Ny tid 9. Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg. 1. Den trulause hushaldaren vart avsett. Ein annan tok over.

Biletet: Profeten Elia, to hendingar i eitt bilete, ramnane kom med mat til han, men etter at han stod fram for folket på Karmel, gløymde han seg igjen, i ei bergkløft.

Messias i tradisjonell jødedom.

Tradisjonelt trur ikkje jødane at Jesus er Messias, men dei ventar at Messias skal komme og stå på oljeberget, slik det er profetert i Sak.14. Men denne profetien vart oppfylt ved at Jesus vart krossfest, han var komen for å fullføre lova og profetane og når han hang på korset sa han at det var fullført og så døde han. Han vart gravlagt i ei berghole og det vart lagt ein stein for opninga. Men han stod oppatt og viste seg for folk, utan at steinen vart teken vekk, den vart teken vekk berre for å vise at grava var tom (Matt.28,1…). Vi kan tenke oss at klippen hadde rivna for å sleppe han ut, utan at det var fysisk synleg. Men klippen er symbol på Kristus, han vart slått så den rivna så der vart ei oppkome med vatn. Det er symbol på det levande vatnet. Dette kan vi forstå både på grunnlag av Mosebøkene og Sak.14. 

No er det mange kristne som meinar at profetien i Sak.14 ikkje er oppfylt, så dei ventar at Kristus skal komme igjen ein gong til for å oppfylle denne profetien i samsvar med korleis jødane tradisjonelt har venta på Messias. Dette er sentralt i det som dei kallar «det klassiske endetidssynet», som dei kallar hushaldningslæra (dispensasjonalismen). Men Jesu frelseverk er fullført og fullkome, då må vel det heller kallast «preterisme», det betyr allereie oppfylt, som teologi er det sentrale poenget då at Jesu frelseverk er fullført og fullkome. Dette meiner eg er det vesentlege i første omgang, det evangeliet vi har teke imot er fullført og fullkome og det er eit evig evangelium som skal forkynnast for alle folkeslag, sjølvsagt også for jødane. Der er ikkje og kjem heller ikkje eit anna evangelium seinare, som er spesielt for jødane, fordi dei ikkje tok til takke med det evangeliet som vi har fått og kome til tru på!

Paulus vart apostel i staden for Judas.

Den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). 

Sak.11,12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke.  13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.  14 Så braut eg av den andre staven, Samband; eg ville bryta brorskapen mellom Juda og Israel.

Dette er ein profeti om at Judas sveik Jesus, men det som elles er sagt om den Duglause Hyrdingen, spenner over langt lengre tid, både fortid og framtid. Disiplane meinte dei måtte velje ein annan til apostel i staden (Ap.gj.1,15-26). Men så var det Jesus som valde Paulus til apostel, ved å openberre seg for han frå himmelen og tale til han, det vart hans frelse.

Vedkjenne Jesu namn. Motstand frå Antikrist.

Jesus har sett fram for meg ei opne dør, som ingen kan lukke. Først og fremst til himmelen, dernest i kyrkjelyden og så i kyrkjelyden sitt distrikt.

Den som kjennest ved Jesus for menneska, vil han kjennast ved for Faderen og hans englar. Han må rekne med å få motstand frå Antikrist, men får hjelp frå himmelen, då er det viktig for han å gi seg heilt til Kristus og ta imot den hjelpa han gir han frå himmelen. Denne motstanden er generell, åndeleg og teoretisk, men der er eit poeng med å vedkjenne Jesu namn inn i eit bestemt miljø, så får det vise seg korleis motstanden utartar seg og korleis det går.

Jesus minna meg om at han hadde sett fram for meg ei opna dør, som ingen kunne lukke og yngste meg velkommen inn (Joh.Op.3,7-8). Han er vegen til Faderen og døra til himmelen, når eg nyttar meg av det, får eg sjå at der er mange vegar og dører som er opne for meg til å gå med den glade bodskapen han har gitt meg. Vi tenker vel først og fremst i kyrkjelyden og dernest i kyrkjelyden sitt distrikt, men det kan også vere som utsending, apostel betyr utsending, misjonær er det vanlege ordet for det, men Jesus er med oss alle og vi har alle med oss den glade bodskapen der vi kjem, som hans utsendingar til verda.

