Ny Tid 28. Djevelen er komen berre for å stele, slakte og øydelegge, men Jesus er komen for at vi skal ha liv og overflod. Så kva er det rette endetidssynet? 3. Elia i einsemda i Israel og samlinga i Josjafatdalen i Juda. Samanlikning med europeisk og amerikansk politikk?

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Biletet: Elia i einsemda, før og etter han stod fram på Karmel, i eitt bilete.

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike for jødane, men det vart til at leiarane deira fekk med seg mesteparten av folket til å avvise han, men alle som tok imot han ga rett til å verte Guds born og han døde i staden for dei, så dei skulle få den retten. Då døde han for heidningane også, så evangeliet om Guds rike skulle forkynnast for alle folkeslag. Jesu blod talar betre enn Abels blod, han bar fram eit betre offer enn Kain, så Gud viste velvilje til Abel. Derfor vart Kain misunneleg og slo han i hel. Jødane hadde den levittiske prestetenesta, men den fungerte ikkje skikkeleg lengre. Så kom Jesus med noko som fungerte, derfor vart dei misunnelege og slo han i hel.

Men går vi lengre tilbake i tid, frå då den levittiske prestetenesta fungerte skikkeleg, så ser vi at den likevel var førebilete på prestetensta i den nye pakt, etter at Kristus har vorte vår øvsteprest etter Melkisedeks vis, ved Guds trone altså og dermed vår talsmann hos Faderen. For i Sak.3-4 ser vi at øvstepresten Josva og byggherren Serubabel, som leia oppbygginga av tempelet, var som to oljegreiner og dei finn vi att i Joh.Op.11.

Guds rike var som eit oljetre, det kom først til Israels-folket, men dei fall ifrå, så det vart som at mange greiner på treet vart avbrotne, det vart tydeleg ved at dei fleste av dei avviste Kristus. Men slik var det også gjort plass til at heidningane kunne verte poda inn som ville og framande oljekvister. Då skal vi ikkje tene som at vi er betre enn dei greinene som var avhogne, vi skal ikkje verte hovmodige, men ottast Gud. Elles risikerer du at du også vert hoggen av, men Gud har makt til å pode dei inn att.

Rom.11,18 Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så kom i hug at det ikkje er du som ber rota, men rota som ber deg! 19 No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne verta innpota.» 20 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du vert ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!  21 Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.

……

28 På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 

Dei som heldt seg til pinsevennane sitt tradisjonelle endetidssyn, husholdningslæra, påstod at preterismen, representert ved predikanten Finn-Arne Lauvås, lærde at Gud hadde vraka folket sitt, stikk i strid med dette altså. Men det var ikkje sant, han fekk moglegheit til å svare for seg sjølv og klarde det godt. Om nokon av dei greinene som naturleg høyrde heime på treet vart misunnelege på dei nye, slik at dei vart poda inn att, så ville no det vere bra, men dette bar meir preg av Kain som vart misunneleg på Abel. Eg har skrive om at når Guds Ord ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, så får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), så dette gjeld for heidningane også. Jesus sa at hans lekam og blod er som manna frå himmelen, livsens brød som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, så vi må ete det for å ha liv i oss, slik det er symbolisert i nattverden. Det Ordet han har tala til oss er ånd og liv. Finn-Arne har også forkynt at då blir det slik at den Heilage Ande et oss. Dette har å gjere med at Kristus er i oss og vi er i han og slik skal det vere. Vi har nattverd med han og han med oss (Joh.Op.3,20). Den einskilde som har høyrt forkynninga av Jesu ord og trutt og teke imot får den innstillinga at dette er til meg, så eg vil ta imot og få det inni meg og eg vil komme inni det. Slik opplever vi å verte velsigna og slik vert vi til velsigning og derfor seier vi velsigninga.

Då er der så tydeleg nokon som vert misunneleg.

1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.  12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.  14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.  15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.  16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne.

Jesu blod talar betre enn Abels blod.

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.  26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.»  27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande.  28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Tradisjonelt har ei «lærd» og herskande overklasse  rekna vanlege folk for å vere utilreknelege, men alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, så vi får oppleve at Faderen er vår formyndar og forsørgjar.

Avgudane laga av stokk og stein er Lygna. Men Kristus er Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Djevelen er Lygnaren og det er Antikrist også.

