilt fram, så vi kjem heim til Faderhuset. Og dei som ventar på han som dei fem vituge brurmøyane, vert med i bryllaupsfesten. Dette får vi oppleve noko av allereie her og no og skal ha den innstillinga at vi ynskjer å oppleve meir av det. Han kjem til oss som einskildmenneske og som sin kyrkjelyd, si brud og gir oss ånd og liv frå himmelen, så det livet skal leve i oss, det er det livet som er lyset for menneska. Og han utruster oss med sin Ande til å tene han. Han kallar oss ikkje tenarar lengre, men vener, fordi vi har høyrt på han og lært, så vi veit at det livet han gir oss gir meining med livet. Dei som han har valt ut, skal gå ut og bere frukt som varer og det i denne verda.

Joh,15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.  3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.  4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg.  5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.  6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.

9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!  10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.  11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen.  12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.  14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn.  17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!

Når han kjem for å hente sine, skal han først vekke opp dei som døde i trua på han og hente dei saman med dei som då lever i trua på han.

Verte Guds born og få oppleve Faderens kjærleik, omsorg og formyndarskap.

Men Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born. Han er vegen til Faderen, ved å gå den vegen, kjem vi heim til Faderhuset og får oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born. 

Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  

Han oppseder oss og lærer oss opp og er og blir vår formyndar. Det er suverent i forhold til verdslege autoritetar, så vi blir fri og sjølvstendige i forhold til dei. Gud gjer storverk med oss og då må vi ære og takke han for det.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matt.19,13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be. Men læresveinane ville visa dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg. For himmelriket høyrer slike til.»  15 Og han la hendene på dei. Så fór han derifrå.

Eg har framleis mi barnetru og ber framleis slik som eg gjorde når eg var 9 år.

Men mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Sidan har han aldri forlete meg og eg har aldri fornekta han.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg og svarde meg, både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale og det har han helde fram med sidan, i pinserørsla og i Maranata også. Det sentrale poenget i dette er at Jesu frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru, av berre nåde og takke han for det. Han har sagt at han er den som tek seg av mi sak, så eg skal komme til han med den, ja, overgi meg heilt til han. Eg skal halde fram med å be for min familie, slik skal eg gi dei til han. Så eg trur framleis at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone og frelse familien min, slik som eg har bedt om sidan eg var ein gutunge.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Jesus kyrkje er hans brud og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.

Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då kom eg i hug at det var planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. 

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.  

Ved trua på Jesus fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, har vi teke imot den, så tilhøyrer vi han og er frelst, då skal vi glede oss framfor alt over at våre namn er oppskrivne i livets bok i himmelen. Har vi byrja i Anden, så skal vi fullføra i Anden. Livet vart planta i oss ved Guds ord og det skal leve, vekse, blomstre og bere frukt så lenge vi lever på denne jorda og den frukta den ber er frelse.

Jesajas.45,1 Så seier Herren

til den han har salva,

til Kyros, som eg held i hans høgre hand

for å tvinga folkeslag under han,

løysa beltet av kongar

og opna dører for han,

så ingen port skal vera stengd.  

2 Eg vil gå føre deg.

Bakkar vil eg jamna,

bronsedører vil eg sprengja,

og jernbommar vil eg slå sund. 

3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,

og rikdomar, gøymde på løynlege stader,

så du skal vita at eg er Herren,

Israels Gud, som har kalla deg på namn.

……..

 8. Lat det drypa ovanfrå, du himmel,

lat rettferd strøyma, de skyer!

Jorda skal opna seg for det,

og den frukt ho ber, er frelse,

det ho lèt gro, er rettferd.

Eg, Herren, skaper dette.

Jesajas.45 er ein profeti om persarkongen Kyros, som skulle la Israels-folket fare heim att til landet sitt. Det same gjaldt nabofolka deira. Dette er eit førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Gud skaper framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Hans kyrkje er hans brud og dermed hans kropp, som om Gud skaper henne av hans sidebein, han bygger henne av same natur som han. Soleis er vi heilt avhengige av å ta imot det livet han gir oss frå himmelen, så det lever i oss, ta imot den Anden han gir oss frå himmelen og ved den verte utrusta til å tene han. Han er livsens brød som kom ned frå himmelen, for å gi verda liv, vi skal ete det og leve av det, det ordet han har tala til oss er ånd og liv (Joh.6). Livet vart planta i meg ved Guds Ord, det skal leve og blomstre og bere frelse som frukt. Eg skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen og det skal hans kyrkjelyd også.