I det siste har John Willy Lien vore mange gangar og forkynt på Sion Åheim og det vert det sikkert meir av, sidan broren hans, Daniel, har vorte forstandar eller leiar for eldsterådet. John Willy har ofte opna for frie vitnemål og så har han hatt seminar om Israel og profetiane, men då har han berre opna for å komme med spørsmål til slutt, diskusjon vil han ikkje ha.

Laurdag 5.4. kl. 17 var han invitert til å halde Israel-seminar på bedehuset på Hakkalestranda, det er berre 3-4 km frå der eg bur og eg var der og høyrde på. Vi sat rundt bore og hadde kaffi-pause midt i møtet og kveldsmat etterpå, så det vart hyggeleg prat med slekt og grannar. Søndagen etter var det vanleg møte på Sion kl. 18. Etter tala opna han for frie vitnemål, ei lita helsing, så eg gjekk fram og minna om at Jesus lækte 10 spedalske, ein av dei var samaritan og berre han kom attende og takka Jesus for det. Så sa eg at eg hadde sagt til John Willy at når han opnar for å stille, så vil eg ikkje stille spørsmål ved Guds Ord. Men når vi vedkjenner Jesu namn for menneska, så kjem spørsmåla, det viste seg når han sende ut disiplane sine, det var endåtil som å sende dei ut mellom ormar og skorpionar (eigentleg som sauer mellom ulvar, men han gav dei makt til å trakke på ormar og skorpionar). Dei kom til å verte stilte for retten, men då skulle dei ikkje bekymre seg for kva dei skulle seie, for den Heilage Ande skulle gi dei rette orda i rette tid. Og Jesus har sagt til meg at når han har gitt meg kall og visjonar, så må eg aldri stille spørsmål ved det.

Når eg kjem på møte kan eg oppleve at Jesus svarar på mi bøn gjennom (tala og) tyding av tungetale, då meiner eg det er viktig å få komme attende og takk Jesus for det, slik som denne samaritanen. Når eg då går fram og vitnar, slik som eg gjer no, er det ikkje berre for dykk, men for å møte han Jesus, snakke med han og takke han. Om der då kjem tungetale med tyding er heilt greitt at de avbryter meg, for eg får oppleve at han Jesus svarar meg og då har eg oppnått det som eg ville.

Matt.10,16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer!  17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene.  18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.  20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk.  21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr.  22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.

Luk.10, 17 Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!» 18 Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.  19 Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.  20 Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»

Jesus lækte 10 spedalske, ein var samaritan og kom attende og takka.

Der var ti spedalske som bad Jesus om å lækje dei og han sa dei skulle gå og vise seg for prestane, ja, for der var reglar i Moselova om at prestane skulle undersøke dei som hadde fått hudsjukdom (3.Mos.13). Så dei la i veg i tru på Jesu ord og då vart dei lækte. Då var der ein av dei som for attende og takka Jesus for det og Jesus undra seg over at ikkje dei andre også gjorde det, dei vart då lækte dei også. Strengt teke gjorde dei nok slik som han hadde sagt, men denne eine gjorde noko anna i tillegg, han gjekk attende og takka Jesus for det og dermed takka han Gud for det.

Luk.17,11 Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea.  12 Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna  13 og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» 14 Då Jesus fekk sjå dei, sa han: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.  15 Ein av dei kom attende då han såg han var lækt. Han lova Gud med høg røyst, 16 kasta seg ned for Jesu føter og takka han. Denne mannen var ein samaritan. 17 Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? 18 Var det ingen annan enn denne framande som kom attende og ville gje Gud æra?» 19 Og han sa til mannen: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»

Då sa Jesus noko meir til han og det verkar som det kjem til erstatning for det han hadde sagt til dei alle, han kunne reise seg og gå heim, for trua hans hadde frelst han.

Ta imot Guds rike som små born og verte opplærde av Faderen, ved hans Ord og hans Ande. Kristus sende oss talsmannen den Heilage Ande, så den er vår advokat.

