Gud har openberra si frelse for oss i Kristus.
Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så det er tydeleg vis det viktigaste for både Faderen og Sonen, men då er det også det viktigaste for kvar einskild av oss, men det er vi sjølve som må innsjå det. Paulus sa at vi vert rettferdige ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og vi vert frelste ved å erkjenne at Jesus er Herre (Rom.10). Dette har vorte forkynt i den protestantiske kyrkja i fleire hundrede år. Så vi kan tru oss frelste, i den forstand at vi er frelste i vona om evig liv.
Rom.8,24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born (Joh.3). Jesus er vegen til Faderen (Joh.14,6), går vi den vegen, kjem vi inn i samfunn med han og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss, som sine born. Jesus elskar si kyrkje og har omsorg for henne som si brud, ho vil ta imot hans kjærleik og svare på den med kjærleik, som hans brud og derfor leve for han. Derfor vert dette det viktigaste for henne også og ho vert utrusta til å bringe den glade bodskapen vidare til andre.
Jesus lova disiplane sine at han let dei ikkje vere att som foreldrelause born, han ville sende den Heilage Ande til dei, så dei skulle få oppleve at han openberra seg for dei, han og Faderen ville komme og ta bustad hos dei.
Joh.14,6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
…….
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Jesus sa at han skulle gå bort, så verda ikkje såg han lengre, men dei skulle sjå han, fordi han levde og dei skulle leva. Korleis kunne dei då få verda til å tru på han?
Joh.17,1 Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
……
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd.
Vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
Jesu kyrkje er hans brud og dermed hans lekam og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, tala Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Ja, Jesu kyrkje er hans brud og kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Og vi skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen. Slik lærer vi å tenke meir sjølvstendig som voksne menneske, vel og merke med Kristus som vår frelsar og Herre og Faderen som vår forsørgjar og overformyndar. Eg hevdar dette er sameinleg med å studere realfag, for vi lærer å bruke metodene i realfag og det gjer oss i stand til å tenke meir sjølvstendig så vi kan finn ut av kva som er rett og sant og kva som ikkje er det.
2.Kor.11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy. 3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.
Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått. 2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik. 3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman: 4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla, 5 ein Herre, ei tru, ein dåp, 6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt. 8 Difor står det:
Han steig opp i det høge
og førte bort fangar;
han gav menneska gåver.
9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
Det gamle og det nye mennesket
17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, 18 vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. 19 Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20 Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21 De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
25 Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. 26 Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27 Lat ikkje djevelen sleppa til! 28 Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29 Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. 30 Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.
Jesu brud og dei ti brurmøyane, vente på Jesu gjenkomst.
Når Gud vende lagnaden til folket sitt.
Å forkynne evangeliet om Kristus er som å invitere til bryllaupet hans. Då må vi først og fremst ta imot invitasjonen sjølve, kle oss i bryllaupsklednaden og verte med i festen, slik at dei som vert inviterte oppfattar og forstår at her vert det ein herleg fest, som det vert kjekt å vere med på. Det kan verke som ei dobbeltrolle som ikkje er så godt å forstå, kanskje fordi det starta i det små, så det ikkje var så lett å oppdage at der var noko nytt. Vi kan samanlikning med dei som gjekk gråtande ut for å så korn, men som skulle få komme glade attende med sine kornband.
Salme.126,1 Ein song til festferdene.
Då Herren vende Sions lagnad,
var det for oss som ein draum.
2 Då fyltest vår munn med lått,
vår tunge med fagnadrop.
Då sa dei mellom folka:
«Store ting har Herren gjort mot desse.»
3 Ja, store ting har Herren gjort mot oss,
og vi vart glade.
4 Vend vår lagnad, Herre,
som bekkene i Negev!
5 Dei som sår med tårer,
skal hausta med glederop.
6 Gråtande går dei og sår sitt korn,
med fagnadrop skal dei koma og bera sine kornband.
Bryllaupet til kongssonen.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Brurmøyane. Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Matt.25,1 Då kan himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampene sine og gjekk ut og ville møta brudgomen. 2 Fem av dei var uvituge, og fem var kloke. 3 Då dei uvituge tok lampene sine, tok dei ikkje olje med seg. 4 Men dei kloke tok olje med seg i kanner attåt lampene sine. 5 Då det drygde før brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.