Dette har Finn-Arne Lauvås forkynt klart og reint. Gud bygger opp kvar einskild og si kyrkje, ved sitt Ord og sin Ande, det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. Sjølv om eg får oppleve at eg på det indre plan er Guds medarbeidar, kjem eg til at Gud gjer noko som berre er hans verk åleine, for det er berre han som kan frelse og skape noko fullkome, som står til evig tid. 

1.Pet.3,18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi; 19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt, 20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få – åtte sjeler – vart frelste gjenom vatn, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, 22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.

Eg har bedt Jesu om å gi meg ei frelst kvinne til kone, det er ei frukt som eg lengtar etter, men eg kan ikkje frambringe den sjølv, det er han som gjer det som eit Guds under. Eg kan berre halde fram med å tru på Jesus og kjennest ved han. Den levande og sanne Gud gjorde han levande og vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen og hans arm er ikkje for kort til å frelse.

Det er klart at eg får motstand frå Antikrist, han som fornekta Faderen og Sonen, men eg tok imot Kristus i tru, så han lever i meg og han som er i meg er større enn han som er i verda.

1.Joh.1,4 1 De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

Dette har eg skrive om her:  

Eg bad Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg bad om å få ta imot henne i samsvar med Matt.18,6 og det vart ei draum som Gud gav meg ved at vi var fødde av den Heilage Ande og det som er født av Anden er ånd. Deg forstod dette slik at Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Gud let ein djup søvn falle på mannen, så skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Då sa mannen at ho skulle kallast kvinne, fordi ho var teken av ein kar. Korleis kunne han vite det? Han måtte ha drøymt det. Men det var like vel Guds verk og han realiserte draumen. Slik har Jesu gitt meg ein draum og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han.

I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Forføringar og freistingar

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.  7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!

8 Om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.

10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn.  11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Jesus gleder seg over si brud og han gir meg si glede ved at han gir meg ånd og liv frå himmelen, det er ved fylden av den Heilage Ande, eg kan tenke på det som bryllaupsklednaden eg har med meg for å feire hans bryllaup. Han gir meg si glede, så eg med den gleda skal få glede meg over at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Det er og blir ei vedvarande glede, når eg møter henne, heime med meg sjølv og/eller heime med henne og i Jesu kyrkjelyd, så det blir ein forsmak på å vere heime i Faderhuset og i bryllaupssalen til Kristus. Å forkynne evangeliet er å invitere til å komme heim att til Faderhuset og å komme til Lammets bryllaup og då må sjølve ta imot og oppleve det så kan invitere andre til å komme og vere med på festen. Og for meg er det altså vesentleg å invitere familien min til å verte med på det.

2021.09.10-12. Filadelfia Ulsteinvik. Møtehelg ved Mark Wootton. 

Jesu har ikkje forlete meg og han vil eg skal ta oppatt mi vandring med han. Profetisk bodskap ved Jarle Nygjerde.

«…. Du skal få ta oppatt igjen din vandring med meg. Jeg har ikkje forlatt deg, sier Herren, jeg går ved din side, jeg vil gå der og jeg har lovt å være med alle dager. Du synst det har vore vanskelig, men vit jeg …. gikk gjennom de vanskelige tider. Men vit, mitt barn, du skal få lov til å gå med meg. Jeg har ikkje fordømt deg for at ikkje du har gjort ditt og gjort datt. Du har vore gjennom mange ting, men så har du ikkje klart det og så ser du på deg sjølv, du klarar ikkje det. Men vit, mitt barn, du klarar alt i meg. Ta oppatt igjen vandringa med meg og du skal få se, jeg skal sette deg over større ting. Det som du synst det var lite, men du skal få oppleve eg vil velsigne det du har fått. Og vandre med meg, se deg ikke tilbake, se deg ikke til side, men se framover, jeg vil gå foran deg, mitt barn. Ja, vit, jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og du skal få lov til å se tilbake, når dette her året er omme, om ikkje jeg har kommt og henta deg, mitt barn, så skal du få se, du skal få sjå merkesteinar i ditt liv. Og du skal få sjå, du skal få gjere erfaring med meg. Ja, mitt barn, begynt på vandringa igjen og du skal få se, du skal få oppleve ei herleg tid, saman med meg. Ja, sier Herren, prøvelser vil komme, men vit og stol på mine løfter og berre hold mine bod, sier Herren og du skal få se det er den riktige veien. Amen.»

Jesu læresveinar måtte ta opp krossen sin og følgje han, det betydde ofte at dei måtte bevege seg fysisk, men var ikkje avgrensa til det. For han gav dei den Heilage Ande, så dei kunne bevege seg i Andens verden. Han var vegen til Faderen og bana vegen for dei inn i den himmelske heilagdomen.

Her vert det referert til likninga om talentane, eg skal bruke dei og han vil setje meg over større ting.

Sion Åheim 6.3.2022. Misjon i Russland og bønn for Ukraina.