V i må verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Det vart tydeleg ved at Jesus valde ut ulærde menneske som fekk oppleve dette og så sende han dei ut får å forkynne evangeliet om Guds rike. Då fekk dei oppleve at dei vart utrusta til det ved den Heilage Ande. Dei kom til å verte stilte for retten, men den Heilage Ande gav dei rette orda i rette tid. Slik er det framleis og vi må vite å nytte oss av det. Ingen er større enn Herrens sin, har dei forfølgt han, vil dei forfølgje oss også. Då må vi vite å ta imot den utrustninga som han gir oss ved sin Ande og bruke den.

Joh.13,12 Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk? 13 De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.  14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre.  15 Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.  16 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.  17 No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

Joh.15,18 Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst.  19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk.  20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg.  21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg.  22 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med.  23 Den som hatar meg, hatar Far min òg.  24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn.  26 Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg.  27 Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste.

Kristus sende oss talsmannen, den Heilage Ande, den minner oss om det Jesus har sagt og er vår advokat. Då må vi vite å nytte oss av det.

Det rette endetidssynet er at vi veks opp til Kristus så han vinn skapnad i oss og hans kyrkje vert ei moden brud. Endetida; nedteljing der ein kjem til endes med seg sjølv.

Når der kjem tyding av tungetale, så kjem det ofte som stadfesting av det som har vorte forkynt i tala eller innleiinga elles svar på det som har vorte sagt i vitnemål. Slik også når Finn-Arne Lauvås forkynte i dFEF og kom med tyding av tungetale og her er ein viktig bodskap om endetida:

M40, Onsdag 19. februar 1997, tyding av tungetale, ved Finn Arne Lauvås:

«Ja, sier Herren, den ånd og den natur som jeg har plantet i ditt indre, den rommer alle mine rikdommer og mine dyder. Derfor når du lener deg og støtter deg til meg, skal min duft komme over ditt liv. Når du vender deg om fra meg og kjemper i din egen kraft og du er krampaktig, så skal du hamne i tørrt land. Men når du da kommer til endes på deg selv og du igjen roper til meg, så skal du erfare at jeg alltid har vært der. Men jeg var der ikke som en hjelp av deg, men jeg kommer til deg for å være ditt alt. Ja, ofte så har du søkt meg når det har vært vanskelig, og når du har opplevd hjelpen fra meg og du har kommet deg opp igjen, så har du glemt meg. Men se, sier Herren, jeg er ikke bare nær når du har dine problemer. Men jeg er der for å være ditt alt. For å være din kraft, din fred, din kjærlighet, din glede. Ja, sier Herren, jeg gir ikke meg selv pluss noe som kalles fred og glede. Det er jeg som er din glede, det er jeg som er din fred. Jeg er alt for deg, sier Herren. Du har sett på meg som en som gir deg ting, men jeg gir deg ikke ting, sier Herren. Jeg gir deg meg selv, og mitt eget liv skal blomstre fra ditt indre.

Ja, da jeg fødte min natur i deg, ved den nye fødsel, så er det mitt prosjekt i ditt liv, å føre deg fram til tronen, til aldersmålet for min fylde. At du i alle måter må vokse opp til meg som er hodet. Se, min Ånd er ikke kommet til deg bare for å gi deg noen gode følelser, i møtene. Men det som egentlig ligger på mitt hjerte, sier Herren, det er å se min Sønn vokse fram fra ditt liv. Det er å se mitt eget vesen i din personlighet. Det er å se hvordan min Sønn vinner skikkelse i deg, slik at jeg kommer til syne i ditt liv. Du har ofte tenkt på meg som en som velsigner deg og gir deg gode gaver. Og det gjør jeg, sier Herren, men det er noe som er større enn dette. Det er å se at du blir forvandlet, at du går fra herlighet og til herlighet. Og min tanke i endetiden, sier Herren, det er et folk som forlater de første ting, ikke i den forstand at de glemmer det, men at de skrider fram mot det fullkomne. Det er å se en kristenhet som er som en moden brud, som ikke er opprevet og stykkevis, som enno ikke er på et stadium hvor man oppfører seg som barn, sier Herren. Men det er et folk som virkelig kjenner meg. Dette er mine signaler for endetidsfolket. Det er at mitt folk er et folk som ligner meg. Og det er dette verden trenger å se, dersom de skal tro på dere, sier Herren. Det er at dere blir forvandlet og lik meg i denne tid. Derfor ønsker jeg å føre dere fram til den fulle innsikt. Se, sier Herren, mitt ord er for denne tid. Den hele skrift er innblest av meg. Mitt ord er ikke når du er kommet hjem. Da skal du se meg som jeg er, du skal bli meg lik. Det er nå du trenger den hele skrift og det hele budskapet. Bringe helheten inn i ditt indre. Slik at du får vyer og drømmer og visjoner. At du begynner å tenke utfra en himmelsk vinkel, sier Herren. Derfor la dette møtet være et skritt videre, i riktig retning. Ikke tilbake, men mot tronen, mot målet.» 