Tradisjonelt har ei lærd overklass rekna folk for å vere så ulærde og vond at dei trong ei lærd overklasse til å styre med diktatorisk makt både for sin eigen del og for andre sin del. Nokre konkluderte med at heldig vis var det slik, for då var det lettare å få makta over dei, det var enkelt å seie noko som dei godtok som skulle få makt over dei om så det var løgn, for det viktigaste var å herske over dei. Så avgudane laga av stokk og stein kallar Bibelen for Lygna. Som motsetnad til det er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han sa at Djevelen er Lygnaren og apostelen Johannes sa at Lygnaren er Antikrist, han som fornektar Faderen og Sonen.

Andre fann at dei måtte dessverre konkludere med at slik var det, men dei yngste betre folkeopplysning og mange av dei innsåg at det gjaldt dei sjølve også. Så alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, då er Faderen vår formyndar og forsørgjar.

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige.  26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Dei som var komne før Jesus, var komne for å stele, slakte og øyde, men Jesus er den Gode Hyrdingen som sette livet til for sauene og som er komen for at vi skal ha liv og overflod.

Joh.10,7  Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei.  9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

Den gode hyrdingen

11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene.

Rom.8,11 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til.  10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud.  11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den.  13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.  15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!»  16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born.  17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Kristus og hans Kyrkje eller Antikrist og den Store Skjøkje. 

I den Frie Evangeliske Forsamling, pinserørsla og Maranata vart vi opplærde som Guds born, kyrkjelyden er Jesus brud og dermed hans kropp, han elskar henen og er hovudet for henne, ho elskar han og lengtar etter han og skal vekse opp til han som er hovudet for henne, slik førebur ho seg på at han kjem og hentar henne som si brud.

2.Kor.11,2  For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.  4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot.  5 Men eg meiner at eg ikkje på nokon måte er mindre enn desse overapostlane.  6 Om eg er ulærd i talekunst, er eg det ikkje i kunnskap, og den har eg alltid og i alle stykke lagt fram for dykk.

For kvar einskild av oss betyr det å modnast som Guds born, til å verte vaksne, frie menneske som er sjølvstendige i forhold til dei verdslege autoritetane, så vi ikkje dyrkar dei som gudar. 

Som motsetnad til dette fornektar Antikrist Faderen og Sonen, som om Gud ikkje eksisterer altså, for soleis å umyndiggjere den einskilde overfor dei verdslege autoritetane og soleis umyndiggjere kyrkja også overfor dei. Resultatet er den Store Skjøkje som dyrkar styresmaktene som gudar, etter førebilete av avgudsdyrkinga i Babylonia.

Eg er oppvoksen i kyrkja og har framleis mi barnetru, det kan vel vere mange både i kyrkja, på skulen og på universitetet som reknar den for å vere dum, kanskje dei endåtil reknar den for feil, så dei fornektar den, som Antikrist. Men sjølv om den er enkel og soleis kan verke dum, så er den ikkje feil, men den er fundametalt viktig. Livet vart planta i meg ved Guds Ord når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg skal framleis be slik som eg gjorde når eg var 9 år, Jesus tek seg av mi sak og egs kal komme til han med den og overgi meg heilt til han. Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar og snakke med han, så livet som vart planta i meg skal vekse og blomstre. Venteleg vil Gud då gi vekst for Jesu kyrkje også.

Finn-Arne Lauvås har forkynt at vi som Jesu kyrkje skal vekse opp til han som er hovudet for henne, så Jesu vinn skapnad i meg og i henne. Ja, Jesus er vår frelsar og Herre og Gud Fader er vår Far, formyndar og forsørgjar.  Men då viser det seg at endå til i desse frie kyrkjelydane er nokre som reknar seg for å vere ei lærd overklasse, så dei med sitt endetidssyn, hushaldninglæra, vil umyndiggjere oss for å framstille seg som herrar over kyrkjelyden og så gjer dei politikk ut av det. Det er som å prøve å gjere kyrkjelyden til ei hore. Til samanlikning med «Mor Israel» som var Guds kone, men som falle ifrå og vart ei hore. Soleis er det ei vidareføring av syndefallet og fråfallet på nytt (2.Tess.2).

Vere som profeten Elia.

