Biletet: Beleiring av Jerusalem i år 70.
Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Eg har fortalt om korleis eg var opplærd til å be får eg var ein liten gutunge, å be slik er det sentrale med prestetenesta både i den gamle og den nye pakt. No er eg i den nye pakt og får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande.
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.
Eg visste det var viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for dei andre, men det var eg redd for, eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde berre å teie stilt om det. Men eg sa det til han i mi kveldsbøn og bad han fri meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og det vart det laglege høvet for meg til å vedkjenn mi tru på Jesus, no var eg ikkje redd for det i det hele teke, for det høvde med trua og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet ved sitt Ord og sin Ande.
Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er
at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det.
Eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og så ber eg slik. Dette er det sentrale poenget i mi presteteneste. Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta både i den gamle og den nye pakt. I Sak.3 er det sagt at øvstepresten Josva skulle sjå fram til at Gud let sin tenar Renning koma, på ein dag skulda som kvilte på dette landet takast bort. Det skjedde når Kristus døde for oss på korset og det gjeld for heidningar også. No er han vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og det er det vi må nytte oss av. Vi må feste blikket på han og snakke med han inntil han kjem og hentar oss heim til seg. Det er det han har kalla meg til.
Når Herren minner ein predikant om kva han skal Bibeltekst han skal tale over og der kjem bodskap gjennom tyding av tungetale eller profetiske bodskap og eg opplever at Herren talar til meg og svarar meg slik, så forstår eg det som engelen som tala til Josva i Sak.3, han profeterte om den nye pakta, men no har vi den her allereie, det er grunnvollen vi bygger på. Eg kan forstå det som engelen for den nye pakta, Malakias.3,1, det var Døyparen Johannes, men ikkje berre han. Ein engel er ein bodberar og eg anerkjenner predikanten som ein av hans bodberarar, når eg opplever at han kjem med slike bodskapar til meg. Men eg skal feste blikket på Kristus og snakke med han.
Korleis gjekk det med den levittiske prestetenesta?
Moses sa til Israels-folket at dei skulle vere Guds born, men han føresåg at dei kom til å gjere opprør og verte bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk komme attende skulle dei verte hjerteomskorne. Og slik gjekk det. Profetane sa at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle ver Guds born. Han hadde omsorg for henne som kona si og stelte vel med henne. Men det skjøna ho ikkje, så ho dyrka avgudane i staden og vart ei hore. Borna hennar vart horeborn som gjorde opprør mot han. Då tok han bort omsorga si for henne og horeborna hennar og då gjekke det dei ille. Dei vart bortførde frå landet sitt. Når dei då fekk vende tilbake til landet sitt, ville han tale venleg til henne igjen, så det skulle verte som i trulovingsdagane. Ho skulle ikkje lenger kalle han for sin Baál. Dett betyr min herre, Adonai betyr også min Herre og det er brukt om Gud i Bibelen. Men ho skulle kalle han for «min Mann» og det får vi oppfylt ved at Jesus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Josva og Serubabel, profeti om den nye pakta.
Når dei fekk kome attende til landet sitt, var det viktig for dei å byrje å bygge oppatt tempelet, for då ville Gud velsigne dei. Dei fekk motstand men profeten Sakarja talte om engelen som talte til øvstepresten Josva og byggherren Serubabel.
Sak.3,6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
Den øydande styggedomen og den Duglause Hyrdingen.
Så dette er ein profeti om den nye pakta, hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Men Daniel hadde allereie profetert om korleis det kom til å gå med prestetenesta og det gjorde Sakarja også. Sakarja og Haggai var profetar på den tida tempelet vart bygt oppatt (520-515 f.Kr.).