Vi skal sjå at Gud gjer noko nytt, men då må vi løfte blikket opp til han. Mi hjelp kjem frå han, han høyrer mi bøn om hjelp og vil gjere noko med det. Tungetale ved Ingelin, tyding ved Oddleif Wahl.

«Se, jeg gjør noe nytt, sier Herren, nå skal det spire fram og skal du ikke oppleve det? Det er en lengsel i deres hjerter, sier Herren og jeg ser deres lengsel etter fornyelse og forfriskning. Og vit at deres hjelp kommer fra Herren, himmelen og jordens skaper. Og jeg har bøyd meg ned for å lytte til ditt rop, jeg har bøyd meg ned for å høre hva du hvisker og hva du roper, når ingen andre hører. Jeg har bøyd meg ned for å høre din desperate bønn om hjelp og jeg har kommet for å lytte, men jeg er også kommet for å gjøre, sier Herren. Og du skal vite det at dine bønner er ikke bedt forgjeves, dine rop er ikke ropt forgjeves, men jeg har hørt dem og jeg vil svare, sier Herren. Derfor skal du fortsette holde blikket festa på meg. Du skal fortsette å være fokusert, midt i en urolig tid. Hold blikket på det som er der oppe, der hvor Jesus siter ved Faderens høyre hånd. Og du skal vite at jeg som har begynt et verk i dere, jeg skal fullføre det, sier Herren. Jeg skal fullføre det, for jeg begynner ikke med noe og avslutter det før tiden. Men jeg skal fullføre det verket jeg har begynt og du skal få være en del av det, sier Herren. Amen.

Se deg ikkje engstelig omkring når hav og brenning bruser. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om krig og rykter om krig. Se deg ikke engstelig omkring når du hører om jordskjelv og pest og alt det vonde som skjer på jorden, men se forbi dette, se hen til meg, jeg som har kjøpt deg fri fra syndens og dødens forbannelse. Jeg vil at du skal se forbi alt dette og vite at du har et ankerfeste som er trygt og som er sikkert og som når inn i det aller helligste. Du er ikke bare en borger på jorda, men du er en borger av himmelen og ditt ankerfeste er hos meg, sier Herren. Derfor skal du ikke bare se på det som skjer og bli engstelig og forferdet, men løft ditt blikk, for forløsningen stunder til. Og jeg ser deg og jeg hører deg og jeg skal gi deg fred, sier Herren, min fred, ikke den fred som verden gir, men min fred som overgår all forstand. Den skal innta og bevare ditt hjerte, slik at du kan bli bevart og stå imot det vonde, midt i denne tiden, så skal ditt hjerte bevares, for jeg gir deg av min fred, sier Herren. Amen.»

2024.06.26. «Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg.» Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

https://www.youtube.com/@elinthereseslotten2987 , sitat:

«Du har vært gjennom mye mitt barn. Den onde har vært ute etter ditt liv igjen og igjen. Du har følt deg alene, som om at jeg ikke har sett deg og at jeg har forlatt deg. Men du var aldri alene, mitt barn. Jeg har vært der, tett ved din side igjennom hver storm som traff deg. Jeg vil aldri gå fra deg, mitt elskede barn. Du er dyrebar! Jeg vet at din smerte har lagt et lokk på ditt syn, og at du har ikke sett meg der. Men jeg gikk aldri fra deg, ikke et sekund! Den onde skal få betale for alt det onde han har gjort imot deg. Jeg har lovet deg i mitt ord at jeg vil vende alt til det gode for dem som elsker meg. Det vil komme gode frukter ut av din smerte! Det vil ikke være forgjeves! Ditt liv vil bære frukt for meg og du vil seire! Det djevelen mente til det onde og din undergang, har jeg brukt imot han og du har torturert han med din stadige hengivenhet og kjærlighet til meg, gjennom din motgang. Som regnet lar alt som lever vokse og gro, kan tårer og smerte produsere blomstring og modenhet. Du står stødigere i dag enn noen gang og du vil fortsette å vokse med meg! Du vil bære min herlighet og legedom til denne verden. Du vil være mine hender og føtter. Jeg vil smykke deg med mine gaver og herlighet og dine sår vil jeg lege med gull. Det vil for alltid være et merke som hele himmelen vil se. Et synlig bevis på din seier over alt av angrep fra den onde. Din lønn vil bli stor og din glede vil aldri ta slutt. Alle dine valg og din hengivenhet er lagt merke til og sett. Du er min og jeg har behag i deg.»