6 Men midt på natta høyrdest eit rop: «Brudgomen kjem! Gå og møt han!» 7 Då vakna alle brurmøyane og stelte lampene sine. 8 Og dei uvituge sa til dei kloke: «Lat oss få litt olje av dykk; lampene våre sloknar.» 9 «Nei,» svara dei kloke, «vi har ikkje nok både til oss og dykk. Gå heller til dei som sel, og kjøp sjølve.»
10 Medan dei var borte og ville kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk saman med han inn til bryllaupet; og døra vart stengd. 11 Ei stund etter kom dei andre brurmøyane og sa: «Herre, herre, lat opp for oss!» 12 Men han svara: «Sanneleg, det seier eg dykk: Eg kjenner dykk ikkje.» 13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Oljen er symbol på den Heilage Ande, vi får den ved trua på Jesus, av berre nåde, så vi kan seie som Paulus at hans nåde er nok for meg, har vi byrja i Anden, så skal vi fullføra i Anden. Det må vi vite å nytte oss av, så vi syter for å han med oss nok olje, både på lampane og på kanner til å etter-fylle med.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk?
……..
11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Kvar er bruda i likninga om bryllaupet til kongssonen og i likninga om brurmøyane?
Oppdraget til brurmøyane var å stå i ro og vente på Jesus gjenkomst, med lys på lampane. Ja, for Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og livet er lyset til menneska, vi tek imot i tru på han, så hans liv lever i oss og det er lyset for menneska, slik har vi lys på lampane og olje på kanner til å fylle etter med. Slik er vi også lys i verda. Når det vert ropt at brudgomen kjem, så gjer dei fem vituge brurmøyane lampane sine klar og går han i møte. Då har dei også openberrings lys til å sjå at han kjem, dei er klar til å ta imot han og vert med han inn til bryllaupet.
Men kvar er bruda i denne likninga? Dersom vi tenker oss eit tradisjonelt bryllaup, så går bruda inn i lag med brudgomen og brudemøyane følgjer etter bruda. Men her er det ikkje sagt noko om bruda og heller ikkje i likninga om bryllaupet til kongssonen (Matt.22), det er berre tale om gjestane. Bruda og brudgomen skulle då vere det sentrale poenget, brurmøyane og gjestane er meir perifert i forhold til dette. Men her vert det ikkje sagt noko om bruda, så då verkar det som det sentrale poenget er borte. Eller er det brurmøyane og bryllaupsgjestane som blir bruda.
Men Paulus har vist oss det sentrale poenget ved å lære oss at Jesu Kyrkje er hans brud, då er ho hans kropp, i samsvar med at Gud skapte kvinna av mannen sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt og ho skulle vere ei hjelp som høvde for han, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og han er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Vi skal vekse og modnast som frie, sjølvstendige og vaksne menneske, ved at vi veks opp til han som er hovudet for kroppen. Men det betyr også at vi skal vere sosiale, i hans kyrkje, i familie, heim og i nærmiljøet.
Guds signal til endetidsfolket er at Kristus er det nye livet som skal vekse fram i oss. Tyding av tungetale ved Finn-Arne Lauvås.
Guds kjærleik er sirkulasjonen som gjer oss til eit folk som lever og blomstrer. Han har valt å verke gjennom menneske som er opne kanalar for han.
Finn-Arne Lauvås har forkynt i samsvar med dette og det viser seg også i dei bodskapane han har kome med gjennom tyding av tungetale.
M 40 søndag 15. september 1996
Lauvås hadde tyding av tungetale. Diktafon-opptaket er av og til litt vanskeleg å gjengi, innspelings-farta er ujamn:
«Ja, sier Herren, når du lar denne kjærlighet fylle deg, prege ditt sinn og prege ditt innvortes menneske da vil du også være i en atmosfære og du vil være i et område i Åndens verden som gjør at dette ny som jeg har talt til deg vil vokse, ja, det nye livet vil blomstre. For kjærligheten sier Herren, det er …. sirkulasjonen, det er hjerteslaget, det er livet fra meg. (La det få prege deg), la mitt ord om kjærlighet helbrede sår og skavanker i din personlighet, slik at du våger å leve, slik at du våger å opne deg. La min kjærlighet i denne stund helbrede all skuffelse, alle ting som har gjort at du har lukket deg til, slik at du igjen kan leve og blomstre. For jeg, min plan med deg er … et folk som blomstrer og lever, sier Herren. Derfor la min legende hånd være over ditt hjerte i denne stund. Alle de sår og indre ting som har bundet deg, se, jeg Herren leger deg i denne stund.