Bodskapen i Maranata 9.4.2017: Tungetale ved Karl, tyding ved Tore:

«Ikkje rekn med deg sjølv. All din styrke kjem til kort i kampen mot vondskapens velde. Men rekn med meg, sett din lit til meg, av heile ditt hjerte. I kampen mot det vonde, så sjå opp til meg. Eg er sterk, eg har vunne, sigeren er fullkomen. Den sigeren eg vann, den er din, seier Herren. Skjul deg i mine skader (vunder) og sår. Gøym deg i mitt blod. Og du skal få oppleve at når stormen kjem, så skal inkje vondt nå deg. Men du skal verte bevara gjennom det heile. For eg, eg vil bevare den som tek si tilflukt til meg.

Stormen, den kjem, er allereie i gang over denne klode. Angsten tek folk, og fortvilinga. Du ser det med dine auge. Men klyng deg inn til meg og vert buande i min lovnads ord. Så skal du midt i all denne strid og denne larm og virvar, få kjenne du vert bevara rein og sunn i trua på mitt herlege namn. Og når alt det som eg har sagt skal komme, kjem, då skal du få oppleve at den lovnaden eg gav, eg kjem att for at du skal sjå min herlegdom, det skal du fåoppleve. Men bli hos meg, uansett, og du skal få kjenne, du skal bevarast.»

Den Heilage Ande minner oss om Jesu ord og gir oss dei rette orda i same stunda som vi treng dei, soleis møter vi igjen det som vart sagt til byggherren Serubabel, når dei skulle bygge oppatt tempelet, at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande. 

I dokumentet «Ny Tid 8» skreiv eg om kor mange dagar den øydandes styggedomen skulle verte ståande på heilag grunn og eg forstår det som kor mange dagar Jerusalem var beleira, medan keisar Nero var keisar. Men eg kan også forstå det som den tida då disiplane skulle ta opp krossen sin og følgje etter Kristus, inntil han vart krossfesta. Deretter skulle dei sjå det slik at ved trua på han vart dei krossfesta med han, i følgje Paulus. Like vel trur eg det er ein prosess for oss alle, spesielt opp gjennom oppveksten, å komme til erkjenning av at slik er det, som ein åndeleg røyndom, fordi Jesus døyper oss med den Heilage Ande og den overtyder oss om det. 

Så er der ein prosess, der vi som lemer på Jesu lekam veks opp til han som er hovudet for lekamen og han vinn skapnad i oss. Og Jesu brud vert ei moden brud. Eg er overtyda om at dette heng saman med at Jesu gir meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, slik som eg har bedt han om, sidan eg var ein gutunge.

Preterisme, kva er det? 

På byrjinga av 2024 vart der ein diskusjon i avisa «Dagen» om kva som var det rette endetidssynet, ved at Leif Jakobsen (LJ) og Gordon Tobiassen gjekk til åtak på preterismen, representert ved Finn-Arne Lauvås (FAL). Preterisme betyr «allereie oppfylt». Ved å definere den teologiske ordet «preterisme» ville dei ha det til at preteristane, inkludert FAL, meinte at Gud hadde vraka sitt folk, stikk i strid med Rom.11,1… & 23…, men det nekta han for. Det vart påstand mot påstand og dermed ei barnsleg krangling. Å definere ordet «preterisme» slik dei ville, vart ei metoide til å fre med baktale og skape strid, stikk i strid med 1.Kor.1,10… og 1.Pet.2,… Eg tok del i debatten i kommentarfeltet på Dagen.no, men fann ut at dette ikkje hadde noko for seg. Der var så mykje tullball i andre artiklar også, at eg sa opp abonnementet.