Dan.11,29 Til fastsett tid dreg han mot sør att, men denne gongen går det ikkje som sist. 30 For skip frå vest kjem mot han. Då misser han motet, snur om og lèt harmen sin gå ut over den heilage pakta. Så vender han tilbake og merkar seg dei som har svikta denne pakta. 31 Hærstyrkar som han sender ut, vanhelgar heilagdomen, den faste borga, tek bort det daglege offeret og set opp den øydande styggedomen. 32 Dei som syndar mot pakta, lokkar han til fråfall med sleipe ord. Men det folket som kjenner sin Gud, står fast og viser det i gjerning. 33 Dei vituge i folket hjelper dei mange til skjøn. Men ei tid vert dei offer for sverd og bål, fangenskap og plyndring. 34 Medan dei er i trengsle, får dei litt hjelp. Men mange som sluttar seg til dei, er ikkje ærlege. 35 Nokre av dei vituge kjem i trengsle, så dei vert skirsla og reinsa og tvegne til endetida. For enno er det ei stund att til den fastsette tid.
Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. 6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
Levittane braut Levi-pakta, korleis kunne den då stå ved lag? Men heidningane bar fram reine offer.
Utifrå kva som står skrive i Malakias bok, meiner Biblex at han sansynlegvis var profet rundt 460-430 f.Kr, rett før eller medan Nehemja var statthaldar. Malakias påstod at levittane hadde brote Levipakta, fordi offera dei kom med ikkje var lytrefrie.
Malakias.1,6 Ein son ærar far sin,
og ein træl har age for herren sin.
Men er eg far, kvar er då mi ære,
og er eg herre, kvar er då agen for meg?
seier Herren, Allhærs Gud, til dykk,
de prestar som vanvørder mitt namn.
De spør: «Korleis vanvørder vi ditt namn?»
7 Jau, de ber fram urein mat på mitt altar.
De spør: «Korleis har vi krenkt din reinleik?»
Jau, de seier: «Herrens bord er lite å vørda.»
8 Når de vil ofra eit blindt dyr,
er ikkje det gale?
Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt,
er ikkje det gale?
Kom med slikt til statthaldaren din!
Trur du han vil synast om deg
eller ta vel imot deg?
seier Herren, Allhærs Gud.
9 Men no, prøv å vinna Guds velvilje,
så han kan vera nådig mot oss.
Når de har gjort slikt,
kan han då syna godhug for dykk?
seier Herren, Allhærs Gud.
10 Om det berre fanst nokon mellom dykk
som ville stengja tempeldørene,
så de ikkje til fåfengs kveikjer eld på mitt altar.
Eg har ingen hugnad i dykk,
seier Herren, Allhærs Gud,
og vil ikkje ha dei offergåvene
som de ber fram.
11 Frå lengst i aust til lengst i vest
er mitt namn stort mellom folkeslaga.
Alle stader brenner dei reine offer
som dei ber fram for meg;
for mitt namn er stort mellom folkeslaga,
seier Herren, Allhærs Gud.
12 Men de vanhelgar mitt namn
når de seier at Herrens bord er ureint,
og at maten på det er ring frukt.
13 De tenkjer: «Å, for eit strev!»
og blæs åt det, seier Herren, Allhærs Gud.
De kjem med dyr som er røva,
og med dyr som er halte eller sjuke,
når de ber fram offergåver.
Skulle eg ha hugnad
i slike gåver frå dykk? seier Herren.
14 Forbanna vere den som fer med svik,
som har eit hanndyr i buskapen
og lovar å gje det til Herren,
men i staden ofrar eit dyr som er skadt.
For eg er ein stor konge,
seier Herren, Allhærs Gud,
mellom folkeslaga står det age av mitt namn.
Det er svært så overraskande at det vert fortalt at heidningane ære Gud ved å bere fram reine offer, medan levittane ikkje gjorde, når jøden skulle bere fram eit offer, valde han ikkje lytelause dyr.
Malaki.2,1 Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:
2 Vil de ikkje høyra
og ikkje leggja dykk dette på hjarta,
så de ærar mitt namn,
seier Herren, Allhærs Gud,
så sender eg forbanning mot dykk.
Eg gjer di velsigning om til forbanning,
ja, eg gjer henne til forbanning
fordi de ikkje tek dette til hjarta.
3 Sjå, eg vil truga ætta dykkar.
Avfall av offerdyr etter høgtidene dykkar
kastar eg i andletet på dykk,
og med det skal de berast bort.