…..og da denne guddommelige duft i ditt indre stiger opp for meg, innfor nådens trone og denne duft, den blir til røkelse og tilbedelse, skal du vite mitt barn, at der vil min trone bygges, der vil min makt komme mer til syne, der vil mine gjerninger, der vil min hånd, der vil mitt verk igjen komme til syne, for jeg virker gjennom kanaler som er åpne, sier Herren. Jeg har valt å virke gjennom mennesker. Jeg kan gjøre hva jeg vil, men jeg har valt å virke gjennom mitt folk som er mitt legeme. Derfor lukk deg ikke til, men åpne deg vidt opp, slik at hele ditt liv blir en blomstring (av det) guddommelige jeg har lagt i deg. For du har lagt,- fått noe i deg, en skatt som du har i lerkar, som skal berike. Du skal være velsignet, men du skal også være til velsignelse. Amen.»
Jesu natur veks fram i meg og det er kongens natur.
M40. Søndag 16. februar 1997.
Tyding av tungetale, (Ved Finn-Arne Lauvås):
«Ja, sier Herren, da du kom til meg, da ble du et Guds barn, ved syndenes forlatelse. Gjennom syndenes forlatelse brøt det nye lyset fram i ditt indre. Se, sier Herren, min frelse er mer enn dette. Og du skal se det som er større enn dette. For – ved det nye lyset som brøt fram, ble også min natur, meg selv, ble plantet i deg. Og dette frø, sier Herren, det rommer alle mine muligheter. Det rommer alle mine dufter, alle mine farver skal komme til syne i min menighet. Derfor, sier Herren, vær ikke for smalsporet, vær ikke for trangsynt, men utvid deres hjerter. For det liv jeg har plantet i dere har ingen grenser. For det er jeg, den grenseløse, bor i mitt folk. Utfra mitt folk, utfra min bolig, vil jeg bringe min herlighet. Ja, sier Herren, i Jerusalem, Samaria, Judea, men like til jordens ender. Se, det er ingen grense på det du har. Derfor la dette strømmer ut gjennom deg. Det skal frelse deg fra din eget mørke og din egen ørken, men det har også kraft i seg til å forvandle dine omgivelser. Slik at du ikke bare ser meg som en som tilgir deg, men kongen selv kommer til syne i deg, så du begynner å vandre kongelig, du begynner å vandre på et kongelig plan, sier Herren. Fordi min natur er også kongens natur. Min natur er regjerende, slik at det du før ble dominert av, det beseirer du i kraft av det nye livets vesen, sier Herren. Derfor – ta deg ikke sammen i din egen kraft, men opplat ditt hjerte, vidt opp, og din munn vidt opp, og jeg skal fylle deg, så det flyter over, sier Herren. Min kraft fullendes på tross av din skrøpelighet – og i din skrøpe-lighet.
Og når dette nye livets vesen bryter fram fra ditt indre, da beseirer det din nedtrykkthet, ja, det mørket som har holdt deg nede, det brytes, sier Herren. Ja, sier Herren, når jeg tenner igjen den gave som jeg har lagt ned i ditt indre, så blir det en avgjorthet. Passiviteten, oppgittheten, mørket, alt dette her som vil paralysere deg, må vike, for det nye livets vesen. For det er min oppstandelseskraft jeg har plantet i deg. Derfor gi meg rom, sier Herren, la ikke mørket dominere deg, men la meg få rom, la meg få plass i ditt liv. Og utfra ditt indre, ikke ifra et spesiellt sted, geografiske, men fra ditt indre, skal det som skriften har sagt, renne strømmer, fra ditt liv, sier Herren, skal det renne strømmer av levende vann. Det har jeg talt om den Ånd og det liv som jeg har plantet i deg.»
Kristus er Guds Son og det nye livet som veks fram i meg, eg skal vekse opp til han som er hovudet for lekamen og blir ført fram for Guds trone. Han gir meg vyer, draumar og visjonar og lærer meg å tenke utifrå ein himmels synsvinkel. Hans signal til endetidsfolket er ei kyrkje som er ei moden brud.
DFEF M40 Oslo, onsdag 19. februar 1997
Tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:
«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.
Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.»
Søk Herren av heile ditt hjerte, så openberrar han sin plan med deg og du eit menneske som innsikt, har råd å gi og som har svaret i denne tida.
M 40 søndag 23. februar 1997.