Elia var Guds profet når Israels-kongen Akab og kona hans dyrka Baál og fekk med seg folket til det, så det var fråfall altså. Elia profeterte for kong Akab at det ikkje skulle regne før han sa det og det skulle gå tre og eit halvt år. Så for han ut i øydemarka og heldt seg i einsemda, medan han bad. Slik skal eg no sitje i ro og be, men det er heime i kjellarleiligheita i gamlehuset, som eldste bror min har teke over. Eg skal halde fram med å be slik som eg har gjort sidan eg var ein gutunge, påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse søskena mine og gi meg ei frelst kvinne til kone. Dette er då det mest nærliggande for meg, ettersom Gud skapte kvinna av mannens sidebein, der er eit symbolsk poeng i at han tok det som låg mannens hjerte nærast.

Greiner på oljetreet vart brotne av, så det vart plass til framande oljekvistar til å verte poda inn i staden, slik kom heidningar inn i Guds rike. Og Jesus har gitt meg prestetenesta i den nye pakta, så eg kan stige fram for nådens trone og få miskunn og finne nåde til hjelp i rette tid. Soleis ber eg Gud gi meg hjelp i form av ei kone.

Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Johannes Døyparen skulle gå fram i same ånd og kraft som Elia og han forkynte at Jesus er Messias, han er den som døyper oss med den Heilage Ande, han er den som har bruda. Det er min bodskap også, i tillegg har eg bedt han som frelser bruda om å gi meg ei frelst kvinne til kone, for det er inkludert i hans fullførde frelseverk. Den Heilage Ande gjer levande det som blodet har gitt meg.

Eg skal komme til Jesus med mi sak og overgi meg sjølv heilt til han, det er som å bere kroppen fram som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud (Rom.12.1-3). Og i mi bøn for dei, skal eg gi dei også til han. Eg fekk komme til Jesus slik som eg var og det får dei også, på grunnlag av at han døde i staden for oss. Han vil frelse dei inn i sitt rike, slik at han blir deira frelsar og Herre og Faderen blir deira formyndar som elskar dei og har omsorg for dei som sine born. Eg vart innpoda i oljetreet og det skal dei også verte. 

Søskena mine har ulike politiske syn og det er dei fri til, vi lever då i eit fritt land med demokrati, dei må berre ikkje byrje å forgude politikarane og styresmaktene, så dei dyrkar dei som gudar. Guds rike er evig og meir fundamentalt enn dette. Jesus er kongars konge, då er det fundamentale same leis, elles kan dei ha ulik politikk.

Etter tre og eit halvt år steig Elia fram på Karmel og utfordra Baáls-profetane på å ofre på Karmel og sjå kven som fekk eld til å falle ned frå himmelen, på offeret. Dei fekk det ikkje til, men Elia fekk svar frå sin Gud, så det var den rette Gud, han svarde med eld frå himmelen, som fortærte både offeret og altaret og så kom regnet. Folket gav han rett og så drap han Baáls-profetane. Men Jesabel var ikkje interessert i kva som var rett og sant, ho var berre interessert i makt, sjølv om det ikkje var med sanning og rettferd, så ho svor hemn. Då flykta Elia ut i øydemarka igjen og gøymde seg i ei bergsprekke. Men Gud kom til han og tala til han der også.

I juni 2011 tala Jesus til meg til samanlikning med korleis han tala til Elia, når han var i einsemda i denne bergsprekka, han sa til han at han hadde spart 7000 som enno ikkje hadde bøygt kne for Baál. Men no er det mange millionar, eg skulle sjå det og han ville la meg få høyre det. Dette er stordomstida til hans kyrkje.

1.Kong.19,18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»

Samling i Josjafat-dalen.

Israles-kongen Akab og Juda-kongen Josjafat budde seg til krig mot aramearkongen, men Josjafat ville spørre Herren til råds.

Akab var ugudleg, men Josjafat var gudleg, men det var fred mellom dei og dei budde seg til krig mot aramearane, men Josjafat ville spørje Herren til råds. Dei var i Israel, så det vart Akab som skulle kalle saman profetane. Dei høyrest no rart ut, han som hadde prøvt å utrydde dei, han dyrka Baál, så skull ikkje han få tak i Baál-profetar då? Kanskje der ikkje var så mykje igjen av dei, etter oppgjeret med Elia på Karmel? Han fekk tak i 400 mann og alle sa han skulle berre fare i krigen. Men Josjafat var like vel mistruisk og spurde etter fleire profetar. Var han kanskje ikkje så sterke i trua like vel? Så dei fekk tak i ein profet til, ein som Akab hadde dårlege erfaringar med. Han svarar først som dei andre, men så kjem han med eit rart svar.