4 Då skal de skjøna at det er eg
som har sendt dykk dette bodet,
så mi pakt med Levi kan stå ved lag,
seier Herren, Allhærs Gud.
5 Mi pakt med han gav liv og fred,
og det gav eg han så han skulle ottast.
Han ottast meg og hadde age for mitt namn.
6 Påliteleg rettleiing var i hans munn,
og det fanst ikkje svik på hans lipper.
Han ferdast med meg i fred og rettferd
og berga mange frå syndeskuld.
7 For ein prests lipper tek vare på kunnskap,
frå hans munn skal folk be om rettleiing,
for han er sendebod frå Herren, Allhærs Gud.
8 Men de har vike av frå vegen
og fått mange til å falla
med den rettleiing de har gjeve.
Levi-pakta har de brote,
seier Herren, Allhærs Gud.
9 Difor har eg gjort dykk vanvørde
og små for heile folket,
for de aktar ikkje på mine vegar,
men gjer skil på folk
når de gjev rettleiing om min vilje.
Herren ville ikkje vite av skilsmål. Er der ein samanheng mellom offeret og ekteskapet?
«Mor Israel» var Guds kone, dette hang saman med at mannen og kona hans var jødar og dyrka Israels Gud. Men når dei fall ifrå, vart ho ei hore og vart straffa for det, landet vart hærteke og dei vart bortførde frå landet. No var dei komne attende og Sions Dotter hadde vel lært av «Mor Israel» sitt fråfall, sidan ho vart så hardt straffa for det. Men no vart problemet at mannen ville skilja seg frå kone si og her vert han irettesett for det.
Malakias.2, 10 Har vi ikkje alle same far,
den eine Gud som har skapt oss?
Kvifor er vi då trulause mot kvarandre
og vanhelgar våre fedrars pakt?
11 Juda har bore seg trulaust åt,
stygge ting har dei gjort
i Israel og Jerusalem.
Ja, Juda har vanhelga
den heilagdomen Herren elskar,
og gift seg med ei kvinne
som dyrkar framande gudar.
12 Gjev Herren må rydja ut or Jakobs telt
kvar ætling av den som gjer slikt,
jamvel om han ber fram offergåver
til Herren, Allhærs Gud.
13 Og dette er det andre de gjer:
De dekkjer Herrens altar
med tårer, gråt og sukkar.
Men han vil ikkje lenger sjå på gåva
eller ta imot dykkar offer med glede.
14 Og de spør: «Kvifor?»
Fordi Herren er vitne i saka
mellom deg og din ungdoms kone.
Du har vore utru mot henne,
endå ho er ektemaken din
som du er bunden til med pakt.
15 Er det ikkje éin som har skapt henne
både med lekam og ånd?
Og kva vil så den eine ha?
Born som høyrer Gud til.
Så akta dykk vel i sjel og hug!
Ver ikkje utru mot din ungdoms kone!
16 Eg vil ikkje vita av skilsmål,
seier Herren, Israels Gud,
og at nokon sveiper sin klednad med valdsferd,
seier Herren, Allhærs Gud.
Så akta dykk vel i sjel og hug
at de ikkje er trulause.
Kvifor var det så viktig å bere fram lytelause offer? Fordi offeret representerte dei overfor Gud, det skulle vere lytelaust, slik at dei sjølve skulle vere lytelause overfor han og verte godtekne som hans folk. Dei skulle vere bra nok for han. Då skulle vel mannen vere bra nok for kvinna, som ektemann og ho skulle vere bra nok for han, som kone. Hugs korleis kong Salomo talte om kona si som «den Lytelause Reine» i Høgsangen.
Engelen for pakta som dei stunda etter.
Så kjem ein profeti om engelen for den nye pakta, det måtte vel vere Johannes døyparen.
Malaki.3,1 Sjå, eg sender min bodberar,
han skal rydja vegen for meg.
Brått kjem han til sitt tempel,
Herren som de leitar etter.
Sjå han kjem, engelen for pakta
som de stundar etter,
seier Herren, Allhærs Gud.
2 Men kven kan tola den dagen han kjem,
kven kan stå seg når han syner seg?