 Laurdag fekk eg med meg eit lite skriv der LJ presenterte preterismen på ei A4-side som motsetnad til «Bibelens klassiske endetidslære og Israels plass i Guds store plan». Han meinte vi treng forkynnarar og pastorar som kjenner til den og vil forsvare den mot preterismen. Det er litt rar oppstilling, for det er då uansett Bibelens Ord vi går utifrå. Men motsetnaden er mellom den klassiske husholdnings-læra og preterismen. Og det er ikkje vanskeleg å vise utifrå Bibelen at  den klassiske hushaldningslæra er feil. I følgje FAL har den resulter i mange dommedags-profetiar som har slått feil, det har ikkje eg sjekka så nøye, eg har i grunnen aldri bryt meg så mykje med den, eg er sjølvstendig nok til å lese i Bibelen og tenke og be sjølv om openberring ved Guds Ande. Det er Bibelens metode. Det er det FAL og andre preteristar har satsa på også.  Preterismen er eigentleg eit heilt spekter av teologi, eg tek med eit par sitat om det. 

Sitat frå https://www.preterisme.no/preterisme-hva-er-det/ :

Preterisme – hva er det?

I ordbok fra 1886 (Geelmuyden) kan vi lese at en preterist er som tror at Åpenbaringens spådommer alt er oppfylte.

Ordet har noe utvidet definisjon i dag:

Preterisme er et eskatologisk syn der man tolker at hendelser og profetier i Bibelen knyttet til endetiden alt er oppfylt.

Det er flere varianter innen preterismen, men i hovedsak deler vi disse opp i delpreterisme og helpreterisme:

Delpreterister tolker at noen profetier er oppfylt, og helpreterister tolker at alle profetiene om endetiden har hatt sin oppfyllelse i fortiden.

Preterister tror f.eks. at:

Snart faktisk betydde snart når Johannes skrev om de siste ting.

De siste tider var kommet til de troende i det første århundre jfr. 1.kor 10:11

Den generasjon Jesus talte til ikke skulle forgå før de så tempelets ødeleggelse, tegnet på Hans komme, og tidsalders ende. (Se Matt 24)

SITAT SLUTT.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Jesu_gjenkomst :

Jesu gjenkomst, også omtalt som Jesu kommeParousia og annet, er en trosforestilling i kristendommenislam og bahaisom innebærer at Jesus Kristus, angivelig profet og Guds sønn, i sin gudommelige form kommer til å vende tilbake til jorden etter at han for til himmelen etter sin oppstandelse. Den kommende hendelsen knyttes vanligvis til ideen om Guds endelige dom over levende og døde i verden. Begrepet er sentralt innen den kristne eskatologien (endetidslæren), og har også ofte blitt avbildet i kirkekunsten

Det er stor uenighet blant kristne om hvordan man skal tolke tekstene og de angivelig sanne profetiene (spådommene) i Bibelen. Noen kirkesamfunn og teologer tror at gjenkomsten vil være helt bokstavelig, og at Jesus vil komme tilbake synlig for alle, kanskje ved å stige ned på Oljeberget, et fjell like øst for Jerusalem. Noen tror på «bortrykkelse», og at Gud vil ta de rettroende kristne til seg, mens andre mennesker vil bli tilbake på jorden. Gjenkomsten vil finne sted før eller etter dette. Ikke alle kristne mener at Jesu gjenkomst vil være synlig. 

Ifølge det synet som kalles preterisme, fikk gjenkomsten sin oppfyllelse allerede da Jesus var på jorden. Noen vil oversette det greske ordet parousía med «nærvær» snarere enn «gjenkomst», og vil snarere snakke om Jesu nærvær enn Jesu gjenkomst. Andre igjen vil snakke om «nærvær» og «gjenkomst» som en del av samme helhet, slik at ingen utelukker hverandre, men at nærværet av Jesus i et menneske også kan skje før gjenkomsten.

Utallige dommedagsprofeter har påpekt «sikre» endetidstegn i sin samtid og feilaktig spådd tidspunktet for den lovede tilbakekomsten.[trenger referanse]

SITAT SLUTT.

Eg er unik og skal ikkje samanlikne Jesu prosess med meg, med hans prosess med andre.