Tyding av tungetale ved Finn Arne Lauvås:
«Ja, sier Herren, som mitt folk den gang (gikk) bort ifra mitt hjerte, når de ikke hadde min plan-openbaring for sine øyne, så er mange som er kallt ved mitt navn i denne tid på vei bort fra meg. Ikke fra aktivitetene, ikke fra det ytre – i sitt ytre, men i sitt hjerte har mange misst blikket. Mørke og nedtrykkthet, motløsheten har preget mange. Men se, sier Herren, jeg ønsker å bryte dette mørket. Jeg ønsker å bringe min openbaring og min plan, slik at du utfra ditt indre, fra det ditt øye ser, opplever at mørket må vike. Du har sett rettferdighetens sol som går opp med legedom under sine vinger, sier Herren. Ja, sier Herren, det er bare min openbaring som kan holde deg på veien, det er bare min openbaring som kan føre deg videre. Det er bare min openbaring som kan fullende løpet for deg. Derfor la meg få vekke opp en hunger, en tørst i ditt hjerte, slik at du kan høre tonene, at du kan oppfatte signalene fra meg, sier Herren. For hvis ditt hjerte mister meg, se, sier Herren, da er alt et skall og ditt liv vil falme, ja du vil dø, midt i aktivitetene dine vil ditt indre falme og det kommer mørke over sinn og tanker. Men jeg vil bringe openbaring fra mitt ord, min plan inni ditt liv, slik at du blir et menneske som ser, du blir et menneske som har råd, som har innsikt, som har svaret i denne tid. Derfor, vend om fra alt periferisk. Og søk mitt hjerte, søk meg av et helt hjerte og du skal finne meg. Amen.»
Jesus har stege ned og teke bustad i oss, den levande Gud lever i oss og livet er lyset til menneska og det skal verte synleg i oss, sjølv om det ikkje er fysisk synleg. Maranata Landsstemne, 7.8.2015.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Finn-Arne:
«Ja, sier Herren, jeg har steget ned og tatt bolig i mitt folk, du er et tempel for den Hellige Ånd, du er stedet hvor jeg ikke kommer på besøk, men du er stedet hvor jeg har inntatt med min herlighet. La dette komme ut i din personlighet, la det komme ut i ditt ansikt, dine øynene, din personlighet, hender og føtter, du er blitt levende menneske, fordi jeg Herren lever. Og dette vil stanse din aldringsprosess, sier Herren, det vil bryte motløshetens ånd. Det vil bryte dette tunge mørket fra avgrunnen, som vil trykke deg ned, for jeg, Herren har ingen død i meg, jeg har ingen mørke i meg. Det er lys i meg siden jeg er levende og en berøring av meg og når jeg kommer ut gjennom deg blir du ung igjen som ørnen og jeg begynner å bevege meg blant dere, sier Herren, fordi jeg har vært der hele tiden, sier Herren, så la dette få rom, la det få på plass, la det komme ut i hender og føtter og bevege deg sammen med meg, den oppstandene herliggjorte. Amen.»
«Og når denne herlighet fyller huset er det ikke plass til kjød, det er ikke plass til mennesker, du er oppslukt av meg, du er et lem på meg, nå er det jeg, Herren, som beveger meg. Jeg vil bevege meg her på jorden gjennom et folk som er ett med meg. Derfor dropp alt ved siden av meg. Den som har lært av meg kommer til meg, sier Herren. Den som har Åndens undervisning beveger seg fra sanselige ting, til den usynlige virkeligheten i Kristus. Derfor bli kontinuerlig fylt av Ånden. Bli fylt av meg, sier Herren, bli fylt av Ånden og jeg skal komme ut gjennom deg, som strømmer av levende vann og spise opp alle ørken, spis opp all død, spis opp alt mørke og alltid ditt kjøtt, sier Herren. For jeg er levende i all evighet. Amen.»
«For dette handler ikke om dugelighet og dyktighet, det handler om meg, jeg Herren, som leter, som farer over den ganske jord, for at kraftig støtte den hvis hjerte er helt med meg, så se deg ikke på deg selv.»
«For din skrøpelighet er min mulighet. Det er bare mennesker avhengig av meg, som jeg beveger meg gjennom. Derfor se ikke på deg selv, at du må være briljant på alle måter. Jeg ønsker alminnelige folk som er renset i mitt blod fylt av den Hellige Ånden og jeg vil komme ut gjennom dine øyne og din personlighet og beseire all smak av død og mørke rundt deg, fordi jeg Herren er levende. Amen.»
«Jeg er også alfa og omega, begynnelsen og enden, så alt det jeg har lagt ned i deg skal jeg fullende. Amen.»