For han er lik elden som smeltaren brukar,
lik luten som vaskarane reinsar med.
3 Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.
Han skal reinsa levittane,
reinsa dei som gull og sølv,
så dei kan bera fram for Herren
offergåver på rett vis.
4 Då skal Herren gleda seg
over offergåvene frå Juda og Jerusalem
som i eldgamle dagar, i framfarne år.
5 Eg kjem til dykk og held dom.
Eg skundar meg å vera vitne
mot dei som driv med trolldom,
mot dei som bryt ekteskapet,
mot dei som gjer rang eid,
og mot dei som held att løna for leigekaren,
er harde med enkjer og farlause
og rengjer retten for innflyttaren,
men ikkje har age for meg,
seier Herren, Allhærs Gud.
Joh.1,19 Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?» 20 Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.» 21 «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han. 22 «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?» 23 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.» 24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner, 27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.
29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd! 30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han. 33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»
Matt.3, 1 På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2 «Vend om, for himmelriket er nær!» 3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:
Ei røyst ropar i øydemarka:
Ryd veg for Herren,
gjer stigane hans rette!
4 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. 5 Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan. 6 Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.
7 Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma? 8 Så ber då frukt som svarar til omvendinga. 9 Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld. 12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.»
Joh.3,22 Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.» 27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka.
31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»
Prestetenesta vart endra og det betyr at lova også vart endra.
Heb.7,11 Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis? 12 Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra. 13 For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret. 14 Det er kjent nok at vår Herre er runnen av Juda ætt, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den ætta.
15 Alt dette vert endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. 16 Han har ikkje vorte prest etter ei lov som krev ei viss nedætting, men på grunn av krafta i eit uforgjengeleg liv. 17 Han får då det vitnemålet:
Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.
18 Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda av di det var veikt og gagnlaust. 19 For lova førte ikkje noko til fullending. Men no vert ho avløyst av noko betre, ei von som gjer at vi kan nærma oss Gud.
Kristus er prest til evig tid
20 Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud som seier:
Herren har svore og angrar det ikkje:
Du skal vera prest til evig tid.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
23 Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid.
Jesus sende ut disiplane sine, sjølv om dei kom til å verte forfølgde. Den Heilage Ande var med dei og gjorde sitt verk.
Vi må vende om og verte som born, ja, fødast på nytt av livsens vatn og Guds Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det. Ved Guds Ande vert vi også utrusta til å tene han. Jesus valde gjerne ut ulærde menneske, lærde dei opp og utrusta dei ved den Heilage Ande. Så sende han dei ut for å forkynne evangeliet om Guds rike, men førebudde dei på at dei kom til å verte forfølgde. Først og fremst skulle dei gå til jødane, men så profeterte han om at dei skulle gå til heidningane også. Dei kom til å verte førde fram for styresmaktene og stilte for retten, men dei skulle ikkje bekymre seg for kva dei skulle seie, for den Heilage Ande skulle gi dei rette orda i rette tid.
Jesus sende ut disiplane sine for å forkynne at himmelriket er nær og så takka han Faderen for at dei fekk oppleve det.
Matt.10,1 Jesus kalla til seg dei tolv læresveinane sine og gav dei makt til å driva ut ureine ånder, og til å lækja all sjukdom og vanhelse. 2 Dette er namna på dei tolv apostlane:
Fyrst Simon, han som vert kalla Peter, og Andreas, bror hans, så Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans, 3 så Filip og Bartolomeus, Tomas og tollaren Matteus, Jakob, son til Alfeus, og Taddeus, 4 Simon Kananeus og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesus sender ut apostlane
5 Desse tolv sende Jesus ut, og han baud dei:
Ta ikkje vegen til heidningane, og gå ikkje inn i nokon av samaritanbyane! 6 Men gå til dei bortkomne sauene i Israels-folket. 7 Og kvar de kjem, skal de ropa ut: Himmelriket er nær! 8 Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine, og driv ut vonde ånder! For inkje har de fått det, for inkje skal de gje det. 9 Ta ikkje med dykk gull eller sølv eller kopar i beltet, 10 og heller ikkje ferdaskreppe, ikkje to kjortlar, ikkje skor og ikkje stav. For ein arbeidsmann er kosten sin verd. 11 Når de kjem til ein by eller landsby, så spør dykk føre kven som er verdig til å ta imot dykk; hjå han skal de vera til de fer lenger. 12 Og når de kjem inn i huset, skal de helsa det med fred. 13 Er huset verdt det, skal freden kvila over det; men er huset ikkje verdt det, skal freden venda attende til dykk. 14 Men er det nokon som ikkje vil ta imot dykk og ikkje vil høyra på bodskapen dykkar, då skal de gå bort frå det huset eller den byen og rista støvet av føtene. 15 Sanneleg, det seier eg dykk: På domedag skal Sodoma- og Gomorra-landet sleppa lettare enn den byen.