Og så talte Jesus til meg gjennom profetiske bodskap vev Elin Therese Slotten og sa at eg var unik og skulle ikkje samanlikne hans prosess med meg, med hans prosess med andre. Bodskapen ved ETS 6.2.2025:

0:19 «Ikkje samanlikn deg med nokon andre, for eg har skapt deg heilt unik og heilt spesiell.» Det ordet berre kom til meg og eg har hatt det ordet liggande på hjertet mitt lenge. Eg har hatt det som ein prosess i fleire månadar eigentleg, der Gud har talt dette. Og så høyrde eg han tale i går også. Og plutseleg kom det eit profetisk ord som sa akkurat dette igjen. Og då berre traff det igjen og den Heilage Ande berre tok tak og sa at dette ordet trengst å delast til mitt folk. Og han berre la det på hjertet mitt at eg skulle dele det med deg. Og så fekk eg dette også, når eg køyrer no, så kjenner eg at Gud berre legg dette på hjertet mitt, at han legg berre meir og meir ord på hjertet mitt. Og eg fekk desse ord også, at du skal ikkje samanlikne din prosess med nokon andre. Du skal ikkje samanlikne den tid du er i og kva Gud gjer med andre og samanlikne det med ditt liv. ……… 1:30 Men du skal ikkje samanlikne din prosess med Gud. Du er heilt unik. Og det du lever i er heilt unikt. Dine bøner til Gud er heilt unike. Altså alt med deg er heilt unikt. Og derfor kan du ikkje samanlikne din prosess og ditt liv med Gud. Og deg og ditt liv generelt, ditt kall, med nokon andre. Det kan vere nokre andre som har noko liknande som du har, men uansett om det er liknande, så vil det aldri vere det same. For du er heilt unik. Og Gud berre la det på hjertet mitt at eg skulle seie det til deg, at du er unik, du er spesiell og du er viktig. Og sjå opp til meg, seier han, sjå opp til meg. Ikkje sjå på folket rundt deg. Ikkje sjå på nokon av dei. Ikkje sjå på kva eg gjer i deira liv, ikkje sjå på kva ord dei får. Ikkje sjå på nokon av deira sin prosess, sjå berre opp til meg og min prosess med deg, seier din Gud. Og han har store planar for deg, han har så store planar for deg. Du er viktig for han, du er sett, du er høyrd og han har deg i si hand. Du skal berre stole på den prosessen han tek deg gjennom. For han veit kva han gjer med ditt liv. Så ikkje samanlikn deg med nokon som helst andre, ikkje bruk di tid og sløs bort di dyrebare tid på å sjå på alle andre og prøve å tilfredsstille alle andre sine behov over ditt liv. Berre sjå til Gud. I Jesu namn. Amen.

1.Kor.13,8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.  13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Er det noko Gud har overtyda meg om, ved sitt Ord og sin Ande, skal eg ikkje stille spørsmål ved det, eg skal berre tru på det, hugse på det og takke for det i tru. Om andre vil stille spørsmål ved det, så får det vere deira ansvar.

Prøve åndene og kle seg i Guds fulle rustning. 

Prøve åndene.

Vi skal tru på Jesus, ta imot han og ta vare på hans ord, slik får vi ein ny natur, så vi elskar kvarandre. Då får vi nok merke at den gamle vonde naturen er som Kain, som vart misunneleg på Abel.

Joh.6,29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»  

 Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine.  16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

1.Joh.3,11 For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre.  12 Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13 De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk.  14 Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden.  15 Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.  16 Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. dei som fornektar han og slik kan vi prøve åndene. 

Når vi vedkjenner Jesu namn for menneska, vil det nok vise seg at der er dei som fornektar han og slik kan vi prøve åndene.

1.Joh.4,1  De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda.  2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud.  3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda.

4 Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei.  6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sannings-ånda frå villfarings-ånda.

Kle seg i Guds fulle rustning.

Ved å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, kler vi oss i Guds fulle rustning  og så skal vi gå ut og vedkjenne vår personlege tru på Jesus får andre menneske. 

Maranata 8.12.2013, Tungetale ved Mari, tyding ved John:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft!  11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak.  12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda.  13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje,  15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid.  16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde.  17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord.  18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.  19 Bed for meg òg, at eg må få dei rette ord når eg skal tala, så eg med frimod kan forkynna løyndomen i evangeliet,  20 som eg er sendebod for her i fengslet òg. Bed om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Jesus kledde seg i hemnens klednad.