1.Kong.22,13 Sendebodet som hadde gått av stad og skulle henta Mika, sa til han: «Dei andre profetane spår alle som ein at det skal gå kongen vel. Lat no dine ord vera som deira, og spå godt, du òg!» 14 Men Mika svara: «Så sant Herren lever: Det Herren seier til meg, det må eg tala.»  15 Då han kom fram, sa kongen til han: «Mika, skal vi fara i hærferd mot Ramot i Gilead, eller skal vi la det vera?» Han svara: «Far du, så skal du ha lukka med deg! Herren vil gje byen i hendene dine, konge.» 16 Men kongen sa til han: «Kor mange gonger skal eg la deg sverja på at du ikkje seier meg anna enn sanninga i Herrens namn?»

17 Då sa Mika: «Eg såg heile Israel spreitt utover fjella som ein saueflokk utan gjætar. Og Herren sa: Dei har ingen herre. Lat dei fara heim att i fred, kvar til sitt!»  18 Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa deg: Han spår meg aldri noko godt, berre vondt?»

19 Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod ikring han, somme på høgre og somme på venstre sida. 20 Då spurde Herren: «Kven vil dåra Akab, så han gjer ei hærferd til Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så. 21 Då gjekk ånda fram, stod for Herrens åsyn og sa: «Eg skal dåra han.» «Korleis?» spurde Herren. 22 Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du kan få dåra han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!» 23 Så har då Herren lagt ei lygnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Men han har varsla ulukke for deg.

24 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og gav Mika eit slag på kinnet og sa: «Korleis har Herrens Ande fare over frå meg for å tala til deg?» 25 Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du lyt røma frå rom til rom og leita etter ein stad der du kan gøyma deg.» 26 Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til byhovdingen Amon og kongssonen Joasj 27 og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel, og lat han leva på vatn og brød til eg kjem uskadd heim att!» 28 Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folkeslag!»

Ånda steig fram for Gud og tilbaud seg å vere ei lygnarånd i munnen på alle profetane hans Akab. Men var det Herrens profetar, var det Herrens Ande? Vi får nøye oss med det svaret Mika gav. Det var i alle fall bra at Josjafat hadde vore mistruisk. 

Det vart ein rare krig også.

1.Kong.22,29 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.  30 Og Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg den vanlege kledebunaden din.» Så kledde Israels-kongen seg ut og gjekk i striden. 31 No hadde aramearkongen sagt frå til dei trettito hovdingane for stridsvognene sine: «De skal ikkje ta på nokon, anten dei er små eller store, anna enn på Israels-kongen.»  32 Då hovdingane for stridsvognene fekk auga på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så snudde dei seg dit og ville strida mot han. Då sette Josjafat i eit høgt rop. 33 Og straks vognhovdingane såg at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg bort frå han.

34 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjestakken og brynja. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg ut or slaget! Eg er såra.» 35 Striden vart hardare og hardare den dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna, så han kunne fylgja striden mot aramearane. Blodet rann frå såret ned i vogna, og då kvelden kom, døydde han. 36 Ved soleglad gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!» 37 Såleis døydde kongen, og dei førte han til Samaria og gravla han. 38 Og då dei skylde vogna ved Samaria-dammen, sleikte hundane blodet hans, medan skjøkjene lauga seg der. Det gjekk som Herren hadde sagt.

Der kom ein profet og refsa Josjafat fordi han hadde pt den gudlause Akab, men an innrømma at han hadde gjort noko godt også. Sidan for Akab ikring i landet og sette inn dommarar og instruerte levittane og prestane og nokre av ættehovdingane om å dømme rett.

2.Krøn.19, Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud. 5 Han sette inn domarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.  6 Og han sa til domarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømer, men for Herren. Og han er hjå dykk når de feller dom.  7 Så lat då otte for Herren vera over dykk! Ver varsame i all dykkar ferd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.»

8 I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av Israels ættehovdingar til å ta seg av Herrens lov og til å døma i saker mellom folket i Jerusalem.  9 Han gav dei dette påbodet: «Så skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:

Sigeren i «Lovprisingdalen».