Det skal koma forfylgingar
16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! 17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. 18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
23 Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. 24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
26 Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. 27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.
28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. 29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. 30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
Vedkjenning og etterfylging
32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
35 Eg er komen for å setja skilje:
Son står mot far,
dotter mot mor,
sonekone mot vermor,
36 og ein manns husfolk er hans fiendar.
37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Mange skulle falle ifrå og svike og hate kvarandre, dei skulle verte stilte for domstolar, men den Heilage Ande skulle gi dei ord til sitt forsvar.
I den siste tid skulle mange falle ifrå og svike og hate kvarandre, det hadde seg nok slik at der var ei religiøs og politisk makt som stod bak og prøvde å rekruttere på den måten. Det vart tydeleg når Judas sveik Jesus. Hugs at i maccabear-tida hadde øvstepresten vorte ein hovding, som ein småkonge, men det var ikkje slik øvstepresten skulle fungere. Og sidan har mange styresmakter satsa på liknande rekruttering, ved korrupsjon altså. Det vert det profetert om i Joh.Op.17-18.
Matt.24,9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
Paulus lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette har det vorte protestert mot og det har resultert i ei politisering av kvinna og det er eit slikt svik, som om alle menn som trur på Kristus vert stilt for verdslege domsstolar. Det er universelt, som om det var religion, dei ventar berre på å få konkrete saker (partikularia) og slik prøver dei å få til kristendomsforfølging. Eit slikt opplegg er det profetert om allereie i Joh.Op.12.
Joh.Op.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet. 2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner. 4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født. 5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol. 6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine; 8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen. 9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
Tre og eit halvt år er 1277 dagar, dette var før det hadde gått tre og eit halvt år altså, det er vår referanse og eg går utifrå at det var tida då Jerusalem vart beleira, inntil det vart lagt i grus.
Gå endetida i møte. Gjenoppbygginga som skjer berre ved Guds Ande?
Halde ut til enden, ja (Matt.24,13), det er vel det som er poenget med å telje dagar i Daniel.12 (Joh.Op.11), her vert det meir enn tre og eit halvt år.
Så vert det heilt klart at den nye oppbygginga
skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.
Dan.12,5 Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva. 6 Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?» 7 Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.» 8 Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?» 9 Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida. 10 Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna. 11 Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar. 12 Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar. 13 Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
Joh.14,26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Luk.21,12 Men før alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk, gje dykk over til domstolen i synagogene og kasta dykk i fengsel; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld. 13 Då skal de få vitna for dei. 14 Legg dykk på minne at de ikkje treng tenkja ut føreåt korleis de skal svara for dykk. 15 Eg skal gje dykk ord og visdom som ingen av motstandarane dykkar skal kunna stå seg for eller seia imot. 16 Jamvel foreldre og sysken, skyldfolk og vener skal svika dykk og valda nokre av dykk døden. 17 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. 18 Men ikkje eit hår på hovudet skal de missa. 19 Held de ut, skal de nå fram til livet.
Den Heilage Ande minner oss om Jesu ord og gir oss dei rette orda i same stunda som vi treng dei, soleis møter vi igjen det som vart sagt til byggherren Serubabel, når dei skulle bygge oppatt tempelet, at det skjer ikkje ved hær eller makt, men berre ved Guds Ande.
1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