Jesus kledde seg i Guds full rustning, men etter at han hadde stått oppatt frå dei døde, vart det hemnens klednad.

Jes.59,12 Du ser at våre synder er mange,

våre brot vitnar imot oss.

Ja, våre synder veit vi om,

våre misgjerningar kjenner vi: 

13 Vi har reist oss mot Herren,

har fornekta han

og gått bort frå vår Gud.

Vi har tala om vald og fråfall

og mumla fram svikefulle ord

som var avla i hjarta. 

14 Difor er retten unnatrengd,

rettferda står langt borte.

På torget er sanninga fallen,

og det rette vinn ikkje fram.  

15 Truskapen er borte,

og den som held seg frå vondskap,

vert plyndra. 

Herren såg – og det var vondt i hans augo –

at det ikkje var retten som rådde.

16 Han såg at ikkje ein steig fram,

og undra seg over

at ingen førte hans sak.

Då kom hans arm han til hjelp,

hans rettferd stødde han. 

17 Han tok rettferd på seg til brynje

og sette frelseshjelm på sitt hovud.

Så kledde han seg i hemnens klednad

og sveipte om seg brennhug til kappe. 

18 Han løner folk etter det dei har gjort,

med harme mot uvener, hemn over fiendar;

jamvel mot øyar og strender

gjer han attergjeld.

19 Dei skal ottast Herrens namn i vest

og hans herlegdom i aust.

For han kjem som ein veldig flaum,

som Herrens storm driv fram. 

20 Han kjem som utløysar for Sion,

for dei som snur om frå synd i Jakob,

lyder ordet frå Herren. 

21 Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

Kristus var oppstått frå dei døde og var innsett som Guds Son ved Faderens høgre hand, som øvsteprest til evig tid, Guds Messias, kongars konge. Då vart Jerusalem lagt i grus, heilt klart fordi han hadde teke på seg hemnens klednad. Derfor meiner preteristane at han kom igjen i år 70 og dispensjonalistane protesterer. Men han kjem igjen og igjen til sin kyrkjelyd, slik som han har lova. Det får vi oppleve når hushaldaren er trufast mot Kristus.

Men kva med at han kjem igjen som dommar, gjentek det seg også? 

Hushaldninglæra ekskluderer det Jesus og Paulus sa om å vere hushaldar.

I Bibelen er det tale om Guds hushaldarar i heilt andre samanhengar enn i hushaldningslæra. Dersom Guds hushaldar ikkje var trugen, kunne han verte avsett og får ikkje fullføre. Vart han hardhendt mot tenestefolket, kunne avsettinga vert hardhendt. Så spørst det etter ein trufast hushaldar. Og det er utruleg at «husholdningslæra» presterer å utelukke dette og finne på noko heilt anna i staden! 

Luk.12,35 Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!  36 Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå gjestebod, og står ferdige til å lata opp så snart han kjem og bankar på. 37 Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Sanneleg, det seier eg dykk: Han skal spenna beltet om livet og føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.  38 Anten han kjem i den andre nattevakta eller i den tredje: Sæle er dei når han finn det så.

39 Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.  40 Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

41 Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?» 42 Herren svara:

Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?  43 Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han! 44 Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.  45 Men dersom tenaren seier med seg: «Herren min dryer nok endå ei stund,» og han så tek til å slå tenestgutane og jentene og eta og drikka og fylla seg, 46 då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande. 47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag.  48 Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre.

Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir.

Luk.16,1 Jesus sa til læresveinane: Det var ein gong ein rik mann som hadde ein hushaldar. Og folk kom til han og sa at denne hushaldaren øydde bort det han åtte. 2 Då kalla han hushaldaren til seg og sa: «Kva er det eg høyrer om deg? Gjer rekneskap for styringa di, for du kan ikkje lenger vera hushaldar hjå meg.» 3 Mannen tenkte: «Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Grava orkar eg ikkje, og eg skjemmest ved å tigga. 4 Jau, no veit eg kva eg vil gjera så dei skal ta meg til seg når eg vert avsett.» 5 Så kalla han til seg skuldmennene åt herren sin, ein for ein, og sa til den fyrste: «Kor mykje er du skuldig husbonden min?» 6 «Hundre fat olje,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt,» sa hushaldaren, «set deg ned med ein gong og skriv femti.» 7 Så spurde han den neste: «Og du, kor mykje skuldar du?» «Hundre tønner kveite,» svara han. «Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti,» sa hushaldaren.