Jesus lova at den som kjendest ved han for menneska, ville han kjennast ved for Faderen og hans englar og no har det vorte full jubel i himmelen.
Evangeliet er at Jesus kom for å rette opp det som gjekk gale ved syndefallet. Maranata Lands-stemne 2023.07.15, Laurdag formiddag. Israels-møte ved Stig Andre Lippert.
Ei linje frå skapinga (1.Mos.1-2) til Johannes Openberring. Den byrja ikkje med evangelia, men evangeliet fortel at Jesus kom for å rette opp det som gjekk gale ved syndefallet.
Stig Andre er leiar for «Ordet og Israel» og han talte om at Gud er den same som då han skapte og som han var då han skapte Israel og hans plan med det er framleis den same, å bringe den glade bodskapen til alle folkeslag. Når eg høyrde det, vart eg positivet overraska over at han bodskap likna så mykje på det som eg har skrive.
Det er full jubel i himmelen når denne bodskapen vert teken fram. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, så vi får kjenne kreftene av Jesu oppstode frå dei døde, så Jesu brud vert vekt opp og reist opp. Med den krafta skal ho også verte løfta opp når Jesus kjem og hentar henne. Tyding av tungetale:
«Dette er en hellig dag for meg, sier Herren. I min himmelske herlighet, så er det full jubel, sier Herren. Og den atmosfære som er i min himmel i denne stund, sier Herren, som bare er en vidunderlig forløsning. Når dette budskapet blir dratt fram, sier Herren. Det er det som er innholdsrikt, det er det som startet, det jeg startet, sier Herren, det er det som jeg skal fullføre. Og den starten og det som har vært gjennomført i dag, det er det som ligger på mitt hjerte og, sier Herren. For det er akkurat det som det er, det stunder nå til en avslutning, på en helt ny måte. Og derfor så er det så viktig i denne tid, sier Herren, at folk forstår mitt Ord, forstår mine tanker, forstår hvordan jeg har tenkt og hvordan jeg tenker. Og det er derfor det kommer til å utløse en guddommelig ild og vekkelse over hele mitt folk, sier Herren. Det er ikkje bare i ditt nærområde, men det vil bli over hele mitt skaperverk. For om ganske kort tid kommer jeg til å hente – og det står skrevet i mitt Ord, sier Herren, jeg kommer til å løfte mitt brudefolk hjem. Det kommer til å bli som skyer som kommer til å løftes opp over hele min jord, sier Herren. Og hugs at jorden er egentlig skammelen for mine føtter. Då kan du forstå den uendelige himmel, det åndelige område, som jeg styrer og betjener og har kontroll på, sier Herren. Jeg har kontroll på absolutt alt. Dette her har jeg fullstendig oversikt over. Mennesker prøver å tilintetgjøre det, men det er dårskap i mine øyne, sier Herren. Så la denne dagen få bli et levande bevis på hvordan jeg tenker, sier Herren. Og hvordan jeg har tenkt framover. Jeg har tenkt å hente brude-folket, jeg, sier Herren.
Jeg kommer og jeg kommer uendelig fort, jeg kommer meget, meget snart. Og da løfter jeg mitt brudefolk hjem. Jeg løfter hjem menighet, som er mitt brudefolk. Og det er det jeg gleder meg til å møte, sier Herren. Jeg har nå laget en fest som kommer til å bli uendelig stor og mektig. Det er ikke øye av menneske på denne jord som har vært på sånn en brudefest som jeg lager, sier Herren. Da er det noe som er skapt av meg, som ligger i min guddommelige guddommelighet, min mektighet, min ild, min kraft, alt som tilhører den himmeslske herlighet, det er en mektig, mektig, mektighet, sier Herren. Det er umulig å ikle de og, men den kraften av guddommelighet som Joel har beskrevet, den kommer til å gjennomsyre hele mitt skaperverk. Og du må bare være våken for at den ild som kommer, må du få fatt i, sier Herren. For det er meg som gjør det og jeg kommer til å gjøre det på et så mektig vær, som aldrig noen gang i historien har vært. Det er den kraften jeg må gjør, for å løfte brudefolket opp i skyen, som jeg løftet opp min sønn. Det er den samme kraften som bærer opp og den skal kjennes og merkes for den enkelte person som har opplevt meg, sier Herren, har levt med meg og tror på meg, sier Herren, vil bli oppløftet under denne gudommelige ildkraften, som når bare blir utløst over denne jord, sier Herren. Amen.»