Nokre av nabofolka samla seg til strid mot Josjafat, då kalla han saman folket for å be Gud om hjelp. Då kom Guds Ande over ein levitt, så han tala profetisk om at Herren skulle stride for dei.

2.Krøn.20,1 Då det leid av ei tid, hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del meunittar gjorde ei hærferd mot Josjafat. 2 Folk kom til han med melding om dette og sa: «Det kjem ein stor hær mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.  3 Då vart Josjafat redd. Han vende seg til Herren og spurde han til råds, og lyste så ut ei faste over heile Juda. 4 Judearane samla seg og ville søkja hjelp hjå Herren. Frå alle Juda-byane kom dei og ville spørja Herren til råds.

5 Så steig Josjafat fram for folket som var kome saman frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden, 6 og sa: Herre, vår fedregud! Er det ikkje du som er Gud i himmelen, og som rår over alle kongerike på jorda? I di hand er makt og velde, og det finst ingen som kan stå seg mot deg.  7 Var det ikkje du, vår Gud, som dreiv ut innbyggjarane i dette landet for Israel, folket ditt, og så gav landet til etterkomarane etter Abraham, venen din, for alltid?  8 Dei busette seg der og bygde ein heilagdom for namnet ditt. Og dei sa: 9 «Kjem det ei ulukke over oss, sverd, straffedom, pest eller uår, då vil vi gå fram for dette huset, for ditt åsyn; for i dette huset bur namnet ditt. Vi vil ropa til deg i vår naud, og du vil høyra og hjelpa.»  10 Sjå no ammonittane og moabittane og dei som bur i Se’ir-fjellet! Du gav ikkje israelittane lov til å dra inn i landa deira den gongen dei kom frå Egypt. Difor bøygde dei av og fór bort utan å øydeleggja dei.  11 Men sjå korleis dei løner oss, desse folka! No kjem dei og vil driva oss ut or landet ditt, det som du har gjeve oss til eige. 12 Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg.

13 Imedan stod alle judearane der for Herrens åsyn; jamvel småborna og konene og sønene deira var med. 14 Då kom Herrens Ande – midt imellom folket som var samla – over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je’iel, son til Mattanja, som var ein av Asaf-sønene. 15 Og han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.  16 Far ned mot dei i morgon! Då dreg dei oppetter Hassis-bakken, og de kjem til å møta dei ved enden av dalen ut mot Jeruel-øydemarka. 17 Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stella dykk opp og stå og sjå korleis Herren frelser dykk, de Juda-menn og Jerusalems-buar. Ver ikkje redde, og miss ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18 Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og alt folket frå Juda og Jerusalem kasta seg ned for Herren og tilbad han. 19 Og dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med sterk og høg røyst.

20 Dagen etter tok dei ut i otta og fór til Tekoa-øydemarka. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de Juda-menn og Jerusalems-buar! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»  21 Sidan samrådde han seg med folket og stelte så opp ein flokk med songarar, som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: «Pris Herren, for hans miskunn varer til evig tid!»

22 Så snart dei tok til med fagnadrop og lovsong, lét Herren ein flokk som låg i bakhald, ta på ammonittane, moabittane og mennene frå Se’ir-fjellet, dei som rykte fram mot Juda, og dei vart slegne.  23 Då vende ammonittane og moabittane seg mot Se’ir-buane og hogg dei ned til siste mann. Og då dei hadde gjort ende på Se’ir-buane, gav dei seg til å drepa kvarandre. 24 Då judearane kom opp til den staden der ein kunne sjå utover øydemarka, og såg seg om etter hæren, fekk dei auga på alle som låg livlause på marka; ingen hadde sloppe unna. 25 Josjafat og mennene hans drog då dit og ville ta hærfang, og dei fann ei mengd med gods og lik og dyre eigneluter. Dei reiv til seg så mykje at dei ikkje kunne bera det alt. Tre dagar heldt dei på med å plyndra; så stort var hærfanget.

26 Fjerde dagen samla dei seg i Lovprisingsdalen, og der lova dei Herren. Difor kalla dei den staden Lovprisingsdalen, og det namnet har han hatt til denne dag.  27 Så fór dei heim att, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat føre, og glade kom dei til Jerusalem; for Herren hadde unnt dei den gleda å vinna over fiendane. 28 Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus. 29 Det kom ei redsle frå Gud over alle land og rike, då dei høyrde at Herren hadde stridt mot Israels fiendar.  30 Og sidan hadde Josjafats rike fred; for hans Gud lét han få ro på alle kantar.