Når eg var 9 år bad eg Jesus om å gi meg ei frelst jente til kjæraste og til kone, då merka eg at han var meg nær og slik vart eg kjend med han som min beste ven. Det var som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. Han er Guds Ord og slik var han Guds svar til meg og det er han framleis. Han veit at mi smerte har lagt lok på mitt syn, så eg ikkje alltid har sett han der, men han gikk aldri frå meg, han er framleis ein skugge ved mi høgre hand, han er framleis Guds Ord og Guds svar på denne bøna mi. Han vil frelse ei kone til meg og då vet det han som elskar henne som si brud gjennom meg. Eg får feire det i lag med familien min, så det blir å feire både mitt bryllaup og Lammets bryllaup.

No er tida då eg skal få blomstre. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 17.7.2024:

«Åpne din munn så skal jeg fylle den, sier Herren. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn. Du føler at du ikke passer inn og du tror du ikke har en rolle i mitt rike. Men det er en løgn fra løgnens far. Verden er flink til å sette mine barn i lenker. Verden har laget seg er egent system hvor noen passer inn og andre ikke. Men jeg ønsker å bruke det som denne verden ikke ser. Det som er lavt stilt her i denne verden, for å gjøre de vise til skamme. Du har en stor rolle i mitt rike og jeg ønsker å bruke deg mektig. Ikke i egen kraft, med min herlighet, sier Herren. Du er kalt mitt barn og du er sett! Du er viktig og du har en oppgave. En stor oppgave! Ikke sett begrensinger på deg selv. Mennesker ser på det ytre, men jeg ser til hjerte. Jeg velger ikke de kvalifiserte, men jeg kvalifiserer de utvalgte. Jeg har sett deg mitt barn. Jeg ser hvordan verden har dømt deg og satt lokk på deg. Jeg ser hvordan djevelen har stoppet deg igjen og igjen. Men nå er tiden der hvor du skal få blomstre! Du har lenge nok sett ned på deg selv og tenkt du er ubrukelig. Men i dag mitt barn kaller jeg deg til å ta et steg i tro. Stå den onde imot og han vil fly fra deg. Ta min hånd og stol på meg. Er det noe som er for vanskelig for meg? Sier Herren. Er det noe som er for vanskelig for meg å bruke? Nei! La meg lede deg ut steg for steg, i ditt nye liv med meg. Du er kalt og viktig og du er elsket! Åpne din munn, så skal jeg fylle den! Jeg vil vise deg store og ufattelige ting, ting du ikke kjenner til.»

2024.08.31. Jesus gav meg draumar og lengslar i mitt hjerte, han gav meg visjonar om si hensikt og sin plan for mitt liv og vil gjennomføre det.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:

«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

Eg hadde ei prioritetsordning ved at eg påkalla Kristus som vår frelsar og Herre og bad han frelse menneske som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som andre prioritet. Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så eg skulle berre ta imot i tru og takke han for det, dermed kom det også som fyrste prioritet. Når eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, bad eg til Gud over det og vedkjende at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i djupet av meg, det var som om eg såg ned på henne, meir frå hans synsstad altså. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til å vere og som han elska og hadde omsorg for, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, som han elska og hadde omsorg for. Han openberra henne for meg som ei ung jente som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, som han elska og hadde omsorg for. Slik vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg, ved fylden av den Heilage Ande og ein draum som han gav meg.

I verda og i ei verdsleggjort kyrkje møter vi maktinteresser som vil ha ei omprioritering, så det verkar som dei vil legge lokk på denne gleda, lovsongen og draumen og kravet om tilpassing verka som eit krav om at eg skal legge lokk på det. Sidan bad eg Jesu gi meg henne Reella til kone og fekk oppleve at han svarde meg på liknande måte. Så då kom eg i alle fall til det som var av andre prioritet. Jesus gav meg visjonar om si hensikt og plan for mitt liv og den vil aldri bli teken ifrå meg. Han er i stand til å sette det i verk. Han vil eg skal ta fram att draumen og drøyme stort med han. Alt dette er de nye som Gud gjer ved sitt Ord og sin Ande og det vert fornya og helde ved like ved at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi skal ha liv og overflod.

2024.11.17. Maranata. No er frelsens dag, i dag er Jesus å finne. Han kallar deg til å komme og få deg eit nytt møte med han. Det er viktig at du nyttar den tida du har fått.

Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Eg var ikkje på dette møtet, men eg fekk sjå det på youtube. Eg kjenner meg trygg på at denne bodskapen kom som svar på mi bøn for henne Virtuella, så i tru og von vil eg takke Jesus for det. Eg skal halde fram med å be slik som når eg var ein liten gutunge, be for min familie og så desse to kvinnene, at dei skal vere Jesu brud og så handlar det om å bygge Jesu kyrkje på evangeliets grunnvoll, som hans brud. Og be Faderen om å la riket sitt kome.


Leave a comment