8 Herren rosa den uærlege hushaldaren fordi han hadde fare klokt åt, og han sa: Denne verdsens born er klokare til å stella seg med kvarandre enn ljosens born.  9 Og eg seier dykk: Bruk pengane, som det hefter så mykje urett ved, til å vinna dykk vener, som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt. 10 Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.  11 Er de ikkje ærlege med pengane, som det hefter urett ved, kven vil då lita på dykk og gje dykk den rette rikdomen? 12 Og syner de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga? 13 Ein træl kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Paulus sa han ved Guds nåde var hushaldar over den løyndomen som vart kunngjord for han i ei openberring.

1.Kor.4,1 Så skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar over Guds løyndomar.  2 Og av hushaldarar krevst det at dei er true.  3 Men for meg har det ingen ting å seia om eg vert dømd av dykk eller av nokon menneskeleg domstol i det heile. Ja, eg dømer ikkje meg sjølv eingong. 4 Rett nok veit eg ikkje av å ha gjort nokon urett; men dermed er eg ikkje frikjend. Herren er den som dømer meg. 5 Døm difor ikkje før tida, før Herren kjem. Han skal føra fram i ljoset det som er løynt i mørkret, og avsløra det menneska ber i hjarta. Då skal kvar og ein få si ros av Gud.

Ef.3,1 Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar.  2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen  3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor.  4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet.  7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom  9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt.  10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda.  11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit.  13 Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!

Bøn om styrke og skjøn

14 Difor bøyer eg mine kne for Faderen,  15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik.  18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,  19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,  21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen.

Klippe, du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg.

Vi syng «Klippe du som brast for meg, la meg gøyme meg i deg». Det får meg til å tenke på profeten Elia som gøymde seg i ei fjellhole (1.Kong.19). Malakias profeterte at der skulle komme ein profet som han kalla Elia, til samanlikning med Elia, altså. Det var Johannes døyparen og at vi skulle sjå at Jesus var Guds Lam som bar verda si synd.

Når Moses leia folket i øydemarka, vart dei tørste, men så kom dei til eit berg og Moses skulle slå på berget med staven. Då opna der seg ei oppkome med vatn, så folket fekk drikke. Dette berget er symbol på Kristus, han er berget som vart slått, ved at han vart krossfesta på Golgata. Oppkoma er symbol på det levande vatnet som vi får ved å tru på han og komme til han. Han vart gravlagt i ei hole i berget og der vart lagt ein stein framfor. Men han stod oppatt og viste seg for folk, steinen vart teken til sides så dei kunne sjå at grava var tom. Det var som om berget hadde broste og slept han ut. Dette er det profetert om i Sak.14, men det trengst symboltolking for å skjøne det.

Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.  

6 Den dagen skal det henda at ljoset kverv, og dei herlege himmelljosa sloknar. 7 Så skal det vera ein einaste dag – Herren kjenner han – og ikkje dag som skifter med natt; om kvelden skal det vera ljost. 8 Den dagen skal det henda at det renn levande vatn ut frå Jerusalem, den eine halvparten til havet i aust og den andre halvparten til havet i vest. Såleis skal det vera både sommar og vinter.

9 Då skal Herren vera konge over heile jorda. Den dagen skal Herren vera éin og namnet hans det einaste.

Herrens tempelberg skulle verte løfta opp, det skjedde når Jesus vart teken opp til himmelen.

Maranata søndag 14.6.09. Tyding av tungetale:

«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde. 

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike. 

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover, og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»

Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma. 

3 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.»

Jesus døyper oss med den Heilage Ande, då blir det som om vi har møte med han der oppe.

Heb.12,18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, ….  22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.  

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:

«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.» 

Så for meg er det sesong for å sitje i ro, til samanlikning med Elia i berghola, der berget er symbol på Kristus. Det er tid for å be han om noko større og noko meir. Det har eg allereie skrive noko om.


Leave a comment