At han fekk ro på alle kantar hadde å gjere med at Gud ville føre dei inn til si kvile.

 

Gud tronar over Israels lovsongar.

David hadde forlengst profetert om at Gud tronar over Israels lovsongar og det er samlinga i Lovprisingsdalen eit døme på.

Salme.22,1 Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme. 

2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?

Kvifor er du så langt borte frå meg?

Kvifor hjelper du ikkje

når eg klagar mi naud? 

3 Eg ropar om dagen, Gud – du svarar meg ikkje,

og om natta, men eg finn ikkje ro. 

4 Og du er då heilag,

du som tronar over Israels lovsongar. 

5 Til deg sette fedrane våre si lit,

dei leit på deg, og du fria dei ut.

6 Dei ropa til deg og vart berga,

dei leit på deg og vart ikkje vonbrotne. 

7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,

spotta av menneske, vanvørd av folk. 

8 Alle som ser meg, held meg for narr,

rengjer munnen og rister på hovudet: 

9 «Han har lagt si sak i Herrens hand.

No får han fria han ut og berga han,

han har då mannen kjær!» 

10 Ja, du drog meg fram frå mors liv

og la meg trygt ved hennar bryst. 

11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,

frå mors liv er du min Gud.

12 Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær,

og det finst ingen som hjelper. 

13 Sterke oksar kringset meg,

Basan-stutar flokkar seg rundt meg. 

14 Dei spilar opp gapet mot meg

som rovgriske, brølande løver.

15 Mi kraft er uttømd liksom vatn,

alle mine bein har losna.

Mitt hjarta er som voks,

det har smelta i mitt bryst.

16 Min strupe er turr som eit krusbrot,

og tunga klistrar seg til ganen.

Du legg meg i dødens støv.

17 Ja, hundar samlar seg om meg,

ein flokk av valdsmenn kringset meg;

dei gjennomborar mine hender og føter.

18 Kvart bein i min kropp kan eg telja,

folk stirer på meg med skadefryd.

19 Dei skifter kleda mine mellom seg

og kastar lodd om kappa mi. 

20 Men, Herre, ver ikkje langt ifrå meg,

skunda deg og hjelp meg, du min styrke!

21 Berga mitt liv frå sverdet,

det beste eg har, frå hundevald! 

22 Frels meg frå løvegap

og frå villoksehorn!

Du bønhøyrer meg.

23 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,

midt i lyden vil eg lova deg. 

24 «Pris Herren, de som har age for han,

gjev han ære, all Jakobs ætt!

Ja, skjelv for han, all Israels ætt!

25 For han har ikkje vanvørdt ein stakkar

eller vendt seg frå han når han var i naud.

Han løynde ikkje sitt åsyn for han,

men høyrde han då han ropa.» 

26 Frå deg kjem min lovsong

i den store lyden.

Eg vil halda mine lovnader

mellom dei som har age for deg. 

27 Dei hjelpelause skal eta seg mette,

dei som søkjer Herren, skal prisa han.

Gjev hjarta deira alltid må leva! 

28 I alle land skal dei minnast dette

og venda om til Herren;

ja, alle folk og ætter

skal bøya seg og tilbe han. 

29 For kongeveldet høyrer Herren til,

han rår over folkeslaga. 

30 Ja, alle dei mektige på jord

skal bøya seg og tilbe han;

alle som steig ned i molda,

skal bøya kne for han.

Eg vil leva for Herren,

31 og mi ætt skal tena han

og vitna om han for ætter som kjem. 

32 Til nye ættleder skal dei fortelja

at han greip inn til frelse.

Dette er opplagt ein profeti om at Jesus er Messias.

Samlinga i Josjafat-dalen.

Det må vere dette Joel refererte til, når han profeterte om samlinga i Josjafat-dalen.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda

at eg renner ut min Ande over alle menneske.

Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;

dei gamle mellom dykk skal ha draumar,

og dei unge skal sjå syner. 

2 Jamvel over trælar og trælkvinner

vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

3 Eg lèt teikn syna seg på himmel og jord:

blod og eld og røyksøyler. 

4 Sola vert omskapt, ho svartnar,

og månen vert som blod,

før Herrens dag kjem,

den store og skræmande. 

5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,

skal verta frelst.

For på Sion-fjellet og i Jerusalem

skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,

så som Herren har sagt.

Og mellom dei som har berga seg,

er dei som Herren kallar. 

Herrens dom over folka

6 For sjå, i dei dagar og på den tid,

når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem, 

7 då vil eg samla alle folkeslag

og føra dei ned i Josjafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei

om Israel, mitt folk og min eigedom,

som dei spreidde mellom folka.

Dei delte landet mitt  

8 og kasta lodd om folket mitt;

dei gav ein gut for ei skjøkje

og selde ei jente for vin – og drakk.

9 Og no, Tyrus og Sidon og alle filistarbygder, kva er det de vil meg? Er det noko de vil gje meg lika for, eller vil de gjera meg eitkvart? Brått vender eg det de gjer, mot dykk sjølve, 10 for de tok sølvet og gullet mitt og førte mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel. 11 De selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane, så dei skulle koma langt bort frå sitt land.  12 No vil eg få dei til å ta ut frå kvar stad som de har selt dei til, og venda mot dykk sjølve det de har gjort. 13 Sønene og døtrene dykkar vil eg la judearane selja. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk som bur langt borte. – Herren har tala. 

14 Rop dette ut mellom folka:

Bu dykk til heilag krig, vekk krigarane!

Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15 Smid plogjerna om til sverd

og vingardsknivane til spyd!

Den veike skal seia: «Eg er ei kjempe.» 

16 Skunda dykk og kom!

Kom saman, alle de folkeslag rundt ikring!

Herre, før dine krigarar dit!

17 Folkeslaga skal ta ut

og fara til Josjafat-dalen.

For der vil eg sitja til doms

over folk frå alle kantar.

18 Sving sigden, for grøda er mogen!

Kom og trakk, for vinpressa er full,

pressekummane fløymer over!

For vondskapen åt folka er stor. 

19 Det er eit mylder og ståk i avgjerdsdalen,

Herrens dag er nær i avgjerdsdalen.  

20 Sol og måne svartnar,

og stjernene misser sin glans. 

Judas herlege framtid

21 Herren skal torna frå Sion,

la røysta si ljoma frå Jerusalem,

himmel og jord skal skjelva.

Men Herren er eit vern for sitt folk,

ei borg for Israels søner. 

22 Då skal de sanna

at eg er Herren dykkar Gud,

som bur på Sion, mitt heilage fjell.

Jerusalem skal vera ein heilag stad,

der skal framande aldri meir koma inn.

Korleis kan det ha seg at ikkje noko framand kjem inn i Jerusalem? Jesus sa at dei som herska i Jerusalem var framande. Korleis kunne det då verte slik ei total forandring? Det har seg slik at når Jesus stod opp frå dei døde og vart teken opp til himmelen og sende den Heilage Ande til disiplane sine, var det som om tempelberget vart løfta opp, så vi har møte med han der oppe.

Joh.16, Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. 2 Dei skal støyta dykk ut or synagoga. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur at han gjer Gud ei teneste. 3 Og alt det gjer dei av di dei korkje kjenner Faderen eller meg. 4 Dette har eg sagt dykk så de, når den tid kjem, skal koma i hug at eg sa dykk det.

Talsmannen

Eg sa ikkje dette til dykk frå fyrst av, for då var eg hjå dykk. 5 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: «Kvar går du av?»  6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.  8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger;  11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd.

12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma.  14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

Amerikansk, republikansk politikk. Trump.

Republikanarane i USA har lenge hatt kontakt både med jødar og kristne leiarar og ikkje alltid lagt skjul på det, så mange har vore skeptiske til det. Sjølv om dei ber offentleg, så er ikkje dette akkurat som å stille seg opp på gatehjørne for å be for at folk skal sjå det. Det minner meir om korleis Josjafat samla folket til bøn. I det minste vonar eg at det er og blir slik. Eg vil minne om at under valkampen hausten 2023 sa Trump at vi tilber ikkje styresmakter, men vi tilber Gud. Slik gjorde han det klart at han prøver ikkje å gjere seg til gud for folk. 

Dette viser også kor viktig det er for dei kristne å lovprise Kristus for frelsa og gjer det klart at vi med det tilber han som tronar over Israels lovsongar.

Mykje tyder då på at demokratane vert å samanlikne med Israel i fråfall, men vi skla framleis forkynne evangeliet for alle.


Leave a comment